13
Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk

Lesing 5. steget - udir.no · C for å forvirre maurane D for å få maurane til å virre rundt omkring 4 Når ein maur har funne mat, korleis finn dei andre maurane i tua den same

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • Nasjonale prøver

    Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3

    Nynorsk

  • Skrukketroll liker fuktige, mørke stader. Ein kan fi nne dei under trestammer, under haugar med vissent lauv og i vegger.

    Leite etter matHer er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiteretter mat. Først må du fi nne verkelege maur, skrukketroll og mark . Dumå vere forsiktig med dei og passe på at du legg dei tilbake der du fann dei, når du er ferdig med å studere dei.

    • Følgje ein maurstig

    • Studere skrukketroll

    • Lage eit markreir

    Kvar fi nn du maur, skrukketroll og mark?

    Skrukketroll

    Maur

    Mark

    Mark held til under steinar, i nyspadd jord og nær komposthaugar. Dei kjem opp til overfl ata om natta.

    Maurstigar fi nn du om sommaren. I eine enden vil det vere mat, og i den andre vil du kunne fi nne inngangen til ei tue.

    1

    (makk)

  • Følgje ein maurstigMaur lever saman i maurtuer. Når ein maur fi nn mat, lagar han ein stig slik at andre kan følgje etter. For å kunne gjere dette eksperimentet må du fi nne ei maurtue. Du treng også eit papirark, ein liten eplebit og ein neve jord.

    1. Plasser eplebiten på papirarket og legg arket like ved ei maurtue. Vent til maurane fi nn eplebiten. Dei vil alle følgje den same stigen.

    2. Flytt eplebiten. Går maurane rett bort til han? 3. Strø deretter jord på arket for å dekkje over stigen. Maurane kjem til å springe forvirra rundt ei stund. Lagar dei ein ny stig?

    Kva skjer?Sjølv etter at maten er fl ytta, følgjer maurane framleis den gamle stigen heilt til dei har laga ein ny stig.

    Kvifor?Når ein maur har funne litt mat, lagar han spesielle kjemiske stoff som etterlèt seg lukt på stigen. Andre maur frå maurtua brukar antennene sine, eller følarane, til å fange opp denne lukta.

    2

  • Studere skrukketrollSkrukketrolla har følsame antenner. Lag ei eske, og samle deretter seks skrukketroll i ein behaldar. Sjå korleis dei fi nn vegen når du legg dei i eska. Du treng ei lita, tom eske med lokk, ei saks, limbandog nokre visne, fuktige blad.

    1. Klipp tre lange strimlar av lok-ket. Bruk dei til å lage gangen på biletet.

    2. Lat skrukketrolla gå i gangen, eitt om gongen. Når dei kjem til enden av gangen, vil nokre av dei snu til høgre og andre til venstre.

    3. Legg dei fuktige blada på den høgre sida i eska. Lat så skrukke-trolla gå gjennom eska ein gong til. Kva veg går dei?

    Gangen må vere akkurat brei nok til skrukketroll.

    Skrukketroll startar her.

    Kartongstrimlar – ikkje lat det vere mellomrom på botnen.

    Lauvblad

    3

    Kva skjer?Skrukketrolla vil gå til høgre mot maten.

    Kvifor?Skrukketrolla kan føle maten med antennene sine. Dei bruker antennene for å fi nne blada.

  • Lage eit markreir

    Det er ikkje lett å studera mark, for dei liker ikkje lys. Så snart dei merkar lys, kryp dei vekk og prøver å finne att ein mørk plass. For å sjå korleis markane lever og et, kan du lage eit markreir lik det som du

    Du treng

    • ei skoeske

    • limband

    • penn

    • saks

    • ei stor plastfl aske

    • eit krus med sand

    • tre krus med

    fuktig smuldra jord

    • små løk- og

    potetbitar

    ser på biletet. Så legg du to eller tre mark oppi reiret. Det er viktig å hugse på at du ikkje dreg i markane, for då kan du skade dei. Dei er dekte av hårbuster som gripfast i jorda.

    1. Bruk limband til å feste den eine sida av lokket til eska, slik at ho kan opnast som ei dør. Stikk hòl i toppen av eska med pennen for å sleppe inn luft og lysi markreiret.

    2. Skjer toppen av fl aska og fyll henne så lagvis med jord og sand, laust pakka. Strø potet- og løkbitarpå overfl ata.

    3. Slepp markane varsamt ned i flaska, set markreiret inn i eska og lukk døra. Lat eska stå ute på ein kjølig, tørr stad i fi re dagar.

    4. Etter fi re dagar går du tilbake og ser på markreiret. Kva er annleis med sanden og jorda?

    Hugs: Når du er ferdig med prosjektet, må du leggje markane tilbake der du fann dei.

    4

  • Lokket festa til eska med limbandHol

    Løk- og potetbitar

    5 cm fuktig jord

    1 cm sand mellom kvart lag

    Kva skjer?Etter fi re dagar vil laga med sand og jord vere blanda saman.

    Kvifor?Markane blandar sanden og jorda når dei kjem opp til overfl ata for å ete maten, og deretter når dei grev tunnelar nedover for å komme seg bort frå lyset.

    From Animal watching in the Usborne Big Book of Experiments published in 1996 by Usborne Publishing Ltd., Lon-don. An effort has been made to obtain copyright permission.

    5

  • Spørsmål til ”Leite etter mat”

    1 Kva er hovudmålet med teksten?

    A å beskrive ulike prosjekt du kan gjennomføre

    B å gje informasjon om maurstigar

    C å vise korleis små skapningar ser ut

    D å forklare kva mark et

    2 Kva er den eine tingen du bør gjere for å ta vare på desse skapningane?

    A leite etter dei under store og små steinar

    B finne ut alt om dei

    C samle saman så mange du kan

    D leggje dei tilbake der du fann dei

    6

  • Spørsmåla 3–5 handlar om maurprosjektet.

    3 Kvifor legg du eplet ved maurtua?

    A for å sperre maurstigen

    B for å få mauren til å lage ein stig

    C for å forvirre maurane

    D for å få maurane til å virre rundt omkring

    4 Når ein maur har funne mat, korleis finn dei andre maurane i tua

    den same maten?

    A Dei ser på den første mauren og følgjer etter han.

    B Dei spring rundt til dei finn maten.

    C Dei kjenner lukta som den første mauren har late etter seg.

    D Dei luktar maten på papiret.

    5 Kvifor virrar maurane rundt etter at du har strødd på jorda?

    7

  • Spørsmåla 6–9 handlar om skrukketrollprosjektet.

    6 Korleis finn skrukketrolla maten?

    A Dei går nedover gangen.

    B Dei føler maten med antennene sine.

    C Dei følgjer luktsporet.

    D Dei ser maten i mørket.

    7 Sjå på biletet som høyrer til skrukketrollprosjektet. Korleis hjelper

    biletet deg med å forstå kva du skal gjere i eksperimentet?

    8 Kvifor må du la skrukketrolla gå i gangen først, før du så legg blada

    i eska?

    A For å sjå om dei finn ut av labyrinten.

    B For å sjå kva dei gjer når det ikkje er mat i eska.

    C For å sjå om eska er sett rett saman.

    D For å sjå kven som går kva for veg.

    8

  • 9 Kva trur du vil hende i trinn 3 i skrukketrollprosjektet dersom du

    flyttar dei fuktige blada til det venstre hjørnet i eska?

    10 Kva er det som er likt i måten maur og skrukketroll finn maten sin på?

    9

  • Spørsmåla 11–13 handlar om markprosjektet.

    11 Set trinna i rett rekkefølgje ved å setje nummer på dei. Bruk

    forklaringa i avsnittet om å lage eit markreir.

    Vi har alt sett nummer på det første trinnet for deg.

    ____legg flaska i skoeska

    _1__stikk hòl i lokket på skoeska

    ____slepp markane oppi

    ____legg i potet og løk

    ____fyll flaska med jord og sand

    12 Forklar kvifor det er viktig å leggje lag av jord og sand i

    markreiret.

    13 Forklar kvifor det er viktig at du legg løk og poteter oppå

    jordlaga under markprosjektet.

    10

  • 14 Kvifor har kvart prosjekt Kva skjer og Kvifor i eiga ramme?

    A for å forklare trinna i prosjektet

    B for å opplyse om kva du treng til prosjektet

    C for å forklare deg kva du skal gjere når du er ferdig

    D for å fortelje deg kva du har sett

    15 Kva for eit av dei tre prosjekta synest du var mest interessant?

    Bruk informasjon frå teksten til å grunngje svaret ditt.

    11

  • Kolstadgata 1 Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO Telefon 23 30 12 00 Telefaks 23 30 12 99 www.utdanningsdirektoratet.no

    forside_nn_mal.pdf SituasjonsbeskrivingOppgåve

    SituasjonsbeskrivelseOppgave

    /ColorImageDict > /JPEG2000ColorACSImageDict > /JPEG2000ColorImageDict > /AntiAliasGrayImages false /CropGrayImages true /GrayImageMinResolution 300 /GrayImageMinResolutionPolicy /OK /DownsampleGrayImages true /GrayImageDownsampleType /Bicubic /GrayImageResolution 300 /GrayImageDepth -1 /GrayImageMinDownsampleDepth 2 /GrayImageDownsampleThreshold 1.50000 /EncodeGrayImages true /GrayImageFilter /DCTEncode /AutoFilterGrayImages true /GrayImageAutoFilterStrategy /JPEG /GrayACSImageDict > /GrayImageDict > /JPEG2000GrayACSImageDict > /JPEG2000GrayImageDict > /AntiAliasMonoImages false /CropMonoImages true /MonoImageMinResolution 1200 /MonoImageMinResolutionPolicy /OK /DownsampleMonoImages true /MonoImageDownsampleType /Bicubic /MonoImageResolution 1200 /MonoImageDepth -1 /MonoImageDownsampleThreshold 1.50000 /EncodeMonoImages true /MonoImageFilter /CCITTFaxEncode /MonoImageDict > /AllowPSXObjects false /CheckCompliance [ /None ] /PDFX1aCheck false /PDFX3Check false /PDFXCompliantPDFOnly false /PDFXNoTrimBoxError true /PDFXTrimBoxToMediaBoxOffset [ 0.00000 0.00000 0.00000 0.00000 ] /PDFXSetBleedBoxToMediaBox true /PDFXBleedBoxToTrimBoxOffset [ 0.00000 0.00000 0.00000 0.00000 ] /PDFXOutputIntentProfile () /PDFXOutputConditionIdentifier () /PDFXOutputCondition () /PDFXRegistryName () /PDFXTrapped /False

    /Description > /Namespace [ (Adobe) (Common) (1.0) ] /OtherNamespaces [ > /FormElements false /GenerateStructure true /IncludeBookmarks false /IncludeHyperlinks false /IncludeInteractive false /IncludeLayers false /IncludeProfiles true /MultimediaHandling /UseObjectSettings /Namespace [ (Adobe) (CreativeSuite) (2.0) ] /PDFXOutputIntentProfileSelector /NA /PreserveEditing true /UntaggedCMYKHandling /LeaveUntagged /UntaggedRGBHandling /LeaveUntagged /UseDocumentBleed false >> ]>> setdistillerparams> setpagedevice