25
ÅRSPLAN 2018-2019 MYRSNIPA BARNEHAGE

ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

ÅRSPLAN

2018-2019

MYRSNIPA

BARNEHAGE

Page 2: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

1

KJÆRE FORELDRE OG TILSETTE!

Kan du hugse den første gongen då barnet smilte til deg og du smilte tilbake?

Du blei som eit spegl av barnet sitt smil, og barnet såg seg sjølv i ditt varme blikk.

Eit barn som blir spegla og opplever seg sett, får styrka sjølvkjensla si og kjenner seg

trygg. Barnet blir sett i stand til å knytte seg til andre.

Vi som er vaksne rundt barnet har ansvaret for å sjå barnet, spegle det og byggje

gode relasjonar.

Å høyre til og vere ein del av fellesskapet er viktig for alle, både små og store. Vi

vaksne må vere gode rollemodellar i å inkludere, det vere seg i leik og aktivitet i

barnehagen, til bursdagsinvitasjonar og besøk med kvarandre. Inkludere bør vere ein

viktig verdi i livet vårt.

Den nye definisjonen på mobbing i barnehagen er: «handlingar frå vaksne og/eller

andre barn som krenkjer barnet si oppleving av å høyre til og vere ein betydningsfull

person for fellesskapet» Ingrid Lund: «hele barnet, hele løpet»

Å sikre at alle barn i Myrsnipa barnehage føler seg som ein betydningsfull person i

fellesskapet - det blir jobb nr 1 framover for oss alle, for å jobbe førebyggande og

hindre at mobbing skal få grobotn i barnehagen.

Vi menneske blir først heilt og fullt oss sjølve når vi, som eit eg, møter ein annan, eit

du.

Filosofen Martin Buber

Med dette sitatet frå filosofen Martin Buber, ønskjer eg både barn, foreldre og

tilsette eit godt år i Myrsnipa barnehage.

Reidun Myrvågnes

Page 3: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

2

INNLEIING

Årsplanen skal byggje på Lov om barnehagar med forskrifter og Rammeplan for

barnehagane i Herøy 2016-2020.

Årsplanen for barnehageåret 2018/2019 vart godkjent i samarbeidsutvalet i Myrsnipa

barnehage 02.10.18. Ved at samarbeidsutvalet fastset årsplanen, og at foreldra blir

tekne med på råd gjennom evaluering, foreldreråd, foreldremøte og foreldresamtalar

får dei reell medverknad på innhaldet til barnehagen. Borna som er primærbrukaren

og den viktigaste brukaren, får vere med ved at vi lyttar til det borna er interesserte i

og har behov for i dag.

Ein årsplan har fleire funksjonar:

● skal vere eit arbeidsreiskap og grunnlagsdokument for personalet

● skal medverke til å styre innhaldet i barnehagen

● skal vere eit utgangspunkt for samarbeid med foreldra

● skal vere eit informasjonsdokument ut til eigar, politikarar,

samarbeidspartnarar og andre interesserte

Årsplan: Konkretisering av barnehagen sitt innhald. Den generelle delen av årsplan,

er no blitt til ein eigen 4- års plan. Den må sjåast i samanheng med denne årsplanen.

Månadsplan/-brev: Informasjon om turar, aktivitetar, bursdagar m.m., og

oppsummering av føregåande månad.

Dagen vår: Informasjon og dokumentasjon om kva vi har gjort på denne dagen og

den blir slått opp på foreldretavla som dagsrapport.

Barnehagedagen er hektisk og vi må ofte gjere prioriteringar. Planar, rapportar og

dokumentasjon er viktig, men må ikkje gå på kostnad av tida vi har i direkte kontakt

med borna. Så derfor vil vi at de som foreldre spør også!

I følgje rammeplanen skal barnehagen vere ein lærande organisasjon. For oss

betyr det å jobbe i prosessar der vi får tid til refleksjon over arbeidet vårt. Det å fylle

ut eit notat på ein situasjon ein har stått i, og få hjelp gjennom rettleiing til å sjå den

same situasjonen frå andre perspektiv – det aukar handlingskompetansen vår og

styrkjer den felles pedagogiske plattforma vår.

Så er det viktig at vi ikkje berre står i prosessar, men finn ut kva dette betyr i handling

for oss.

Page 4: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

3

Myrsnipa barnehage er ein kommunal barnehage, og den ligg i Myrvåg.

Barnehagen vart bygd av foreldra i 1993, men kommunen tok over drifta i 1999.

Barnehagen har Myrvåg omsorgssenter som næraste nabo, og i tillegg har vi

lækjarkontor, helsesøster, velværesenter, blomsterbutikkar, matbutikk og eit stort

industriområde i nærleiken.

Vi har 3 avdelingar med til saman 46 born ved oppstart av dette barnehageåret.

Kvitveisen for barn 2 år og 5 år 20 plassar - 14 born

Røsslyng for barn 3 år og 4 år 18 plassar - 18 born

Blåklokka for barn mellom 0 og 2 år 13 plassar - 14 born

Etter nyttår vil 3 nye barn starte med oss.

Personalet i Myrsnipa har mange års erfaring frå barnehage, men her er og yngre

tilsette som bidreg med innspel, idear og forslag til endringar. Det er viktig at nokon

“ser oss litt utanfrå” og er med på å vidareutvikle barnehagen sitt innhald.

Elevar frå grunnskule og vidaregåande skule kan få praksis her - det er viktig for

rekruttering til yrka i barnehagen.

Myrsnipa barnehage er godkjent lærebedrift, og tek imot lærlingar.

Furene og Nav tek også kontakt om dei har nokon som treng å prøve seg i vårt yrke.

Godt arbeidsmiljø og tilsette som trivst ilag og har felles pedagogisk plattform er viktig

for kvaliteten på barnehagetilbodet

Page 5: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

4

Løvelova:

Kan du løvelova? Ser du ein blir plaga?

Eg skal vere meg, Det er ikkje bra!

men gje plass til andre, Alle må stå saman

slik at dei blir seg, om å sei i fra!

bry meg om ein annan, Alle barn på jorda

hjelpe når eg kan. Har den same rett

Slik blir livet betre til å vere trygge

for barn i alle land og til å vere sett.

Progresjonsplan for innhaldet i Være Saman:

1-2 år 3-4 år 5-6 år ( Løveklubben) Vi brukar temabøk-ene som idebank til samlings-stunder for dei minste. Høyre på Løvelova og synge den ofte. Bli kjent med Regnbueløva, Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding når nokon gjer noko bra for andre. Ta med Regnbueløva på tur.

Fortelje «Regnbueløvens fantastiske brøl», vektlegge grunnhistorien og kjenslene, snakke om teikningane i boka og fargar. Bruke Regnbueløva som samtaleverktøy. Jobbe med Løvelova- knytte den opp mot daglege situasjonar. Kjenne, og etter kvart lære songane i Være Saman (finst på Spotify) Bli kjent med borna i Løvebarnehagen. Øve oss på å gje positive tilbakemeldingar når nokon gjer noko bra, bry oss om, kunne uttrykke det. Ta med Regnbueløva på tur.

Vere kjent med Regnbueløva og bruke den i daglege situasjonar. Kunne Løvelova og kunne fortelje kvifor Løvelova er bra for alle. Bruke rollespel og leik. Bruke temabøker og Løva i samling og når det oppstår situasjonar – knytte det opp mot faktiske hendingar i barnegruppa. Gje positiv tilbakemelding uoppfordra når nokon gjer noko bra. Øve på å gje ros og ta imot ros, positiv perspektivtaking. Ta med Regnbueløva på tur. Markering når barnet sluttar i bhg-en – Diplom med Løvelova på. Skulane får også Løvelova!

Foreldreboka «Du og barnet ditt» vil alle nye foreldre få utdelt på første

foreldresamtalen.

Page 6: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

5

Dagsrytme

Måltider

06.45 Vi opnar barnehagen. Ein tilsett er åleine i barnehagen fram til

kl 7.15, så ho kan vere på ei anna avdeling når du kjem med

barnet ditt.

7.15 – 08.30 Frukost på avdelinga, og leik

09.00 – 11.00 Planlagde aktivitetar på avdelingane;

kan vere tur, samling, leikegrupper

11.00 Lunsj

12.00-13.30 Uteleik/ kviletid

Pauseavvikling for personalet

Ca 14.00 Hemmelegheit

15.00-16.15 Leik ute/ inne, og opprydding av leikar

16.15 Vi samlar oss på ei avdeling mot slutten av dagen, så det er

berre å gå etter lyden

17.00 Barnehagen stenger

Frukost Borna kan få ete medbrakt frukost fram til kl 08.30.

Lunsj Vi lagar til lunsj. Borna får eit sunt og godt måltid med grove skiver,

knekkebrød, leverpostei, prim, kaviar, fårepølse, ost, fiskepudding,

agurk, paprika.

Hemmelegheit er eit måltid vi har mellom 14 og 15. Det varierer mellom skiver,

knekkebrød, kavring, yoghurt og frukt

Drikke Lettmelk, lactosefri/maismelk for dei som treng det og vatn. Alle

borna har sin eigen kopp/flaske som dei kan få vatn når dei er tørste

gjennom dagen.

Bursdagsmat får borna velje sjølv ut frå bursdagsmenyen til avdelinga.

Baking/varme rettar lagar vi innimellom. Det vil kome fram på vekeplanane.

Kor ofte vi skal lage varme rettar er noko som opptek nokre foreldre,

men det viktigaste for oss er at måltid og matlaging skal gje borna eit

grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.

Mjølk og yoghurt bestiller vi med Tine, og elles leverer Coop Marked

Tjørvåg matvarene til oss

Page 7: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

6

Pedagogisk plattform

Vår pedagogiske plattform tek utgangspunkt i Diana Baumrind sin teori om

oppsedingsstilar. Det finst overtydande dokumentasjon som viser at god oppseding

er knytt til ballansen mellom å utvise kontroll og varme overfor barn. Å utøve varme

og kontroll handlar altså om å ta styring samtidig som du ser barna sine motiv og

behov i situasjonar, og gir leiing ut frå det. Dette kallar Baumrind for «Den autoritative

vaksne».

Kollegarettleiing er ein viktig metode for å nå målet om den autoritative vaksenstilen.

Kvar vaksen må delta på rettleiings-øvingar, der refleksjon over eige arbeid blir

krevd. Personalet og foreldre må samarbeide rundt leiing av barnet, d.v.s sjå korleis

og kva som må til for å vere den autoritative vaksne rundt «ditt barn». Dette er med

på å hjelpe barnet med sjølvregulering.

Page 8: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

7

Det å ha fokus, og jobbe mot den autoritative vaksenstilen, meiner vi vil vere det

beste for barnet og læringsmiljøet. I Myrsnipa er vi oppteken av å investere i

relasjonen. Metaforen «banking time», det er når vi som vaksne investerer pengar i

barnet sin relasjonelle og emosjonelle erfaringsbank. Eit uttak frå relasjonsbanken

kan t.d vere ei form for grensesetting som barnet normalt vil reagere negativt på. Men

fordi vi vaksne har passa på at banken er i pluss, så klarer barnet å respondere

adekvat på denne grensesettinga. Relasjonen er på plass. Barnet har ein

grunnleggande tillit til at den vaksne vil barnet sitt beste.

Nøkkelen til god mental helse kan ligge i dei relasjonane barnet har til familien,

vennene og andre viktige menneske. Vennskap er ein viktig dimensjon i livet vårt.

Så eit viktig mål for oss er at alle barn får minst ein venn i barnhagen.

Men vennskap handlar også om å ikkje få vere venner, om forhandlingar, om å bli

sviken, om sjalusi og intriger – med andre ord handlar vennskap om kvaliteten i

barnet sitt (og den vaksne sitt) liv – på godt og vondt.

Vennskapsrelasjonar mellom barn spelar ei sentral rolle for å fremme evna til

kommunikasjon og kjensla av tilknytning og identitet, eller det vi kan kalle sosial

kompetanse.

Barnehagen skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulere

rørslegleda og den motoriske utviklinga til borna. Borna skal også få ro, kvile og

avslapping i løpet av barnehagedagen. Når borna er slutta å sove, så kan dei likevel

ha behov for ro og kvile i løpet av dagen. Vi skal legge til rette for at alle kan få litt

avslapping og ro.

Page 9: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

8

Vi må ha fokus på varme og grensesettande vaksne. Vi skal jobbe med å vere

tydelege vaksne som stiller krav til barnet og gir dei ansvar. Vi skal bygge gode

relasjonar til alle barn, gjennom kvalitetstid, banking time, med enkeltbarnet og i

grupper. Vi skal hjelpe barnet til å reflektere over eigne handlingar og veremåte, og

hjelpe dei å regulere seg.

Barn sin medverknad handlar mykje om å vere i desse læringsprosessane, å jobbe

med etikk; læra om rett og gale, eller for vår del: Løvelova. Barn medverkar i

refleksjonar rundt sin eigen og andre sin veremåte, dei får hjelp til å løyse konflikt

sjølve og å inkludere andre.

SOSIAL KOMPETANSE

1.

EMPATI OG

ROLLETAKING

2.

PROSOSIAL

ÅTFERD

3.

SJØLV-

KONTROLL

4.

SJØLV-

HEVDING

5.

LEIK,

GLEDE OG

HUMOR

Delområde 1: Evne til innleving i andre menneske sine kjensler, tankar,

informasjonsbehov og forståing for andre sine perspektiv, samt evne til å trekke slutningar

om ulike sosiale roller og relasjonar.

Delområde 2: Positive sosiale haldningar og handlingar som å hjelpe, oppmuntre, dele,

med, inkludere, trøste, vere oppmerksam og vise omsorg for kvarandre.

Delområde 3: Å utsette eigne behov og ønsker i situasjonar som krev turtaking, inngå og

innordne seg kompromisser og felles avgjerdsle, følge reglar og takle konflikt, sjå fleire

handlingsalternativ i samspelsituasjonar og planlegge eigen åtferd på kortare og lengre

sikt.

Delområde 4: Å hevde seg sjølv og sine eigne meiningar og interesser, våge å stå imot

gruppepress, vere aktive, deltakande og medverkande i fellesskapet, ta initiativet til å

delta i samtalar, leik og ulike aktivitetar

Delområde 5: Å kunne skilje leik frå annan aktivitet, gå inn i og ut av leikeramma, kunne

late som og tolke leikesignal, la seg rive med og føle glede, slappe av, spøke og ha det

moro. Og ikkje minst – glede seg over sin eigen og andre si meistring.

Kjelde: «Dette vet vi om barnehagen: sosial kompetanse» av Kari Lamer.

Page 10: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

9

Eit godt psykososialt miljø er grunnleggande for barn sin trivsel, utvikling og læring.

Hovudstrategien for å få til det er:

1. Relasjonsarbeid

a. Banking Time

b. Relasjonskartlegging

2. Åtferdsregulering

a. Omsorgsfull kontroll

b. Ro, rutine, varm og tydeleg leiing

c. Tydelege forventningar

d. Anerkjenning og ansvar

3. Tilhøyrigheit og fellesskap

a. Opne opp for ulikheiter/mangfald

b. Løfte alle i fellesskapet; kva er vi flinke til på tvers av

c. Ta med borna i planlegginga

Barnehagen vår skal vere ein trygg og utfordrande stad der borna kan prøve ut ulike

sider ved samspel, fellesskap og venskap. Borna skal få støtte til å meistre motgang,

handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler.

Barnehagen vår skal bidra til at borna trivast og opplever livsglede, at dei meistrar og

får ei kjensle av eigenverdi, og vi skal førebygge krenkingar og mobbing. Om eit barn

opplever å bli krenkt eller mobba, må barnehagen handtere det, stoppe det og følgje

det opp.

Vår barnehage bygger også på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering og

bidreg til at borna møter og skaper eit likestilt samfunn.

Gjennom å delta i barnehagefellesskapet skal borna få sjansen til å utvikle forståing

for samfunnet og den verda dei er ein del av.

Barnehagen vår skal bidra til at alle barn føler at dei blir sett og anerkjende for den

dei er, og synleggjere den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet

Page 11: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

10

Oppe i sirkelen handlar det om barnet sitt behov når det lærer om og utforskar verda rundt

seg. Born treng å finne ut av og lære om omgjevnadane sine, inkludert andre menneske.

Gjennom dette behovet utviklar barnet evna si til å vere nyfiken på verda og menneska. Det

å vere nyfiken, driv barnet framover til stadig ny meistring og glede over å leve.

Barnet utviklar meir og meir sjølvstendigheit, får ei indre kjensle på «at mine initiativ er

viktige» og

«eg kan påverke verden». Barnet opplever seg som ein aktør, ein som kan påverke. Dette er

og viktige sider ved opplevinga av indre tryggleik: «Eg har ein plass.»

Nede i sirkelen handlar det om barnet sitt behov når det treng nærleik eller hjelp med

kjenslene.

Barn treng rett og slett å bli lada, og dei føresette og personalet i barnehagen blir ein viktig

ladestasjon for borna. Når barn kjem inn til lading, så er det fordi dei treng kontakt eller

nærleik for å stabilisere seg inni seg, for så å kunne leike og lære etterpå.

Lading kan skje på mange måtar; gjennom eit smil, eit fang, ein medfølande kommentar eller

å halde rundt barnet.

ALLTID: ver STØRRE, STERKARE, KLOKARE og GOD

NÅR DET ER MULIG: FØLG BARNET SITT BEHOV

NÅR DET ER NØDVENDIG: TA STYRINGTRYGGHEIT BLIR SKAPT NÅR EIN BLIR

FORSTÅTT INNANFRÅ

Page 12: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

11

Prosjekt: Inkluderande barnehage og skulemiljø ( IBSM)

Kjernekomponentane i prosjektet er:

- Inkludering

- Autoritative vaksne

- Førebyggings- og avdekkingskompetanse

- Regelverk

- Implementering og organisasjonsutvikling

Vi lærer meir om nyare forsking/ ny teori, og brukar kollegarettleiing som refleksjon for

læringsutbytte og handling. Leikanger barnehage og skule, Nerlandsøy skule og

Sirlihaugen barnehage er også med i prosjektet.

Forsking (Grete S. Vaaland Læringsmiljøsenteret) seier at vi får meir inkludering ved:

God leiing

Samarbeid

Profesjonell kultur

Dette bhg-året skal vi etablere god rutine for felles forståing av konfliktløysing,

gjennom problemløysingsmodellen til Shue og Spivack(1978), som har desse stega:

Steg 1. Klargjering av problemet

Steg 2. Forslag til løysingar

Steg 3. Vurdere løysingsforslaga

Steg 4. Val av løysing

Steg 5. Evaluering

Denne strategien vil fremje barn si kompetanse innanfor både empati og rolletaking,

prososiale haldningar og handlingar og sjølvkontroll. Samtidig fremjar den også barn

si evne til å hevde seg sjølv ved at dei kan kome med eigne forslag til løysingar og

sette fram krav og synspunkt på ein «passande måte».

Gjennom desse 5 stega er det viktig å fremje:

- Barn si evne til å sjå at det er fleire alternative løysingar på eit

mellommenneskeleg problem og

- at barn lærer å knytte ulike konsekvensar til ulike val av handlingar

Page 13: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

12

Natur, miljø og teknologi er fagområdet som vi skal satse litt ekstra på dette

barnehageåret, jamf. Rammeplan for Herøy kommune.

Personalet skal:

- leggje til rette for mangfaldige naturopplevingar og bruke naturen som arena

for leik, undring, utforsking og læring

- gi barna tid og høve til å stille spørsmål, reflektere og lage eigne forklaringar

på problemstillingar og til å delta i samtalar om det dei har erfart og opplevd

- synleggjere naturfenomen og reflektere saman med barna om samanhengar i

naturen

- utforske og eksperimentere med teknologi og naturfenomen saman med barna

Kvitveis

Vi har i år 2-åringar og 5-åringar på gruppa vår, og dette utgjer ei naturleg skilje i kva

vi legg vekt på.

Hjå 5-åringane ønskjer vi å leggje vekt på Herøy si historie, båtar før og no og ulike

typar båtar. Innhaldet i temaet vil kome meir fram på månadsplanane utifrå ønskja og

interessa til borna. Nokre er veldig opptekne av søppel i naturen og dette vil vi byggje

vidare på. Borna si interesse og medverknad vil vere med på å styre innhaldet i

temaet – HAVET.

Hjå dei minste har vi fanga opp at dei kjenner til redningsskøyta Elias og kaptein

Sabeltann. Vi har lyst å vise dei litt om kva som bur i havet/sjøen no i haust

(t.d. krabbe, laks, torsk,) – få sjå, kjenne på og smake, og leike med vatn. Vi vil følgje

årstidene og leggje vekt på forandringar gjennom å sjå, oppleve og utforske. Innanfor

teknologi vil vi i det dagelege sette ord på opplevingar som t.d. lysbrytar; av/på,

lyst/mørkt. Men mest av alt møte deira behov for nærleik, tryggheit, utetid, sovetid,

mat og stell.

Røsslyng

Lage vår eigen Hakkebakkeskog for leik og utfoldelse av tema

Få kjennskap om dyra i fortellinga. Lage ting av naturmateriale som t.d. mus,

piggsvin, osv. Så vil vi knytte Regnbueløva og Hakkebakkeskogen saman gjennom

dei ulike tema under sosial kompetanse.

Vi kjem til å gjere ulike eksperiment med tema frå årstidene. Rugekasseprosjekt skal

vi prøve ut på våren – kanskje får vi til eit kyllingkull!

Blåklokka

Bruke Vennebøkene gjennom heile året, med dei ulike tema i sosial kompetanse. Sjå

på månadane i årsplanen.

Så vil vi ha begynnande fokus på sortering og resirkulering

Kjenne på dei ulike elementa fysisk ( vatn, is, jord, grus, stein)

Små forsking-eksperiment

Vi vil legge til rette for gode friluftsopplevingar året rundt. Går på tur og er ute i all

slags ver, og kjenner på naturkreftene.

Dyr og dyreliv formidlar vi gjennom bøker, fortellingar og i møter i naturen

Page 14: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

13

AUGUST

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag

Veke 31

1 2 3 4 5

6 Veke 32

7 8 9 10 11 12

13 Veke 33

14 15 16 17 18 19

20 Veke 34

21 22 23 24 25 26

27 Veke 35

28 29

30 31 1 2

Mål for oppstart dette barnehageåret.

- Barn, foreldre og tilsette blir trygge på kvarandre

- At det skal vere kjekt å kome til Myrsnipa barnehage

- At ditt barn blir sett og høyrt

Dei barna som bytter avdeling, eller får nye barn og vaksne på si avdeling, treng

også tid til å bygge nye relasjonar. Dette skal vi ha fokus på!

Foreldra får også sjansen til å bli litt meir kjent med dei andre foreldra på si avdeling

på Bli-kjent dagen vår

Foreldrerådsstyret 2018-2019

4 foreldre

Tverrfagleg team

Reidun Myrvågnes, leiar,

PPT

barnevernet,

helsesøster

PPT

Har faste trefftider ved barnehagen vår, for

samtale og rådgjeving til personale og foreldre

Samarbeidsutvalet 2018-2019

foreldre, leiar

foreldre, nestleiar,

tilsett,

tilsett

Arne Ringstad, eigar

Gunnlaug Sandvik, eigar

Reidun Myrvågnes, sekretær

Page 15: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

14

SEPTEMBER

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 36

4 5 Bading/bibliotek

6 7 8 9

10 Veke 37

11 12 13 Bli-kjent dag

14 15

16

17 Brannveke Foreldremøte Veke 38

18 19 Bading og bibliotek

20

21 22 23

24 Veke 39

25

26 27 28 29 30

I veke 38 har vi brannveke, med

brannøving og besøk

av brannbil på fredag 21.09. Vi skal bli

kjent med Brannbamsen Bjørnis.

Regnbueløva vil vere ein samtalepartnar, som lyttar og hjelper oss

med prososiale handlingar

Blåklokka

si bok i

september

Vi repiterer boka

om Regnbueløven

sitt fantastike brøl,

og velger oss

temaplansjar frå

Være Saman som

er aktuell i dei ulike

barnegruppene.

Samarbeid mellom heim og barnehage.

På foreldremøte 17.09.18, hadde foreldre og personalet gode diskusjonar rundt bl.a Henrik,

Ellen og Siri i leik. Bør vi som vaksne gripe inn? Kva kan skje når vi grip inn? Kva kan skje om vi

ikkje grip inn? Vi er mange som ser, men det er først når vi snakkar saman om det vi ser at vi kan

gjere ein forskjell.

Så det er viktig at vi snakkar saman – heim og barnehage – om det som skjer rundt barnet ditt

Page 16: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

15

OKTOBER

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 1 Veke 40

2 3 bading og bibliotek

4

5 6 7

8 Veke 41

9

10 Plan- leggingsdag

11 Plan- leggingsdag

12

13 14

15 Veke 42

16 17 18 19

20 21

22 Veke 43

23

24 Bading og bibliotek

25

26 27 28

29 Veke 44

30 31 1 2 3 4

HØVELEGE KLEDE TIL ALLE ÅRSTIDER

Borna treng høvelege klede til inne- og utebruk.

Dei treng to klesskift i korgene sine. Ytterkleda

heng i yttergarderoba. Det er fint om de merkar

kleda med namn. Dette lettar arbeidet vårt, og de

finn kleda igjen. Nokre råd:

- Hue: tynn hue eller panneband om våren og hausten, tjukk og vindtett hue om vinteren.

- Ytterklede: vind og vasstette ytterklede, romslege men ikkje for store, god rørslefridom

- Bruk gjerne fleire lag; bomull eller ull i staden for få tjukke klede under regnkle/parkdress

- Stillongs og sokkar er betre enn strømpebukse

- Vinterstid varmar ull betre enn fleece - Sko bør vere passelege store og lette på

foten - Vinterstid treng borna ulike typer vottar;

regnvottar, polvottar og gjerne ullvottar. Dei bør vere mjuke og passelege for å vere gode å leike i

- Pass på å skifte ut klede som er for små - Kleda skal ikkje ha reimar som medfører

kvelningsfarer Klede/sko i yttergarderoba skal heim i

helgane slik at vi får vaska hyllene

grundig.

Blå-

klokka si

bok i

oktober

Kvitveis: vi

studerer krabbe og

fisk og undrar oss

ilag. Brukar

barnesamtalar og

«Grip omgrepa»

Røsslyng tek opp att tema frå Være

Saman; å dele, å vente på tur, utestenging

og sterke kjensler og språk

Page 17: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

16

NOVEMBER

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 5 Veke 45

6

7 Bading og bibloitek

8 Open dag

9

10 11 Farsdag

12 Veke 46

13 Klippfisk-akademiet (førskulen)

14 15

16 17 18

19 Veke 47

20 21 Bading og bibliotek

22 23 24 25

26 Veke 48

27 28

29 30 1 2

Vi skal leggje grunnlag for borna si evne til å tenkje kritisk, handle etisk og vise

solidaritet. Vi skal bidra til at borna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar

for framtida.

Tema: barn i andre land.

Vi har eit fadderbarn, Nigah, som bur i Herøy Village i India. Vi leitar fram brevet vi

fått om henne, og ser på korleis ho har det, og korleis vi har det.

Juleførebuing frå veke 47:

Borna skal få kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, m.a ved at vi har

adventssamling, les julebøker og syng julesongar og formidlar julebodskapen.

Blåklokka

si bok i

november

Tema på Røsslyng:

«Når eg er sint»

Page 18: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

17

DESEMBER

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 49

4 5 6 7 Nissefest

8 9

10 Veke 50

11 12

13 Lucia

14 15 16

17 Veke 51

18 19 20 21

22

23

24 Veke 52

25 26 27 28 29 30

Julefrukost m/ Luciatog 13.desember – foreldre/besteforeldre og søsken vert

inviterte til å ete frukost i lag med oss. Dei som ikkje har dag er også hjarteleg

velkomen!

Etterpå går vi til sjukeheimen og syng for alle bebuarane der

Nissefest - då kler vi oss ut som nissar (raud-, blå- eller fjøsnissar), et nissegraut

med mandel, går rundt juletreet og har nisseleikar. Den ordentlege Nissen brukar å

kome på besøk med gåve til alle små . Dei borna som ikkje har dag får kome denne

dagen, men de må vurdere om dei aller yngste har noko utbytte av det! Diskutere det

på kvar avdeling

Adventssong

No tenner vi det første lys

åleine må det stå.

Vi ventar på det vesle barn

i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys

dei står der stilt og skin.

Vi ventar på at Gud vår far,

vil sende sonen sin.

No tenner vi det tredje lys det er eit heilagt tal. Vi ventar på at Kongen vår skal fødast i ein stall.

Santa Lucia

Svart senker natten seg, i stall og stuer. Solen har gått sin vei, skyggene truer.

Inn i vårt mørke hus, stiger med tente lys,

Santa Lucia, Santa Lucia

Blåklokka si

bok i

desember

Page 19: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

18

JANUAR

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 31 Veke 1

1

2 Plan- leggingsdag

3 4 5 6

7 Veke 2

8 9 10 11 12 13

14 Veke 3

15

16 Bading/bibliotek

17 18 19 20

21 Veke 4

22 23 24 25

26 27

28 Veke 5

29 30 Bading og bibliotek

31 1 2

3

Det blir foreldremøte for førskuleborna torsdag 17.januar.

Blåklokka

si bok i

januar

Kvitveis flyttar fokuset over

på båt. Kva slags båtar får

borna vere med å

bestemme

Vi ønsker 3 nye barn velkomne på

Blåklokka

Røsslyng

startar på

boka om

Hakkebakke

skogen

Vi skal bli

livsglede-

barnehage

for eldre.

Page 20: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

19

FEBRUAR

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 4 Veke 6

5 6 7 8 9 10 Morsdag

11 Veke 7

12

13 Bading og bibliotek

14 15 16 17

18 Veke 8

19 20 21 Karneval

22 23 24

25 Veke 9

26

27

28

1 2 3 Fastelavens- søndag

Blåklokka

si bok i

februar

Moderne fiskebåt –

kanskje får Kvitveis

eit innblikk i ein slik

båt?

Røsslyng jobbar vidare med

Hakkebakkeskogen med

tekstformidling, musikk,

formingsaktivitetar, drama og

turar i skog og mark

Page 21: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

20

MARS

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag søndag 4 Veke 10

5 6 Bading og bibliotek

7 8 9 10

11 Veke 11

12 13 14 15 Plandag

16

17

18 Veke 12

19

20 Bading og bibliotek

21

22 23 24

25 Veke 13

26 27 28 29 30 31

Blåklokka si

bok i mars

Anna Olava

ligg ved

Herøy gard.

Løveklubben

skal få vere

med på tur

Borna På Røsslyng sine

interesser får fokus på

vegen vidare

Page 22: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

21

APRIL

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag

1 Veke 14

2 3 Bading og bibliotek

4 5 6 7

8 Veke 15

9 10 11 12

13 14 Palmesøndag

15 Veke 16

16 17

18

19 20

21

22 2. påske-dag Veke 17

23 24 Bading og bibliotek

25 26 Russedåp

27

28

Blåklokka si

bok i april

Ska tru kva Kvitveis

finn i fjøra?

Kanskje finn vi

krabbe eller skjel –

eller kanskje boss?

Kva gjer vi med det?

Røsslyng skal

ha prosjekt om

rugekasse

«Nytt liv og

vår»

Page 23: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

22

MAI

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 29 Veke 18

30 1 2 3 4 5

6 Veke 19

7 8 9 10

11 12

13 Veke 20

14 15

16

17 18 19

20 Veke 21

21 22 23 24

25 26

27 Veke 22

28

29 30 31 Plandag

1 2

RUSSEREGLAR:

1. Rydde inn i skuret 20 ting på ein dag = sløyfe 2. Kle på seg alle ytterkleda på 5 min = stoffbit 3. Ete ein is på 3 min = ispinne 4. Drikke ein heil kopp med vatn på 1 min med sugerør = sugerør 5. Få ein ballong til å sprekke = ballong 6. Hoppe på trampoline, og seie russeropet = piperensa

7. Krype frå Kvitveis til Blåklokka og tilbake igjen = plaster Kjeldsundturen = trepinne Overnatting i barnehagen = tannkost Rosarussetur = plastdyr

RUSSEROP:

Myrsnipa barnehage

Show, show, show,

Rosaruss, rosaruss

bow, bow, bow

Myrsnipa, Rosaruss

jazz, bom, bø

Sølekake, sølekake

laga vi sjølv

Blåklokka si

bok i mai

Page 24: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

23

JUNI

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 3 Veke 23

4 5 6

7

8 9

10 2.pinsedag Veke 24

11 12 13 14 15

16

17 Veke 25

18 19 20 21

22 23

24 Veke 26

25

26 27 28 29 30

Tema til samtale: Skuleførebuing Teori: Fokus på overgangen barnehage/skule

Når det gjeld plan for overgang barnehage-skule, så følger vi Herøy kommune sin

plan, jamf. årsplan 2016-2010, generell del.

Sjå på bildet ilag med borna, kva er det

dei merkar seg først?

Sjå på Gunnar Grøn og Gunhild Gul. Er

dei glade eller triste? Kvifor trur brna at

dei tre andre er oppteken av Gunnar

Grøn og Gunhild Gul? Kva føler og

tenkjer Ronja Rød, Bror Blå og Omar

Oransje?

Blåklokka

si bok i

juni

Page 25: ÅRSPLAN - heroy.kommune.no · Ramona og dei andre dyra. Dei vaksne må ha eit bevisst forhold til relasjons-bygging og tilknytningsteori. Dei vaksne må gje positiv tilbakemelding

24

JULI

Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag Søndag 1 Veke 27

2 3 4

5

6 7

8 Veke 28

9 10

11 12 13 14

15 Veke 29

16 17 18 19

20 21

22 Veke 30

23

24 25 26 27 28

29 Veke 31

30 31

No er det sommar og ferietid for dei aller fleste. Personalet må bruke noko tid på å vaske leikar,

barnehagen skal vaskast ned, men vi er her sjølvsagt for borna også