41
Norsk minigrammatikk – nynorsk Hovudformer og sideformer Substantiv Adjektiv Verb Samsvarsbøying av perfektum partisipp Kort om pronomen Skrivereglar Og eller å? Når skal vi setje komma? Store og små forbokstavar Særskriving eller samanskriving Når forenklar vi dobbeltkonsonanten? Deling av ord ved linjeskifte Bruk av bindestrek Bruk av apostrof Bruk av skråstrek Då eller når? Endå eller enno? Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing Genitiv på -s Om bruken av passivformer på -st [-s] Om nokre fleirtydige bokmålsord Ordval Ord på an-, be-, -heit, -else Hovudtrekka i bøyingssystemet er omtalte. Dei som bruker læreboknormalen, vil ha nytte av å studere kapitlet Samsvarsbøying av perfektum partisipp. Dei som bruker sideformene, kan få det mykje lettare ved å følgje det som står under punktet System utan samsvarsbøying. Kapitlet Skrivereglar, omhandlar språkspørsmål som vi strevar med både i bokmål og nynorsk. I kapitlet Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing, har vi peika på ein metode til å ta i bruk mest mogleg av dei språklege ressursane i nynorsk. Målet er å hjelpe brukarane til å nå fram

Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

  • Upload
    others

  • View
    9

  • Download
    1

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Norsk minigrammatikk – nynorsk

Hovudformer og sideformer

Substantiv

Adjektiv

Verb

Samsvarsbøying av perfektum partisipp

Kort om pronomen

Skrivereglar

Og eller å?

Når skal vi setje komma?

Store og små forbokstavar

Særskriving eller samanskriving

Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?

Deling av ord ved linjeskifte

Bruk av bindestrek

Bruk av apostrof

Bruk av skråstrek

Då eller når?

Endå eller enno?

Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing

Genitiv på -s

Om bruken av passivformer på -st [-s]

Om nokre fleirtydige bokmålsord

Ordval

Ord på an-, be-, -heit, -else

Hovudtrekka i bøyingssystemet er omtalte. Dei som bruker læreboknormalen, vil ha nytte av å studere kapitlet Samsvarsbøying av perfektum partisipp. Dei som bruker sideformene, kan få det mykje lettare ved å følgje det som står under punktet System utan samsvarsbøying.

Kapitlet Skrivereglar, omhandlar språkspørsmål som vi strevar med både i bokmål og nynorsk.

I kapitlet Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing, har vi peika på ein metode til å ta i bruk mest mogleg av dei språklege ressursane i nynorsk. Målet er å hjelpe brukarane til å nå fram

Page 2: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk.

Hovudformer og sideformer

I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde] kallar vi sideform eller klammeform. I skulearbeid kan du velje fritt om du vil bruke hovudformer eller sideformer.

I lista står skule el. skole. Her er begge hovudformer. Då taler vi om jamstilte former. Jamstilte former kan brukast i alle samanhengar.

Det vi kallar rettskrivinga, omfattar hovudformer, jamstilte former og sideformer. Læreboknormalen omfattar berre dei to første: hovudformer og jamstilte former. Læreboknormalen må brukast i lærebøker og i statstenesta. Utover det kan ein bruke rettskrivinga i alle samanhengar.

I lista finn du hovudformer, jamstilte former og sideformer. Sideformene står i skarpe klammer etter hovudformene, f.eks. tolmodig [tålmodig] –, -e. Klammeformene finn du på deira plass i alfabetet slik:

[bilde] bilete -et, –, -a

[gjøre] gjere [gjør] gjer, gjorde, gjort

Når ikkje anna er markert, har sideforma same bøying som hovudforma.

Somme sideformer gjeld for heile grupper av ord. Dei sideformene som ikkje er oppførte under kvart ord, listar vi opp her:

1 svake hokjønnsord har i ubestemt form eintal sideform på [-a]

Eksempel: ei jente [ei jenta]

2 sterke hokjønnsord har i bestemt form eintal sideform på [-i]

Eksempel: sola [soli], bygda [bygdi]

3 svake hokjønnsord har i fleirtal sideformer på [-or] og [-one]

Eksempel: viser [visor] og visene [visone]

4 inkjekjønnsord har i bestemt form fleirtal sideform på [-i]

Eksempel: husa [husi], menneska [menneski], skjema(a) [skjemai]

5 adjektiv som endar på -leg, har sideform på [-lig]. Eksempel: vanleg [vanlig]

6 infinitiv på -a. Eksempel: arbeida, skriva

7 kløyvd infinitiv (infinitiv på -e og -a etter visse reglar).

8 sterkt presens på [-er]. Eksempel: han finn [han finner]

9 perfektum på [-d]. Eksempel: har lært [lærd], har sendt [send]

Page 3: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

10 system utan samsvarsbøying

Substantiv

HANKJØNN

1 Hankjønn er markert slik: hest -en, -ar, -ane, hage -en, -ar, -ane

a Hankjønnsorda får i regelen -ar, -ane i fleirtal

Vi bøyer:

ein hest – hesten – hestar – hestane

ein hage – hagen – hagar – hagane

I lista står: lærar -en, -ar, -ane. Vi bøyer:

ein lærar – læraren – lærarar – lærarane

Bøy på same måten: arbeidar, fiskar, forfattar, kjellar, snikkar, tyskar.

I lista står: dam dammen, dammar, dammane. Vi bøyer:

ein dam – dammen – dammar – dammane

I lista står: rikdom -dom(m)en, -dom(m)ar, -dom(m)ane. Vi bøyer:

ein rikdom – rikdomen – rikdomar – rikdomane eller

rikdom – rikdommen – rikdommar – rikdommane

b Ein del hankjønnsord får samandraging i fleirtal (men ikkje i eintal).

I lista er det markert slik: finger -en, fingrar, fingrane. Vi bøyer:

ein finger – fingeren – fingrar – fingrane

Slå opp og bøy: hammar, meister, ransel, regel, sommar, støvel, sykkel, vinter.

2 Hankjønnsord med ei anna fleirtalsbøying:

a Nokre hankjønnsord får omlyd og -er, -ene i fleirtal:

I lista står: bonde -en, bønder, bøndene. Vi bøyer:

ein bonde – bonden – bønder – bøndene

Page 4: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Slå opp og bøy: fot, mann, nagl, son.

b Ein god del hankjønnsord får normalt -er, -ene i fleirtal, men har også tillatne sideformer på

[-ar, -ane].

I lista står: gjest -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:

ein gjest – gjesten – gjester [gjestar] – gjestene [gjestane]

Slå opp og bøy: bekk, gong, gris, medlem, sau, sed (skikk), stad, streng, ven(n), veng.

Det same gjeld ord på -nad og framandord på -a.

I lista står: månad -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:

ein månad – månaden – månader [månadar] – månadene [månadane]

I lista står: sofa -en, -er [-ar], -ene [-ane]. Vi bøyer:

ein sofa – sofaen – sofaer [sofaar] – sofaene [sofaane]

Bøy på same måten: bunad, føresetnad, skilnad, søknad, verknad, kollega, opera, skala, villa.

c Legg spesielt merke til:

ein far – faren – fedrar – fedrane

ein bror – broren – brør – brørne

ein sko – skoen – sko el. skor – skoa el. skorne

ein ting – tingen – ting – tinga [tingi]

HOKJØNN

1 Hokjønn er markert slik: bygd -a, -er, -ene, klokke -a, -er, -ene

a Hokjønnsorda får i regelen -er, -ene i fleirtal

Vi bøyer:

ei bygd – bygda [bygdi] – bygder – bygdene

ei klokke [klokka] – klokka – klokker [-or] – klokkene [-one]

Slå opp og bøy: dør, jakke, jente, kake, skål, årsak.

b Samandraging i eintal og fleirtal i ord som aksel, alen (mål), hulder.

Vi bøyer:

ei aksel – aksla [aksli] – aksler – akslene

ei alen – alna [alni] – alner – alnene

Page 5: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

ei hulder – huldra [huldri] – huldrer – huldrene

2 Hokjønnsord med anna fleirtalsbøying:

a Ord på -ing og -ning får alltid -ar, -ane i fleirtal:

I lista står: helsing -a, -ar, -ane. Vi bøyer:

ei helsing – helsinga [helsingi] – helsingar – helsingane

Slå opp og bøy: gjerning, hending, melding, opplysning.

b Ein god del hokjønnsord får normalt -ar, -ane i fleirtal, men har også tillatne sideformer på

[-er, -ene].

I lista står: hei -a, -ar [-er], -ane [-ene]. Vi bøyer:

ei hei – heia [heii] – heiar [heier] – heiane [heiene]

Slå opp og bøy: elv, helg, myr, reim, øks, øy.

c Ein del hokjønnsord får -er og omlyd i fleirtal.

I lista står: bok -a, bøker, bøkene. Vi bøyer:

ei bok – boka [boki] – bøker – bøkene

Slå opp og bøy: and, bot, gås, hand, kraft, mus, natt, rot, stong, strand, tann, tong.

d I lista står: ku -a, kyr, kyrne. Vi bøyer:

ei ku – kua [kui] – kyr – kyrne

Slå opp og bøy: glo, klo, rå (til segl), tå.

e Legg spesielt merke til:

ei mor – mora [mori] – mødrer – mødrene

ei dotter – dottera [dotteri] – døtrer – døtrene

ei syster – systera [systeri] – systrer – systrene

[ei søster – søstera – søstrer – søstrene]

f Former på -a(a):

I lista står: mamma, mamma(a), mammaer, mammaene

Vi bøyer:

Page 6: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

ei mamma – mamma el. mammaa [mammai] – mammaer – mammaene.

Slå opp og bøy: ballerina, dadda, diva, madonna, saga.

INKJEKJØNN

1 Inkjekjønn er markert slik: hus -et, –, -a, eple -et, –, -a.

Inkjekjønnsord får normalt inga ending i ubestemt form fleirtal

Vi bøyer:

eit hus – huset – fl hus – (alle) husa [husi]

eit eple – eplet – fl eple – (alle) epla [epli]

Slå opp og bøy: bibliotek, gode, menneske, merke, problem, skip.

2 Avvik frå hovudmønsteret:

a Merk bøyinga av desse tre inkjekjønnsorda:

eit auge – auget – fl auge – (alle) auga e l l e r

eit auga – auga – fl augo – (alle) augo

eit hjarte – hjartet – fl hjarte – (alle) hjarta

[eit hjerte – hjertet – fl hjerte – hjerta] e l l e r

eit hjarta – hjarta – fl hjarto – (alle) hjarto

eit øyre – øyret – fl øyre – (alle) øyra

[eit øre – øret – fl øre – (alle) øra] e l l e r

eit øyra – øyra – fl øyro – (alle) øyro

b barn kan i fleirtal heite anten barn – barna eller born – borna [borni]

c Framandord på -um:

Vi bøyer: eit faktum – faktumet – fl faktum – (alle) faktuma [faktumi] eller

eit faktum – faktumet – fl fakta – (alle) fakta el. faktaa [faktai].

Slå opp og bøy: antibiotikum, kvantum, narkotikum, nøytrum, pensum, visum, votum.

d Framandord på -eum og -ium:

Page 7: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Vi bøyer: eit jubileum – jubileet – fl jubileum – (alle) jubilea [jubilei]

Slå opp og bøy: mausoleum, museum.

Slik bøyer vi også ord på -ium:

eit akvarium – akvariet – fl akvarium – (alle) akvaria [akvarii]

Grunnstoffnamn og andre kjemiske nemningar har derimot regelrett bøying:

natrium – natriumet, helium – heliumet

Slå opp og bøy: auditorium, helium, herbarium, kadmium, laboratorium, (masse)medium, podium,

radium, studium, territorium.

e Samandraging i eintal og fleirtal av ord som endar på trykklett -el, -en, -er:

Bestemt form eintal:

Orda på -el, -der, -ter har som hovudregel valfritt samandraging eller full form: fengslet el.

fengselet, hindret el. hinderet, teatret el. teateret.

Orda på -en, -er, -dder skal alltid ha full form: asenet, våpenet, aberet, krydderet.

Bestemt form fleirtal:

Orda på -el har som oftast samandraging: fengsla [-li].

Orda på -der og -ter får som oftast valfritt samandraging eller full form:

hindra [-i] el. hindera [-i], teatra [-i] el. teatera [-i].

Orda på -en, -er, -dder skal som hovudregel ha full form: asena [-i], abera [-i],

kryddera [-i], men: våpna [-i].

Slå opp og bøy: filter, gelender, gitter, kateter, kjøkken, lager, laken, ludder, mirakel,

mønster, orkester.

f Former på -a(a):

I lista står: tema -et, –, tema(a)

Vi bøyer: eit tema – temaet – tema – tema el. temaa [temai]

Slå opp og bøy: drama, komma, mantra, panorama, skjema.

ORD SOM KAN HA FLEIRE KJØNN

I lista står: kasse -a, -er, -ene, el. -en, -ar, -ane. Altså bøyer vi anten: ei kasse – kassa – kasser – kassene, eller ein kasse – kassen – kassar –kassane

Page 8: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Bøy desse orda i det kjønnet som passar best med talemålet ditt:

-a el. -en: bane, bøye, farge, klasse, olje, pakke, plante, tale

-a el. -et: draft, eige, gardin, okle, ryggstø, rør, skrift (i tydinga hefte), syn

-en el. -et: kompas(s), kyss, minutt, sekund, smil

-a, -en el. -et: greip (reiskap), vis (måte)

Adjektiv

1 I lista står: god godt, -e. Vi bøyer:

ein god mann – ei god kone – eit godt barn – gode naboar

a Nokre adjektiv får dobbel t i inkjekjønn:

blå – blått – blå(e) flat – flatt – flate

feit – feitt – feite grei – greitt – greie

Slå opp og bøy: grå, hard, heit, kvit, raud, snau.

b Konsonantforenkling framfor ny konsonant (i inkjekjønn)

trygg – trygt – trygge

tjukk – tjukt – tjukke

tynn – tynt – tynne

[tunn – tunt – tunne]

Kvifor likevel fullt (av full) og visst (av viss)?

Slå opp og bøy: gløgg, stygg, snill, vill.

c Samandraging og konsonantforenkling (i fleirtal)

ussel – usselt – usle

vakker – vakkert – vakre

Slå opp og bøy: ekkel, lekker, gammal.

2 Viss adjektivet skal ha -t i inkjekjønn, er det alltid markert i lista: stor -t, -e. Men ein god del adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn. Det gjeld mellom anna alle endestavingane -ete el. -ut, -ig, -ug, -isk, -leg [-lig]: flokete el. flokut, gjerrig el. gjerug, energisk, farleg [farlig]. Vi har sett ein tankestrek (–) når det ikkje skal stå -t: absurd –, gammaldags –, glad –, norsk –, solid –.

Nokre adjektiv blir ikkje bøygde i det heile: gasta, grepa, korny, prima, rosa, sekunda.

3 Adjektiv på -en bøyer vi slik:

a I lista står: doven dove el. -i [-ent], dovne. Vi bøyer: ein doven mann – ei doven

Page 9: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

[dovi] kone – eit dove el. dovi [dovent] barn – dovne folk.

Slå opp og bøy på same måten (finn høvelege substantiv): erfaren, furten, gedigen, open,

tosken, tvungen, ueffen, vaken.

b Adjektiv på -en som eigentleg er perfektum partisipp av sterke verb, bøyer vi på same måten, bortsett frå at dei ikkje har sideforma [-ent] i inkjekjønn. I lista står: vaksen vakse el. -i, vaksne.

Vi bøyer: ein vaksen mann – ei vaksen [vaksi] kvinne – eit vakse el. vaksi menneske –

vaksne folk (sjå Samsvarsbøying av sterke verb).

Bøy på same måten: bunden, durkdriven, forfallen, forfrosen, innpåsliten, velkommen, sjølvskriven,

svolten.

c Adjektiva eigen og liten:

min eigen gut – mi eiga [eigi] jente – mitt eige barn – mine eigne bøker

ein liten gut – ei lita [liti] jente – eit lite barn – små(e) gutar. I bestemt form: den, det

litle, lisle el. vesle; dei små(e).

4 Gradbøying (komparasjon)

Vi gradbøyer adjektivet i positiv, komparativ og superlativ:

a rik – rikare – rikast

dårleg – dårlegare – dårlegast

b Adjektiv på -el, -en og -er får samandraging:

simpel – simplare – simplast

galen – galnare – galnast

vakker – vakrare – vakrast

Merk: løyen – løgnare – løgnast

nøyen – nøgnare – nøgnast

c Uregelrette komparasjonar er alltid markerte i lista:

få(e) – færre – færrast mykje el. mye – meir – mest

gammal [gamal] – eldre – eldst stor – større – størst

god – betre – best tung – tyngre – tyngst

lang – lengre – lengst ung – yngre – yngst

liten – mindre – minst vond, ille – verre el. vondare – verst el

Page 10: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

mange – fleire – flest vondast

d Omskriving med meir og mest:

sinna – meir sinna – mest sinna

(men sint – sintare – sintast)

krevjande – meir krevjande – mest krevjande

rotet(e) – meir rotet(e) – mest rotet(e) eller

rotut – meir rotut – mest rotut

Verb

1 INFINITIV

a-infinitiv: lesa, skriva

e-infinitiv: lese, skrive

kløyvd infinitiv: [lesa, skrive]

Dei to første er jamstilte i læreboknormalen, den tredje er tillaten sideform. Bruk den infinitivsforma

som ligg nærmast opp til målføret ditt. I denne lista har vi brukt e-infinitiv.

Dei refleksivforma verba (dei på -st [-s]) har alltid -a i infinitiv: finnast [finnas], synast [synas].

Om bruken av passivformer på -st, sjå eget avsnitt.

2 PRESENS PARTISIPP

endar alltid på -ande: etande, gåande, lysande.

3 SVAKE VERB får i preteritum endingane -a, -de, -dde eller -te. Vi deler dei vanlegvis inn i

fire grupper:

a a-verb (kaste-klassa). I lista står: kaste -ar, -a, -a. Vi bøyer:

å kaste – kastar – kasta – har kasta

Dette er den største gruppa av svake verb og den einaste med -ar i presens.

Slå opp og bøy: angre, ende, forsikre, handle, hente, kalle.

b e-verb (dømme-klassa). I lista står: lyse -er, -te, -t.

Vi bøyer: å lyse – lyser – lyste – har lyst

Page 11: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

I lista står: leve -er, -de, -d el. -t. Vi bøyer å leve – lever – levde – har levd el. levt

I lista står: lære -er, -de el. -te, -t. Vi bøyer:

å lære – lærer – lærde el. lærte – har lært [har lærd]

I lista står: dømme [døme] -er, dømde [dømte], dømt. Vi bøyer: å dømme [døme] – dømmer [dømer] – dømde [dømte] – har dømt [har dømd]

Denne gruppa har alltid -er i presens. I preteritum bruker ein endinga

1 -te når stamma endar på f, k, l, p, s, t

2 -de når stamma endar på d, g, v

3 -de el. -te når stamma endar på r. Unntak: Alle verb på

-ere, får framleis -te som eineform, f.eks. studere -te

4 -de [-te] når stamma endar på m, ld, nd, ng

Merk: Verb der stammen endar på m, n, l, r, rd, nd, ld, ng, og som har

-d i preteritum, har klammeform på [-d ] i perfektum.

Fleire eksempel på bøying av e-verb:

arbeide – arbeider – arbeidde – har arbeidd el. arbeidt

leige – leiger – leigde – har leigd el. leigt

nemne – nemner – nemnde [nemnte] – har nemnt [har nemnd]

treffe – treffer – trefte – har treft

Slik kan vi også bøye dei alternative kortverba som står slik i lista: blø(de) blø(de)r, blødde,

blødd el. blødt. Vi bøyer: å blø el. bløde – blør el. bløder – blødde – blødd el. blødt.

Merk: å bøye – bøyer – bøygde – har bøygd el. bøygt.

Slik går også smøye, tøye.

Merk også: å nøye (seg) – nøyer – nøgde – har nøgd el. nøgt. Slik går også pløye.

Endeleg: å vie – vier – vigde – har vigd el. vigt.

Merk deg dette: Når preteritumsendinga er -a, er presensendinga alltid -ar. Verb med andre preteritumsendingar, -dde el. -de el. -te, får -er i presens.

Viktig: Alle framandord på -ere får berre -te i preteritum – som i bokmål. Det gjeld

utan unntak.

I lista står: studere -er, -te, -t. Vi bøyer:

å studere – studerer – studerte – har studert. Bøy også annonsere, demonstrere,

Page 12: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

regulere, resonnere, trafikkere.

Som det går fram av eksempla ovanfor, har perfektum dobbeltformer på -d eller -t når stamma endar på d, g, v, vokal eller diftong.

c j-verb (telje-klassa). I lista står bøyinga: telje tel, talde [talte], talt.

Desse verba bøyer vi slik:

å fortelje – fortel – fortalde [fortalte] – har fortalt [har fortald]

å krevje – krev – kravde – har kravd el. kravt

Bøy på same måten: skilje, smørje, spørje, symje, temje [temme], velje, venje [venne].

Telje-klassa har einstavingsform i presens og oftast vokalskifte i preteritum og perfektum.

Utan vokalskifte er for eksempel desse verba:

selje – sel – selde – selt

setje – set – sette – sett

[sette – sett – sette – sett]

d Kortverb (tru-klassa). I lista står: tru trur, trudde, trudd el. trutt. Vi bøyer:

å tru – trur – trudde – har trudd el. trutt

Slik går kortverb som bu, snu, glo, nå. Her kan vi òg plassere dei alternative kortverba

som står slik i lista: blø(de), blø(de)r, blødde, blødd el. blødt. Sjå punkt b.

På liknande måte bøyer vi verb som breie, greie, leie, spreie. Dei står oppførte slik: breie breier, breidde, breidd el. breitt. Slå opp dei andre!

4 UREGELRETTE SVAKE VERB

a Modale hjelpeverb:

byrje eller burde – bør – burde – burt

kunne – kan – kunne – kunna

måtte – må – måtte – måtta el. mått

skulle – skal – skulle – skulla

tore – torer el. tør – torde [torte] – tort

vilje – vil – ville – vilja

b Vi bøyer nokre verb til:

eige – eig – åtte [eigde] – ått [eigd el. eigt]

gjere [gjøre] – gjer [gjør] – gjorde – gjort

Page 13: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

ha(ve) – har [hev] – hadde – hatt

leggje [legge] – legg – la(gde) – lagt

seie – seier – sa – sagt

teie – teier – tagde – tagd el. tagt

vete el. vite – veit – visste – visst

5 STERKE VERB

I lista fører vi opp dei sterke verba i infinitiv, presens, preteritum og perfektum, f.eks. finne finn, fann,

funne el. -i.

Vi bøyer: å finne – finn – fann – har funne el. funni. Slå opp og bøy: ete, falle, grave, kom(m)e, liggje [ligge], ta(ke), vekse, få, sjå, slå, stå.

Nokre få har konsonantskifte i preteritum, som f.eks. binde – bind – batt – bunde el. bundi. Sterke verb har sideform på [-er] i presens.

Samsvarsbøying av perfektum partisipp

Til no har vi berre omtalt inkjekjønnsforma av perfektum partisipp. Den finn du i ordlista (talt av telje, bunde av binde). Men bortsett frå a-verba (som har -a i alle kjønn og tal) har perfektum partisipp bøying i kjønn og tal i samsvar med ordet dei står til. Samsvarsbøyinga kan falle litt vanskeleg, mellom anna fordi ho er på retur i mange dialektar. Vi skal derfor sjå litt nærare på denne bøyinga, som vi bruker i to tilfelle:

1 som predikativ etter vere, verte, bli

2 som attributt føre substantiv

1 SAMSVARSBØYING AV SVAKE VERB

a a-verb. Inga samsvarsbøying, men -a i alle kjønn og tal: Han, ho, det, dei blei vraka; vraka mann, vraka kvinne, vraka framlegg, vraka medlemmer.

b e-verba har slik samsvarsbøying (slå opp verba i lista!):

Han, ho, blei dømd [-t], det blei dømt, dei blei dømde [dømte]; den, det, dei

dømde [dømte]; dømd [-t] mann, dømd [-t] kvinne, dømt menneske,

dømde [dømte] personar.

Han, ho blei opplærd el. -lært, barnet blei opplært, alle blei opplærde el. -lærte;

den, det, dei (opp)lærde el. (opp)lærte; (utanåt)lærd el. (-)lært song, (utanåt)lærd

el. (-)lært vise, (utanåt)lært dikt, (utanåt)lærde el. (-)lærte viser.

Fleire eksempel, skjematisk oppstilte:

Page 14: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

I lista står: Hankj/Hokj Inkjekjønn Fleirtal og bf

fylle -er, fylte, fylt

føre -er, -de el. -te, -t

kjøpe -er, -te, -t

byggje -ggjer, bygde,

bygd el. bygt

[bygge -er]

leve -er, -de, -d el. -t

arbeide -er, arbeidde,

arbeidd el. arbeidt

stengje -er, -gde, -gt

[stenge -er, -te, -t]

fylt

førd el. ført

kjøpt

bygd

– " –

(opp)levd

(ut)arbeidd

stengd

[stengt]

fylt

ført

kjøpt

bygd el. bygt

– " –

(opp)levd el. -levt

ut)arbeidd el. (ut)arbeidt

stengt

– " –

fylte

førde el. førte

kjøpte

bygde

– " –

(opp)levde

(ut)arbeidde

stengde

[stengte]

Set inn dei rette perfektum partisipp-formene med variantar:

(fylle) Sekken blei ....., sekkene blei .....

(kjøpe) Boka blei ....., bøkene blei .....

(byggje) Huset blei ....., husa blei .....

(arbeide) Planen blei (ut) ...., planane blei (ut) .....

(stengje) Døra var ....., huset var ....., dørene var .....

c j-verba har også samsvarsbøying (slå opp telje i lista!):

Flokken er (opp)tald [-talt], folket er (opp)talt, pengane er (opp)talde [-talte]; den, det, dei (opp)talde [-talte]; (opp)tald [-talt] sum, (opp)tald [-talt] mengd, (opp)talt beløp,

(opp)talde [-talte] pengar.

I lista står: Hankj/Hokj Inkjekjønn Fleirtal og bf

velje vel, valde

[valte], valt

vald [valt]

valt

valde [valte]

Page 15: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

spørje spør, spurde

[spurte], spurt

selje sel, selde

[selte], selt

spurd [spurt]

seld [selt]

spurt

selt

spurde [spurte]

selde [selte]

Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:

(velje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....

(spørje) Han blei ....., ho blei ....., det blei ....., dei blei .....

(selje) Garden blei ....., hytta blei ....., huset blei ....., gardane blei .....

d kortverba.

Ei skjematisk oppstilling:

I lista står: Hankj/Hokj Inkjekjønn Fleirtal og bf

tru trur, trudde,

trudd el. trutt

flå flår, flådde,

flådd el. flått

breie breier, breidde,

breidd el. breitt

leie, leier, leidde,

leidd el. leitt

spreie spreier, spreidde, spreidd el. spreitt

trudd

flådd

(ut)breidd

leidd

spreidd

trudd el. trutt

flådd el. flått

(ut)breidd el

(ut)breitt

leidd el. leitt

spreidd el. spreitt

trudde

flådde

(ut)breidde

leidde

spreidde

Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:

(tru) Mannen blei ....., barnet blei ....., alle blei .....

(flå) Kua blei ....., lammet blei ....., sauene blei .....

(breie) Dette treslaget er svært (ut) ....., desse plantene er (ut) ..... overalt.

Page 16: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

(leie) Ho blei ..... inn, dei blei ..... inn.

(spreie) Gifta blei ..... overalt, etterkommarane hans blei ..... over heile landet, ryktet blei ..... vidt

omkring.

e Uregelrette svake verb

Ei skjematisk oppstilling:

I lista står: Hankj/Hokj Inkjekjønn Fleirtal og bf

gjere [gjøre] gjer [gjør]

gjorde, gjort

leggje [legge] legg,

la(gde), lagt

seie seier, sa(gde), agt

teie teier, tagde,

tagd el. tagt

gjord

lagd

sagd

tagd

gjort

lagt

sagt

tagd el. tagt

gjorde

lagde

sagde

tagde

Set inn dei rette perfektum partisipp-formene:

(gjere) Vegen er ..... ferdig, mykje er ....., sakene er (av) .....

(leggje) Saka blei ..... på is, sakene er ..... på is, det blei ..... vinn på.

(seie) Dommen er (av) ....., ordet blei ....., orda blei .....

(teie) Sanninga blei ..... i hel, orda hans blei ..... i hel, det er best at det blir ..... med dette.

f Eit samandrag:

1 Etter har og hadde bruker vi alltid inkjekjønnsforma: har dømt, lært, arbeidd el. arbeidt, bygd el. bygt, levd el. levt, valt, trudd el. trutt, greidd el. greitt, lagt, sagt, tagd el. tagt. Du gjer aldri feil om du bruker t-ending etter har og hadde. Hugs at d-ending kan brukast i staden for t-ending b e r r e når preteritum endar på

-dde, -gde og -vde, vokal eller diftong. Sjå Verb, punkt 3 b.

2 Sjå på preteritum!

I svake verb er fleirtal (og bestemt form) av perfektum partisipp lik preteritum. Nokre eksempel: Dei blei

Page 17: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

dømde [dømte], dei blei (opp)lærde el. (opp)lærte, husa blei bygde, planane blei

(ut)arbeidde, hendingane blei (opp)levde, dei blei valde [valte], dei blei trudde. Tek vi

så bort e-en, har vi hankj./hokj.-forma: dømd [dømt], (opp)lærd el. (opp)lært, bygd,

(ut)arbeidd, (opp)levd, vald [valt], trudd. Og inkjekjønnsforma endar (eller kan ende)

på -t: dømt, lært, bygt (el. bygd), (ut)arbeidt (el. utarbeidd),

(opp)levt (el. -levd), valt, trutt (el. trudd).

2 Samsvarsbøying av sterke verb

Samsvarsbøyinga er slik (sjå Adjektiv, punkt 3):

Ein skoten elg – ei skoten [skoti] rype – eit skote el. skoti vilt – skotne dyr.

Elgen er skoten, rypa er skoten [skoti], viltet er skote el. skoti, dyra er skotne.

Han er kom(m)en, ho er kom(m)en [kom(m)i], det er kom(m)e el. kom(m)i, dei er

komne.

Regelen er at vi bøyer sterke partisipp i kjønn og tal etter hjelpeverba vere, verte og bli i samsvar

med det ordet dei står til.

NB! Du kan gjere det mykje enklare ved å bruke har/hadde i staden for er: Han, ho, det, dei, vi, folk har/hadde kom(m)e el. kom(m)i. Då bruker du berre inkjekjønnsforma, og den står alltid oppført i lista.

Etter ‘få’ blir systemet slik:

I heilsetningar:

Han fekk tilsendt prøvene eller

Han fekk prøvene tilsende

I som-setningar:

Prøvene som han fekk tilsendt, ... eller

Prøvene som han fekk tilsende, ...

3 System utan samsvarsbøying

Innafor rettskrivinga, men ikkje læreboknormalen, er det no tillate å bruke ubøygd partisipp av svake og sterke verb i predikativ stilling (etter vere, verte, bli) og delvis i attributiv stilling (når partisippet står framfor eit substantiv). Ein kan også bruke kombinasjonen ubøygd svakt partisipp og bøygd sterkt.

Kva for ubøygd partisippform skal brukast? Det er den same som vi bruker etter

Page 18: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

har/hadde

I tillegg må vi rette oss etter preteritum når det gjeld svake verb. Har preteritum dentalen -d, får den ubøygde partisippforma -d, har preteritum dentalen -t, endar den ubøygde partisippforma på -t. Skjematisk ser dette slik ut med verbet sende som eksempel:

Preteritum Perfektum Ubøygd partisippform

sende send han, ho, det, dei har send

eller

sendte sendt han, ho, det, dei har sendt

Vi ser at det blir dobbeltform av ubøygd partisipp, og vi kan skrive: E-posten er send el. sendt.

Unntak: Det kan berre heite han, ho, det, dei er gjort, lagt, sagt.

Kort oversikt over systemet utan samsvarsbøying, som elevane kan bruke i alt skriftleg arbeid i skulen:

1 Predikativ stilling:

E-posten er send el. sendt, meldinga er send el. sendt, brevet er send el. sendt, pakkene er send el. sendt. E-posten/meldinga/brevet/pakkene er komme el. kommi.

2 Attributiv stilling:

I attributiv stilling blir systemet slik:

Ubestemt form: ein send el. sendt e-post, ei send el. sendt melding, eit send el. sendt brev, sende el. sendte pakker.

Bestemt form: den sende el. sendte, e-posten, den sende el. sendte meldinga, det sende el. sendte brevet, dei sende el. sendte pakkene.

b Sterke verb:

Dei sterke partisippa må framleis samsvarsbøyast på vanleg måte i attributiv stilling: ein skoten elg, den skotne elgen, ei skoten [skoti] rype, den skotne rypa, eit skote el. skoti vilt, det skotne viltet, skotne dyr, dei skotne dyra, sjå punkt 2 ovanfor. Den ubøygde partisippforma er den same som inkjekjønnsforma.

Kort om pronomen

Pronomen er vikarord. Dei står i staden for substantiv og adjektiv. Skjematisk oversikt over personlege pronomen:

Eintal Fleirtal

1. pers. 2. pers. 3. pers. 1. pers. 2. pers. 3. pers.

Page 19: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Subjekts- form

eg du (De) han, ho,

det

vi el. me de (De) Dei

Objekts-

form

meg deg (Dykk) han el. honom,

henne el. ho, det

oss dykk (Dykk)

Dei

Klasse- eller gruppeoppgåve: Pronomena kan også vere relative, refleksive, resiproke, ubestemte, spørjande, peikande eller uttrykkje eigedomsforhold. Slå opp i lista og finn fram til slike pronomen!

Nokre eksempel på bruken av pronomen:

1 Bm: Dere må passe dere. Nyno: De må passe dykk.

Høfleg (til ein eller fleire): De må passe Dykk.

Bm: Dere må ta med dere bøkene deres. Nyno: De må ta med dykk bøkene dykkar.

Høfleg (til ein eller fleire): De må ta med Dykk bøkene Dykkar eller: Ver så vennleg(e) å ta

med Dykk bøkene Dykkar.

2 Bm: hvem, hva, hvor. Nyno: kven, kva, kor el. kvar (om stad).

Oppgåve for klassen: Vi har no behandla fire ordklassar: substantiv, verb, adjektiv og pronomen.

Leit i lista og finn fram til dei andre seks ordklassane: artiklar, adverb, talord,

preposisjonar, konjunksjonar og interjeksjonar! Alle er med!

Skrivereglar

Og eller å?

1 Konjunksjonen og bind saman ord, setningsledd og setningar av same slag: hus og hytte (to substantiv). Det var kveld, og alle måtte heim (to setningar).

Page 20: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Viktig: Og bind berre saman ledd som er sideordna.

2 Å er infinitivsmerke og kan berre stå framfor ein infinitiv:

Å skrive rett er ikkje lett.

Merk: så å seie, sant å seie, vel å merke, godt å vite. (Grunngi bruken av å her!)

Det som er sagt under 1 og 2, er grunnreglar. Alle andre reglar om og eller å er variasjonar over dei.

3 Sideordning (og) eller underordning (å)? Fortidsprøva.

a Vi må prøve og?/å? rekke toget. Vi set den første infinitiven om til fortid. Viss den andre

følgjer med, har vi sideordning med og. Blir han uendra, syner det at vi har underordning med å:

Vi prøvde og rakk? / å rekke? toget. Fortidsprøva viser at vi må skrive: vi må

prøve å rekke toget. Her har vi altså ein underordna infinitiv (som objekt).

Bruk fortidsprøva på setninga:

Han måtte love å prøve å slutte å røykje og drikke og krangle og slåst.

Oppgåve: Set inn og eller å: Ho ville ha godt av ... komme ut blant folk ... prøve ... få meir

kontakt med dei ... treffe nye venner. Bruk fortidsprøva!

b Vi ville ut og?/å? bade. Her er to handlingar sideordna: ville (dra) ut og ville bade. Vi set den

første infinitiven – dra – om til preteritum: Vi drog ut og bada / Vi drog ut for å bade.

Fortidsprøva avdekkjer to tydingar. Vi kan bruke småordet for når vi meiner

underordning (formål), og vi kan skrive: Vi ville ut og bade. Men: Vi ville ut for å bade.

Eit liknande tilfelle har vi i setninga:

Han skulle vere med og?/å? spele fotball. Fortidsprøva avdekkjer igjen to tydingar: Han var

med og spelte fotball (sideordning av to verbal), han var med for å / på å spele

fotball (underordning). Med småorda for og på gjer vi det tydelegare kva vi meiner.

c Vil du vere så vennleg og?/å? fylle ut skjemaet. Her viser fortidsprøva at både sideordning med

og og underordning med å går an: Du var så vennleg og fylte ut skjemaet / Du var så vennleg

å fylle ut skjemaet. Men underordninga med å står nok sterkare, særleg viss vi bruker småordet

så: Vil du vere så vennleg å fylle ut skjemaet.

Page 21: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Vi bruker og i setningar som desse: Ver så god og forsyn deg! Ver så snill og kom! Ver

vennleg og fyll ut skjemaet! Kom inn og få katalogen vår! Kvifor?

Men det må heite: Sjå å bli ferdig! Prøv å begripe! Hugs å slå av anlegget!

d Bli ståande og prate. Her skulle ein vente å. Men fortidsprøva viser oss at det dreier seg

om to sideordna handlingar: Dei stod og prata. Bruk fortidsprøva og fyll inn: dei blei

liggjande ... sole seg, han blei sitjande ... lese, dei blei gåande ... diskutere,

tilskodarane blei ståande ... måpe.

Når skal vi setje komma?

Komma er eit pauseteikn som vi set der det er naturleg å gjere ein stans i lesinga.

1 Vi set komma mellom alle sideordna setningar. Sideordna setningar er setningar som er bundne saman med dei sideordnande konjunksjonane og, men, eller, for. Eksempel: Han måtte køyre

forsiktig, for vegen var smal og svingete (to heilsetningar). Han sa kven han hadde sett, og kva

dei gjorde (to leddsetningar).

Merk: men får alltid komma framfor seg, endå om det ikkje følgjer ei fullstendig setning

etter. Han sa nei, men kom likevel.

Det skal stå komma også mellom korte setningar: Sola skin, og fuglane syng. Når

setningane uttrykkjer same handling, kan komma sløyfast: Dei gjekk og dei gjekk.

2 Når leddsetninga står først i heilsetninga, må det stå komma: Då han hadde gått, ringde telefonen.

3 Når leddsetninga kjem sist i heilsetninga, skal det stå komma b e r r e når leddsetninga ikkje er nødvendig for at heilsetninga skal få full meining: Han er frå Bergen, som er nest største

byen i landet.

Dei hadde vore i Berlin, som no er hovudstaden i Tyskland.

4 Det skal stå komma etter ei innskoten setning: Eit spørsmål eg stilte meg, var om eg ville greie

det. Det planleggjaren tok sikte på, var å utnytte arealet godt. Den som søv, syndar ikkje.

Page 22: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

5 Når den innskotne leddsetninga er unødvendig for meininga i heilsetninga, må det stå komma

både føre og etter: Planutkastet, som er på 75 sider, er lagt ut til gjennomsyn.

6 Det skal stå komma mellom ledda i ei opprekning: Det store, vakre og solvende området.

Ikkje komma mellom dei to siste ledda der det står og!

Legg merke til forskjellen: Eit fint, opparbeidd bustadfelt (sideordning). Eit fint opparbeidd bustadfelt (fint står til opparbeidd).

7 Vi set komma føre og etter ein apposisjon: Direktøren ved bedrifta, Jan Johansen, ville ikkje

kommentere saka.

8 Vi set komma føre og etter svarord og tiltaleord: Nei, vi fann han ikkje. Kom, vi må vidare! Ja, vi

er klare no. Huff, no regner det att.

9 Vi set komma framfor korte heilsetningar av typen sa han, trudde vi, meinte ho o.l.: ”Eg tenkjer

så ofte på deg,” sa han.

10 Vi set ikkje komma etter infinitivsuttrykk av typen: For fullt ut å forstå dette må vi ha grundige kunnskapar. Ved å leggje ruta lenger sør unngjekk vi dei brattaste partia.

Til slutt denne påminninga:

Ein kan i spesielle tilfelle setje komma der det trengst ein stans i lesinga, eller der komma gjer meininga tydelegare. Tilsvarande kan ein sløyfe komma der det ikkje er grunn til å gjere nokon stans i lesinga, eller der meininga blir tydelegare utan komma – sjølv om det strir mot dei generelle kommareglane.

Store og små forbokstavar

STOR FORBOKSTAV

Stor forbokstav bruker vi:

Page 23: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

1 når ein ny periode begynner. I ei oppramsing som følgjer etter kolon, bruker vi liten forbokstav.

Bruk berre desse fargane: gult, grønt og blått. Kjem éi eller fleire heilsetningar etter kolon, skal

ein bruke stor bokstav. Svaret er: Saka er avgjord.

Merk: Stor forbokstav i forkortingar som edb, hk, tv i setningsstart: Tv-programmet var godt. Ved namn

av typen de Gaulle, ter Jung, van Gogh kan vi bruke liten forbokstav når namna kjem først i ei

sjølvstendig setning.

2 i alle særnamn: Anne, Brasil, Asia. Merk: tilnamn utan artikkel: Olav Digre, Sankt Peter, Tore Hund. Står det derimot artikkel framfor tilnamnet, bruker vi liten forbokstav: Olav den heilage, Håkon den gode.

I titlar bruker vi liten forbokstav: lektor Hansen, Nils skreddar, Håkon jarl, Jørgen hattemakar.

3 i høfleg tiltale: De, Dykk, Dykkar. Likeins: Hans Majestet, Hennar Majestet.

4 i namn på aviser, tidsskrift, bøker o.l.: Dagbladet, Samtiden, Juvikfolke (Duun), Det gamle testamentet (berre første ordet har stor forbokstav), Bibelen (men studere bibelen sin).

5 i namn på institusjonar: Kongen (om statsorganet, men om privatpersonen: kongen), Stortinget (om institusjonen eller bygningen, men eit nytt storting), Regjeringa eller regjeringa (om institusjonen), men berre ei ny regjering), Postverket, Riksrevisjonen, Forsvaret, Miljøverndepartementet.

Men: staten, politiet, posten.

6 i første leddet av namn som består av fleire ord: Dei sameinte nasjonane, Norsk språkråd (men Språkrådet),

Statens lånekasse (men Lånekassa), Utdannings- og forskingsdepartementet.

Ved namn på private firma og organisasjonar bør vi følgje den skrivemåten som dei bruker

sjølve, f.eks. Det Norske Teatret, Den norske Bank.

Er det første ordet i eit fleirleddsnamn eit særnamn, er det ganske vanleg å skrive også det andre ordet med stor forbokstav: Noregs Bank, Oslo Sporveier.

7 i samansetningar der det første leddet er eit særnamn: Oslo-tur, Noregs-reklame, Munch-måleri. Er

samansetninga blitt vanleg i språket, bruker vi liten forbokstav og ikkje bindestrek:

Page 24: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

noregsmeister, oslomann, amerikafeber, selbuvott. Er samansetninga blitt særnamn, skriv vi stor

forbokstav: Dovrefjell, Hardangervidda, Lofotveggen, Suezkanalen, Thranerørsla, Wienkongressen.

8 i samansetningar der det andre leddet er eit særnamn: Aust-Agder, Nord-Noreg, Sør-Europa. Merk:

Midtausten, Vesleasia, Vestindia. Vidare har vi: Utkant-Noreg, Distrikts-Noreg, Aust- og

Midt-Telemark, Sommar-Oslo.

9 i namn på geografiske område, planetar, stjernebilete: Nordsjøen, Venus, Mjølkevegen. I astronomisk

samanheng skriv vi: Jorda, Sola og Månen, f.eks. Månen krinsar rundt Jorda. Men elles bruker vi liten

forbokstav: Snart kan jorda vere overbefolka.

LITEN FORBOKSTAV

Liten forbokstav bruker vi:

1 i alle samnamn: vår, papir, ideologi, svenske, amerikanar, kinesar.

2 i forkortingar for måleiningar av typen dB, pH i setningsstart.

Oppgåve: Bruk ordlista og retningslinjene ovanfor til å finne ut kva for nokre av desse orda eller ordgruppene som skal ha stor forbokstav: høgsterett, arbeidstilsynet, edb, nato, barne- og familiedepartementet, ”blir du med?” "ja, men du må vente litt", norsk rikskringkasting, rikstrygdeverket, bygdøy allé, folkemuseet, stuartane, afrikanar, svensk, politiet, posten, kommunestyret, formannskapet, luftforsvaret, flyvåpenet. (Finn fleire!)

Særskriving eller samanskriving?

1 Vi skriv orda kvar for seg når det ikkje er spesielle grunnar til å skrive dei saman: av garde, der inne,

etter at, etter kvart, for at, for så vidt, i dag, i går kveld, i morgon, kan hende, om att, om bord, om igjen, på eiga hand, så nær som, til dømes.

Valfritt: i alle fall el. iallfall, i det el. idet, for di el. fordi, for resten el. forresten, så pass el. såpass.

2 Ord med fleire delar som blir uttalte med eitt hovudtrykk, skal skrivast saman: imens, imedan,

Page 25: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

20-årsalderen. telefonkatalog, tredjegradsforbrenning.

To preposisjonar skriv vi alltid saman: iblant, ifrå, igjennom, imellom, imot.

3 Av og til kan vi få fram ulike tydingar alt etter om vi vel særskriving eller samanskriving: Er mannen altfor sur – gjer alt for å blidgjere han. Det var ein gong ein mann. Ikkje eingong du møtte opp. Etter som (etter kvart som), men ettersom (sidan). Elske ein over alt i verda, men vere overalt.

Når forenklar vi dobbeltkonsonanten?

Dobbeltkonsonanten blir forenkla i bøyingsformer når det kjem ein ny konsonant i tillegg. Dette gjeld særleg ved:

1 adjektiv: sann – sant, sikker – sikre, vill – vilt

2 e-verb: byggje – bygde – bygd/bygt, minne – minte – mint, skjenne – skjente – skjent

3 substantiv: middel – midla, sommar – somrar, sykkel – syklar, vaffel – vaflar

Kvifor heiter det likevel: fullt av full, visst av viss, sleppte av sleppe, søkkte av søkkje,

tynnte av tynne?

Framfor genitivs-s held vi på dobbeltkonsonanten: til fjells, til topps

Deling av ord ved linjeskifte

Vi deler ord ved ny linje slik:

1 Samansette ord deler vi i dei enkelte ledda: barne-hage, fjell-tur, første-reisgut el. førstereis-gut.

Slik deler vi også ord med lett kjennelege etterledd som -aktig, -else, -heit, -inne, -isme,

-skap: narr-aktig, betenn-else, leileg-heit, songar-inne, kapital-isme, tru-skap.

2 Ved usamansette ord skal det gå ein konsonant til ny linje: ro-pe, vel-te, vin-ne, mak-rell, vans-keleg.

Merk: Del ikkje -gj-, -kj-, -sj- og -ski-! Derfor: føl-gje, lig-gje, bik-kje, sø-kje, na-sjon,

dro-sje, eta-sje, ma-skin.

3 Framande samansetningar kan delast både etter regel 1 og regel 2:atmo-sfære el. atmos-fære,

inter-esse el. inte-resse, pro-blem el. prob-lem.

Det same gjeld ord med bøyingsending og nokre avleiingar: hus-et el. hu-set, vegg-ene el.

Page 26: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

veg-gene, (ho) kjøp-er el. kjø-per, reis-ande el. rei-sande, snikk-ar el. snik-kar, snikr-ing el. snik-ring.

Bruk av bindestrek

Vi bruker bindestrek

1 til å dele ord ved ny linje: barne-hage, atmo-sfære, ro-pe.

2 ved samanstilling av siffer og bokstavar: 1800-talet, 50-årsjubileum, 8-toget,

A4-format, P2-program. DC9-fly, 1.-divisjonslag, 17. mai-tale, 4H-lag.

3 ved samanstilling av initialord og bokstavar: FN-pakta, OECD-rapport, CO-innhald, ikt-utvikling, farge-tv, edb-utstyr. Det gjeld også bøygde former av initialord og forkortingar: tv-en el. TV-en, vit.ass.-en. Når samansetninga blir skriven med små bokstavar og lesen og oppfatta som eit vanleg ord, kan vi sløyfe bindestreken, f.eks. aidssjuk, alkotest, lokførar, popgruppe.

4 når samansetningsledd er utelate: sommar- og vinterhalvåret, av- og påstiging, hagebord og -benker.

5 når det er tenleg å skilje ledda i ei samansetning: i-land, ja-stemme, norsk-svensk samarbeid, vegg-til-vegg-teppe, svart-kvitt-bilete, nord-sør-dialog, gå-sakte-aksjon, god-dag-mann-økseskaft-svar, heime-åleine-fest, berg-og-dal-bane, tur-retur-billett, øyre-nase-hals-spesialist.

Sjå òg Store og små forbokstavar, punkt 7 og 8.

Bruk av apostrof

Vi bruker apostrof

- til å markere at bokstavar manglar: go'ungen, på trå'n, gla'nytt, 'n Ola, Kupper'n

- til å markere genitiv ved ord som sluttar på -s, -x eller -z: Lars' bil, SAS' rutetider, Marx' skrifter, Grete Waitz' innsats

- apostrof kan brukast i forbokstavsord som endar på liten bokstav: Natos planar eller Nato's planar, Aps

politikk eller Ap's politikk. Men skriv vi forbokstavsord med store bokstavar, bruker vi ikkje apostrof og skriv: NATOs planar og APs politikk

Utover dette bruker vi ikkje apostrof ved genitivs-s. Fleire eksempel på det: Bondeviks initiativ, Grethas

salong, Harald Vs regjering eller Harald 5.s regjering

Page 27: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Bruk av skråstrek

Vi bruker skråstrek

- til å vise alternativ: av/på-knapp, han/ho, ja/nei-svar. Her betyr skråstreken eller.

Vi bruker mellomrom før og etter skråstreken når minst eitt av alternativa består av to eller fleire ord: Ta med varm jakke / regntøy til å vise tidsrom: skuleåret 2005/06, veke 50/51. Dreier det seg om eit lengre tidsrom, bruker vi tankestrek og skriv 2005–09

- når vi skriv forkorta måleiningar: km/t eller km/time eller km/h

Då eller når?

1 Då – den gongen då (fortid).

Då han stod opp, var veret fint. Då han ser nøyare etter, oppdagar han faren som ventar (historisk presens). Merk: No, då veret har letta, kan vi begynne att. I dag, då situasjonen er meir avklara, kan vi planleggje vidare.

2 Når – kvar gong når (om tid).

Når det ringjer (ringde), går (gjekk) elevane inn (kvar gong). Når det ringjer (har ringt) i morgon på denne tid, er eksamen over (om framtida).

3 Når kan også vise til ei årsak og ha tydinga "ettersom". Når det er (var) slik, kan (kunne) ikkje vi gjere meir.

Endå eller enno?

1 Endå er gradsadverb. Planane blir endå meir omfattande.

2 Endå er vedgåingskonjunksjon. Framgangen er liten, endå (om) han gjer sitt beste.

3 Endå i tydinga "ein – til". Endå ein ny plan er lagd fram.

4 Enno og endå er likestilte som tidsadverb. Planen er ikkje lagd ut til gjennomsyn enno eler endå.

Vanskar når du skriv nynorsk – ei rettleiing I vår spesielle språksituasjon med to offisielle målformer vil det rett som det er oppstå situasjonar der vi får vanskar med å finne dekkjande ord og uttrykk i nynorsk når vi vil bruke

Page 28: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

formuleringar vi kjenner frå bokmål. Vi skal innom nokre problemområde:

Genitiv på -s

Genitiv på -s i bestemt form er mykje brukt i bokmål, i nynorsk lite. Men vi må ikkje gløyme at det i nynorsk er andre uttrykksmåtar som vi bruker mykje i tale:

1 Preposisjonane til, av, på, i, for, med, frå, åt. Det er foreldra til eleven (bm elevens foreldre). Gjennomføring av planane (bm planenes gjennomføring). Mannskapet på skipet (bm skipets mannskap). Statsoverhovudet i landet (bm landets statsoverhode). Formålsparagrafen for skulen (bm skolens formålsparagraf). Formålet med avtalen (bm avtalens hensikt). Innlegg frå lesarane (bm lesernes innlegg).

Som det går fram av desse eksempla, dekkjer genitiv i bokmål eit vidt felt, eit felt vi med fordel kan nyansere – ved å bruke preposisjonar. Det kan vi også gjere i bokmål. Ein konkret og nyansert språkbruk gir meir effektiv kommunikasjon. Folk forstår oss betre, fortare og lettare.

2 Samansetjing:

Skulefana (bm skolens fane). Folkeviljen (bm folkets vilje).

3 Eigedomspronomena hans, hennar:

Motorsykkelen hans Jørgen, kjøttkakene hennar mor, skoa hans far. Denne uttrykksmåten bruker vi helst i samband med personnamn og orda mor og far.

4 Eigedomspronomenet sin, si, sitt, sine:

Dette er timeplanleggjaren sitt arbeid. Det er Vegvesenet si oppgåve. Denne uttrykksmåten samsvarer godt med talemålet vest- og nordpå i landet. Han er mindre brukt i andre landsdelar. Mange vil helst unngå han i skrift (ofte kalla "garpegenitiv").

5 Verbal ordlegging:

Det var før ein hadde gummistøvlar (bm ... før gummistøvlenes tid). Dette er ei erklæring om den stillinga forbrukarane har i dag (bm ... forbrukernes stilling i dag). Komiteen ser det slik at ... / Komiteen har komme til at ... (bm ... etter komiteens vurdering ...).

Under punkt 1 hadde vi sju eksempel på genitivskonstruksjonar som vi gav att med sju ulike preposisjonsuttrykk. Bruken av preposisjonar gjer i regelen framstillinga meir konkret og dermed lettare å forstå. Vurder effekten av erstatningane for -s-genitivane under punkt 2–5!

Når dette er sagt, må det leggjast til at genitiv på -s i bestemt form er vanleg i talemålet i somme landsdelar, f.eks. i Agder og Telemark. Det bør kunne komme til uttrykk i nynorsk skrift – særleg når det dreier seg om konkrete eigeforhold, f.eks.: elevens talemål, statens lønnsregulativ, skulens tilbod til elevane, dagens tekst.

Page 29: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Om bruken av passivformer på -st [-s]

På bokmål bruker ein ofte ei -s-form av verbet (f.eks. gjøres) for å lage passiv. Eksempel: "En ber om at alle gjøres kjent med vedtaket."

På nynorsk må ein her seie: Ein ber om at alle blir gjorde kjende med vedtaket. Berre etter modale hjelpeverb bruker vi i nynorsk -st-form i passiv, tilsvarande den på -s i bokmål: Alle må gjerast kjende med vedtaket. Nokre eksempel til:

Bm: Lønna utbetales hver 14. dag. Nyno: Lønna blir utbetalt kvar 14. dag. Men: Lønna s k a l utbetalast kvar 14. dag.

Bm: Innsendte attester returnes ikke. Nyno: Innsende attestar blir ikkje returnerte. Men: Innsende attestar

s k a l ikkje returnerast.

Det kan ofte vere tenleg å formulere seg i aktiv:

Bm: Søknad sendes styret. Nyno: Søknaden k a n /s k a l sendast til styret eller Send søknaden til styret. Denne uttrykksmåten rår vi frå: Søknaden vert/blir å sende styret.

Bm: Bøkene bestilles i bokhandelen. Nyno: Bøkene k a n bestillast i bokhandelen eller Bøkene bestiller De/de/du i bokhandelen.

Bm: Det vises til § 55 i arbeidsmiljøloven. Nyno: Vi viser til § 55 i arbeidsmiljølova, eller De/Du finn meir om dette i ..., eller Les meir om dette i ..., eller Sjå § 55 i ...

Nokre verb med -st-form har nærmast aktiv tyding: ferdast, finnast, hørast el. høyrast, kjennast, lukkast el. lykkast, minnast, ottast, synast. Somme av desse verba har ikkje tilsvarande former utan -st. Eit par eksempel: Det finst inga løysing på denne oppgåva. Han syntest boka var interessant. Det har lykkast å finne eit alternativ. Sjå Verb, punkt 1.

Om nokre fleirtydige bokmålsord

I staden for å spørje kva det og det substantivet heiter i nynorsk, bør ein leite seg fram til kva språkressursar nynorsken har og utnytte dei. Då vil ein oppdage at nynorsken har mykje å by på av verbal og annan uttrykksmåte. Eksempel:

1 "Mulighet" (verbaluttrykk eller moglegheit, utveg, veg, råd, sjanse, von, løysing).

Bm: Ordningen gir mulighet til bedre innsikt i forbrukernes rettigheter.

Nyno: Ordninga opnar for betre innsikt i dei rettane forbrukarane har.

Bm: Den språkkyndige har mange muligheter i dag.

Nyno: Det står mange vegar opne i dag for den som kan språk.

Mange strevar med dette ordet "mulighet". Det heng ikkje minst saman med at det blir brukt så mykje i bokmål, og det som viktigare er, det dekkjer så vidt eit tydingsfelt. På nynorsk må vi sjå etter

kva område / språkleg realitet "mulighet" i kvart tilfelle dekkjer, og innrette språkbruken vår etter det. Eit godt hjelpemiddel er å finne ut kva ein seier, eller spørje andre kva dei seier,

Page 30: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

og så skrive det. Lèt ein på den måten talemålet vere normgivande for korleis ein skriv, har ein godt håp om å nå fram til ein god språkbruk. Nokre eksempel til:

Bm: Det er ingen mulighet for å komme videre i denne saken.

Nyno: Det er ikkje råd å komme vidare i denne saka eller Vi kjem ikkje vidare i denne saka.

Bm: Det ble forsøkt alle muligheter for å komme til enighet.

Nyno: Alle utvegar blei prøvde for å nå fram til semje / til ei ordning / til einigheit.

Bm: Det ligger innenfor mulighetens grenser.

Nyno: Det kan gjennomførast / det er gjennomførleg / det let seg gjennomføre.

Bm: Det er mulighet for at ... Nyno: Det er grunn til å tru at ... / mykje taler for at ... / det kan hende at ...

Bm: Lånemulighetene er gode i dag. Nyno: Det er lett å få lån i dag.

2 "Antall" (tal (på), mengd, kor mange). Bm: Opplysningene går ut til et stort antall mennesker. Nyno: Opplysningane går ut til mange menneske. Bm: Antallet eksemplarer som skal sendes,

bestemmes seinere. Nyno: Kor mange eksemplar som skal sendast, blir bestemt seinare.

3 "Betydning" (betyd(n)ing, tyding, å ha å seie, å vere viktig). Bm: Først må ordenes betydning forklares. Nyno: Først må ein forklare kva orda betyr. Bm: Det er av stor betydning for barnas utvikling at de

kan leike trygt. Nyno: Det har mykje å seie for korleis barna utviklar seg, at dei kan leike trygt.

4 "Ferdighet" (ferdigheit, dugleik, evne, øving, tame, god teknikk). Bm: Han viser sine ferdigheter.

Nyno: Han viser kor flink han er. Bm: Prosessorientert skriving skal øke skriveferdigheten hos elevene.

Nyno: Prosessorientert skriving skal utvikle/auke/styrkje skriveevna hos elevane / gjere elevane

betre til å skrive.

Bm: Det er skolens målsetning å utvikle elevenes evner og ferdigheter. Nyno: Skulen har som

mål å utvikle elevane åndeleg og kroppsleg og trene dei i å bruke det dei har lært.

Bm: Tryllekunstneren viste sine ferdigheter. Nyno: Tryllekunstnaren viste kunstnene

sine / ferdigheitene sine / briljerte.

5 "Henvendelse" (førespurnad, spørsmål, brev, søknad, rådspørjing, konsultasjon). Bm: Ved henvendelse til ... Nyno: Når ein vender seg til ... Bm: Henvendelse om oppgjør rettes til ... Nyno: Spørsmål om oppgjer kan rettast til ... Bm: Personlig henvendelse med skriftlig søknad og attester ... Nyno: Personlig frammøte med ...

Page 31: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

6 "Oppmerksomhet" (oppmerksemd, oppsikt, (åt)gaum, omtanke, helsing, merksemd). Bm: Han vakte oppmerksomhet i flokken. Nyno: Han vekte oppsikt i flokken. Bm: Barna trenger oppmerksomhet fra foreldrenes side. Nyno: Barna treng til at foreldra tek seg av dei. Bm: Han var glad for den minste oppmerksomhet. Nyno: Han var glad for den minste omtanke / at nokon kom han i hug / berre nokon hugsa

på han.

7 "Uttalelse" (utsegn, fråsegn, ytring, resolusjon, høyring, uttale).

Bm: Partene har avgitt uttalelse i saka.

Nyno: Partane har sagt si meining om saka / har lagt fram synet sitt i saka.

Bm: Partene skal få saka til uttalelse.

Nyno: Partane skal få uttale seg i saka, skal få saka til høyring / uttale.

Bm: Elevrådet vil avgi uttalelse om.

Nyno: Elevrådet vil seie si meining om / leggje fram synet sitt på / vil komme med uttale om.

Ordval

Ei gangbar setning i bokmål er denne: Han foretok en undersøkelse av saken. Skal vi seie det same på nynorsk, slår vi gjerne opp på foreta og undersøkelse. Ingen av desse orda står i ordlista. Er nynorsk så fattig? Vi tenkjer oss om. I lista Bokmål -> nynorsk finn vi at foreta heiter setje i verk, gjere, og undersøkelse heiter undersøking osv. Resultatet blir då på nynorsk: han føretok ei undersøking av saka. Dette er klønete og papirknitrande ordlegging.

Vi prøver oss på ein meir direkte måte å uttrykkje oss på. Vi merkar at den sentrale meininga i setninga ikkje blir uttrykt med verbet foreta, men med verbalsubstantivet undersøkelse. Undersøkelse er laga av verbet undersøke (nynorsk undersøkje), og vi kan enkelt og rett på sak seie: Han undersøkte saka.

Det vi har gjort, er at vi har trekt verbet ut av verbalsubstantivet og brukt det enkle verbet. Då slepp vi å ty til det innhaldstomme verbet foreta for å lage setninga. Andre slik nærmast innhaldstomme verb er: avgi, avlegge, finne sted, foregå, gjennomgå, iverksette, oppvise, påføre, utføre.

Sjå etter kor mange av desse du finn i nynorsk form i denne ordlista!

Ei setning som den vi nettopp såg på, kan seiast på fleire måtar på bokmål. Vi nemner tre:

1 Han undersøkte saken (konkret og talemålsnært)

2 Han foretok en undersøkelse av saken

3 Han gjorde saken til gjenstand for undersøkelse (abstrakt og substantivrik ordlegging)

Nynorsk: Han undersøkte saka

Formuleringar som 2 og 3 møter vi ofte i offentleg språkbruk og i aviser og tidsskrift. Som oftast går det greitt å lage dei om til type 1. Viss vi skal seie setningar av type 2 og 3 på nynorsk, er det greiast først å lage dei om til type 1 på bokmål. Då er det lett å få dei over til nynorsk.

Page 32: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

Vi prøver:

Bm (type 2): den mistenkte avgav forklaring i retten -> bm (type 1): den mistenkte forklarte seg i retten -> nynorsk: den mistenkte forklarte seg i retten. Bm (type 3): saken ble gjort til gjenstand for omtale i massemedia -> bm (type 1): saken ble omtalt i massemedia -> nynorsk: saka blei omtalt i massemedia. Finn fleire eksempel og diskuter kva som er mest formålstenleg ordlegging!

Klasse- eller gruppediskusjon: Kvar går det viktigaste skiljet i norsk språkbruk – mellom bokmål og nynorsk, eller mellom ein talemålsnær (type 1) og ein meir abstrakt og substantivrik språkvariant (type 3)?

Ord på an-, be-, -heit, -else

Ord med forstavingane an-, be- og etterstavingane -heit, -else valdar problem ettersom nokre av dei er godkjende i nynorsk og andre ikkje. Desse er no godkjende til bruk i nynorsk:

an-

anbefale

anbefaling

anbod

andakt

andektig

anerkjenne

anfall

anfekting

angi

angivar

angrep

angripar

angripe

angå

anheng

anledning

anlegg

anløp

anmarsj

annamme

anordning

anretning

ansats

ansikt

anskaffing

Page 33: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

anslag

anslagsvis

anslå

anstalt

anstendig

anstrengi (seg)

anstøyt

anta

antakeleg

antrekk

antyde (a-bøying)

anvende

anvisar (ved skyting)

anvise (ved skyting)

anvising (ved skyting)

be-

bebreide

bebreiding

bebuar

bedageleg

bedekkje

bedekning

bederva

bedrag

bedragar

bedra

bedrageri

bedragersk

bedrift

bedyre

bedrøva

bedrøveleg

bedømme

bedømming

bedøve

bedøving

befal

befale

befaling

Page 34: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

befolkning

befrukte

befruktning

begavelse

begeistra

begeistre

begeistring

begjær

begripe

begripeleg

begynnar

begynne

begynning

behag

behageleg

behald

behaldar

behalde

behaldning

behandlar

behandle

behandling

beherska

beherske

behjelpeleg

behov

behøve

beklage

beklageleg

bekrefte

bekymre

bekymring

belage

belaste

belastning

belegg

beleggje

belyse

belysning

beløp

Page 35: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

bemanne

bemanning

benåde

beordre

beordring

beredskap

berekne

berekning

berykta

berømt

berøre

berøring

besetning

besett

besifre

besifring

besjele

besjeling

beskjed

beskjeden

beskrivar

beskrive

beskriving

beskytte

beskøyt

beslag

beslagleggje

beslå

bestand

bestandig

bestemme

bestemming

bestemt

bestikk

bestikke

bestikking

bestikklugar

bestille

bestilling

bestråle

Page 36: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

bestråling

bestøve

bestå

besynderleg

besøk

besøkje

betakke

betale

betaling

betene

betening

betenkt

betennelse

betent

betjening

betjent

betone

betrakte

betrakteleg

betraktning

betutta

bety

betydeleg

betyd(n)ing

beundrar

beundre

beundring

bevare

bevaring

bevege

bevegelse

bevendt

beverte

bevertning

bevilling

bevis

bevise

beviseleg

bevisst

bevisstgjere

Page 37: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

bevisstlaus

-heit

allsidigheit

alminnelegheit

anstendigheit

anvendelegheit

beskjedenheit

bevisstheit

bitterheit

drektigheit

dristigheit

dumheit

dyktigheit

dødelegheit

eigenrådigheit

einigheit

elskverdigheit

enkelheit

evigheit

ferdigheit

fleirspråklegheit

frekkheit

fordragelegheit

forfengelegheit

forlegenheit

forsiktigheit

forstandigheit

fortrulegheit

fromheit

fruktbarheit

fulheit

godheit

goldheit

griskheit

grådigheit

gyldigheit

haldbarheit

hastigheit

heftigheit

Page 38: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

hemmelegheit

hurtigheit

hyppigheit

høflegheit

innbilskheit

kaldblodigheit

kostbarheit

kunstferdigheit

landflyktigheit

leilegheit

lesbarheit

likegyldigheit

lovmessigheit

lystigheit

meinigheit

minnelegheit

moglegheit

munterheit

myndigheit

narraktigheit

nidkjærheit

nyheit

nysgjerrigheit

nødvendigheit

nøyaktigheit

offentlegheit

openheit

oppriktigheit

overflødigheit

overlegenheit

partiskheit

planmessigheit

plattheit

pålitelegheit

raskheit

regelmessigheit

reinslegheit

riktigheit

rimelegheit

romslegheit

Page 39: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

rådigheit

saklegheit

samstemmigheit

sikkerheit

sindigheit

sjeldanheit

sjåverdigheit

skjønnheit

slappheit

sluheit

smidigheit

snillheit

spissfindigheit

språkriktigheit

spydigheit

stadigheit

staheit

standhaftigheit

stoltheit

sunnheit

svakheit

svimmelheit

særdelesheit

særeigenheit

sårbarheit

sårheit

takknemlegheit

tapperheit

tausheit

tilbøyelegheit

tilfredsheit

tilgjengelegheit

tomheit

tospråklegheit

travelheit

trøysamheit

tydelegheit

tåpelegheit

uanstendigheit

uhyrlegheit

Page 40: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

underbevisstheit

underdannigheit

ustadigheit

valbarheit

varigheit

veldedigheit

vennlegheit

vennskapelegheit

verdigheit

verkelegheit

viktigheit

vilkårlegheit

villigheit

vittigheit

ytterlegheit

ærbarheit

ærbødigheit

ærgjerrigheit

ærverdigheit

ømfintlegheit

ømheit

ønskjelegheit

øvrigheit

-else

bakkelse

begavelse

beskyttelse

betennelse

forbindelse

fordøyelse

fornøyelse

følelse

hakkelse

hukommelse

innflytelse

oppstandelse

prøvelse

røykjelse

salvelse

Page 41: Norsk minigrammatikk – nynorsk · til ein formålstenleg og nyansert språkbruk på nynorsk. Hovudformer og sideformer I lista står bilete [bilde] – bilete er hovudform, [bilde]

skikkelse

skuffelse

spøkjelse

stiftelse

stivelse

størrelse