Upload
colby
View
74
Download
0
Embed Size (px)
DESCRIPTION
gjennom 38 aar. Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v. Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ” Humlekokeriet i Viken ” etablert. Ein har ALDRI - PowerPoint PPT Presentation
Citation preview
gjennom 38 aargjennom 38 aar
Gjennom den fyrste femårs- bolken kan ein fyrst og fremst fylje Selskaps-karane gjennom referat i ulike hyttebøker m.v.
Det fyrste utkastet til lovverk vart skrive i 1971, på om lag same tid vart kontakta med ”Humlekokeriet i Viken” etablert
Ein har ALDRIunnlate å nemne, kanskje
bortsett frå brevveksling med sjefen for
HKH Kronprinsens adjutantstab kva MÅLFØRE
og MJØDMERKJEsom skal nyt(t)ast der
Selskapskarar samlast !
Brevvære og brevark var før ’digitaltida’ ei
langsiktig investering.
Selskapskarane har difor site i dei
Umboda dei vart valde til under fyrste Generalforsamlinga
Ein hugseregel er soleis:
Umboda varer livet ut!
Når Selskapskarane
samlast til Generalforsamling
byrjar ein alltid med å synge Opningsverset
Sume gonger har ein også , når
morgonljoset har krope fram, makta
å få fram nokre spede tonar frå Slutningsverset.
Ein har jamvel bydd fram Småmeistaren til
prøvesong hjå NRK, med dei tok ikkje mot dette
storfelte tilbodet !
Selskapskarane gjorde i 1974 ein freistnad på å få noverande kong
HARALD V
Til å vera ’Vaktar’ for DNSMHOK
Framstøyten fall på steingrunn, og svaret
kom på bokmål…
Så vi er framleis våre eigne ’Vaktarar’
-Og i så langt råd er:
-Vaktarar over ’Storebror’
Under Generalforsamlinga i 1975 tok vi opp eit assosiert medlem, som etter godkjend
prøvetid –sidan har vore
GREIESTYRAR i DNSMHOK
Ein vil sjå av det tilsende brevet at ein noggrant må
dokumentera kvalifikasjonane
sine når ein søkjerUmbodinnan
Selskapet
Ei av Mjødkallen sine viktigaste oppgåver er å
halda kontakt med Humlekokeriet i Viken.
Attåt dette skal han inspisera og melde fraa om
alle nyhende på Mjødfronten.
Her er ’søknaden’ frå 1975
Svaret let ikkje vente lenge på
seg, og som vanleg var det ikkje neiord å
finna frå inspektør Birger Graarud
si penn !
Året er 1977, portoen er 100 øre, postkortet er
frå Dronningriket i Sud, men postlagt (stempla) i
Oslo.
Greiestyraren og Lovseiemannen har
vore på granskingsferd til ’Kongens By’ og røkt etter om staden kan
vera høveleg møteplass for DNSMHOK si Jubileumsfeiring
året etter.
’Det Norske Selskap’[-det opphavelege]
hadde tilhald her eit par hundreår tidlegare
OPPM(J)ODINGA1978
Selskapet fatta på GF [Generalforsamling]
Vedtak om å oppm(j)ode alle ordførarar i kommuner som har Selskapskarar busett, ’Å
lata Ringnes Mjød og –vørterdrykk FLYTA FRITT.
Vi tala truleg for dauve øyro !
Planlegginga av 10-års jubileet starta som mangt anna i ’manneflokken’
kring 9 månader før den store hendinga
I staden for å ro eller segla, tok vi kontakt med A/S Danske-båtene for å høyra kva dei hadde å by
oss
Vi godtok tilbodet deira i juni 1978
Ein ’høgst underdanig’ Smaameistar melder frå
om at han vil borda ’Danskebåten’ i Horten
Stormeistaren tek affære, og
søkjer ’Fylkesmannen i
Vestfold’ om tidsavgrensa
utsleppsløyve for
Smaameistaren
Fylkesmannen ser alvoret i saka, og
gjev løyve
til og med UTAN
kvantumsgrense
– mot at Smaameistaren
’fær fram gjennom fylket
med vit og lempe’
Då eit par av Umbodshavarane er i militærteneste, set
Greiestyrar og Tjeldmeistar kreftene inn på å få
permittert dei – i samband med turen til Kaupenhamn.
For Runemeistaren sin del fører dette til at troppsjefen hans
vert kontakta frå Forsvarsleiinga på Akershus
Festning
Ljodmeistaren søkjer permisjon….
På permisjonssetelen står ’raudt på kvitt’
”Innnvilges ikke !”
Så vidt eg hugsar var Ljodmeistaren tilstades heile
Jubileumsferda !
Kanskje kompanisjefen ikkje brukte kuleramma
denne helga ?
Kjenslejunkaren melde avbod,
men var likevel tilstades – både under
inspeksjonen av Humlekokeriet, og
vidare nedover Skagerak.
Han heldt strengt
oppsyn med ’Kjenslone’ under heile
’Kransferda til Kaupenhamn’
Lovseiemannen tok i god tid før Kransferda kontakt med Ambassaden i Kaupenhamn
for å varsku dei kva slag storhende som skulle bli
Danane til del.Presseattacheen med make
vart invitert til Lunsjen vi skulla ha hjå Madam Juel’s i Sværtestrætet nummer sju.
Vi fekk nokre dagar etter orsakingsbrev frå ambassaden – litt
desorientert på kva land han eller vi haddde vitja tykkjest
han vera ut frå svaret.
[Og etter all ’Vin ad libitum’ på båten er stormeistaren redd for at vi ikkje synte oss frå vår beste side – Hell i uhell !]
Sidan vi skulle leggje ned ein blomekrans med norske
fjellbygdsplanter under feiringa i Kaupenhamn,
fann vi det rettast å søkje
’Statens Planteinspeksjon’ om utførsleløyve
Ein kan aldri vita kva Skjællendske tolltenestemenn
kan finna på når nordmenn strøymer ut til Kvæsthusbroen
– og bær med seg både ”Kjerringris, brisk,
kræklinglyng og fjellbjørklauv”.
Kransen, laga hjå gartnar Steindebakken på Fagernes, hamna sidan ved føtene til
H C Andersen
Olav Drivenes ved Statens Planteinspeksjon sende oss så det BESTE
svarbrevet vi har motteke gjennom all tid!
Noko utførsleløyve var ikkje nødvendig, men han
utstyra oss med eit ’phytosanity certificate’
som burde berga kransen gjennom sjølv dei minste
EF-nålauge
Til sist gjer han Selskapskarane
merksame på at kransen har ein mangel – Det er ikkje noko
’Filipendula Ulmaria’ å finna ioppskrifta !
Å samla inn pengar av deltakarane framfor bilettluka
fann vi å måtte unngå.Med hjelp av Ærestilvist Offiser
/ banksjef i Vestre Slidre Sparebank fekk vi ein likvid
medel stor kr. 10.300,-.
Dette vart betalt attende 18/9-1978, slik avtalen lydde !
Ein tok før Jubileumsferda kontakt med den 4. statsmakta for å gi dei høve til å få meir opplysningar om
DNSMHOK.
Ein tillyste ’Bladmannsamrøde’
på lokalet merkt ”Karar” på Etna Stasjon klokka
02.55 måndag 11/9(men ingen frå Selskapet møtte fram)
Så vidt vi veit, hadde både ’Oppland Arbeiderblad’ og
’Sogningen/Sogns Avis’ teke inn pressemeldinga vår.
Selskapslovi § 3 1.punktum slær fast at berre KARFOLK
kan vera medlemmer i Selskapet.
Greiestyraren ottast at vi skulle få vanskar med den nye ”Jamstellingslovi”, og
sende ein søknad om varig fritak til Departementet.
Underskrivaren til det vyrde Departement, Audun Edvardsen,
er vel den einaste som med reine ord har stempla oss som
UDUGELEGE.
Vi vil tru at han ser på seg sjølv som svært dugande !
Humørlause Byråkratar !!
Myntslagaren tok eit alvorleg tak for å betra ’Myntonomisk Stode’
og sende ein søknad om kulturmidlar til Oppland
fylkeskommune
[ etter ’Rekneskapen’ å døma, er Myntslagaren ein god diktar ! ]
Vedtaket i fylkeskommunen vart som venta, og
Myntslagaren finn det ikkje eingong turvande å sjenka
dei noko ’Budsjett’.- Dette hadde han gløymt å
dikta opp då han ’utarbeidde’ rekneskapen.
”Stova åt Majoren”(Majorstua)
Under ei samling i Årdal våren 1978 fann ein å måtte
rette ymse spursmål til Rikskringkastingi.
Mjødkallen sette ord på tankane til dei frammøtte, og
skikka eit brev i veg.
Kristian Øgrim i NRK tykkjer brevet er ’underleg’.
Han sender tilbodet om å frigi Småmeistaren til ’Prøvesong’
vidare til Underhaldningsavdelinga,
som skjønar sitt eige beste – dei let Småmeistaren synge i
eigen heim !
I 1979 har Selskapet Generalforsamling på
Grindaheim Hotell.Her på ’heimebanen’ fortel
Greiestyraren om dei stygge utsegnene som
kjem frå ’Statssekretærutvalet’
Dei har meint å ’tappa kaldvatn på Pilsflaskene’!
Med sterk innsats frå Greiestyreren vert kvelden
vellukka og aktiviteten i DNSMHOK aukande i arbeidsbolken 1980
Greiestyraren hadde ei lang brevveksling med ’Folkeaksjonen
for Pilsen’,Ikkje minst med
’Rotestyrar’ Helge Wettre
(Umbodstitlane våre er smittsame, ser det ut for )
Rotestyraren er på språkleg vikande grunn, og vel å sende attpartar både til Noregs Mållag
og Rigsmaalsforeningen
Ei vidare brevveksling med Folkeaksjonen
Kunne Greiestyraren senda Stormeistaren og
Lovseiemannen avgarde til ’Engebret’
på bankplassen for å få ei møtestund saman
med ’Folkeaksjonistane’
Stormeistaren tek mot ’Den Gylne Seidel’ på vegne av DNSMHOK
Same Ættnamnmen
ulikt syn på Mjød
Helsing frå Selskapet ved
Generalforsamling1980
’Vi kan i det minstefå eit svarbrev’
(Ljodmeistar Eivind Røyne)
I 1993 runda DNSMHOK 25-årsmerket, og
Umbodshavarane samlast.
Ved dette høvet fann ein det turvande å fortelje
Humlekokeristyresmaktene at ein var lite nøgd med at
dei la ned lager/distribusjon i Valdres,
og istaden flytta dette til Hallingdal.
Te
Selskapet rår i alle fall over eit tosifra beløp i Vestre Slidre Sparebank Myntslagaren seier i april 2006:
Kan stutt nemna at den myntonomiske stoda i selskapet nett no er sers stabil, då banken ikkje
har lagt til renter dei siste åra!
3. juni 2006 samlast vi til ’Vårslepp på Valdres Folkemuseum
Vi let
Selskaps-hymnen
slutta
dette stutte oversynet om ein underleg blom i blant
norske Organisasjonar