17
1 Postboks 163 5445 BREMNES Besøksadresse: Leitedåvane 8 Tlf: 5730 E-post: post.bov@ hfk.no Heimeside: http://www.hordaland.no/nn-NO/skole/bomlovgs/

Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

1

Postboks 163 5445 BREMNES Besøksadresse: Leitedåvane 8 Tlf: 5730 E-post: post.bov@ hfk.no

Heimeside: http://www.hordaland.no/nn-NO/skole/bomlovgs/

Page 2: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

2

Kjære elev!

Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me samla ein del viktig informasjon om Bømlo vidaregåande skule. Her skal du kunna finna svar på mange av dei spørsmål du måtte ha om saker som gjeld skulen, undervisninga og skulesamfunnet generelt. Det gjeld både rettane og pliktene dine som elev, så vel som praktiske ordningar i skulekvardagen. Me ventar av deg at du held deg orientert på It`s Learning, SkoleArena og elles på skulen si heimeside. Det er viktig at du gjennom skulegangen får utfordringar som du meistrar og som du vil veksa på; at du tileignar deg kunnskapar og kompetanse og når læringsmål i faga. Du skal vita at skulen har forventningar til deg, til at du møter fram og aktivt deltek i ditt eige læringsarbeid. Det kan vera avgjerande for karaktergrunnlaget og for framtida di. Bømlo vidaregåande skule er i mange samanhengar blitt karakterisert som ein miljøskule, både sosialt og fysisk. Me er kjende for å ha eit inkluderande miljø, og ønskjer meir enn nokon gong å leva opp til det gode omdømet. Me trur òg at arbeid med skulen sitt fysiske miljø kan verka samlande og vera viktig for våre målsettingar om haldningar og trivsel. Du vil møta ein skule der det er velstelt både inne og ute. Me ønskjer at du både skal læra, og at du skal oppleva tryggleik og trivsel som elev hos oss - og at du sjølv vil spela ein aktiv rolle i skulesamfunnet. Bømlo vidaregåande skule, august 2017 Asbjørn Mæland rektor

Page 3: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

3

VERDIAR OG HALDNINGAR

Verdiar og haldningar som bør verjast og vernast om ved Bømlo vidaregåande

skule

Me ønskjer ein skule som er kjenneteikna ved:

at me respekterer kvarandre

at det er eit godt forhold prega av samarbeid mellom elevar og tilsette

at det er godt samarbeid på tvers av klassar og programområde

at alle godtar at det er visse reglar og normer som må følgjast

at alle er villige til å ta ansvar

at me er flinke til å gje ros og respons til andre

at både elevar og lærarar er presise og punktlege og til å stola på

at alle kjenner seg trygge og aksepterte

at det er eit godt sosialt miljø som både elevar og tilsette tek del i

Page 4: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

4

UTDANNINGSTILBODA VED BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE 2019-20

Studiespesialiserande utdanningsprogram: Programområde for studiespesialisering Vg1,Vg2,Vg3 Påbygging for elevar frå yrkesfaglege studieprogram Vg3

Yrkesfaglege utdanningsprogram:

Programområde helse og sosialfag Vg1 Helse- og oppvekstfag Vg2 Barne-og ungdomsarbeidarfag Vg2 Helsearbeidarfag Programområde for service og samferdsel: Vg1 Service og samferdsel (Vg2 Sal, service og tryggleik – ikkje 2019/20) Arbeids-og kvardagslivstrening Realkompetansekurs for vaksne i Sjømatproduksjon og Sal-service og tryggleik. Skuleåret 2019-2020 vil det vera omlag 240 elevar ved Bømlo vidaregåande skule på dagtid i tillegg kjem delkurselevar i ulike fag. SKULESKYSS Sjå skulen si heimeside. Du får utdelt midlertidig Skysskort første skuledag. REGISTRERINGSSKJEMA blir utdelt ved skulestart LÆREBØKER/LÆREMIDDEL I utgangspunktet gratis. Dersom elevar bruker mykje utanom det naudsynte, kan skulen krevja ein eigendel. KOPIERING/UTSKRIFTER Sjå It`s Learning: Fellesrom/IKT/info/utskrift PC-ORDNINGA Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få rimelegare PC gjennom Hordaland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin. Kontaktperson: IKT-konsulent

Itslearning It´s Learning brukast til å sende interne meldingar og som informasjonskanal for skolen.

Du loggar deg inn på It’s Learning (Feide pålogging) via www.skoleportalen.no eller skulen si heimeside. På startsida finn du m.a. oversikt over dei faga du er medlem av, òg liste over gjeremål og dagens aktivitetar

SkoleArena Her kan du sjekka fråveret ditt, karakterane dine og evt merknader. Frå ITs Learning kan du kopla direkte over til Skolearena utan ny innlogging.

Page 5: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

5

LÅNEKASSE Hugs å søkje om utstyrsstipend!

Kva er utstyrsstipend? Informasjonen nedanfor er gitt av Lånekassen ( http://www.lanekassen.no/vg ) Utstyrsstipend er pengar til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, for eksempel til kalkulator, kokkeklede eller idrettsutstyr. Alle elevar med ungdomsrett får utstyrsstipend frå Lånekassen. Utstyrsstipendet varierer mellom 910 kroner og 2 910 kroner for heile skoleåret. Kor mykje pengar du får, er avhengig av kva utdanningsprogram du tek, sjå lanekassen.no/utstyrsstipend.

Slik får du pengane frå Lånekassen

1. Du får opptak til skoleplass og takkar ja.

2. Du søkjer frå lanekassen.no. eller vigo.no. Bruk søknaden om stipend og lån til

vidaregåande opplæring.

3. Du følgjer søknaden steg for steg på Dine sider på lanekassen.no.

4. Du får SMS/e-post når søknaden er ferdigbehandla.

5. VENT

Det tek minst ei veke frå du får svar frå Lånekassen, til du kan hente

stipendmeldinga/gjeldsbrevet på skolen.

6. Du hentar stipendmeldinga/ gjeldsbrevet på skolen.

7. Du skriv under på stipendmeldinga/gjeldsbrevet - dersom du er under 18 år må både

du og ein av foreldra dine skrive under.

8. Du sender stipendmeldinga/gjeldsbrevet tilbake til Lånekassen. Klipp av svarslippen,

ikkje send inn heile brevet. Hugs frimerke.

9. VENT

Det tek ca. ei veke frå Lånekassen får stipendmelding/gjeldsbrev med underskrift frå

deg, til pengane er på kontoen din. Hugs at du må stå som eigar av kontoen.

Visste du at når du sender søknaden, sjekkar Lånekassen automatisk om du kan ha rett til andre

stipend i tillegg

stipend er pengar du får, og som du ikkje treng å betale tilbake

Følg Lånekassen på Facebook Lånekassen har ei eiga side på Facebook for deg som er elev på vidaregåande. Sjekk

facebook.com/lanekassen.vgs.

Page 6: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

6

FRITAK FOR FAG

Elevar som har godkjent einskildfag frå tidlegare kurs, eller av andre grunnar søkjer om fritak for fag, skal søkja til rektor. Dette må gjerast så tidleg som råd i skuleåret. For Vg3 Påbyggelevar som har fagbrev gjeld spesielle reglar. Snakk med kontaktlærar eller avdelingsleiar. Sjå elles skjemasamling bak i dette heftet. NÅR DU TRENG HJELP OG RETTLEIING Kontaktlæraren din er den som skal vera din næraste tillitsperson på skulen. Han/ho samarbeider med andre faglærarar og fagpersonar for å koordinera opplæringa di. Også andre i skulesamfunnet kan vera til hjelp når du treng det. Du kan ta direkte kontakt eller spørja i resepsjonen i 3.høgda etter personane du vil ha kontakt med.

Døme på sak/spørsmål/problem: Desse kan du ta kontakt med:

Fagvanskar Faglærar Kontaktlærar Rådgjevar

Fagval Faglærar Kontaktlærar Avdelingsleiar Rådgjevar

Fritak for fag Kontaktlærar Avdelingsleiar Rektor

Eksamen Ass. rektor

Klage eksamen Ass. rektor

Klage standpunkt Rektor

Utanlandsopphald/utvekslingselev Avdelingsleiar for studiespesialisering Rådgjevar

Yrkesval/informasjon om vidare utdanning Rådgjevar Elevinspektør

Lånekassen Sjå www.lanekassen.no Klikk på ”Dine sider”. Kontoret , rådgjevar

Skyss Kontoret

Personlege problem/helseproblem/problem i fam.

Kontaktlærar Rådgjevar Skulehelsetenesta

Dersom du tenkjer på å slutta Rådgjevar

Når du er bekymra for medelev Kontaktlærar Rådgjevar Skulehelsetenesta

Samarbeidsproblem elev/klasse/lærar Faglæraren det gjeld Klassetillitsvald Kontaktlærar Rektor

Forslag som gjeld skulemiljø, aktivitetar o.a. elevsaker.

Klassetillitsvald Elevinspektør

Digitale hjelpemiddel IKT-konsulent

Page 7: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

7

Me ber alle elevar og føresette studera skulereglementet grundig, og setja seg inn i kva slags konsekvensar fråver frå undervisning og prøvar kan medføra.

FORSKRIFT OM FELLES ORDENS- OG ÅTFERDSREGLEMENT VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE I HORDALAND FYLKESKOMMUNE https://www.hordaland.no/nn-NO/skole/bomlovgs/ordens--og-atferdsreglement (sjå skulen si heimeside)

TILLEGG TIL SKULEREGLEMENT FOR BØV Parkering Du kan parkera bil på elevparkeringsplassen aust for skulebygget (ved verkstadbygg/”UFO-bygg”). Parkeringsplassen ved kantineinngangen er for personalet og skulen sine gjester. Plassen framfor skulen (vestsida) er ikkje parkeringsplass for bilar, unntatt etter avtale. Elevturar, ekskursjonar og utplassering Dersom det i tilknytning til undervisninga vert arrangert elevturar, ekskursjonar eller utplassering, har skulen same ansvar for deg som i ordinær undervisning på skulen sitt område. Du må retta deg etter skulereglementet og dei instruksane du får hos læraren din. Tidspunktet mellom avreise og heimkomst er å sjå på som kontinuerleg skuletid. Ved reiser til utlandet skal kvar elev som reiser underteikna kontrakt og følgja det spesielle regelverket som gjeld for desse. Slike turar skal godkjennast av opplæringsdirektøren, og det skal arrangerast informasjonsmøte for foreldre / føresette før turen. ( sjå elles vedlegg om gjeldande regelverk for ekskursjonar / utplassering). Kantine, mat og drikke Du kan ha med nistepakke eller kjøpa mat i kantina. Du skal sjølv rydda etter deg ved å kasta matpapir og anna emballasje i bosskorgene. Brukte tallerkar, krus etc., som tilhøyrer kantina, skal du setja på tilvist plass etter bruk. Dersom du et på andre stader enn i kantina, skal du sjølvsagt også rydda etter deg. VIERGO har ansvar for drifta av skulekantina. Me oppmodar alle, både elevar og tilsette, om å respektera reglane som gjeld for kantina og kantineområdet. Gruppa med ryddeansvar skal kvar dag, og særleg etter matpausen, kontrollera at det er orden i kantineområdet. Dersom dette ikkje er tilfelle skal desse elevane rydda vekk ting som ligg utover bord, stolar og golv. Kontaktlærar lagar ansvarsliste, der to elevar har dette oppdraget kvar dag. Undervisningsrom/fellesareal/uteareal Eit reint og ryddig areal skapar trivsel for alle i skulesamfunnet. Elevane har også ansvar for at det er orden i undervisningsromma (sjå eige reglement). I fellesarealet, til dømes korridorar, Fuglaberget og på biblioteket, skal kvar einskild elev ta ansvar for å rydda opp etter seg, setja ting på plass og kasta avfall på rett stad. Kvar veke har ei gruppe som si oppgåve å rydda rundt skulebygget, langs gangstien til Idrettshallen og i fellesareal inne. Kontaktlærar ser til at oppdraget er skikkeleg utført og kvitterer for dette på ryddelista. Vis omsyn og rydd opp etter deg, slik at du ikkje lagar ekstraarbeid for andre.

GENERELLE ORDENSREGLAR I UNDERVISNINGA

Alle skal ha med seg nødvendig undervisningsmateriell og anna nødvendig utstyr

Du skal spørja om løyve dersom du må forlata undervisninga

Timefråver skal varslast på førehand til faglærar eller kontaktlærar

Det er frammøteplikt til alle prøvar. Du kan ikkje rekna med at det vert arrangert ny prøve dersom du har vore borte

Du skal bidra til at det er arbeidsro i timane

Page 8: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

8

Du skal møta presist til timane

Fristar og avtalar skal haldast

Det skal vera orden også i fellesareal og utanfor skulebygningen

Du skal visa god oppførsel, dette gjeld òg språkbruk.

Mobiltelefonen skal vera avslått i timane, på prøvar og under eksamen

Høyretelefonar eller anna personleg datautstyr i timane kan berre brukast dersom faglærar gjev løyve til det

REGLEMENT VED BRUK AV PC I UNDERVISNINGA Sjå heimesida frå Hordaland Fylkeskommune om PC-ordninga: http://www.hordaland.no/nn-NO/utdanning/vgs/elev-pc/

Faglærar legg føringar for bruk av PC i undervisninga

Bruk av program/applikasjonar/maskinvare som ikkje inngår i undervisninga er ikkje tillate

Brot på reglement.et fører til åtferdsmerknad.

ORDENSREGLAR FOR UNDERVISNINGSROM Eleven

Alle elevar har ansvar for at det er god orden i klasserommet ved prøve har elevane ansvar for å setja pultane enkeltvis, med god avstand, før prøven tar til når ein klasse/gruppe forlèt klasserommet, skal pultane plasserast slik som dei stod i utgangspunktet

du skal rydda pulten din og nytta det låsbare skapet ditt til personlege eigedelar (PC, bøker,vassflasker o.a.)

du skal ta fat, koppar og glas attende til kantina, vasskokar/kaffitraktar er ikkje tillete på klasseromma

for å letta reinhaldet skal ranslar/vesker o.l setjast opp på stolane når du forlèt rommet mellombels for minst ei undervisningsøkt

inventar og utstyr skal brukast med omtanke, og lånt utstyr skal leverast attende på rett stad, t.d. bøker, fotoutstyr

Ordenseleven

vaska av tavla etter kvar økt

passa på at det er generell orden i klasserommet

sørgja for at bosset er oppi bosskorga og er sortert (papir i papirinnsamlings-boksen!) før skuleslutt, syta for at evt. utstyr blir levert attende til kantina

syta for at vindauga er lukka og lyset sløkt ved skuleslutt Læraren

syta for at det er ei ordenselevordning og sjå til at ordenseleven gjer plikta si

ha ansvar for kollektiv opprydding

ha ansvar for at pultane er sett opp rett på prøvar og at elevane spreier seg i undervisningsrommet, og at pultane vert sett på plass att.

ha ansvar for at utstyr og bøker som er brukt i undervisninga vert sett på plass

Dersom eit undervisningsrom over lengre tid er prega av rot og slendrian, kan rommet låsast i friminuttane.

Page 9: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

9

Kommersiell marknadsføring / sal Kommersielle marknadsførings- og/eller salsframstøytar retta mot elevane er ikkje tillete på skulen. Unntak er kantinedrift, private utdanningstilbod og prosjekt som skulen støttar, m.a. Løp for livet og barneheims prosjektet, Toro Babies Home i Uganda. VURDERING Vurderingsarbeidet er eit prioritert område i utviklingsplanen vår, og nedanfor finn du lenka http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vurdering/individuell-vurdering-udir-5-2016/ Eleven si plikt til å møta fram og delta aktivt i undervisninga er særleg framheva.

EKSAMEN Det er to eksamensrundar kvart skuleår, ein i november/desember og ein i mai/juni. Elevar som ikkje fekk ståkarakter (2 eller betre) ved eksamen, kan melda seg opp til ny prøve gratis ved første påfølgjande eksamensrunde. Dersom ein ønskjer å nytta seg av denne retten, må ein ta sjølv ta kontakt med skulen. Privatistar kan melda seg opp til eksamen to gonger i året. Meldingsfristar: Hausteksamen 15. september, vår eksamen 1. februar Fylkeskommunen har oppretta eige eksamenskontor for å samordna og effektivisera avviklinga av privatisteksamen. Oppmelding for privatistar skal skje elektronisk til fylkeskommunen via Internett. Gå inn på følgjande side: www.hordaland.no/privatist. For meir info. ta kontakt med Eksamenskontoret: [email protected] ELEVRÅDET Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen. Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga. Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar basisgruppe. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre. Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedtek. Skulen inviterer elevrådet med varafolk til dags samling i byrjinga av september. Samlinga er både ein informsjons- og ein planleggingsdag for elevrådsarbeidet i komande skuleår. Der blir det og valt elevrepresentantar til Ungdomsrådet i kommunen, AMU(skulen sitt arbeidsmiljøutval), bibliotekråd og kantineråd. SKULEHELSETENESTA Vil til vanleg vera å treffa kvar onsdag i 3.høgda. Elevane kan òg nytta helsestasjon for ungdom. OT/PPT Bømlo vidaregåande skule er tilknytt OT (oppfølgjingstenesta) og PPT (den pedagogisk-psykologiske tenesta) for Sunnhordland på Stord. OT/PPT er på skulen onsdagar i partalsveker.

Page 10: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

10

RESSURSGRUPPA er ei tverrfagleg kompetansegruppe som har eit særleg ansvar for tilrettelegging for elevar som treng det. Gruppa skal og arbeida med førebyggjande tiltak for alle elevar, og for utvikling av eit godt læringsmiljø. Elevinspektør leier gruppa. Ressursgruppa ved Bømlo vidaregåande skule har møte onsdagar.

Page 11: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

11

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa

SØKNAD OM STØTTE I FAG Elev/elevar ……………………………………………………………………………………... Ønskje om støtte i faget/faga …………………………………………………………………... ………………………………………… ….…………………………………………….. Kontaktlærar(underskrift) Faglærar (underskrift)

Kort grunngjeving for søknaden ……………………………………………………………….. …………………………………………………………………………………………………... …………………………………………………………………………………………………... Støttebehov (omfang/periode/timar) ……………………………… ……………… ………………………………………………... dato Elev (underskrift) Handsama i ressursgruppa ………………….. Tilråding …………………………………………………………………………………………. ……………………………………………………………………………………………………. ……………………………………………………………………………………………………. Ansvarleg lærar …………………………………………… Kontaktlærar skal skal gje tilbakemelding til ressursgruppa ved leiar når vedtaket er sett i verk …………………………………… Oppstartsdato Vedtak ……………………………………………………………………………………………………. …………………………………………………………………………………………………………….. ……………………………………………………………………………………………………………..

Bømlo vidaregåande skule dato rektor

Page 12: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

12

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa

SØKNAD OM STØTTE I FAG

Dato Aktivitet/emne Underskrift

Lærarvurdering av eleven/ane sitt utbytte av tilrettelegginga/støttetiltaka …………………………………………………………………………………………………... …………………………………………………………………………………………………... …………………………………………………………………………………………………... …………………………………………………………………………………………………... …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… Bømlo v.g.s., ………………….. …………………………… dato underskrift lærar

Page 13: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

13

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa

SØKNAD OM TILRETTELEGGING VED PRØVAR/EKSAMENAR Namn: ………………………………………………………. fødd ……………………. Klasse:………… Eg søkjer om følgjande tilretteleggingstiltak (sjå baksida av arket): ……………………………………………………………………………………………… ………………………………………………………………………………………………. ………………………………………………………………………………………………. HUGS! Du er sjølv ansvarleg for å ha med tilletne hjelpemiddel ved prøvar og eksamenar! Eg legg ved sakkunnig utsegn frå:……………………………………………………….. ………………. ………………………………………………….. dato underskrift Tilråding frå ressursgruppa …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… Vedtak: ……………………………………………………………………………………….............. …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… Bømlo vgs ………………… …………………………………………………… dato rektor

Page 14: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

14

RETTLEIING OG SAKSGANG

Kontaktlærar tek opp med basisgruppa at det er mogleg å søkja om tilrettelegging, og informerer om kven det kan vera aktuelt for.

Kontaktlærarar deler ut søknadsskjema til aktuelle elevar, og kontaktlærar/rådgjevar kan hjelpe til med utfylling av søknaden.

Eleven leverer søknadskjemaet saman med sakkunnig utsegn til kontaktlærar. Sakkunnig utsegn kan vera legeattest, utsegn frå PPT, psykolog eller annan fagperson.

Kontaktlærar leverer søknadene samla til ressursgruppa ved elevinspektøren.

Ressursgruppa handsamar søknadene og gjev tilråding til rektor som tek formell avgjerd.

Rektor gjer vedtak, som deretter går til eleven med kopi til kontaktlærar og arkiv.

Tilretteleggingstiltaka kan vera: * Forlenga tid med 1 time * Avbroten eksamen * Høgtlesing av oppgåvetekst * Forklaring av oppgåvetekst * Tolking av oppgåvetekst * Munnleg tilleggshøyring * Retteprogram utover standard

* Fysisk tilrettelegging (t.d. spesialstol) * Evt. andre tiltak

NB! Det er viktig at søknadene kjem tidleg i skuleåret. Eleven skal ha prøvd ut tilretteleggingstiltaka i god tid før eksamen.

Page 15: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

15

Bømlo vidaregåande skule Ressursgruppa

ELEV-EVALUERING AV STØTTEUNDERVISNING Fag …………………………………………. Lærar ………………………………………………

Dato Emne

Har støtteundervisninga vore slik du venta deg? Forklar. t.d. Kva var du nøgd med? Kva ville du hatt annleis? …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… …………………………………………………………………………………………………… Bømlo vgs. …………………… …….……………………… Dato underskrift

Page 16: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

16

Søknad om fritak frå fag

Namn: Fødselsnr: Adresse: Klasse: Kontaktlærar:

Eg søkjer med dette fritak frå følgjande fag:

Fag Skule og utdanningsprogram År Eksamenskarakter/

standpunktarakter

1.

2.

3.

4.

NB! Kopi av vitnemål, karakterbevis eller fagbrev skal følje søknaden.

Søknaden er behandla i samråd med kontaktlærer og aktuelle faglærarar.

Søknaden om fritak er godkjend i følgjande fag:

-------------------------------, -------------------------------, -------------------------------, -----------------------

Søknaden om fritak er ikkje godkjend i følgjande fag:

-------------------------------, -------------------------------, -------------------------------, -----------------------

Dato: -------------------------------, Avdelingsleiar: ------------------------------------------

Page 17: Besøksadresse: Leitedåvane 8 Heimeside · Kjære elev! Vel møtt til nytt skuleår der du kan oppleva læring, meistring og utvikling i samspel med andre! I dette heftet har me

17

ORGANISERING AV SKULEVEKA, BØMLO VIDAREGÅANDE SKULE Skuledagen startar klokka 0755 og varer til klokka 1500. *Timeplanen vekslar annankvar veke som ein A-plan og ein B-plan. I begge planane er faga lagt ut på 4 dagar. Kvar dag er delt inn i 5 økter à 70 - 75 minuttar. Det er lagt inn 10 min. pause mellom kvar økt.

Fredag er fagdag, der elevar og lærarar får tid til å arbeida med eitt spesielt fag eller tverrfaglege større opplegg, ekskursjonar, heildagsprøvar eller fellesaktivitetar for heile skulen. T.d. vil eit ”femtimarsfag” få 5 slike fagdagar og eit ”tretimarsfag” 3 fagdagar i året. Elevane har fri dei fredagane dei ikkje har fagdag eller skulen har fellesaktivitetar.

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

0755 – 0910

0755 - 0910 0755 - 0910 0755 - 0910 Fagdag start 0755 1130-1155 Matpause Fagdag slutt 1320

0920 – 1035

0920 - 1035 0920 - 1035 0920 - 1035

1045 – 1200

1045 - 1200 1045 - 1200 1045 - 1200

1200-1225 Matpause

1200-1225 Matpause

1200-1225 Matpause

1200-1225 Matpause

1225 - 1340

1225 - 1340 1225 - 1340 1225 - 1340

1345 - 1500

1345 -1500 (1345 – 1500)

1345 - 1500

Siste økta kvar onsdag har alle lærarar i full stilling møtetid. Elevar må i størst mogeleg grad leggja sine sjølvdrivne aktivitetar (t.d. Løp for livet og Russearbeid) til denne økta. *Elevane i smågruppene skal ha noko kortare skuledag dels med plan for klassen og dels med individuelle planar.