Resonnerande tekstar

Preview:

Citation preview

Resonnerande tekstar

Dei fleste resonnerande tekstar inneheld også informative element

Resonnere

tenke over, diskutere, stille spørsmål, trekke slutningar

Informerepresentere, forklare,

gjere greie for

Alltid lurt å lage ein plan før du begynner å skrive!

Skriv stikkord om dette:

Kva handlar saka om?

Kva ulike sider ved saka ser du?

Kva for refleksjonar gjer du deg?

Korleis vurderer du saka og dei ulike momenta?

Svarer du på alle elementa i oppgåveteksten?

Kva ber oppgåveteksten deg om å gjere?

Drøfte?

Samanlikne?

Greie ut?

Vurdere?

Ta stilling til?

Innleiinga

Start innleiinga på ein måte som fangar interessa til lesaren. Traurige og keisame introduksjonar drep lesegleda! Skildring, sitat, faktaopplysning, situasjonsbeskriving, etc. kan vere gode startarar.

Presenter saka kort og klart slik at lesaren får vite kva teksten din handlar om. Dersom du treng å avgrense emnet gjer du det her.

Hovuddelen

Eitt moment per avsnitt.

Kvart avsnitt skal ha ei god emnesetning.

Sjekk før innlevering: Les innleiing, emnesetningar og avslutning - desse skal utgjere kortversjon av teksten din.

Organiser avsnitta slik at teksten blir lett å følgje for lesaren.

Avslutninga

Ein resonnerande tekst bør ha ein konklusjon. Det ligg litt i teksttypen at skrivaren skal ta standpunkt. Ein konklusjon treng ikkje å vere eintydig.

Unngå å repetere alle argumenta frå hovuddelen i avslutninga. Bruk nye ord og vendingar når du oppsummerer og konkluderer.

No er tida komen for å lage overskrift- for no veit du korleis teksten din vart

Klargjer teksten for innlevering

Korrekturles

Vurder strukturen i teksten

Siterer du på rett måte?

Heng teksten godt samen? Brukar du tekstbindarar?

Har du kjeldeliste? Er kjeldelista di oversiktleg og alfabetisk?

Sitat i teksten

Når du siterer brukar du hermeteikn. (Ikkje kursiv)

«Mr and Mrs Dursley, of number four, Privet Drive, were proud to say that they were perfectly normal, thank you very much.»

Kjeldeliste? Ja, viss du har brukt kjelderFor eksempel på denne måten:

BøkerAndresen, Ø. (m.fl.) (2014) Signatur 3, studiebok, Bergen: Fagbokforlaget

Artiklar/tekstar med ukjent forfattar og dato/årstal«Unnasluntring» i Nynorskordboka. Henta frå http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=unnasluntring&ant_bokmaal=5&ant_nynorsk=5&begge=+&ordbok=bokmaal, lese 19.10.2015

Artiklar med kjent forfattar og dato/årstalRøren, I. og Lillebø, J.M. (17.10.2015). «Zahras himmelsprang» i Bergens Tidende.Henta frå http://www.bt.no/btmagasinet/Hovedsaken/Zahras-himmelsprang-3457632.html, lese 19.10.2015

Tekstbindarar - hugs å variere

Tillegg: og, vidare, forresten, dessutan, for eksempel

Kontrast: men, sjølv om, endå, derimot, trass i, likevel, i staden for, tvert imot

Tid: då, når, mens, medan, innan, før, etter, så, deretter, samstundes, på den tid

Resultat, samanheng: for, fordi, så, då, derfor, slik at, viss, dersom, altså, dermed, slik, på grunn av, årsaka til

Oppreknande: for det første, for det andre, det viktigaste er at, med andre ord

Recommended