16
GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker Gjennom ord blir verda stor

Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

GOD LESESTART! Tips til nynorske barnebøker

Gjennom ord blir verda stor

Page 2: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Gjennom ord blir verda stor - kampanje for meir nynorsk i barnehagen

Noregs Mållag arbeider for at barnehagane skal gje ungane eit best mogleg utgangspunkt for å lære både bokmål og nynorsk. Gjennom lokallaga våre tek vi no eit krafttak for nynorsken retta mot ungane i barnehage over heile landet

Finst det ein betre måte å bli kjend med nynorsken enn gjennom gode lese-opplevingar? Det finst mange gode nynorske barnebøker som berre ventar på å bli lesne!

Dette er ein del av ein kampanje for nynorsk i barnehagen. Vi ynskjer å syne noko av den moderne nynorske barnebokskatten, i tillegg til å gje nokre tips om korleis du kan finne fram vidare.

Dette er bøker både ungane og kritikarane elskar. Bøker som kan gje ungane ein god start på lesinga. For berre det beste er godt nok for ungane våre! God lesestund!

Beste helsing Mållaget

Page 3: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

For dei minste

Påls potte Av Barbro Lindgren og Eva Eriksson (ill.)Samlaget Dette er historier for dei aller minste. Pål må gjere mange ting for fyrste gong. Og det er ikkje alltid like lett å sitje på potte, bade eller låne bort smokken sin. Men saman med hunden Vovven kan Pål klare litt av kvart. Det er laga fem bøker om Pål.

Bø og bæ Av Olof og Lena LandströmSamlaget Til saman finst det sju bøker om sauene Bø og Bæ. Når dei skal ordne noko, blir det oftast ugreitt. Dei blir forundra, men til slutt ordnar det seg likevel – utan at Bø og Bæ heilt veit korleis det har gått til. Desse sauene er det lett å like.

Endelig regn! Av Camilla LundstenSamlaget Dette er heilt ferske bøker i ein sjarmerande peikebokserie om Veslefanten, Makkus og Kanina. Desse bøkene vil bli mange born og foreldres favorittar. Tre nye bøker er klare: Endelig mat!, Endelig god natt! og Endelig fest!.

Page 4: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Torbjørn IsbjørnAv Titus Kodzoman og Anne AngelshaugSkald Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire lab-bar, to søte små øyre og likar å symje i havet, er det noko som ikkje er som det skal vere. Ei humoristisk bok om identitet, om å høyre til og om å vere litt annleis.

Gabba gabba hey!Av Frode Grytten og Gry Moursund (ill.)Samlaget Boka handlar om Knut som er livredd for tivoli. Men kva gjer du når du har ein far som elskar tivoli? Kva gjer du når far din har ein einaste ting i hovudet: tivoli. Dette er eit fyrverkeri av ei bok, som både fedrar og søner, tivoli-elskarar og tivolihatarar kjem til å elske.

Finn! Av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar MøklebySamlaget

Pappaen til Finn seier at tog berre kan gå på skinner. Finn veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at alt går an. Han veit at toget hans kan gå kvar det skal vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den aller beste tingen.

For dei minste

Page 5: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Karl Oscar i hardt vêr Av Eli Kari Gjengedal og Ingunn Elida Wiken (ill)Skald Brått tek ein kastevind tak i katten Karl Oscar og slengjer han langt av stad. Han brukar eit heilt år på å finne vegen heim. Ei morosam og annleis vêrbok skriven av Eli Kari Gjengedal, kjend som vêrdame på TV2.

HimmelspringarenAv Sissel HorndalmangSchou På ein gard blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Men utpå sommaren får Gammelsauen dra til fjells, og Lilla får bli med. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2008.

Jakob og Neikob Av Kari StaiSamlaget Jakob og Neikob er to gode vener som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For medan Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Fekk Kulturdepartementet sin debutantpris i 2008.

Flekkmonsteret bygger harefelle Av Hallgeir Opedal og Per Dybvig (ill) Samlaget

Ein dag finn det vesle Flekkmonsteret ut at han vil byggje ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, men kvar blir det av haren? Og kvifor ristar jorda slik?

Også som lydbok!

Page 6: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

HaustvrimlebokAv Rotraut Susanne BernerSamlaget

Det er spennande oppdagingsreiser for biletlesaren – som kan følgje kvar person frå bilete til bilete og sjå kva som skjer i Vrimleby. Bileta vrimlar av detaljar, men er samtidig klåre og tydelege, i sjarmerande og fargeglad teiknestil. Bøker som barn kan sitje med i lange stunder og stadig oppdage noko nytt. Her finst bøker om vinter, vår, sommar og haust, i tillegg til ei eiga natt-vrimlebok.

Prikk og Flekk ser stjernerAv Lotta GeffenbladmangSchou

Lotta Geffenblad har skapt eit sjarmerande univers der innbyggjarane er dei to artige kaninane Prikk og Flekk. Dei er til å bli forelska i. I dei fem bøkene som er komne på norsk, får vi vere med i ulike små forteljingar som både er spanande, artige og uventa. Her finst det ei heil verd å utforske.

Frosken og skatten Av Max VelthuijsSamlaget

Dette er bøkene om den populære Frosken og venene hans. Frosken er ein fyr det er lett å like, og både små og store kan kjenne seg att i situasjonane i bøkene om Frosken. Korleis er det å bli kjend med ein ny ven, å finne ut kva som gøymer seg i skogen eller å bli forelska? Går også på NRK Super som tv-serie.

For dei minste

Også som lydbok!

Page 7: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Den kjempestore småstilige DustefjertbokaAv Rune Belsvik cappelen Boka inneheld alle dei seks historiene om Dustefjerten og venene hans frå det vesle landet ved bekken. Det vesle landet er ein plass for små hendingar og store tankar. Bøkene om Dustefjerten er moderne klassikarar.

Pablo møter naboane Av Hannah Giffard nRk aktivum Vi kjenner igjen revane frå NRK Super. Dei tre små revekvalpane Pablo, Rita og Rusken vil finne ut korleis det er å leve med menneska. Så dei legg i veg for å spørje katten Muskin, og undervegs utforskar dei kjøleskåpet, leikar i sofaen og flyktar frå eit skummelt udyr. Det er også kome ei bok som heiter Pablo går på jakt.

Eg vil ha middagen min! Av Tony RossnRk aktivum

Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen min! vil ho ha både det eine og det andre, og lærer seg å seie takk. Tony Ross tek utgangspunkt i situasjonar un-gane kjenner seg att i, og formidlar dei med masse sjarm og humor. Ikkje merkeleg at bøkene om Vesle Prinsesse har klassikarstatus i Storbritannia og er omsette til mange språk. I tillegg finst boka Eg vil heim!.

Også som lydbok!

Page 8: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Godnattboka Skald Dette er den fyrste godnattboka med berre nynorske forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skriben-tar og debutantar. Boka er gjennomillustrert og har fått strålande kritikkar. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2007.

Eventyrboka Skald

Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen? Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei fyrste eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert eventyra meir avanserte.

Farvel, Rune Av Marit Kaldhol og Wenche Øyen (ill.)Samlaget Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd. Sara leikar ved dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar, og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette, sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis ho klarar å leve vidare.

For dei litt Eldre

Også som lydbok!

Page 9: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Tonje Glimmerdal Av Maria Parr og Åshild Irgens (ill.)Samlaget Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen.Tonjes besteven er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to venene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyri si bok Heidi og ikkje minst Astrid Lindgren sitt univers. Boka fekk i 2009 Bragepris, Kritikarpris og Nynorsk barnelit-teraturpris.

VaffelhjarteAv Maria Parr og Bo Gaustad (ill.)Samlaget

Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevenen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevenen til Lena Lid. Boka følgjer to svært oppfinnsame niåringar gjen-nom liv og vaffelrøre eit heilt år. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2005.

Også som lydbok!

Også som lydbok!

Page 10: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Den vesle stavkyrkjeboka Av Reidar Solberg, Björk Bjarkadottir og Grete LettingSkald

Bli med på ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då stavkyrkjene vart bygde. Saman med den grøne draken kan du finne mange løyndommar under golvet, på taket, i veggene og i bakken.

Raudt, blått og litt gultAv Bjørn Sortland og Lars Elling (ill.)Samlaget Boka fortel om moderne målarkunst til born. I museet opplever Oda kunsten på sin eigen måte. Ho går inn og ut av bileta, og samtalar med kunstnarane: Frå Munch og Picasso til Pollock og Andy Warhol. Kunstboka som har vekt internasjonal oppsikt og som førebels har kome ut på fransk, tysk og dansk. Boka er sjølvsagt illustrert.

Mitt atlas Av Benoît Delalandre og Jéremy ClapinSamlaget

For kvart kontinent finn du eit landskapskart, eit ut-brettkart som viser landa, ei side som viser dyrelivet og eit stort bilete frå folkelivet. Så følgjer fleire sider frå dei ulike landa på kontinentet, med byar og kjende stader og fenomen. Det følgjer med ein stor plakat med verdskartet, med ei mengd artig tilleggsinformasjon. Her er det mykje å lære for store og små!

Faktabøker

Page 11: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Klare sjøl Av Reidunn OtterdalSelja Små og store i Hornindal barnehage i Nordfjord inviterer oss med på å lage mat av det vi kan dyrke og sanke sjølve. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla er oppgjevne i kopp og skei. Rikt illustrert med foto og teikningar.

Fint å ha farav Erna Osland og Marvin Halleraker (ill.)mangSchou

Små, nydeleg illustrerte faktatekstar om farskap i dyreverda – om ulvar, fiskar og froskar som har livs-viktige omsorgsfunksjonar for ungane sine. Visste du til dømes at hyenehundar er av dei mest omsorgsfulle foreldra i dyreverda? Eller at bladhønefedrar er åleine-foreldre? Tekstane høver godt for høgtlesing.

Mitt dyreatlas Av Éric Mathivet, Benjamin Chaud og Jéremy ClapinSamlaget

Denne boka er ein fantastisk introduksjon til dyreartar på heile jorda. Visste du at oldenborren døyr berre nokre veker etter at han er ferdig utvaksen? Eller at strutse-hannen har fleire koner, men alle legg egg i same reir? Dette og mykje anna kan du lese om i det rikt illustrerte dyreatlaset.

Page 12: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Faktabøker

OrdleiksbokaAv Stina Langlo Ørdal og Olaf HusbySkald Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg, men kva med ein fallskjermjeger? Visste du at det første talet som inneheld a, er atten, det neste er milliard? Og veit du kva pesshesta er for noko? Bli med på ei opp-dagingsferd i språkverda – ei verd full av merkverdige og spennande ord og bokstavar, og ein leikeplass med over-raskingar på kvar side.

Mine små leksikon: Kroppen Av A. Vandewiele og F. de Guibert Samlaget

Har du lyst til å lære litt meir om korleis born blir til, om dyra i skogen eller livet på bondegarden? Då er Mine små leksikon midt i blinken for deg. Til no har det kome atten bøker i serien, mellom anna Dyra på savannen, Delfinar og andre kvalar, Dinosaurer, Brannmenn, På fjellet og I dyrehagen.Bøkene er rikt illustrerte og lettlesne.

Mi første blå ordbok – nynorsk Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil AurstadkunnSkapSfoRlaget Endeleg kjem denne populære ordboka frå Kunnskapsfor-laget i nynorsk utgåve. Mi første blå ordbok gjev alle born i førskulealderen ei morosam innføring i alfabet og lesing. Ordboka inneheld over 300 oppslagsord, og utvalet er kvalitetssikra av pedagogar i grunnskulen. ABC, ordbok og biletbok i eit, ein leik med bokstavar frå om lag 3 til 6 år.

Page 13: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Mi første blå ordbok – engelsk/nynorsk Clare Kirtley, Brita Engebakken og Janne OldenkunnSkapSfoRlaget

Bli med på oppdagingsferd i ei samling med 300 engel-ske ord og uttrykk. Boka gjev hjelp til born som nettopp har byrja med engelsk på skulen, og har eigne sider med uttrykk, dagar, tal og fargar. Kvart einaste ord har ein eigen illustrasjon, noko som gjer at boka òg fungerer som peike-/biletbok.

Barnas store blå ordbok – nynorsk Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil AurstadkunnSkapSfoRlaget

Ordboka inneheld over 2000 oppslagsord, frå A til Å, med stavemåte og bøyingsmønster. Kvart oppslagsord er il-lustrert, og blir forklart i enkle setningar henta frå borns kvardag. I tillegg kjem ekstrainformasjon i form av sitat, rim og synonym.

Barnas store blå ordbok – engelsk/nynorskBrita Engebakken, Emma Chichester Clark og Janne Olden kunnSkapSfoRlaget

Ordboka har same perspektiv og vinkling av det engelske språket som det skulen legg opp til. Lesaren skal oppdage gleda av å kunne forstå og praktisere eit anna språk enn norsk. I denne ordboka er oppslagsorda omsette til norsk, mens definisjonar og døme er på engelsk.

Page 14: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Det er mange som har veldig gode minne frå leseopplev-ingar som liten. No er nokre av dei mest kjende og kjære bøkene av forfattarar som Roald Dahl og Astrid Lindgren omsette til nynorsk. Dette er ein fantastisk bokskatt. Her er nokre døme:

Charlie og Sjokoladefabrikken (gyldendal)Georgs magiske medisin (gyldendal)Den store vesle boka om Barbapapa (SchibSted)Karius og Baktus (cappelen)Mio, min Mio (damm)Meisterdetektiven Blomkvist (damm)Norske folkeeventyr (Samlaget)Med tigeren og bjørnen til Panama (Samlaget)

Klassikarar Også som lydbok!

Page 15: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Songfuggel i karmen Odd NordstogaSamlaget

Ei skattkiste for alle songglade Nordstoga-fans! Songboka inneheld 40 songar av den populære artisten, alle med notar og gitargrep. Her finn du hits som “Heim te mor”, “Frøken Franzen” og “Kveldssong for deg og meg”, men også dei populære songane frå Svingen-serien på barne-tv.

Song for deg og meg Odd Nordstoga (red.)Samlaget

123 songar for førskule og barneskule på nynorsk og dialekt - dei gamle, gode norske songane, moderne viser og folkeviser, stev og stubbar, nyskrivne songar, songar til skjemt og høgtid.

Syng sjølGeirmund Johnsen (red.) meland mållag og Selja

Dette er ei songbok for born, laga saman med born og som tek born på alvor. Songane er både norske og utanland-ske, men alt er på nynorsk. Alle songane har notar og gitargrep. Eit utval av songane i boka er å finne på ein CD som born frå 6 barnehagar i Nordhordland har sunge inn saman med elevar frå musikkskulen i Meland. Syng sjøl følgjer årstidene og inneheld 114 songar.

Songbøker

Page 16: Gjennom ord GOD LESESTART! - Zetta ASfiles.zetta.no/nRk ak t i v u m Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen

Blåmann barnebokklubb / www.blamannbok.noFå nynorske barnebøker rett i postkassa!

Bokdykk.no / www.bokdykk.noNynorsk nettbokhandel.

Nynorskbok.no / www.nynorskbok.noFleire tips til gode nynorskbøker for barn. Sorter bøkene etter alder eller sjanger.

Tunkatten / www.tunkatten.noForteljingar, lydbøker, nettspel, songbok og mange andre aktivitetar.

Pirion / www.pirion.info Kulturavis for tilsette i barnehagar og skular.

Les for meg! / www.nynorsksenteret.no/lesformegNynorske animasjonsfilmar og bokstavleikar. Eigne vaksensider.

Norsk Barneblad / www.barneblad.no Verdas eldste barneblad.

Gode nettstader

Noregs Mållag Vil du vite meir om kampanjen Gjennom ord blir verda stor? Ta gjerne kontakt med lokallaget eller ring Noregs Mållag på tlf. 23 00 29 30/34 eller send e-post [email protected].

www.nm.no

Gjennom ord blir verda stor

ww

w.tdm

as.no