Upload
aretha-anthony
View
32
Download
2
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Månadsbrev - august. Denne månaden har me brukt tida på å verta kjende med kvarandre og barnehagen. Me har smaka på søte bringebær. Me har dansa og sunge. Ribbeveggen er populær !. - PowerPoint PPT Presentation
Citation preview
Månadsbrev - augustDenne månaden har me brukt tida på å verta kjende med
kvarandre og barnehagen.
Me har smaka på søte bringebær
Me har dansa og sunge
Ribbeveggen er populær!
Mange av dykk har nok også fått med seg at det skjer endringar i innemiljøet vårt. Me lagar nye leikekrokar for barna, og dei har sjølve fått vore med på å seie noko om kva leikekrokar dei ynskjer sjølv.
Me har også vald å fokusere på meir verdilaust materiale og naturmaterial, noko som styrkjer fantasien og utvidar bruksområda i leiken til barna.
Utkledning og rolleleik er morosamt, og særleg dersom me kan få gjer det med ein morosam «vri».
Perling og hyttebygging er også morosame aktivitetar i kvardagen.
I tillegg til dette, har me hatt stor fokus på å
«klare sjølv». Dette inneber at barna får høve til
god tid blant anna i garderoben og på badet. Me
brukar også store delar av dagane våre ute,
uansett vær. Det kan vera vanskeleg for barna å
kle seg i overgangen frå sommar til haust, så
dette er også noko me har jobba litt med. Men
framleis er det lett for å hive av seg litt klede når
sola skin og anledninga byr seg.
Neste månad startar me opp med faste turdagar
og barnas prosjektdag!
Den magiske
samlingsstunda kvar
fredag har vorten
eit populært innslag
i vekene våre. Her
har me blant anna
fokus på sansing,
oppleving og
undring.