Upload
others
View
2
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
Kreftkoordinator i Ulstein kommune
ULSTEIN KOMMUNE- der baug bryt båre
Kreftkoordinator og kreftsjukepleiar
KVA ER EIN KREFTKOORDINATOR?• Er til hjelp for å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best
muleg måte
• Kan samordne tilbod og tenester rundt kreftpasientar i kommunen
• Kan bidra til gode rutiner og system for kreftomsorg i kommunen
KREFTKOORDINATOREN SINE OPPGÅVER:• Gi råd og rettleiing
• Kartlegge behov og følgje opp symptomlindrande behandling
• Samtalepartnar
• Oppfølgjing i heimen
• Ha oversikt over tilbod internt i kommunen og utanfor kommunen som kan vere aktuelt
for deg
• Sikre oppfølgjing av born og unge som pårørande
• Koordinering av tenester
• Samarbeide med fastlegar, heimesjukepleie, omsorgsenteret/akuttplass, palliativt team,
sjukehus, fysioterapeut, ergoterapeut, helsestasjon, skule, kreftforeninga mm
• Jobbe tverrfagleg og tverrsektorielt, gi råd og rettleiing til relevante instansar og sam-
arbeidspartnarar
Sjå meir på www.kreftforeningen.no
KREFTKOORDINATOR, KREFT- OG PALLIATIV SJUKEPLEIAR
Hege Sandnes [email protected] Tlf.: 957 31 928
Heimesjukepleien Tlf.: 982 30 631 (svarer heile døgnet)
Søknadsskjema for helse- og omsorgstenester ligg på Ulstein kommune si webside; www.ulstein.kommune.no
Skjema kan ein også få ved å kontakte helse- og omsorgsetaten, tlf 70 01 78 00 eller Servicetorget i Ulstein rådhus, tlf 70 01 75 00.
KREFTKOORDINATOR - EIT TILBODÅ få kreft og leve med ein kreftsjukdom kan vere vanskeleg både for den som er sjuk og for
pårørande.
Ulstein kommune har i samarbeid med kreftforeninga tilsett kreftkoordinator i 50%
stilling. Kreftkoordinatoren er eit tilbod til deg som pasient og til deg som pårørande.
Kreftkoordinatoren er eit lavterskeltilbod og det er difor ikkje nødvendig å søkje om å få
tildelt tenesta. Du kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator.
TA GJERNE KONTAKT!
De
sign
: teg
ne
ren
.no
Foto
: H. Flu
sun
d P
rint / o
msla
gsfo
to: U
lstein
ko
mm
un
e / A
sbjø
rg G
arsh
ol