1
Gulen REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I SOGNDAL OG LEIKANGER KOMMUNE, ØYABREKKA GRENDAHUS, MÅNDAG 28.APRIL 2014 KL 19.30 – 21.30 Er du engasjert i eit lokalt kulturbygg, ynskjer du å styrke og utvikle aktivitet og bygg? Då er denne samlinga noko for deg. Om ”Huset i bygda” (Ingunn Nyheim, Prosjektleiar for ”Huset i bygda”) Kort om deltakarane sine hus (Deltakarane) Aktivitet og økonomi, tilskotsordningar (Ingunn Nyheim) Info frå Sogndal kommune (Aud Kari Isane, Kultursjef) Marknadsføring ; nettside, facebookside og trykksaker. (Ingunn Nyheim) Spørsmål, innspel og kommentarar tek vi undervegs. Det vert enkel servering. Kveldssamlinga er GRATIS. Målgruppe : Alle som er med å driftar eit organisasjonseigd kulturbygg ; grendahus, ungdomshus, samfunnshus, bygdahus, bedehus, lagshus, m.m. ”Huset i bygda” ynskjer å registrere kulturbygga i ein nettbasert husdatabase. Vi set stor pris på om de sender foto/info (sjå vedlegg) av kulturbygget dykkar på epost, eller tek dette med på samlinga! PÅMELDING INNAN TORSDAG 24.APRIL Send epost til : [email protected] eller send sms/ring til mobil 97 40 36 99 (Hugs å skriv namn på deltakar, namn på lag/hus og epost) www.husetibygda.no og sjå facebooksida til ”Huset i bygda” Om ”Huset i bygda” : Gjennom prosjektet ”Huset i bygda” skal vi løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane, slik at dei vert hus for framtida. Kulturbygga skal bli styrka som sosial møtestad, som arena for utøving av kulturaktivitetar og andre aktivitetar for positiv utvikling av lokalsamfunnet. Gjennom prosjektet vil vi gje dei som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape framtidsretta kulturbygg. Dette vil skape auka kulturaktivitet og samhald i bygdene. I dag er det få, utanom huseigarane, som kjenner eit overordna ansvar for ungdomshusa, bygdahusa, samfunnshusa, grendahusa og andre organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. ”Huset i bygda” er eit nyskapande, dristig og samfunnsbyggjande prosjekt, og er eit vesentleg og nødvendig bidrag i

Gulen

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Gulen. REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG I SOGNDAL OG LEIKANGER KOMMUNE, ØYABREKKA GRENDAHUS, MÅNDAG 28.APRIL 2014 KL 19.30 – 21.30 Er du engasjert i eit lokalt kulturbygg, ynskjer du å styrke og utvikle aktivitet og bygg? Då er denne samlinga noko for deg . - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

Page 1: Gulen

Gulen

REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG

I SOGNDAL OG LEIKANGER KOMMUNE,

ØYABREKKA GRENDAHUS, MÅNDAG 28.APRIL 2014 KL 19.30 – 21.30

Er du engasjert i eit lokalt kulturbygg, ynskjer du å styrke og utvikle aktivitet og bygg? Då er denne samlinga noko for deg.

• Om ”Huset i bygda”

(Ingunn Nyheim, Prosjektleiar for ”Huset i bygda”)

• Kort om deltakarane sine hus (Deltakarane)

• Aktivitet og økonomi, tilskotsordningar (Ingunn Nyheim)

• Info frå Sogndal kommune (Aud Kari Isane, Kultursjef)

• Marknadsføring ; nettside, facebookside og trykksaker. (Ingunn Nyheim)

Spørsmål, innspel og kommentarar tek vi undervegs.Det vert enkel servering. Kveldssamlinga er GRATIS.

Målgruppe : Alle som er med å driftar eit organisasjonseigd kulturbygg ; grendahus, ungdomshus, samfunnshus, bygdahus, bedehus, lagshus, m.m.

”Huset i bygda” ynskjer å registrere kulturbygga i ein nettbasert husdatabase. Vi set stor pris på om de sender foto/info (sjå vedlegg) av kulturbygget dykkar på epost, eller tek dette med på samlinga!

PÅMELDING INNAN TORSDAG 24.APRILSend epost til : [email protected] eller send sms/ring til mobil 97 40 36 99(Hugs å skriv namn på deltakar, namn på lag/hus og epost)

www.husetibygda.no og sjå facebooksida til ”Huset i bygda”

Om ”Huset i bygda” :

Gjennom prosjektet ”Huset i bygda” skal vi løfte fram og styrke dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane, slik at dei vert hus for framtida. Kulturbygga skal bli styrka som sosial møtestad, som arena for utøving av kulturaktivitetar og andre aktivitetar for positiv utvikling av lokalsamfunnet.

Gjennom prosjektet vil vi gje dei som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape framtidsretta kulturbygg. Dette vil skape auka kulturaktivitet og samhald i bygdene.

I dag er det få, utanom huseigarane, som kjenner eit overordna ansvar for ungdomshusa, bygdahusa, samfunnshusa, grendahusa og andre organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane.

”Huset i bygda” er eit nyskapande, dristig og samfunnsbyggjande prosjekt, og er eit vesentleg og nødvendig bidrag i utviklinga av mange bygdesamfunn.Hovudmål

”HUSET I BYGDA – ein kulturarena der du bur -” skal skape synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Ungdomslag står bak prosjektet som starta i 2009.