1
EIT HAV AV GNEIS Gjennom tusenåra har hauststormar og kraftig pålandsvind reinska det snaue berget på GOLTA. Bølgjene kan slå langt innover land og gjera det farleg å ferdast i strandkanten. Når stormane har lagt seg, kjem ruskevêrets skaparverk til syne. G neis er det rikeleg av,både i Sund og mange andre hordalandskommunar. Der havet får vaska og stella med fjellet i lange tider, kan gneisen bli særs fin å sjå til. Vestsida av Sotra og Øygarden er gneisens smykkeskrin. Bergartane i seg sjølve er ikkje så spesielle. Dei er for det meste ein lys, ofte svakt rosa granittisk gneis. Lagdelinga gjer at geologane kallar han gneis, men mineralinnhaldet er omtrent som i ein granitt. Innimellom er det lag med ein mørkare og mjukare amfibolittisk gneis. Nalen, ytst på Golta, står att som ein rosa pynt fordi han er gjord av seigliva granittisk gneis. Alle desse bergartane tilhøyrer grunnfjellet og er frå jorda si urtid. Gneisane var opp- havleg størkningsbergartar som vart til då basiske og sure smelter størkna langt nede i jordskorpa. Seinare, men framleis på store djup, vart desse bergartane godt saman- pressa og omforma til gneis. Det var kreftene som vart utløyste under den kaledonske fjell- kjededanninga i kambrosilurtida for 400–500 millionar år sidan, som skapte gneisen. Sidan vart fjellkjeda tært ned, så kraftig at dei djupe laga etter kvart kom opp til overflata. Langt seinare måtte fjellet på Golta nok ein gong freista eit tilvære i mørkret.No var det isen som dekte landet. Isen grov og slipte på berget. For nesten 15 000 år sidan smelta isen her vekk. Endeleg kom Goltafjellet fram i dagen att – reinskura av breen. Sidan har naturkreftene halde fram med å forma fjellet, men ikkje så effektivt som då breen rådde grunnen.Bølgjene sjølve tærer lite,det er helst i vikar og bukter der bølgjene har stein og grus som slipemiddel,at slipinga blir effektiv. Men bølgjene held berget reint;så lenge dei får sørgja for «vedlikehaldet», vil det ikkje danna seg groe eller jord. Derfor gir dei blanke svaberga ut mot havet framleis eit godt bilete av korleis fjellet kunne sjå ut, nesten kvar som helst i Hordaland, like etter at isen trekte seg attende. 358 Golta SUND MIDTHORDLAND MUSØYRE Musøyre har truleg overlevd i fleire tusen år ved kanten av storhavet. Den vesle vier- planta slo rot på Golta på slutten av den siste istida, saman med andre fjellplanter (T120). Dei bukka under då klimaet vart varmare, men musøyre heldt stand. På dei vêrharde knausane som stikk opp av lyngheiane på Golta, er veksttilhøva mykje like det høgfjellet har å by på. Planta kryp langs bakken og er godt tilpassa barskt klima med kort vekstsesong. Ho er vanlegast i høg- fjellet på stader der andre planter har problem på grunn av langvarig snødekke – trivselen er nemleg best der det ikkje er annan tettvaksen vegetasjon. I låglandet blir musøyre lett utkonkurrert av andre planter.Men når det verken finst skog, lyng eller gras som kan ta luven frå den vesle kryparen, kan musøyre finna levekår også her (R117). (Foto: Bjørn Moe) Kurvete brot i fjellet, sigd- brot, og avlange renner vitnar om isens skuring då breen gjekk mot vest, over gneisberget på Nalen. (Ståle Raunholm) Dei grøne søkka på Golta følgjer sprekkesoner i gneisen. Her er det rognetrea som har funne rot- feste i det opne og vêrharde landskapet. (Helge Sunde) Ved Golta kjem du langt vest, med utsikt mot storhavet. Dermed har du òg utsikt til hovud- leia for trekkfuglane. Havsuler (biletet) og hav- hestar som trekkjer forbi, er vanlege å sjå frå Golta om hausten.Til skilnad frå Skogsøyna i Øygarden (R373) treng du ikkje gå langt i terrenget for å oppleva slike syn. (Hallgeir B. Skjelstad) GNEIS Nesten kva bergart som helst kan bli ein gneis dersom han blir pressa saman under høg temperatur og høgt trykk. Kjenneteikna på gneis er massive, lyse granittiske linser og lag, gjerne i veksling med mørkare, meir basiske lag rikare på biotitt eller amfibol. (Haakon Fossen) NATURHISTORISK VEGBOK.RUTEDEL TEMA: Fast fjell T20 Urtiden og grunnfjellet T28

UND N EGBOK Golta TEMA: T · Langt seinare måtte fjellet på Golta nok ein gong freista eit tilvære i mørkret.No var det isen som dekte landet.Isen grov og slipte på berget.For

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: UND N EGBOK Golta TEMA: T · Langt seinare måtte fjellet på Golta nok ein gong freista eit tilvære i mørkret.No var det isen som dekte landet.Isen grov og slipte på berget.For

EIT HAV AV GNEIS

Gjennom tusenåra har hauststormarog kraftig pålandsvind reinska detsnaue berget på GOLTA. Bølgjene kanslå langt innover land og gjera detfarleg å ferdast i strandkanten. Når stormane har lagt seg, kjemruskevêrets skaparverk til syne.

Gneis er det rikeleg av,både i Sund ogmange andre hordalandskommunar.Der havet får vaska og stella med

fjellet i lange tider, kan gneisen bli særs finå sjå til. Vestsida av Sotra og Øygarden ergneisens smykkeskrin.Bergartane i seg sjølve

er ikkje så spesielle.Dei er for det meste einlys,ofte svakt rosa granittisk gneis.Lagdelingagjer at geologane kallar han gneis, menmineralinnhaldet er omtrent som i ein granitt.Innimellom er det lag med ein mørkare ogmjukare amfibolittisk gneis. Nalen, ytst påGolta, står att som ein rosa pynt fordi haner gjord av seigliva granittisk gneis.

Alle desse bergartane tilhøyrer grunnfjelletog er frå jorda si urtid. Gneisane var opp-havleg størkningsbergartar som vart til dåbasiske og sure smelter størkna langt nedei jordskorpa. Seinare, men framleis på storedjup, vart desse bergartane godt saman-pressa og omforma til gneis.Det var kreftenesom vart utløyste under den kaledonske fjell-kjededanninga i kambrosilurtida for 400–500millionar år sidan, som skapte gneisen. Sidanvart fjellkjeda tært ned,så kraftig at dei djupelaga etter kvart kom opp til overflata.

Langt seinare måtte fjellet på Golta nokein gong freista eit tilvære i mørkret.No vardet isen som dekte landet. Isen grov og sliptepå berget. For nesten 15 000 år sidan smeltaisen her vekk.Endeleg kom Goltafjellet frami dagen att – reinskura av breen. Sidan harnaturkreftene halde fram med å forma fjellet,men ikkje så effektivt som då breen råddegrunnen.Bølgjene sjølve tærer lite,det er helst

i vikar og bukter der bølgjene har stein oggrus som slipemiddel,at slipinga blir effektiv.Men bølgjene held berget reint;så lenge deifår sørgja for «vedlikehaldet», vil det ikkjedanna seg groe eller jord. Derfor gir deiblanke svaberga ut mothavet framleis eit godtbilete av korleis fjelletkunne sjå ut,nesten kvarsom helst i Hordaland,like etter at isen trekteseg attende.

358

GoltaSUND MIDTHORDLAND

MUSØYRE

Musøyre har truleg overlevd i fleire tusen år ved kanten av storhavet. Den vesle vier-planta slo rot på Golta på slutten av den siste istida, saman med andre fjellplanter(T120). Dei bukka under då klimaet vart varmare, men musøyre heldt stand. På deivêrharde knausane som stikk opp av lyngheiane på Golta, er veksttilhøva mykje likedet høgfjellet har å by på.

Planta kryp langs bakken og er godt tilpassa barsktklima med kort vekstsesong. Ho er vanlegast i høg-fjellet på stader der andre planter har problem pågrunn av langvarig snødekke – trivselen er nemlegbest der det ikkje er annan tettvaksen vegetasjon.I låglandet blir musøyre lett utkonkurrert av andreplanter.Men når det verken finst skog, lyng eller grassom kan ta luven frå den vesle kryparen, kanmusøyre finna levekår også her (R117). (Foto: Bjørn Moe)

Kurvete brot i fjellet, sigd-brot, og avlange rennervitnar om isens skuring dåbreen gjekk mot vest, overgneisberget på Nalen.(Ståle Raunholm)

Dei grønesøkka påGolta følgjersprekkesoneri gneisen.Her er detrognetreasom harfunne rot-feste i detopne og vêrhardelandskapet.(Helge Sunde)

Ved Golta kjem du langt vest, med utsikt motstorhavet. Dermed har du òg utsikt til hovud-leia for trekkfuglane. Havsuler (biletet) og hav-hestar som trekkjer forbi, er vanlege å sjå fråGolta om hausten.Til skilnad frå Skogsøyna iØygarden (R373) treng du ikkje gå langt i terrenget for å oppleva slike syn. (Hallgeir B. Skjelstad)

GNEIS

Nesten kva bergart som helst kan bli eingneis dersom han blir pressa samanunder høg temperatur og høgt trykk.Kjenneteikna på gneis er massive, lysegranittiske linser og lag, gjerne i vekslingmed mørkare, meir basiske lag rikare påbiotitt eller amfibol. (Haakon Fossen)

NATURHISTORISK VEGBOK. RUTEDELTEMA: Fast fjell T20

Urtiden og grunnfjellet T28