2
Torsdag 16. april 2009 – Side 8 Nye måtar å få inn pengar på var den raude tråden i programmet på NIL-festen påskeaftan. Britt Ingunn Maurstad [email protected] Mykje folk hadde møtt opp for å la seg underhalde på grenda- huset i Norddal. Omkring 120 personar var til stades under pro- grammet og middagen. Pengejakt Programmet opna sprekt. Heile festkomiteen ynskte velko- men frå scena og Ann Kristin Lunden song opningssongen før dei gjekk laus på maten. Denne kvelden var det sosakjøt på menyen, noko som tydeleg fall i smak blant gjestane. Etter matpausen heldt pro- grammet fram med ein vide- osnutt der nyvald leiar av idrettslaget, Karl Inge Lilleås, fortel om alt leiaren av idrettsla- get har å gjere. Alt frå vedlike- hald av trakkemaskin til testing av skitrekk og slikt, vel og merke ikkje heilt utan plunder og heft. Petter Melchior var program- leiar denne kvelden og leidde sendinga frå NIL.nett.no. Den raude tråden i programmet var nye måtar for idrettslaget å få inn pengar på. Til det hadde dei funne ein mann med spesielle evner som skulle sjå etter og ta i bruk ny teknologi. Neste inn- slag var ein videosnutt der Knut Eldar Relling var mannen med spesielle evner som “hakka” seg inn både her og der. Oppfinnsame Oppfinnsamheita for å finne nye måtar å få inn pengar på hadde vore stor. Eitt av tiltaka var eit attføringssenter Prestegar- Jakta på pengar den der folk med ymse problem skulle førast attende til samfun- net – som prestar – sidan det er mangel på slike. Som dagleg leiar av prosjektet sa: Støtte til tilta- ket var ikkje noko problem. Dei hadde fått alle stader dei hadde søkt, mellom anna frå både kom- mune, fylke, stat, natteramnane og den nigerianske ambassaden. Mellom dei som var på tiltak, var mellom anna ei dame frå 1881 som var offer for innsparingar, biskop Landbås frå sørlandet og ei nigeriansk prostituert som brått vart utan arbeid då regjeringa kri- minaliserte kjøp av sex. Treningsopplegg Så var det ein ny videosnutt der Barte-Knute (Knut Eldar Rel- ling) viste fram treningsopp- legget han hadde laga for dei eldre på omsorgsbustaden, slik at dei er i form til å springe fort når bølgja kjem. Dei trente på fleire måtar. Mellom anna med handlekorgstafett hos den lokale kjøpmannen, bringebærpluk- king og potetopptaking. At dei eldre har konkurranseinstinktet i orden viste godt på bileta frå Kjerkjemyra Grand Prix. Slik ynskte festkomiteen publikum velkomen. Stein Ivar Krohn hjelper biskop Landbås på beina igjen. Den arbeidslause nigerianske prostituerte (Torunn Ljøen) øver seg på kollekt.

Jakta på pengar til idrettslaget - norddalil.nonorddalil.no/hist/2009_nilfest.pdfTorsdag 16. april 2009 – Side 8 Nye måtar å få inn pengar på var den raude tråden i programmet

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Jakta på pengar til idrettslaget - norddalil.nonorddalil.no/hist/2009_nilfest.pdfTorsdag 16. april 2009 – Side 8 Nye måtar å få inn pengar på var den raude tråden i programmet

Torsdag 16 . apr i l 2009 – Side 8

Nye måtar å få inn pengar på var den raude tråden i programmet på NIL-festen påskeaftan.

Britt Ingunn Maurstad [email protected]

Mykje folk hadde møtt opp for å la seg underhalde på grenda-huset i Norddal. Omkring 120 personar var til stades under pro-grammet og middagen.

PengejaktProgrammet opna sprekt. Heile festkomiteen ynskte velko-men frå scena og Ann Kristin Lunden song opningssongen før dei gjekk laus på maten. Denne kvelden var det sosakjøt på menyen, noko som tydeleg fall i smak blant gjestane. Etter matpausen heldt pro-grammet fram med ein vide-

osnutt der nyvald leiar av idrettslaget, Karl Inge Lilleås, fortel om alt leiaren av idrettsla-get har å gjere. Alt frå vedlike-hald av trakkemaskin til testing av skitrekk og slikt, vel og merke ikkje heilt utan plunder og heft. Petter Melchior var program-leiar denne kvelden og leidde sendinga frå NIL.nett.no. Den raude tråden i programmet var nye måtar for idrettslaget å få inn pengar på. Til det hadde dei funne ein mann med spesielle evner som skulle sjå etter og ta i bruk ny teknologi. Neste inn-slag var ein videosnutt der Knut Eldar Relling var mannen med spesielle evner som “hakka” seg inn både her og der.

OppfinnsameOppfinnsamheita for å finne nye måtar å få inn pengar på hadde vore stor. Eitt av tiltaka var eit attføringssenter på Prestegar-

Jakta på pengar til idrettslaget

den der folk med ymse problem skulle førast attende til samfun-net – som prestar – sidan det er mangel på slike. Som dagleg leiar av prosjektet sa: Støtte til tilta-ket var ikkje noko problem. Dei hadde fått alle stader dei hadde søkt, mellom anna frå både kom-mune, fylke, stat, natteramnane og den nigerianske ambassaden. Mellom dei som var på tiltak, var

mellom anna ei dame frå 1881 som var offer for innsparingar, biskop Landbås frå sørlandet og ei nigeriansk prostituert som brått vart utan arbeid då regjeringa kri-minaliserte kjøp av sex.

TreningsoppleggSå var det ein ny videosnutt der Barte-Knute (Knut Eldar Rel-ling) viste fram treningsopp-

legget han hadde laga for dei eldre på omsorgsbustaden, slik at dei er i form til å springe fort når bølgja kjem. Dei trente på fleire måtar. Mellom anna med handlekorgstafett hos den lokale kjøpmannen, bringebærpluk-king og potetopptaking. At dei eldre har konkurranseinstinktet i orden viste godt på bileta frå Kjerkjemyra Grand Prix.

Slik ynskte festkomiteen publikum velkomen.

Stein Ivar Krohn hjelper biskop Landbås på beina igjen.

Den arbeidslause nigerianske prostituerte (Torunn Ljøen) øver seg

på kollekt.

Page 2: Jakta på pengar til idrettslaget - norddalil.nonorddalil.no/hist/2009_nilfest.pdfTorsdag 16. april 2009 – Side 8 Nye måtar å få inn pengar på var den raude tråden i programmet

Torsdag 16 . apr i l 2009 – Side 9

Jakta på pengar til idrettslaget

Ei anna inntektskjelde for NIL er spa. Det har vorte så populært no og mykje pengar er det i det også. Dei inviterte difor til anbodskonkurranse i bygda. Vinnaren vart presen-tert på scena. Det var Stein Ivar Krohn som stakk av med sige-ren med sitt konsept “Naust & Spa – Gnubb og Gni” med fokus på miljø og naturgass. Det siste

kom av at han proppa gjestane fulle med overmodne pærer kvelden før spabehandlinga. Det blir godt boblebad av slikt.

Lokal kulturEi anna målsetjing med idretts-laget er å støtte lokal kultur og hjelpe folk fram. Dermed var det duka for kveldens høgde-punkt. Det var det Jarl Ringstad

Krohn på gitar som stod for. Han byrja å øve seriøst for berre litt over to år sidan, noko ein ikkje skulle tru når “Hey Joe” av Jimi Hendrix tona utover salen, og det til trampeklapp frå publi-kum. Veldig, veldig bra! Så var det ein ny videosnutt der “prestane” på tiltak på Pre-stegarden var ute på skileik. Så måtte programleiaren forlate

scena for å finne att hønene sine. To av dei fann han omsider att på scena der dei satt og klukka om namnesaka. Programmet vart avslutta med ein reprise av Kjerkjemyra Grand Prix. Så vart salen rydda og gjort klar for dans utover natta med Blakk & Blaa. Ein rett så triveleg kveld var det på gren-dahuset i Norddal.

Petter Melchior og Barte-Knute (Knut Eldar Relling). Blakk & Blaa spela til dans.

Jarl “Hendrix” Ringstad Krohn.

Over: Hønene Gjertrud Melchior og Ann Kristin Lunden klukka om

namnestriden.

Stein Ivar Krohn presenterer spa-konseptet sitt.