Upload
dyrskun-arrangement-as
View
215
Download
1
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Dyrsku'n Arrangement AS www.dyrskun.no/vaarmarknad
Citation preview
nyt våren på dyrskuplassenwww.dyrskun.no
handel nytt & bruka bil og motor veteranvognutstillingar mat gjenbruk folkeliv
telemarks største skattekammerVårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du er på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din eller om du er på utkikk etter noko heilt spesielt. Her kan du finne alt du treng - og litt til.
Plassen blir fylt opp av nær 250 utstillarar som sel nyttige og unyttige ting til ein rimeleg penge. Her kan du gå på skattejakt og gjere eit skikkeleg kupp om du er heldig.
Både fredag og laurdag er det utstilling av veteran køyretøy på Vårmarknaden. Dei siste åra har det vore meir enn 100 blankpussa køyretøy utstilt.
For deg som har eit køyretøy som er meir enn 30 år, kan bil og sjåfør delta gratis på marknaden og utstillinga. Vi oppmodar om å stille i tidsriktige klede om du kjem med bilen/sykkelen din. Premiering i kvar klasse!
Det du sjølv ikkje lenger har bruk for, kan vere ein uoppdaga skatt for andre. Her er det publikum som er på jakt etter bil- og motordelar, klede eller bruksgjenstandar som ikkje finst i bruktbutikkar eller andre utsal. Sjansen er stor for at du finn det på nettopp Vårmarknaden.
utstilling av veterankøyretøygjenbruk
Synast ikkje minstemann det er like moro på skattejakt som deg? Vi har leikepark og andre aktivitetar for borna som besøker oss.
underhaldning for dei minste
utstillarPå Vårmarknaden kan alle få plass, ingen er for små og ingen er for store. Men vi prioriterer dei som sel brukt, antikk, vintage og/eller retro produkt.
Vi har salsplassar både ute og inne. Uteplassane har i all hovudsak gras eller grus som underlag. Djubda på standane varierer litt, og er mellom 5-7 meter. Inneplassane er i Husdyrhallen. Her er det støypt golv og det er ikkje skiljeveggar mot naboen. Vegane på marknadsområdet er gode asfalt- og grusvegar.
Utestand: kr. 150,- pr. frontmeter Innestand: kr. 100,- pr. m2 (Prisane er inkl. mva)
Born under 12 år får gratis stand for sal av leiker, bøkar, sportsutstyr m.m. på eige område
NB! DET ER I ÅR IKKJE MOGLEG Å TINGE PLASS PÅ FØREHAND. DET ER FYRSTE MANN TIL MØLLA. Du betaler standleige ved oppmøte på Utstillarkontoret, og blir synt tilmålt standplass av tilvisarane våre. Vi opnar for innsjekking torsdag 26.5. kl. 12.00
Sjølv på skattejakt blir ein svolten, og vi kan freiste med mange matutsal på plassen. Du finn både litt til kaffien og full middag, alt etter kva magen krev.
svolten?
Dyrsku´n Arrangement AsNordbygdivegen 603840 Seljord
Telefon: 35 06 57 70Faks: 35 06 57 84E-post: [email protected]
www.facebook.com/dyrskunwww.instagram.com/dyrskunseljordwww.dyrskun.no
VEST-TELEMARK MOTORHISTORISKE KLUBBwww.vtmk.net
Born under 16 år GRATIS // Vaksen kr. 100,- // Parkering GRATIS
Fredag 27. mai kl. 12.00 – 20.00 Laurdag 28. mai kl. 09.00 – 17.00
For utstillarar vil det vere opent på plassen frå torsdag 26. mai kl. 12, og fredag frå kl. 08.00
Dyrskuplassen er Noregs fi naste og best utbygde festivalplass med alle fastilitetar. På Vårmarknaden har vi eigen marknads-camping frå torsdag til sundag.
PRISTorsdag/fredag – sundag kr. 400,- pr. pers.Laurdag – sundag kr. 250,- pr. pers.Born under 16 år gratis.Prisane inkluderer straum og inngang til marknaden fredag og/eller laurdag.
For andre overnattings- og aktivitetstilbod i Seljord, sjå www.seljordportalen.no
Foto
: DA
AS,
Gur
o M
æla
nd S
udga
rden
Inngang på marknaden
Opningstider
CAMPING