4
Februar 2018 • nr. 1 2017 HAR PÅ mange måtar vore eit godt år for oss i Vestskog. I 2016 melde om omsetningsrekord med 397 812 kbm omsa tømmer, noko som var rekord! Men den stod ikkje lenge, for I 2017 kjøpte Vestskog 421.499 kbm tømmer frå Vestlandsskogane! Skogsamvirket på Vestlandet kom med det over 400 000 kbm tømmer i omsetjing for første gong. Aukande marknadsandel og tømmerprisar – også inn i 2018! Det som er like gledeleg for skogsamvirket er at vår auke i aktivitet har skjedd samstundes som totalak- tiviteten har gå ned. Ved utgangen av november 2017 var det i “våre” fylker (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) til saman målt inn 554 500 kbm, mot 578 500 kbm for same periode I 2016. Vestskog sin marknadsandel gjekk opp frå 64 % for heile 2016 til 73 % pr 30.november 2017. Samstundes er det også li pussig at aktiviteten har gå ned, all den tid tømmerprisane har auka i 2017. Gjennomsnisverdien på Vestskog si løpande månadlege tømmerkjøp har auka frå 290-300 kr/ kbm i januar-februar 2017 til 330-340 kr/kbm i oktober-november! For 2018 er prisbiletet på tøm- mer også svært godt, med oppgang på 65 kr/kbm for massevirke frå 1.januar! Truleg vil også sagtøm- merprisane auka frå årsskiſtet, men i skrivande stund er det ikkje endeleg avklart med kor mykje dei vil auka. Leveringsvilkåra for tømmer frå vestlands- skogane gjev difor svært gode føresetnader for god aktivitet i året som kjem. 2017 var året me kom i “normalt” gjenge Dei siste åra har for skogsamvirket på Vestlandet vore “unormale”. Store vindfallkatastrofar med påfølgande oppryddingar, krevjande massevirkemarknad og samanslåing har vore med på å skapa ekstraarbeid for organisasjonen utover det som ein finn i ein “normal- situasjon”. I løpet av 2017 har svært mykje “kome på plass” i Vestskog, og me går inn i 2018 betre rusta enn me kom inn i 2017. Vestskog si tømmerlager ved bil- veg (ei langvarig hovudpine for alle involverte) gjekk ned frå 40 000 kbm ved starten på året til 12 000 kbm ved utgangen av november. Dee har ført til at tøm- meret vert henta og målt ferdig tidlegare og driſter vert avslua raskare enn før, til gode for både skogeigar, Vestskog, entreprenør og transportør. Planavdelinga til Vestskog har fornya seg i 2017 med fleire nye medarbeidarar, noko som har styrka vår kompetanse på bruk av digitale løysingar og effektivt arbeid. Me har også sa av betydelege res- sursar på planavdelinga til å arbeida med frivillig vern og anna konsulentverksemd. Ved inngangen til 2018 utgjer forretningsområdet frivillig vern nesten to årsverk, og me skaper faktisk store verdiar for grunneigarar på Vestlandet ved at dei får betalt for vern av skog i områder der skogsdriſta er relativt marginal. Strukturen fastlagd i fusjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog frå 2015 vart fullt ut implementert i 2017. Dei første dagane i 2018 flya ein inn i det nye hovudkontoret I Landbrukstunet på Kokstad I Bergen, der Vestskog sine 6 medarbeidarar ved hovudkontoret har kon- torfellesskap med Hordaland Bondelag og Norsk Landbruksrådgjeving. Vestskog utviklar skogbruket på Vestlandet! Som den einaste medlemsorganisasjonen for sko- geigarar på Vestlandet må Vestskog ta ei rolle når det gjeld utvikling av skogbruket på Vestlandet, og det gjer me også. Det har bli bygd og er under planleg- ging tømmerkaiar for nesten 200 millionar kroner i våre fylker. Vestskog har vore delaktig i samtlege av desse prosjekta. I nokon prosjekt er me ein partnar i prosessen fram til realisering av kaiprosjekt medan i andre prosjekter er me aktivt inne som eigar og (som einaste aktør i tømmeromsetninga her vest) skyt inn pengar i kaiar. Når dei siste prosjekta som no er under planlegging er ferdig utbygd reknar me med å ha skote inn opp mot 10 millionar kroner i utbygging av tømmerkaiar på Vestlandet. Her vest har me ein dårleg infrastruktur både på offentlege og private vegar, og gir oss ein konkur- ranseulempe på mange titals kroner pr kubikkmeter tømmer. Vestskog har engasjert seg i arbeidet med oppskriving av offentlege vegar, både til 24 meter lange vogntog men også frå 12,4 til 19,5 m (slik at ein kan køyra med vogntog I det heile ta). Gjennomslaget har fram til no vore begrensa og me vurderer korleis me kan gjennomføra eit taktskiſte i dee viktige påvirkningsarbeidet. Me tar også på alvor utfordringa med at delar av granskogen på Vestlandet vert hogd tidleg, og at det vert planta for lite eer hogst. Vestskog har vedteke ein policy for vår vurdering av hogstmodenheit, med krav til vår rådgjeving rundt hogst og dokumentasjon av denne dersom me meiner at skogen er for ung til å vera hogstmogen. Me har også som ambisjon å auka andelen driſter der det vert planta eer hogst, og å sikra best mogeleg resultat på det som vert planta. Skogbruket på Vestlandet har mykje unikt ved seg og byr på mange moglegheiter og utfordringane. Me i Vestskog har lagt bak oss eit år som gjer oss i betre stand til å utnya moglegheitene og overvinna utfordringane! Prisoppgang for mas- sevirke fra 1. Januar Vinteren og våren 2018 betaler Vestskog de høyeste massevirkepriser på veldig lenge. FOR FERSK PRIMA massevirke av Gran – Sitka – Furu – Edelgran – Douglas – Hemlock – Lerk – Bjørk betaler Vestskog kr 260,- pr. m 3 . For sekunda massevirke og tørt virke av Gran – Sitka – Furu – Edelgran – Douglas – Hemlock – Lerk betaler Vestskog kr 210,- pr. m 3 . For blandingslauv (alle lauvtreslag) betaler Vestskog kr 210,- pr. m 3 . De oppgitte prisene gjelder for virke som meldes transportklart etter den 1.januar og er inkl. andelseiertillegg. Året 2017 for oss i Vestskog OPPSUMMERING Vestskog hadde rekordomsetning av tømmer også i 2017, og har opplevd både aukande marknadsandelar og aukande tømmerprisar til skogeigarar. Etter fleire ekstraordinære år har me endeleg kome i “normalt” gjenge og me tar ansvar for og utviklar skogbruket på Vestlandet. av Kjetil Andrè Rødland

Februar 2018 • nr. 1 - vestskog.no · organisasjonen utover det som ein finn i ein “normal-situasjon”. I løpet av 2017 har svært mykje “kome på plass” i Vestskog, og

Embed Size (px)

Citation preview

Februar 2018 • nr. 1

2017 HAR PÅ mange måtar vore eit godt år for oss i Vestskog. I 2016 melde om omsetningsrekord med 397 812 kbm omsatt tømmer, noko som var rekord! Men den stod ikkje lenge, for I 2017 kjøpte Vestskog 421.499 kbm tømmer frå Vestlandsskogane! Skogsamvirket på Vestlandet kom med det over 400 000 kbm tømmer i omsetjing for første gong.

Aukande marknadsandel og tømmerprisar – også inn i 2018!Det som er like gledeleg for skogsamvirket er at vår auke i aktivitet har skjedd samstundes som totalak-tiviteten har gått ned. Ved utgangen av november 2017 var det i “våre” fylker (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) til saman målt inn 554 500 kbm, mot 578 500 kbm for same periode I 2016. Vestskog sin marknadsandel gjekk opp frå 64 % for heile 2016 til 73 % pr 30.november 2017. Samstundes er det også litt pussig at aktiviteten har gått ned, all den tid tømmerprisane har auka i 2017. Gjennomsnittsverdien på Vestskog sitt løpande månadlege tømmerkjøp har auka frå 290-300 kr/kbm i januar-februar 2017 til 330-340 kr/kbm i oktober-november! For 2018 er prisbiletet på tøm-mer også svært godt, med oppgang på 65 kr/kbm for massevirke frå 1.januar! Truleg vil også sagtøm-merprisane auka frå årsskiftet, men i skrivande stund er det ikkje endeleg avklart med kor mykje dei vil auka. Leveringsvilkåra for tømmer frå vestlands-

skogane gjev difor svært gode føresetnader for god aktivitet i året som kjem.

2017 var året me kom i “normalt” gjengeDei siste åra har for skogsamvirket på Vestlandet vore “unormale”. Store vindfallkatastrofar med påfølgande oppryddingar, krevjande massevirkemarknad og samanslåing har vore med på å skapa ekstraarbeid for organisasjonen utover det som ein finn i ein “normal-situasjon”. I løpet av 2017 har svært mykje “kome på plass” i Vestskog, og me går inn i 2018 betre rusta enn me kom inn i 2017. Vestskog sitt tømmerlager ved bil-veg (ei langvarig hovudpine for alle involverte) gjekk ned frå 40 000 kbm ved starten på året til 12 000 kbm ved utgangen av november. Dette har ført til at tøm-meret vert henta og målt ferdig tidlegare og drifter vert avslutta raskare enn før, til gode for både skogeigar, Vestskog, entreprenør og transportør. Planavdelinga til Vestskog har fornya seg i 2017 med fleire nye medarbeidarar, noko som har styrka vår kompetanse på bruk av digitale løysingar og effektivt arbeid. Me har også satt av betydelege res-sursar på planavdelinga til å arbeida med frivillig vern og anna konsulentverksemd. Ved inngangen til 2018 utgjer forretningsområdet frivillig vern nesten to årsverk, og me skaper faktisk store verdiar for grunneigarar på Vestlandet ved at dei får betalt for vern av skog i områder der skogsdrifta er relativt marginal. Strukturen fastlagd i fusjonsavtalen mellom Sogn og Fjordane Skogeigarlag og Vestskog frå 2015 vart fullt ut implementert i 2017. Dei første dagane i 2018 flytta ein inn i det nye hovudkontoret I Landbrukstunet på Kokstad I Bergen, der Vestskog sine 6 medarbeidarar ved hovudkontoret har kon-torfellesskap med Hordaland Bondelag og Norsk Landbruksrådgjeving.

Vestskog utviklar skogbruket på Vestlandet!Som den einaste medlemsorganisasjonen for sko-geigarar på Vestlandet må Vestskog ta ei rolle når det gjeld utvikling av skogbruket på Vestlandet, og det gjer me også. Det har blitt bygd og er under planleg-ging tømmerkaiar for nesten 200 millionar kroner i

våre fylker. Vestskog har vore delaktig i samtlege av desse prosjekta. I nokon prosjekt er me ein partnar i prosessen fram til realisering av kaiprosjekt medan i andre prosjekter er me aktivt inne som eigar og (som einaste aktør i tømmeromsetninga her vest) skyt inn pengar i kaiar. Når dei siste prosjekta som no er under planlegging er ferdig utbygd reknar me med å ha skote inn opp mot 10 millionar kroner i utbygging av tømmerkaiar på Vestlandet. Her vest har me ein dårleg infrastruktur både på offentlege og private vegar, og gir oss ein konkur-ranseulempe på mange titals kroner pr kubikkmeter tømmer. Vestskog har engasjert seg i arbeidet med oppskriving av offentlege vegar, både til 24 meter lange vogntog men også frå 12,4 til 19,5 m (slik at ein kan køyra med vogntog I det heile tatt). Gjennomslaget har fram til no vore begrensa og me vurderer korleis me kan gjennomføra eit taktskifte i dette viktige påvirkningsarbeidet. Me tar også på alvor utfordringa med at delar av granskogen på Vestlandet vert hogd tidleg, og at det vert planta for lite etter hogst. Vestskog har vedteke ein policy for vår vurdering av hogstmodenheit, med krav til vår rådgjeving rundt hogst og dokumentasjon av denne dersom me meiner at skogen er for ung til å vera hogstmogen. Me har også som ambisjon å auka andelen drifter der det vert planta etter hogst, og å sikra best mogeleg resultat på det som vert planta. Skogbruket på Vestlandet har mykje unikt ved seg og byr på mange moglegheiter og utfordringane. Me i Vestskog har lagt bak oss eit år som gjer oss i betre stand til å utnytta moglegheitene og overvinna utfordringane!

Prisoppgang for mas-sevirke fra 1. JanuarVinteren og våren 2018 betaler Vestskog de høyeste massevirkepriser på veldig lenge.

FOR FERSK PRIMA massevirke av Gran – Sitka – Furu – Edelgran – Douglas – Hemlock – Lerk – Bjørk betaler Vestskog kr 260,- pr. m3. For sekunda massevirke og tørt virke av Gran – Sitka – Furu – Edelgran – Douglas – Hemlock – Lerk betaler Vestskog kr 210,- pr. m3. For blandingslauv (alle lauvtreslag) betaler Vestskog kr 210,- pr. m3. De oppgitte prisene gjelder for virke som meldes transportklart etter den 1.januar og er inkl. andelseiertillegg.

Året 2017 for oss i Vestskog O P P S U M M E R I N G

Vestskog hadde rekordomsetning av tømmer også i 2017, og har opplevd både aukande marknadsandelar og aukande tømmerprisar til skogeigarar. Etter fleire ekstraordinære år har me endeleg kome i “normalt” gjenge og me tar ansvar for og utviklar skogbruket på Vestlandet.

av Kjetil Andrè Rødland

Her er en oversikt over kommende valgkrinsmøter som skal avholdes i 2018. En fra styre eller administrasjonen i Vestskog vil være til stedet og lede møte.

MØTENE STARTER KL. 19.00, men man kan få gjøre tilpasninger om dette skulle være ønskelig.Møtelokaler står Vestskog for, samt kostnader for

servering. De lokale skogeierlagene kan få avholde sitt årsmøte i tilknytning til valgkretsmøte. Om dette er ønskelig ber vi om tilbakemelding på dette

slik at vi kan få ordnet med lokalet. Vestskog beta-ler ut en godtgjørelse til alle lokallag som avholder og innrapporterer årsmøte, samt stiller med minst en representant på valgkretsmøte. For å innrap-portere årsmøte, gå til Vestskog sin hjemmeside. Godtgjørelsen er som tidligere år på 5000 kr.

O R G A N I SA S J O N

Valmøte 2018

Indre Nordfjord Stryn Hotel 08.03.18 Hornindal Stryn Vikane

Ytre Nordfjord Nordfjord Hotel 13.03.18 Eid/Vågsøy Gloppen Bremanger

Sunnfjord Sunnfjord Hotel 14.03.18 Førde Naustdal Jølster Gaular Flora

Ytre Sunnfjord Kaia pub og restaurant 15.03.18 Fjaler Begynner kl. 1930 Askvoll Hyllestad

Midtre Sogn Kviknes Hotel 15.03.18 Vik Balestrand

Indre Sogn Sogndal Choice 20.03.18 Sogndal/Leikanger Luster Årdal

Ytre Sogn Brekkestranda Fjordhotel 21.03.18 Kyrkjebø Gulen Masfjorden

Nordhordland Smits møtelokale 22.03.18Nordhordland

Midthordland Bjørkheim 22.03.18Osterøy Midthordland

Voss Park Hotel, Voss 08.03.18 Vaksdal/Modalen Voss

Indre Hardanger Hardanger Folkemuseum Utne 13.03.18 Ulvik Granvin Indre Hardanger

Ytre Hardanger Hatlestrand Ungdomshus 14.03.18 Kvam Ytre Hardanger Søre Kvinherad

Sunnhordland Stord Hotel 15.03.18 Tysnes Stord Fitjar/Austevoll Bømlo Haugalandet Nedstrand Bygdehus 15.03.18 Haugalandet Sveio

Nord-Rogaland Landbrukets hus Ølen 20.03.18 *begynner kl 19.30 Etne Vindafjord

Indre Ryfylke Ryfylke Fjordhotel 21.03.18 Sauda Suldal

Ytre Ryfylke Høyland Gard 22.03.17 Hjelmeland/Finnøy Strand/Forsand

Sør-Rogaland Helleland landbrukessenter 08.03.17 Bjerkreim Eigersund Lund Sokndal

ValkrinsSkogeigarlag

ValkrinsSkogeigarlag

Møtestad MøtestadDato Dato

Vestskog SA

01

O R G A N I SA S J O N

E R FA R I N G

Vestskog har i november 2017 hatt besøk av 10 klassingen Erling Lien frå Ølen. Han hadde lyst å læra meir om skogbruk, derfor valde han å vera med oss i arbeidsda-gane sine. Når ein går i 10 klasse, har ein 3 dagar om hausten til utplassering på ein arbeidsplass. VESTSKOG SA HAR tilsett Nina Lilleeng frå

Elverum som ny skogbruksleiar i Bergen, Nordhordland og Ytre Sogn. Nina har Master i Skogfag ( 2017 ) frå Norges miljø- og biovi-tenskapelige universitet, Ås. Ho tok til i stillinga 18. desember i 100 % stilling og vil ha kontor i Bergen. Avtroppande skogbruksleiar Lage Lundeberg Aas vil operere i området ut januar 2018, før han startar opp som skogbruksleiar i Indre Hordaland med kontorstad Voss.NINA KAN KONTAKTAST på e-post: [email protected] og på telefon 97616568.

Ny skog-bruksleiar i Norhordland og Ytre Sogn

ERLING HAR FÅTT vera med på både kontorarbeid inne, og arbeid ute i felten. Ein dag var det plan-ting av klimaskog i Tysvær kommune som stod på dagsorden. Her var Erling med skogbruksleiar Njål Søndenå og Skogsjef Jan Erik Larsen ute på planlegging. Dei såg på områder som kan vera aktuelle til planting av klimaskog.

EI SYNFARING TIL to avslutt a drift er i Etne kom-mune, stod på programmet. Her fekk Erling vera med å sjå på korleis det skal ryddast opp ett er ein

Av Ruben Bøtun.

av Inga Øverland Apelandhogst. Hogst avfall skal ikkje ligga i bekker eller grøft er, er der turstiar på eigedommen skal desse vera rydda ett er hogst. Eventuelle køyrespor skal reparerast og alt skal vera rydda når entreprenør forlèt eigendommen. Det skulle også planleggast ei ny drift i Etne kommune. Her var det vurdering av kor stor vel-teplass ein burde ha til denne hogsten. Veg inn til velteplassen og kor ein skulle bygga snuplass for vogntog. Inne på kontoret til Vestskog i Ølen fekk

Erling sjå korleis ei innmelding blir registrert. Korleis ein sender ut ordrar til tømmerbilane, slik at sjåføren veit kva han skal køyra på kai. Bestilling og planlegging av båtar, kva tømmer som skal til eksport og kva som går innanlands. Kaiskisser og oversikt på kva sortiment som ligg på kai må lagast, slik at rett tømmer kjem til rett kjøpar. Eit besøk ute på velteplass i Vikedal, slik at Erling kunne få sjå på dei forskjellige kvalitetane i ein granhogst. Lasting av tømmerbilen, og sjølv-sagt ein tur med Ørjan i Gangstø Transport ned til Søndenåneset tømmerkai. Her var der snart full kai til ny tømmerbåt. Me på kontoret her i Ølen syns det var veldig kjekt å få med oss ein ungdom, som kunne ten-kja seg å satsa på ei framtid i skogbruket, desse dagane. Der er mange forskjellege arbeidsope-rasjonar som skal til frå hogst og fram til tøm-merstokken er blitt til bygningsmateriale.

Voss Park Hotel, Voss 08.03.18 Vaksdal/Modalen Voss

Indre Hardanger Hardanger Folkemuseum Utne 13.03.18 Ulvik Granvin Indre Hardanger

Ytre Hardanger Hatlestrand Ungdomshus 14.03.18 Kvam Ytre Hardanger Søre Kvinherad

Sunnhordland Stord Hotel 15.03.18 Tysnes Stord Fitjar/Austevoll Bømlo Haugalandet Nedstrand Bygdehus 15.03.18 Haugalandet Sveio

Nord-Rogaland Landbrukets hus Ølen 20.03.18 *begynner kl 19.30 Etne Vindafj ord

Indre Ryfylke Ryfylke Fjordhotel 21.03.18 Sauda Suldal

Ytre Ryfylke Høyland Gard 22.03.17 Hjelmeland/Finnøy Strand/Forsand

Sør-Rogaland Helleland landbrukessenter 08.03.17 Bjerkreim Eigersund Lund Sokndal

Arbeidsveke hjå Vestskog

040401

ORGANISASJONSPLAN VESTSKOG SASKOGSDRIFT MERKNAD/ANSVARSFELTSkogsjef Vestskog Vidar Jørdre 917 28 064 [email protected] Ansvar for skogbruksleiarar og entreprenørarSkogbruksleiar Nordfj ord Jostein Vonheim 900 24 850 [email protected] Skogbruksleiar Sunnfj ord og Ytre Sogn Torgrim Østgård 907 40 503 [email protected] Skogbruksleiar Indre Sogn August Johan Evensen 954 15 111 [email protected] Skogbruksleiar Indre Hordaland Lage Lundeberg Aas 977 66 169 [email protected] Skogbruksleiar Nordhordaland og Ytre Sogn Nina Lilleeng 97 61 65 68 [email protected] Skogbruksleiar Midt- og Nordhordland Even Øyri 951 31 358 [email protected] Skogbruksleiar Sunnhordland Frode Kloster 911 26 531 [email protected] Skogbruksleiar Nord-Rogaland Njål Søndenå 416 47 976 [email protected] Skogbruksleiar Sør-Rogaland Torger Frøyland 909 98 166 [email protected] TØMMEROMSETNING Tømmersjef Vestskog Mads Jensen 906 86 844 [email protected] Ansvar for transport og tømmersalLogistikksjef John Elter 905 91 028 [email protected] HordalandTransport- og logistikkleiar Inga Ø. Apeland 975 48 354 [email protected] RogalandTransport- og logistikkleiar Howard Summers 415 76 818 [email protected] Sogn og FjordaneController Per Eivind Rekve 958 38 565 [email protected] Tømmercontroller Arnt Laukeland 991 63 200 [email protected] ADMINISTRASJON, VEG OG UTMARK Dagleg leiar Vestskog Kjetil André Rødland 476 64 397 [email protected] Administrasjonssjef Sjur Ove Svartveit 908 48 850 [email protected] Plassjef Førde Atle Gimmestad 481 37 615 [email protected] Kontorleiar ved kontoret i Førde. Rekneskapsleiar Siv Anita Sporstøl 990 25 269 [email protected] Utmarksansvarleg Finn Olav Myhren 468 98 112 fi [email protected] Ansvarleg for utmarksseksjonenUtmarkskonsulent Arve Aarhus 477 50 258 [email protected] Tømmersekretær Aud Nyhamn Engvik 962 29 000 [email protected] Administrasjons og økonomimedarbeider Vilde Maria Lien 924 68 069 [email protected] SKOGBRUKSPLANLEGGING Plansjef og næringspolitisk ansvarleg Jan Ivar Rødland 907 27 145 [email protected] Ansvar for skogbruksplanlegging og for næringspolitisk arbeidSkogbruksplanleggar Gunnar Kleive 481 24 668 [email protected] Skogbruksplanleggar Gro Kampp Hansen 993 84 710 [email protected] I permisjonSkogbruksplanleggar Leif Laache 905 78 759 [email protected] Skogbruksplanleggar Kennet Aaland 959 99 541 [email protected] Skogbruksplanleggar Ruben Bøtun 957 61 717 [email protected] MILJØSTYRINGSUTVALET (MSU) Miljøleiar og medlem MSU frå skogbruksplan Kenneth Aaland 95 99 95 41 kenneth@[email protected] Miljøleiar. Meldingar/klager frå eksterne og avvik me observerer skal sendast til han på e-post umiddelbartMedlem MSU frå skogsdrift Vidar Jørdre 917 28 064 [email protected] Medlem MSU frå tømmeromsetning Howard Summers 415 76 818 [email protected] FRIVILLIG VERN Atle Gimmestad 481 37 615 [email protected] Jan Ivar Rødland 907 27 145 [email protected] Ruben Bøtun 957 61 717 [email protected] Kennet Aaland 959 99 541 [email protected]

FREDAG 1. DESEMBER vart Stordalen i Gloppen/ Stryn, og Ytamo i Luster freda. Omgjort til naturreservat sikrar desse områdane viktige skogtypar for ettertida. Områdane vart tilbydt frivillig og Vestskog har vore viktige medspelarar for skogeigarane i proses-sen med dette arbeidet. Området i Stordalen er stort med om lag 70 grunneigarar og ca. 10 000 dekar og arbeidet med frivillig vern har vore ein lengre prosess her. I området fi nn ein eldre barskog som no vert sikra for ettertida. I Ytamo er det edellauvskog som er freda, og det er her ei utviding av eksisterande naturreservat. Arbeidet rundt Ytamo har vore ein av dei raskast proses-sar ein har hatt i Vestskog, frå arbeidet starta til verne-vedtaket var på plass.

Vestskog er aktivt med å hjelp grunneigarane som ynskjer å tilby området sitt som framtidig naturreservat. Det er mange skogeigarane som har t.d. naturtypar, nøkkel biotop eller andre område som gjer at eit økonomiske skogbruk blir vanskeleg. Om du har skogsområde som du lurer på om kan passe til frivillig vern, eller ynskjer meir infor-masjon om kva frivillig vern er, så ta kontakt med oss i Vestskog

Jan Ivar Rødlandtlf: 907 27 145 Mail: [email protected]

Atle Gimmestadtlf: 481 37 615 Mail: [email protected]

V E R N

Viktig område i Sogn og Fjordane vart 1. desember verna som frivillig (Stordalen og Ytamo)

Foto

Tom

Dyb

wad

FM

MA

/Sog

n og

Fjo

rdan

e.