16
Magasin for lsee i kommunane Sund, Fjell og Øygarden Helsing frå prosjektrådmann - Dei lsee har arbeidd for at Nye Øygarden kommune skal vera ein god plass å leva og bu, både no og i framda. Her er den administrav leiinga Prosjektrådmann Rune Lid har fem kommunalsjefar og assisterande prosjektrådmann med seg i leiarteamet. ØYGARDEN 2020 nyeoygardenkommune.no

ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

  • Upload
    others

  • View
    6

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Magasin for tilsette i kommunane Sund, Fjell og Øygarden

Helsing frå prosjektrådmann - Dei tilsette har arbeidd for

at Nye Øygarden kommune skal vera ein god

plass å leva og bu, bådeno og i framtida.

Her er den administrativ

leiinga Prosjektrådmann Rune Lid

har fem kommunalsjefar og assisterande

prosjektrådmann med seg i leiarteamet.

ØYGARDEN 2020

nyeoygardenkommune.no

Page 2: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Innhald

Copyright 2019 - Øygarden 2020Trykk: Molvik Grafisk AS Opplag: 3.550Redaksjon: Vigleik Brekke (red.), Kaja Pedersen, Jarle Kåre Oen, Trude Erstad Villanger, Hildegunn Høyland, Monica Hovland og Line MarkhusGrafisk utforming: Monica HovlandFoto: Jøran Ingvaldsen, Vigleik Brekke, Kjell Andersland, Ingunn Teigen, Silvia Haugland, Sund turlag, Øygarden kommune, Sund kommune, Monica Hovland, Stig Guntveit, Pixabay og Colourbox.

Helsing frå prosjektrådmannenSommaren nærmar seg, og mange av dei tilsette i Fjell, Sund, og Øygarden kommunar kan sjå tilbake på ei tid

som har vore prega av omstillingsarbeid.

Magasin 2 | Juni 2019

Dei tilsette har arbeidd for at Nye Øygarden kommune skal vera ein god plass å leva og bu, både no og i framtida. Eg set stor pris på den jobben som er gjort og den ekstraordinære innsatsen frå deg som medarbeidar i ein krevjande omstillingsprosess. Anten vi i denne fasen arbeider mest med å byggja den nye kommunen eller vi held fram med arbeidet i dei eksisterande kommunane, er vi djupast sett alle med på å leggja til rette for at Nye Øygarden kommune skal verta ein god og framtidsretta arbeidsplass for alle.

Dei tilsette i Fjell, Sund og Øygarden leverer gode tenester i dag. I samband med etableringa av den nye kommunen, har vi høve til å byggja noko nytt og betre og som innbyggjarane vil oppleva som meir framtidsretta. Eit viktig bidrag for å få dette til, er å organisera oss på ein effektiv måte, til beste for dei som skal ta imot tenester frå oss, anten det er internt eller eksternt. Dette får vi til om medarbeidarane og teknologien

spelar på lag.

Omstillingsprosessar er vanleg i verda rundt oss, og kommunane er heller ikkje uvande med heile tida å leita etter betre og meir effektive måtar å levera tenestene til innbyggjarane våre. Det som en nytt for mange, er å vera med på ein slik prosess sjølv. Det kan henda at du er mellom dei som kjenner dette som vanskeleg og utfordrande. Kanskje er du mellom dei som opplever det spennande å få vera med og byggja ein ny kommune. Uansett korleis du opplever situasjonen no, håpar eg at du vil finna deg til rette som medarbeidar i den nye kommunen.

Det er meir enn 50 år sidan sist runde med kommunesaman- slåingar, og det er naturleg at nokre opplever samanslåings- prosessen som framand og tung.Det er likevel svært gledeleg å registrera at svært mange medarbeidarar ser kva moglegheiter dette gjev oss.

• Helsing frå prosjektrådmann Rune Lid

• Administrativ leiing• Leiarstillingar i Nye Øygarden

kommune• Val 2019• Kva vil vi med dette bladet?• Nytt frå PSU• Nytt frå fellesnemnda• Tilsette om kva forventningar

dei har til den nye kommunen• Lunsjpraten: Psykologane har

store forventningar• Helsing frå kommunalsjefane og

administrativ organisering• Digital transformasjon

Page 3: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Kommuneorganisasjonane Fjell, Sund og Øygarden gjer mykje likt, men også ein del ulikt. I arbeidet med å byggja den nye kommunen, har vi lagt vinn på å trekkja ut dei beste erfaringane frå dei tre kommunane og å levera i samsvar med intensjonsavtalen. Framover må vi arbeida med å harmonisera tenestetilbodet i den nye kommunen. Dette vert ei viktig oppgåve for å sikra likt teneste- tilbod uavhengig av kvar ein bur.

Vi må aldri gløyma at vi er til for innbyggjarane og at skattepengane må forvaltast på best mogleg måte. Det er behovet til innbyggjarane som er det viktigaste.

I skrivande stund opplever vi ein krevjande økonomisk situasjon. Eg har stor tru på at ved å ta krevjande, men nødvendige grep no, så vil dette vera med å skapa ein framtidsdretta organisasjon.

Nye Øygarden har store mogleg- heiter. Infrastrukturen vert endra, det er auka aktivitet i næringslivet, det er vekst i folketalet og arbeid-sløysa flatar ut, for å nemna noko.

Ein retteleg god sommar til alle!

Dette er:• Kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen• Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane• Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold• Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse• Kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal

I tillegg er det tilsett fem assisterande kommunalsjefar• Tove Helleland, Helse og velferd• Marita Hilleren, Helse og velferd• Jon Erik Egeland, Oppvekst• Anne Nesje Nes, Oppvekst• Rune Landro, Kultur og samfunn

Åse Vik er tilsett som assisterande prosjektrådmann.

Her er den administrative leiinga av Nye Øygarden kommune

Prosjektadministrasjonen for Nye Øygarden kommune er lokalisert på Skjenet på Straume. Prosjektrådmann

Rune Lid har fem kommunalsjefar med seg i leiarteamet.

Håkholmen, SundSkoge, Sund

Leiarteamet. Frå venstre; Sissel Iren Nesse, Åse Vik, Rune Lid, Råmund Skjold, Anne-Merete Vabø Haugane, Line Barmen og Anne Erdal.

Page 4: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Magasin 2 | Juni 2019

Desse har takka ja til leiarstillingar:

Organisasjon og digitalisering• Leiar stabsavdeling drift – Kaja Pedersen• Leiar stabsavdeling utvikling – Lennart Fjell• Leiar stabsavdeling tryggleik – June Johannesen

Økonomi• Leiar stabsavdeling økonomistyring –

Svend-Fredrik Untiedt• Leiar stabsavdeling innkjøp og investering –

Marius Flesland Sylta

Kultur og samfunn• Assisterande kommunalsjef kultur og samfunn –

Rune Landro• Einingsleiar reinhald – Ruth Paulson• Einingsleiar kultur – Christel Møvik-Olsen• Einingsleiar eigedom, drift og vedlikehald –

Knut Eivind Nygård• Einingsleiar plan og folkehelse – Hanna Gjesdal

Helse og velferd• Assisterande kommunalsjef Helse og velferd –

Tove Helleland• Assisterande kommunalsjef Helse og velferd –

Marita Hilleren• Einingsleiar helse, meistring og rehabilitering – Liv

Møen

• Einingsleiar rus og psykisk helse – Monica Landro

• Einingsleiar rus og psykisk helse – Frode Andvik• Einingsleiar rus og psykisk helse –

Therese Helgesen• Einingsleiar heimetenesta –

Marianne Våge Berland• Einingsleiar heimetenesta – Kate Samland Løland• Einingsleiar Tednebakkane – Britt Jorun Landro• Kommuneoverlege – Stein-Inge Stigen• Einingsleiar menneske med nedsett

funksjonsevne – Hildegunn C Vengen• Einingsleiar menneske med nedsett funksjons-

evne – Marit Nielsen• Einingsleiar menneske med nedsett

funksjonsevne – Kristin Straume

Oppvekst• Assisterande kommunalsjef oppvekst –

Jon Erik Egeland• Assisterande kommunalsjef oppvekst –

Anna Nesje Nes• Einingsleiar barn, unge og familietenester –

Berit Algrøy• Einingsleiar barnevernet – Bård Tyldum• Einingsleiar PPT – Jogeir Sognnæs• Einingsleiar vaksenopplæring – Nina Håvik

Pettersen

Assisterande rådmann i Øygarden kommune Åse Vik skal hjelpa rådmann Rune Lid med ulike arbeids- oppgåver i oppstarten av ny kommune som ikkje fell naturleg inn i dei ulike kommunalsjefområda, mellom anna sikra avslutning av årsrekneskap og årsmelding for dei tre «gamle» kommunane.

Fire stillingar er lyste ut på nytt. I skrivande stund er det ikkje gjort tilsetjing. Det gjeld desse stillingane:• Einingsleiar byggesak• Einingsleiar heimetenesta• Einingsleiar flyktningtenesta• Leiar stabsavdeling service Oppdatert informasjon på www.nyeoygardenkommune.no

Leiarstillingar iNye Øygarden kommune

Fem tilsetjingsutval har gjort tilsetjing i 29 stillingar som assisterande kommunalsjefar, einingsleiarar og leiarar av stab i Nye Øygarden kommune.

Båtliv, Øygarden

Page 5: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Straume sjøfront, Fjell

Vil du vera valmedarbeidar på valdagen?

Mange tilsette i dei tre kommunane gjorde ein svært god jobb som valmedarbeidar ved Stortingsvalet i 2017. Vi er på jakt etter fleire samfunnsengasjerte personar til å delta i valgjennomføringa ute i vallokala på valdagen 9. september.

Er du kommunalt tilsett i Fjell, Sund eller Øygarden, eller kjenner personar som du meiner kan vera eigna til å utføra ein slik jobb, ta kontakt med valsekretariatet gjennom nettsida til Nye Øygarden kommune. Du vert kompensert for arbeidsoppdraget med eigne godt- gjerslesatsar i tillegg til at du får fri med løn frå den ordinære jobben din.

Som valmedarbeidar treffer du innbyggjarar frå heile kommunen samstundes som du gjer ein viktig innsats for demokratiet og for kommunen du skal arbeida eller bu i.

Det er oppdrag i dei fleste av dei 17 vallokala, frå Sund skule/grendahus i sør til Tjeldstø skule i nord, med behovet er størst i dei store valkrinsane i noverande Fjell kommune.

For meir informasjon og søknadsskjema, kan du gå inn på Nye Øygarden kommune si nettside: Vil du vere valmedarbeidar - www.nyeoygardenkommune.no

Kva vil vi med dette bladet?Med bladet Øygarden 2020 ønskjer prosjektleiinga for Nye Øygarden å gje informasjon om arbeidet med å byggja ein ny kommune. Dette vert gjort i

samarbeid med representantar frå organisasjonane til dei tilsette. I dette bladet prioriterer vi

informasjon som er relevant for dei tilsette i Sund, Fjell og Øygarden.

Øygarden 2020 skal etter planen koma ut med fire årlege utgåver fram til utgangen av 2019.

Oppdatert informasjon vil du finna på: nyeoygardenkommune.no og Facebook-sida vår.

Skaganeset, Sund

Steinsvatnet, Øygarden

Page 6: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Skal vedta etiske retningslinjer

Nytt frå fellesnemnda

Fellesnemnda skal den 17. juni vedta etiske retningslinjer for Nye Øygarden kommune. Retningslinjene har vore til høyring hjå arbeids- takarorganisasjonane to gonger, og på møtet i partssamansett utval (PSU) den 4. juni vart det innstilt på å godkjenna dei etiske retningslinjene som gjeld både for folkevalde og tilsette.

På møtet kom det forslag om fleire endringar i retningslinjene. Med to unnatak vart endrings- framlegga vedtekne samrøystes. Innstillinga frå PSU går til behandling i fellesnemnda den 17. juni.

Målet med dei etiske retningslinjene for Nye Øygarden kommune er å sikra ein etisk standard som gjer at innbyggjarane har tillit til kommunen som tenesteytar, som forvaltningsmynde og som arbeidsgjevar. Tema i retningslinjene er mellom anna omdøme, lojalitet og ytringsfridom, gildskap, forretningsdrift og uønskt åtferd og rett til å varsla. Retningslinjene gjev også rettleiing om gåver og andre fordelar og om registrering av styreverv og økonomiske interesser.

8. aprilFellesnemnda for Nye Øygarden kommune vedtok samrøystes at det skal gjennomførast ei intensjons- kunngjering for å få klarlagt om det kan gjerast ei direkte anskaffing i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) eller om val av pensjonsløysing må ut på anbod.

Det vart vedteke at Nye Øygarden kommune skal besøkja OTD i Stavanger i oktober 2019. Deltakarane kjem frå politisk og administrativt nivå. Den nye kommunen skal ikkje ha eigen stand på messa.

15. maiPå møtet i mai vedtok fellesnemnda at dei tre kommunane i vest skal laga ein økonomisk prognose for årsresultatet for 2019. Dette vert lagt fram på ein budsjettkonferanse i juni. Til møtet i juni skal det liggja føre oversyn over tapte inntekter som inntreffer i overgangen til 2020 og oversyn over forventa reduksjon i stillingar ved naturleg avgang.

Fellesnemnda godkjende endring av 58 adressenamn i Sund, Fjell og Øygarden som følgje av kommune- samanslåinga. Administrasjonen skal sikra at ny adressering er på plass til 1. januar 2020.

Fellesnemnda valde Tom Jørgensen Design AS som leverandør av ordførarkjede til Øygarden kommune 2020. Utval for politisk styringsstruktur får delegert mynde til å sluttføra arbeidet med ordførarkjede.

Fellesnemnda vert sendt direkte på nett-TV. På nettsida finn du også opptak frå desse møta.

nyeoygarden.kommunetv.no

Torsk fiska frå land, Fjell

Holmer i Hjeltefjorden, Fjell

Page 7: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Erling TeigByggjesaksbehandlar | Øygarden kommune Vi kan håpa på at den nye kommunen blir ein lærande organisasjon, basert på kollektiv kunnskap, i samsvar med kommunestyret sitt ønske, og som også er til beste for innbyggarane, politikarane og dei tilsette. Dette føreset at ny organisasjon forvaltar kompetansen til kommunen. Slik kan det bli lagt til rette for at politikarane får høve til gjennomføra mest mogeleg av politikken sin.

Bente FosseBiblioteksjef| Sund kommune Eg har ei forventning om at Nye Øygarden kommune også blir reforma for dei små lokalsamfunna. Biblioteket på Rong og i Skogsskiftet bør samlokalisast med publikumsretta tenester i eit innbyggjartorg til glede for unge og gamle. Eg forventar at biblioteka framleis vil ha ei særleg viktig rolle som formell og uformell møteplass og formidlingsarena, men at det også vert prøvd ut nye metodar for medverknad og samskaping.

Inger-Lise Oen Hellesund SæleByggjesaksbehandlar/jurist | Øygarden kommune Eg ser fram mot å vera ein del av eit større fagmiljø og bli kollega med fleire som jobbar med det same som eg. Det blir kjekt med nye utfordringar. Eg håpar at den nye kommunen kan få til gode tenester som er samordna og like for alle i den nye kommunen.

Sissel EkerhovdLeiar | Kemneren i Fjell, Sund og Øygarden Skatteavdelingane i Fjell, Sund og Øygarden vart slegne saman til Kemneren i Fjell, Sund og Øygarden i 2009. Kemnerkontoret har difor god erfaring med innbyggjarar og selskap i regionen. I Nye Øygarden kommune ser vi fram til å bli ein del av eit samla fagmiljø under kommunalsjef for Økonomi, Anne Erdal. Det vil då verta lettare å samarbeida på tvers i økonomiavdelinga, og kemnerkontoret kan eventuelt få tilført nye oppgåver. Vi gler oss til å få eit større arbeidsmiljø og til å få møta dei nye kollegaene våre. Tone Bubandt

Koordinator for rusteam | Fjell kommune Eg forventar at kommunesamanslåinga skal føra til ein stor og veldreven organisasjon, der dei tilsette kan vera med og utvikla og koordinera tenestene tverrfagleg til det betre og meir tilpassa den enkelte brukar. Eg ser fram til å vera med og utforma tenestene og bruka den faglege kompetansen min som bidrag i samarbeid med nye og gamle kollegaer i eit større og godt fagleg fellesskap. Eg forventar at den nye kommunen vert organisert fagleg, fornuftig og økonomisk slik at l leiarar er motiverte og topp kvalifiserte til dei nye oppgåvene og samtidig er framtidsretta og opptekne av nyskapning. Det er også ei forventning at løns- politikken prioriterer lik lønn for likt arbeid i heile organisasjonen og at kompetansen som vi har i kommunane, vert grundig kartlagde, ivaretekne og verdsatt.

Kva forventning har du til Nye Øygarden kommune?

Musikkprosjektet “Syngende barnehage” i Hamramyra barnehage, Fjell

Eivind NybakkErgoterapeut | Fjell kommune Eg tenkjer det blir spennande med nye kollegaer og eit større fagmiljø i den nye kommunen. Forhåpentlegvis kan ein dra nytte av kvarandre sine arbeids-metodar og kompetanse, slik at alle tenester og tilbod får eit løft. Samtidig håpar eg at det ikkje blir gjort endringar berre for endringa si skuld, men at ein tek vare på tilbod og tenester som fungerer godt i dag - både med tanke på dei tilsette og innbyggjarane i den nye kommunen. Som terapeut håper eg å kunna halda fram med å nytta dei gode fasilitetane ein har til rådigheit på Straume terapisenter til trening og aktivitet for brukararane mine.

Page 8: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Magasin 2 | Juni 2019

Denne dagen var temaet barn, unge og vaksne som har opplevd skremmande hendingar som vald, overgrep, mobbing eller brå uventa død. Atle Dyregrov har gitt psykologane fagleg påfyll for korleis dei kan gje formålstenleg oppfølging for å hjelpa denne grup-pa til meistring og førebyggja dårleg helse.

Innleiingsvis i lunsjpraten stiller vi psykologane spørsmål om kvifor det er så mange psykologar i Fjell. Dei fortel stolt om psykologitenesta i Fjell.

-Vi er så heldige at vi har hatt ei kommuneleiing som er oppteken av å byggja gode samfunn og hindra utanforskap. Leiinga i Fjell ser at psykologar har ei viktig rolle for å lukkast med å førebyggja dårleg helse. Dersom vi samanliknar oss med legar og sjukepleiarar, er vi ganske få. Forsking syner at 10-15 prosent av befolkninga slit med å fungera psykisk. Då kan ein vurdera om 10 psykologar som servar 25 tusen innbyggjarar er for stor faggruppe. Vi gjev også hjelp til innbyggjarane via offentlige tenester, seier psykolog Gjertrud Ekerhovd.

I den nye kommunen vert psykologtenesta annleis

enn han er i Fjell i dag.

- Vi vert splitta som fagmiljø, og det har vore krevjande for oss å akseptera at det vil skje. Vi er spente på korleis det vert i den nye kommunen. Vi har forventningar om at vi skal få til eit godt samarbeid med leiarane våre og at dei vil prioritera myndiggjorte medarbeidarar og at vi får vera med å forma den framtidige tenesta, seier Kyrre Dyregrov.

Trude Senneseth seier at i den nye kommunen vil det vera store og uløyste oppgåver. Det er viktig at det vert tenkt strategisk korleis tenesta skal nyttast. Psykologane har forventning om langsiktig perspektiv og at det vert fokus på tidleg innsats.

- Vi ønskjer å gå inn ikkje berre der etterspurnaden er stor, men også der dei veit det er viktig, som tidlig innsats i aldersgruppa 0-2 år. Vi står i krysspress mellom å prioritera dei sjukaste først og å førebyggja dårleg helse. Tenesta vår må arbeida innanfor rammene til nasjonale føringar, og vi kan ikkje berre finna opp ting å arbeida med utifrå interessene våre, seier Trude Senneseth.

Lunsjpraten: Psykologane har store forventningar

til Nye Øygarden kommuneAtle Dyregrov går ut døra i det vi kjem inn. Han har nett halde foredrag for psykologane. Psykologtenesta i Fjell har samarbeid med senter for krisepsykologi. Dette gjer at denne

tenesta får oppdatert forskingsbasert kunnskap på feltet.

Bildetekst

Page 9: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Psykologane er opptekne av å gje innbyggjarane tilbod som passar til det folk spør etter, til dømes angstmestring.

- For å kunna nå fleire og vera meir effektive, har vi mellom anna organisert angstbehandling som gruppe-tilbod. Det er diverre slik at det individuelle tilbodet vi kan gje, blir for lite i høve til etterspurnaden, seier Gro Berge.

I Fjell kommune har psykologane i mange år søkt prosjektmidlar innanfor område der dei ser at det er behov for meir kompetanse.

- Dette er vi etterkvart vortne gode på. Nokre gonger får vi prosjektmidlar, og andre gonger ikkje. Vi har heile vegen hatt god dialog og godt samarbeid med helsesjefen og rådmannen i Fjell kommune og forventar at i den nye kommunen vert det eit godt samarbeidsklima, gode prosessar og god dialog, seier Ekerhovd.

Psykologane håpar at ressursane ikkje vert låste for fast til avdelingar slik at dei vert mindre fleksible. Psykologar som samarbeider i team er ein styrke for tenesta. Dei meiner at om ein skal lukkast med å gje gode tenester i den nye kommunen, bør dei vera samlokaliserte.

- Det ser vi på som viktig for at vi skal klara å fornya tenesta og få til kunnskapsutvikling. Psykologtenesta er oppteken av godt systematisk arbeid med høg

kvalitet på behandlingsutvikling og bruka det siste innan forsking. Vi bør sleppa å byggja opp på nytt noko som av erfaring fungerer best heilskapleg, seier psykologane. Vi trur at mange er av den oppfatning at vi skal drive med klinisk psykologi og at vi psykologar arbeider i «lukka» rom, individuelt eín til eín, seier dei.

I dag arbeider psykologane på mange ulike arenaer mellom anna støttearbeid i heile kommunen, både tverretatleg og tverrfagleg teamarbeid. Psykologtenesta deltar i tverrfaglige team som skulevegringsteam, valds- og overgrepsteam for barn, unge og vaksne. Dei er drøftingspartar i konsultasjons- team i barnehagane og tilbyr rettleiing til tilsette i fleire sektorar i kommunen.

- Vi har forventningar om at i den nye kommunen vil vi som fagmiljø framleis få vera opptekne av å ha brukaren i sentrum og gje så godt tilbod som mogleg. Det er også forventning om at vi som team vert styrkt og at jobben vår kan gjerast på ein trygg og god måte.

Kommunepsykologteamet er samansett av:Kyrre Dyregrov (KS vaksne), Runa Kongsvik (KS flyktningar), Sigrid Ystaas (barn og unge), Gro Berge (barn og unge), Gjertrud Ekerhovd (unge), Karina Harkestad (utviklingshemma og likn. utfordringar), Trude Senneseth (koordinator og spesialist klinisk barne- og ungdomspsykolog og samfunnspsykologi. Ikkje til stades: Veslemøy Vold (eldre), Marit Bjørkhaug (vaksne), Vivi Christensen (barn), Maria Larsson (flyktningar).

Hildegunn Høyland og Trude Erstad Villanger

Sæle, Sund

Tyssøy, Sund

Viktige datoar fram til nyttår21. juni:

Alle tilsette i Sund, Fjell og Øygarden skal vera innplasserte i den nye kommunen.

30. oktober:Lokalisering av tenestene skal vera avklart.

1. januar 2020:Vi er ein ny kommune.

Page 10: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Økonomi

Som ny kommunalsjef for Økonomi vil eg bruka tida no framover til å gjera meg kjend med leiarar, tilsette og arbeidet som er gjort med Nye Øygarden kommune så langt. Eg ser fram til å verta betre kjend med dykk alle.

Kommunalsjefområde Økonomi

er i likskap med dei andre kommunalsjefområda no i sluttfasen med organisering og innplassering. Før sommarferien skal alle tilsette vita kvar i organisasjonen dei skal jobba, og kven som er næraste leiar.

I løpet av hausten er det mykje som skal på plass for den nye kommunen. Mellom anna skal det lagast eit budsjett og ein økonomi-plan. Det er viktig at presisjons- nivået i budsjettet vert rett, og at vi har kontroll på alle utgifter og inntekter. Den økonomiske situasjonen er vurdert som krevjande, og vi må snu alle steinar for å nå målet i intensjonsavtalen om at økonomien i den nye

kommunen skal vera i balanse. God økonomistyring er ein av føresetnadane for å levera gode tenester. Vi må sikra god nok kapasitet til å driva god økonomi- styring i heile organisasjonen. Vidare må digitalisering vera første- valet, og det er viktig at vi i bygginga av den nye kommunen ser på nye og meir effektive løysingar. På den måten frigjer vi ressursar som kan brukast til andre viktige oppgåver. Her vil kommunal- områda Økonomi og Organisasjon og digitalisering samhandla tett for å nå måla.

Dette får vi til saman ! Eg ser fram til det vidare arbeidet.

Organisasjonskart

Innkjøp oginvesteringKemnerØkonomistyring

Løn

KommunalsjefØkonomi

Budsje�

Rekneskap

Helsing frå kommunalsjefAnne Erdal

Grå boksar som er illustrerte i organisasjonskarta er å rekna som førebelse og indikerer oppgåver. Det er viktig at dei nye einingsleiarane i samråd med kommunalsjef får vurdert ein formålstenleg bruk av ressursar og eventuell avdelingsstruktur. Dette må sjåast i samanheng med delegeringsreglementet som vert klart hausten 2019. Dei grå boksane i illustrasjonen er

ikkje eit nytt leiingsnivå. Eventuell avdelingsleiarressurs må sjåast i samanheng med tal tilsette, kompleksitet og kontrollspenn.

Page 11: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Organisasjon og digitalisering

Gode medarbeidarar!

Å leggja ned tre kommunar for å etablera ein ny og større kommune, er ei krevjande oppgåve. Det vert lagt opp til større og mindre endringar som påverkar arbeids-dagen til den einskilde, både med omsyn til organisering og oppgåve- deling. Dette skapar stor uvisse og mange spørsmål hos mange. Kvar og ein av dykk er unik og kan oppleva ein slik situasjon ulikt. Nokre av dykk ser på endringane

som spennande, medan andre kjenner mest på uvisse.

Intensjonsavtalen legg forventningar til kommune- administrasjonen om utvikling, effektivisering, service og sam- handling, for å nemna noko. Når det gjeld organiseringa, har utfordringa for Organisasjon og digitalisering har vore å synleggjera og realisera forventningane og føringane i intensjonsavtalen. For å klara dette, har det vore nødvendig å sjå langt fram i tid og utfordra etablerte løysingar og oppfatningar. Samfunnet er i stadig utvikling og krev framtids- retta løysingar og nye kompetansar. Den tradisjonelle organiseringa i ulike fagområde som ein er kjend med, er no organisert under andre omgrep som drift, service, utvikling og tryggleik.

Med myndiggjorte medarbeidarar, endringsvilje og god samhandling er eg viss på at vi saman kan gjera kvarandre gode og løysa dei oppgåvene vi har fått ansvar for, både på kort og lengre sikt.

Eg vil takka alle for stort engasjement og stor innsatsvilje i prosjektarbeidet. De har lagt ned eit imponerande arbeid så langt, men vi har enno eit godt stykke veg å gå før vi er i mål. Så vil eg også takka dei som har gjort det mogleg å driva prosjektet parallelt med dagleg drift. Nokre er krumtappane i eksisterande kommunar for at prosjektet skal lukkast.

Eg vil til slutt ønskja dyk alle ein velfortent sommarferie, men ser fram til å jobba vidare med dykk til hausten.

God sommar til alle!!

Organisasjonskart

Dri�

Personal-forvaltning/dokumentsenter

IKT

Utvikling

Samskapingog digitalisering

Service

Tilse�service

Tryggleik

Forsking, samarbeidog ne�verksbygging

Strategisk verksemdstyring,

kvalitet og kontroll

Risikovurdering, årshjul, overordna

utvikling, kvalitetssystem, avvik

KommunalsjefOrganisasjon og

digitalisering

Personal- ogkompetanseutvikliing

Innbyggjartorg

Poli�sk service,forvaltning oginformasjon

Kommuneadvokat, beredskap og

personvernombod

Helsing frå kommunalsjefSissel Iren Nesse

Grå boksar som er illustrerte i organisasjonskarta er å rekna som førebelse og indikerer oppgåver. Det er viktig at dei nye einingsleiarane i samråd med kommunalsjef får vurdert ein formålstenleg bruk av ressursar og eventuell avdelingsstruktur. Dette må sjåast i samanheng med delegeringsreglementet som vert klart hausten 2019. Dei grå boksane i illustrasjonen er

ikkje eit nytt leiingsnivå. Eventuell avdelingsleiarressurs må sjåast i samanheng med tal tilsette, kompleksitet og kontrollspenn.

Page 12: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Helse og velferd

KommunalsjefHelse og velferd

(2 ass. kommunalsjefar)

Heimetenestasone Straume

Koordinerings-senter/fagstab

Heimetenestasone nord

Heimetenestasone sør

Rus og psykisk helsesone nord

Tednebakkane omsorgssenter

inkl. dagsenter og omsorgsbustad

Straume bu- og servicesenter

inkl. dagsenter og omsorgsbustad

Sundheimeninkl. dagsenter og

omsorgsbustadRus og psykisk helse

sone sør

Kvednatunetinkl. dagsenter

Legetenesta inkl. legevaktog kommunelege

Helse, meistring ogrehabilitering

Lokalmedisinsk senter,aksjonssenter

Teneste �l menneske med utviklingshemming

sone Straume

Teneste �l menneske med utviklingshemming

sone nord

Teneste �l menneske med utviklingshemming

sone sør

Rus og psykisk helsesone Straume Flyk�ngtenesta NAV Fjell sjukeheim

Gode kollega!

Det går mot sommar og ferie for dei fleste av oss. Eg tenkjer at det vert ein etterlengta og vel fortent pust i bakken etter ein travel vår. Vi treng alle å samla krefter til siste innspurt fram til ny kommune vert etablert.

Til hausten skal vi avslutta tre kommunar og etablera den nest største kommunen i fylket. Vi må

byggja den nye kommunen saman, bli kjend med alle tenestene og kvarandre. Vi har ulikskapar på mange område, men også mykje bra å byggja vidare på. Det ligg føre mange flotte rapportar frå del-prosjekta og arbeidsgruppene som har gjort ein imponerande innsats. Rapportane skal gje grunnlag for det vidare arbeidet, mellom anna dimensjonering av tenestene, lokalisering og samhandlings- struktur.

Takk til alle som har gjort ein framifrå innsats i dette arbeidet. Eg gler meg til å verta kjend med mange nye kollegaer og til å ta fatt på ei spanande utfordring i 2020.

Når hovudstrukturane er lagde før sommaren, vert det utover hausten viktig å involvera tilsette i det vidare

arbeidet. Det er også viktig at innbyggjarane vert trygge på like-verdige tenester uavhengig av kvar du bur i kommunen.

Harmonisering av tenestetilbodet vert difor sentralt. I tillegg kjem den økonomiske situasjonen som må ha høg prioritet. Det er nødvendig å leggja strategiar for korleis vi skal nå budsjettmåla i år og korleis vi skal henta ut vinstar i samband med kommunesamanslåinga i åra som kjem.

Helse og velferd i Nye Øygarden kommune treng ein visjon og eit overordna mål som famnar om mange ulike tenester. Det er noko å tenkja på i varme gode sommar- dagar?

God sommar til alle!

Organisasjonskart

Helsing frå kommunalsjefLine Barmen

Grå boksar som er illustrerte i organisasjonskarta er å rekna som førebelse og indikerer oppgåver. Det er viktig at dei nye einingsleiarane i samråd med kommunalsjef får vurdert ein formålstenleg bruk av ressursar og eventuell avdelingsstruktur. Dette må sjåast i samanheng med delegeringsreglementet som vert klart hausten 2019. Dei grå boksane i illustrasjonen er

ikkje eit nytt leiingsnivå. Eventuell avdelingsleiarressurs må sjåast i samanheng med tal tilsette, kompleksitet og kontrollspenn.

Page 13: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

Kultur og samfunn

Kultur

Medborgerskapog idre�

Bibliotek

Plan, geodataog oppmåling

Byggesak, �lsyn ogmiljøforvaltning

Areal- ogsamfunnsplan

Barne- ogungdomskultur

Geodata og oppmåling

Samferdsle ogtransport

Byggdri�

KommunalsjefKultur og samfunn(1 ass. kommunalsjefar)

Eigedom, dri� ogvedlikehald

Fagstab

Reinhald

Dele- ogbyggesak

Tilsyn, klager og miljøforvaltning Sone nord

Sone sør

Sone Straume

Når de les dette, går prosessen med organisering og inn- plassering av tilsette mot slutten. Om få dagar vil de få avklart kva oppgåver de skal ha, kven de skal arbeida saman med og kven de får som næraste leiar i Nye Øygarden kommune. Mange av dykk kjenner sikkert på ei viss uro med tanke på alt dette nye. Andre tenkjer gjerne at «vi får no sjå kor vi havnar,» og tek prosessen med stor ro. Så er det kanskje nokre som ønskjer endringane varmt velkomne med glede og entusiasme. Slik er vi ulike som menneske.

Med eit lite tilbakeblikk på prosessen, vil eg seia at det har føregått eit omfattande arbeid for å koma fram til ei formålstenleg organisering av området til Kultur og samfunn. Eg er imponert over arbeidet som er gjort på alle nivå. Det viser ein organisasjon samansett av medarbeidarar med høg fagkompetanse, endringsvilje og motivasjon til å gjera ein god jobb. I starten av mai vart dei nye einingsleiarane og assisterande kommunalsjef tilsette. Vi har fått ei leiargruppe med erfarne leiarar, som utfyller kvarandre. Felles for alle i leiargruppa er høg motivasjon til å gå i gang med arbeidet med å byggja og utvikla den nye organisasjonen og tenestene i lag med organisasjonane og dei tilsette.

Om vi ser framover, vil mange av oppgåvene innan ansvarsområdet vårt gå på tvers av einingane og

organisasjonen. Det vil vera avgjerande at me samhandlar og arbeider på måtar som gjer at brukarane opplever at vi er der for å løysa behova deira.

Saman skal vi no byggja den nye organisasjonen. I dette arbeidet skal vi ta vare på grunnmur og reisverk i det som har fungert tidlegare, men samstundes skal vi sjå moglegheitene i nye måtar å arbeida på. Til dette treng vi ei brukarfokusert haldning, myndig- gjorte medarbeidarar og delegering av oppgåver og ansvar. Som leiar for Kultur og samfunn ønskjer eg at medarbeidarar og leiarar ser kvarandre på arbeidsplassen og viser omsorg for kvarandre.

Eg nyttar høvet til å ønskja alle tilsette ein strålande sommarferie og ser fram til arbeidet til hausten saman med dykk alle.

Organisasjonskart

Helsing frå kommunalsjefRåmund Skjold

Grå boksar som er illustrerte i organisasjonskarta er å rekna som førebelse og indikerer oppgåver. Det er viktig at dei nye einingsleiarane i samråd med kommunalsjef får vurdert ein formålstenleg bruk av ressursar og eventuell avdelingsstruktur. Dette må sjåast i samanheng med delegeringsreglementet som vert klart hausten 2019. Dei grå boksane i illustrasjonen er

ikkje eit nytt leiingsnivå. Eventuell avdelingsleiarressurs må sjåast i samanheng med tal tilsette, kompleksitet og kontrollspenn.

Page 14: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

KommunalsjefOppvekst

(2 ass. kommunalsjefar)

Fjell ungdomsskuleBjorøy skule

Blomvåg skule

Bra�holmen skule

Foldnes skule

Hjelteryggen skule

Sund ungdomsskule

Tranevågen ungdomsskule

Øygarden ungdomsskule

Gangstø ressurssenter

Knappskog skule

Kolltveit skule

Landro skule

Rong skule

Skogsvåg skule

Skålevik skule

Spildepollen skule

Stranda skule

Tjeldstø skule

To�øy skule

Ulveset skule

Ågotnes skule

Bjorøy barnehage

Breivik barnehage

Glesnes barnehage

PPT

Barnevern

Hamramyra barnehage

Knappskog barnehage

Klokkarvik barnehage

Leirstaden barnehage

Marihøna barnehage

Skogsvåg barnehage

Stranda barnehage

Straume barnehage

Svingen barnehage

Telavåg barnehage

Terna barnehage

Tjelstø barnehage

Tussetjødna barnehage

Ulveseth barnehage

Ågotnes barnehage

Fagstab

Bildøy barnehage Barn, unge ogfamilietenester

Vaksenopplæring i Fjell,Sund og Øygarden

Oppvekst

“Gå mai med kalde vindar” song ei jente til venninnene sine på veg heim frå trening no ein kveld i slutten av mai. Det er mai uansett ver og vind. Til vanleg er det ein månad med myke håp om at gode ting skal skje. Slik har mange av oss det også med omsyn til arbeidet vi held på med når det gjeld å få klar Nye Øygarden i tide: Vi har håp og tru på at vi kjem til å få ein flott ny kommune, ein kommune å verkeleg trivast i!

Men det er også arbeidsdagar med kanskje litt “kalde vindar” i akkurat desse forsommardagane der kommunalsjefsområda skal skapast og bemannast. Tre stolte, flotte strilekommunar skal flytta saman og bli til ein ny, ein ny kommune ingen kjenner heilt enno. Som tilsett kjenner du kollegaene dine og arbeidsstaden din. Korleis blir det vidare? Du veit kva du har og ikkje kva du får. Det kan skapa uvisse. Det lagar positive endrings- forventningar hjå nokre og spenning hjå andre. Forhåpentleg-vis er mange også heller rolege og tenkjer at det vil gå bra uansett korleis avgjerdene blir dei neste månadane.

Fram mot sommaren arbeider mange ekstra hardt og mykje, i doble, triple roller, i både Fjell, Sund, Øygarden og i prosjekt- organisasjonen til Nye Øygarden.

Det er viktig å sikra at dei nye kommunalsjefområda blir rigga og bemanna før sommaren, slik prosjektplanen seier.

Til hausten har vi nye og truleg utfordrande oppgåver knytt til å finna dei beste løysingane for kommunen og innbyggjarane i Nye Øygarden med omsyn til kvar dei ulike tenestene skal “bu”. I Oppvekst er vi opptekne at dette gjev høve til å forsøkja å laga mykje gode synergiar og sam- handling tverrfagleg samstundes som vi skal tilby innbyggjarane våre, vaksne, unge og yngre, høve til “ei dør inn” og ei lett tilgjengeleg dør som alltid er open. For å få til ein effektiv kommune og effektive tenester med god kvalitet, må vi tenkja fornyande og skapande.

Vi må støtta oss på gode knytt til digitalisering og indre service frå sentralstabar. Og sjølve skal vi alle vera SMARTE SAMAN FOR GOD OPPVEKST! Her må vi skapa mykje i lag, kommunen først og fremst, men saman med både næringsliv, dei frivillige og ikkje minst: den og dei som skal bruka dei ulike tenestene.

Vi er ser oss tilbake og ser at det har vore jobba hardt for å nå att alle oppgåvene som må gjerast ved ei kommunesamanslåing. Vi ser framover og gler oss til det vi skal få til i lag også for born, unge og familiar i den nye kommunen.

Med ønske om god temperatur og vind etter smak, håpar eg vi alle får ein fin sommar!

Organisasjonskart

Helsing frå kommunalsjefAnne-Merete Vabø Haugane

Grå boksar som er illustrerte i organisasjons-

karta er å rekna som førebelse og indikerer

oppgåver. Det er viktig at dei nye einingsleiarane i samråd med kommunal-

sjef får vurdert ein formålstenleg bruk av ressursar og eventuell

avdelingsstruktur. Dette må sjåast i samanheng

med delegerings- reglementet som vert klart hausten 2019. Dei grå boksane i

illustrasjonen er ikkje eit nytt leiingsnivå. Eventuell avdelingsleiarressurs må sjåast i samanheng med tal tilsette, kompleksitet

og kontrollspenn.

Page 15: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

- Vi har ein jobb å gjera saman– Vi skal gjennom ein digital transformasjon. Digitalisering omfattar heile den

offentlege sektoren. Dette sa kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering i Nye Øygarden kommune, Sissel Iren Nesse, då ho i midten av mai ønskte 35

medarbeidarar i Sund, Fjell og Øygarden velkomen til arbeidsverkstad i Sund.

Deltakarane har vore med i fleire delprosjekt knytt til Nesses kommunalsjefområde. Denne dagen handla det om å gå gjennom og definera oppgåvene knytt til dei fire avdelingane i Organisasjon og digitalisering; drift, utvikling, service og tryggleik.

– Vi har ein jobb å gjera her alle saman. Det forpliktar å ha fått digitalisering i namnet på kommunal- sjefområdet. Vi har eit stykkje igjen, men det er det vi skal ta fatt på no, sa Nesse.

Det handlar om ei dør inn, enklare kvardag og auka produktivitet, brukarretta og effektiv offentleg forvalting, verdiskaping og deltaking for alle.

– Vér open og positiv, invester i tid og energi gjennom

endringar og hald motet oppe, var oppmodinga frå kommunalsjefen.

Deltakarane var inndelte i grupper som skulle arbeida med forslag til korleis aktivitetane kan fordelast under dei fire avdelingane i kommunalsjefområdet. Seinare skulle gruppene sortera oppgåver/tenester og koma med forslag til avdelingar (grå boksar i organisasjons- kartet). Gruppene skulle også drøfta korleis det kan leggjast til rette for samhandling på tvers og «saumlause» tenester.

Under oppsummeringa gav mange uttrykk for at dette var ein nyttig dag og at stemninga hadde vore god i gruppene.

Magasin 2 | Juni 2019

Page 16: ØYGARDEN 2020 · • Kommunalsjef for Kultur og samfunn, Råmund Skjold • Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering, Sissel Iren Nesse • Kommunalsjef for Økonomi, Anne

KontaktinformasjonRune Lid, prosjektrådmann

Tlf.: 55 09 77 29E-post: [email protected]

Vigleik Brekke, redaktørTlf.: 915 81 107

E-post: [email protected]

Lunsjpraten med psykologane i Fjell

Psykologane har forventning om langsiktig

perspektiv og at det vert fokus på tidleg

innsats.

Magasin 2 | Juni 2019

nyeoygardenkommune.no

Digital transformasjon

– Vi har ein jobb å gjera her alle saman. Det forpliktar

å ha fått digitalisering i namnet på

kommunalsjefområdet.