20
MUSEUM

Heim - MUSEUM · 2020. 5. 12. · handelsstaden har røter tilbake på 1600-talet. Kystmuseet held ope her i sommarsesongen med guida omvising i dei historiske husa, og utstilling

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • MUSEUM

    http://www.misf.no

  • KontaktinformasjonAdresse: Gota 16, 6823 SandaneTelefon: (+47) 990 94 777 E-post: [email protected] misf.no

    Innleiing 02Innhald 02Kart 03

    g Vågsberget 04g Anders Svor Museum 05g Nordfjord Folkemuseum 06g Eikaasgalleriet 07g Astruptunet 08g Sunnfjord Museum 09g Sogn og Fjordane Kunstmuseum 10g Kystmuseet i Sogn og Fjordane 12g Kvernsteinsparken 13g Norsk Reiselivsmuseum 14g Sogn Folkemuseum 15g Sogn Fjordmuseum 17g Sogn Kunstsenter 18

    Musea i Sogn og Fjordane har til saman 13 ulike anlegg, spreidde over heile fylket. På musea våre kan du mellom anna lære om korleis folk i Sogn og Fjordane har levd og budd, du kan møte kunstverk til kjende kunstnarar frå fylket, og lære om norsk reiselivshistorie ved museet vårt i Balestrand.

    Musea byr på ulike aktivitetar og arrangement for heile familien. Du kan

    Velkomen til ei lærerik oppleving

    besøke dyr, lage ditt eige brød, lage ditt eige smykke, delta på guida turar med flinke omvisarar, eller kanskje du berre treng ei avslappa stund i eit av anlegga våre.

    For deg som er interessert i å besøke fleire av våre museum, så tilbyr vi muse-umspass til ein gunstig pris.

    Ynskjer du meir informasjon, besøk nettsida vår, eller ta kontakt.

    2 | Musea i Sogn og Fjordane

    https://www.google.no/maps/place/Gota%2B16%2C%2B6823%2BSandane/%4061.7721058%2C5.953693%2C10.06z/data%3D%214m5%213m4%211s0x46165b67d69308b9:0x8108d8d708467fd0%218m2%213d61.7728467%214d6.2207539%3Fhl%3Dnomailto:post%40misf.no?subject=http://www.misf.no

  • E39

    E16

    E16

    E39

    E39

    E39

    5

    5

    57

    15 15

    1357

    50

    55

    55

    Gudvangen

    Olden

    Breheimen

    JostedalsbreenJotunheimenNasjonalpark

    Flåm

    Lærdal

    Sandane

    Hornindal

    Førde

    Hyllestad

    Skei

    Måløy

    Florø

    SogndalBalestrand

    Gra

    fisk

    desi

    gn: I

    nnho

    ldsp

    artn

    er.

    Foto

    : Esp

    en M

    ills.

    Musea i Sogn og Fjordane | 3

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Vågsvåg, 6700 VågsøyTelefon: (+47) 982 69 854E-post: [email protected]: kyst.museum.no/vaagsberget

    Vågsberget i Vågsøy kommune var ein av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten. I dag er Vågsberget freda som ein av dei best bevarte handelsstadene i Noreg.

    Bygningane på staden er frå kring 1800, men handelsstaden har røter tilbake på 1600-talet. Kystmuseet held ope her i sommarsesongen

    med guida omvising i dei historiske husa, og utstilling og kafé i driftsbygningen.

    Eigaren på Vågsberget hadde handels- privilegium frå kongen med einerett til handel med ei rekkje varer. Folk i nærområdet kom lett i gjeld til handelsmannen. Privilegiet fall bort etter midten av 1800-talet.

    Vågsberget

    BillettprisarVaksne kr 50Born (0-18 år) Gratis

    Billetten på Vågsberget inkluderer utstilling og omvisning i tunet.

    Sjå kyst.museum.no/vaagsberget for informasjon om opningstider.

    /vaagsberget

    4 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:ksf%40misf.museum.no?subject=http://kyst.museum.no/vaagsbergethttps://www.facebook.com/vaagsberget

  • Anders Svor Museum er eit urbant innslag i den vesle bygda Hornindal. Den kjende billet- hoggaren Anders Svor (1864-1929) vart født i Hornindal, han hadde fleire offentlege opp-drag og du finn fleire av verka hans m.a. i Oslo.

    Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Svor arbeidde i ein

    Anders Svor Museum naturalistisk og nyromantisk stil. Galleriet har skulpturar i gips, leire og bronse.

    Anders Svor var ein bondegut frå Hornindal, som allereie som gut viste uvanlege evner i treskjæring. Som syttenåring fekk han arbeid som treskjerar ved Brødrane Hals pianofabrikk i Kristiania, og var elev ved Den Kgl. Tegne-

    skole.I 1891 fekk han sitt kunstnarlege gjennom-

    brot då han vann gullmedalje for skulpturen «David» på den internasjonale kunstutstillinga i Berlin.

    Kontaktinformasjon:Adresse: Grodås, 6761 Hornindal Telefon: 95 10 51 76 / 97 42 15 65E-post: [email protected]: sfk.museum.no

    BillettprisarVaksne kr 50Student/honnør/gruppe (+3) kr 35Born (0-18 år) GratisOmvising kr 75

    Sjå sfk.museum.no for informasjon om opningstider.

    Musea i Sogn og Fjordane | 5

    mailto:post%40sfk.museum.no%20?subject=http://sfk.museum.no

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Gota 16, 6823 SandaneTelefon: (+47) 57 88 45 40E-post: [email protected]: nordfjord.museum.no

    På Sandane ligg Nordfjord Folkemuseum. Her får du eit innblikk i historia til regionen, og serleg det som er knytt til vasskrafta si rolle i dag-leglivet, og jektefart.

    I friluftsmuseet finn du hus og historie om livet i Nordfjord frå 1600-talet og framover, og fleire av husa er innreidde og syner kvardagen i

    ulike tidsperiodar.Ved fjorden like utanfor Sandane sentrum

    ligg museumsfartøyet Holvikejekta frå 1881. Den 20 meter lange jekta er den siste bevarte segl-skuta som transporterte varer mellom Nordfjord og Bergen. På museumsområdet er det også ein museumsbutikk og kafé.

    Nordfjord Folkemuseum

    BillettprisarVaksne kr 70Born (7-18 år) kr 40Familie kr 200

    I sommarsesongen er omvising i friluftsmuseet klokka 13 inkludert i billetten. Andre gruppeomvisingar må avtalast med museet.

    Sjå nordfjord.museum.no for informa-sjon om opningstider og aktivitetar.

    /nordfjordfolkemuseum

    #nordfjordfolkemuseum

    6 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:nfm%40misf.museum.no%20?subject=http://nordfjord.museum.nohttps://www.facebook.com/nordfjordfolkemuseumhttps://www.instagram.com/nordfjordfolkemuseum

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Ålhus, 6847 JølsterTelefon: (+47) 992 02 676E-post: [email protected]: sfk.museum.no

    Eikaasgalleriet er eit moderne kunstgalleri som ligg på Ålhus i Jølster, rett ved E39. Skif-tande utstillingar med basis i Eikaassamlinga.

    Ludvig Eikaas (1920-2010) var ein av pione-rane innan det abstrakte kunstuttrykket i No-reg, og kunsten hans er representert på muse-um i inn- og utland.

    Grafikaren, målaren, teiknaren, skulptøren og kunstprofessoren, er kanskje mest kjend for sine særeigne portrett og sjølvportrett, ofte med overraskande og humoristiske vendingar.

    Ludvig Eikaas var ein utprøvande og ofte spontan kunstnar, som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Han var

    Eikaasgalleriet

    BillettprisarVaksne kr 50Born (0-18 år) GratisOmvising kr 75Student/honnør/gruppe (+3) kr 35

    Sjå sfk.museum.no for informasjon om opningstider.

    mellom anna den første som tok i bruk hard-plast i skulptur.

    Han er representert i 10 norske kunst- museum, i tillegg til København, New York, Paris og i Firenze. Eikaassamlinga omfattar no over 850 verk i ulike teknikkar.

    Kafé og nær tilgang til badeplass.

    Musea i Sogn og Fjordane | 7

    mailto:post%40sfk.museum.no%20?subject=http://sfk.museum.no

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Sandal, 6847 VassendenTelefon: (+47) 992 02 676E-post: [email protected]: sfk.museum.no

    Astruptunet ligg idyllisk til på sørsida av Jølstravatnet. Her finn du heimen til målaren, teiknaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880-1928), som er ein av Noreg sine mest kjende nasjonale kunstnarar.

    Astrup eksperimenterte med tresnittet, og vart slik ein nyskapar innan den grafiske teknik-

    ken. Han varierte oppdraga fritt og utradisjonelt, dels ved å arbeide i plata undervegs eller ved å handkolorere trykka etter at dei var ferdig trykt.

    Etter studiane flytta han heim for å skildre naturen og folk i Jølster. Astruptunet er ikkje berre ein kunstnarheim, men ein viktig del av kunstnaren sitt livsverk. Som i bileta til Astrup,

    Astruptunet

    Billettprisar Billett/omvising per person kr 100Born (0-18 år) Gratis

    Tinging av omvisning utanom ordinær tid på tlf. 99 20 26 76. Minstepris utanom opningstid: kr 400

    Sjå sfk.museum.no for informasjon om opningstider.

    ser vi både i eksteriør og interiør korleis Astrup sin kjærleik for landskapet og plassen framleis ligg som ei stemning gjennom rom og tun.

    I Astrupsamlinga har vi nesten alle Astrup sine trykkplater og trykk og ein del måleri. I 2016 vart kunsten til Astrup lansert internasjonalt.

    Kafé.

    8 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:post%40sfk.museum.no%20?subject=http://sfk.museum.no

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Movika, 6819 FørdeTelefon: +47 57 72 12 20E-post: [email protected]: sunnfjord.museum.no

    Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet, langs E39 like aust for Førde sentrum. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene.

    Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap.

    Bygningane i friluftsmuseet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.

    Vi tilbyr omvising til alle gjester i frilufts- museet. Museumsbutikk og kiosk.

    Sunnfjord Museum

    BillettprisarVaksne kr 70Born (0-18 år) Gratis

    Sjå sunnfjord.museum.no for informasjon om opningstider.

    /sunnfjordmuseum

    #sunnfjordmuseum

    Musea i Sogn og Fjordane | 9

    mailto:sum%40misf.museum.no%20?subject=http://sunnfjord.museum.nohttps://www.facebook.com/sunnfjordmuseumhttps://www.instagram.com/sunnfjordmuseum

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Storehagen 1, 6800 FørdeTelefon: +47 974 21 565E-post: [email protected]: sfk.museum.no

    Sogn og Fjordane Kunstmuseum finn du i Førde sentrum i eit bygg som har fått ein inter-nasjonal pris for sin særprega arkitektur. Kunst-museet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst.

    Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthand-

    verk frå 1900-talet fram til i dag, med hovud-vekt på tida etter 1970.

    På varme sommardagar kan ein nyte fin- veret på takterassen i 4.etg. Ta gjerne turen innom kunstbutikken, som byr på eit variert utval, eller Kafé Sobra som byr på ein meny av heimelaga varme- og kalde rettar.

    Sogn og Fjordane Kunstmuseum

    Billettprisar Vaksne kr 50Student/honnør/gruppe (+3) kr 35Born (0-18 år) Gratis

    Omvising kr 75

    Sjå sfk.museum.no for informasjon om opningstider.

    /sognogfjordanekunstmuseum

    #sognogfjordanekunstmuseum

    10 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:sfkm%40misf.no?subject=http://sfk.museum.nohttps://www.facebook.com/sognogfjordanekunstmuseumhttps://www.instagram.com/sognogfjordanekunstmuseum

  • 1 og 2. Astruptunet 3 og 4. Sogn og Fjordane Kunstmuseum

    1

    2

    3 4

    Musea i Sogn og Fjordane | 11

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Brendøyvegen, 6900 FlorøTelefon: +47 57 74 22 33E-post: [email protected]: kyst.museum.no

    Ved Kystmuseet kan du sjå utstillingar som formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane – frå steinalder til oljealder.

    Her finn du ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.

    Kystmuseet har tre utstillingsbygg og eit

    stort uteområde med flott natur og gamle hus. I utstillingshallane får du sjå glimt frå dagleglivet ved kysten, lokale båttypar og fiskereiskapar, og du får omvising i oljeutstillinga.

    Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Her kan du mellom anna sjå gamle gardstun og sjøbuer.

    Kystmuseet i Sogn og Fjordane

    Billettprisar Vaksne kr 70Born 0-6 år GratisBorn 7-18 år kr 30 Familiebillet kr 170Sjå kyst.museum.no for informasjon om opningstider.

    Kystmuseet tilbyr aktiviteter for barn og vaksne. I sommarsesongen har vi sauer og geiter på beite og robåt til utleige.

    Kafé og butikk. omvising for grupper etter avtale.

    /kystmuseet.sfj

    #kystmuseet

    12 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:ksf%40misf.museum.no?subject=http://kyst.museum.nohttps://www.facebook.com/kystmuseet.sfj

  • I Kvernsteinsparken i Hyllestad reiser du tilbake til vikingtida og mellomalderen – og møter vikingane som dyktige handverkarar og drivne handelsfolk.

    Det var stein som var Hyllestad sitt «gull». I hundrevis av steinbrot jobba det stein-

    hoggarar som tok ut kvernstein etter kvern-stein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Utan kvernstein ingen mat!

    I Kvernsteinsparken tar vi deg med på tur gjennom steinbrotslandskapet der vikingane

    sleit for 1000 år sida. Etter steinbrotsturen kan du sjølv bruke hendene dine. Du kan male korn, bake brød, lage klebersteinssmykke, prøve deg på oppstadveven eller kose deg ved bålet med noko godt å ete.

    Kvernsteinsparken

    BillettprisarVaksne kr 60Born (7-18 år) kr 30Born (0-6 år) Gratis

    Sjå kvernstein.no for informasjon om opningstider.

    Kontaktinformasjon:Adresse: 6957 HyllestadTelefon: +47 458 71 940E-post: [email protected]: kvernsteinparken.no

    /kvernsteinsparken

    #kvernsteinsparken

    Musea i Sogn og Fjordane | 13

    mailto:post%40kvernstein.no?subject=http://kvernstein.nohttps://www.facebook.com/kvernsteinsparkenhttp://www.instagram.com/kvernsteinparken

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Holmen 12, 6899 BalestrandTelefon: (+47) 47 45 30 53E-post: [email protected]: reiselivsmuseum.no

    Lurer du på korleis dei fyrste reisande kom seg rundt i landet? Kvar dei overnatta og kva dei fekk servert? Kvifor kom dei hit?

    Ved å søkje det «u-oppdaga og eksotiske» landskapet vårt la dei fyrste eventyrarane

    grunnlaget for reiselivstilboda som no blømer over heile landet.

    Museet samlar og arkiverer norsk reiselivs-historie frå 1800-talet fram til i dag. Her kan besøkande i alle aldersgrupper bruke interaktive

    Norsk Reiselivsmuseum

    Billettprisar Vaksne kr 80Barn (7-18 år) kr 30Familie kr 170

    Sjå reiselivsmuseum.no for informasjon om opningstider.

    skjermar. I auditoriet kan fire kortfilmar veljast. Du finn museet ved kaiområdet sentralt

    plassert i den vakre bygda Balestrand, der òg tre antikvariske bygg er inkludert i anlegget. Kafé.

    /norskreiselivsmuseum

    #norskreiselivsmuseum

    14 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:nrm%40misf.museum.no%20?subject=http://reiselivsmuseum.nohttps://www.facebook.com/norskreiselivsmuseumhttps://www.instagram.com/norskreiselivsmuseum

  • Kontaktinformasjon:Adresse: Vestreim, 6854 KaupangerTelefon: (+47) 57 67 82 06E-post: [email protected] Nettside: dhs.museum.no

    På Vestreim i Sogndal kommune finn du De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Museet vart grunnlagt i 1909 av Gert Falch Heiberg, ein av museumspionerane i Norge, og er eitt av landets eldste og største kulturhis-toriske museum. På friluftsmuseet finn du meir enn 30 bygningar, som spenner frå mellomal-

    derens årestove til ferdighuset frå 1980-åra, plassert i eit levande kulturlandskap. Tradisjo-nell gardsdrift med dyr i sommarsesongen.

    I museet sin hovudbygning er det faste utstillingar om jordbruk og mat, handverk og bondekunst, klede og tekstilar, kyrkje og folke-tru, strandstad, krambu og barndom.

    De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

    Billettprisar Vaksne kr 80Born (7-18 år) kr 30Student/honnør kr 70Familie kr 170

    Sjå www.dhs.museum.no for informasjon om opningstider.

    På friluftsmuseet finn ein også leikeplassar, naturhistoriske løyper og eventyrskog. Kvar onsdag i sommarsesongen er det aktivitetar i dei gamle husa og på uteområdet.

    Kafé og museumsbutikk . Dagleg omvising i juni, juli og august, elles etter avtale.

    /dhs.museum

    #sognfolkemuseum

    Musea i Sogn og Fjordane | 15

    mailto:dhs-sf%40misf.museum.no?subject=http://www.dhs.museum.nohttps://www.facebook.com/dhs.museumhttps://www.instagram.com/sognfolkemuseum

  • 1. Holvikejekta ved Nordfjord Folkemuseum2. Anders Svor Museum3. Norsk Reiselivsmuseum 4. Kvernsteinsenteret5. Sunnfjord Museum

    1

    2

    5

    4

    3

    16 | Musea i Sogn og Fjordane

  • Kontaktinformasjon:Adresse: 6854 Kaupanger Telefon: (+47) 47 45 29 33 E-post: [email protected] Nettside: dhs.museum.no

    Sogn Fjordmuseum ligg nær Kaupanger ferjekai, ved Sognefjorden, Norges lengste og djupaste fjord.

    Museet er ei avdeling av De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Ved Sogn Fjordmuseum får du ei flott oppleving av fjord-kulturen. Her kan du lære om korleis fjorden

    var ein føresetnad for levemåten og busetna-den i Sogn i eldre tid, og ein livsnerve både som matfat og ferdsleåre.

    Her er ei eineståande samling av båtar frå Sogn, ein rekonstruert båtbyggjarverkstad og reiskapar for båtbygging. Dessutan finn ein tra-disjonelle fiskereiskapar og anna utstyr knytt til

    Sogn Fjordmuseum

    Billettprisar Gratis inngang

    Sjå dhs.museum.no for informasjon om opningstider.

    den gamle fjordkulturen.Ved sida av museet ligg Glaværstova, ei

    gamal skjenkestove frå Gulen, med Sogn sin eldste bar.

    Filmar frå livet på fjorden og bygging av sognebåt. Kafé.

    Musea i Sogn og Fjordane | 17

    mailto:dhs-sf%40misf.museum.no?subject=http://www.dhs.museum.no

  • Kontaktinformasjon:Adresse: 6887 LærdalTelefon: (+47) 488 64 787E-post: [email protected]: sfk.museum.no

    Sogn Kunstsenter finn du på Lærdalsøyri, i Lærdal Kulturhus saman med Norsk Villaks- senter og Laksen Kafé.

    Målaren Hans Gjesme (1904-1994) er fødd og oppvaksen i Lærdal. Gjesme tok allereie som sekstenåring til i lære hos Pola Gauguin i

    Kristiania. Seinare var han nokre månader i Paris, mellom anna som elev hjå André Lhote.

    Gjesme arbeidde i ein naturalistisk stil, med landskap og folk i Lærdal som hovudmotiv. Han budde det meste av livet sitt i Lærdal og har donert over 1500 verk til Lærdal kommune.

    Sogn Kunstsenter

    Billettprisar Billett kr 50Born (0-18 år) GratisStudent/honnør/gruppe (+3) kr 35

    Sjå sfk.museum.no for informasjon om opningstider.

    Sogn Kunstsenter huser kunsten til Hans Gjesme, men kan og syne andre utstillarar/ut-stillingar. Sjå nettside for sesongens program.

    18 | Musea i Sogn og Fjordane

    mailto:post%40sfk.museum.no?subject=http://www.sfk.museum.no

  • De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum Musea i Sogn og Fjordane | 19

  • • Din billett til 13 varierte museumsopplevingar i Sogn og Fjordane.• Passet gjev deg tilgang til interessante utstillingar, guida turar, å nyte fredelege vandringar i våre friluftsmuseum, aktivitetar og arrangement (arrangert av museet).• Passet gjeld for 1 person og du kan besøke alle våre museum ein gong innanfor kalenderåret.• Passet kjøper du ved våre museum.

    13 unikemuseumsopplevingar

    i sogn og fjordane

    Telefon: 990 94 777 | E-post: [email protected] | @museaisognogfjordane

    museumspass.no

    Billett 179,-