13

Verdas rekordbok

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Leseland. Nivå fire. Fakta. Av Jens Hansegård og Anders Nyberg (ill.).

Citation preview

verdasrekordbok

AvJENS HANSEGÅRD

Illustrert avANDERS NYBERG

Frå svensk ved OLE JAN BORGUND

Samlaget OSLO 2016

Den høgaste staden

Fjellet Mount Everest er den høgaste staden på jorda. Det er 8484 meter høgt.

Men jorda er ikkje heilt rund. Jordkloden er trykt saman ved polane og bular litt ut ved ekvator. Derfor er vulkanen Chimborazo i Ecuador, som er 6200 meter høg, eigentleg nærare verdsrommet enn Mount Everest.

Galdhøpiggen er det høgaste fjellet i Noreg. Galdhøpiggen er 2469 meter høgt.

Den høgaste bygningen i Noreg er Nexans-tårnet i Halden. Det er 120 meter høgt. 6 7

Det største djupet

Den djupaste staden på jordkloden er Marianegropa i Stillehavet. Marianegropa ligg 10 911 meter under havoverflata. Ho er altså nesten 11 mil djup! Om vi snudde Mount Everest opp ned, ville ikkje fjellet nådd heilt ned til botnen.

I 2012 nådde filmregissøren James Cameron heilt ned til botnen av Marianegropa med ubåten «Deepsea Challenger». Men han var ikkje den første! I 1960 fekk renna besøk av ein batyskaf, som er ei slags undervassmaskin. Om bord var Jacques Piccard, son til mannen

som fann opp batyskafen, Auguste Piccard. Auguste var ein sveitsisk fysikar og oppfinnar. Han skal ha vore modell for professor Tournesol i bøkene om Tintin.

6 7

SÅ STORT ER

STILLEHAVET.SJÅ! HERFRÅ

SER EIN NESTEN

BERRE HAV.

Det største havet

Stillehavet dekkjer nesten ein tredel av jordkloden. Havet strekkjer seg frå Amerika til Australia og Asia. Det finst om lag 250 000 øyar i Stillehavet. Rundt Stillehavet går den såkalla Eldringen. Det er ein ring av 452 vulkanar!

8 9

Den lengste elva

Dei lengste elvane på jorda er Nilen i Afrika og Amazonas i Sør-Amerika. Men kva for ei er lengst? Amazonas er blitt målt til mellom 6250 og 6800 kilometer. Nilen skal vere mellom 5490 og 6690 kilometer lang.

Kvifor er det så ulike målingar?Somme gonger er det vanskeleg å vite

nøyaktig kvar elva begynner. Dessutan kan regn og tørke føre til at elvar blir lengre eller kortare.

NILEN BEGYNNER

HER, VED EI KJELDE

I BURUNDI.

TULLPRAT:

NILEN BEGYNNER HER,

I VICTORIASJØEN.

SÅ STORT ER

STILLEHAVET.

8 9

Den høgaste fossen

Angelfossen i Venezuela, som er heile 979 meter, er den høgaste fossen på jorda. Denne fossen har fått namn etter den amerikanske flygaren Jimmie Angel, som flaug på kryss og tvers over Venezuela på jakt etter gull. I 1937 fuska flymotoren, og Jimmie blei nøydd til å nødlande i nærleiken av denne fossen, som seinare blei oppkalla etter han.

Den høgaste fossen i Noreg er Vinnufossen i Møre og Romsdal. Vinnufossen har ei fallhøgd på 860 meter.

10 11

Urfolket i Venezuela, pemónfolket, kjende sjølvsagt til Angelfossen lenge før fossen fekk det noverande namnet. På deira språk heiter fossen Kerepakupai Vená.

10 11

Den største ørkenen

Sahara er den største ørkenen på jorda. Namnet kjem av det arabiske ordet «sahra», som rett og slett tyder ørken. Sahara dekkjer omtrent ein tredel av Afrika.

Den marokkanske oppdagaren Ibn Battuta utforska Sahara allereie på 1300-talet.

12 13

Storleiken på Sahara har variert gjennom tidene. Frå 1980 til 1990 voks Sahara 130 kilometer sørover. Men etter den tid verkar det som om det har kome fleire vekstar somme stader. Det vil seie at ørkenen krympar.

Ein del forskarar meiner at drivhus-effekten vil føre til mykje meir regn i Sahara. Derfor trur dei at Sahara kjem til å vere heilt grøn om 15 000 år.

12 13

Den kaldaste staden

Den lågaste temperaturen på jorda blei målt på den sovjetiske Vostok-stasjonen i Antarktis i 1983. Da var det minus 89,2 grader der.

I laboratorieforsøk har moderne forskarar greidd å framstille mykje lågare temperatur, nesten 273 minusgrader!

Kulderekorden i Noreg er minus 51,2 grader. Så kaldt var det i Karasjok den 28. januar 1999.

14 15

Den varmaste staden

I Death Valley (altså «Dødsdalen») i California har dei målt den høgaste temperaturen på jorda: 56,7 varmegrader! Men sjølv om det er varmt om dagen, kan det bli minusgrader om natta.

I Noreg er det Nesbyen i Buskerud som har varme-rekorden. Der blei det målt 34,6 grader i 1991.

14 15