Upload
others
View
0
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
ROTARY International
har eit
utvekslingsprogram der
vi tilbyr ungdom å bu i andre land .
Opphaldet kan vare inntil
eit skuleår.
Fleire ungdommar mellom
16 og 18 år frå
KLEPP, TIME og HÅ har
nytta seg av
ROTARY sine utvekslingsprogram.
Eit skuleår i utlandet?
*
* *
Afrika-Sør
New Zealand
Australia
Japan Taiwan Spania
Frankrike Sveits
Tyskland Brasil Equador Mexico
USA Canada
Mange ungdommar frå Jæren har allereie vore med på ROTARY sitt utvekslingsprogram.
Rotaryklubbane på Jæren vil halde fram med å gi dette tilbodet, så difor ber vi deg som er mellom 16 og 18 år og som bur i Klepp, Time eller Hå, om å orientere deg om tilbodet vurdere om dette er noko for deg snakke med foreldre/føresette
kontakte oss for å få meir informasjon, og eventuelt hjelp til å søkje.
Du som får tilbodet, er ein person med både reise- og eventyrlyst. Du er utadvendt og samfunnsengasjert, har gode karakterar på skulen og er sjølvstendig nok til å våge å bu eit heilt år i eit nytt og ukjent miljø.
Som utvekslingsstudent bur du i ei vertsfamilie og går på skule (High School-nivå). Du vil lære landet sitt språk og oppleve folk og kultur frå innsida
Utvekslingsstudentar bur gratis og får dekt utgifter til skulegang, bøker og skyss samt litt lommepengar. Kvar student får også ein personleg rådgjevar som ikkje er medlem av nokon av vertsfamiliane
"Å være utvekslingsstudent for Rotary er en utrolig mulighet! 7 år etter mitt år downunder hender det fra tid til annen at jeg tar frem bildene og mimrer over alle de utrolige opplevelsene og gode vennskapene jeg fikk i et land
Utvekslingstudent Marit Øgaard Orre
langt vekke fra mor og far. Jeg oppfordrer alle til å gripe denne sjangsen!"
Året jeg bodde i Mexico var det mest spennende jeg har hatt i mitt liv! Jeg fikk bli kjent med en helt ny og fascinerende kultur, lærte meg et nytt språk, jeg fikk se utrolige steder og fikk, ikke minst, nære venner over hele verden. Jeg vil definitivt anbefale alle å reise ut et år!”
Utvekslingsstudent Astrid Molaug
Studenten dekkjer sjølv flyreise tur/retur og forsikring. I tillegg må du rekne med noko til personleg forbruk, gåver og souvenir.
Som ROTARY-student får du også tilbod om å vere med på turar/reiser i vertslandet. Samla kan slike tilbod koste opp til 10.000 kroner, eller i nokre land meir.
Det er gratis å søkje, men dersom din søknad blir innvilga må du betale eit depositum på kr 2000.-.
Meir informasjon: www.rotary.no
www.rotary.org/programs/youth_ex
www.innlandsdata.no/utveksling/
Søknad:
Frist for å melde interesse er 1. oktober. Du som har lyst å søkje, må likevel bestemme deg i god tid på førehand, helst på seinvinteren eller tidleg vår, slik at vi får tid til å handsame søknaden.
Rotaryklubben i din kommune har ein kontaktperson som du kan kontakte heile året. Han/ho kan svare på mange spørsmål og hjelpe deg med praktiske ting som søknadsskjema, råd og tips om utfylling, orientering om saksgang:
Klepp: Jarl Westergård [email protected] Time: Olaug Salte Sirevåg [email protected]
Hå: Ole P. Thingbø Ole P. Thingbø[email protected]