91
Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis 1814Ͳprosjektet i MuHo For fleire avdelingar er dette kortversjonen (etter felles mal) som skal knyttast saman i ei felles årsmelding for MuHo

Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

  • Upload
    buinhan

  • View
    238

  • Download
    6

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

1814 prosjektet i MuHo

For fleire avdelingar er dette kortversjonen (etter felles mal) som skal knyttast saman i ei fellesårsmelding for MuHo

Page 2: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

1

ÅÅrsrapport 2014

Lindells mobile tekstilfabrikk. Karin Aurora Lindell. Kunstutstilling vist i galleriet. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum

Frå tekstilsamlinga til Norsk Trikotasjemuseum. Foto: Norsk Trikotasjemuseum

Frå ei av våre faste omvisingar for barn. Foto: Ingrid Høibo

Page 3: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

2

SSamandrag

Norsk Trikotasjemuseum forvaltar og held til i Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Fabrikken er eit av dei fjorten nasjonale industriminna som er prioriterte av Riksantikvaren. Salhus Tricotagefabrik representerer eit tverrsnitt av tekstilindustrien si historie i Noreg.

Saman med miljøet i Salhus som arbeidarbustader, skulehus og industrilandskapet er fabrikken eit godt døme på ein industri som sysselsette tusenvis av kvinner og menn i dei mange tekstilfabrikkane i Bergen og i Hordaland frå tida omkring 1850 til 1980.

Norsk Trikotasjemuseum tar vare på og søker kunnskap om ein kompleks maskinpark som kan demonstrera produksjonslinja frå ull til ferdig strikka plagg. I tekstilmagasinet oppbevarer vi tekstiler frå Salhus Tricotagefabrik og andre norske tekstilbedrifter. Museet har også ei samling foto og bedriftsarkivet etter Salhus Tricotagefabrik finst på Bergen Byarkiv.

Vi samlar inn, dokumenterer, forskar på og formidlar også om tema som dei sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske sidene ved eit industrisamfunn og ein tekstilfabrikk. Vi ser både på tekstilindustrien i eit lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Det er heile tida viktig å auke fagkunnskapen til dei tilsette ved museet. I kvardagens mange gjeremål knytt til aminstrasjon, dagleg drift, vedlikehald av bygg og anlegg etc. er det krevjande å få tid til grundige faglege oppdateringar. Det er derfor heile tida eit mål å jobbe for fleire faste fagstillingar.

Rådgjevingstenesta for teknikk og industri i Bergen er integrert i den faglege verksemda ved museet, og gjennom denne yter vi ulike rådgjevingstenester til private samlingar i Bergen kommune.

Personale i 2014 Faste tilsette: Ann Kristin Ramstrøm, avdelingsleiar (100 %), Lars Voss Sørhus, formidlar (60 %), Ingrid Haugrønning, formidlar (50 % og som vikar i tillegg), Else Standsnes, reinhald (60 %), Trond Oddekalv, arbeidsleiar (100 %), Knut Johannesen, driftsleiar (100 %), Geir Arne Tverlid, maskinoperatør (100 %), Torunn Kojan Bøe, rådgjevar (100 %), Siri Gamborg, formidlar (30 %), Ellen Marie Risbruna, formidlar (15 %), og Hanne Dale (50 % samlingsforvaltar).

Mellombels tilsette utgjer ein viktig ressurs på ulike felt. I 2014 har desse jobba mellombels ved museet enten gjennom prosjekt eller som vikar: Hanne Dale (samlingsarbeid), Siri Gamborg (museumsbutikk og produktutvikling) Håkon Knudsen (bygg og anlegg), Harald Kvarme (maskinoperatør), Sigrid Gilje (formidlar), Live Gilje (kafévert), Irina Bergesen (kafévert), Birgitte Helle (sommarvikar), Endre Thomassen (sommarvikar bygg og anlegg), Alexander Johannessen (sommarvikar bygg og anlegg), Askild Oddekalv (sommarvikar bygg og anlegg) og Åsmund Oddekalv (sommarvikar bygg og anlegg).

Page 4: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

3

FForsking og dokumentasjon

To tilsette har levert inn kvar sin fagfellevurderte artikkel i prosjektet Det fleksible arbeidsliv, i regi av Nettverk for arbeidarkultur. TKB: «Internasjonal arbeidsdeling i norsk tekstilindustri i lys av Safa Samnanger og Dale of Norway». AKR: «Mellom synåla og akkorden. Dei fleksible sydamene på Salhus Tricotagefabrik». Skal bli publisert i 2015.

Industridokumentasjon IH, HD, TKB og AKR har utført eit relativt omfattande dokumentasjonsprosjekt på Dale Garn. Med midlar frå Hordaland Fylkeskommune og Gjestdal AS er produksjonslinja dokumenter i film av Pandora film. Fleire timer råmateriale finst og skal oppbevarast til å kunne brukast av forskarar eller andre. Av dette er det laga ein 7 minutt lang film som blir vist på museet. Hanne Dale ved museet har tatt onlag 500 foto av heile produksjonslinja. Det blei og utført ca 15 intervju av tilsette. Industridokumentasjon er ein metode både for å dokumentere ulike sider ved industrien og formidle industrien og kunnskapen frå dokumentasjonsprosjektet, noko dette prosjektet er eit godt døme på.

Frå produksjonslokala til Dale Garn. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum

Page 5: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

4

Arbeid med arkivet etter Cebelle-Trengereid på Bergen Byarkiv. Foto: Bergen Byarkiv

Dokumentasjon av fyren og sprinklaranlegget ved fabrikken. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum

Forvaltning Samlingsforvaltning

Vi har arbeidd med revisjon av samlingsplanen til MuHo i samlingsgruppa. Samlingsansvarleg ved NT har i 2014 vore frikjøpt 50 % til arbeidet med ein felles samlingsplan for Hordaland, der Bevaringstenestene er prosjektansvarleg.

Vart tildelt Kr 150 000 frå Norsk Kulturråd til å ordne bedrifts-arkivet etter Cebelle- Trengereid. 100 av 370 kassar ordna og registrert, mellom anna foto, vareprøver, personal-relatert materiale og ulike typar korrespondanse. Samlingsforvaltar ved NT arbeidde med dette hausten 2014 samarbeid med tilsette på

Bergen Byarkiv.

Dokumentert og tatt imot gjenstander, arkiv og foto etter Tangens gardinfabrikk. I samarbeid med Bergen Byarkiv.

Prosjektrapporten til samlingsprosjektet Forvalting av teknisk-industrielle samlingar fullført og avslutta.

Arbeid med fotosamlinga; vi har starta arbeidet med å organisere og katalogisere fotosamlinga ved museet, og har hovudsakleg rukke over nyare tilvekst. Arbeidet med dette prosjektet måtte vike for arbeid med arkivet etter Cebelle-Trengereid, m.m., og vi vil vidareføre det i 2015.

Samlinga etter Gunnar Pedersen AS: digitalisering av eit lite utval dias frå ca. 1950-70 som viser broderi i interiør.

Lageret i Ytre Arna er tømt og maskinar og gjenstandar er flytta til nytt og betre lager i lokala etter Dale fabrikker, særleg mtp. sikkerhet, fuktigheit og temperatur. Desse lokala er også rimelegare enn dei i Arna. Mellom anna er maskinar og utstyr etter band- og lissefabrikken Cebelle Trengereid, blitt flytta dit.

Page 6: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

5

Terningar med knappenåler: reklame frå Tangens Gardinfabrikk. Foto: Hanne Dale /Norsk Trikotasjemuseum.

Museet har hatt to innflyttingar i fellesmagasinet i løpet av året: i hovudsak broderi etter Gunnar Pedersen AS og gardinprøver frå Tangens Gardinfabrikk.

Det er rydda i beredskapsrommet og opplysingar er innhenta.

Dokumentasjon

Vi har planlagt og gjennomført dokumentasjon av Dale Garn i samarbeid med Pandora film. Film- og fotodokumentasjon av fabrikklokala og produksjonslinja, og til saman ti intervju med tilsette (som og nemnt over).

Dokumentert mekanisk verkstad, fyren, teaser, tvinnemaskin, beredskapslager, reparasjon av strikkemaskiner og andre område på fabrikken.

Dokumentasjon av reparasjon av sokkestrikkemaskin (Nagata Seiki frå 1980- og 90-talet). Dokumentasjonen føregjekk i samband med overhaling og igangsetjing av desse maskinene i juni saman med Harald Sagen, Safa Samnanger. Maskinen er ei gåve frå Safa Samnanger.

Tilvekst i 2014

1) I samarbeid med Bergen Byarkiv henta vi gjenstandar og arkiv etter Bergensbedrifta Tangens Gardinfabrikk. Materialet rommar stort sett vareprøver og stoffprøver av gardiner, dukar og møbelstoff. Vi har tilvekstført til saman 142 gjenstandar frå Tangens Gardinfabrikk.

2) Museet har fått ei manuell rundstrikkemaskin i gåve frå ein privatperson. Maskina er ubrukt og komplett, er av merket «Bi» og er frå 1930-talet (truleg 1932).

3) Museet var til stades ved stenginga av Sentralbadet i oktober, der tidlegare garngrossist Asbjørn Nøland AS hadde lagerlokale tidlegare. Museet tok imot eit utval mønster til handstrikk, til garn frå m.a. Dale Garn, Sandnes Ullvarefabrikk og Sandnes Kamgarnspinneri.

4) Eitt måleinstrument for garn frå Bergen Tekniske Skole.

5) I etterkant av dokumentasjonsprosjektet ved Dale Garn, har vi motteke bilete frå produksjonslokala, litt reklamemateriell, arkiv og nokre bøker.

Page 7: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

6

IInnflytting i Fellesmagasinet til Bevaringstenestene/ MuHo

To innflyttingar, all hovudsak broderi etter Gunnar Pedersen AS og gardinprøver frå Tangens Gardinfabrikk.

Lageret i Ytre Arna er tømt og maskinar og gjenstandar er flytta til nytt og betre lager i lokala etter Dale fabrikker, særleg mtp sikkerhet, fuktighet og temperatur. Desse lokala er også rimelegare enn dei i Arna. Mellom anna er maskinar og utstyr etter band- og lissefabrikken Cebelle Trengereid, blitt flytta.

Formidling 2014 var eit godt besøkt år ved museet og me hadde 7806 besøkande som nytta seg av museet sine ulike formidlingstenester og utstillingar.

Formidlingsavdelinga har gjennom året hatt jamlege møter innan dei ulike formidlingstiltaka som er alt frå å driva kafeen, utvikling av museumsbutikken, strikkekafear, idémyldring, samt avvikling av arrangement, publikumsretta arbeid; ta imot og gi omvising til enkeltpersonar og grupper inkludert skular og barnehagar i og utanfor opningstid (med ulike vinklingar og tema), ulike aktivitetar i skuleferiar, utvikle og vedlikehalde heimesida, annonser, utvikling av barneverkstaden, utstillingar etc. Mykje av dette arbeidet går føre seg i tett samarbeid med avdelingsleiar.

Gjennom heile året har me tilbudd barnefamiliane faste opplegg for barn annan kvar søndag: barneverkstad og omvising for barn; Bændik. Pedagogiske tilbod til barnehagar og skular, småtrinnet, SFO, mellomtrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Også undervisingstilbod til høgskular. Omvisingar i fabrikken for ordinært publikum i og utanom opningstid. I tilknyting ulike arrangement har det også vore tilbod om omvising i Kulturminneløypa og i Stoff, Støy, Strev, Stemmer.

Diverse oppslag i media, som i Strilen, Avisa Nordhordland, Åsane Tidende, NRK Hordaland, radio og Klassekampen.

Utstillingar i galleriet

Malerier av Gunnar Slettebakken, 16. februar- 30. april

Studentar frå KHiB, Loose Ends, 11. – 31. mai

Karin Aurora Lindell; Lindells mobile tekstilfabrikk, 5. juni- 12.oktober.

Guttar som deltar på opplegget Jakten på Bæændik. Foto: Ingrid Høibo

Barn i maleriutstillinga til Gunnar Slettebakken. Foto: Ingrid Høibo

Page 8: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

7

Marie Skeie: 1000 fugler, eit internasjonalt kunstprosjekt mellom Norge og Gaza, 25. oktober 2014- 4. mars 2015

Undervisningstilbod og skulebesøk Travelt skuleår med stadig fleire besøkande og vi får god respons både på alle undervisingstilboda, på våre arrangement og utleie.

ER og IH deltok på «Kulturell markedsplass» i regi av Den kulturelle skulesekken i Bergen, med informasjon om museet sitt skuletilbod. Deira nettportal fungerer fint mtp å få sendt ut informasjon til grunnskulane i Bergen. Vi ser at fleire og fleire lærarar bruker denne sida. Vi jobbar stadig med å nå ut til nye skular og lærarar, sidan det framleis er slik at det først og fremst er dei som kjenner museet og som er spesielt interesserte som kommer. Ved sidan av speler også avstand og kollektiv-tilbodet mykje.

Detaljer frå utstillinga Tusen Fuglar av Marie Skeie. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum

Page 9: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

8

DDøme på undervisingstilbod Bli kjent med ull For barnehagar, skuler og SFO: Gjennom heile året kjem barnehagar, SFO-elevar, og skuleklassar frå 1.-3. trinn for å lære om ull og korleis ein kan lage klede av ull. Dei fleste av desse gruppene får og omvising med sauen Bæændik i fabrikken.

Jakten på Bæændik Annankvar søndag og kvar dag i skuleferiane har vi hatt tilbod om barneomvising i fabrikken. Her leitar vi etter sauen Bæændik som fortel om korleis ulla kan bli til ein undikk og klede.

Barneverkstader Gjennom heile året tilbyr vi eigne barneverkstader søndagar i partalsveker, og i skuleferiane. Barna får ta del i tekstile aktivitetar som både vektlegg fingerferdigheit, kunnskap og fantasi. I planlegginga forsøker vi å gjere opplegga inspirerande både for gutar og jenter. Tema i 2014 har vært; bilder med kakeformer og filtenål, påskekyllingar med ull, filt og synål. Sommeraktiviteten var å lage fingerdukker, framover hausten papirblomster av gamle vekeblad og reklamemateriell, slangar i våttovingsteknikk, våttoving av «Såpe i ulldyne», juleverkstad med kremmerhus og bordynt med fabrikk-kjegler, filt, perler og stas. Den industrielle revolusjon Vi får ofte besøk av skuleklassar frå ungdomsskulen og vidaregåande som vil lære meir om den industrielle revolusjonen og ser på Salhus som eit godt eksempel på industrialiseringa av Norge frå siste halvdel av 1800-talet. For dei eldre elevane dreg vi også inn å gi kunnskap om arbeidsforholda og streiken ved Salhus-fabrikkane i 1920.

«Traff du Clausen, var det bare å neie…» Dramapedagogisk tilbod til skuleklassar på mellomtrinnet. Her vert elevane kjende med korleis det var å vakse opp i ein industristad som Salhus. Elevane får gjere fabrikkrelaterte aktivitetar som krev samarbeid og innsats. Vi pratar om korleis det var å arbeide på akkord og at arbeidsgjevar (Clausen) var nøye med at alt var utførd skikkeleg. Opplegget rundes av i skulehuset kor elevane får være ein gamaldags skuleklasse, dei øver inn ein song som dei syng når Clausen kjem på inspeksjon. Opplegget er og gjennomførd som barneaktivitet under aktivitetsdagar som «Livet utanfor fabrikken» og på «Levande fabrikk». 1000 fuglar- eit kunstprosjekt Ulsmåg skule og Salhus skule deltok i kunstprosjektet til Marie Skeie. Menneske i Palestina og Norge skal brodere fuglar og legge ved ein bodskap som vart med i utstillinga som opna i galleriet på museet 19.10. IH var i denne samanheng på Ulsmåg skule for å få dei til å bidra i prosjektet, og dei

Page 10: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

9

leverte inn om lag 60 fuglar. IH og SG tok i mot til saman 30 elevar frå 4.-7. trinn på Salhus skule som og bidrog til denne utstillinga.

Til saman hadde vi i 2014 totalt 1451 skuleelevar som fekk eit tilpassa undervisningstilbod hos oss ved Norsk Trikotasjemuseum, det er ei auke på 200 elevar frå 2013.

MMarknadsføring ER har arbeidet med brosjyre med informasjon om tilbod til skular og barnehagar, og denne skal leverast ut til og skal leggast ut som ei pdf-fil på våre heimesider. Også laga plakatar og informasjonsmateriell til arrangement, strikkekafe og Levande fabrikk.

ER har også jobba med å oppdatere heimesida, facebook og instagram. Vi har nå over 500 som følgjer oss på facebook. Vi har oppretta ein konto/sted for Norsk Trikotasjemuseum på Tripadvisor i sommar. NT deltar i webrugga til MuHo.

Prosjekt Prosjekt 1814- fellesprosjekt i MuHo LVS og IH deltok i MuHo sitt felles undervisingstilbod til skulane i Nordhordland om demokrati, mat og helse i 1814. Muho si hovedmarkering av grunnloven. Vi var med på planlegging og gjennomføring i samarbeid med kollegaer frå dei andre avdelingane. Aktivitetane fann stad på Vestnorsk Utvandringssenter, Lyngheisenteret og Osterøy museum. Til saman 400 skuleelevar frå ungdomsskular i Nordhordland deltok.

Vi er ikkje kommet til jorden for noe gjestebud- teater I år feira vi at det er fem år sidan vi satte opp forestillinga for første gong. I år viste vi seks forestillingar i perioden 7. -16. november, med totalt 780 publikummarar, noko som tilsvarar eit belegg på 81 %. Den siste forestillinga var så full at vi måtte ty til ståplasser, men vi måtte også avvise folk i døra sidan det ikkje var plass til fleire i salen. Framleis får vi mange gode tilbakemeldingar frå publikum. Avisa Strilen konkluderte med: «Strålande Gjestebod». Vi har også i år vidareført samarbeidet med Salhus skule, kor elevane i 4. og 5. klasse får undervising i dramalek og

Page 11: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

10

teaterøving, og dei speler i stykket. Elevene blir delt inn i to grupper, og har spelt kvar si helg. Etter fem år er forestillinga i ferd med å gi ein ny generasjon felles referansar til felles historie.

Det er klare forventingar om at stykket og skal spelast i 2015.

AArrangement

25. mars: Strikkekafe, 1000 fuglar med Marie Skeie

29. april: Strikkekafe, Hanne Dale fortel om broderisamlinga frå Gunnar Pedersen

5.-9. mai workshop med KHIB

10. mai: Utstillingsåpning – KHIB, Loose Ends

27. mai: Strikkekafe med Solveig Jordal som fortalte om minnetepper

15. juni: Livet utenfor fabrikken

15. juni: Opning av kunstutstillinga til Karin Aurora Lindell; Lindells mobile tekstilfabrikk. Oddny Miljeteig, nestleiar i komité for Kultur i Bergen kommune opna utstillinga.

26. august: Strikkekafe, 1000 fuglar med Marie Skeie

31. august: Levande fabrikk

Utkledde barn under Livet utanfor fabrikken. Foto: Lars Voss Sørhus/ Norsk Trikotasjemuseum.

Page 12: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

11

30. september: strikkekafe Salhusstrikk med Kristine Akselberg, del av Ulluken 2014

15. oktober: Opning av 100 fuglar av Marie Skeie. Sveinung Valle opna utstillinga, musikalske innslag fra Dråpe, skype fra Gaza og innlegg av kunstner Kathrine Meisfjord

24. oktober: Dei ureine, ei forestilling om dei spedalske på strilelandet. Song, foredrag og musikk ved Reidun Horvei, Ole Didrik Lærum og Per Inge Hove 28. oktober: Strikkekafe Nøstebarn

25. november: strikkekafe Human Knitting Machine med strikkedesigner Ingun Myrstad

Deltok og bidrog inn i Ulluken 26. september- 5. oktober

Deltok og bidrog inn i Kulturfest Åsane 26. oktober- 2.november.

AAnna Skriver tekster om industribedrifter og legger ut på: www.industrimuseum.no

Vi har starta opp med å lage mønsterperm til museumsbutikk og til kafeen. Tanken er at besøkande skal kunne bla i denne og ta kopier til privat bruk, i påvente av ei digital formidlingsløysning for mønstra. Besøkande kan fritt kopiere broderimønstra, og vi sel mønstre/ oppskrift til strikking.

Filmen av Dale garn blir vist fast i museet sin foaje.

Arbeidet som er gjort av samlingsgruppa og driftsleiar i mekanisk verkstad, har bidrege til ei utviding av publikumstilbodet.

Syerskere som jobba på Salhus Tricotagefabrik då den var i drift. Her viser dei korleis ein syr under Levande fabrikk. Foto: Ellen M. Risbruna/ Norsk Trikotasjemuseum.

Page 13: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

12

MMuseumsbutikk og produksjon

Norlender på Osterøy vaskar og etterbehandlar den ferdig strikka metervaren som nå har fått nye fargar med garn frå Sandnes garn. Skreddar Kristine Akselberg syr produkt for museet, og har designa 2 nye jakkemodeller. Offisiell lansering i september. Prisen på genserane vil bli satt opp. Også putetrekk og pulsvarmarar i den nye fargen. SG ferdigstiller pledd og skjerf, og lager sitteunderlag. Nye merkelappar til alle våre produkt under det nye navnet SalhusStrikk.

Rådgjevingstenesta Arbeider med å kartleggja tekstilbedrifter i Bergen kommune. IH har hatt eit møte med NERA-museum om vidare bevaring av gjenstandar, arkiv og kunnskap om teknologibedrifta.

TKB har bistått Bergens Tekniske Museum med søknad som støtte til arrangementet «Kulturnatt». Kommunen støtta prosjektet med 6000,- Ho har og vore på museets julemøte.

Tekstilindustrien i Bergen Vi har starta opp eit prosjekt om å kartlegge tekstilindustrien i Bergen. Vi vet at nær alle slags tekstiler har blitt produsert i nærmiljøet i løpet av 1900-tallet, men det gjenstår mange spørsmål vi ønsker svar på. Hvor mange tekstilfabrikker har hatt sitt virke innenfor dagens grenser for Bergen kommune? Hva ble produsert? Hvor ligger/lå disse fabrikkene? Hvor mange var sysselsatt ved de ulike bedriftene?

Vi startet med en plan for å lage oversikt over alle bedrifter. Oppslagsverk som «Norsk Teko-industri» (1976) og «Det Norske Næringsliv» har vært viktige kilder. Vi har nå en liste på 116 bedrifter som av disse blir regnet innenfor tekstilindustrien. Planen er å utvikle en liste med informasjon om produkter og antall ansatte. Vi må finne ut når bedriftene har virket, og hvilke bedrifter som egentlig kan samles under samme eierskap/konsern. Det er interessant å følge eierskap og merkevarer over ulike adresser og bedrifter.

Vi ønsker og er i gang med å utvikle et kart hvor hver fabrikk blir plassert inn, samle bilder og de opplysningene som er nevnt ovenfor, slik at man kan få et inntrykk av hvordan tekstilindustrien en gang har dominert så vel gatebildet som klær og tekstiler knyttet til interiør i de vestlandske hjem.

Listen er klar som et dokument i excel, og vi har akkurat fått opprettet et eget kart i Google Maps hvor vi kan legge inn adresser og mer informasjon om de enkelte bedriftene.

Page 14: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

13

FForvaltning Bygg og anlegg

Utvendig arbeid

2014 har vore eit år med mykje godt ver, og vi har fått vaska, skrapa, grunna og malt både bygg og vindauge. Vi gjer greie for kva som har blitt malt under:

BYGG PÅ OMRÅDET

Rulleboden (bygg 1866), veggar

Skulehuset (bygg 1878), vegger og vindauge

Alle veggane på lærarbustaden (1864)

Vegg under rapo 1860 bustad og bodtilbygg 1860 bustad

Dei nye vindauga til Kveldheim (bygg 1866) har blitt grunna og malt.

FABRIKKEN

Gavlvegg på 1900- bygg

Vegg til oljetankrom og på vegg til varmeloft

Gavlvegg 1932 bygg

Saman med Bevaringstenestene (som held til i ein del av fabrikkbygget) vart det leigd inn firma som malte veggene på felles bygg, 1936, 1953 og 1913. Tilsette på museet kitta og malte vindauga. Det vart skifta ut knust glas, samt utført vedlikehald på dei originale stålrammene som glasa står i. Eitt omfattande og stort arbeidd. Om ønskjeleg, kan ein lese rapporten over arbeidet via Hordaland Fylkeskommune.

Før alt malearbeidet kunne ta til, måtte stillaset settast opp, og tas ned igjen etter at arbeidet var avslutta, eit tidkrevjande arbeid, men heldigvis har vi dei siste åra kjøpt inn stillas slik at vi ikkje treng å leige inn.

Anna utvendig arbeid Hausten 2013 opplevde vi tider med store nedbørsmengder og mindre flaumskader. Milaelva, som går under bygg 1900, brakte med seg store mengder lausmasse og stein som la seg under bygg 1900. Vi har fjerna 70- 80 kubikk med steinmasser og rydda under bygget ved hjelp av ferje med gravemaskin og dumper (sjå foto under). Det vart denne gongen grove mykje djupare enn sist i 2007.

Bygg 1900 vart reingjort, skrapa og malt sommaren 2014. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum

Page 15: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

14

Frå dokumentasjonen av mekanisk verkstad; reinhald og gjennomgang av verktøy. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum

For å komme til under bygget måtte vi demontere kaien for å kunne stå oppreist mens vi jobba. Vannmassane øydela nokre av dei berande konstruksjonane på kaia.

Deler av utgiftene til dette vart dekka av Namsfogden. I 2015 skal vi fullføre arbeidet med ny understøtting av kai, og skru kaiplankane på plass igjen. Vi skal og følgje opp NVE som har lova att Milaelva skal sikrast i 2015. Til høgre ser ein foto frå oppryddinga.

Alle dei andre kaiane er vaska og fått to strøk med overflatebehandling.

Elles er det utført mykje arbeid på museet sitt uteområde. Nokon stader har vi planert, sådd plenfrø, gjødsla og kalka. Nokre natursteinmurar har blitt satt i stand av museet. Vi har og erstatta smale stiar med opparbeidde gangveier. Desse er myke meir funksjonelle, og ikkje minst historisk riktige. Ved sidan av dette har deler av uteområdet blitt spylt og kosta, og benker har blitt satt ut både på badeplass og elles der dei naturleg høyrer til.

Anna vedlikehaldsarbeid og arbeid på anlegget Vi har skifta dei berande bjelkane under rapo på 1860 bustad. Her var det mykje råte grunna eldre dårlege bygningsteknisk løysningar. Vi måtte også skifte opplengarane på deler av den lafta veggen grunna ein lekkasje.

Vi har i fleire år har leigd eit lager i Ytre Arna, til maksinar og til ulike gjenstandar. Tilstanden i dette bygget har ikkje vore god, og vi har nå flytta alt over til eit nytt og betre lager på Dale kor fuktighet og temperatur er mykje betre.

På kaia sør ved fabrikken har vi montert ein ladestasjon til el- bilar.

Arbeid innvendig Mekanisk verkstad Vi har rydda, sortert og reingjort handverktøy, elektrisk verktøy, både handheldt og stasjonært. Forutan sortering og reinhaldsarbeidet, har mekanisk verkstad blitt dokumentert via film og

Page 16: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

15

Detalj frå fyrrom. Foto: Hanne Dale / Norsk Trikotasjemuseum

foto. Handverkarane har arbeidd saman med samlings-forvaltarane, og informasjonen til handverkar er filma og nedteikna. Korrespondanse og katalogar vi fant på mekanisk verkstad, er sendt vidare til Bergen Byarkiv. Ved å få satt istand verkstaden er det nå enklare å kome til bygningskonstruksjonane i lokalet, samt vi kan også nå vise verkstaden til publikum.

FFyrrom Rydda, sortert, reingjort og malt. Mykje av det opprinnelege utstyret har blitt dokumentert saman med samlingsforvaltarane via film og foto. Som med mekanisk verkstad kan også dette rommet nå visast fram til publikum.

Maskinparken

Spolemaskinen på spoleloftet er gjennomgått. Sokkestrikkemaskinar er gjennomgått. Ringspinnemaskin er gjennomgått. Rundstrikkemaskiner er også gjennomgått.

Diverse anna arbeid

2 dreiemaskinar og 1 stor boremaskin, satt inn med olje. Ny eldstad er montert i lærarbustad. Deler av vegg på ullaloft fått nytt panel. Rotne golvbjelkar i eit lite rom i bakdelen av 1900-1910 bygg er skifta ut. Rydda, sparkla, pussa og malt i 1860- bustad. Sprinkel anlegget, delvis frå 1928 og det nest eldste i Norge som framleis er i drift, er vaska, reparert og målt med 2 strøk.

Page 17: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

16

Utført vedlikehald av gamalt tretongdekke på golv på spoleloft. Tretrong er ei blanding av sement og sagflis, og fabrikken la dette på golvet for å unngå at golvet blei glatt om ein sølte olje. Tretongen motverka at olja trakk ned i tregolvet.

Sikring av bygget og anlegget

Vi lister opp ulike sikringstiltak som er utført i 2014:

Nytt sikringsskap med varmeelement i fjellhallen. Installert og montert EFP1 system i hovudtavler i fabrikken og på bygget Kveldheim (1866). 8 underfordelingskap er oppgradert, etter nye forskrifter frå installatør. Branndetektert rullebod (1866). Nå er også denne kobla direkte mot brannsentralen og er i egen sone knytt til Kveldheim (1866). Mekanisk verkstad: sikra el- anlegget og utjevningsjorda. Smia: skifta el-kabler, overhalt og sikra motor for esse og utjevningsjorda. Fyr-hus: full overhaling av el- anlegg, alle kabler og utgjevningsjorda. Nye nød- og rømningsveger, samt installert nød og ledelys i rømningsvegen Installert detektor på klubbkontor. Installert el-tidsur på hvitevarer. Sprinklersentral: Installert «overvåkning» av utkoblingsnøkler og nøkkelsafe. Skorstein 1905: Lynvern fra fabrikkpipe, kobberkabel og kobberplate er lagt ut i sjø. Lagt om el- kablar i skulehus, på ullaloft og i magasin. 1900- bygget: Ny strømforsyning med underfordelingsskap og sikring av El-anlegg, utjevningsjorda. Person/vareheis i 1953-bygg: Pga. nye forskrifter frå heiskontrollen har vi montert to stk nye lyspunkt i tak. Skifta to dører i rømingsvei i fyrrom.

Elles held vi framleis på å skifte ut pcb-haldige komponentar i dei gamle lysarmaturane, eitt omfattande og tidkrevjande arbeidd.

BKK foretok ein omfattande el-kontroll på alle bygga til museet hausten 2014. BKK kunne kun peike på små manglar, og desse er nå retta opp.

Alle avtalte årskontrollar og serviceavtalar er gjennomført. Handverkarar har delteke på brannvernkonferansen, fått kursbevis som godkjent montør av eldsteder og skorsteinar, og på andre fagleg relevante kurs og seminar.

1 EFP-systemet er eit brannsikringssystem som detekterer og stopper branntilløp i elektriske anlegg før brann eventuelt bryt ut.

Page 18: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

17

NNasjonale nettverk og andre nettverk AKR sitter i gruppa Nasjonal beredskapsgruppe i regi av Nettverk for arbeiderkultur. TKB og AKR er aktive i Nettverk for arbeidarkultur og Nettverk for industrihistorie, og NTvar vertskap og deltakarar (TKB og AKR) på seminaret til gruppa «Det fleksible arbeidsliv». AKR sitter og i arbeidsutvalet til det nyoppretta nettverket mellom UiB/ AHKR, Byantikvaren i Bergen, Hordaland Fylkeskommune, ved fylkeskonservator, Universitetsmuseet i Bergen som skal sjå på ulike problemstillingar innan forvalting og forsking på industriminner. AKR og TO er aktive i Nettverket for dei nasjonale industriminna. NT er også med i Nettverket nordiske tekstilindustrimuseer.

Kurs TO: Brannvernkonferansen og på kurs for å bli godkjent montør av ildstader og skorsteinar. LVS og IH: formidlingsseminar, «Maur i rompa». AKR: delteke på leiarseminar i regi av Norges museumsforbund. TKB, IH og AKR: Gjennomført kurs i industridokumentasjon i Kristiansund. TKB og AKR: Seminar; «Prioritering av samlingene» 13. og 14. mars på Bryggens museum, i regi av Bymuseet. LVS og IH: Gjennomførte faget Muntlig formidling i regi av NLA. SG: Tovekurs SG: fullført eit emne i Kulturvitskap ved NTNU. Ved sidan av dette har tilsette også delteke på ulike seminar i regi av mellom anna Norsk Kulturråd, Norges museumsforbund, Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, på og av andre konsoliderte museer etc.

Til slutt vil vi takke alle samarbeidspartnarar for godt samarbeid, og ikkje minst gi ein takk til Venneforeininga til Norsk Trikotasjemuseum for alt godt arbeid utført av deira medlemmer.

Ann Kristin Ramstrøm Salhus Februar 2015

Page 19: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

1

2014 Årsrapport

Page 20: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

2

Innleiing

Aktiviteten ved BEV har vore variert og spanande i 2014. Gjenstandar frå musea er teke godt hand om, og plasserte i Fellesmagasinet for musea i Hordaland. Tall på musea som flytte inn i 2014 var syv. Tre ordinære flytteprosjekt vart avlyst. Med ein tilsett i farspermisjon frå september måtte det på plass vikar som trong opplæring. Det er behov for fleire tilsette i dette viktige arbeidet for samlingane ved musea.

Oppdrag kjem inn, men det er konkurranse om oppdraga. BEV er i ein marknad som veks. Det har i 2014 vore stor aktivitet knytt til konservering, både med omsyn til tekstil- og gjenstandskonservering. Det er viktig å ha på plass denne kompetansen og derav tilbodet til både musea og eksterne kundar. Dei som får informasjon om vårt konserveringsarbeid ved omvising, synast det er spanande og nyttig å verte kjend med denne type verksemd ved musea. BEV har i 2014 også delteke internasjonalt ved ICOM-CC sin kongress i Melbourne kor vår tekstilkonservator Ida Areklett Garmann heldt eit innlegg knytt til Hannah Ryggen sitt teppe « Vi lever på en stjerne», som vart skada 22.juli 2011 i terrorangrepet på høgblokken i Regjeringskvartalet.

Forvaltning – Samlingsforvaltning – Revita

Flytteprosjekt etter flytteprosjekt vert ferdigstilt, og tal på gjenstandar i magasinet veks. Nokre museum gjennomførte to flytteprosjekt, medan andre seier frå seg sin moglegheit til fri magasinplass grunna mangel på kapasitet til klargjering og registrering i Primus.

I 2014 vart det sluttførd flytteprosjekt frå 7 av musea, og svært ulike gjenstandar kom inn i magasinet.

KODE har levert store skåp og det vart testa kor grensene går med omsyn til storleik på gjenstandar som kan kome inn i Fellesmagasinet. To av prosjekta til KODE inneheldt to store skåp, samt gjenstandar av metall. Handteringa av dei store gjenstandane var svært tid- og ressurskrevjande, og dette var noko av årsaken til at flytteprosjekta ikkje vart ferdig handsama i Revitaprosessen i den perioden som var avsett til dette. Arbeidet med metallgjenstandane heldt difor fram innimellom dei ordinære flytteprosjekta frametter. Desse to prosjekta blir truleg ikkje sluttført før i 2015.

Page 21: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

3

Utanom dei ordinære flytteprosjekta har Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum levert to gjenstandar. I 2014 vart det ekstra flytteprosjekt med undervisningsfilmar frå Bymuseet i Bergen som vart levert i 2010 avslutta. I tillegg til innflytting har vi hatt eit fryseoppdrag med insektsanering frå Museum Vest.

To av flytteprosjekta inneheldt nokre gjenstandar som sannsynlegvis består av PVC, og der delar av gjenstanden er i ein aktiv nedbrytingsprosess. PVC er eit materiale som kan ha negativ påverknad på luftkvaliteten i magasinet og dermed også på andre gjenstandar i nærleiken. Bevaringstenestene har ikkje kapasitet til å pakke denne type gjenstandar på særskild måte, og det er ikkje magasinrom i Fellesmagasinet som gir moglegheit til å plassere dei isolert. Då Fellesmagasinet rommar ERNI gjenstandar frå fleire ulike eigarmuseum ser vi dessverre ikkje at vi kan ta inn større gjenstandar av PVC i magasinet. I høve til eit nytt Fellesmagasin for musea i Hordaland vil det vere mogleg å ta omsyn til oppbevaring av denne type gjenstandar. Vi bidreg gjerne med informasjon og rettleiing til eigarmuseet m.o.t. korleis dei kan pakke og oppbevare gjenstandane inntil eit tilbod i nytt Fellesmagasin er på plass.

I Revita-prosessen vert det nytta forskjellig teknisk utstyr som t.d. diverse fotoutstyr, strekkodeskrivar og programvaren Primus. I 2014 har det vore behov for reparasjonar og oppdateringar, og det har ført til forseinking i arbeidet. Arbeid med Primusrevisjonen vart avslutta ved årsskiftet 2014/2015.

Klima- og skadedyrkontroll vert kontinuerleg utført i magasin og atelier.

Det har vore tre studiebesøk der interesserte og representantar frå eigarmusea har kunne studere gjenstandar frå Fellesmagasinet i Studierommet ved Bevaringstenestene. Dette er også ei side ved forvaltninga av Fellesmagasinet som krev ressursar.

Page 22: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

4

Magasinrapport

Institusjon Magasinert (avslutta flytteprosjekt)

SUM 2009-2012

2013 inn

2013 ut

Endring etter Primus revisjon 2014 Sum

Baroniet Rosendal 0 0

Bergens Sjøfartsmuseum 0 52 Fullført 2014: +/- 0 220 272 Bymuseet i Bergen 2817 337 -6 Fullført 2014: + 3 550 3701 Hardanger og Voss museum 732 Fullført 2013: + 1 19 752 Kunstmuseene i Bergen 1346 448 -1 Fullført 2014: + 46 1839

Museum Vest 2039 111 Fullført 2014:+/- 0 241 2391 Museumssenteret i Hordaland 1008 127 Fullført 2015: - 31 1002 2106

NVIM 138 Fullført 2014:+/- 0 2 140

Sunnhordland Museum 610 46 Fullført 2014:+/- 0 59 715 Sum 1121 -7 2093 11916

Institusjon

BEV anvendte

arbeidstimer

BEV anvendte

arbeidstimer

BEV anvendte

arbeidstimer

BEV anvendte

arbeidstimer

SUM timer totalt pr museum

Musea i Hordaland 2011 2012 2013 2014 Baroniet i Rosendal 0 125,83 16,25 2,5 145 Bergens Sjøfartsmuseum 0 0,5 162 545,15 708 Bymuseet i Bergen 656 426 613,65 410 2106 Hardanger og Voss museum 88 654 121 211,75 1075 KODE-Kunstmuseene i Begen 875 753,15 979,5 604,25 3212 Museum Vest 330 647 334,75 333,5 1645 Museumssenteret i Hordaland 280 288,95 365,24 851,45 1786 Norsk Vassdrags- og Industristad Museum 289 244 3,5 283,25 820 Sunnhordland museum 269 282,95 265,2 237,25 1055 Sum totalt 2787 3422,38 2861,09 3479,1 12549,57

Page 23: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

5

Fellesmagasin for musea i Hordaland – nytt areal Det er stor interesse for eit nytt Fellesmagasin for musea i Hordaland. På eit møte i Salhus 22.mai uttrykte representant frå Kulturrådet stor forbausing over at det ikkje tidlegare har kome søknad frå Hordaland knytt til nytt Fellesmagasin. Hordaland fylkeskommune gav i 2014 klarsignal til at det kunne etablerast eit utval som skal arbeide med saken, sett saman av ein representant frå Hordaland fylkeskommune, ein frå Bergen kommune, to representantar frå Hordaland Museumslag og tre representantar frå MuHo. Fyrste møte vart halde 26. august, og der vart det gjeve ein oppsummering frå førre prosess knytt til Fellesmagasin. Det vart levert ut ei liste med kravspesifikasjon til magasin.

Konservering

Konservering for musea i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland – Kulturverntenesta i Nordhordland Etter tildeling av prosjektmidlar frå Hordaland fylkeskommune vart det utarbeid ein rapport med tilstandsvurdering og førebyggjande tiltak av samlingane i Nordhordland i samband med oppsett av ein samlingsforvaltningsplan for området.

Museumssenteret i Hordaland – Vestnorsk utvandringssenter Forslag til konservering av ei uniformsjakke med utarbeiding av kalkyle på arbeidet.

Museum Vest – Hanseatisk museum Ei pumpe av tre (HMB 00573) vart konservert for utstilling i museet.

Museum Vest - Herdla museum Fana frå Herdla fråhaldslag vart konservert, og kan etter reingjering og stabillisering igjen utstillast.

Synfaring på Herdla museum 4.november med gjennomgang av ei tekstilsamling gjeve til museet som gåve frå Herdla gard.

Page 24: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

6

Synfaring Museum Vest – Herdla museum

KODE 1 – Vestlandske Kunstindustrimuseum Sluttført konservering av tre kinesiske porselensgjenstandar som vart skada eller knust under tjuveriet i januar 2013. Det gjeld ei lita skål (VK 1931 no 272), skål (VK 1930 no 65) og ein vase (VK 201 - 1910)

Konservering av lita skål frå KODE 1 etter innbrudd og tjuveri

KODE 1 – Vestlandske Kunstindustrimuseum I samband med utstillinga «Nålens øye» vart eit hårbroderi (VK.06889) og eit silkebroderi (VK.02062) konservert. Ramma til hårbroderiet trong også konservering.

Detalj av silkebroderi Silkebroderi Vrange av hårbroderi

I samband med utstillinga vart det utført eit oppdrag for KODE knytt til utpakking og montering av fem broderi og eit kunstverk frå Nasjonalmuseet.

Eit anna oppdrag for KODE var knytt til nedpakking av uniformar samstundes som informasjon vart gjeve til konservatorstudentar frå Tyskland som var i praksis ved KODE. Det vart også sett opp ein kalkyle for monteringsarbeid knytt til ein altarduk. KODE – Troldhaugen Tilstandsvurdering og konserveringsforslag med påfølgjande kalkyle av Edvard Grieg si skinnveske.

Page 25: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

7

Bymuseet i Bergen – Gamle Bergen Museum Ei gipsbyste (GB 19914) vart konservert etter skadar som var oppstått ved avstøyping.

Bymuseet i Bergen – Alvøen hovedgård Glas frå eit vindauge vart limt. Bymuseet i Bergen – St. Jørgen Kirke, Lepramuseet Dei konserverte kyrkjetekstilane vart remonterte.

Bymuseet i Bergen – St. Jørgen kirke, Lepramuseet Etter brannen var det behov for å reingjere og stabilisere læret på knefallet ved alterringen. Konserveringsarbeidet vart utført på staden.

Overflatereingjering av knefall Ferdig konservert knefall

Page 26: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

8

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum Konservering av to faner (Fane NVIM-05332 og Fane NVIM-04374) for ei temporær utstilling i Tyssedal i november 2014. Begge fanene skal tilbakeførast til Fellesmagasinet i løpet av våren 2015.

Etterglatting av faneduk Ferdig konservert ved laminering Ferdig konservert ved laminering

Eksterne kundar

Tekstilatelieret - Ferdigstilte i perioden

Universitetet i Bergen – Realfagsbygget Det vart utført lysmålingar på billetteppet «Den røde tråd», som vi konserverte i desember 2013. Ein kort rapport med verdiane som vart målt og tilrådingar på tiltak er utarbeida og oversendt.

Veøy kyrkje – Romsdalsmuseet Sluttført konservering av den særs gamle og unike broderte linduken

Utprøving av metode Våtrengjøring på sugebord Under rengjøringsprosess: venstre side av foto ikkje reingjort

Page 27: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

9

Storetveit kirke Synfaring av golvteppe, med utarbeiding av kalkyle.

Stavanger domkirke Av fem tilsendte messehaklar er tre ferdig konservert, og to har ikkje fått aksept til no.

Hamre kyrkje Eit båreteppe er fukta, glatta og pakka om. Er avlevert.

Tinn kommune Norsk flagg i silke er reingjort og konservert ved saum.

Nidaros domkirkes restaureringsarbeider Utført synfaring av kroningskappa og to riksbanner (det eldre og det yngre)

Detalj av det eldre riksbanner Det yngre riksbanner Tilsyn med kroningskappa

Trondhjems hospital Messehakel vart konservert ved saumarbeid.

Tysvær kommune Rekonservering av fane etter at utstillingsmonter vart knust og forårsaka skader på faneduken. Arbeidet er sluttført.

Fortidsminneforeningen i Bergen og Hordaland Det vart gjennomførd ei synfaring til Fortidsminneforeningen for vurdering av ein messehakel. Messehakelen vart frakta til BEV for insektsanering og oppsett av kalkyle som vart sendt ut.

Statsbygg vest - Gamlehaugen Synfaring i samband med omtrekking av møblement, og råd med omsyn til montering av nye gardiner i biblioteket. BEV vart hyra som fagleg konsulent i samband med prosjektet omtrekking av møblement, og oppsett av anbodsbeskriving av veving av møbelstoff. Synfaring av portierer i entreen med forslag til konservering for framtidig bevaring.

Brakanes group – Ulvik hotell Konservering av biletteppet «Ørneredet», med våtreingjering og montering av nytt oppheng.

Page 28: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

10

Før konservering; falma på retta, ringar øvst

Høgskolen i Bergen To store flossryer er konservert ved våtreingjering og montering av nye oppheng.

Våtreingjering i karbad av flossrye

KFUK – KFUM Bergen Konservering av fana ved reingjering og laminering. Den er no utstilt i KFUK – KFUM sine lokale.

Demontering av fane før konservering Ferdig konservert ved laminering

Norges Handelshøyskole - NHH Synfaring i representasjonsrommet frå Conrad Mohns villa «Stupet». I hovudsak er det transparantene «Margeritter» av Frida Hansen som vart vurderte, men vi såg også på andre tekstilar. Det vart utarbeida tilstandsvurdering og sett opp kalkyle på konserveringsforslag.

Page 29: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

11

Nidarosdomen Messehakel trong rekonservering etter å ha vore i bruk etter førre konservering i 2002. Messehakelen er no reingjort, laminert og svake broderte områder er sikra. Den skal no takast ut av bruk.

Konservering ved saum Ferdig konservert

Haugalandsmuseene - Karmsund folkemuseum For å stabilisere den særs nedbrotne fana og sikre den for framtida ved god magasinering, vart fana montert til ei plate trekt med bomullsstoff og dekt med nylontyll som vart sydd fast til bomullsstoffet. Det vart konstruert ei øskje etter mål slik at fana ligg stabilt.

Fana er i svært dårleg stand Rensetest i hjørnet av gullramma

Davik kyrkje Konservering av ein alterduk vart utført ved reduksjonsbleiking og reingjering. Små rifter i broderiet vart konservert.

Ytre Arna historielag Det vart gjennomførd ei synfaring 5.november av ei stor samling faner i historielaget sitt eige. Dei ynskte råd og rettleiing om oppbevaring av desse.

Laksevåg bueskyttere Fane frå Laksevåg bueskyttere er ferdig konservert ved laminering.

Lindås sogelag Konservering av silkeskaut. Skautet hadde nokre hol som er sydd ned til støttemateriale.

Page 30: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

12

Private kundar – tekstilatelieret

- samisk grene - biletteppe av Jan Groth - åkle i handspunne lin og ull - ruteåkle - åkle - dåpskjole

Påbyrja oppdrag:

Sør Hålogaland bispedømme Riksantikvaren har tildelt midlar til konservering av ei unik bispekåpe i sølvlamè, datert ca 1780. Konserveringsarbeidet har starta opp.

Jødisk museum i Trondheim Konservering av ei fangebukse som kjem frå konsentrajonsleiren Buchenwald. Buksa har store mengder lim over det heile som bør fjernast. Utprøving av kjemikaliar er i gong.

Det er i 2014 sendt ut kalkyler på følgjande gjenstandar, der vi ventar på svar: Strandebarm kyrkje: to messehaklar Meland kyrkje: kollekthåv Hamarøy kommune: kjole etter Marie Hamsun Storetveit kirke: to store golvtepper NHH: tekstilar i rommet frå Conrad Mohrs villa «Stupet» Bergen KFUM/KFUK: to faner Fortidsminneforeningen: messehakel Gamlehaugen: vevde portierer Mariakirken: kollekthåv Sandøy kyrkje: messehakel Høgskolen i Bergen: eit billedteppe og tre tekstiltrykk Vestnes kyrkje: messehakel

Kulturhistorisk atelier

EFA Holding As – kunstverk av Dolk Etter hærverk på kunstverk av Dolk ved overmåling, drog BEV på synfaring for å undersøke om det var mogleg å redde verket. Det vart levert kalkyle som ikkje vart godteken.

Page 31: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

13

Bergen Ur-service – urskive av glas Det vart levert kalkyle på liming av fragmentane, men kalkylen vart avslått.

Hordaland fylkeskommune Konservering av glasfelta tilhøyrande Langhaugen skule vart avslutta og råd vart gjeve med omsyn til remontering.

Akasia – Mariakirken - Lysekroner Ni av totalt elleve lysekroner i messing vart ferdig konservert ved å ha gjennomgått reingjering ved fjerning av støv og skitt, rester av gamalt pussemiddel og mindre korrosjon. Det står att to lysekroner.

Lysekrone i alle sine delar Før og etter konservering av metallet

Akasia – Mariakirken - Sølv Konservering av ca 40 gjenstandar av sølv ved fjerning av støv og skitt, restar av pussemiddel, tjukke avleiringar og litt korrosjon.

Sølvgjenstand, etter konservering til venstre, før konservering til høgre.

Akasia – Mariakirken - Kyrkjeskip Mykje støv og skitt på kyrkeskipet vart fjerna ved reingjering, og nokre mindre konserveringsarbeid vart utført.

Page 32: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

14

Etter konservering

Akasia - Mariakirken – Oppheng til lysekroner Arbeidet med å klargjere oppheng til dei elleve lysekronene er planlagd. Opphenga, som er forma som ei lenke, skal gjennomgå konservering og restaurering, inkludert innsamling av malingsprøver i 2015.

Statsbygg Vest – Gamlehaugen Ein av stolane i hallen vart trekt om, og BEV stod for reingjering av treverket slik at den originale overflata vart bevart.

Universitetet i Bergen Det har vore utførd synfaring og skrive rapport, samt konserveringskalkyler for 4 gjenstandar. Private kundar – kulturhistorisk atelier Symaskin Indonesisk skål Måneskinslampe Glasmåleri Ølkjenge Baccarat vase

Page 33: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

15

Måneskinslampe Baccarat vase Det er sendt ut kalkyler på følgjande gjenstandnar: Mariakirken: konservering av fire lysestakar Privat kunde: konservering av to vinglass Museum Vest: konservering av ein malt ambar i tre.

Formidling

Musea fekk tilbod om kurs knytt til flytte- og Revitaprosess tidleg på året. Grunna liten interesse vart kurset utsett til seint på året for å få med eventuelle nye medarbeidarar som kom til i løpet av 2014. Kurset vart halde 26.sept. og berre 3 representantar frå musea deltok.

Åtte konservatorstudentar frå Köln hadde ein studiedag ved Bevaringstenestene kor dei vart viste rundt i ateliera og fekk grundig informasjon om vår verksemd. Dei var sers nøgde med kva dei såg og fekk høyre ved avdelinga.

Frå omvising på Kulturhistorisk atelier Frå omvising på Tekstilatelieret

I samband med at KODE hadde desse konservatorstudentane i praksis, vart Bevaringstenestene bede om å gje grunnleggjande informasjon om pakking og dokumentasjon av 6 drakter frå Kina-samlingen.

Foredrag I samband med ICOM-CC sin kongress15.-19. september i Australia med tema «Bulding strong culture through conservation», deltok Ida Areklett Garmann med eit innlegg om konservering av Hannah Ryggen sitt teppe “Vi lever på en stjerne» som vart skada under terrorangrepet på høgblokka i Regjeringskvartalet 22.juli 2011. Teppet vart konservert ved Bevaringstenestene.

Page 34: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

16

Under Fagdagane ved Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt – Fagernes 28.-29.aug.2014, holdt tekstilkonservator Friederike Kunze eit innlegg knytt til bevaring av historisk skinn knytt til drakt. Ho var også tilgjengeleg for spørsmål knytt til bevaring av skinn/lær og tekstil.

Open dag ved Bevaringstenestene «Open dag» ( sundag 26.okt. og torsdag 30.okt.) ved Bevaringstenestene under Kulturfest Åsane, vart arrangert med omvising i ateliera og det vart halde to foredrag knytt til ulike interessante konserveringsoppdrag. I 2014 vart det også sendt invitasjon til skular, og det kom ein skuleklasse frå vidaregåande trinn. Det synte seg at tal på besøkande var noko fleire ein kvardag enn sundag. Det er fyrste år BEV heldt opent ein kvardag.

Fagdag i regi av Bevaringstenestene Bevaringstenestene sitt årlege arrangement «Fagdag 2014» hadde tema ««Stell og vedlikehold av historiske hus og deres interiør». Det var invitert fire foredragshaldarar som gav oss ein nyttig og interessant dag. I alt var det 64 påmelde frå store delar av landet , og det kom berre positive tilbakemeldingar. Hordaland fylkeskommune bidrog med kr 10 000 i økonomisk støtte frå Ålmenne kulturformål, men det er kostbart å ha dyktige tilreisande foredragshaldarar og «Fagdag 2014» gjekk difor med kr 8 000 i underskot sjølv om deltakarane vart fakturert med kr 1000 pr stk..

Frå Fagdag 2014: forelesarar: Jon Brænne, Helen Lloyd, Lisa Nilsen, Sigurd Sandmo. Deltakarar og arrangørar med forelesarar.

Page 35: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

17

Oversikt formidlingsaktivitet ved BEV

2014.03.31 BEV deltok med faglig informasjon på møte arrangert av Brd. Lohne & Theodor Olsen Sølvvareverksted i samband med bevaring og stell av kyrkjesylv.

2014.04.23 Foredrag i Trondheim under møte i regi av NKF- midt Norge: » Utvikling av Felles beredskapsgruppe for museer og arkiv i Hordaland» 2014.04.23 Studiebesøk av to personar frå Sunnfjord museum, kor BEV gav råd og rettleiing i samband med utstilling av tekstilar. 2014.05.21 Omvising ved BEV og informasjon til to personar frå Kulturdepartementet 2014.08.28 Foredrag ved Valdres Folkemuseum på Fagernes under Fagdag v/ Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt: «Bevaring av historiske drakter med skinn» 2014.09.10 Omvising ved BEV for deltakarar ved det nasjonale museumsmøtet i Bergen 2014.09.16 Foredrag ved ICOM-CC sin kongress i Melbourne, Australia: “Conservation of a tapestry damaged in the act of terrorism in Oslo, 22 July 2011”servation 26.09.2014 Kurs for musea knytt til innflytting og Revitaprosess, med fokus på HMS og merking av gjenstandar. Tre representantar frå musea i Hordaland deltok. 2014.10.24 Foredrag i førebyggjande konservering for studentar frå Vestnorsk Kulturakademi og omvising i ateliera. 2014.10.26. Under Kulturfest Åsane: «Open dag», ein søndag med omvising og to foredrag. Alison Foster: Conservation of Chinese porcelain damaged during the theft at KODE Inger Raknes Pedersen og Ida Areklett Garmann: Tre unike broderte mellomalderdukar, Veøy – Voss – Ve i Årdal (Huldreduken) 2014.10.23 Omvising og orientering om BEV for Hfk med gjester frå Scottish Heritage og National Trust Scotland 2014.10.30 Under Kulturfest Åsane: «Open dag» ein torsdag med omvising, m.a. ei skuleklasse

Oppfølging av heimesida og sosiale media vert det arbeid med kontinuerleg. Heimesida er no tilpassa to nye felt: Felles Beredskapsgruppe for musea og arkiv i Hordaland, og det nye samarbeidsorganet som er politisk vedteke av Hordaland fylkeskommune: Brukarforum med representantar frå alle musea og Hfk.

I media: 2014.01.17 BA: «Forsøker å redde Dolk-verket». 2014.02.14 Hardanger Folkeblad " Historien om Tysso Elektrikerforening" 2014.04.06 BA «Pleier uvurderlige skatter»

Fornying

Nytt mobilt arbeidsmikroskop med kamera og visningsskjerm vart kjøpt inn og montert. Kurs i bruk av mikroskopet vart holdt for alle tilsette 27.august. Det er viktig med godt utstyr for gode resultat. Det er også kjøpt inn eit endoskop ved Bevaringstenestene.

Page 36: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

18

Demonstrasjon av nytt mikroskpo med fotoutstyr

I samband med HMT og registrering av kjemikaliar i databasen Ecoonline, samt anna vernearbeid, var to av dei tilsette i møte med omvising ved konserveringsseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen 17.juni.

Studiebesøk og teambuilding ved BEV Alle tilsette drog på studietur til Glasgow Museums Resource Centre saman med vår direktør for å få kunnskap om korleis ein kan organisere opne magasin og drifte eit Fellesmagasin på 15 000 km²

Tilsette ved Bevaringstenestene har tatt del i vidareutvikling:

2014.02.13.-14. Grunnkurs i Arbeidsmiljø – dag 1 og 2, Hordaland fylkeskommune. Deltakar: Friederike 2014.02.14 «Folkeskikk og uskikk på jobben» - Fagakademiet. Deltakar: Inger 2014.02.17.-19. Studie- og teambuildingstur til Glasgow. Deltakarar: alle tilsette ved BEV 2014.02.21 «Kemikalier og arbejdssikkerhed» - København, KEP. Deltakar: Friederike 2014.03.05 Grunnkurs i Arbeidsmiljø- dag 3, Hfk. Deltakar: Friederike 2014.03.13 «Prioritering og avhending av samlingar» – Bryggens museum Deltakarar: Mariann, Torunn og Inger 2014.03.14 Årsmøte Hordaland Museumslag, på Osterøy museum. Deltakar: Inger 2014.03.11.- 12. Preus Museum: «Handtering av skada fotografisk materiale.» Deltakar: Friederike 2014.03.18.-19. Primus grunnkurs , KulturIT. Deltakar: Ida 2014.03.27 «Thermo Lignum, metode og utstyr» - representant frå firma haldt foredrag for musea og tilsette ved BEV

Page 37: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

19

2014.03.31 Overenskomsten. Regions og tillitsvalgtsamling i regi av STAFO. Deltakar: Roy 2014.03.31/04.01-02 «Hvordan stå lenger i jobb? Forberedelse til pensjonsalder». Deltakar: Inger 2014.04.03 Kurs i medietrening – STAFO. «Hvordan forholde seg til presse og media», Deltakar: Roy 2014.04.07-08 Leiarutvikling i regi av Norges Museumsforbund. Deltakar: Inger (saman med leiarteamet i MuHo) 2014.05.12 Brannvernskonferansen i Oslo. Deltakar: Roy 2014.06.16. Seminar for Felles beredskapsgruppe for musé og arkiv i Hordaland Deltakarar: Friederike, Anders, Ida, Inger 2014.09.08. Kurs i bruk av hjartestarter. Deltakarar: Friederike, Ida, Philippa, Alison, Inger 2014.09.10.-12. Det nasjonale museumsmøtet i Bergen. Deltakarar: Mariann og Inger 2014.09.15.-19. ICOM-CC kongress i Melbourne, Australia. Deltakar: Ida 2014.09.17.-19. Hausttur til Riga med Hordaland Museumslag. Deltakar: Inger 2014.10.16.-17. Styremøte i MAF i Oslo. Deltakar: Roy 2014.10.20.-24. «Det relevante museum» i regi av Kulturrådet m/flere. Deltakarar: Anders og Torunn 2014.10.24. Kurs i regi av STAFO/MAF: «Når arbeidsforholdet endrer seg». Deltakar: Roy 2014.11.11. Årssamling for Hfk Eigedomsseksjonen i Norheimsund. Deltakar: Roy 2014.11.17.-18. MAF/Stafo representantskapsmøte i Oslo. Deltakar: Roy 2014.11.21. Fagdag 2014: «Stell og vedlikehold av historiske bygninger og deres interiører». Deltakarar: Alison, Mariann, Philippa, Friederike, Ida A.G., Roy, Torunn, Inger 2014.11.24. og 27. Skrivekurs v/ Ingrid Lønnebotten for leiarane ved MuHo. Deltakar: Inger 2014.11.28. Seminar for felles Beredskapsgruppe for musea /arkiv i Hordaland. Deltakarar: Ida A.G., Friederike, Roy, Torunn, Inger 2014.12.01.-03. Konferensen «Rikshantering och kulturvård» i Stockholm. Deltakarar: Ida og Friederike

Nordisk Konservatorforbund – avd. Hordaland Det vart halde møte 4.juni og tilsette ved BEV tok del under foredrag og omvising ved konserveringsseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Som fagforeiningsleiar ved MuHo har Roy deltatt på Styremøte i MAF 16. og 17.oktober i Oslo, og 17. og 18. november på MAF/Stafo sitt representantskapsmøte i Oslo

Forsking

Ved Bevaringstenestene har det vore utførd eit forsøk med anoksibehandling av eit hårbroderi med ei ramme av tre med spor av insektangrep. Sjølve denne anoksi-pakkemetoden kan brukast for langvarig oppbevaring av gjenstandar som ikkje tåler oksygen. Denne metoden vil gje eigarmuseet høge kostnadar knytt til magasinering.

Hårbroderi før konservering Hårbroderi under anoksibehandling

Page 38: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

20

Prosjekt i regi av Bevaringstenestene

Prosjekt knytt til Felles plan for samlingsforvaltning for dei konsoliderte musea i Hordaland Hordaland fylkeskommune har løyvd kr 500 000 til arbeidet med ein felles samlingsforvaltningsplan for musea i Hordaland. Torunn Kojan Bøe vart tilsett 1. februar i 50% prosjektstilling for å koordinere arbeidet med planen.

Den 27. mars var det møte med representantar frå alle dei konsoliderte musea i Hordaland. Musea presenterte kort dei tre største utfordringane dei har innan samlingsforvaltning ved sitt eige museum. Dei gav og innspel på kva ein samlingsforvaltningsplan kan innehalde.

Det er nedsett ei mindre arbeidsgruppe som har halde møte 5.mai

Elisabeth Bjørsvik og Torunn Kojan Bøe vitja i samband med planen alle dei konsoliderte musea. Direktør og dei som er ansvarlege for samlingane stilte på møta. Målsetjinga med desse møta var å kartlegge status innan samlingsforvaltninga ved musea, og finne ut av kva forventningar dei har til planen. Kva ønskjer musea å bidra med inn til planen og kva utfordringar skal planen løyse for det einskilde museum? Planen kan nyttast som disposisjon for musea sine eigne samlingsforvaltningsplanar.

Etter besøksrunden ligg det føre ei grov oversikt over korleis musea organiserer si samlingsforvaltning og om dei utfordringane som finst innan dette feltet. Kan desse utfordringane løysast på tvers av dei konsoliderte musea ?

Spectrum standardane Planen skal delast inn i fire delar i tråd med Spectrumstandardane, som er samlingsutvikling, dokumentasjon, tilgjengeleggjering og bevaring og konservering.

Den 6. november var det nytt møte med representantar frå alle musea. Tema for dette møtet var ei tematisk ansvarsfordeling mellom musea. Kven samlar eigentleg på kva? Musea har uttrykt eit ønskje om å spisse samlingane. Elisabeth Bjørsvik innleia møtet med å gje eit oversyn over næringsvegar i Hordaland frå 1850 til 1950. Torunn Kojan Bøe presenterte ei skisse over innhaldet i planen I etterkant av møtet blei musea bedne om å svare på nokre spørsmål for å kunne lage eit godt oversyn over samlingane. Musea hadde frist på å levere dette innan 15. desember.

Den 3. desember var Damsgård hovedgård, Lyngheisenteret, Havråtunet og Baroniet i Rosendal inviterte til eit eige møte om kulturlandskap og levande samlingar på museum. Det skal være eit eige kapittel om dette i planen. Den 18. desember vart det møte med Solveig Jordal frå Muho om det å være eit regionsmuseum i Nordhordland, og om planen for samlingane i Nordhordlandsregionen.

Page 39: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

21

Utkast til plan vil bli gjennomgått i neste møte på nyåret 2015. Prosjektleiar har som representant for MuHo, delteke på møte (24.-25.sept.) på Gardermoen i Interimstyret for ein ny seksjon under Norges Museumsforbund, seksjon for Samlingsforvaltning. Ho har også delteke på møte (12.nov.) i Oslo i regi av Kulturrådet knytt til museumsstatistikken. Prosjekt knytt til Felles beredskapsgruppe for musea og arkiv i Hordaland I 2013 vart musea og arkiv i Hordaland inviterte til å delta i ei Felles beredskapsgruppe. Det vart sendt søknad om utviklings- og samarbeidsmidlar frå Kultrurrådet , og i 2014 vart det tildelt kr 100 000. Det sett fart i arbeidet med danning av ei gruppe med liste med oversyn over innmeldte kontaktpersonar og andre deltakande representantar frå institusjonane. Arbeidsutvalet planla to seminar i løpet av året med inviterte foredragshaldarar, eit 16.juni og det andre 28.nov. for å byggje kunnskap i gruppa. Det vart utarbeid ein gjensidig avtale som øvste ansvarlege ved institusjonane skal signera. Det planlagde arbeidet vart ikkje sluttført i 2014 og det vart difor sendt søknad om overføring av resten av tilskotet til 2015. Det står att ei kartlegging av utstyr og fasilitetar i dei ulike nærområda som kan nyttast i ein krisesituasjon. Arbeidsutvalet vil også ha på plass ein tilhengar med naudutstyr som kan nyttast i fellesskap. Det er også trong for meir skrivebordsøving. Det skal årleg haldast eit seminar for å halde på og byggje vidare kompetanse.

Førebuing til to seminar knytt til felles Beredskapsgruppe og organisering av gruppa har kravd ressursar frå Bevaringstenestene. Frå Bevaringstenestene deltek Anders, Friederike, Ida A.G. og Inger inn i MuHo si gruppe.

Bevaringstenestene

Brukarutvalet/Brukarforum for Bevaringstenestene – Hordaland Museumslag Hordaland Museumslag kalla inn til møte 28.mai til danning av nytt Brukarforum for Bevaringstenestene etter at Hordaland museumslag la ned Brukarutvalet som ikkje hadde fungert godt. Mandat og retningsliner for det nye organet Brukarforum, som er politisk vedteke av Hfk, skulle diskuterast. Direktør for MuHo og avdelingsleiar for BEV vart kalla inn, samt representant frå Hfk.

Brukarforum Det vart sendt ut oppmoding til musea om å utnemne sin representant til det nye Brukarforum som vart etablert. Brukarforum har halde det konstituerande møte 25.nov. og Eirik Helleve frå Voss og Hardanger museum vart valt som leiar. Det vart også sett ned eit arbeidsutval beståande av Knut Ormhaug, Anne Bjørke, Eirik Helleve og Inger Raknes Pedersen. Brukarforum ønskjer å ha ei stemme inn i omorganiseringsprosessen ved MuHo knytt til Bevaringstenestene fordi desse fellestenestene skal fungera som ein autonom eining, men under ein administrasjon.

Kontaktutvalet mellom musea og BEV vart nedlagd Under møtet i Brukarforum for BEV, vart det vedteke å leggje ned Kontaktutvalet. Representantane i Kontaktutvalet kan no vende seg til sin representant i Brukarforum for å ta opp sakar.

Page 40: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

22

Avdelingsmøter ved BEV Det vart halde avdelingsmøte kvar fjortande dag, med skriftleg notat etter møta. Løypande informasjon vart også gjeve ved morgonkaffien.

Strategiplanen for BEV har vore rullert.

Revitamøte ved BEV Det vart halde revita-møte om lag kvar månad.

Søknadar Det vart send søknad til Hfk « Ålmenne kulturføremål» for tilskot til arrangementet «Fagdag 2014», og det vart tildelt kr 10 000. Det vart tildelt kr 100 000 frå Kulturrådet etter søknad om utviklings- og samarbeidsmidlar til etablering av Felles beredskapsgruppe for musea/arkiv i Hordaland.

Klimakontroll Ved Bevaringstenestene er det ikkje kjøling på ventilasjonsanlegget, og temperaturen kom i sommar opp i 28°C i arbeidsrom og kontor. Grunna høg temperatur vart også den relative fuktigheita høg i arbeidsromma og tidvis også i magasina. Det vert utført fortløpande kontroll med klima.

Insektskontroll Det vart ikkje funne skadeinsekt i magasina, men det vart funne nokre stripete borebiller frå bygningskonstruksjonen i 1913 bygget i 3,etg. og i 2.etg.

Drift: Det har vore utført ekstern kontroll/service på oljefyren. Kontroll og service av brannslangar og handsløkkjarar vart utført av eksternt firma i september 2014. Service og vedlikehald av befuktarar og avfuktarar vart utført av eksternt firma i okt./nov. 2014. Det vart utført dagleg oppfølging av tekniske installasjonar og tilsyn med desse. Det har også gått med tid til innkjøp, tilrettelegging og praktisk organisering for driftsleiar ved BEV.

Vedlikehald av bygningar - Maling Heile bygningsmassen som BEV disponerar og Hfk eig, vart malt av eksternt firma i 2014. Asfaltering Asfaltering av kaiområdet og området framfor mottaket vart utførd

Bevaringstenestene felles med MuHo Dei faste tilsette deltek på fellessamlingar og dugnad i MuHo. Frå Bevaringstenestene deltok 7 faste tilsette på kompetansebygging og dugnad ved Osterøy museum 3.juni. Mykje godt arbeid vart utførd. Det er registrert 420 timer, eller 56 dagsverk, i 2014 på verksemd knytt til MuHo utover det gjenstandsbaserte.

Page 41: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

23

Verv i MuHo Tilsett ved BEV var ein av fagforeiningsleiararne i MuHo i 2014. Tilsett ved BEV var vara for hovudverneombod i MuHo i 2014. Tilsett ved BEV var tilsette sin representant i MuHo sitt styre i 2014. Avdelingsleiar deltek i leiarteamet ved MuHo.

Samlingsforvaltingsgruppa i MuHo Ved seminar 1. og 2. okt. i samband med MuHo sin samlingsplan deltok Inger med innlegg: « Kva er viktige samlingsområde for MuHo? Betraktningar på grunnlag av det som er levert til Fellesmagasinet?»

Styringsgruppe ved omorganisering i MuHo Fagforeiningsleiar i MAF, Roy, og avdelingsleiar Inger, deltok i møte knytt til prosessgruppa /styringsgruppe ved omorganisering i MuHo.

Fellesmøte i MuHo - omorganisering Alle dei fast tilsette ved BEV deltek i fellesmøte ved MuHo knytt til omorganisering. Det har gått med mange timar i november til møter og diskusjonar i samband med omorganiseringa.

Tilsette Inger Raknes Pedersen, avdelingsleiar og atelierleiar Tekstilatelieret 100% Friederike Kunze, tekstilkonservator 100 % Ida Areklett Garmann, tekstilkonservator 100% Philippa Moxon, tekstilkonservator prosjekttilsett 100% (til april 2015) Mariann Nestegard Vivelid, vikar som museumskoordinator 100% Heidi Seilfaldet, museumskoordinator, permisjon hele 2014 (fram til 1.aug.2015) Anders Gjøls-Andersen, atelierleiar kulturhistorisk atelier 91 %, fram til 31.aug. Anders Gjøls-Andersen farspermisjon frå 1.sept. (til 6.mai 2015) Alison Foster, kulturhistorisk konservator, prosjekttilsett 100% fram til 31.aug. Alison Foster, vikar atelierleiar kulturhistorisk atelier 100%, frå 1.sept. (til 6.feb.2015) Ida Fløystad Brevig, kulturhistorisk konservator, prosjekttilsett 100%,frå 24.nov.(til 31.mai 2015) Roy Henrik Eriksen, driftsleiar 100% Ramune Barkute, reinhaldar og teamarbeidar 30% Torunn Kojan Bøe, prosjektleder felles Samlingsforvaltningsplan 50% frå 1.feb.

Page 42: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

24

Utfordringar

Det er for få tilsette i revitaprosessen for å følgje opp musea slik det er trong for. Det er viktig å få på plass utstyr og hjelpemiddel som forenklar arbeidsprosessar som m.a. Thermo Lignum mobilt kammer. Det vart utført mange oppdrag i 2014, men oppdragsverksemda gjekk likevel med underskot i 2014 på kr 284 000. Nokre oppdrag var det lagt ned mange arbeidstimar på i 2014, men vil fyrst verte sluttførd i 2015 og dermed inntektsførd i 2015.

Salhus 11.02.2015

Inger Raknes Pedersen

avdelingsleder

Page 43: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

ÅRSMELDING2014

2014 føyer seg inn i rekkja av aktive arbeidsår på avdelinga Osterøy museum. Utført arbeid og viktige tiltak vises diverre ikkje att i besøkstal og eigeninntekt, men i produksjon av musealt arbeid, både innan forsking, dokumentasjon, formidling og forvalting. Konsentrasjon kring ikkjemateriell kulturarv var sterk og tydleg også i 2014.

Opplæringa i oppstadvev har teke mykje merksemd. Det er på sett og vis eit nybrotstiltak, der læring og utveljing har gått parallelt med nettverksbygging. Fokus på tekstile tradisjonar med lokal forankring viser seg å vera god grobotn for samarbeid over landegrensene.

Det melder seg ny type publikum etter kvar som samlinga vert digitalisert. Det gjeld særleg foto, men også arkiv kjem etter. Publisering av gjenstandar på Digitalt museum vert gjort kontinuerleg i samband med flytting til Fellesmagasinet og elles. Kvaliteten på registreringane aukar gjennom interaktivt samarbeid.

Samarbeid med andre avdelingar har vore viktig for å få gjennomført mange oppgåver. Framleis er det lokal støtte frå lag og organisasjonar som held aktivitetar på eit så pass høgt nivå. På hausten hopa det seg opp med skriving, avspaseringar og pappapermar og avdelinga heldt stengt eit par månader

Frå utstillinga Osmåling

Page 44: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Personale og økonomiFast tilsette: Sturla Binder, arkivar 100% , Anne-Mari Hannisdal Haga, rådgjevar 50%, Dennis Guhl handverkar 100%, Else Standnes reinhaldar 20%, Randi Andersen avdelingsleiar 100%. Både Guhl og Binder tok ut fedrekvote (pappaperm) hausten 2014. Elles: Marta Kløve Juuhl formidlar 50%, lønna av Hordaland fylkeskommune. På ulike tiltak og dugnad: Aslaug Lønsethagen 40% registrering mm. Sigrunn Kvamme var engasjert i tre månader, med særleg ansvar for å pakka ned eldre saksarkiv og oppretta nytt, og starta Asta-registreringane. Ekstrahjelp og omvisarar: Merete Bortne (som også hadde ansvar for Skulefri!!), Elsa Burkeland, Margrethe Normann, Marta Revheim og Siri M Kleppe. I første halvår var to studentar i arbeid, Birger Berge og Kristoffer Pedersen Lipe. Dei tok del i 1814-opplegget og spela ei aktiv rolle både i førebuing og gjennomføring. Dei fekk innsikt i vanleg museumsarbeid på eit lite folkemuseum, frå allmenn sjauing til registrering og dokumentasjon. Aud-Mari Eitrheim har vore med på avdelingsmøte og orientert om viktige tema i personalpolitikken. Mette Thomassen har hjelpt til i førebuinga av Liv i gamle stover og gått grundig gjennom heimesida. Personalturen gjekk som vanleg til Anne-Mari si hytte i Eksingedalen. I tillegg til planlegging fekk me ei omvising i grendahuset Ljosheim på Flatekval. Det avla nye idear.

Økonomi: Rekneskapen viser eit underskot. Det skriv seg frå ekstrautgifter på tjuverialarm og heis, men største summen skuldast at sløkkingsanlegg for arkiv var underbudsjettert, men gjort ferdig. På pluss-sida kom det kr 50 000 til Folkemusikkaren, Sparebanken Vest løyvde kr 10 000 til å halda arrangementet ”Skulefri!!” ein dag i veka sist sommar. Hordaland fylkeskommune har løyvt kr 50 000 til arbeid med ikkjemateriell kulturarv. Det har også kome sikringsmidlar til el-skap frå fylket. Avdelinga har fått statlege sikringsmidlar og pengar frå If til utvendig sprinkling. Oppsetjing av husmannsstova er sikra ved kr 100 000 frå If, og kr 40 000 frå Hordaland fylkeskommune.

Osterøy museumslag har sponsa museet med 12000 til verktøy. Dugnadsinnsatsen kjem i tillegg.

Page 45: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Mål 1 Fornying Eitt prioritert mål for meldingsåret var å presentera dei viktige og mangfaldige kjeldene som det lokalhistoriske arkivet utgjer på Arkivportalen. Museumssenteret i Hordaland har no publisert 61 arkiv på Arkivportalen, gjennom registreringsprogrammet ASTA. Dette er tidkravande arbeid, då det er avgjerande å følgje nasjonale standardar for registrering av metadata både på arkiva og aktørar tilknytta arkiva, når dataene sidan skal danne grunnlag for ein bestandsanalyse i ein innsamlingsplan. Den internasjonale kontakten, særleg med Shetland, Island og USA, vert ivareteken gjennom bokprosjektet Klingande steinar og elles i arbeidet med den tekstile kulturarven. Nytt av året var kontakta med Slovenia i høve EØS-prosjektet ”In the same boat – Young guardians of heritage” 2014-2016. Anne-Mari Hannisdal Haga var på gjenvisitt saman med Solveig Jordal.

Det første året i opplæringa i oppstadvev var vellukka, og fokus vart samstundes flytta til vern av den tekstile kulturarven generelt. Det vart gjennomført eit stort møte med nasjonale deltakarar om dette i oktober. Møtet var i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Osterøy museum tek del i regionale og nasjonale nettverk og møter om arkiv, Drakt og tekstil og ABM-nettverket for lokalhistorie.

Opplæring i oppstadvev

Page 46: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Mål 2 Forvaltning Å få oversikt over samlingane har vore prioritert også i 2014. Både når det gjeld gjenstandar og arkiv har me restanse det går an å leva med. Til no har hovudmagasin vore prioritert når det gjeld plassering og oversikt. Det står att ein del på tekstilsida, men ting let seg som regel spora opp etter kvart.

Til no har me berre grove anslag over det som ikkje er registrert. Likevel kan me anslå at kring ¾ av gjenstandane er registrerte, og at av dei som står att er ca 5% ikkje tilvekstførte. Det ligg føre plan for tilvekstføring. Berre om lag 1/10 av (arkiv)foto er registrete. Tiltak for å laga oversikt vart påbyrja, men ikkje fullført. Standard på dokumentasjonsnivået må vurderast jamt. I løpet av året er så godt som alle gjenstandane i salen, bortsett frå tekstilane på hemsen, komne i kjellaren. Det er frose to omgangar i 2014.

Me er godt tilfredse med tre leveringar til fellesmagasinet. Det krev tid, men er ei fornuftig investering, for gjenstandane, i høve til magasinplass og til å oppgradera samlingsoversikta lokalt. Magasinarbeid er kjekkast når ein arbeider i lag. Mellombels lager på Gjerstad fungerer som forventa.

Page 47: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Sløkkingsanlegget vart endeleg klart på hausten. Med dette har avdelinga fått arkivmagasin i toppklasse.I 2014 vart det laga femårsplan for bygningane.

Bygg og anlegg

Istandsetjing av husa til sesongen vart gjennomført som vanleg. Museumslaget stilte opp til dugnadsinnsats før sesongopning, slik at tunet kunne visa seg frå si beste side ved sesongstart. Vår avdeling var heldoig å ha fellesdag dette året og mykje vart gjort: Maling av Bløddalssmia, tjørebreiing av skytja (aktivitetshuset), grind og slangehus, drenert ved Heimvikstova, hellelegging mot Revheimstova, rydding i garasjelager og kringom husa. Det vart også laga ei lita tekstilutstilling, og det vart arbeidd i magasina.

Kvernhuset på Vevle før kledning var på plass. Torv kjem på i 2015.

Kvernhuset på Vevle er sett i stand. Det er kome nytt tak på stølshuset i Ådnatun. Det er også gjort ein del arbeid på Litlaløa åt Larsane på Havrå. I samband med opplæringa i oppstadvev, vart det laga eit godt stativ med plass til fire vevar i gangen. Tilstandsrapport for bygningane har vore grunnlaget for Dennis Guhl sin 5-årsplan for vedlikehald.

Page 48: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

På tampen av året kom Marcin Gladki med assistent for å utføra digital oppmåling av garveribygningane i Valestrand. Dei vart ferdige med tre av bygningane. Gjennomgang med bygg- og brannteknisk ekspertar vert gjort når teikningane kjem.

Arkiv Arkiv registrerast i ASTA5 og etter kvart som naudsynte metadata vert registrert, blir det publisert i arkivportalen. Vi har i tillegg PDF-katalog på nett, som gjev eit oversyn over alle arkiva vi har. ASTA-registreringane vert grunnlag for analyse av materiale og i neste steg i innsamlings- og bevaringsplan som vil omfatta Nordhordland.

Gjenstandssamlinga Det vert lagt mykje arbeid i det lokale Revita; velja ut, registrera og pakka. Den lokale Revita knytt til leveringane er rekna til minst 5 vekesverk.

Fotosamlinga I løpet av 2014 vart Widerøe-samlinga registrert. Den har tidlegare berre vore tilgjengeleg på flickr.

Nøkkeltal: Tilvekst/registrering m.m. samlingane:

Tilvekst:

Registrering:

Gjenstandar 134 I alt 12551 registrerte. 45 registrerte i 2014

Levert Fellesmagasin: 293 Foto Arkiv: 4 tilvekster/ i alt 151*

Dokumentasjonsfoto:

I alt er 4275registrerte.

1400 Arkiv 8 stk, tilsaman om lag 3,7 hm. Tilvekst vert registrert fortløpande i excel-skjema, og

sidan i ASTA. 61 arkiv er publisert på arkivportalen.Dokumentasjon audio/video Video:

Lyd:

56 minutter

Ingen opptak i 2014 * Det er levert inn ein god del dokumentasjonsbilde frå Havrå som ikkje er telt med her. Det må avklarast kven som tek arbeidet med å grovordning, m.a. datering.

Mål 3 Forsking - dokumentasjon Arbeid med ikkje-materielle kulturminne set merke på Osterøy museum si verksemd innan forsking og dokumentasjon. Det gjeld tekstile tradisjonar og anna handverk. Oppstarten av ein vøledag for månaden på museumsverkstaden, med utveksling av praktisk kunnskap, må sjåast som lekk i denne satsinga.

Page 49: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Boka om oppstadvev er godt i gang. Marta Kløve Juuhl, Elizabeth Johnston og Hildur Håkonardottir hadde ei vellukka arbeidsveke på museet våren 2014, redaksjonsmøte på Island i september og i London i oktober saman med direktøren. Det er sett som mål å verte ferdig til hausten.

Boka om brakakledning vart slept 8. desember på museet.

Det er laga oversikt over arkiva i grendahuset på Flatekval i Eksingedalen som omfattar ulike lag og organisasjonar heilt frå 1880-åra. Anne-Mari Hannisdal Haga har starta avfotografering og scanning av desse.

Ivaretaking og vidareføring av tekstile tradisjonar har hatt fire vellukka samlingar i oppstadvevgruppa. I første halvdel var det 20 deltakarar, på hausten tok kring halvparten del. Det står respekt av Marta Kløve Juuhl som har undervist så mange samstunders. Deltakarane vart ”observert” av fleire gjennom heile året, og dei fekk også nokre enkle oppgåver i starten for å fokusera på observasjon og skildring. Dei fekk også teoretisk påfyll ved førelesingar, både av lokale og av innbedne forelesarar utanfrå.

Tekstiltradisjonar i full breidd vart sett på dagsorden på ein idédugnad 3. oktober i samarbeid med Kulturavdelinga, Hordaland fylkeskommune - Korleis ta vare på den tekstile kultur- og kunnskapsarven? Det var innlegg av nasjonale aktørar på feltet som også var i paneldebatten. Kultursjef Anna Elisa Tryti opna møtet,

så følgde: Hege-Therese Nilsen, Norges Husflidslag, dagleg leiar Kristine Akselberg, Vestnorsk kulturakademi; direktør Eivind Falk, Norsk håndverksinstitutt; instituttleiar Stian Roland, Norsk institutt for bunad og folkedrakt; direktør Atle Ove Martinussen, Bunad og folkedraktrådet. Etter innlegg frå fleire tidlegare lærarar om røynslene med praktiske handarbeidskompetansen, var det paneldebatt der også stortingsrepresentant Toril Eidsheim tok del.

Ullhelga midt i oktober vart avlyst grunna sjukdom.

Markavandringane er ein fin måte å engasjera folk i dokumentasjon, forteljingar og eigne minne. Det er gjennomført to vandringar, i Fagerdalen i Hosanger til Bruvik, med Anne-Mari Hannisdal Haga som ansvarleg. Ho har også drifta stadnamninnsamlinga som museet driv på vegne av Osterøy kommune, og er kontaktperson for retting av stadnamn i karta som er komne på nettet. Ho har og vore museet sin representant i den kommunalt oppnemnde namnekomiteen for adresseprosjektet i kommunen.

Randi Andersen signerar bøker under boksleppet av Brakakledde bygningar 8. desember

Page 50: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

ProduksjonAndersen, Randi: Brakakledning 2014. Andersen, Randi: Oppstadvev og tradisjonsformidling gjennom 25 år. I: Osterøy i

soge og samtid. Haga, Anne-Mari Hannisdal Ei kista, ei oldemor og slektgransking i Amerika. I: Vaksdal

historielag, årbok.

Mål 4 Formidling Det har vore stor aktivitet på mange frontar innom formidlinga – frå små til store hendingar. Likevel har som tidlegare nemnt talet på gjester og brukarar gått ned. Det er dei store arrangemnenta og hendingane som skapar gode åublikumsresultat hjå oss. I 2014 vart det ingen slike hendingar utover det årlege Liv i gamle stover.

2014 2013 2012

3150 3859 5528

Hanne Sofie Greve held opningstale under Liv i gamle stover

Page 51: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Brukarar er:

Handarbeidstreffet kvar månad, er det jamnaste formidlingstilbodet avdelinga har, og som regel med eit program. I januar fortalde Marta om ei reise etter Silkevegen. Sissel Småland orienterte om sitt forskingsarbeid knytt til handarbeid som ikkjemateriell kulturarv i februar. I april fortalde ein av studentane, Birger Berge, om sin strikkearv etter bestemora. Plantebyte med personlege historier knytt opp til kvar plante var eit vårtema. På samlinga i juni vart det internasjonal vri, med songar og forteljingar frå Baltikum og orientering om arbeidet med tekstilar og tekstiltradisjonar . Siste halvår var vigd tekstile sommarminne, og på juletreffet bidrag dei fleste med eit julete minne eller arbeid. Då kom òg, heilt uventa, julenissen og delte ut egg.

Etter jul starta karatreff eller vøledag på museumsverkstaden opp i samarbeid med museumslaget. Mellom 6-9 personar har møtt; i starten kvar 14. dag, etter kvart ein gong i månaden. Eit grindbygg som ungar kan setja opp og plukka ned att vart starta opp seinhauses. Elles er det funne fram gjenstandar som treng vøling.

På Liv i gamle stover 25. mai var menneskerett og demokrati eitt tema. Opninga var ved lagdommar Hanne Sophie Greve som har ei høg internasjonal stjerne innom menneskerettar. Kulturskulen viste at born har rett på kultur, og at den bør gjerne vera gratis. Tamburen Nordby kalla til fest og elles vart det mykje for små og store: Mat, marknad og øksekast. Som vanleg eit godt samarbeidsprosjekt. Det vart ein strålande dag med mellom 500-600 nøgde menneske på tunet.

Særleg for born og unge

Skulefri!! i skuleferien er faste program kvar onsdag i skuleferien. Merete Bortne hadde ansvaret og born hadde alltid høve til å byggja hytte og veva på desse dagane. I år har me også vore med på eit veldig kjekt undervisingsopplegg saman med dei andre avdelingane om 1814. Mat og matmangel var hovudtema, og elevane fekk prøva seg på å forhandla om korn og prisar. Ungdomsskuleelevane i Nordhordland fekk kjenna på urettferd og ikkje minst dårleg mat! På Gjerstad var me tre dagar med 60 elevar kvar dag. Besøk av barnehage på gamaldags skule er faste vårinnslag. Seinhaustes samla Eivind Falk godt med folk tilSpikkekveld ein fredagskveld. Frå spikkekvelden med Eivind Falk

Page 52: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Andre arrangement. Det er halde to Forteljarkveldar saman med museumslaget, og ein kveld der Sturla Binder fortalde om Digitalt museum.

I samarbeid med museumslaget vart det etablering av Venelag for Koppen 13. september og gravvandring 14. september, også i høve Kystsogevekene. Forteljarkveldane er også eit samarbeid med museumslaget. Førebels er halde to, begge godt førebudde slik at samtalane lett kjem i gang.

I samband med oppstadvevkurset fekk deltakarane foredrag av Hildur Håkonardottir og Elizabeth Johnston på vårparten og av professor Lise Bender Jørgensen med foredraget: Tekstilfremstilling i det forhistoriske Norden i haustsemesteret.

17. september vart halde eit ope møte på museet om måtar stadnamna våre vert skrivne på.

Konsertar

Osterøy folkemusikkarena har som vanleg halde konsertar av høgt nivå. Det har vorte ei god scene og spela på, og aktørane er mellom dei aller beste. Det knyter seg uvisse til kor vegen går vidare. Det er halde fem flotte konsertar; den første – Valseria – på den årlege kulturkvelden i samarbeid med Osterøy Fråhaldslag og Osterøy folkeakademi. I april møttest den røynde kvedaren Berit Opheim med den unge felespelaren Erlend Apneseth, ei stor oppleving for alle. Konserten med Jo Asgeir og Ingunn Stræte Lie 25. mai samla mellom 60 og 70 personar. 10. august vart det meir klassisk med Trio Azzurro - som lengtar etter kjærleiken. I september spelte Erlend Viken Trio og i oktober var det stor minnekonsert for felespelar og formidlar Jon Jelmert, ei minnerik oppleving i fullsett sal.

Frå konserten med Valseria

Page 53: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Utstillingar

Utstillingane i år er også prega av grunnlovsjubileet. Folk i 1814 og Folk i 2014 er to ulike utrykk, men skal visa det same. I 1814 var det teke utganspunkt i kvardagslivet, og me møter nokre menneske som vart fødde, gifta seg eller døydde. Til desse livssogene skrivne av Geir Kleiveland, er stilt ut gjenstandar som kan underbyggja teksten. Direktøren opna utstillingane 25. mai.Folk i 2014 viser Helge Aspevik sine bilete av tilfeldige personar og miljø på Osterøy, i kvardag og fest, åleine og saman med andre. Dette er korkje vanlege fotografportrett eller selfies, men nært fanga augneblink. I all hovudsak står Aspevik for utvalet. Utstillinga har vorte eit svært spennande dokumentasjonsprosjekt, som me vil freista vidareføra som det.

Eit abortskrin som var del av utstillinga Folk 1814.

Utstillinga Osmåling! kom i stand ved at private samlarar stilte samlingane sine til disposisjon. Då rosemalarar frå Vesterheim museum i USA kom på besøk i juni, fekk dei ei forelesing av Nils Georg Brekke.

I samarbeid med minnekonserten for Jon Jelmert i oktober, vart opna ei utstilling om hans liv som spelemann og formidlar.

Formidling utanfor museet: Anne-Mari Hannisdal Haga har hatt to foredrag i ulike fora omKvardagsspor i landskapet – minneinnsamling og stadnamn.

Marta Kløve Juuhl har vore på North Atlantic Native sheep and wool Conference, Blønduos 4.-8. september, og halde foredrag om arbeid med oppstadvev, med særleg vekt på diamantkypert.

F å

Page 54: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Møte, reiser, kurs mm

Sturla Binder har teke del i to konferansar/seminar: Samdok/privatarkiv der det ligg føre ein rapport (sendt tidlegare), og arbeidsseminar Arkiv i museum (rapport ligg ved). Han har arbeidd eit på dagar på Fylkesarkivet i samband med deira oppstart av Asta-registrering. Han har elles teke del i fagforeningsarbeid i samband med lokale forhandlingar.

Dennis Guhl har arbeidd med Oalann på utløeprosjektet til Museumssenteret i Hordaland. Han har også gjort arbeid for Havrå og for Ådnatun – legging av tak på stølshuset.

Anne-Mari Hannisdal Haga har vore i Slovenia ilag med Solveig Jordal og fått innføring i m.a. linarbeid. Her ligg føre eigen rapport.

Randi Andersen var med på Hordaland museumslag sin tur til Riga i september.

På Eksingedalsturen hadde me to dagar med planlegging for kommande år.

Anne-Mari Hannisdal Haga Styremedlem Brørvikskuto. Samlingsforvaltingsgruppa.

Randi Andersen Vara i styret for Hordaland museumslag. Sturla Binder Tilsetterepresentant i Stiftinga Osterøy museum.

Primusgruppa, Museumssenteret i Hordaland. Dennis Guhl Brannvernkurs, førstehjelpskurs, også med bruk av hjartestartar.

Me er tilsaman 4,7 årverk (A, AM, D, M, S, R, S, obs Else) med alle bonusar og medrekna sommarjobben

Med vøling, vask, primus, arkiv, rydding og ordning og papirarbeid som knyter seg til dette, er kring 3 årsverk forvalting/dokumentasjon

Formidling utgjer 2 årsverk ved hjelp av andre

Engasjerte elevar forhandlar om korn og kornprisar under 1814 undervisningsprosjektet.

Page 55: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Årsmelding for Havrå 2014

2014 har vore eit år der særleg sumaren utmerka seg. Aldri tidlegare har me hatt så godt ver, der solog nedbør veksla på ein slik måte at det skapte særs gode forhold under slåtten. Stemninga var godblant slåttefolka og oss faste tilsette. I år var det også ein del norske slåttefolk. Me tok inn ein lokalungdom (sonen til Kjetil). Dette er eit tiltak som me vonar vil føre til at me på sikt kan bygge opp einny generasjon slåttefolk, og helst der me får med fleire lokale ungdomar.

Havrå har saman med en arbeidsgruppe på fem personar, starta arbeidet med å utarbeide ein nyhandlingsplan for det nasjonale kulturlandskapsnettverket. Arbeidet vil halde fram i 2015.Det somkanskje vert ståande igjen som det viktigaste innanfor forvaltning av garden; er oppstarten for å få påplass ein skjøtselsplan for Havrå (Hordaland Fylkeskommune leiar arbeidet), samt stramme opp ogpresisere innhaldet i Forvaltningsplanen for Havrå. Dette er eit overordna dokument som ikkje harvore tydeleg nok på kommandoliner og ansvarsfordeling.

Samarbeidet med Hans Kr. Bukholm har resultert i ei utstilling med bilete frå Havrå. Utstillinga fekkmange gode tilbakemeldingar. I utgangspunktet er desse bileta tenkt som ein dokumentasjon overkulturarven på Havrå. Men, bileta held så høg kvalitet at dei fortener å visast til publikum.

Filmen Bekken har hatt visning på BIFF og Filmefestivalen i Volda. Denne filmen gjer ære på Ingrid ogJohannes Torp. Versjonen som vart vist på BIFF var redigert strammare enn den opphavlegeversjonen for å få fram dette bodskapet. Filmen var ein del av eit større program knytt til ”kortreisefilmar”. Det var full sal.

Når eg ser attende på året som har gått, er eg særlig opptatt av det arbeidet som me har gjort oppmot Kulturrådet og Hordaland Fylkeskommune knytt til kulturlandskapet. Etter fleire år medmålbæring om at desse gjenstandane og samlingane er ei samling på lik line med alle andresamlingar som er på museum. Men, metoden for korleis ein skal forvalte dette er annleis. Det er ikkjekulturvetenskapen som tradisjonelt har hatt ansvaret for desse verdiane, men landbruket sjølv. Inyare tid har den teoretiske kunnskapen fyrst og fremst vore forankra hos naturvetenskapen.Forvaltninga av desse verdiane har vore delt mellom landbruk og miljø. Musea sitt ansvar er av nyaredato. Då Havrå vart freda i 1998, vart det på mange vis ei ny tid for norske musear. For fyrste gongmåtte dei forhalde seg til ei samling som har nasjonal og internasjonal verdi. Dei kulturbiologiskeverdiane ein finn her treng ikkje magasin med klimastyring, eller fråvær av menneskje. Snarare tvertimot.

Arbeidet med å få på plass ein regional plan for samlingsforvaltning i Hordaland tok til i fjor. Her erlevande samlingar ein del av den nye planen, med kategoriane landbrukets kulturlandskap og hage.Dette er fyrste skritt for å rette merksemda mot ei samling som har hatt, har og vil ha ei avgjeranderolle også i framtida.

Forsking og dokumentasjon

Forsking: Museumssenteret i Hordaland har inngått samarbeidsavtale med AKHR ved UiB. Me fekk tostudentar med fagbakgrunn i arkeologi og historie. Dei gjorde eit sjølvstendig arbeid knytt til åsystematisere, leite fram og katalogisere kjelder knytt til desse faga som handla om Havrå. Dei ryddai vårt eige bibliotek, samt undersøkte på Statsarkivet og Universitetsbiblioteket. I tillegg deltok dei i

Page 56: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

praktisk samlingsforvaltning(gardsarbeid), deltok på møter, samt fekk opplæring knytt til formidling.Me har no fått eit dokument som syner kva me har og kva som finnest av kjelder på andreinstitusjonar. Eit viktig arbeid, og me er særs godt nøgd med resultatet. Tilbakemeldingane fråstudentane har også vore gode. Dette er samstundes eit tiltak som høyrer til under fornying, men eghar tatt det med under forsking.

Dokumentasjon: I år har me stort sett stått for all dokumentaon sjølv. Unntaket er GPS festinganoaav frukttre og restregistreringa av grensa mellom eigedomane til Kåre Havre og Johannes Torp. Tovesitt gladprosjekt knytt til dei gamle stianes på garden er spanande. Saman med Sverre Havre har hogått frå Havrådalen og ned til Gråthaugen (nausta nede ved fjorden) Dette er ein gamanallmannaveg. Historia ho har fått frå han og andre grunneigarar vil kome som eit turforslag i denreviderte utgåva av ”Osterøy til fots”

Seminar / kurs / møte /etterutdanning.

Fjoråret starta med eit to dagars seminar i regi av Norsk Landbrukssamvirke for Tove ogunderteiknande. Kjetil var på seminar om landskapsovervaking i regi av Norsk Institutt for skog oglandskap. Møte: Magne, Tove og underteiknande var på møte med Norsk Genressurssenter. Deigamle norske storferasane er i ferd med å verta utrydda, og hensikten med møtet var å ha einidedugnad om korleis ein kan formidla desse dyra i ulike samanheng. Havrå har tatt på seg arbeidetmed å koordinere framtidige ”dugnadsjobbing” knytt til dette. Underteiknande har vore på møte iarbeidsgruppa knytt til ny handlingsplan for det nasjonale nettverket for kulturlandskap på museum.Alle reiste til det årlege nettverksmøte for kulturlandskap. Denne gongen var det historiske hagar påprogrammet. Ettterutdanning: Tove gjekk opp til fagprøve i fjor sommar, og har no fagbrev somanleggsgartnar. Kjetil jobba saman med Haakon Aase nokre veker i samband med oppsett av ein nysmie. Eg vil påstå at Havrå sine tilsette har opparbeida seg mykje kompetanse knytt til steinarbeid avulikt slag. Underteiknande har vore på skrivekurs med Ingrid Lønnebotn. Kjekt, og i tillegg fekk einblåst støv av gamal kunnskap. Målet var å bli betre på dei ulike sjangrane ein kan nytte når ein vilformidle noko av ulik karakter.

Forvaltning

Arbeidet med praktisk forvaltninga av Havrå og kunnskapsoverføring har i år som dei tidlegare årahovudfokus. Men, det som vert meir og meir tydeleg er forfallet i landskapet. Ved nedbørstopper ogsterk vind, går fleire og fleire store trær over ende. Vatnet tek nye vegar og tek med seg jordmassar.I søknaden til Hordaland Fylkeskommune/RA har eg difor i år søkt om høgare løyvingar. Det er mykjebetre økonomi å førebygge, enn å rydde opp etter skadane i etterkant. Dersom dette skal ha nokoneffekt, vil me trenge desse midlane i minst tre år framover (hjå dei private grunneigarane ertilstanden enda verre). Når deg gjeld Elvæ er den også utsett for erosjon. Det vart søkt om midlar hjåHFK (strakstiltak) på slutten av året. Sikring av elvekanten vil ta til på nyåret. Arbeidet vert utført avHaakon Aase og Berit Brudvik.

Arbeidet med nyplanting av frukttre har også i år halde fram. Dei klarar seg bra, sjølv om hjorten erhyppig gjest på Bødn i periodar. Arbeid og kunnskapsoverføring med slakting og innmat har me ogsågjort i år. Tre års vekstskifte med potet og korn held fram som dei andre åra. Ein del av potetane fårIngrid og Johannes. Noko kjøper me, og resten får kyrne. I år var det mykje råte i potetene, så detvert ein del svinn. Kornet var bra, sjølv om det var ein del legde i det. Noko skal seljast som såkorn,

Page 57: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

noko til LHS og Mjøsvågen kafè. Noko vert nytta i undervisning/formidling og resten vert nytta somsåkorn hjå oss.

I år vart det berre ein kalv, og den gjekk til slakt. I 2015 kjem det to kalvar, om alt går bra. Tanken er åselje til liv. Me vart oppmoda frå Genressursenteret om å selje stutekalvar, primært som gardsoksar.Dette for å få mindre innavl i rasen.

I samband med arbeidet med brakakledning på Litla løa åt Larsane sendte eg ut invitasjon tilgrunneigarane om å vera med tradisjonsberar Arne Mjelde under restaureringa avbrakaveggen. Brevet var ei direkte fylgje av møtet me hadde me grunneigarane i mars, derdei etterlyste mellom anna meir samhandling. Det kome ikkje ein einaste respons!

Prosjekt:

Prosjektet ”PRIMUS for levande kulturminne” var ferdig i 2013 og rapport overlevert. Søknad ommidlar for å få på plass verktyet som er naudsynt for å kunne registrere desse gjenstandane ogsamlingane fekk diverre ikkje gjennomslag. Me sendte søknaden på nytt i år, og vonar at me fårmidlar denne gongen. Det er KulturIT som mest truleg får jobben med å utarbeide dei tekniskeløysingane.

Prosjektet ”Livreddaren” fekk diverre ikkje midlar. Men, me vart oppfordra til å sende søknaden pånytt i 2015. Prosjektet høyrer til i sjangeren kunstdokumentar. Me vil setje fokus på dei gamlelandrasane og ulla deira. Metoden er foto og installasjonen ”Ullgloa” (ein bustad laga av ull. Forma, eiblanding av iglo og jurt). Prosjektet er møtt med mykje positivitet. Me har fått støtteerklæringar fråulike fagfolk og etatar, det frivillige kulturminnevernet(sauebøndar), samt tekstilbedriftar som SelbuSpinneri.

Nasjonalt nettverk for kulturlandskap

I år har det vært samling på Lillehammer. Kjetil heldt føredraget ”gamle frukttre”. Tematikken tok forseg kva erfaring me har, kva sortar me har og kva plass desse har i kulturminnevernet ogkulturhisotria.

Formidling og besøk.

I år som dei siste åra, er det omvisning to gonger i opningstida. Samla besøkstal har gått opp frå ifjor. UiB og Høgsksulen i Bergen nyttar oss fast som lærings og formidlingsarena. Det same gjer BAS.

I år nytta med dei to studentane frå AKHR som omvisarer vår og haust. Under slåtten er detslåttefolka som tek seg av det. Me er særs godt nøgd med kunnskapstilfanget og korleis dei formidlarog møter besøkande. Dei får mykje skryt. Ein som må nemnast i denne samanheng er Gustav Berry.Han er en eminent formidlar og historieforteljar, og han står for mykje av opplæringa av omvisaraneom sumaren. Samen med underteiknande har me laga tema/ tekstar osb somundervisningsmateriale for omvisarane.

Osterøy Ungdomsskule kom også i år på besøk. Denne gongen var det landskapet som var tema.Tove stod for turen frå Havrådalen og ned til tunet. Fokus var på dei gamle stiane oghendingar/arbeid/verdiar knytt til landskapet.

Page 58: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Det er gledeleg er at kunnskapen vår har vorte etterspurd på ein ny måte enn tidligare.Gårdsbarnehagane i Bergen tok med seg heile personalet for å få ny kunnskap. Særleg villedei ha haldninger og kunnskap knytt til husdyr og mat/matproduksjon/bærekraftigheit. .

I år som alle andre år er det mange som nyttar område til tur og rekreasjon, og som difor ikkje vertfanga opp som besøk, då dei går utanom opningstidane. Me gjorde dette tidlegare, men etter eipresisering frå Kulturrådet for nokre år sidan (og tatt opp igjen i år med endå sterkare presisering) erdet slutt med å estimere.

Underteiknande har hatt to føredrag. Det fyrste var i Naturvernforbundet i Hordaland sineforelesningsserie ”naturlig onsdag”. Føredraget hadde fått tittelen: Natur og kulturminnevernet:forèn eder! Det andre var i samband med opninga av utstillingen til Hans Kr. Bukholm iMjøsvågen Galleri, med bilete frå Havrå. Tema var matproduksjon i eit historisk perspektiv.Bileta til har også vorte vist på Holmeknappen, Galleri Rustika. Ole Bakkebø stod for opninga.

Årets store felles formidlingsprosjekt var grunnlovsjubileet. MuHo valde å fokusere påmat/kosthold og mangel på mat. Frå Havrå deltok underteiknande både i planleggingsfasenog gjennomføringa.

Mediemerksemd.

Me har fått ein del merksemd i lokalavisa Bygdanytt. I nettavisa var det ein presentasjon av 3Dmodeleringa av Semensfloren. Arbeidet er gjort av Marcin Gladki. Dette var ein del av korleis mearbeide innanfor dokumentasjon. I tillegg har dei vore interesserte i korleis sikringsmidlane me fekktildelt skal nyttast.

Ein del negativ merksemd har me også fått. Det var primært ein sjåfør som syntes det var vanskeleg åsnu bussen, og hadde sine meiningar om dette.

BYGNINGAR OG ANLEGG

Årlege kontrollar av utstyr og anlegg vert utført i samsvar med avtaler. Underteiknande har samanmed Arild Sætre starta arbeidet med å få på plass ekspertar som skal leie arbeidet fram mot ei ferdigsikringsplan, som i neste omgang skal munne ut i ein konkret søknad om midlar til å sikre tun ogbygningar på best mogleg måte. Me vil nytte COWI v/Geir Jensen. Dei er særs dyktige og har hattmange oppdrag knytt til verdifulle bygningar og områder.

Antikvariske bygg:

Arbeidet med Litla Løa åt Larsane er ferdig. Ny kledning i gavlen, ny brakekledning skvetthellene harkome på plass. Innvendig er to knekte beter retta opp, og nytt varegolv. Løa vert nytta til å lagreutstyr som me ikkje nyttar til dagen.

Larsahuset har fått nytt bad. Her var ein del roteskadar i golvet og på baderomsplatane. Gangen ermalt, og det er lagt ned varmekablar. Dette har vore eit viktig tiltak både med tanke på vedlikehald,men like mykje for trivnad. Huset er no mykje varmare. Klede og sko er ikkje lenger iskalde når metek dei på når arbeidsdagen startar.

Page 59: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

I fjor valde me å takke nei til midlar løyvd til Semensløa. Årsaka var at summen var alt for låg, basertpå dei kostnadane som låg i søknaden. I samråd med Arild Sætre, samt HFK, vart me einige om å gjedenne summen til Leif Havre. For denne summen, samt det han fekk basert på eigen søknad, ergrunnmuren på løa hans no retta av. Me har no send søknaden på nytt, og vonar me får det mesøkjer om.

SAMARBEID MED ANDRE INSTITUSJONAR/FORNYING

Samarbeidet med UiB er godt. Ved sidan av det som allreie er nemd knytt til studentane frå AKHR,har institutt for biologi skaffa oss nok ein masterstudent. Ho tek for seg deg gamle slåtteengane, ogkva me oppfattar som verdifullt med dei. Dette er ei oppgåve som fangar opp meiningar/haldningar,og difor har element av kulturvitenskapelege/samfunnsvetenskapelege metodar.

I samband med Hordaland sin plan for samlingsforvaltning vil levande samlingar vera representert.Dette er ein milepæl i mine auge. Endeleg får desse samlingane og det arbeidet som ligg til grunn forat me har desse verdiane, den status dei fortener. lkes

Arbeidet med skjøtselsplanen starta opp på slutten av året. Arbeidsgruppa er satt saman med einrepresentantar frå MuHo, grunneigarane, Osterøy kommune, og Fylkesmannen. HFK har torepresentantar. Frå MuHo sit Kjetil.

Det har tatt alt for langt å få dette styringsdokumentet på plass. Eg vonar at dette dokument vil gjeredet klarare for grunneigarane korleis ting skal gjerast, til kva tid og kvifor. I tillegg vil det vera enklarefor HFK å behandle søknadar og rapportar om utført arbeid. Det er ikkje bestemt kven som skalskrive planen.

I år har samarbeidet med fotograf Nils Olav Mevatne og tekstforfattar Øystein Rygg Haanæss begyntå ta form. Arbeidet resulterte i søknaden ”Livreddaren”. Spanande å samarbeide med dyktige folk,som arbeidar dugnad saman med underteiknande for noko dei trur på; norsk ull frå dei gamlelandrasane.

Havrå 4. februar 2014

Marit Adelsten Jensen, avdelingsleiar.

Page 60: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

kortversjon

Page 61: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Forord

Kort samandrag : Lyngheisenteret på Lygra Opna i 2000. Areal: 1500 mål lyngheier og 500 mål innmark fordelt på 5 gardsbruk. Restaurering: 30 eldre bruksbygningar og 1,5 km steingarder. Omfattande rydding av krattskog og utbedring av lyngbeiter, 4 km med tilrettelagte stiar gjennom lyngheiene. Informasjonsbygg: Matstove, auditorium , klasserom, utstilling, kontor.

Vernearbeidet på Lyngheisenteret /Lygra har sitt utspring frå Universitetet i Bergen (UIB) sitt tverrfaglige forskingsprosjekt ‘Lindås prosjektet ‘ på 1970-tallet.

Eit av dei viktigaste funna i prosjektet var at kystlyngheiene var meir enn 4000 år gamalt kulturlandskap og at det var dei tradisjonelle driftsformene som hadde gitt lyngheiene sitt karakteristiske kulturlandskap..

Utgangspunktet var eit heilskapleg vern gjennom aktiv autentisk drift Alle fem gardane på Ytre Lygra er med i samarbeid med Lyngheisenteret / Museumssenteret i Hordaland for å bevare den autentiske lyngheidrifta. Hausten 2014 kjøpte Lyngheisenteret v/ Museumssenteret i Hordaland den ein garden, bruk nr 57/2 og er no også grunneigar på Ytre Lygra.

Føremål:

a)Kulturlandskap – Jordbruksproduksjonen til gardsbruka skal drivast på ein slik måte at det historiske kulturlandskapet på Ytre Lygra og Lurekalven vert halde i hevd. Setja lyngheilandskapet på Lygra inn i ein nasjonal og internasjonal samanhengb) Forsking – Det skal drivast vitskapeleg forsking og forsøksverksemd.c) Formidling – Det skal formidlast kunnskap om kulturlandskap til publikumd) Undervising – Ein skal samarbeida med utdanningsinstitusjonar om undervisingstilbod innan kulturlandskap, kystkultur, friluftsliv og miljølære.e) Næringsverksemd - ein skal samarbeida med frilufts- og reiselivsorganisasjonar for å fremje reiselivet i regionen. Likeeins skal ein samarbeida med næringslivet for å fremja lokal og regional næringsutvikling basert på verdiar som ligg i det historiske kulturlandskapet. - Engasjera seg i den framtidige utnyttinga av ressursane i det norske kystlandskapet

Personale Fast tilsette: Torhild Kvingedal avdelingsleiar 100% Dan Skorve driftsteknikar 50 %, slutta i sept 2014 Trond Solberg Mortensen kjøkkensjef 100% Astrid Pletten driftsteknikar 50 % Bente Semmingsen Fivelsda drift infobygg 50 % Vidar Furesund har vore kokkelærling frå 1.aug 2013 til 01.10.2014. Mons Kvamme er engasjert ( ca 20 %) som fagleg medarbeider og formidlar/kurshaldar.

I tillegg er det leigd inn ekstra hjelp på timebasis i sesongen frå april – sept. Beate Myksvoll, Camilla Pletten, Harry Køhne, Stine Eikefet, Rositsa Demitrova, Izabela Biedacha

Page 62: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Avdeling

Forvaltning

innsamling: Lyngheisenteret sine samlingar er kulturlandskapet og lyngheiene på Ytre Lygra. For å ivareta samlingane har vi ei aktiv drift tufta på tradisjonelle metoder. Drifta er i eit nært samarbeid med grunneigarne på Ytre Lygra . Gjennom forskning i samarbeid med Bioforsk og Universitet i Bergen (UIB) samlar ein kunnskap om det kulturbiologisk systemet knytt til lyngheiene og husdyra i dette landskapet. I 2014 – har 1 PhD studenter hatt sine forskningsoppgaver i våre samlinger : Insekter i lyngheiene – og effekt av brenning. Ei annan oppgåve med insekt pollingering av ulike urter og grass i lyng. Samlingsforvaltning: Kulturlandskap, planter og dyr er gjenstandar, og utgjer hovudtyngda av samlinga vår. Det er også dette området som får størst fokus på forvaltning, gjennom beiting med utgangersau og Vestlandsk Fjordfe, brenning og slått av lyng, rydding av kratt og skog.

Mål for avdelinga 2014: Forsette vedlikehalde Lyngheiene primært med beitdyr, og tillegg der dette ikkje er tilstrekkeleg manuell rydding av skog/ kratt einstape, og Lyngbrenning på Tangane og Lurekalven. Prøve ut beiting med geit på Lurekalven. Minske beitetrykke av sau på Kulturbeite og auka beitetrykket av storfe på same område. Vedlikehald av steingardar, gjerder, stiar, torvhus/moldhus/gardflorar,naust, og kaianlegg. Drift av gardflor, moldtak og tovtak til formidling og undervisning.

Tiltak: Viser til detaljert planer og rapport for dette arbeid. Planlagt tiltak som ikkje vart gjennomført, tilfelle kvifor: Større rydding av skog og kratt vart ikkje utført på Kalven pga verforhold og sjukemeldt personell. Gardfloren har ikkje vore i drift i år pga eigarskifte på Gardsbruk 57/2, bruket som Lyngheisenteret no har overteke. Det har heller ikkje vore beiting med storfe i år, av same grunn.

Page 63: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Immateriell kulturarv Lyngheisenteret forvaltar nasjonal kompetanse knytt til tradisjonell drift og forvalting av sine kulturlandskap. Vi har mykje dokumentasjon,og forsking om den tradisjonelle drifta, og målet er å halde kulturlandskapet i hevd tufta på denne kunnskapen. Ein svært viktig monent i dette er den heilskapeleg kunnskapen om ressursforvaltninga i dei gamle driftsmåtane, noko som er høgst aktuelt i dagens debatt om miljø, global oppvarming og matproduksjon. Vi har også kokk /kjøkkenet som konserverer og bruker lokale råvarer frå drifta . Som vi serverer våre besøkande, ein god måte å formidle den immaterielle kulturarven på. Gjennom undervising, kurs, film, lokal mat og praktisk arbeid formidlar vi tradisjonelle driftsmetodar. Mål for avdelinga i 2014 Kunne tilby fleire rettar i matstova basert på tradisjonelle lokale mattradisjonar. Dokumentere og vise dette til våre gjester. Samle inn kunnskap om det tradisjonelle jordbruket frå 1930 – talet og framover på Lygra og nærområdet Drifte og vise den tradisjonelle torvdrifta på Lygra. Kurs i lyngbrenning og tradisjonell lyngheidrift. Tiltak Innsamling og dokumentasjon av mattradisjonar med vekt på konserveringsteknikkar – Fisk og konservering sild frå Lurefjorden. Innsamling av bilder og dokumentasjon. Begynt med innsamling og dokumentasjon av jordbruket i området . Dokumentasjon og drift torvtak på Lygra. Planlagt tiltak som ikkje vart gjennomført, tilfelle kvifor

Bygg og anlegg Mål for avdelinga i 2014: Vedlikehald av moldhus, gardflorar, torvhus, løe og naust, Totalt har vi vedlikhaldsansvar for 11 eldre bruksbygninger. Vedlikehald av stiar og steingardar. I tillegg til infobygg og kaianlegg av nyere dato. Kjøp av Gardsbruket bruke 57/2, oppussing og vedlikehald av våningshus. Tiltak Større vedlikehald av stiane i lyngheiane – grøfting og grusing. Større vedlikehald av ekspressbåtkaien. Vedlikehald av tak på torvhusa.. Skifte lerketaket på Infobygget Oppbygging av lageret etter brannen. Arbeidsrom, dusj, og vaskerom, Lagerrom mm Ferdigstille det elektriske anlegget. Oppussing av våningshuset , oppstart Planlagt tiltak som ikkje vart gjennomført, tilfelle kvifor Skifte av lerketaket er bestilt, men vi har ikkje fått det levert enno, skal skiftast i 2015.

Formidling

Formidling og tilrettelegging for publikum:- Formidling gjennom ei tilrettelagt Naturløype med eigen turguide – ca 2,5 km lang tur gjennom kulturlandskapet og lyngheiene , - 4 km med tilrettelagte stiar for publikum, -Undervisningsopplegg med aktivt deltaking i skjøtsel av lyngheiene, - Autentisk film om drift av ein kystlynggard,-Guida turar i Lyngheia og kulturlandskapet med vekt på ulike tema, - Opplevingsstur til Middelaldergarden på Lurekalven -Samarbeid med andre turrangører, -Padleturar i Den Indre Farleia,-Fisketurar i Lurefjorden-Gardsbesøk på Luregarden- Servering av lokalmat og tradisjonsmat frå Lygra og Havrå, Kurs & konferanse, –Konsertar,- Fagseminar i samarbeid med andre aktørar, -Formidling av forskingsresultat fra UiB m fl.,- Kurs i skjøtsel av lyngheier- Familiesøndagar med aktivitetar for born. – Sauesanking.

Page 64: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Mål for avdelinga i 2014 Vidareføre og vidareutvikle undervisning , formidlings og opplevingstilboda til publikum. Undervisningstilbod i tilknyting til grunnlovsjubileet. Starta planlegging av fornying av utstillinga i infobygget. Tiltak: Familiesøndagar - 9 stk med ulike tema knytt til Lyngheidrifta 1814 – undervisningsopplegg 3 dager her - for ungdomskulen. Samarbeid med dei andre avdelingane i Muho - med 2 dager på VUS og 2 dager på OM. Møteplassen : etter initiativ frå lokale pensjonistar med interesse for lokalhistorie arrangere vi no ein gong i månaden Møteplassen, vi har hatt 5 samlinger , med bla. teama sild, korn og kvernhus

. Viking marknad 15. – 17. aug. 2 konsertar, 2 sauesankingar Undervisningstilbod for grunnskulen, og den vidaregåande skulen,

Undervisningsopplegg i samarbeid med Brørviksskuta 3 dagar UiB Inst. for Biologi arrangerte 2 felt kurs på Lyngheisenteret – 2 veker i august Undervisningsopplegg for 10 kl – 5 dager Tovekurs Ullveka 2014 – Ulike aktivitetar med tema ull.

Page 65: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Unesco besøk : 25 .mars var ca 75 deltakere få den internasjonale Unesco konferanse I Bergen “ USING

NATURAL AND CULTURAL HERITAGE IN SUSTAINABLE DEVELOPMENT” på omvising, og lunsj på Lygra. Dei fekk servert tradisjonell kvardagskost med sild, pote og flatbrød , mm. Planlagde tiltak som ikkje vart gjennomførte, tilfelle kvifor I 2014 har ikkje den faste utstilinga « Det stig av hav « vore open, vi har heller ikkje hatt noko temporær utstilling, grunna brannen 1.jan 2013. Publikasjonar

Forsking og dokumentasjon Museumssenteret i Hordaland har inngått samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Har det vore gjennomført forsking av UiB i 2014: 2 PhD studenter ved Inst for biologi ved UIB har sine felt arbeid på Lygra 2014.

Tessa Bargmann : Biller og brann på Lygra. Effekten av skjøtselbrann på løpebille diversitet. Amy Eycott feltforsøk med frøspredning med sau og registrering av gjødselbiller m.a. Bacheloroppgave om Historie - og tradisjonsformidling til barn er av ein student frå NLA har barn med utganspunkt i Lygra og Lyngheidrifta. Oppgåva vil bl.a bli brukt i den vidareutvikla av undervisningsopplegget i tilknytning til gardsbruket. Dokumentasjon av sauesankinga på Ytre Lygra: Anne Magnussen frå Embla film har dokumentert sauesakninga på Lygra i haust, og laga film om dette. Dette er gjort i eit samarbeid med Romania i eit EU - prosjekt om sauehald og gamle gjetar tradisjonar. Sildeprosjektet : Saman med KIN har vi sett i gang eit SILDE prosjekt med innsamling av oppskrifter / fangstmetoder mm. Vi har hatt ei historiefortellar kveld i mars, og Mariela Nordheim ( prosjekttilsett ) er i gang med å lage digitale forteljingar frå prosjektet.

Page 66: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vi har også vore på Sildefiske med Ola Lygre, ein nabo som har fiska mykje, vi landa ca 160 kg sild, og kjøkkenet har laga spekesild, nubbesild, slosild mm. Prosjektet vil verte vidareført i 2015.

Kastenot – Toftinga sundet ca 1970 foto: Ester Skotsund Torvtakingsprosjekt: Vi har tatt oppatt eit gamalt torvtak på Lurekalven som sist var i bruk i 1947, Alt arbeidet her er dokumentert bilder og film. Torvtaklet er tenkt å bukt til formidling og undervisning. Torvtaket på Tangane har vi også tatt oppatt, men her er det lite torv att som kan takast ut. Prosjektet vil vidareførast i 2015. ULLprosjekt: Etter sauesankinga i mai/juni, hadde vi ullsorterings kurs med Hillesvåg ullvarefabrikk og bøndene her på Lygra. Kurset er delvis dokumetert med film. Ulla frå Villsauene vert levert til Hillesvåg for garnproduksjon. Dei har levert tilbake garn i 3 farger for strikking. Dette var oppstart av eit større prosjekt med å få utnytta Villsau ulla til garn og tekstiler. Forskningsprosjektet :Grønn vekst i hvitt gull gjennom lokalt forankrede verdikjeder Enhancing local wool value chains in Norway – SIFO v/ Ingunn Klepp – vart tildelt midler i 2014 –med oppstart i 2015- Her er vi med saman med Hillesvåg Ullvarefabrikk med i delprosjektet : WP2b Wool quality of Pigmented Wild sheep, Hordaland

Page 67: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Har avdelinga mål for dokumentasjon – forsking Vi vil vidareføre prosjekta innan ull, mat og torvtaking for 2015. Vi ynkjser å knytta til oss fleire studentar frå UiB, og Høgskulen – som kan gjera dokumetasjona og forskingsprosjekt på Lygra.

Fornying - Nettverk og internasjonalt samarbeid Kva nasjonalt nettverk er avdelinga medlem av Deltaking i nasjonale nettverk 2014 Lyngnett - Det nasjonale Lyngheinettverket hadde møte på Runde 23. – til 25.juni. Lyngheisenteret var ansvarlig arrangør saman med Liv Guri Velle, Bioforsk. Nesten 50 deltakarar frå heile kysten var med, både frå forvaltninga, forsking, bønder og andre interessert. Nettverket har vorte ein viktig møteplass for mange ulike miljø med interesse og arbeid for kystlyngheier og det biologisk mangfald langs kysten.

Nettverkssamling LyngNett Runde juni 2014. Ekskursjon til Skorpa og foredrag om kystgeita. Museumsnettverket – museumsgarden : Astrid og Torhild var på kurs i Lauving på Dei Heibergske samlingane på Kaupanger i oktober. Har avdelinga mål/strategiar for:Internasjonalt arbeide : Gjennom det Europeiske Lyngheinettverket, UiB, og våre kontakter i Montalgere i Portugal. Digital formidling – forvaltning – nettformidling – sosiale media Undervisningopplegg tilgjengelig på web. Facebook, Instagram Kulturelt mangfald Fagleg utvikling, profesjonalisering

Er det gjennomført tiltak innan desse områda i 2014

Samfunnsoppdraget Korleis definerer avdelinga sitt samfunnsoppdrag? Vi skal gjennom dokumentasjon – og kunnskap – bevare dei autentiske kystlyngheiene gjennom eit tradisjonell aktiv driftsform. Denne driftsforma som er mange tusen år gamal, står i sterk kontrast til

Page 68: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

dagens forvaltning av kulturlandskapet og produksjon av mat. Det industrielle landbruket gjev samfunnet mange utfordringar, mellom anna i høve til attgroing av kulturlandskapet, trusselen mot det biologiske mangfaldet, og våre energi krevande metodar for matproduksjon. Lyngheisenteret har som mål å bidra aktivt med vår kunnskap og dokumentasjon i høve: - forsking og utvikling, offentleg forvaltning, næring, miljøvern, den offentlege samfunnsdebatten og ulike nettverk knytt til Kystlyngheiene, kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet både nasjonalt og internasjonalt. Har det vore gjort tiltak som styrkjer dette målet/definisjonen: Handlingsplan for kystlyngheier : Lyngheisenteret v/ Mons Kvamme er engasjert av DN også i 2014 som konsulent for å gi faglig bistand forhold til Iverksetting av Handlingsplan for kystlynghei. Dette arbeidet starta opp i 2011. Vi håper at avtalen blir videre ført i 2014, men dette er ennå ikke avklart. Lyngheisenteret har vært ansvarlig for den faglige delen av handlingsplanen for kystlyngheier. Den faglige delen vart utvida / revidert i 2013 – v/ Mons kVamme og Peter Emil Kaland i samarbeid med MD. Planen er nå ferdig, reknar med den vert vedtatt i løpet av våren 2015. Lyngnett - Det nasjonale Lyngheinettverket hadde møte på Runde 23. – til 25.juni. Lyngheisenteret var ansvarlig arrangør saman med Liv Guri Velle, Bioforsk. Nesten 50 deltakarar frå heile kysten var med, både frå forvaltninga, forsking, bønder og andre interessert. Nettverket har vorte ein viktig møteplass for mange ulike miljø med interesse og arbeid for kystlyngheier og det biologisk mangfald langs kysten. Kurs som er haldne i 2014 Lyngheisenteret har også i år vore engasjert i lyngbrenning og skjøtsel i lokaliteter som ligg i handlingplanen . bla. i Rogaland, Hordaland ,Møre og Romsdalen og Hvaler. I tillegg har v hatt kurs og foredrag i Danmark.

Kurs i Lyngbrenning på Jylland

Page 69: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Har avdelinga mål som styrkjer rolla som utviklingsaktør/samfunnsaktør? Vi skal vere ein tydleg aktør når det gjeld vern av kystlyngheiane ved aktiv drift både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Tiltak som støttar målsetjinga? Faglege bidrag til Handlingsplan for Kystlynghei Kurs i lyngheiskjøtsel i Norge og Danmark Arbeid gjennom det Europeiske Lyngheinettverket Arbeid gjennom det nasjonale Lyngheinettverket – LyngNett Prosjekt saman med Fylkesmannen i Hordland - Prosjektet «Kystlynghei og langsiktige driftsopplegg med sviing. Informasjon, kunnskap og gjennomføring. Skal gjennomførast i 2015. Foredrag: Produkter fra lyngheiskjøtsel og annen utmarksbeiting i Norge - dansk fagmøte om naturgræsning, Jylland, desember 2014.

Foredrag v/ Mons Kvamme: Enkel sammenligning av lyngheiforvaltning i Danmark og Norge – Runde juni 2014 Kronikk Adresseavisa, 6/02-2014: Mons Kvamme : Brenning gir bedre beredskap Kysten står i flammer - det brenner ikke bare fordi det er tørt.

Særlege kommentarar om drifta i 2014: Reparasjoner og oppbygging av elektrisk anlegg etter brannen i 2013 – var ikkje ferdig før i slutten av mars. Permanent utstillinga er ikkje sett i stand att enno, den fekk ein del røykskader som må utbetrast . Vi planlegg å fornye ein del av utstillinga. Dette må finansierast, det er sendt inn søknad til KD i okt 2014.

Lygra 12.02.2015 Torhild Kvingedal

Page 70: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

1

KulturverntenestaiNordhordland

ÅRSRAPPORT2014

Arbe

idet

i201

4ha

rvorerettamot

hovudm

åla:

Vera

letttilgjengelege

ford

eisom

trengrådog

rettleiing.Nærle

iktil

brukaran

eog

fleksibilitete

rviktig

eføresetnad

arfore

igod

tfun

gerand

ekultu

rvernteneste.

Utgreieog

skap

egrun

nlag

forfelleslø

ysinga

rsom

sikrark

ulturarven

iNordh

ordlan

d

Sjålokaletiltakieitinternasjona

ltperspektiv

Deth

arvore

synfaringar,rådgjeving

isam

band

med

søknadar

ogdo

kumen

tasjo

nav

kultu

rminne

.Arbeide

tmed

dend

rodaterin

gharh

alde

fram

Detkan

også

nemnastsæ

rlegat

vihara

vsluttaførste

steg

påde

tstore

prosjektet

Dokumen

tasjo

nsplan

forN

ordh

ordland.He

rerd

etgjen

nomførttilstandsvurdering

avallestørre

privatesamlingari

region

ensom

grun

nlag

forå

defin

eremagasinbe

hovog

gjeraprioriteringari

vidare

sikrin

gog

form

idlingav

dettematerialet.

IMuseu

mssen

terete

rdet

lagt

grun

nlag

detteåret

fore

ilangsiktig

ogstor

satsingpå

vern

avde

ntekstilekultu

rarven

.Dette

vilblieitinn

satsom

råde

også

for

KINiåra

fram

over

ogvilinn

gåistrategiarfor

vern

ogvidareførin

gav

denim

materielle

kultu

rarven

.

Det h

arvore

interessanto

gfagleg

inspire

rand

eåutvikleinternasjonaleprosjekt.D

ette

vare

iprio

riteringfor2

014og

dete

rgjorterfarin

garo

gbygt

kompe

tansepå

detteom

råde

tsom

vilveranyttigform

useu

mssen

teretsitt

vidare

internasjonalearbe

ide.

Øko

nomi

Rekneskape

ner

gjorto

ppmed

eito

verskotp

åkr.8690

0.Overskotet e

rknytttil

fleire

prosjekttilskot

–og

gjen

nomførteprosjekt

ennplanlagt/bud

sjettert.

Overskotetvilvertasettav

tilekstraordinæ

reprosjekt.

Page 71: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

2

Målom

råde/

strategiskemål

Tiltak

RAPPPORT

Forvaltningav

kulturarv

Page 72: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

3

Page 73: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

4

Form

idling

Page 74: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

5

Fornying

Fellesskap

Page 75: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

6

Forsking

Page 76: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

7

ÅdnatunMuseum

Rapport2014

Årsplane

nog

budsjettet

for2

014gjorde

eityde

legprioriteringav

sikrin

gsog

vedlikeh

aldsop

pgåver.D

etharv

orearbe

iddetterd

enop

psette

prioriteringsplanen

.

Form

idlin

g

MÅL

TILTAK

RAPP

ORT

Fastform

idlin

gstilbo

dTilbod

tilba

rneh

agen

,fram

tiljuni

IngridHa

ugrønn

ingharh

atta

nsvarfor

tilbo

dtil

6årsg

rupp

afråBo

gane

barneh

age.De

iharh

attsam

lingiÅ

dnatun

eingong

imånaden

,med

uliketema.

Hand

arbe

idstreffisam

arbm

Husflid

slaget.

Besøketh

arvore

varie

rand

eog

deth

arikkjevore

gjen

nomførtihaust.

Skuleformidlin

gArna

sogelagharg

jenn

omførtde

tårle

geun

dervisn

ingstilbo

dettil5klassane

iArna.

Museetd

ekkaru

tgifter

tilmaterialarm

.m.

Page 77: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

8

Mål

Tilta

kRapportt

Sikrebygningarog

samlingarbest

mogeleg

Utarbeide

avtalerfordei

sombrukarbygningane,

Utarbeide

instruksfor

brukaraneavbygningane

Avtaleom

tilsyn,utføring

avmindrevedlikehaldpå

bygningane

Sjekklisteforfasttilsyn

Utbetring

avelanleggtil

forskriftsm

essigstandard

(evtogså

nyttlys)

Monteredetektor

sikringsskap

Brannvarsling

Ikkjefullfinansie

rtog

oppstartutsettipåven

teav

fullfinansie

ring

Rydding

avuteområde,

slågraslangsveggerm.m.

Førebu

riving

avskur

Monterenyelåsar,

Page 78: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

9

Nyeavtalerom

nøklar

Rydding

kjellarÅb

IISikker

lagringav

brannfarleg

materiale

Installere

varm

epum

peVinter

2014

15

Registrerin

gav

samlin

gane

2015

Malingog

oppgrade

ring

utstillingsbygg

ute

Sommaren

14

Rydd

eut

avskuret.

2015

Page 79: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Årsmelding 2014

Museumssenteret i Hordaland avd. Vestnorsk utvandringssenter, 5939 sletta tlf. 55 25 18 09 [email protected] www.muho.no

Frå utstillinga på Legekontoret

Page 80: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

Verksemda 2014

Personale Senteret har ein avdelingsleiar i 100 % stilling. I sommarsesongen har ho kontor i kyrkjekjellaren på Sletta. Elles i året sit ho i

Salhus saman med Kulturverntenesta i Nordhordland (KIN) og administrasjonen i Museumssenteret i Hordaland (MuHo).

Åshild Sunde Feyling Thorsen har vikariert som avdelingsleiar for Ida Dyrkorn Heierland frå 26.04.2013.–04.08.2014. Ida

Dyrkorn Heierland kom tilbake i avdelingsleiarstillinga frå 4. august. Åshild Sunde Feyling Thorsen har vore tilsett som

rådgjevar i perioden 4.8–31.09.14 for å overlappe med Heierland og jobbe med samlingsforvalting.

Ellen Marie Fiære Risbruna har vore prosjektilsett i eit engasjement på 150 timar, og har arbeidd med innsamling og

tekstutvikling til utstillinga på Legekontoret, samt vore engasjert som ekstrahjelp under Utvandringsfestivalen. I haust har ho

hatt ansvar for markedsføring og gjennomføring av eire av arrangementa på senteret.

I år har det vore gjort avtale med totalt re guidar. Jarand Waaland og Magnus Iversen har vore tilsett som omvisarar

gjennom sommarsesongen, noko som har fungert svært godt. Olav Steinar Namtvedt har vore engasjert som omvisar ved

behov gjennom heile året. Kenneth Bratland har hatt kortare prosjektengasjement gjennom heile året, både som guide og

samlingsforvalting. Han tok også ansvaret for førebuing og gjennomføring av føredraget i Emigrantkyrkja 18. november.

Tidlegare år har senteret vore avhengig av at frivillige har fungert som guidar i tillegg til dei tilsette omvisarane. I år har den

eine frivillige ikkje hatt like mye tid som i fjor, og ein ser at det er naudsynt å knytte til seg eire ringevikarar som kan fungere

som omvisar ved behov.

Fotograf Øyvind Johnsen har vore engasjert ved VUS for å ta bileter av senteret. VUS har mangla gode fotogra av heile

senteret, dei nye utstillingane og formidlingstilbodet. Fotogra a skal nyttast i marknadsføring av senteret – både på trykk og

på nett. Johnsen har på dette prosjektet arbeidd 22,5 timer for VUS. I tillegg har Johnsen i haust hatt ei vekes engasjement

for å fotografere dei Primus-registrerte gjenstandane ved senteret.

Harald Mellingen vart tilsett som ny handverkar/driftsteknikar frå 1. September i ei 50% stilling, med kontor på Sletta. Grunna

dei mange utfordringane med samlingane på senteret, er det ønskjeleg at stillinga blir auka til 100% så fort som mogleg.

Ida Heierland gjekk ut i svangerskapspermisjon 8.11.2014. Cecilie Hansen vart tilsett som vikarierande avdelingsleiar fom.

27.10 til utgangangen av 2015. Heierland og Hansen hadde to veker overlapp.

Årsmelding 1

Page 81: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

Frivillig engasjement

Veneforeininga til senteret har 163 medlemmar, og det er sju medlemmar i styret: Oddmund Skjelvik (leiar), Bjørnar Dalseng

(sekretær), Anne-Karin Natås (kasserer), Kjell Olav Hjellum (styremedlem), Ella Ystebø (styremedlem), Kirsten Skage Mellingen

(varamedlem). Oddmund Skjelvik har som før vore

tilsynsmann på senteret, og stiller opp når det trengs.

I tillegg har Skjelvik hatt nokre guideoppdrag i løpet

av året, det same har Asbjørn Ystebø.

Veneforeininga har hjelpt til på Utvandringsfestivalen,

og elles skaffa folk utanfor Venneforeininga til å hjelpe

til. Det er nå ein aktiv kjerne i styret som engasjerer

seg, men det kan synes som det er vanskeleg å

aktivisere resten. Veneforeininga har ikkje laga eigne

arrangement i år.

ForvaltningSamlingsforvaltning

Boksamlinga

Kenneth Bratland har som tidlegare år registrert innkomne bøker til biblioteket. Det er satt av midlar til å lage ei digital

registrering av bøkene, men det har ikkje vore funne tid til tiltaket i 2014. Tiltaket overførast til 2015. Eit alternativ er å få

boksamlinga søkbar i bibsys systemet som universitet og andre forskingsinstitusjonar nytter i dag.

Gjenstandar

Det er per i dag 525 gjenstandar og 166 fotogra ar. I 2014 er det tilvekstført 72

gjenstandar. Ei av dei nye gjenstandane er ei jakke brukt i 99. Bataljon under 2.

verdkrig saman med ei skjorte donert av John Pettersen. Skjorta og jakka er

tilstandsvurdert og konservert av Bevaringstenestene i november og desember.

Eit arkivskåp frå samlinga etter lege J. C. Serkland er no ferdig restaurert frå

Bevaringstenestene. Skåpet er installert i nytt monter i den nye utstillinga på

Lækjarkontoret i Emigrantlandsbyen. Innhaldet i arkivet (dokument) var skada av

ein del sopp, og dessutan av lita interesse for formidling, og er difor magasinert i

det mellombelse magasinet til VUS i Salhus, VUS-MAG. Rapport for konserveringa

føreligg hos avdelingsleiar.

Alle gjenstandane i samlinga har tidlegare vore tilvekstført (2012). I år byrja arbeidet

med å få dei registrert i den nasjonale Primus-databasen for vidare publisering på

mellom anna Digitalt museum og andre publikumsplattformar.

Fleire av gjenstandane i samlinga er i dag utstilt på Sletta, som ein del av inventaret

Årsmelding 2

Frå utvandrarfestivalen

Frå samlinga

Page 82: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

i husa. Husa er i seg sjølve ein del av samlinga til museet. Andre gjenstandar, og då særleg frå den såkalla Jahn Sjursen

samlinga, er i dag lagra i eit mellombels arkiv i Salhus. Av desse (om lag 300 gjenstandar) er nå 60 registrert i Primus. Ein

stor del av arbeidet har vore å få tilleggsinformasjon om gjenstandane, der ein tidlegare hadde få eller inga opplysningar om

kontekst og bruk. Gjennom intervju med tidlegare eigar av samlinga, Jahn Sjursen, er det nå tilfredsstillande opplysningar til

dei este gjenstandane.

Gjenstandane er òg blitt fotografert av Øyvind Johnsen, og VUS har lånt studioutstyr av Norsk Trikotasjemuseum for å få

dette arbeidet gjort. Dei ferdig registrerte og fotograferte gjenstandane er nå tilgjengeleggjort for publikum gjennom Digitalt

Museum.

Fotosamlinga

Fotosamlinga er ikkje blitt primusregistrert i 2014. Samstundes med registreringa må ein òg scanne bileta.

Innsamlingsplan

Kulturverntenesta i Nordhordland (KIN) arbeider for augneblinken med ei dokumentasjons- og innsamlingsplan for regionene.

VUS vil sjå sitt vidare planarbeid i samband med resultata frå KIN.

Sikring

Årleg kontroll og tilsyn med heile alarmanlegget vart gjennomført i februar av elektrikar.

Det har vore ei utrykking i forbindelse med brannalarm i år. Årsaka var for høg temperatur på loftet i kyrkja, noko som

utløyste alarmen. Brannmannskap var på plass innan 15 minuttar, og viser at beredskapen fungerer tilfredstillande. Det vil bli

sett på tiltak for å verne detektoren på loftet mot sollys i dei varmaste sommarmånadane.

VUS har gjennom fellessøknad til Norsk Kulturråd fått tilskot til å utarbeide ein sikring- og beredskapsplan for anlegget og

samlingane. Arbeidet er starta opp hausten 2014 ved handverkar/driftsteknikar.

Sikringsplan skal danne grunnlag for utarbeiding av tiltak. Det vil bli søkt midlar frå Norsk Kultturråd og Hordaland

Fylkeskommune for gjennomføring av tiltaka.

Vedlikehald på bygg og anlegg Kyrkjekontoret har avtale med Radøy kommune om å utføre tenester for inntil kr. 150 000,- i året for utvandringssenteret.

Grovt rekna vart arbeidet fordelt på følgjande arbeidsoppgåver:

- slåttearbeid og anna vedlikehald av uteområdet

- innvendig vask kvar måndag i sesong, og vask av heile anlegget før sesongstart: 50 timar

- Innvendig måling av vindauge i Rådhuset

- Utvendig måling av Lækjarkontoret og Skulehuset

- Innvendig måling av vegg i Rådhuset og Lækjarkontoret

- Frakt av bord og anna til festivalen

- Køyring av avfall

Årsmelding 3

Page 83: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

Rådhuset

Handverkar ved VUS har i haust utført eire vedlikehaldsoppgåver på Rådhuset. Taket på huset har vorte vaska, medan det

har blitt måla innvendig.

Nybyggjarstova

Jamfør årsplan for VUS har det vore satt i gang tiltak på Nybyggjarstova som tek inn vann. Det er bestemt i samråd med

gruppa for Bygg- og sikring at det skal settast opp eit glasdekke. Stiftinga UNI har gitt 100.000 kroner til tiltaket som har ei

kostnadsramme på 370 000 ( inkl/MVA)

I samband med dette arbeidet har det vore naudsynt å gjere ein del vedlikehaldsarbeid på huset, mellom anna rehabilitering

av døra og vindauga. Dette arbeidet er utført av handverkar ved VUS. Hole glass har ansvar for innklassinga av stova. Dei

har laga tekningar og glasa er satt i produksjon for oppsett i februar 2015.

Inn ytting på nytt lager/ny verkstad

VUS har fom. 01.11 2014 inngått leigeavtale med John-Henning Rath om leie av verkstad/lager på Sletta (om lag ein km. frå

senteret). Avtalen er på åremål og inkl. toalett med vaskemaskin, kontor med sofagruppe, internett. Vi har difor sagt opp

leigeavtalen med Asjørn Ystebø (bedehuset SOAR) fom 1. des. 2014. Harald Mellingen har ytta alt frå bedethuset inn på det

nye lageret. VI er svært glade for å ha fått på plass denne avtalen då handverkar no har tilfredsstillande arbeidstilhøve

gjennom heile året. I tillegg har vi no god plass til lagring av gjenstandar, utstillingar osb. Vi vil gjere ferdig arbeidet med

gjenstandane som står på mellombels magasinrom i Salhus (Kveldheim) før dei blir ytta attende til Sletta.

Forsking og dokumentasjon

I samband med ei ny utstilling i Lækjarkontoret, er det gjennomført ein del dokumentasjonsarbeide. Prosjekttilsett Ellen Marie

Fiære Risbruna har henta inn bilete og informasjon om lege Johan Christian Serkland. I tillegg har vik. avdelingsleiar Åshild S.

F. Thorsen henta inn informasjon og bilete om den norske diakonissa Elisabeth Fedde. Dokumentasjonsarbeidet knyte til

Årsmelding 4

Vinter i Utvandrarlandsbyen og Rådhuet blir utbedra

Page 84: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

utstillinga har vore viktig både for å ha meir kunnskap om Serkland, men og for å gi eit større bilete av helseaspektet ved

utvandringa frå Noreg og migrasjon generelt. I tillegg er dokumentasjonen av Fedde ei historie som ikkje er så godt kjent i

Noreg, og er såleis eit viktig tilskot til å få representert kvinner i utvandringshistoria.

Formidling

Opningstider og inngangsbillettar Museet har halde ope:

11.5–15.6: Laurdag og sundag kl. 12–15.00

17.6–24.08: Tysdag – fredag kl. 12–17.00

Laurdag og sundag 12–15.00.

Måndag stengt.

Museet har halde ope etter avtale heile året, vanlegvis i samband med omvising for grupper.

Prisar (uendra frå 2013):

Vaksne: kr 55,-

Student: kr 40,-

Årsmelding 5

Frå utstillinga på Legekontoret

Page 85: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

Born under 15 år: gratis.

Besøksstatistikk 2014 mot 2013

Kommentar til opningstider, prisar og besøksstatistikken

VUS har vore svært godt besøkt i 2014. Heile 3154 besøkande mot 2543 året før. Det har vore mange turgrupper, og det

haldt fram å komme bestillingar utpå hausten, samanlikna med fjoråret då det var få grupper etter august. Ser ein på dei re

sommarmånadane, er det 450 eire besøkande enn i 2013, og 250 eire enn i 2012.

Opplæring

Dei to omvisarane som vart tilsett for sommaren, var begge på guidekurs i regi av MuHo på Norsk Trikotasjemuseum i april.

Det vart ikkje arrangert hjartestartarkurs før på hausten, og difor fekk diverre ikkje guidane tilbod om å delta på dette. VUS

ser helst at denne kursinga skjer på vårparten slik at nye omvisarar kan få delta på dette.

Utstillingar

Lækjarkontoret

VUS har i 2014 laga ei ny utstilling i Lækjarkontoret som omhandlar migrasjon og helse. Lækjarkontoret var base for pioner-

lækjar J. C. Serkland sin praksis i byen Rothsay, Minnesota. Huset vart ytta til Sletta i 2001, saman med eire av gjenstan-

dane til doktoren.

Dei mindre gjenstandane har no fått eit eige monter slik at dei er sikra. Dei litt større gjenstandane har fått separate monter i

lokalet. Utstillinga fortel historia om Serkland – både opphavet i Noreg, og om praksisen i USA. I tillegg har utstillinga eit litt

breiare perspektiv, då publikum får ein introduksjon til nokre av dei helsemessige utfordringane som fantes for dei norske

utvandrarane. Utstillinga fortel og historia om den norske diakonissa Elisabeth Fedde og om dei store problema i dei norske

koloniane i New York rundt hundreårskifte.

På ei tidslinje presenterast nokre av dei vanlegaste sjukdommane i ulike epokar av den norske utvandringshistoria, samstun-

des som utstillinga peiker på at t.d. tuberkulose framleis er eit stort problem i mange samfunn. Tidslinja viser og at sjølv om

det ikkje er så mange nordmenn som bur utafor landet sitt i dag, er det i dag totalt sett svært mange menneske som er i

Einskildbesøk

vaksne

Einskildbesøk

born og unge

Besøk i

grupper,

vaksne

Besøk i

grupper,

born og

unge

Antall

besøkande som

betalte

inngangspengar

Antall born i

organisert

undervisning

/ tiltak

- av dette,

Den

kulturelle

skulesekken

2013

januar 0 0 0 0 0 0 0 40februar 0 0 0 0 0 0 0 0mars 0 0 55 19 35 19 0 70april 2 0 15 85 0 85 85 30mai 148 3 278 300 173 250 0 282juni 141 50 290 0 360 0 0 705juli 664 145 36 0 326 0 0 673august 270 25 168 0 333 0 0 430sept. 39 0 124 6 143 0 0 95oktober 181 0 0 0 170 0 0 57november 58 0 0 0 49 0 0 146desember 52 0 0 0 47 0 0 15TOTALT 1555 223 966 410 1636 354 85 2543

Årsmelding 6

Page 86: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

migrasjon – med dei helsemessige utfordringane det inneber. Det vart brukt same designarar som i utstillinga om 99.

Bataljon (2012), for å få eit heilskapleg uttrykk ved utstillingane ved senteret.

Dokumentasjon og tekst: Åshild S. F. Thorsen, Ellen Marie Fiære Risbruna. Omsetting: Hanne Dale. Film: Åshild S. F. Thors-

en. Gra sk design: Per Bækken. Utstillingsdesign: Elisabeth Ellefsen.

Lengselens bilder

Det var i 2014 gjort nokre oppdateringar på utstillinga «Lengselens bilder» i kyrkjekjellaren. Arkivmaterialet er nå tilrettelagt i

eigne hyller for publikum, og det er kjøpt inn to skjermar for lmvisning. I utstillinga blir det nå høve til å sjå ein lm om Guri

Rosseland laga av NRK på 1950-talet, samt eit arkivklipp frå ei emigrantskute i overfart.

Arrangement

12. mars: Kveld med Veneforeininga

Avdelingsleiar orienterte om årsprogrammet og nybygget under veneforeiningas årsmøte. Ca. 20 frammøtte. Samfunnshuset

Skogen.

11. mars: Skuleundervisning Manger skule

Undervisning i samband med prosjektet «Connecting History». Undervisningsopplegg knyte til Søsterbysamarbeidet i Fergus

Falls.

15. mars: Føredrag for Hordaland sogelag

Avdelingsleiar heldt føredrag for Hordaland sogelag sitt årsmøte. Ca 35 stk. Emigrantkyrkja.

3. – 4. april: 1814 undervisningsprosjekt

Fellesprosjekt for heile Muho der alle ungdomsskuleelevar i Nordhordland vart invitert. På VUS var det 85 elevar over to da-

gar.

23. – 24. April: 1814 undervisningsprosjekt

Lyngheisenteret Avdelingsleiar var med på Lyngheisenteret si gjennomføring av prosjektet.

8. mai: 8. Mai markering på Utvandringssenteret

I samband med Nordhordland forsvarsforeining og

Radøy kommune. Besøk av Austbygda skule. Totalt 130

besøkande.

11. mai: Sesongoping

Sesongopning med utstillingsopning av Margrethe

Kreutz utstillinga og føredrag av dr. Cathrine Baglo. Kon-

sert med Bøen/Fiskaaen DUO. Publikum: 15.

27. mai: Føredrag Sons of Norway

Føredrag for Sons of Norway, Lodge Leiv Eiriksson,

Jæren og Sandnes. Sivdamssenteret Bryne. Publikum:

50.

4.–6. Juli: Utvandringfestivalen

Tross dårleg ver heile helga, var Utvandringsfestivalen

godt besøkt i år. Fagseminaret hadde ny rekord med heile 50 betalande. I tillegg til dei tradisjonelle postane, vart det

arrangert ein grillfest som ei feiring av den amerikanske sjølvstendedagen 4. Juli. VUS fekk «låne» Lyngheisenterets kokk,

Trond Magne Solberg-Mortensen, som var grillmeister for dagen. Arrangementet var ei forsøksordning for å gjere fredagen til

Årsmelding 7

Ordføraren i Radøy kommune vitjar VUS i samband med 8.mai markeringa

Page 87: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

ein litt yngre og meir familievennlig dag under festivalen. Med 70 gjestar i festivalteltet og godt salstal kan arrangementet

gjerne bli ein fast post framover.

Festmiddagen i samfunnshuset Skogen på laurdag kveld var mindre besøkt i år. Her må ein tenke nytt, i høve kven festen er

meint for. Ei god løysing kan være å ha tydelegare og ulik pro l på kveldsarrangementa på fredag og laurdag. Veneforeininga

til VUS kan om mogleg involverast meir i arrangementet på laurdag.

Det var i år lagt vekt på å få med så mange som mogleg av dei tilsette til å jobbe under festivalen, og med klare arbeid-

soppgåver. Alle involverte gjorde ein god innsats heile helga.

17. august: Frå Vikingland til Amerika

Arrangement i samband med Knarvikmila og Kystsogevekene. Lyngheisenteret og VUS vart i vår einige om å ha eit felle-

sarrangement under Knarvikmila, med tittelen Frå vikingland til Amerika. Arrangementa vart nyta saman med båttransport

mellom Lygra og Sletta. På VUS var det totalt 150

besøkande under arrangementet, der 100 var beta-

lande.

Båttransporten var og meint som ei utprøving på eit

mogleg vidare samarbeid mellom dei to avdelingane.

Samstundes som transporten var godt motteken, var

det ein del utfordringar med å få denne på plass.

Etter ei avtale med Knarvikmila var Muho av den opp-

fatning at Knarvikmila skulle organisera båttransporten

og dekke alle kostnadar med denne. Knarvikmila

hadde derimot forstått det slik at dei ikkje skulle betale

for transporten, men berre hente inn tilbod. LH og VUS

stod dermed igjen med høgare utgiftar enn venta til

dette arrangementet.

Årsmelding 8

Page 88: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

17. september: Kveld med Utvandringssenterets venner

Kveld på Radøystova for venneforeininga til utvandringssenteret. Det vart informert om siste nytt frå senteret, samt om pro-

grammet for hausten. Konsert med Bergen Munnspillorkester. Oppmøte: 18 stk. Då det var svært liten interesse i arrange-

mentet frå medlemene i veneforeininga opna vi opp kvelden for også andre interesserte.

2. Oktober, 23. Oktober, 13. november, 4. desember: «USA si historia» - ei føredragsrekke med Frank Aarebrot

Fire temakveldar på Radøystova med Frank Aarebrot. Alle føredraga vart raskt fullbooka etter ei annonsering + pressemeld-

ing i Strien/NH. I tillegg vart arrangementet godt marknadsførte på websidene våre og i sosiale medier. Kjell Olav Hjellum frå

veneforeininga hengte opp plakatar i re-

gionen. Kvar temakveld hadde 40 plassar

og vi hadde om lag 20 personar på ven-

teliste alle kvaldene. Det var ein klar

strategi frå VUS si side å legge arrange-

mentet til Radøystova . Vi ønskjer å bygge

eit tettare samarbeid med ulike lokale ak-

tørar, i dette høve Radøystova. I tillegg ville

vi no lage ei særleg hyggeleg ramme rundt

arrangementet med god servering i beste

Radøystove-stil. Dette har vore svært vel-

lukka, og vi vil gjere haustseminarrekkja

med høgt fagleg innhald til ein tradisjon

ved senteret. Totalt 160 deltakarar (over

re kveldar, svært mange deltok på alle re

kveldane) + 6 tilsette.

28. oktober: «Dei Ureine» - Ei forteljing om dei spedalske frå Strilelandet 1825-1900

Framsyning med musikk, video, forteljing i Emigrantkyrkja. Eit turnétilbod frå Hordaland fylkeskommeune, Kultur og

idrettsavdeleinga. Produsert av Reidun Horvei, fylkesmusikar i Hordaland. Det var svært dårleg vêr denne dagen, så vi er

nøgde med om lag 40 besøkande.

18. november: Føredrag ved Runar Jordåen: Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849)

Emigrantkyrkja, 12 besøkande. På tampen av jubileumsåret 2014, og markeringa av dei 200 åra sida Noreg fekk si Grunnlov fortalde historikar Runar Jordåen historia om eidsvollmannen Christie. Jordåen var aktuell med biogra en om Christie (1778-1849) som kom ut på Fagbokforlaget 20. oktober. I føredraget synte han korleis Christie hadde sterke relasjoner til Nordhordaland.

12. desember: Julekonsert i Emigrantkyrkja

Emigrantkyrkja. Musikarane var eit knippe av folkemusikarar med bustad i Bergen. Annlaug Børsheim, sang / fele / hardingfele / gitar, Håvard Netland, piano / orgel, Torbjørn Netland, gitarer / citern, Alex Grieg, kontrabass

Annlaug Børsheim spelar fele og syng. Ho har mykje spelejobbar i inn- og utland, men er kanskje aller best kjent for rolla si i "Dar kjem Dampen", som gjekk for fulle hus i 2014, med ekstraforestillingar og mykje blest. Elles spelar og syng ho saman med Rannveig Djønne i duoen Djønne/Børsheim. Dei gav ut plate i 2013, kalla populærmusikk frå Hardanger. Dei andre musikarane er Torbjørn Netland, som spelte i Emigrantkyrkja tidlegare i år med bandet "Svermere". Eit fan-tastisk folkemusikkband med innslag av jazz i sine tolkingar. Elles i bandet er Alex Grieg og Håvard Netland.

Årsmelding 9

Føredragsrekka med Frank Aarebrot

Page 89: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

Undervising

Eit mål for 2014 var å fortsette skuleprosjektet med Manger skule og Fergus Falls, Minnesota, som så vidt vart starta i 2013. I dette prosjektet har utvadnringssenteret oppretta eit samarbeid med ein 5. Klasse på Manger skule, ein 5. Klasse i Fergus Falls, og med museet Otter Tail County Historical Society.

Vårsemesteret hadde 5. Klasse frå Manger skule deler av undervisninga si på Utvandringssenteret. Elevane fekk i oppgåve å

dokumentere husa og laga eigne historier i skjæringsfeltet mellom fakta og ksjon. Gjennom ein undervisningsdag på

Manger, fekk elevane lage digitale forteljingar med lyd og bilete basert på dokumentasjonen dei gjorde på senteret.

Resultatet vart publisert på bloggen connectinghistory.wordpress.com.

Ideen har vore at bloggen skulle nyttast av skule og museum i USA og Noreg, men dette var vanskeleg å få til. Det har difor

bare vore VUS som har oppdatert bloggen. Det vart gjort eit forsøkt der elevane skreiv e-post til kvarandre, og dette var

enklare å få til. Det er eit ønske frå Fergus Falls at prosjektet skal fortsette, og Manger skule har og vore positive til å fortsette

samarbeidet.

Fornying

Nybygg

Arbeidet med eit nybygg har halde fram på senteret og i MuHo i 2014. Vik.avdelingsleiar Åshild S. F. Thorsen (ÅSFT) og

direktør har hatt hovudansvaret for prosjektet, i tillegg til ei arbeidsgruppe der også KiN og avdelingsleiar for VUS Ida

Dyrkorn Heierland (IDH) har vore med. Link arkitekter har i samband med gruppa laga nye teikningar til eit nytt

museumsbygg for Vestnorsk Utvandringssenter.

Bygget skal være todelt, og romme både eit gjenstandsmagasin for regionen Nordhordland, samt eit museumbygg for VUS.

Her er det teikna inn to utstillingslokaler, kontorar, eirbrukssal, kafé og bibliotek.

Investeringssøknad vart sendt til Kulturdepartementet 1. mars og til Hordaland fylkeskommune (HFK) 1. april. HFK slutta å

ikkje gje ei investeringsstøtte i 2014, men derimot 200.000,- til vidareutvikling av prosjektet.

Eigarstyret Vestnorsk utvandringssenter vedtok under sitt årsmøte i mai at MuHo vil ha eigarskap til eit eventuelt nybygg ved

senteret. Teikningar for nybygget og full prosjektskildring føreligg hos avdelingsleiar.

Nettverk

Kontakten med søsterbymiljøet i Fergus Falls er halden ved like og vidareutvikla.

VUS har også fått eit godt samarbeid med antropologar ved forskingsprosjektet «Norske rom» ved Institutt for

Sosialantropologi ved UiB då Åshild S.F. Thorsen har vore aktivt med i gruppa gjennom året.

VUS har hatt eire møte med Arve Gjellesvik ved Radøystova. Vi vil no gå inn i eit samarbeid med Radøystova om utvikling

av produktpakkar innan migrasjonshistorie med særleg vekt på utvandringshistoria til USA, lokal/regional kultur og

tradisjonsmat. Saman med Radøystova arbeider vi no med dei siste detaljane i ein samarbeidsavtale for 2015 der vi ønskjer

å teste ut 2-3 produktpakkar tilpassa ulike målgrupper. Eit godt fagleg fundert samarbeid med Radøystova vil utan tvil gjere

det meir attraktivt å kome til Sletta. Vestnorsk utvandringssenter og Radøystova har allereie etablert eit godt samarbeid

gjennom ulike arrangement som utvandringssenteret har lagt til Radøystova. Vi ønskjer no å ta samarbeidet eit steg vidare

og saman utvikle gode opplevingsprodukt for tilreisande. Vi vurderer også andre aktuelle samarbeidspartnarar i

produktpakkene. For VUS sin del ønskjer vi å koble dei ulike produktpakkane på arbeidet med kulturløypa på Sletta som står

på årsplanen vår for 2015.

Årsmelding 10

Page 90: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

I media

Kontakten med journalistar i lokalavisene «Strilen» og «Nordhordland» er halden ved like.

Sjå avisklippa på: http://www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter.

14.01.25 Laga utstillinga av amerikafeberen, Nordhordland

14.03.08 Nytt museumsbygg på Sletta, Nordhordland

14.03.08 Planlegg nytt bygg, Strilen

14.04.09 Attende til 1814 med svolt og uår, Nordhordland

14.04.22 Inviterer veteranar til fredsmarkering, Strilen

14.05.10 Flott 8. mai markering på Sletta, Strilen

14.05.14 Gav skjorta og jakka frå 99. Bataljon, Nordhordland

14.05.15 Sesongopning med samisk vri, Strilen

14.06.30 Ser norsk grunnlov i amerikaperspektiv, Dagen

14.07.03 Feirar Fourth of July med familiefest på Sletta, Strilen

14.07.04 Min fredag, Bergens Tidende

14.07.05 John Pettersen heidra med den største, franske ære, Nordhordland

14.07.09 Heidra, Bergens Tidende

14.07.09 Topp for tippoldebarna i Amerika-husa, Nordhordland

14.07.09 -Gir haugianarane den plass dei fortener, Nordhordland

14.07.09 Til Sletta for å nna røtene, Strilen

14.07.12 Sommarjobb på Sletta-prærien, Nordhordland

14.08.13 Frå vikingland til Amerika kommande helg, Nordhordland

14.08.16 Frå vikingland til Amerika, Strilen

14.08.23 Frå vikingland til Amerika – og omvendt, Nordhordland

14.08.23 Frå vikingland til Amerika på Sletta, Strilen

14.08.23 Knakande god på int, Strilen

14.09.17 Fire kveldar med Aarebrot, Nordhordland

14.09.18 Klart for re kveldar med Frank Aarebrot, Strilen

14.09.23 Foreiningsnytt, Telemarksavisa

14.09.30 Aarebrot overteikna, Strilen

14.10.01 Fullteikna Årebrot, Nordhordland

14.10.02 Fullt hus for Aarebrot på Radøystova!, Strilen

14.10.11 Utvandringssenteret har digitalisert seg, Strilen

14.10.11 Museum på nett, Nordhordland

14.10.22 Skuffa, men optimistiske, Nordhordland

14.10.23 Skuffa etter å ha fått pengeavslag - Departementet sa nei, Strilen

14.10.25 «Dei ureine» på utvandringssenteret, Strilen

14.11.01 Ei sterk historie - Dei ureine på Strilelandet, Nordhordland

14.11.15 Sorenskrivaren som verna om grunnlova, Strilen

14.11.15 Vikarier som leiar ved utvandringssenteret, Strilen

Marknadsføring

VUS har også i år fått laga ein brosjyre med årsprogrammet. Som tidlegare år får vi god tilbakemelding på brosjyren som og

inneheld informasjon om bygga og utstillingane på senteret. Alle arrangement har vore annonsert i lokalavisene Nordhordland

og Strilen, samt i sosiale media. Transport med D/S Oster vart i år, i samarbeid med Lyngheisenteret annonsert i Bergens

Tidende. Det er diverre ikkje klare tall på kor mange som tok båten, men mannskapet ved D/S Oster fortel om den beste

Årsmelding 11

Page 91: Årsmeldingar 2014 – avdelingsvis

Vestnorsk utvandringssenter

sesongen på mange år.

Deltaking på kurs, seminar og konferansar

Primuskurs 12.–19. mars (Oslo): ÅSFT

Leiarseminar, 7.–8. April (Lillestrøm): ÅSFT

Forsking på musea, seminar 24. April (Bergen): ÅSFT

Norsk antropologisk forening årskonferanse 2.–4. Mai (Bergen): ÅSFT

Omvisarkurs 19. Mai (Salhus): ÅSFT, Jarand Waaland, Magnus Iversen

Hjartestartarkurs (Salhus) 8. september: IDH, HM

Det nasjonale museumsmøtet, 10.–12. September (Bergen): ÅSFT, IDH

Vedlikehold og stell av historiske hus med interiør, i regi av BEV, Bergen 21. november: CH, HM

Brannvernleiarkurs (Laksevåg) 24/25. november: HM

Skrivekurs for leiargruppa, nov/des: CH

Publikasjonar

Svellingen, Rolf (red) 2014: Nordmenn i Amerika.

Testament etter Alf Størdal (1929-2014)

Vestnorsk utvandringssenter er testamentarving etter avdøde Alf Størdal. I samråd med Laila Pletten (verge for Alf Størdal) og

Oddmund Skjelvik skal midlane brukast til tiltak ”Nybyggjasrstova”. Vi ved Vestnorsk utvandringssenter er svært takksame

for denne pengegåva etter Alf Størdal.

Vi vil også takke Laila Pletten, Odd Lyder Pletten og Terje Skjelvik for gravstein og stell av grav. Vi takkar også Oddmund

Skjelvik i veneforeininga for innsats i samband med ulike gjeremål i arveprosessen. Takk til dere alle.

Åshild S.F. Thorsen Salhus 29.09.2014Ida Dyrkorn Heierland 07.11.2014 Cecilie Hansen 30.12.2014

Årsmelding 12