View
0
Download
0
Category
Preview:
Citation preview
1
HANDLINGSPLAN FOR FOREBYGGING OG AVDEKKING AV SEKSUELLE
OVERGREP MOT BARN I SULDALSBARNEHAGANE
Målet med denne handlingsplanen er å forebygga og avdekka seksuelle overgrep mot barn I Suldalsbarnehagane.
Planen skal sikra kunnskap om seksuelle overgrep mot barn, god kjennskap til rutinar og prosedyrar som ligg i denne planen, og skapa grunnlag for ein open dialog om temaet både
mellom dei tilsette, men og mellom tilsette og foreldre til barn i barnehagen.
Ein open dialog om seksuelle overgrep mot barn vil skapa tryggare rammer for barna, og ein meir føreseieleg og trygg arbeidsplass for dei tilsette.
Juli 2018, har vært på høyring i barnehagane
2
INNHALD Kva er seksuelle overgrep? .................................................................................................................................................................................................................................. 3
Lovverk, forsking og Redd barna om seksuelle overgrep ................................................................................................................................................................................ 3
Førebyggande arbeid i barnehagen - rutinar, kunnskap og øvingar ................................................................................................................................................................... 4
Samarbeidspartnarar:.......................................................................................................................................................................................................................................... 5
Verdt å vita .......................................................................................................................................................................................................................................................... 6
Ved bekymring ................................................................................................................................................................................................................................................ 6
Dersom ein akutt overgrepssituasjon oppstår: ............................................................................................................................................................................................... 6
Øvingar: ............................................................................................................................................................................................................................................................... 7
Handlingskort: ..................................................................................................................................................................................................................................................... 8
Handlingskort ved mistanke eller avdekking av seksuelle overgrep i barnet sine nære relasjonar ............................................................................................................... 8
Handlingskort ved mistanke eller avdekking av seksuelle overgrep begått av tilsett .................................................................................................................................... 9
Materiell ............................................................................................................................................................................................................................................................ 11
Rutine ved stellesituasjonar .............................................................................................................................................................................................................................. 13
B. 6. Tryggleik i barnehagen ..................................................................................................................................................................................................................... 13
B. 6. Tryggleik i barnehagen ..................................................................................................................................................................................................................... 14
Rutine ved barns utforsking av kroppen. .......................................................................................................................................................................................................... 15
B. 6. Tryggleik i barnehagen ..................................................................................................................................................................................................................... 15
B. 6. Tryggleik i barnehagen ..................................................................................................................................................................................................................... 16
3
Kva er seksuelle overgrep?
Seksuelle overgrep er når ein autoritetsperson tvingar, lokkar eller truar barnet til å delta i eller sjå på seksuell -omgang, -handling eller -åtferd. (Straffelovens kap. 19)
Lovverk, forsking og Redd barna om seksuelle overgrep
Rammeplanen (2017) seier at personalet skal ha eit bevisst forhold til at barn kan vera utsatt for omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep, og vita korleis dette kan førebyggast og oppdagast. Den viser og til at personalet skal kjenna til opplysningsplikta til barnevernet, jf. Barnehageloven § 22. Redd barna seier følgjande om temaet: Å snakka med barn om seksualitet kan følast unaturleg for vaksne, men dei minste barna har ikkje utvikla ein oppfatning av at seksualitet er knytt til tabu. Forsking viser at det å snakka med og forklara barn om seksualitet, gjer barn trygge. Difor er det viktig at barna får opplæring om seksualitet og seksuelle overgrep. I barnehagen kan dei vaksne ha ein unik moglegheit til å gi barn informasjon utan at det blir opplevd som vanskelig for barna. Om barna føler seg trygge på å prata med nokon om seksualitet, er sjansen større for at dei vil fortella om eit eventuelt overgrep. Har dei derimot lært eller forstått på vaksne at seksualitet er tabu og noko ein ikkje skal snakka om, kan overgrepa fortsetta fordi handlingane og orda er omgitt av skam. Mange små barn som blir utsatt for seksuelle overgrep, veit ikkje at det som skjer ikkje er vanlig og ikkje er lov. Kanskje har dei aldri opplevd anna, og tar handlingane som ein del av det å vera menneske. Ved å gi dei informasjon og opplæring kan ein oppnå: - at dei føler seg trygge på å kunne snakka om det dei har opplevd utan å føla skam - at dei forstår at det er viktig å snakka med ein vaksen - at dei veit kva dei skal gjera dersom det oppstår ein situasjon dei ikkje er trygge på
4
Førebyggande arbeid i barnehagen - rutinar, kunnskap og øvingar 1. Alle tilsette skal visa til politiattest før tilsetting/før dei tar til å arbeida i barnehagen. 2. Nye vikarar skal aldri vera åleine i barnehagen med barna.
3. Ved intervju/nye tilsettingar skal den tilsette gjerast kjent med at barnehagen har ein handlingsplan.
4. Alle tilsette skal ha ein obligatorisk gjennomgang av denne handlingsplanen når dei startar i jobben sin.
5. Alle tilsette skal gjennomføra e-læringskurset «Vold og seksuelle overgrep mot barn» 1 Det er anbefalt at dette blir gjort gruppevis.
6. Barnehagen skal regelmessig gi dei tilsette fagleg oppdatering om temaet seksuelle overgrep mot barn, ved intern eller ekstern kursing.
7. Barnehagen skal gjennomføra jamlege øvingar på gjennomføringa av denne handlingsplanen. Minimum ein gong per år.
8. Barnehagen skal kontakta instansar utanfor barnehagen når ein treng råd og rettleiing – det kan for eksempel vera barnevern eller politi.
9. Det skal ikkje tas bilde/filmar av barna med private mobilar.
10. Barnehagen skal ha fokus på, og vera komfortable på å vera ein «gjennomsiktig barnehage» der dører i stor utstrekning stå opne under bleieskift, i
stellesituasjonar og andre rom på inne- og uteområdet der vaksne kan vera åleine med små barn.
11. Det skal vera minst 2 vaksne med på turar.
12. Ein skal vita kor barn og tilsette er til ein kvar tid og følga med kvarandre.
13. Alle tilsette har eit ansvar for å melda til barnevernet og/ eller politi gjennom avvergeplikta (Straffelovens § 196).
14. Dei vaksne er «vakne» og til stades, ikkje berre fysisk men og psykisk. Den tilsette følgjer med på klima/stemninga i barnegruppa og korleis enkeltbarn har det.
Ein vil då lettare oppdaga om barn er utrygge og om dette er knytt til enkeltpersonar.
15. Barna skal læra om normal seksualitet, tilpassa deira alder og utvikling.2
16. Barna skal læra om gode og vonde følelsar, ulovlege løyndomar og berøringar.3
17. Det skal vera stort fokus på at barn har rett til å bestemma over eigen kropp og skal støttast på å sei STOPP.
18. Dei tilsette skal ha tid til samtalar med barn kor den tilsette er sterkt til stade og brukar kunnskap om god kommunikasjon.
19. Dei tilsette skal reflektera saman med leiar om det er observasjonar ein er usikker på.
1 Kurset er gratis tilgjengelig på nett på http://helsekompetanse.no/kurs/vold-og-seksuelle-overgrep-mot-barn Kurset har oppgaver som skal løses og det utstedes kursbevis når deltaker har gjennomført og bestått. 2 forslag til litteratur: Barna og seksualiteten - Margrethe Wiede Aasland (Cappelen Damm 2015) 3 forslag til litteratur: Jeg er meg, min meg – Eli Rygg og Margrethe Wiede Aasland (Høyskoleforlaget 2009)
5
Samarbeidspartnarar: Ein magefølelse på at noko ikkje er som det bør vera, skal diskuterast med nokon som har god kompetanse på området. Det er viktig å søkja råd tidleg. Gode
samarbeidspartnarar må etablerast før ei hending oppstår. Barnevern og politi skal tilby rettleiing utan plikt til å oppgi barnet sitt personalia. Suldal kommune høyrer til
Statens barnehus i Stavanger.
1. Ved mistanke som krev fagleg konsultasjon kan ein kontakta
a. Indre ryfylke barnevern Tlf: 52 78 61 78
b. Suldal lennsmannskontor Tlf: 52 78 98 98
c. Statens barnehus Stavanger Tlf: 51 51 03 30
d. Legevakta Tlf: 116 117
Ein har plikt til å varsla barnevernstenesta når «det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre formar for alvorlig omsorgssvikt»
(barnevernlova § 6-4). Ein magefølelse som kan støtta seg på en enkeltuttalelse, enkelthandling el. er nok til at ein har grunn til å tru.
2. Bekymringsmeldingar skal meldast til Indre Ryfylke barnevern Tlf: 52 78 61 78
Politiet skal varslas i akutte situasjonar. Avvergeplikta følgjer av straffelova § 139. Dersom ein meiner at det er fare for at barnet mest sannsynleg vil kunna utsettast for
(nye) overgrep ved å ikkje gripa inn, er det straffbart å ikkje varsla politiet.
3. Akutte situasjonar som krev varsling av politi skal varslast til Suldal lensmannskontor Tlf: 52 78 98 98
Det kan og vera lurt å ha etablert ein dialog med andre fagpersonar i kommunen, kor ein kan henta råd. Dette kan for eksempel vera lege, helsestasjon, tannhelseteneste o.l.
4. Andre samarbeidspartnarar
Helsestasjonen, Tlf: 52 79 23 00
Barne- og familierettleiar, Tlf: 52 79 23 14
Sand tannklinikk, Tlf: 52 78 99 00
6
Verdt å vita
Ved bekymring
- Informer einingsleiar - ikkje involver anna personale før etter avtale.
- Begynn å skriva loggbok - noter observasjonar
- Er du usikker; konsulter ein av dei instansane som er nemnt i denne handlingsplanen. Ikkje vent for lenge før du/dykk konsulterar andre
- Einingsleiar meldar bekymringa til barnevernet, men du har ein sjølvstendig varslingsplikt dersom einingsleiar ikkje varslar og du framleis meiner det er grunn til
å tru at barnet er utsatt for seksuelle overgrep
- Barnevernet har det koordinerande ansvaret
- Barnehagepersonalet er ikkje etterforskararar. Ikkje still ledande spørsmål - det kan brukast mot barnet ved seinare dommaravhør
- Lytt til barnet og vis at du tar barnet på alvor. Unngå å styra samtalen. Gjenta utsegn som barnet kjem med, slik at barnet evt. kan korrigera om du har forstått
feil. Noter ned barnets uttalelsar eller anna, etter samtalen
- Ver ærlig i forhold til det som skal skje. Ver realistisk
- Lov aldri noko du ikkje kan halda – ein må aldri lova barnet at ein skal teia om det ein får vita
- Gløym ikkje søsken
- Førebu deg mentalt på det barnet kan koma til å fortelja
Dersom ein akutt overgrepssituasjon oppstår:
Ta kontakt med einingsleiar som kontaktar politiet.
1. Ikkje skift klede på barnet
2. Eventuelt brukt tøy skal pakkast inn i papir – ikkje plast!
3. Ikkje bad eller vask barnet
7
Øvingar:
Barnehagane skal øva jamleg. Det skal øvast på eitt eller fleire førebudde
scenario der
1. Ein mistenkjer at eit barn er utsatt for seksuelle overgrep av eit
familiemedlem
(Foreldre/steforeldre/søsken/stesøsken/besteforeldre/onkel/tante/fett
er/kusine o.l.)
2. Ein mistenkjer at eit barn er utsatt for overgrep frå ein person utanfor
familien
(Nabo/venns foreldre/trenar/leiar i trussamfunn/symjelærar o.l.)
3. Ein mistenkjer at ein tilsett har utsatt/utset eit eller fleire barn i
barnehagen for overgrep
8
Handlingskort:
Handlingskort ved mistanke eller avdekking av seksuelle overgrep i barnet sine nære relasjonar
TILTAK
ANSVARLEG
STØTTE
GJEREMÅL
HJELPEMIDLAR
1 Motta og å vurdera mistanke om seksuelle overgrep
Tilsett som får mistanke/mottar anklage. Einingsleiar
Pedagogisk leiar
Melda til einingsleiar. Vurdera mistanke Evt. kontakta barnevern/andre fagfolk
Motta og å vurdera mistanke om seksuelle overgrep
2 Sjå etter teikn på seksuelle overgrep
Einingsleiar
Pedagogisk leiar. Andre tilsette. Barnevern/andre fagfolk
Avklara mistanke. Dokumentera teikn på seksuelle overgrep
Moglege teikn til seksuelle overgrep
3 Melding til barnevernet om seksuelle overgrep
Einingsleiar Pedagogisk leiar
Senda bekymringsmelding. Barnevernet: Setta i gang undersøking og setta i gang tiltak
Melding til barnevernet Meldingsskjema
4 Melding til politiet om seksuelle overgrep
Barnevernet Einingsleiar (i akutte saker)
Einingsleiar
Politiet: Stoppa misbruk, Konfrontera overgripar. Etterforska saken
Melding til politiet
5 Informasjon til heimen om seksuelle overgrep
Barnevernet
Politiet Einingsleiar
Informera familien Støtta familien
Informasjon til heimen
6 Følgja opp tilsette Einingsleiar
Barnevern PPT Andre fagfolk
Kollegastøtte Kompetanseheving
Oppfølgning av tilsette
7 Følgja opp barnet Pedagogisk leiar Einingsleiar Barnevern PPT
Omsorg for barnet Planlegga tiltak Etablera ansvarsgruppe
Oppfølgning av barnet
8 Melding ved overgrep Einingsleiar Barnevernet Melding til nødvendige instansar om overgrep
Melding om seksuelle overgrep
9
Handlingskort ved mistanke eller avdekking av seksuelle overgrep begått av tilsett
A.
TILTAK
ANSVARLIG
STØTTE
GJEREMÅL
HJELPEMIDLER
1 Motta og å vurdera mistanke om seksuelle overgrep
Tilsett som får mistanke/mottar anklage.
Einingsleiar Den som har mistanke
Melda til einingsleiar. Vurdera mistanke
Motta og vurdera mistanke om seksuelle overgrep frå tilsett
2 Sjå etter teikn på seksuelle overgrep
Einingsleiar
Tilsette som har med barnet å gjera Fagfolk på overgrep
Avklara mistanke. Dokumentera teikn på seksuelle overgrep Melda til barnehageeigar
Moglege teikn til seksuelle overgrep frå tilsett
3 Motta innrømmelse Den som mottar innrømmelsen
Einingsleiar Barnehageeiegar Tillitsvald Bedriftshelsetenesta
Motta forklaring Klargjera saksgang Avklara arbeidsrettslige forhold Støtte til den tilsette
Tilsett innrømmer seksuelle overgrep
4 Behandling av mistanke
Barnehageeigar
Einingsleiar Fagfolk på overgrep Politi Advokat Helseteneste
Saksgang ved mistanke Arbeidsrettslige forhold Melding til politiet Etterforskning ved politiet Menneskelege hensyn
Behandling av mistanke mot tilsett
5 Informera det/dei utsatte barna sine foresatte
Einingsleiar
Barnehageeigar Fagfolk på overgrep Politi
Gi informasjon Tilby hjelp
Informasjon til utsatte sin/sine foresatte
6 Informera og involvera tilsette
Einingsleiar
Barnehageeigar Fagfolk på overgrep Politi
Gi rett informasjon Støtta tilsette Planlegga tiltak
Oppfølgning av dei andre tilsette
7 Følga opp barnet Pedagogisk leiar Einingsleiar PPT Andre fagfolk
Omsorg for barnet Planlegga tiltak Etablera ansvarsgruppe
Oppfølgning av barnet
8 Informera andre føresette
Einingsleiar
Barnehageeigar Fagfolk på overgrep Politi
Gi rett informasjon Hindra rykter og forhåndsdømming Bygga tillit til barnehagen
Informasjon til heimane om mistanke mot tilsett Muntlig invitasjon til foreldremøte med varslingslista
9 Foreldremøte Barnehageeigar og Einingsleiar
PPT Andre fagfolk Politi
Informera foresatte Gi råd til foresatte
Foreldremøte om seksuelle overgrep
10 Informera barna Pedagogisk leiar Einingsleiar PPT
Gi rett informasjon Bearbeida
Informasjon til dei andre barna
10
Hindra engstelse
11 Mediehandtering Einingsleiar
Barnehageeigar Politi Advokat(ar)
Styra informasjon Mediehandtering ved seksuelle overgrep frå tilsett
12 Melding ved seksuelle overgrep
Einingsleiar Barnehageeigar
Melding til: Barnehageeigar Forsikringsselskap Tilsynsmynde
Melding ved seksuelle overgrep frå tilsett
11
Materiell Stine Sofies stiftelse har følgjande materiell som kan brukast for å gjera tilsette og barna meir kompetente på temaet:
Jeg er meg! Min meg! Ei bok om kropp, gode og vonde følelsar, ulovlige løyndomar og berøringar. Boka kan vera til hjelp for å få barn til å tørra å sei i frå til vaksne når dei opplev vonde, ekle eller rare ting. Skrevet av Eli Rygg og Margrete Wiede Aasland
Trøbbel Teiknefilm For barn, som er laga som hjelpemiddel for barnehagepersonell og lærarar som ønskjer å ta opp problematikken rundt seksuelle overgrep mot barn. (Kan sjåast på youtube.com) https://www.youtube.com/watch?v=-U8dtaSjmNc Lær å teikna følelsar DVD med Øisteins blyant. DVD-en lærer barna å teikna fem følelsar. Sint, glad, redd, lei seg og grua seg. Fargeboka Eit fargehefte for barn. Kua har mange forskjellige følelsar. Her kan barna fargelegga kua i dei fargane dei sjølv ønskjer. Ein fin aktivitet for å få barn i tale for å snakka om følelsane sine.
Pappa'n min er syk i tankene sine Anne Kristine Bergem Boken har skrevet boka for vaksne som ønskjer å snakka med barn om alvorlig psykisk sjukdom, i første rekke med barn av foreldre med psykoselidelsar. Cornelia flytter i fosterhjem
Ritva Fyhn-Pettersen Boken tar utgangspunkt i å forklara korleis det er å flytta i fosterheim og kan bidra til å gi barn en betre overgang til den nye heimen.
12
Profesjonelle barnesamtaler Av Kari Trøften Gamst. Forfattaren gir ein konkret og systematisk beskrivelse av kommunikasjon med barn i profesjonelle, strukturerte situasjonar gjennom “den dialogiske samtalemetoden” (DCM). Veilederen - Barn som voldsofre Veiledaren besvarar mange praktiske og juridiske spørsmål som kan oppstå når vald og overgrep rammar barn. Utvikla av Stine Sofies stiftelse.
Plakatar FN`s Barnekonvensjon og ein rettleiingsplakat for vaksne når ein har ein følelse av at “det er noko med den ungen».
13
Tittel: Rutine for å utelukka at uønska adferd skal kunna skje i
stellesituasjonar.
Føremål: Sikre at barnehagen varetek barna i stellesituasjonar og ved
do-besøk.
Område rutinen gjeld for: Alle tilsette i barnehagane i Suldal
Ansvar: Einingsleiar har ansvar for at rutinen vert gjort kjend for dei
tilsette.
Kvar tilsett har ansvar for at rutinen vert følgd.
Omtale:
Ved stell og bleieskift av barn, skal døra til badet alltid vera open /
på gløtt.
Personalet skal ikkje vera åleine med barnet på stellerom med
døra igjen.
Barnet skal likevel skjermast for innsyn frå uvedkomande.
Barn skal ikkje ha andre barn med seg på do.
Barnet kan ha døra att om det ønskjer det.
Er vaksne med på do, skal døra vera open / på gløtt.
Handsaming av avvik
Avvik skal registrerast i Suldal Kommune sitt elektroniske
avviksystem
Dokumentasjonar/referansar Dokumentasjon for gjennomgått rutine finnes i permen
«Dokumentasjon».
S U L D A L K O M M U N E
INTERNKONTROLL
Kap. B. Spesielle rutinar
Side 1 av 1
BARNEHAGANE I
SULDAL Avd
.
Avd.
Rutine ved
stellesituasjonar
B. 6. Tryggleik i barnehagen
Utarbeidd av: K. Starheim
Dato: 02.05.18
Sist revidert
Godkjent av:
14
Gjennomgått rutine ved stellesituasjonar.
Eg stadfester at eg har gått gjennom rutine ved stellesituasjonar.
Tittel: Rutine for å utelukka at uønska adferd skal kunna skje i stellesituasjonar.
Føremål: Sikra at barnehagen varetek barna i stellesituasjonar og ved do-besøk.
Område rutinen gjeld for: Alle tilsette i barnehagane i Suldal Ansvar: Einingsleiar har ansvar for at rutinen vert gjort kjend for dei tilsette.
Kvar tilsett har ansvar for at rutinen vert følgd.
DATO SIGNATUR
B. 6. Tryggleik i barnehagen
Utarbeidd av: K. Starheim
Dato: 02.05.18
Sist revidert
Godkjent av:
15
Tittel: Rutine for handtering av barns utforsking av intime kroppsdeler.
Føremål: Sikre at barnehagen varetek barns rett til å bestemme over
eigen kropp og ha respekt for andre sine grenser.
Område rutinen gjeld for: Alle tilsette i Suldalsbarnehagane
Ansvar: Einingsleiar har ansvar for at rutinen vert gjort kjend for dei
tilsette.
Kvar tilsett har ansvar for at rutinen vert følgd.
Omtale:
Det er naturleg for barn å undra seg over og utforska
kroppen.
Personalet skal bidra til at barna utviklar eit bevisst forhold
til retten til å bestemme over eigen kropp og til å ha
respekt for andre sine grenser.
Personalet skal rettleia barna i høve til utforsking av
kroppen på ein måte som ikkje påfører barna skam- eller
skuldkjensle.
Familiane til barna kan ha ulike grenser for kva som er
greitt i høve til barns utforsking av eigen eller andre sin
kropp. I barnehagen gjer me følgjande dersom me ser
barn som har kledd av seg og utforskar eigne eller andre
sine intime kroppsdeler: Me seier roleg, venleg og
bestemt at:
«I barnehagen skal buksene vera på og tissane få vera
i fred».
Dette gjer me for å verna barna mot eventuelle uønska
handlingar frå andre barn og for å hjelpa dei å setja
grenser.
Me rettleier barn på kva som er sosialt akseptert i høve til
utforsking av eigen og andre sin kropp. Me kan t.d. seia
at: «Det kan me gjera når me er for oss sjølv» eller
seia det som er nemnd i førre punkt.
Handsaming av avvik
Avvik skal registrerast i Suldal Kommune sitt elektroniske
avviksystem
Dokumentasjonar/referansar
S U L D A L K O M M U N E
INTERNKONTROLL
Kap. B. Spesielle rutinar
Side 1 av 1
Avd
.
Avd.
Rutine ved barns
utforsking av
kroppen.
B. 6. Tryggleik i barnehagen
Utarbeidd av: K. Starheim
Dato: 02.05.18
Sist revidert
Godkjent av:
16
Dokumentasjon for gjennomgått rutine finnes i permen
«Dokumentasjon».
Gjennomgått rutine ved rutinen barns utforsking av kroppen.
Eg stadfester at eg har gått gjennom rutinen for handtering av barns
utforsking av intime kroppsdeler.
Tittel: Rutine for handtering av barns utforsking av intime kroppsdeler. Føremål: Sikre at barnehagen varetek barns rett til å bestemme over eigen kropp og ha respekt for andre sine grenser. Område rutinen gjeld for: Alle tilsette i Sand barnehage Ansvar: Einingsleiar har ansvar for at rutinen vert gjort kjend for dei tilsette.
Kvar tilsett har ansvar for at rutinen vert følgd.
DATO SIGNATUR
B. 6. Tryggleik i barnehagen
Utarbeidd av: K. Starheim
Dato: 02.05.18
Sist revidert
Godkjent av:
17
18
Recommended