24
Vi byggjer NYE ØYGARDEN KOMMUNE Informasjon l innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden.

Vi byggjer · forslag til strikkejakke eller genser for Nye Øygarden kommune. – Eg reflekterte ikkje så mykje meir over det den kvelden, men morgonen etter fekk eg «biletet»

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Vi byggjerNYE ØYGARDEN KOMMUNE

Informasjon til innbyggjarane i Sund, Fjell og Øygarden.

Innhald• Her er Øygardsgenseren• Optimistisk leiar av fellesnemnda• Vil engasjera innbyggjarane• Rune Lid vil involvera dei tilsette • 64 vegar må endra namn• Fakta om Nye Øygarden kommune• Ofte stilte spørsmål• Politisk styring• Administrativ leiing• Etablerer selskap for vatn og avlaup• Engasjerer elevane for ny kommune• Undersøking• Ny pensjonsløysing• Desse leiar arbeidet med ny kommune• Utdrag frå intensjonsavtalen

Copyright 2018 - Nye Øygarden kommuneTrykk: Molvik grafisk ASOpplag: 15.000Redaktør: Vigleik BrekkeGrafisk utforming: Monica HovlandFoto: Geir Jensen, Jøran Ingvaldsen, Kjell Andersland, Vigleik Brekke, Monica Hovland, Jan Kåre Andreassen, Mai-Helen Hansen, Egil Olsvold, Elisabeth Garberg, Sjur Meling, Raymond Hagenes, Sartor Storsenter, Sund kommune, Øygarden kommune, FjellVAR og Sund VA.WWW.NYEOYGARDENKOMMUNE.NO

Genseren til Mary-Ann Foldnes Fiske er skildra slik: Fargar: Himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar. Her er vrangbord laga i fletter: Vi treng å bli fletta saman som kommunar og einskildpersonar. Dei ulike mønstera skal bli sett som abstrakte. Tradisjon; henta frå tidlegare sotragenserar, sjølve landskapet, rikt pynta med dei nydelege fargane i lyngen. Bølger, skyer, knausar og berg. Bruene – mellom øyane her ute og bruer som må bli bygd mellom alle oss som bur her.

Spenninga var stor laurdag den 17. november då Øygards- genseren skulle kårast. Det stod mellom seks alternativ. Det var utkastet til Mary-Ann Foldnes Fiske som no få tittelen Øygardsgenseren.

– Eg vart svært overraska over resultatet, seier Foldnes Fiske.

Kåringa skjedde under julemessa til Sotra Husflidslag. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy understreka under kåringa at det hadde kome inn seks flotte kandidatforslag. Ho håpar at alle som deltok, utviklar alternativa vidare.

Mary-Ann Foldnes Fiske hadde slett ikkje tenkt å delta i denne konkurransen. Ein fredag kveld sat ho åleine på hytta. Ho var i ein spesiell situasjon. Mary-Ann kasta blikket på oppslaget i Vestnytt der folk vart inviterte til å senda inn forslag til strikkejakke eller genser for Nye Øygarden kommune.

– Eg reflekterte ikkje så mykje meir over det den kvelden, men morgonen etter fekk eg «biletet» av korleis genseren kunne sjå ut. Så strikka eg i veg fort og gale. Garnforretninga, der eg kjøpte garnet, var begeistra for resultatet og oppmoda meg til å senda inn utkastet, seier ho.

Kravet til Øygardsgenseren var at kandidatane skulle nytta ull frå Hillesvåg Ullvarefabrikk.

– Lilla farge symboliserer lyng. Vrangborden er fletta og gråfargen symboliserer berg. Fletta symboliserer også at berga er fletta saman. Vi treng også å verta fletta saman som kommunar og menneske, seier Mary-Ann.

Det handlar om identitetLeiar i Sotra Husflidslag, Gunvor Bråthen Moe, er godt nøgd med at 1 652 deltok i kåringa. Ho seier at

det var Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som tok initiativ til å peika ut Øygardsgenseren. Ordføraren er innforstått med at dette forpliktar.

– Eg lovar å strikka Øygardsgenseren. Eg har allereie fått bestilling på fire eksemplar. Eg ønskjer at dette vert starten på ein strikkedugnad. 2019 må verta strikkåret, og første januar 2020 er det vinter og då bør alle gå i Øygardsgenseren, seier Sandahl Bjorøy.

Ifølgje ordføraren er det mange som strikkar for tida, og det er mange stader og byar som har eigen genser.

– Vi treng ein slik genser for framtida. Det handlar om identitet og å skapa begeistring for den nye kommunen, seier ein optimistisk ordførar som rosar Gunvor Bråthun Moe i husflidslaget som har lagt til rette for kåringa av Øygards- genseren.

Her erØYGARDSGENSEREN

Etter nyttår skal husflidslaget utarbeida mønster i alle storleikar. Pr. dato finst det berre to eksemplar; vaksenutgåva som vart presentert på julemessa og eín gutegenser, begge strikka av Mary-Ann Foldnes Fiske.

Leiar av fellesnemnda for Nye Øygarden kommune, Børge Haugetun, er optimistisk på vegner av den nye kommunen. Haugetun sit med det øvste politiske ansvaret fram til februar neste år.

- No har vi fått rådmann på plass. Dette betyr mykje for framdrifta. Vi har grunn til å ha store forventningar til Rune Lid som skal leia det administrative arbeidet med Nye Øygarden kommune. Når kommunalsjefane etter kvart kjem på plass, vil vi ha ein robust prosjektorganisasjon for arbeidet med å byggja den nye kommunen, seier Haugetun.

I sommar vart det gjennomført ei undersøking blant innbyggjarane i dei tre kommunane. Resultatet viser at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Dei er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka med bygginga av den nye kommunen. Haugetun meiner at vi må finna ein balanse mellom å ta vare på kyst- og strilekulturen og å utvikla eit godt og framtidsretta lokalsamfunn.

- Det er viktig å ta vare på den lokale kulturen vår, men det må ikkje få ein slik dimensjon at det skapar strid. Vi skal få halda på det særeigne,

men vi må bruka det på ein positiv måte. Vi skal arbeida fram fellesskap som sveisar oss saman, men likevel tek vare på det særeigne. Vi må vekk frå tanken om «oss og dei» og erstatta det med «me». Vi må etablera nye fellesskap utan fokus på periferi og sentrum, seier leiaren av fellesnemnda.

Det frivillige arbeidet blomstrar I undersøkinga går det også fram at 32 prosent er urolege for å mista lokalkjensla når den nye kommunen er på plass. Haugetun erkjenner at forandring skapar ein viss motstand.

Optimistisk leiar avFELLESNEMNDA

Like etter ferien stod ordføraren i spissen for markeringa av den nye Hjeltefjorden Arena på Rong.- Me er privilegerte som får vera med på dette. Eg er overtydd om at med gode og moderne idrettsanlegg i alle dei tre kommunane vil den nye kommunen stå godt rusta for kultur og idrettsaktivitetar i framtida, seier Haugetun.

- Undersøkinga viser først og fremst kva vi må arbeida med. Vi kan støtta opp om arrangement som gjev gode fellesskapsopplevingar. Vi kan byggja på kyst- og strilekulturen som no står sterkare enn nokosinne. Det er slutt på dei tidene der me «stod med lua i handa» som strilar. Berre tenk på Aleksander Dale Oen som var stolt av både språket sitt og bakgrunnen sin.

- Vi ser også eit stor oppblomstring av arrangement i alle dei tre kommunane. Her er mykje dugnad og frivillig arbeid. Eit døme på kommunegrenseoverskridande arrangement er Kystsogevekene, seier han.

Rekruttering av leiararI sommar og tidleg haust var det stort engasjement då det skulle rekrutterast administrative leiarar i den nye kommunen. Haugetun meiner at det festa seg ei oppfatning av at ein var på etterskot og at det var stor usemje. Han viser til at tilsetjingsprosessen var godt forankra i vedtak i fellesnemnda.

- Det vart framstilt som om Nye Øygarden kommune gjorde noko heilt uvanleg då det i utgangs- punktet vart lyst ut kommunalsjef- stillingar internt. I andre tilsvarande prosessar er det berre unntaksvis at det er gjennomført eksterne

utlysingar. No enda det opp med at stillingane vart lyste ut eksternt. Også den eksterne utlysinga var innanfor mandatet til tilsetjings-utvalet. Med ny rådmann og fleire kommunalsjefar på plass står vi godt rusta for å driva fram arbeidet med den nye kommunen. Vi skal lukkast med dette, seier ein overtydd og optimistisk Børge Haugetun.

Vil ta heile kommunen i brukBørge Haugetun seier at intensjons- avtalen, vedteken av kommunestyra i juni 2016, er den viktigaste rettesnora for arbeidet med Nye Øygarden kommune. Der går det klart fram at den nye kommunen skal realisera potensialet i heile regionen og vidareføra ein desentralisert busetnad med levande bygder.

- Vi skal ta heile regionen i bruk. Målet er at innbyggjarane skal oppleva at dei kan ha same tilknyting til den nye kommunen som dei i dag har til si eiga bygd og eksisterande kommune. Det er ingen motsetnad mellom å styrkja regionsenteret på Straume og å ha levande bygder i heile den nye kommunen. Det er heller ingen motsetnad mellom å ha gode kollektivtilbod i sentrale strok og leggja til rette for utvikling og bustadbygging i resten av den nye kommunen, seier Haugetun.

I Nye Øygarden kommune skal det i tillegg til kommunesenteret på Straume byggjast opp kommune- delsentera i Skogsskiftet og på Rong.

- Jo lengre ein kjem frå Straume dess viktigare vert delsentera. Dersom vi ikkje har slike kommunedelsenter i ein langstrakt kommune, vert det for mange av innbyggjarane for lang reise til tenester som bibliotek, helse, lege, handel og anna. Kombinasjonen av kommunesenter på Straume og kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong er meir gjensidig forsterkande enn konkurrerande, seier Haugetun.

I intensjonsavtalen går det fram at det skal opprettast eit infrastruktur-fond som skal løysa viktige lokale infrastrukturtiltak, som til dømes vegbygging.

- For å få ei god utvikling av heile kommunen, skal det ifølgje intensjonsavtalen setjast av minst 10 prosent av eigedomsskatte- inntektene til dagens Øygarden kommune til alle tre kommunane. Med dagens nivå på eigedomsskatt, vil kvar kommune få om lag 15 millionar kroner kvart år til infrastrukturtiltak. Dette er viktig for å sikra utvikling av heile den nye kommunen, seier Børge Haugetun.

Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet har som mål å engasjera innbyggjarane, tilsette, næringslivet og lag og organisasjonar. I 2018 er det gjennomført fleire samlingar i dei tre kommunane knytt til kultur, idrett og friluftsliv.

Her kan du lesa om litt av det som er gjort og kva som du kan forventa deg av tiltak i 2019. Arrangement og tiltak knytt til arbeidsgruppa går under tittelen Øygarden 2020.

Frivilligforum - Idrettsforum - KulturforumFjell, Sund og Øygarden har gjennomført kvart sitt frivilligforum i 2018 der prosjektet Øygarden 2020 vart presentert av leiar av arbeids-gruppa, Tom Georg Indrevik.

For å sikra at alle aktørar innanfor

kulturfeltet vert høyrte, vart det i tillegg arrangert eit felles kultur- forum for alle innanfor musikk, grendalag/utval, teater og liknande hausten 2018 på Panorama. Møtet la til rette for å danna eit felles kulturråd i den nye kommunen. Idrettsråda i Øygarden, Sund og Fjell har som mål å slå seg saman til eitt idrettsråd innan våren 2019. Arbeidsgruppa for lokaldemokrati og identitet vil leggja til rette for tre årlege møte; Frivilligforum, Kulturforum, Idrettsforum.

Målet er å skapa gode arenaer som kan sikra lokaldemokratiet knytt til frivillig sektor inn i den nye kommunen.

Kulturparaplyen Øygarden 2020 Arbeidsgruppa har peika på at det

vil vera viktig å samla eksisterande kulturarrangement og liknande under kulturparaplyen «Øygarden 2020». Dette vil gjelda offentlege arrangement og arrangement som kommunen støttar økonomisk. Arbeidsgruppa jobbar med ei digital løysing for ein varig kulturkalender for vår nye kommune i tillegg til annonsering i lokalavisa.

KystpassetVåren 2019 vil Kystpasset for den nye kommunen omfatta 10 stiar frå kvar kommune. Til saman kan innbyggjarane verta kjende med 30 stiar i passet. Dette er ein fin måte å verta kjent med heile Nye Øygarden kommune, ta i bruk større delar av naturen i eigen region og kjenna seg «heime» i heile den nye kommunen.

Vil engasjera og involveraINNBYGGJARANE

Det er sett saman ei arbeidsgruppe som har ansvaret for å arrangera MOT-festival 2019. MOT-festivalen vert gjennomført i Sotra Arena og vil vera ei viktig brubyggjande feiring for ungdomane i den nye kommunen.

- Dei tillitsvalde og vernetenesta er godt representerte, og eg er trygg på at deira interesser vart tekne i vare på ein god måte. Eg opplever også samarbeidet med dei tillitsvalde som konstruktivt og godt, seier Rune Lid som den 29. oktober vart tilsett som rådmann i den nye kommunen.

Som prosjektrådmann fram til utgangen av 2019 skal han leia eit krevjande og omfattande arbeid. Mellom anna skal det konkluderast med korleis ein skal bruka

kommunedelsentera i Skogsskiftet og på Rong og kva tenester som skal lokaliserast der. I intensjonsavtalen står det at alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen og ikkje få reduksjon i løna si, men ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og ny arbeidsstad.

- Spørsmålet om lokalisering av ein del av tenestene bør vera avklart før sommarferien. Mange tilsette er opptekne av dette, og fleire kjenner på uvisse. Konsekvensen er

at nokre tilsette må vera innstilte på å skifta arbeidsstad, men uansett er vi opptekne av å involvera dei tilsette i denne prosessen. Det handlar også om å følgja nærtenesteprinsippet slik det går fram av intensjons- avtalen. Det er logisk at tenester som folk nyttar ofte, vert lokaliserte nær brukarane, seier Rune Lid.

Måtte i tenkjeboksenI april tok Rune Lid til i stillinga som prosjektrådmann kombinert med rådmannsjobben i Sund.

GOD INVOLVERINGDei tilsette skal oppleva

Rådmannen i Nye Øygarden kommune frå januar 2020 og prosjektrådmann fram til 1. januar 2020, Rune Lid, er oppteken av at dei tilsette skal få ei god involvering i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

I haust måtte 51-åringen på nytt i tenkjeboksen då stillinga som rådmann vart lyst ut. Ein av grunnane til at han søkte og takka ja til stillinga, var dei gode ressursane han har rundt seg. - I denne prosessen har eg hatt eit svært viktig og godt samarbeid med Lillian Torsvik, som representerer rådmannen i Fjell, og rådmann i Øygarden, Siri Fahlvik Pettersen. Tidlegare har eg på økonomisida delteke i store omleggingsprosessar i det private næringslivet, som til dømes samanslåinga av HSD og Gaia Trafikk, seier han.

I haust er det oppretta ei overordna styringsgruppe som er samansett av rådmennene i dei tre kommunane, tillitsvalde og verne- tenesta og fem prosjektleiarar for arbeidsfelta Oppvekst, Helse og Velferd, Kultur og Samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering. Dei fem prosjekt- leiarane vert etter kvar avløyste av kommunalsjefar for desse fem ansvarsområda.

Før nyttår kan fleire av kommunal-sjefstillingane vera avklarte.

- For meg som prosjektrådmann og seinare rådmann er det viktig å vita kven som skal ha ansvaret for dei

ulike ansvarsområda. Då kan eg få etablert leiarteamet for den nye kommunen, seier Rune Lid.

- Vi er med på noko unikt.- Kva er dei viktigaste motivasjons-faktorane som må til for å lukkast med Nye Øygarden kommune?

- Vi får vera med på noko unikt når det skal byggjast ein ny kommune. Dette er ein motivasjon i seg sjølv. Hugs at det er over 50 år sidan det sist vart gjennomført ei stor kommunereform her i landet.

- Gje eit døme på noko som må vera på plass før 31. desember 2019?

- Mykje skal på plass, og noko kan venta. Men vi må få opp eit IKT- system som fungerer, seier Rune Lid.

Er det noko vi kan vera sikker på, så er det at det vert travelt for Rune Lid og dei andre som har fått eit særleg ansvar med å etablera den nye kommunen.

- Målet er at folk vil oppleva at tenestene vert som før og ikkje svekka. Nokre vil kanskje oppleva at vi som arbeider med dette vert litt vanskelegare å få tak i, men vi skal gjera det vi kan for å vera tilgjengelege, seier Rune Lid.

Kommunesamanslåinga får fleire konsekvensar. Ein av dei er at 64 adressenamn i dei tre kommunane må endrast før 1. januar 2020.

Anne-Grethe Sangolt Hagenes leiar ei saksgruppe som arbeider med samordning av adressesystema i Nye Øygarden kommune.

- Kvifor er det nødvendig å endra så mange som 64 adressenamn?

- Lovverket slår fast at adresse- systema må samordnast ved kommunesamanslåing. Det er nødvendig for å sikra at kommunen og andre aktørar kan gje best mogleg tenester. Dersom to eller fleire

vegnamn er like, eller nesten like, vert det svært vanskeleg for til dømes naudetatar/utrykkings- køyretøy å finna raskt fram. I verste fall kan liv gå tapt om det oppstår tvil om ei adresse, seier Hagenes.

Døme på vegnamn som må endrast er Gjerdet og Kyrkjevegen. Kva for namn som må endrast kan vera vanskeleg å ta stilling til, og det er gjort ei totalvurdering på grunnlag av ulike kriterium. Arbeidsgruppa kom fram til at 64 namn måtte endrast. Det er fellesnemnda for Nye Øygarden som har vedteke kva vegnamna som må endrast (20 i Sund, 21 i Fjell og 23 i Øygarden). I ein høyringsperiode på

seinsommaren har det kome inn 154 forslag frå innbyggjarane til namn på dei vegane som må endrast. Forslaga har både kome frå innbyggjarar (105) og frå administrasjonen i kommunane (49).

Høyring i februar/marsDesse forslaga er no sende på høyring til Språkrådet. Når Språkrådet har kome med sine fråsegner til nye vegnamn, vert dette samordna og lagt ut på høyring i løpet av februar 2019. - Då kan innbyggjarane koma med merknader til dei vegnamna som er føreslegne, seier Anne-Grethe Hagenes.

MÅ ENDRA NAMN64 vegar

Skilt med nye namn skal setjast opp samstundes med at namnet vert endra. Dei som også må endra husnummer får dekt utgiftene til nytt husnummerskilt (standardtype).

Kommunestyra i Sund, Fjell og Øygarden har vedteke at dei tre kommunane skal byggja ein ny kommune med verknad frå januar 2020. Den nye kommunen vil ha om lag 39 tusen innbyggjarar frå januar 2020 og dermed verta den nest største kommunen i Nye Vestland fylke.

Den nye kommunen skal heita Øygarden kommune. Fram til den nye kommunen er ein realitet, nyttar vi namnet Nye Øygarden kommune.

Overordna mål• Løfta fram viktige verdiar som

felles kultur, språk og identitet• Byggja på nærtenesteprinsippet

ved å tilby tenestene så nær

brukarane som mogleg• Vera eit regionalt og nasjonalt

fyrtårn innan teknologi, energi og marine næringar

UtfordringarNye Øygarden kommune har mange utfordringar framover:• Kva skal til for å utvikla eit

levande lokalsamfunn og ta heile den nye kommunen i bruk?

• Kva skal til for å levera tenester av høg kvalitet til beste for innbyggjarane?

• Korleis skal vi vera ein attraktiv bu- og arbeidsregion i bergensområdet.

Dette inviterer vi deg som innbyggjar til å vera med og utvikla.

Når høyringsfristen er over, skal saksgruppa behandla alle merknadene og gje innstilling til vedtak i fellesnemnda.

- Då kan vi klara å få dei nye veg- namna vedtekne før sommaren 2019. Når fellesnemnda har fatta vedtak om dei 64 nye vegnamna, er det høve til å klaga på vedtaka.

- Men då er det berre skrivemåten det kan klagast på, seier Hagenes.

Etter at klagefristen er gått ut og klagen(e) er behandla, vert det sendt ut informasjon om endeleg vedtak til aktuelle partar og kva for dato adresseendringa gjeld i frå.

Dei som får tildelt nytt vegnamn, treng ikkje melda adresseendring til folkeregisteret, men dei må likevel melda endringa til sine private kontaktar.

Adresseendringa vert registrert i matrikkelen og store adresse- brukarar, som folkeregisteret og AMK-sentralane hentar data ut derifrå dagleg. Folkeregisteret distribuerer det vidare til bankar, forsikringsselskap, tannlegar osb. Andre brukarar som t.d. 1881 og Google avgjer sjølv kor ofte dei oppdaterer registera sine.

NYE ØYGARDEN KOMMUNEFakta om

Det er i dag ulike typar eigedomsskatt i dei tre kommunane.

Kven skal betala eigedomsskatt i den nye kommunen frå 2020?

Kva skal noverande kommunehus/rådhus i Skogsskiftet (Sund) og Rong (Øygarden)

nyttast til frå 2020?

Er spørsmålet om namn på den nye kommunen definitivt avgjort?

Vert skule- og barnehagestrukturen endra som følgje av ny kommune?

I intensjonsavtalen godkjent av dei tre kommunestyra går det fram at i den nye kommunen skal det vera eigedomsskatt

på verk, bruk og næring. Det vert dermed ikkje eigedomsskatt på hus og hytter. Konsekvensane av eigedomsskatt på

næring skal utgreiast.

Dei to rådhusa skal fungera som kommunedelsenter. Etter planen skal bruken av dei to kommunedelsentera vera avklart før sommarferien 2019.

Ja. Namnet Øygarden kommune vart vedteke av dei tre kommunestyra den

21. juni 2017. Namnet er også forankra i stortingsvedtak den 8. juni 2017 og fastsett

av Kommunal- og moderniserings- departementet den 19. desember 2017.

Intensjonsavtalen slår fast at gjeldande skule- og barnehagestruktur skal vidareførast.

Nye barnehagar skal tilpassast befolknings- veksten slik at nærleik til tenestene og

effektiv drift vert sikra.

SPØRSMÅLOfte stilte

Det er i dag ulike typar eigedomsskatt i dei tre kommunane.

Kven skal betala eigedomsskatt i den nye kommunen frå 2020?

Kva konsekvensar får kommunesamanslåinga for

kvaliteten på tenestene?

I intensjonsavtalen godkjent av dei tre kommunestyra går det fram at i den nye kommunen skal det vera eigedomsskatt

på verk, bruk og næring. Det vert dermed ikkje eigedomsskatt på hus og hytter. Konsekvensane av eigedomsskatt på

næring skal utgreiast.

Intensjonsavtalen seier at dei publikumsretta tenestene skal vera sikra i kommunale

servicesenter, og dei brukarretta tenestene skal vera lokaliserte så nær brukarane som mogeleg. Tenestene skal vera på same nivå som i dag, eller betre, og gjeldande planar

skal vidareførast.

Får alle tilsette i dei tre kommunane jobb i den nye kommunen?

Korleis vert den nye kommunen organisert politisk?

Kva skjer med nivået på gebyr, avgifter og eigenbetalingar

i den nye kommunen?

Ja. Alle dei tilsette har rett på jobb i den nye kommunen og skal ikkje få redusert løna si.

Ein del medarbeidarar vil få nye oppgåver og ny arbeidsstad. Ein omstillingsavtale sikrar

rettane til dei tilsette i prosessen med å byggja den nye kommunen.

Fellesnemnda vedtok i juni 2018 at Nye Øygarden kommune skal organiserast

som formannskapsmodell med formannskap, to hovudutval og kontrollutval. Dei to

hovudutvala får namna hovudutval for miljø- og stadutvikling og hovudutval for

tenester og levekår. Det er tidlegare avklart at kommunestyret skal vera samansett

av 45 medlemer.

Ifølgje intensjonsavtalen skal prisnivået på kommunale tenester og gebyr

harmoniserast i løpet av dei fire første åra.

Fellesnemnda vedtok i juni ein politisk styringsstruktur med formannskap, to hovudutval og kontrollutval for den nye kommunen. Dei to hovudutvala får namna hovudutval for miljø- og stad- utvikling og hovudutval for tenester og levekår.

Leiar av utval for politisk styrings-struktur, Marianne Sandahl Bjorøy opplyser at utvalet etter oppdrag frå fellesnemnda har arbeidd med modellar for korleis eit oppgåveutval

(etter mønster frå Gentofte i Danmark) kan byggjast opp for Nye Øygarden kommune.

Eit oppgåveutval er samansett av innbyggjarar og politikarar der innbyggjarane har fleirtal. Utvala får definerte saker/tema dei skal arbeida med.

- Utvalet går inn for at oppgåve- utvalet skal ha maksimalt ni medlemer og at det skal vera samansett av dobbelt så mange innbyggjarar som politikarar.

Tema i oppgåveutvala må vera på strategisk overordna nivå.

Administrasjonen skal undersøkja kva erfaringar andre kommunar har med dette. Eg trur at oppgåveutval kan bidra til at innbyggjarane med oppgåveutval vil oppleva at dei i større grad ein i dag vert involverte i å byggja lokalsamfunnet. Vi får ei sak i utvalet om dette som går til endeleg behandling i fellesnemnda, seier Sandahl Bjorøy.

STYRAST POLITISK FRÅ 2020Slik skal Nye Øygarden kommune

Utvalet for politisk styringsstruktur arbeider også med nytt ordførar- kjede til den nye kommunen. Ordførarkjeda skal vera klar til bruk frå første januar 2020. Det er avgjort at kommunevåpenet til Sund skal nyttast i den nye kommunen. Det vert dermed lagt opp til at det nye kommunekjeda tek utgangspunkt i kommune- våpenet til Sund.

Ønskjer du å påverka framtida di i den nye kommunen?

På valdagen 9. september 2019 kan du som innbyggjar røysta i ett av dei 17 vallokala i den nye kommunen.

BRUK RØYSTERETTEN DIN!

Prosjektadministrasjonen for Nye Øygarden kommune er lokalisert på Skjenet på Straume. Rune Lid er prosjektrådmann fram til 31.12.2019. Han overtek som rådmann i den nye kommunen frå januar 2020.

Prosjektrådmannen har med seg ei rådmannsgruppe samansett av rådmennene i dei tre kommunane. Overordna styringsgruppe er samansett av rådmennene, fem prosjektleiarar og representantar frå tillitsvalde og hovudverneomboda.

Det er oppretta fem hovudprosjekt knytt til kommunalsjefområda Oppvekst, Helse og velferd, Kultur og samfunn, Økonomi og Organisasjon og digitalisering. Hovudprosjekta er inntil vidare leia av prosjektleiar.

LEIA ADMINISTRATIVTSlik vert prosjektet

Når dei fem kommunalsjefane er tilsette, vil dei gå inn som leiar av hovudprosjekta. Hovudprosjekta vil oppretta delprosjekt etter behov.

Samstundes vert det vurdert om Bergen Interkommunale Renovasjonsselskap (BIR), som til no har hatt ansvaret for renovasjonen i Sund kommune, eller FjellVAR, som utfører renovasjonstenestene i Fjell og Øygarden, skal vidareføra renovasjonstenestene i Nye Øygarden kommune. Øygarden kommune har inngått ein samarbeidsavtale med FjellVAR om desse tenestene som varer fram til samanslåinga.

Arbeidet med å fusjonera dei to selskapa starta opp etter sommar- ferien og er godt i gang. Sjølve

fusjonsprosessen er eitt løp, og vurdering av renovasjonsløysing er eitt anna. Begge prosessane heng likevel saman. Det er mange juridiske spørsmål og utfordringar knytt til desse utgreiingane. Difor har Nye Øygarden kommune inngått avtale og knytt til seg kvalifisert juridisk kompetanse som skal kvalitetssikra og hjelpa selskapa i arbeidet.

Det er lagt stor vekt på at dei tilsette i selskapa og organisasjonane deira skal få delta og medverka i prosessane som leiar fram til samanslåing og val av renovasjons-

løysing. Sak om renovasjonsløysing skal leggjast fram for fellesnemnda på nyåret. Då vert det avgjort om det vert ØyVAR eller BIR AS som vert renovasjonsleverandøren til Nye Øygarden kommune. VAR-tenestene (vatn, avlaup og renovasjon) er viktige for oss alle og omfattar absolutt alle innbyggjarane, frå vogge til grav.

Før sommarferien i år behandla fellesnemnda for Nye Øygarden kommune eigarskapsmeldinga. Meldinga omhandlar korleis Nye Øygarden kommune skal organisera eigarskapet fleire selskap av ulik

FOR VATN OG AVLAUPEtablerer felles selskap

Fellesnemnda har vedteke at dei kommunale selskapa FjellVAR AS og Sund vatn og avlaup AS skal slåast saman (fusjonerast). Dette vert eit heilt nytt selskap, føreslått kalla ØyVAR AS frå 1. januar 2020.

storleik og type og om den nye kommunen skal ha medlemskap i andre organisasjonar og saman- slutningar.

Andre tema i vedtaket i fellesnemnda var organisering av selskap med ansvar for nærings- utvikling- og næringseigedom og Trigger (attføringsbedrift) m.m. Det vart avgjort at brann- og redningstenester og utleige av kommunale bustader skal organiserast i kvart sitt kommunale føretak.

Prosjektrådmannen fekk også i oppdrag å greia ut saker der felles-nemnda avgjer utfallet i forslaga som vert lagde fram. Alt skal vera avklart og vedteke innan 1. januar 2020. Dei fleste innbyggjarane vil ikkje «merka mykje til» konsekvensane av desse omorganiseringane i det daglege. Dette handlar mest kommunen sin måte å driva tenestene på. Brukarane og innbyggjarane skal uavhengig av organisering vera i fokus og ta imot kvalitativt gode tenester.

I løpet av 2019 skal fellesnemnda gjera vedtak i dei ulike sakene. Frå 1. januar 2020, skal innbyggjarane oppleva at leveransane av tenestene vatn, avlaup og renovasjon fungerer og at gebyra vert like for alle innbyggjarane i Nye Øygarden kommune.

Det er oppretta ei arbeidsgruppe samansett av pedagogar og representantar frå elevråda som skal arbeida fram

undervisningsopplegg som engasjerer elevane fram mot 1. januar 2020. Etter planen vert skulane i dei tre kommunane inviterte til å delta i

undervisningsopplegg og arrangement hausten 2019.

I BYGGINGA AV NY KOMMUNE

Engasjerer elevane

Nye Øygarden kommune vil gjerne engasjera og involvera barn og unge i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Nærare ein tredel av innbyggjarane er urolege for å mista lokalkjensla når den nye kommunen er på plass. To tredelar av innbyggjarane er usamd eller stiller seg nøytral til at noko slikt vil skje.

- Undersøkinga har gjeve oss interessante funn. Generelt er folk stolte av å bu i regionen og at det er viktig å ta vare på bygde- identiteten. Vi ser også at felles aktivitetar utanom arbeid og skule på tvers av noverande kommune-grenser er tiltak som vil stimulera til å inkludera alle og skapa ei «vi-kjensle», seier leiar i arbeids-

gruppa for lokaldemokrati og identitet i Nye Øygarden kommune, Tom Georg Indrevik.

BygdeidentitetUndersøkinga viser at 52 prosent av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal (61 prosent) er opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje skal verta svekka.

Undersøkinga viser at 72 prosent av dei som har svart på undersøkinga er aktive i minst eitt lokallag, foreining, eller organisasjon. Over halvparten (52 prosent) av respondentane har

svart at det er viktig for dei å jobba i nærleiken av der dei bur. For 30 prosent av innbyggjarane er ikkje dette så viktig.

I undersøkinga vert deltakarane utfordra på kva dei reknar som viktig for å skapa ei «vi-kjensle» i Nye Øygarden kommune. Respondentane vart bedne om å rangera ulike tiltak/moment. Det er felles aktivitetar utanom arbeid og skule (over 60 prosent) som har høgast score. Undersøkinga er nettbasert og gjennomført av Reell medvirking i perioden 12. til 26. mai i år.

Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferien viste at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal er også stolte av si lokale tilhøyrsle. Innbyggjarane

er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune.

INNBYGGJARANE ER OPPTEKNE AV LOKAL TILHØYRSLE

Undersøking:

SKAL VELJA PENSJONSLØYSING

Straume terminal(Fjell) - Sandsli/KokstadLINJE 23E

EKSPRESSBUSS

No kan du reisa raskt og miljøvennleg til og frå jobb mellom Straume i Fjell og Sandsli/Kokstad.

Den nye ruta Skyss har oppretta, går gjennom Knappetunnelen og kortar ned reisetida mellom Straume

og Sandsli/Kokstad. Dette bidreg også til mindre kø og redusert press på parkeringsplassane.

WWW.SKYSS.NO

Straume terminal > Sandsli/Kokstad 23EFrå Straume terminal Måndag - fredag

Straume terminal 06.20 07.20 14.40 15.40

Freida Fasmer Rv. 555 06.29a 07.29a 14.50a 15.50a

Dolvik terminal 06.40 07.40

Fanatorget 06.44 07.44

Sandslivegen 06.47 07.47

Kokstad v/BKK 06.54 07.54 15.05 16.05

Sandslivegen 15.13 16.13

Fanatorget 15.16 16.16

Dolvik terminal 15.20 16.20

Freida Fasmer Rv. 555 07.04b 08.04b 15.35b 16.35b

Straume terminal 07.10 08.10 15.45 16.45

a Kun påstigning

b Kun avstigning

SKAL VELJA PENSJONSLØYSING

Den nye kommunen

I dag har dei tre kommunane ulikpensjonsløysing. Sund og Øygardenkommunar har KLP (Kommunallandspensjonskasse) som pensjons- leverandør, medan Fjell kommunehar eigen kasse, Fjell kommunalepensjonskasse.

Forsikringsmeklarføretaket AONNorge har på oppdrag frå prosjekt- rådmann utarbeid ein rapport medframlegg til kva løysing for val avpensjonsleverandør som er best forden nye kommunen.

Etter planen skal fellesnemndagjera endeleg vedtak om pensjons- løysing den 17. desember i år.

FellesnemndEi fellesnemnd på 17 personar er det øvste organet i arbeidet med å byggja Nye Øygarden kommune. Dei tre ordførarane; Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden) og Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) leiar fellesnemnda i kvar sin periode fram til kommune-valet i september 2019. I perioden fram til 1. februar er det Børge Haugetun som leiar fellesnemnda.

Partssamansett utvalDet er oppretta eit partssamansett utval som er samansett av ni politiske medlemer og seks representantar frå dei tilsette. Utvalet skal behandla saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Leiar av fellesnemnda leiar også dette utvalet.

Andre utval og rådI tida fram til den nye kommunen er eit realitet frå 2020, er ei rekkje utval og råd i arbeid, både politiske og administrative.

ProsjektorganisasjonDet administrative arbeidet med kommunereforma vert leia av prosjektrådmann Rune Lid. Frå 1. januar 2020 vert han rådmann for den nye kommunen.

NYE ØYGARDEN KOMMUNEDesse leiar arbeidet med å byggja

Sjå møta i fellesnemnda på nett-TV!

nyeoygarden.kommunetv.noFellesnemnda

• Den nye kommunen skal ha i bruk Straume som kommunesenter og utvikla kommunedelsentera på Rong og Skogsskiftet.

• Vidareføra desentralisert busetnad med levande bygder.• Bruka delar av framtidige eigedomsskatteinntekter på vegar og annan infrastruktur.• Sikra rettar og gode arbeidsforhold for dei tilsette.

INTENSJONSAVTALENUtdrag frå

Vedteken juni 2016

Øygarden rådhus

Sund kommunehusFjell rådhus

Rune Lid, prosjektrådmannTlf.: +47 55 09 77 29 | E-post: [email protected]

Kari-Anne Landro, ordførar SundTlf.: +47 992 45 694 | E-post: [email protected]

Marianne Sandahl Bjorøy, ordførar FjellTlf.: +47 414 49 370 | E-post: [email protected]

Børge Haugetun, ordførar ØygardenTlf.: +47 950 73 753 | E-post: [email protected]

Nye Øygarden kommune | Skjenet 2, 5354 Straume | www.nyeoygardenkommune.no

NYE ØYGARDEN KOMMUNEKontaktinformasjon

NYE ØYGARDEN KOMMUNE