32
Austevoll kommune Tippetue Arkitekter AS Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref. 20.05.2020 Stina Nordbak 15/179 - 510 Melding om vedtak Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020, sak 039/20. Det vart gjort følgjande vedtak: Områdereguleringsplan Storebø ID 462620150016 blir endeleg godkjent med desse to endringane: Endring 1 § 5.3.2 ANNA J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskillet mellom eigedommane Gnr./Bnr. 43/668 og 43/822 utgår fra føresegnene. Endring 2 SKV 5, ny veg frå FV 546 til Knivhaugen, vert teke ut av planen. Tilgrensande område i sør, BS 10, blir utvida til vegmidte på SKV 5, og tilsvarande for områda i nord, BKS 11b og BBK1 utvida mot sør til vegmidte. Utbetring av eksisterande veg eller etablering av ny veg frå FV til BBB 1 og BBB 2 skal behandlast som del av reguleringsplan, jf. § 2.1. Plankart og føresegner blir endra i tråd med forslaget. Det er 3 veker klagefrist i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14. Plannamn: Områdereguleringplan Storebø PlanID: 462520150016 Forslagsstillar: Austevoll kommune Ansvarleg søkar: Norconsult AS Plankart datert ved endeleg godkjenning 03.04.2020 Føresegner datert: 07.04.2020 Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017 ROS - analyse datert: 01.02.2017 Tilråding endringar av plankart: 1. fjerne gangveg i BKS 5

Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

  • Upload
    others

  • View
    12

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Austevoll kommune

Tippetue Arkitekter AS

Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref.

20.05.2020 Stina Nordbak 15/179 - 510

Melding om vedtak Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020, sak 039/20. Det vart gjort følgjande vedtak: Områdereguleringsplan Storebø ID 462620150016 blir endeleg godkjent med desse to endringane:

Endring 1

§ 5.3.2 ANNA – J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskillet mellom eigedommane Gnr./Bnr.

43/668 og 43/822 utgår fra føresegnene.

Endring 2

SKV 5, ny veg frå FV 546 til Knivhaugen, vert teke ut av planen. Tilgrensande område i sør, BS

10, blir utvida til vegmidte på SKV 5, og tilsvarande for områda i nord, BKS 11b og BBK1

utvida mot sør til vegmidte.

Utbetring av eksisterande veg eller etablering av ny veg frå FV til BBB 1 og BBB 2 skal

behandlast som del av reguleringsplan, jf. § 2.1.

Plankart og føresegner blir endra i tråd med forslaget.

Det er 3 veker klagefrist i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14.

Plannamn: Områdereguleringplan Storebø

PlanID: 462520150016

Forslagsstillar: Austevoll kommune

Ansvarleg søkar: Norconsult AS

Plankart datert ved endeleg godkjenning 03.04.2020

Føresegner datert: 07.04.2020

Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017

ROS - analyse datert: 01.02.2017

Tilråding endringar av plankart:

1. fjerne gangveg i BKS 5

Page 2: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

2. legge til ny geografisk avgrensing for grunneigedom 43/71 og 43/78 til BKS1D,

3. utvide BOP4 for å legge ny veg til pleie og omsorgssenteret

Tilråding endringar i føresegn:

· § 1.8 Veganlegg på fylkesveg og gjennomføringsavtale

Før igangsetting og etablering av veganlegg og kryssingspunkt på fylkesveg skal det

føreligge tekniske teikningar. Desse skal godkjennast av regionale vegmynde før

igangsetting og gjennomføring. Ved alle tiltak på eller langs fylkesveg, er det krav

om gjennomføringsavtale. Dette er ei avtale mellom tiltakshavar og Vestland

fylkeskommune som vegstyresmakt.

· § 3.3 nr.18. - vegtekniske teikningar for mellombels utkøyring for kryssområdet, som

omfattar Fv. 546, skal vere godkjend av vegstyresmakta for fylkesveg før kommunen

gir løyve til tiltak.

· § 3.2.1 Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye

byggjetiltak ihht plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd

og vere fysisk opparbeid før brukstillatelse.

· § 5.3.3 O_SKV17 skal stengast for gjennomkøyring av motorisert køyretøy, bil og

motorsykkel mv ved å etablere bom slik den ligg i plankart. Gåande og syklande kan

ferdast på vegen og nytta vegen som snarveg.

· § 5.6.4 punkt C. Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som

vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

Klagefrist er 3.juni 2020. Spørsmål til saka kan rettast til Stina Nordbak tlf. 55 08 10 00 eller til [email protected].

Med helsing

Morten Storebø Ordførar

Mottakarar av brevet: Austevoll Kraftlag Solesvika 136 5396 VESTRE VINNESVÅG Austevoll Trelast AS

Blænes bygg

Fylkesmannen i Vestland Njøsavegen 2 6863 LEIKANGER Karoline Møkster

Kystverket Postboks 1502 6025 Ålesund

Page 3: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Mottakarar av brevet: Nagla AS Nordeide 101 5392 STOREBØ NVE

Opplysningsvesenets fond

Plan Consult AS Nordeide 103 5392 STOREBØ Prestaneset AS

5392 STOREBØ

SENTRUM EIENDOM AS

5392 STOREBØ Statens vegvesen Postboks 6706 Etterstad 0609 OSLO Statens vegvesen region Vest Leikanger Kontorsted

Askedalen 4 6863 LEIKANGER

Storebø Maritim AS Alfabygget 5392 STOREBØ Tippetue Arkitekter AS

Vestland fylkeskommune Infrastruktur og Veg

Askedalen 4 6863 LEIKANGER

Vestland fylkeskommune Mobilitet og Kollektivtransport

Postboks 7900 5020 BERGEN

Vestland fylkeskommune Skyss Kringom

Att. SkyssPostboks 7900 5020 BERGEN

Vestland fylkeskommune Strategisk Utvikling og Digitalisering

Askedalen 2 6863 LEIKANGER

Vestland fylkeskommune v/ Liz Tollefsen

Page 4: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Saksframlegg

Sak nr Utval Kode Møtedato

058/20 Plan- og byggesaksutvalet PS 14.04.2020

039/20 Kommunestyre PS 23.04.2020

Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID

Stina Nordbak FE-142, HOERINGFRI-25.03.2020, TI-&13, FA-L12

15/179

Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016

Kommunestyre - 039/20 Handsaming: Protokollmerknad frå Framstegspartiet, ved Helge Andre Njåstad

Austevoll FrP har gjennom heile prosessen vært kritisk til Storebøplanen og meint at den meir bærer preg av å vera ein plan med krav om nye planar enn ein plan det kan byggast ut etter. I tillegg bærer den preg av å blitt til på ein lukka måte på kommunehuset framfor at folk flest og næringsliv har vært med. FrP har fleire gongar prøvd å foreslå endringar i prosess som ville sikra ein betre plan. Ved dei siste voteringane har fleirtalet stemt ned FrP sine forslag til forbetringar. FrP tar til etterretting at fleirtalet ynskjer ein plan med krav om nye planar, dyre rekkefølgekrav og er redd innbyggjarar og næringsliv i framtida vil oppleve at når dei ynskjer noko vil administrasjonen bruke nettopp denne Storebøplanen som argumentasjon på at ting blir vanskelig og dyrt. FrP sitt primære ynskjer er at Austevoll kommune hadde laga ein plan utan nye fordyrande plankrav.

Framlegg frå Framstegspartiet, ved Helge Andre Njåstad

1. f_blk15 vert endra til BBB1

2. Område på sørsida av PO-senteret (Karstein Pedersen) og vestover mot gravplassen får staus for bustadområde i planen. Planen vert utvida. Området kan bygges med einebustader med små tomter eller fleirmannsbustader. BKS område. Nytt BKS nr.

3. førsegna i § 5.19.2 endres i tråd med innspel fra Tippetue.

4. f_SKV29 - vegen endres til dagens trase.

5. o_GN1 - det legges inn en boligtomt på 20% på toppen.

6. Kollektivterminalen o_SKT i tråd med fylkeskommunen sitt motsegn.

7. Byggegrense veg. endres i tråd med motsegn fra fylkeskommunen.

8. Kommunestyret legg inn i førsegnene at gjevne dispensasjoner til bygging av blokk og bunkeranlegg skal inngå i planen i tråd med dispensasasjonene.

Page 5: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

9. Krav i føresegnene om å regulere inn barnehagetomt utgår.

10. Ordlyd i føresegnene om at naust ikkje skal ha eige bnr utgår.

11. Ordlyd i føresegnene om offentleg eigarskap av parkar osv. utgår.

Ugild: Morten Storebø Ugild med heimel i forvaltningslova § 6 andre ledd i samband med handsaming av punkt 1 i Framstegspartiet sitt framlegg. Grunner er at punkt 1 omhandla eit område som ligg rett ved eit sameiget han er medeigar i og bur i. Røysting: Samrøystes vedteke at Morten Storebø trer ut av kommunestyret under handsaming av punkt 1 i Framstegspartiet sitt framlegg, med heimel i forvaltingslova § 6 andre ledd. Morten Storebø skal vere med på resten av handsaminga av saka, og skal derfor trer inn igjen i kommunestyret når punkt 1 i Framstegspartiet sitt framlegg er handsama. Røysting: Runde 1: Punkt 1 i framlegg frå Framstegspartiet falt med 15 mot 5 røyster. Følgjande røysta på framlegg som falt: Renate M. Klepsvik (FrP), Edvard J. Stangeland (FrP), Helge A. Njåstad (FrP), Øystein Fammestad (FrP) og John I. Vik (FrP). Runde 2: Tilrådinga frå plan- og byggesaksutvalet vert samrøystes vedteke. Runde 3: Punkt 2-11 i framlegg frå Framstegspartiet falt med 16 mot 5 røyster. Følgjande røysta på framlegg som falt: Renate M. Klepsvik (FrP), Edvard J. Stangeland (FrP), Helge A. Njåstad (FrP), Øystein Fammestad (FrP) og John I. Vik (FrP). Vedtak:

Områdereguleringsplan Storebø ID 462620150016 blir endeleg godkjent med desse to endringane:

Endring 1

§ 5.3.2 ANNA – J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskillet mellom eigedommane Gnr./Bnr. 43/668 og 43/822 utgår fra føresegnene.

Endring 2

SKV 5, ny veg frå FV 546 til Knivhaugen, vert teke ut av planen. Tilgrensande område i sør, BS 10, blir utvida til vegmidte på SKV 5, og tilsvarande for områda i nord, BKS 11b og BBK1 utvida mot sør til vegmidte. Utbetring av eksisterande veg eller etablering av ny veg frå FV til BBB 1 og BBB 2 skal behandlast som del av reguleringsplan, jf. § 2.1.

Page 6: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Plankart og føresegner blir endra i tråd med forslaget.

Det er 3 veker klagefrist i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14. Plannamn: Områdereguleringplan Storebø PlanID: 462520150016 Forslagsstillar: Austevoll kommune Ansvarleg søkar: Norconsult AS Plankart datert ved endeleg godkjenning 03.04.2020 Føresegner datert: 07.04.2020 Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017 ROS - analyse datert: 01.02.2017 Tilråding endringar av plankart:

1. fjerne gangveg i BKS 5 2. legge til ny geografisk avgrensing for grunneigedom 43/71 og 43/78 til BKS1D, 3. utvide BOP4 for å legge ny veg til pleie og omsorgssenteret

Tilråding endringar i føresegn:

· § 1.8 Veganlegg på fylkesveg og gjennomføringsavtale Før igangsetting og etablering av veganlegg og kryssingspunkt på fylkesveg skal det føreligge tekniske teikningar. Desse skal godkjennast av regionale vegmynde før igangsetting og gjennomføring. Ved alle tiltak på eller langs fylkesveg, er det krav om gjennomføringsavtale. Dette er ei avtale mellom tiltakshavar og Vestland fylkeskommune som vegstyresmakt.

· § 3.3 nr.18. - vegtekniske teikningar for mellombels utkøyring for kryssområdet, som omfattar Fv. 546, skal vere godkjend av vegstyresmakta for fylkesveg før kommunen gir løyve til tiltak.

· § 3.2.1 Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye byggjetiltak ihht plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd og vere fysisk opparbeid før brukstillatelse.

· § 5.3.3 O_SKV17 skal stengast for gjennomkøyring av motorisert køyretøy, bil og motorsykkel mv ved å etablere bom slik den ligg i plankart. Gåande og syklande kan ferdast på vegen og nytta vegen som snarveg.

· § 5.6.4 punkt C. Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

Plan- og byggesaksutvalet - 058/20 Handsaming: Framlegg frå Høgre, ved Morten Storebø

SKV 5, ny veg frå FV 546 til Knivhaugen, vert teke ut av planen. Tilgrensande område i sør, BS 10,

Page 7: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

blir utvida til vegmidte på SKV 5, og tilsvarande for områda i nord, BKS 11b og BBK1 utvida mot sør til vegmidte. Utbetring av eksisterande veg eller etablering av ny veg frå FV til BBB 1 og BBB 2 skal behandlast som del av reguleringsplan, jf. § 2.1. Plankart og føresegner blir endra i tråd med forslaget. Grunngjeving: I planen er det foreslått å stenge eksisterande kryss til fylkesvegen, for vegtilkomst til Knivhaugen. Ny veg er regulert frå ny rundkøyring på fylkesvegen (ved kryss til Birkelandsvegen) og til Knivhaugen. Tiltaket er meint å betre trafikale tilhøve for trafikantar. Det vil også bidra til å redusere kryss til fylkesveg og jamvel betre trafikkavviklinga. Forslaget har likevel svakheiter. Den nye vegen kjem tett på eksisterande bustader og utomhusareal, og blant anna krev riving av garasje for dei tre bustadeiningane i Knivhaugen 39. Vegen er også lagt i ein trasé som kan forringe noko av byggepotensialet til tilgrensande byggeområde, i tillegg til at den nødvendigvis krev at potensielt byggeland blir omdisponert til veg. Sidan det er krav om reguleringsplan for å utvikle BBS 1 og BBB 2 med bustadblokker i staden for dagens einebustadstruktur, er det hensiktsmessig at ein i detaljreguleringsplan vurderer og vedtar den mest eigna vegtilkomsten. Inntil dette skjer er best å behalde eksisterande vegtilkomst slik den er i dag.

Framlegg frå Framstegspartiet, ved Helge Andre Njåstad

1. Saltak bør utgå som krav i føresegnene side 10 - feilsrkiving: Blokkene skal ha 3 etg

1. f_blk15 vert endra til BBB1

1. §5.3.2 ANNA – J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskillet mellom eigedommane Gnr./Bnr. 43/668 og 43/822 utgår frå føresegnene.

1. Område på sørsida av PO-senteret (Karstein Pedersen) og vestover mot gravplassen får staus for bustadområde i planen. Planen vert utvida. Området kan bygges med einebustader med små tomter eller fleirmannsbustader. BKS område. Nytt BKS nr.

1. førsegna i § 5.19.2 endres i tråd med innspel fra Tippetue.

1. f_SKV29 - vegen endres til dagens trase.

1. o_GN1 - det legges inn en boligtomt på 20% på toppen.

1. Kollektivterminalen o_SKT i tråd med fylkeskommunen sitt motsegn.

1. Byggegrense veg. endres i tråd med motsegn fra fylkeskommunen.

Page 8: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

1. Kommunestyret legg inn i førsegnene at gjevne dispensasjoner til bygging av blokk og bunkeranlegg skal inngå i planen i tråd med dispensasasjonene.

1. Krav i føresegnene om å regulere inn barnehagetomt utgår.

1. Ordlyd i føresegnene om at naust ikkje skal ha eige bnr utgår.

1. Ordlyd i føresegnene om offentleg eigarskap av parkar osv. utgår. Protokollmerknad frå Framstegspartiet, ved Helge Andre Njåstad

Austevoll FrP har gjennom heile prosessen vært kritisk til Storebøplanen og meint at den meir bærer preg av å vera ein plan med krav om nye planar enn ein plan det kan byggast ut etter. I tillegg bærer den preg av å blitt til på ein lukka måte på kommunehuset framfor at folk flest og næringsliv har vært med. FrP har fleire gongar prøvd å foreslå endringar i prosess som ville sikra ein betre plan. Ved dei siste voteringane har fleirtalet stemt ned FrP sine forslag til forbetringar. FrP tar til etterretting at fleirtalet ynskjer ein plan med krav om nye planar, dyre rekkefølgekrav og er redd innbyggjarar og næringsliv i framtida vil oppleve at når dei ynskjer noko vil administrasjonen bruke nettopp denne Storebøplanen som argumentasjon på at ting blir vanskelig og dyrt. FrP sitt primære ynskjer er at Austevoll kommune hadde laga ein plan utan nye fordyrande plankrav.

Ugild: Morten Storebø Ugild med heimel i forvaltningslova § 6 andre ledd i samband med handsaming av punkt 2 i Framstegspartiet stt framlegg. Grunner er at punkt 2 omhandla eit område som ligg rett ved eit sameiget han er medeigar i og bur i. Røysting: Samrøystes vedteke at Morten Storebø trer ut av plan- og byggesaksutvalet under handsaming av punkt 2 i Framstegspartiet sitt framlegg, med heimel i forvaltingslova § 6 andre ledd. Morten Storebø skal vere med på resten av handsaminga av saka, og skal derfor trer inn igjen i plan- og byggesaksutvalet når punkt 2 i Framstegspartiet sitt framlegg er handsama. Røysting: Runde 1: Punkt 2 i framlegg frå Framstegspartiet falt med 3 mot 4 røyster frå Kurt W. Frank (H), Isabell H. Heggen (Ap) og dobbeltrøyst frå Anja Heggolmen (Ap) Følgjande røysta på framlegg som falt: Helge A. Njåstad (FrP), Renate M. Klepsvik (FrP) og Magnus Stangeland (Sp). Runde 2: Punkt 3 i framlegg frå Framstegspartiet vart vedteke med 6 røyster. Magnus Stangeland (Sp) røysta blankt. Runde 3: Punkta 1 og 4-13 i framlegg frå Framstegspartiet falt med 4 mot 3 røyster. Følgjande røysta på framlegg som falt: Helge A. Njåstad (FrP), Renate M. Klepsvik (FrP) og Magnus Stangeland (Sp). Runde 4:

Page 9: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Framlegg frå Høgre vert samrøystes vedteke. Runde 5: Tilrådinga frå rådmannen med vedtekne endringar vert vedteke med 5 røyster. Magnus Stangeland (Sp) røysta blankt. Vedtak:

Områdereguleringsplan Storebø ID 462620150016 blir endeleg godkjent med desse to endringane:

Endring 1

§ 5.3.2 ANNA – J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskillet mellom eigedommane Gnr./Bnr. 43/668 og 43/822 utgår fra føresegnene.

Endring 2

SKV 5, ny veg frå FV 546 til Knivhaugen, vert teke ut av planen. Tilgrensande område i sør, BS 10, blir utvida til vegmidte på SKV 5, og tilsvarande for områda i nord, BKS 11b og BBK1 utvida mot sør til vegmidte. Utbetring av eksisterande veg eller etablering av ny veg frå FV til BBB 1 og BBB 2 skal behandlast som del av reguleringsplan, jf. § 2.1. Plankart og føresegner blir endra i tråd med forslaget.

Det er 3 veker klagefrist i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14. Plannamn: Områdereguleringplan Storebø PlanID: 462520150016 Forslagsstillar: Austevoll kommune Ansvarleg søkar: Norconsult AS Plankart datert ved endeleg godkjenning 03.04.2020 Føresegner datert: 07.04.2020 Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017 ROS - analyse datert: 01.02.2017 Tilråding endringar av plankart:

1. fjerne gangveg i BKS 5 2. legge til ny geografisk avgrensing for grunneigedom 43/71 og 43/78 til BKS1D, 3. utvide BOP4 for å legge ny veg til pleie og omsorgssenteret

Tilråding endringar i føresegn:

· § 1.8 Veganlegg på fylkesveg og gjennomføringsavtale Før igangsetting og etablering av veganlegg og kryssingspunkt på fylkesveg skal det føreligge tekniske teikningar. Desse skal godkjennast av regionale vegmynde før igangsetting og gjennomføring. Ved alle tiltak på eller langs fylkesveg, er det krav om gjennomføringsavtale. Dette er ei avtale mellom tiltakshavar og Vestland

Page 10: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

fylkeskommune som vegstyresmakt.

· § 3.3 nr.18. - vegtekniske teikningar for mellombels utkøyring for kryssområdet, som omfattar Fv. 546, skal vere godkjend av vegstyresmakta for fylkesveg før kommunen gir løyve til tiltak.

· § 3.2.1 Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye byggjetiltak ihht plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd og vere fysisk opparbeid før brukstillatelse.

· § 5.3.3 O_SKV17 skal stengast for gjennomkøyring av motorisert køyretøy, bil og motorsykkel mv ved å etablere bom slik den ligg i plankart. Gåande og syklande kan ferdast på vegen og nytta vegen som snarveg.

· § 5.6.4 punkt C. Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

Tilråding frå rådmannen:

Områdereguleringsplan Storebø ID 462620150016 blir endeleg godkjent slik den ligg føre.

Det er 3 veker klagefrist i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-14.

Plannamn: Områdereguleringplan Storebø

PlanID: 462520150016

Forslagsstillar: Austevoll kommune

Ansvarleg søkar: Norconsult AS

Plankart datert ved endeleg godkjenning 03.04.2020

Føresegner datert: 07.04.2020

Planskildring med konsekvensutgreiing datert: 01.02.2017

ROS - analyse datert: 01.02.2017

Page 11: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Tilråding endringar av plankart:

1. fjerne gangveg i BKS 5 2. legge til ny geografisk avgrensing for grunneigedom 43/71 og 43/78 til BKS1D, 3. utvide BOP4 for å legge ny veg til pleie og omsorgssenteret

Tilråding endringar i føresegn:

· § 1.8 Veganlegg på fylkesveg og gjennomføringsavtale

Før igangsetting og etablering av veganlegg og kryssingspunkt på fylkesveg skal det føreligge tekniske teikningar. Desse skal godkjennast av regionale vegmynde før igangsetting og gjennomføring. Ved alle tiltak på eller langs fylkesveg, er det krav om gjennomføringsavtale. Dette er ei avtale mellom tiltakshavar og Vestland fylkeskommune som vegstyresmakt.

· § 3.3 nr.18. - vegtekniske teikningar for mellombels utkøyring for kryssområdet, som omfattar Fv. 546, skal vere godkjend av vegstyresmakta for fylkesveg før kommunen gir løyve til tiltak.

· § 3.2.1 Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye byggjetiltak ihht plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd og vere fysisk opparbeid før brukstillatelse.

· §5.3.2 ANNA – J. I BKS5 det kan bli etablert sti i grenseskiljet mellom eigedommane Gnr/bnr 43/668 og 43/822.

· § 5.3.3 O_SKV17 skal stengast for gjennomkøyring av motorisert køyretøy, bil og motorsykkel mv ved å etablere bom slik den ligg i plankart. Gåande og syklande kan ferdast på vegen og nytta vegen som snarveg.

· § 5.6.4 punkt C. Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

Vedlegg: Vurderinger av innspel til avgrensa høyring 07.04.2020 Føresegn til endeleg godkjenning 7 april 06.04.2020 LayR_Storebø_01_endeleg godkjenning 07.04.2020 LayR_Storebø 2_ endeleg godkjenning 07.04.2020 LayR_Storebø_03_ endeleg godkjenning 07.04.2020 Oversending av vedtak om dispensasjon kulturminne for områdeplan Storebø gnr 43 mfl. Austevoll kommune frå Riksantikvaren

11.09.2019

Storebø - 43-m.fl. - Områdeplan - Løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne, jf. kulturminnelova § 8 fjerde ledd

11.09.2019

Kart, Storebø 11.09.2019

Page 12: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Budsjett Storebø 11.09.2019 Prosjektplan, Storebø 11.09.2019 Støyrapport 25.11.2016 11.09.2019 ROS-analyse 01.02.2017 11.09.2019 Reguleringsplan. Kystbyen Storebø - Planbeskrivelse 11.09.2019 Sentrumsplan Storebø. Ber om administrativ og politisk vurdering av innspill til Sentrumsplanen

23.01.2020

Innspill sentrumsplan Austevoll Kommune 23.01.2020 park+bolig 23.01.2020 Sentrumsplan Storebø. Spør etter informasjon gjeldende innspelet 03.10.2019

Bakgrunn for saka:

Områdereguleringsplan Storebø har vore i prosess sidan oppstart i 2015. Planen har hatt ein open medverknadsprosess og vore gjennom tre høyringar. I tillegg har rådmannen hatt dialogmøter med Fylkesmannen og andre regionale mynde for avklaring av motsegn.

Planen består av føljande dokument:

· Plankart · Føresegn · Vedtak Riksantikvaren - Frigjeving av kulturminne ID 24011 og ID 212603 med

prosjektplan, kostnadsoverslag og kart. · Vurdering av innspel til avgrensa høyring · Planskildring med KU · Støyrapport

Planen har vore i endringsprosess frå oppstart til endeleg godkjenning, men intensjonen i planarbeidet er ivaretatt. Det ligg fire rammer for planarbeidet. Desse er:

· Å skape ulike sonar i sentrum som prioriterer ulike aktivitetar i si utvikling · Å skape gode uterom som bind saman områda · Å skape gode gangakser mellom dei ulike områda · Å skape betre kontakt mot sjøen

Tettstaden Storebø

Planen legg opp til gangbare aktivitetsområde med gangsystem som gjer det enklare og tryggare å bevege seg på Storebø. Trafikksikringstiltak som miljøgate ved FV 546 med undergang og avsleppingssone kring Storebø barneskule sikrar trygg og oversiktleg skuleveg. Innimellom

Page 13: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

fortettingsområda legg planen til rette for stiar og tråkk som gjer det lett å kome seg til og frå skule, jobb og heim. Tiltaka legg også til rette for at det skal vera lett å komme seg til Austevollbadet, parken med aktivitetsone kring Prestegarden, Storebø hamn og Storebøportalen. Området vil gjennomgå ei endring som opnar opp for å gjere Storebø til ein moderne, attraktiv og fleksibel tettstad.

Det er lagt til rette for å bygge meir konsentrert langs fylkesveg, med handel i 1. etasje og kontor og bustad i 2. – 3. etasje. I ytterkant av planområde er det lagt til rette for einebustader og fleirmannsbustader. Planen vil ikkje hindre at det blir bygd einebustader i område som er lagt til rette for blokker eller konsentrerte bustader, men utbyggjarar må vere klar over at nabobygg kan ha ein anna storleik og utnyttingsgrad enn ein einebustad. Omsynet til godt naboskap vil såleis vere viktig for små og store utbyggjarar. Soltilhøve på leikeareal, grøne uteplassar og møteplassar vil vere med å skape trivsel.

Området kring Storebø hamn er eit område i transformasjon. Planen legg til rette for å bygge blokker med store og høge bygg, frå 2-8 etasjar. Ingen av bygga vil bli høgare enn haugen/åsen som ligg bak Storebø brygge. Bygga vil følgje terrenget og bli trappa ned mot badeplassen. Bygga vil romme handelsnæring, kontor og leilegheiter av ulik storleik. Langs kystlina er det lagt til rette for å bygge ein strandpromenade. Kaien er utvida slik at det vil vere mogeleg å legge til rette for snøggbåt og transformere Hippakaien til eit «torg» i lag med Austevollbadet. Småbåthamn, småbåtanlegg og badeplass er etablert. Det er viktig å sikre tilgang til sjø for alle. Holmane og utfyllinga mellom holmane er tilrettelagt som badeplassar og friluftsområde for ålmenta. Du kan ferdast fritt på fellesarealet framom bygga på Storebø brygge. Her skal det bli etablert attraktiv næring som skapar trivsel. Det vil også bli lagt til rette for at ein kan gå langs fjellsida på vestsida av Prestaneset og nå fram til Indreholmen på ein kyststi. På denne kystlina vil det bli lagt til rette for fellesnaust, fleire små einingar satt saman i eit større fellesbygg.

Det er tilrettelagt for næringsutvikling og samfunnssal i 1. etasje på Storebø brygge i ei av blokkene. Det same prinsippet gjeld for bygga langs FV 546 i miljøgata og Storebøportalen. Her er prinsippet næringsaktivitet i 1. etasje mot FV 546. Såleis får vi ein tettstadstruktur som famnar om miljøgata og gjer området til ein tryggare stad å ferdast. Bygga ved FV 546 vil ikkje bli høgare enn 3 etasjar.

For å knytte Prestaneset, Gråsidalen, Storebø brygge og Storebøportalen i lag, er det behov for å etablere universelt utforma gang- og sykkelveg i skrånande terreng frå Knivhaugane til Gråsidalen. Universelt utforma gang- og sykkelveg er meir plasskrevjande enn gang- og sykkelvegar som ikkje følgjer dette kravet.

Det er behov for å få etablert rundkøyring ved Storebøportalen for å sikre området for utkøyring frå Storebøportalen, Marihaugen og Indreholmsvegen til FV 546. Planen legg også opp til å

Page 14: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

etablere ei rundkøyring ved Birkelandskrysset/FV546, markert i kart som SKV3. Dette for å ta imot trafikk frå framtidige utbyggingsområde som ligg i Birkeland og for sentrumsområda og Knivhaugane.

For å få plass til rundkøyringa som samlar FV 546, Indreholmvegen og veg frå Marihaugen og Storebøportalen må ein samstundes etablere kollektivterminal. Føresegn og plankart legg til rette for løysningar til ny utforming av kollektivterminal og er avklart med SKYSS. Terminalen har plass til 4 bussar, kor den kvadratiske terminalen ikkje har behov for ei rundkøyring for å kunne snu bussane. Det vil gjere at Storebøportalen vil kunne etablere ei utkøyring frå nord før etablering av rundkøyring SKV 16. Det vil gjere det enklare for folk å bruke kollektivtransport for å komme seg til Storebø.

Det er mange små og store krav og innspel kommunen har teke omsyn til i planarbeidet. Alt er gjort for å skape ein triveleg, attraktiv, moderne, trafikksikker og handelskraftig tettstad slik at Storebø blir ein god stad å bu.

Planprosess

Norconsult har hatt ansvar for utarbeiding av planforslaget fram til 1. gongs høyring. Etter 1. gongs høyring har rådmannen arbeidd med vurderingar og lagt fram forslag titl endringar av føresegn og plankart. Norconsult har utført oppdrag med endringar av plankart.

Oppstartsmøte mellom Norconsult og Austevoll kommune, samt synfaring i planområdet fann stad 22.05.2015. Ope folkemøte med nær 100 deltakarar blei heldt 01.09.2015.

Austevoll kommune med administrasjon og politikarar har arbeidd tett med Norconsult AS. Norconsult AS og Austevoll kommune har hatt møter med statlege og regionale organ, private grunneigarar og konsulentar gjennom planprosessen. Politiske nivå har hatt drøftingsmøter og blitt orientert om planprosessen.

Page 15: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,
Page 16: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Ved 1. gongs høyring blei det invitert til ein open og inkluderande medverknadsprosess. Det blei gjennomført 6 plankaféar og planen fekk 69 innspel frå næringsliv, grunneigarar, interesseorganisasjonar og einskildpersonar. Alle innspela er vurdert og framlagt i saksframlegget.

Ved 2. gongs høyring har det kome inn 2 motsegn, 2 motsegn er avklart etter 1. gongs høyring, tre varsel med merknadar og 16 innspel til planen. Motsegn, merknader og innspel er vurdert i dokument – «vurderingar av innspel etter 2. gongs høyring» og i saksframlegget.

Ved avgrensa høyring har det har kome inn 14 innspel til saka. Saka blei sendt til regionale mynde og grunneigarar som blei råka av planforslaget. 3 av innspela er frå regionale mynde, med melding om at dei trekker motsegner. Vestland fylkeskommune har merknader til planforslaget. 11 innspel er frå private grunneigarar.

Det er motteke motsegn frå Vestland fylkeskommune. Motsegna gjeld byggegrenser og kollektivterminalen.

Vurdering:

Rådmannen legg fram tre sentrale dokument i denne sakshandsaminga:

1. Samla vurdering av motsegn og innspel – sjå vedlegg. Vurderingar av innspel til avgrensa høyring .

2. Føresegn – revidert 07.04.2020 3. Plankart – revidert 03.04.2020

Kvart innspel og motsegn fått eit unikt nummer frå nr. 1-15. Oversikta viser kven innspelet er frå og er identifisert med journalpostnummer og dato. Rådmannen har vurdert alle innspel, og vurderinga følger innspelsnummer. Sjå vedlegg- Vurderingar av innspel til avgrensa høyring .

Under ligg rådmannen sine vurderingar samla område for område:

Page 17: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

BS10 og o_SKV 5 Innspel. 4.7. 10 og 11

Det har kome inn 4 innspel til endring av vegsystemet tilhøyrande BS10. Saka er vurdert samla då innspela handlar om:

· å flytte vegen · vegen forringar tomtane · vegen er lagt på det mest gunstige utbyggingsområde

Innspela er vurdert i innspel nr. 4 og rådmannen har vurdrert tre ulike løysingsalternativ. Vurdering frå rådmannen er følgjande:

Vegen med fortau er plassert slik at den på best mogeleg vis vender seg mot Storebøportalen og fylkesvegen. Slik er vegen ei god kobling mellom bustadfelta på Prestaneset, Austevollbadet, Hippakaien, Skulehushaugen, Birkeland, Storebø brygge og Gråsidalen. Her er det lagt til rette for ein god tilkomst mellom dei ulike aktivitetsområda.

Ved framtidig utbygging i BKS og BS- områda legg planen til rette for utbygging med blokker i 3 etasjar, og konsentrerte bustader som rekkehus på 2 – 3 etasjar. Det betyr at det vil bli meir aktivitet i området, her skal det bu fleire folk i blokker og rekkehus. Det vil generere anna aktivitet enn i dag kor einebustader dominerer. Å legge ein ny veg vil gjere ut- og innkøyring til Knivhaugane betre enn dagens løysing. Vegen tek høgde for auka utbygging i sentrumskjerna og den aktivitet som bustader, handel og offentleg/privat tenesteyting generer. Rundkøyringa er her eit viktig og effektivt tiltak for trafikkavviklinga.

Det er tre alternativ det er naturleg å vurdere i samband med dette innspelet og dei andre innspela som gjeld same område:

1. Behalde dagens utkøyring med utviding av køyrebane og etablering av fortau, trafikkøy og siktsoner.

Dagens veg er smal og det vil vere krav om utviding av vegbanen. Å utvide køyrebanen vil kreve at vegen må plasserast tettare på tre av dei eksisterande bustadane. Denne løysinga har ikkje vore gjenstand for vurderingar, då det tidleg i planprosessen kom fram at det var behov for å legge til rette for ny veg, pga dei momenta som er nemnt ovanfor. Om ein ynskjer å nytte seg av eksisterande veg vil det være behov for å gjere avklaring med grunneigarar og vegmynde om dette er gjennomførbart. I tillegg vil det vera behov for å søke løyve for auka bruk av krysset, noko som vegmynde Vestland fylkeskommune må ta stilling til. Desse løyva er ikkje på plass, sidan det ikkje

Page 18: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

har vore vurdert å nytte eksisterande utkøyring for utbygginga. Denne løysinga vil heller ikkje gi den direkte koblinga mot Storebøportalen. Det vil vere ein liten omveg frå gang- og sykkelvegen frå Gråsidalen til Storebøportalen som følgjer dagens vegsystem. Dette løysinga vil ramme grunneigarane som er vist på biletet under.

2. Behalde vegen slik den ligger i planforslaget med rundkøyring, fortau og veg.

Denne løysinga har vore vist i plankartet gjennom heile planprosessen. Rådmannen si tilråding med å legge veg med fortau slik som vist, er gjort for å skape ein naturleg tilkomst mellom utbyggingsområda. Den tek også høgde for auka trafikk for etter den transformasjon planen legg til rette for med etablering av konsentrerte bustader, blokker og handelsverksemd langs fylkesveg. Sistnemnte er eit tiltak for å stimulere til miljøgate med utadretta verksemd. Føringane som ligg i føresegna gjev løyve til å bygge tett ved fylkesveg, slik intensjonen har vore frå planstart. Omsyna til fortetting langs fylkesveg og å legge til rette for meir utbygging, har vore førande for etableringa av vegen i BS10. Vegen vil ligge tett opp til to hus, Gnr. Bnr 43/119 og 43/179, der sistnemnte til bli hardt råka med denne etableringa. I tillegg vil det bli behov for å flytte ein garasje ved 43/618. Vegen vil ikkje råke bustadhuset, men vegen tek noko areal frå eigedommen.

Eit anna premiss var ønske om rask og effektiv tilkomst til fots, til og frå Gråsidalen - Storebø brygge – bustadområdet – Storebøportalen. Dette har vore viktige premiss for trasevalget, og at vegen følgjer rette og naturlege linjer utan omvegar. På grunn av desse rammene er vurderinga frå rådmannen at planforslaget er ei god løysing som tek omsyn til framtidig utbygging i sentrumsområdet og gir betre løysingar med tanke på framtidige utfordringar.

3. Behalde rundkøyring med endra veg gjennom BS 10, slik at den dannar en parallellveg

med fortau for å få utnytta utbyggingsområdet som ligg mot høgdedraga og eksisterande

Page 19: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

bustadar. Innspel nr. 4, 7 og 10

På bilete over ligg to løysingar sendt inn som innspel. Når rådmannen har vurdert å legge BS10 som utbyggingsområde, var det for å stimulere til utbygging mot fylkesvegen og framtidig fortetting på Knivhaugane. Planskildring skildrar dei kvalitetar som skal til for å etablere ei god miljøgate. Eit av hovudpunkta er at bygningar skal ligge tett på vegen for å stimulere til aktivitet for handelsnæringa i 1. etasje og legge til rette for ein transformasjon av området nord og sør for BS10. Dette er innspel som gjer særleg gunst for grunneigarar i BS 10, då dei meiner at dei beste bustadtomtene vil vere i høgdedraget mot eksisterande bustader 43/618, 43/39 og 43/50. Det er negativt for grunneigar at delar av eigedommen vert lagt til infrastruktur, men utbygginga av veg og fortau gjer området til eit trygt og attraktivt byggeområde. Samstundes gjer planen løyve til ein tett utbygging av området med formålet Sentrumsformål. Grunneigar kan da bygge bygg med 3 etasjar bustadar med 70 % BYA. Vi meiner at dette er ein god kompensasjon for grunneigar som kan bygge høgare og tettare i BS10 enn om området vart liggande som bustadområde. Dei to alternativa til forslagsstillar tek ikkje opp i seg desse prinsippa eller føringane. Rådmannen har under heile planprosessen vurdert at denne plasseringa slik den er avklart med vegmynde er ei god løysing som vil stimulere til utbygging og aktivitet i tettstaden Storebø.

Rådmann si tilråding er såleis at ein held fast på vegen slik den ligger i planforslaget med rundkøyring, fortau og veg.

Denne løysinga har vore vist i plankartet gjennom heile planprosessen. Rådmannen vurderer det slik at dette skaper ein naturleg tilkomst mellom utbyggingsområda. Løysinga tek høgde for auka trafikk som vil bli ein konsekvens av konsentrerte bustader, blokker og handelsverksemd langs fylkesveg. Sistnemnte er eit aktivt tiltak for å stimulere til miljøgate med utadretta verksemd. Føringane som ligg i føresegna gjev løyve til å bygge tett ved fylkesveg, slik intensjonen har vore frå planstart. Omsyna til fortetting langs fylkesveg og å legge til rette for meir utbygging, har vore førande for etableringa av vegen i BS10. Vegen vil ligge tett opp til to hus, Gnr. Bnr 43/119 og 43/179, der sistnemnte til bli hardt råka med denne etableringa. I tillegg vil det bli behov for å

Page 20: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

flytte ein garasje ved 43/ 618. Vegen vil ikkje råke bustadhuset, med unntak at vegen tar noko av eigedommen.

Ei anna premiss var ønske om rask og effektiv tilkomst til fots i aksen Gråsidalen/Storebø brygge/Austevollbadet/Hippakaien/Storebøportalen. Vegen følger rette og naturlege liner utan omvegar. På grunn av desse rammene er vurderinga frå rådmannen at planforslaget er ei god løysing som tek omsyn til framtidig utbygging i sentrumsområdet og gir betre løysingar med tanke på framtidige utfordringar. Rådmannen meiner at tiltaket med å etablere rundkøyring og kommunal veg til Knivhaugane er samfunnsviktig, og dei er med på å legge til rette for framtidig utvikling og transformasjon av tettstaden Storebø.

Innspelet nr. 4, 7, 10 og 11 vert ikkje teken til følgje.

BSK1 – innspel nr. 13

Innspelar sitt ønske er at planen legg til rette for utbygging som tek betre omsyn til grunneigars eigedommar. Slik planforslaget ligg føre er grunneigedommane splitta i to ulike utbyggingsområde. Det er ikkje tenleg for han. Eigar ønskjer at eigedomen 43/71 og 43/78 skal vere eitt område i BKS 1, det blir foreslått å gjere det til BKS1-D. Dette vil vere formålstenleg for eigar slik at han og grunneigar på 43/78 kan sameinast om ei felles utkøyring til FV og stimulere til rask etablering av to einebustader med tilhøyrande veg.

Innspelar meiner at rekkefølgekrava som ligg i forslaget er urimeleg for private grunneigarar i BKS området. Rådmannen har vurdert dette og ser at det ikkje er private utbyggarar aleine som skal stå for utbyggingskostnadene. Dette er eit spleiselag mellom utbyggjarar og Vestland fylkeskommune og denne planen skal sikre at tiltaka blir gjennomført slik dei ligg i forslaget. Kostnadane til private utbyggarar vil samla sett for heile BKS 1 vere innafor akseptable rammer.

Page 21: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Tilråding

Rådmann tilrår å setje inn ei ny geografisk avgrensing som omfattar Gnr/bnr 43/71 og 43/78 som blir markert som BKS1 D. Rådmann tilrår ikkje å fjerne rekkefølgekrava i tilhøyrande område.

Veganlegg og fylkesveg

BLK 15 – innspel nr. 2

Å nytte leikeområde BLK15 til bustadformål eller redusere leikeareal slik at delar av leikeområdet kan nyttast til bustadformål.

Rådmannen har tidlegare vurdert dette ved 1 .gongs høyring og held fast at det er behov for å behalde leikeplassen som eit uteopphaldsareal. Planforslaget inneber store endringar i området og grøne områder for leik og rekreasjon er viktige å ta vare på. Det vil ikkje vera riktig å ta bort slike områder i dette planområdet. Området låg som eit kombinert formål i gjeldande reguleringsplan, og innspelet påpeiker at den nye planen ikkje tar omsyn til økonomiske konsekvensar for utbyggar. Rådmannen vurderer at barn og unge sine interesser må vega tyngre i dette tilfelle. Det er viktig å behalde areal til leike og møteplass i sentrumsområdet. Argumentasjon frå innspelar er at dette

Page 22: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

omsynet kan kvar utbyggar ta, men dette skildrar ikkje korleis utbyggar ønsker å møte desse krava. Innspelet ber om at leikeområdet vert flytta til eit anna område i planen, slik at utbyggar kan nytta heile området til utbyggingsformål.

Tilråding frå rådmann

Innspelet vert ikkje teken til følgje

Utviding av planområde mot aust- innspel 8

Planforslaget var ved oppstart større enn det som ligg i dette planforslaget. Det har gjennom planprosessen vore behov for å redusere arealet. Planen har ikkje teke inn reguleringsplan Gråsidalen, ikkje Indreholmen og det er tatt ut areal tilhøyrande Irene Kalland og noko areal i planen ved Bjånespollen. Dette for å redusere planområdet. Rådmann har forståing for at naboane til planen har ønske om å vere med i planen. Som HFK har poengtert fleire gonger ved oppstart, 1. gongs høyring og ved 2. gongs høyring, skal planen vere ein plan for å skape ei sentrumskjerne. Dette må ein ta omsyn til ved planavgrensinga. Området til innspelarane ligg i kommuneplan som LNF. Rådmannen har gjort vurderingar at det nok areal som stimulerer til bustader i dette planforslaget. Det er ikkje behov for ytterlegare areal til bustader.

Rådmann si tilråding

Innspelet vert ikkje teken til følgje.

BOP4 – innspel nr. 14

Det er behov for å utvide området for å sikre tilkomst til pleie- og omsorgssenteret(PO). Bakgrunnen for dettte er forslag om endra bruk av omsorgsbustadane på Bjørketun, jfr kommunestyrevedtak i februar og oktober 2019. Prosjektskisser viser at Bjørketun kan knytast tettare mot pleie – og omsorgssenteret med bygging av ein korridor. Slik kan Bjørketun bli ein meir integrert del av pleie og omsorgssenteret. Pga av bygging av korridor vil ikkje naudetatane kunne nytta vegen på baksida av PO. Det er naudsynt å etablere ein ny veg til naudetatane og varetransport til PO. På vedlagte skisse vil ny veg bli etablert mot helsehuset med ein sving rundt Bjørketun. Austevoll kommune som er tiltakshavar, har gitt stadfesting på at dei er i prosess for å etablere intensjonsavtaler om grunnavståing med grunneigarar. Prosjektskissa for denne delen er lagt inn som bilete over. Austevoll kommune må avstå grunn ved Helsehuset for etableringa. For å etablere vegen , som tilkomst for naudetatane og varetransport er det naudsynt å ta ca. 18 m2 av leike/friområde som ligg på baksida av COOP. Arealet skal nyttast til fortau. På bilete ligg plankart og prosjektskissa oppå kvarande og viser arealformål og vegbane.

Page 23: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Under ligg forslag til endring i plankartet med utviding av område BOP4 .

Rådmannen har vurdert innspelet og ser at det er viktig å legge til rette for naudetatane slik at tenesta deira er sikra for den kommunale verksemda ved pleie- og omsorgssenteret. Slik plankartet ligg no er det ikkje satt byggegrense for området BOP 4. Rådmannen vurderer at det er behov for å presisere at byggegrensa er satt til formålsgrensa, men med unntak på områda som vender ut mot kommunal veg. Her er byggegrensa 2 meter. I føresegn § 5.6.4 blir følgande tekst lagt til i punkt C. Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

Tilråding

Plankart vert endra slik at den tek omsyn til utviding av BOP 4 slik bilete viser.

Følgjande tekst vert lagt til i føresegn § 5.6.4 punkt C: Byggegrense er formålsgrense, med unntak mot av området som vender ut mot kommunalveg 0_SKV18. Her er byggegrensa 2 meter.

O_SKV17 og klage på at tiltaket krev detaljereguleringsplan pga trafikksikring ikkje er godt nok ivaretatt i planforslaget - Innspel nr. 3

Innspelar tek opp at planen ikkje tek høgde for trafikksikkerheit for mjuke trafikkantar dersom Birkelandsvegen blir opna for avgrensa gjennomkøyring for bustadane i Mosamyrvegen.

Page 24: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Rådmannen har vurdert saka ved 2. gongs høyring og tilrådde endringar for å betre trafikksikring og dermed imøtekomma innspelet. Dei er:

· Vegen er no lagt i eigedommane si grensa til rekkehuset. Ved etablering av vegen vil den ikkje vil ligge slik han gjer i dagens situasjon. Denne endringa gjer at bustadene kan nytte gardsplassen som snu areal for bil.

· Bom er teikna inn i plankartet og føresegna sikrar at bommen blir ståande fram til vegen blir prosjektert og etablert slik den ligg i plankartet. Når denne etableringa er gjennomført vil ny bom bli flytta opp til gravplassen.

Vidare er innspelar tydeleg på at kommunen ikkje har sikra interessene til mjuke trafikantar i planforslaget «Vi minner om Trafikksikringsplanen (TS) – kommunedelplan 2017 -2023. Føremålet med kommunedelplan for TS er å leggja grunnlag for målretta og systematisk trafikksikringsarbeid på lokalplanet. Føreliggjande planframlegg vidarefører nullvisjonen som den overordna målsetjinga for TS- arbeidet i Austevoll. Planen fokuserer på blant anna følgjande mål; sikra gåande og syklande langs vegane i Austevoll kommune. Trafikksikring skal takast i vare i all planlegging, sakshandsaming, politiske vedtak og utbygging. Trafikksikringsplanen er ein politisk vedteken plan som gjev klåre føringar for rådmann/ administrasjon – fagmynde til å gjeva klåre tilrådingar vedkomande trygge og sikre tiltak for å ivareta mjuke trafikkantar» og «Vi bed at kommunen tek grep for å trygge mjuke trafikkantar i området. Vi bed at all utbygging langs Birkelandsvegen (nr 15-37) samt Mosamyrvegen vert stansa inntil vidare. Vegen må forbli stengt ved f_BLK 12 inntil det føreligg ein detaljplan - TS for vegen, samt at det må setjast krav om at utbygging ikkje skal finne stad før tiltaka for å trygge mjuke trafikkantar er utført»

Innspela seier at trafikksikringsplanen ikkje har vore ein del av planlegginga og at området har behov for detaljereguleringsplan for å sikre trafikksikkerheitsinteressene.

Rådmann tolkar dette som eit innspel der ein meiner at kommunen ikkje har sikra interessene for mjuke trafikkantar på ein god måte. Dette området av områdereguleringsplanen har vore gjenstand for utgreiingar ved kvar høyringsrunde. Kommunen har gjort vurderingar ved kvart innspel for å sikre dei interesser som innspelet tek opp. Konklusjonen er at der er naudsynt å endre trafikkmønsteret. Mosamyrvegen er sterkt belasta etter utbygging av fleirmannsbustadar og einebustader. Ved å gjere følgjande trafikksikringstiltak vil ein betre situasjonen:

· Dele trafikkbildet til to utkøyringar – Mosamyrvegen og Birkelandsvegen · Krav om fortau for 0_SKV17 · Krav om lyssetting

Page 25: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

· Etablering av bom – blindveg

Rådmannen meiner at det er ikkje er behov for ytterlegare detaljereguleringsplan før utbygging og etablering av tiltaka tilhøyrande o_SKV17. Alle tiltak skal søkast inn og rammene for utbygginga er sikra i føresegn og plankart. Likevel ser rådmann at det er behov for å presisere § 5.3.3 o_SKV 17 med eit tillegg: … ved å etablere bom slik det ligg i plankartet.

Tilråding

Rådmann tilrår endringar i føresegn

§ 5.3.3 O_SKV17 skal stenges for gjennomkøyring av motorisert køyretøy, bil og motorsykkel mv ved å etablere bom slik det ligg i plankartet. Gåande og syklande kan ferdast på vegen og nytta vegen som snarveg.

Storebø brygge endringar av utbygging form, veg o_SKV29 og etablering av einebustad – innspel nr. 1

Endring av føresegn tilhøyrande f_BBFK2 og f_BBFK3

Innspelet er:

BBFK2

· Maksimal utnyttingsgrad er BRA= 5900m2. · Maksimal gesimshøyde frå planert terreng er 38 meter, med mulighet for avvik på pluss

minus en meter ved detaljprosjektering. Gesimshøgde skal reknast frå planeringshøgde ca. 3 moh. Det kan maksimum byggast 9 etasjar.

BBFK3

· Maksimal utnyttelsesgrad er BRA=5100 m2. · Maksimal gesimshøgd frå planert terreng er 26 meter med mulighet for avvik på pluss

minus en meter ved detaljprosjektering. Gesimshøgde skal reknast frå planeringshøgde ca. 3 moh. Det kan maksimum byggast 7 etasjar

Page 26: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Rådmann si vurdering

1. Endre føresegna slik innspelar ønskjer.

Å legge til rette for dette inneber at rådmannen må gjere nye vurderingar om konsekvensar for tiltaket som følge av endringane. Dette vil ta tid og utsette sakshandsamingstida ytterlegare då innspela ikkje er i tråd med endringar som har vore fremma i dialogmøte med Fylkesmannen i Vestland. Det blei den gong varsla motsegn til blokkene - volum, høgde og utforming. Motsegna blei trukke tilbake etter at det blei gjort justeringar i planforslaget. Det skal også opplysast at det no er gitt dispensasjon og rammeløyve til bygg i feltet på 8 etasjar, noko som er innafor rådmannens forslag i planforslaget. Planen sikrar at vidare utvikling på Storebø Brygge kan skje raskare enn om dette punktet blir teken opp til ny handsaming og med stor risiko for motsegn.

2. Ikkje endre føresegna slik innspelar ønskjer

Innspelt har same ordlyd som ved 2. gongs høyring og da vurderte rådmann at det ikkje var gunstig å legge til rette for høghus som la seg over åskanten. Rådmannen vekta dei negative og dei positive konsekvensane opp i mot kvarande og kom fram til at det var fleire negative konsekvensar enn positive.

Tilrådning

Rådmannen rår ikkje til å endre førsegna i § 5.19.2. Innspelet vert såleis ikkje teken til følge.

Om veg med benevnelse f_SKV29 i bestemmelsene i forslag til sentrumsplan

Dette innspelet har same ordlyd som innspelet som var sendt inn til 2. gongs høyring. Rådmannen endrar ikkje vurderingar i saka. Det viser seg at behovet for å bygge SKV_29 slik det ligg i plankartet er sterkare enn det som tidlegare er lagt til grunn. Vegen slik den ligg i dag har vore utsett for stormflo 2 gongar sidan saka var sendt på høyring. Det styrkar vurderinga om sikring av tilkomst for bebuarar og naudetatar.

Tilråding

Rådmann tilrår ikkje innspelet og tek det ikkje til følgje.

Page 27: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Vedrørende del av område o_GN1 i sentrumsplanen - enebolig og tilgjengeleg grøntareal.

Innspelet har same ordlyd som ved 2. gongs høyring. Etableringa har tidlegare vore oppe i planutvalet og blei vidareført i dialogmøte med Fylkesmannen i Vestland. Her blei det varsla motsegn og bustaden blei teken ut av planen. Det blei også gjort nokre andre justeringar slik at fylkesmannen trakk motsegna på denne delen av planforslaget. Rådmannen vurderer saka lik som ved 2. gongs høyring.

Tilråding

Rådmann tilrår ikkje innspelet og tek det ikkje til følge.

Ved utløpet av høyringsfristen, har Vestland fylkeskommune lagt inn motsegn:

Kollektivterminal o_SKT

Som vegstyresmakt kan Vestland fylkeskommune ikkje akseptere eit kollektivterminalområde som er identisk med sporinga til bussane. Ein kollektivterminal må romme areal til drift, og eit køyreareal for bussane som er romsleg nok til at framkomst for bussane og trafikktryggleiken er ivareteke. Plansituasjonen kring terminalen gjer at det også må setjast av areal slik at det kan opparbeidast eit kringliggjande fortau som avgrensing mot KBA 6 (som verken har plankrav eller byggjegrenser). Etter vår vurdering kan dette gjerast innafor terminalføremålet. Krav om fortau kan eventuelt i tillegg takast inn i føresegnene. Planen må også sikra areal til mellombels riggområde kring eit slikt utvida terminalområde.

Vestland fylkeskommune si motsegn knytt til kollektivterminalen står ved lag. Etter vår vurdering må terminalområdet utvidast med 5 m utanfor sporingane før motsegna kan trekkjast.

Rådmannen har i planprosessen gjennomført ei rekke møter med Vestland fylkeskommune, SKYSS og Statens vegvesen. Det er jobba i fleire rundar for å rette oss etter krava som er satt. Spesifikasjonar som dei viser til er omfattande og store, dei er dimensjonerte for andre og større tilhøve enn dei me har hos oss. For å skape klarheit i saka, har det endåtil vore gjennomført praktiske målingar med bussar for å komme fram til ein fornuftig storleik på terminalen. Etter desse målingane er det oppnådd enighet om storleiken. Skyss var fagleg representant i desse målingane og det burde vera grunn til å tru at anbefalingane frå Skyss ville bli fulgt av dei som har formell partsrolle i planprosessen. I epost 6. februar 2020 blir det sagt frå Skyss:

«Eg viser til telefonsamtale i går ang. nye Storebø terminal. Skyss stadfestar at omtalt justering av

Page 28: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

utforminga av terminalen er akseptert som ny tilråd løysing. Endringa inneber at sørgåande løp (nærmast parkeringsplassen) vert avgrensa til ei køyrebreidd».

Samtykket som blir gitt av Skyss 0602, er akkurat den løysinga som no ligg inne i plankartet. Grunneigar har også vore med på møter og målingar og akseptert det endelege resultatet som er lagt inn i planforslaget. Denne enigheten har vegmynde gjennom motsegna gått tilbake på. Rådmannen opplever dette som svært frustrerande og det skaper stor usikkerheit omkring etableringa av kollektivterminalen. Vi er ueinige med dei krava som no blir stilt frå Vestland fylkeskommune ang utforming og krav om kringliggande fortau. Det er lagt fram tekniske teikningar og det er utforma ein kollektivterminal som tilfredsstiller dei funksjonskrav den skal ha på Storebø.

Tilråding

Rådmannen held fast at utforminga av kollektivterminalen tilfredsstiller dei funksjonskrav som er satt av regional mynde. Rådmannen si tilråding er at motsegna ikkje vert teken til følge.

Byggegrenser

Innspel frå Vestland fylkeskommune – «Vi viser til Statens vegvesen sin uttale om byggjegrenser langs veg den 15.04.2019:

«Statens vegvesen rådde i brev 12.12.2017 til motsegn mot manglande byggjegrense i planforslaget. I føresegn 5.1.3 E er det no tatt inn byggjegrense på 7 meter frå vegmidte på FV 546 og FV 152 i områda som ikkje har plankrav. Samstundes har fleire område fått plankrav. FV 546 er vist som miljøgate med eit profil på 6,5 meter køyrebredde + 3 meter fortau + 1 meter møblering, dette gjev ei bredde frå vegmidte på 7,5 meter. Byggjegrense på 7 meter frå vegmidte vil ikkje gje meining i slike områder.

Statens vegvesen er nøgd med at fleire område har plankrav. Slik kan vi best mogeleg finne kva byggjegrense som er naudsynt i dei ulike områda. I område utan plankrav må byggjegrensa utvidast slik at det vert tatt omsyn til plassering av skilt, brøyting, avrenning og mjuke trafikantar».

Etter det vi kan sjå er ikkje Statens vegvesen sitt krav (jf. siste setning i avsnittet over) følgt opp. Vestland fylkeskommune si motsegn knytt til byggjegrenser står ved lag. For å imøtekome motsegna må det setjast byggjegrense langs fylkesvegar og kollektivterminalen. I område utan plankrav som grensar mot fylkesveg, må byggjegrensa vere minimum 5 meter frå kant av fylkesveg (o_SKV) eller fylkesvegen sitt fortau (o_SF). Kravet til slik byggjegrense gjeld desse områda.: KBA 6, BKS 8, BS 8a, ST 1, ST 2, BS 1a, BS 1b, BS 2 og KBA 1. Byggjegrensa må påførast plankartet og heimlast i føresegnene. Kring kollektivterminalen må byggjegrensa vere 3 meter, alternativt kan område KBA_6 tilordnast plankrav på lik linje med dei andre KBA-områda.

Page 29: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Så snart vi har fått tilsendt oppdaterte kart og føresegner vil vi kunne vurdere om motsegna kan trekkjast.»

Rådmannen har i planprosessen gjennomført møter med Statens vegvesen. Vi har innarbeida byggegrenser i områda som ikkje har plankrav i føresegn §5.1.3 E Byggegrense mot FV 546 og FV 152 er 7,5 meter frå vegmittet for områda som ikkje har plankrav.

Kravet frå Vfk om ytterlegare 5 meter vil gripe inn i intensjonen om å bygge tett ved fylkesveg og å skape ei miljøgate slik planskildringa legg føringar for. Å legge til byggegrense på 5 meter på kvar side av vegen endrar dette vesentleg. Vi har full forståing for at det er behov for å ha eit areal på kvar side av vegen som skal nyttast til vedlikehald, snømåking mv, men finn det urimeleg å sette byggegrense til 5 m. Det betyr i praksis at alle eksisterande bygg i «miljøgata» ligg inne i byggegrensa. Det gjeld skulen, Rema og bustadhus. Dette strider med prinsipp om tettstadsutvikling der miljøgata skal vere tett på handelsaktivitet som vi legg til rette for i 1. etasje.

Tilråding

Rådmannen held fast på at byggegrensa vert liggande i § 5.1.3 E Byggegrense mot FV 546 og FV 152 er 7,5 meter frå vegmittet for områda som ikkje har plankrav.

Veganlegg

Vestland fylkeskommune krev tekniske teikningar som underlag for å gjere vurderingar om anlegg kan bli godkjent av dei i planprosessen. Dette er eit krav som vi ikkje var kjende med før i denne fasen av prosessen. Norconsult har arbeida fram nokre tekniske teikningar som er sendt Vestland fylkeskommune som underlag for deira avgjerd. Vi har ikkje motteke tilbakemelding på teikningane før dette innspelet. Krava gjeld rundkøyringar, fortau, undergangar, overgangar, gangveg, kryss og kryssingspunkt som ligg på fylkesvegen.

Rådmannen har i planprosessen samarbeida tett med Statens vegvesen. Det har aldri vore fremma krav om ytterlegare planmateriale enn det vi har lagt frem for vegmynde. Ved gjennomføring av tiltaka er det sjølvsagt krav om tekniske teikningar når tiltaket blir søkt inn, og Austevoll kommune er klar over at dette skal leggast fram og godkjennast Vestland fylkeskommune som vegmynde. Vi har såleis ikkje merknader til at dette blir presisert i føresegnene.

Page 30: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Tilråding

Rådmannen legg til ny føresegn:

§ 1.8 Veganlegg på fylkesveg og gjennomføringsavtale

Før igangsetting og etablering av veganlegg og kryssingspunkt på fylkesveg skal det føreligge tekniske teikningar. Desse skal bli godkjent av regionale vegmynde før igangsetting og gjennomføring. Alle tiltak på eller langs fylkesveg eller i kryss med fylkesveg, er det krav om gjennomføringsavtale. Dette er ein avtale mellom tiltakshavar og Vestland fylkeskommune som vegstyresmakt.

Rekkjefølgeføresegner

Statens vegvesen har tidlegare, mellom anna i uttale den 05.01.2018, peika på at rekkjefølgjekrava ikkje krev trafikksikre løysingar før bruksløyve/midlertidig bruksløyve. Vi gjer merksam på at føresegnene, slik dei no ligg føre, ikkje set krav om at veganlegga skal vere trafikksikre i anleggsfasen eller medan det er gjeve midlertidig bruksløyve. Vi meiner dette bør endrast til å omfatte utbyggingsprosjekt frå anleggsstart.

Føresegna § 3.2 seier at: «Samleveg, felles og privat veg fram til det aktuelle byggjeområdet frå offentleg veg skal vere innmålt med ferdigattest, vere opparbeid, asfaltert og sikra før det kan gjevast bruksløyve i byggjeområdet». Samstundes seier § 3.2.1, 1. ledd at: «Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye byggjetiltak iht. plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd eller sikra opparbeidd» (vår utheving).

Etter vår vurdering er dei to føresegnene delvis i strid med kvarandre. Vi legg til grunn at vegar med tilhøyrande fortau som minimum må vere fysisk opparbeidd før brukstillatelse, jf. § 3.2.

Rådmannen er samstemd med Vfk og vil endre ordlyden i føresegna.

Tilråding

Endre føresegn § 3.2.1 Før det kan gjevast bruksløyve eller midlertidig bruksløyve til nye byggjetiltak iht. plan- og bygningslova § 20-1 skal følgjande tiltak vera opparbeidd og vere fysisk opparbeid før brukstillatelse.

Page 31: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,

Melding om rett til å klage over forvaltningsvedtak (Forvaltningslova § 27 tredje og fjerde ledd)

Mottakar

Austevoll kommune 5392 Storebø Epost: [email protected]

Dato

Klageinstans

Denne meldinga gjev viktige opplysningar dersom De ynskjer å klaga over vedtak De har fått melding om.

Kven kan De senda klagen til

Klaga skal først sendast til avsendaren av denne meldinga. Dersom dette organet ikkje endrar vedtaket som følgje av klagen, vil den bli sendt vidare til klageinstansen for avgjerd. Dersom vedtaket er gjort av kommunale eller fylkeskommunale organ, er klageinstansen kommunestyret eller fylkestinget, eller det organet desse har gjeve det til. Dersom vedtaket er gjort av kommunestyret eller fylkestinget, er klageinstansen kommunaldepartementet eller det organ det har gjeve myndet til.

Fristen til å klage

Klagefristen er 3 veker frå den dag dette brevet kom fram. Det er tilstrekkeleg at klagen er postlagt innan fristen går ut. Dersom De klagar så seint at det kan vera uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi om at De oppgjev når denne meldinga kom fram. Dersom klagen vert sendt for seint, er det høve til å sjå bort frå den. Om De har særleg grunn til det, kan De likevel søkja om å få forlenga klagefristen. De bør då i tilfelle nemna grunnen til forseinkinga.

Rett til å kreva grunngjeving

Dersom De ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan De setja fram krav om å få det. Slik krav må setjast fram i løpet av klagefristen. Klagefristen blir i så fall avbroten, og ny frist tek til å gå frå det tidspunkt De mottek grunngjevinga.

Innhald i klagen

Klagen skal nemna det vedtaket det vert klaga på, og den eller dei endringar som De ynskjer. De bør også nemna Dykkar grunn for å klaga og eventuelle andre opp-lysningar som kan ha noko å sei for vurderinga av klagen. Klagen må underteiknast.

Utsetjing av vedtaket

Sjølv om De har klagerett, kan vedtaket vanlegvis gjennomførast straks. De har likevel høve til å søkja om å få utsett iverksetjinga av vedtaket til klagefristen er ute eller klagen er avgjort.

Rett til å sjå dokument i saka og til å krevja rettleiing

Med visse avgrensingar har De rett til å sjå dokumenta i saka. De må i tilfelle venda Dykk til det forvaltningsorganet som har sendt denne meldinga. Der kan De også få nærare rettleiing om høvet til å klaga, om framgangsmåten ved klage og om reglane for sakshandsaminga elles.

Kostnader ved klagesaka

De kan søkja om dekking av utgifter til naudsynt advokatbistand etter reglane om fritt rettsråd. Her gjeld imidlertid normalt visse inntekts- og formuegrenser. Fylkesmannen sitt kontor eller vedkomande advokat kan gje nærare rettleiing. Det er også særskilt høve til å krevja dekking av vesentlege kostnader i samband med klagesaka, t.d. til advokatbistand. Dersom vedtaket er blitt endra til beste for ein part, er det også høve til å søkja dekking for vesentleg kostnader i samband med saka. Klageinstansen vil om naudsynt orientera Dykk om retten til å krevja slik dekking for sakskostnadene.

Klage til Sivilombods-mannen

Det er også mogleg å klaga til Stortinget sin ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen). Sivilombodsmannen har ikkje høve til å handsama saker som er avgjort av Kongen i statsråd. Dersom De no får Dykkar klage avgjort i statsråd fordi Kongen er klageinstans, kan De difor ikkje seinare bringa saken inn for Sivilombodsmannen.

Særlege opplysningar:

Page 32: Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID ......Endeleg godkjenning områdereguleringsplan Storebø ID 462520150016 Kommunestyre handsama ovannemnde sak i møte den 23.04.2020,