19

Strikk til dei minste nøstebarna

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Klede til premature barn. Av Tove Fevang. I samarbeid med Nøstebarn.

Citation preview

M_001_013_Strikk.indd 2 30/11/15 09.52

Tove Fevang

Strikktil dei aller minste nøstebarna

samlaget • oslo • 2016

M_001_013_Strikk.indd 3 30/11/15 09.52

4

Forord

Premature barn

Kva treng for tidleg fødde på sjukehuset?

Kva treng for tidleg fødde når dei er komne heim?

Råd og tips før du går i gang!

Korleis vaske ull?

Oppskrifter:

på sjukehuset:

Teppe med stigemønster

Skuggetrekant-teppe

Teppe i rillestrikk med melert midtfelt

Hjarteteppe

Teppe med rillestrikk i enkelt eller dobbelt garn

Teppe i dominostrikk

Teppe med fletter

Avlangt teppe hjørne til hjørne

Innhald

7

10

10

1 1

12

13

1 5

1 7

20

25

29

34

37

41

44

♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_001_013_Strikk.indd 4 30/11/15 09.52

5

Innhald

Lue, sokkar og teppe

Vottar med og utan fletter

Flettelue, vottar og spiralsokkar

Strikka kuvøse

heime:

Posedress

Ribbestrikka bukse med høg linning

Glattstrikka bukse med selar

Ribbestrikka body

Glattstrikka body

Lue med øyreklaffar

Stripete omslagsjakke, bukse og lue

Jakke med raglanfelling, lue og teppe

Jakke med rundfelling og sparkebukse

Hjelpeprosjekt for premature

Takk!

Kontaktinformasjon

49

52

56

63

67

69

72

77

81

86

92

96

103

108

116

117

117

M_001_013_Strikk.indd 5 30/11/15 09.52

M_001_013_Strikk.indd 6 30/11/15 09.52

mitt første møte med prematurstrikk var ein artikkel i A-magasinet våren 2011. Den handla om eit foreldrepar som mista dottera. Ho vart berre ti dagar gam-mal. I tida medan dottera låg på sjukehus, ville dei gjerne gjere noko godt for henne. Dei vart oppfordra til å strikke! Varmetapet på slike små er stort frå hovud, hender og føter. Bestemora strikka eit lite teppe, sokkar, lue, alt det den vesle jenta trong. Familien fekk vite at sjukehuset trong mange slike små, var-mande plagg til dei for tidleg fødde. Slik starta det som seinare vart Amandapro-sjektet, kalla opp etter den vesle dottera deira, Amanda. Amandaprosjektet handlar om å strikke teppe, luer, vottar og sokkar til for tidleg fødde på sjuke-hus i heile landet.

Vekebladet Familien skreiv om Amandaprosjektet, og eg vart spurt om å lage oppskrifter til nokre teppe, luer, vottar og sokkar til desse aller minste. Det fanst ikkje slike oppskrifter. Lite visste eg om at oppskriftene eg designa til Familien, berre nokre månader seinare skulle bli brukt til mine eigne tvillingbarnebarn Oscar og Nicolai. Dei vart fødde mange veker for tidleg. Eg leitte etter oppskrif-ter til bukse og jakke, men fann fort ut at slike oppskrifter ikkje var å oppdrive. I butikken var det heller ikkje klede å få kjøpt i prematurstorleik. Eg leita etter målskjema til desse små babyane, men noko slikt var ikkje å få tak i. Slik star-ta prosessen med å konstruere og strikke klede til tvillingane. Eg oppdaga at mange andre også leita etter oppskrifter til for tidleg fødde, og eg tenkte at dette måtte eg gjere noko med. Det har vore ein lang veg og stort sett nybrotts-arbeid. Mange har brukt oppskrifter på dokkeklede til desse aller minste, noko som ikkje fungerer særleg godt. Premature babyar er svært slanke og treng klede som sit tett inntil kroppen for å halde best mogleg på varmen. Ullklede i tynn ull som ikkje loar, er det beste. Dessutan er kombinasjonen ull og silke perfekt til prematurklede. Ulla held på varmen, og silken både regulerer var-men og gjer plagga mjuke og gode.

Mange har vore delaktige i dette prosjektet, ikkje minst Else Marie Gundes-bø som er sjukepleiar på nyføddintensivavdelinga på Rikshospitalet. Ho har vore ein god samtalepartnar når det gjeld kva desse små treng, og korleis kle-da kan bli mest mogleg funksjonelle. Sjukepleiarar på nyføddintensivavdelin-ga på Rikshospitalet har skildra korleis ein posedress til premature burde vere, og så har eg laga ei oppskrift etter kva dei tenkjer trengst. Modellstrikkarar har kvalitetssikra oppskriftene.

Og tvillingane, dei er akkurat fylt fire år og er friske og raske!

Forord

www.tovefevang.no

Tove

M_001_013_Strikk.indd 7 30/11/15 09.52

M_001_013_Strikk.indd 8 30/11/15 09.52

M_001_013_Strikk.indd 9 30/11/15 09.52

10

Premature barn

Det vert fødd kring 4000 premature barn i Noreg kvart år. I resten av verda er talet kring 13 millionar årleg. Kring 500 000 av desse vert fødde i Europa. I Noreg finst det i dag kring 300 sengeplassar på landets nyfødtintensivavdelingar og dei er stort sett fulle året rundt. Premature er fødde med låg feittprosent, difor frys dei svært lett. Det er viktig for desse små å halde seg varme.

Kva treng for tidleg fødde

på sjukehuset?

Premature babyar har eit stort varmetap gjennom hovudet, og det aller viktigaste for desse babyane er varme luer, både når dei ligg i kuvøse og på ei varmeseng. Og lua må sjølvsagt vere i ull! På sjukehuset treng premature babyar dessutan teppe, sokkar og vottar.

Dei aller minste teppa i denne boka kan ein bruke til kuvøsebarn. Desse må sjølvsagt vere i ull, eller i ein kombinasjon med andre naturfibrar. Men hugs, alltid størst prosentdel ull. Teppa må ikkje vere tjukke. Ullgarn som passar til pinnar nr. 2 ½–3, er veleigna. Mange av dei aller, aller minste har veldig sart hud og kan lett få sår og trykkskadar om teppet blir for tjukt, men også om garnet ikkje er i ein mjuk kvalitet. Ull og silke er ein perfekt kombinasjon til prematurstrikk. Ulla held barnet varmt, og silken regulerer varmen og gjer garnet ekstra glatt og mjukt. Ein sjukepleiar sa til meg at om ein kan tenkje seg å ha garnet på ei sår brystvorte, så er garnet godt nok for ein prematur baby. Det same gjeld sjølvsagt luer, sokkar og vottar.

Teppa vert ikkje berre brukt til å pakke inn babyane, men kuvøseteppe ned i A4-storleik vert brukt til å legge lett over babyen. Dei toler gjerne ikkje å ha for mykje rundt seg, men har det bra med eit teppe over seg. Det er grunnen til at oppskriftene på teppe også er i svært små storleikar. Likeins dei større barna må ha teppe, så i boka er det fleire storleikar på kvart teppe.

♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_001_013_Strikk.indd 10 30/11/15 09.52

11

eit lite tips!

Skal du strikke ei lue og ikkje veit korstor omkrinsen på lua skal vere, strikk ei ribbestrikka

lue med litt god oppbrett. Ei slik lue passar godt tilveldig små hovud og vil «vekse» med barnet.

Kva treng for tidleg fødde

når dei er komne heim?

Dei fleste premature babyar blir skrivne ut av sjukehuset når dei har nådd ter-mindato. Då er dei framleis mykje mindre enn babyar fødde ved termin, og det kan vere vanskeleg å finne klede til dei. I denne boka finn du alle typar klede som babyar treng dei første månadene. Her er jakker i ulike fasongar, med raglan- og rundfelling, ulike bukser, luer og vottar og teppe i ulike storleikar. Posedressen er laga etter ønske frå sjukepleiarar på Rikshospitalet. Posedres-sen skal ikkje vere for lang. Dei små likar å ha det litt trongt og må kunne få beina ned i botnen av dressen.

I boka finn du berre jakker, ingen genserar. Det er fordi desse små barna ikkje skal ha noko på seg som må over hovudet. Alle klede må vere lette å ta på. Bodyane i boka kan knappast opp, slik at barnet kan leggjast på ein opp-knappa body og så bli kledd på. Ribbestrikka bukser og bodyar er lurt fordi desse formar seg tett inntil kroppen og gir god varme. Sjølvsagt har eg også laga litt meir ledige klede, slik at barnet kan ha andre klede under.

Alle kleda i boka er i tre storleikar: prematur, nyfødd og tre månader. Kleda er smalare enn vanlege babyklede fordi dei fleste premature også ved nyfødd storleik framleis har slanke armar og bein.

M_001_013_Strikk.indd 11 30/11/15 09.52

12

Råd og tips før du går i gang!

♥ Les alltid nøye gjennom heile oppskrifta

før du begynner å strikke.

♥strikkefastheita

er nøkkelen til eit godt resultat. Den oppgitte strikkefastheita viser kor man-ge masker som utgjer 10 cm i breidda med tilrådd pinnestorleik. Strikkar du lausare enn oppgitt strikkefastheit, går du ned i pinnestorleik, og strikkar du fastare enn oppgitt strikkefastheit, så går du opp i pinnestorleik. Det er særs viktig å strikke ein prøvelapp på ca. 15 x 15 cm. Deretter måler du opp 10 x 10 cm midt på prøvelappen og tel kor mange masker du har på 10 cm. Dermed har du di eiga strikkefastheit. Ut frå dette veit du om du må opp eller ned i pinnestorleik.

Vrangbordar trekker seg saman og gir alltid ei anna strikkefastheit enn glattstrikk. Difor er strikkefastheita i boka oppgitt ut frå glattstrikk.

nokre gonger strikkar ein dessverre feil

og må rekke opp att. Sett då inn ein strikkepinne i den høgre delen av maske-ledda rundt heile omgangen ei eller to maskerader nedanfor punktet du treng å rekke opp til. Så kan du ta ut pinnen og rekke opp til du har alle maskene på pinnen under. Då slepp du å vere redd for å miste masker undervegs.

diagram

Når du strikkar etter diagram, les du det frå første rute nedst i høgre hjørne og mot venstre, og nedanifrå og oppover. Alle diagram er sett frå retta. Rapporten som står i klamme, gjentek du på omgangen, men ofte startar omgangen med eit visst masketal før rapporten. Deretter gjentek du rapporten og avsluttar eventuelt med dei siste maskene som står etter rapporten. Start og avslutt all-tid ved pila for vald storleik viss diagrammet har slike piler. Nokre gonger skal du også gjenta ein rapport i høgda. Då står rapporten avmerkt i ei klamme på høgre side av diagrammet.

M_001_013_Strikk.indd 12 30/11/15 09.52

13

Korleis vaske ull?

Alle oppskriftene i denne boka er strikka med garn frå Nøstebarn. Nøstebarn-garnet er laga av ubehandla ull eller ei blanding av ull og silke fri for kjemisk behandling. Ulla inneheld lanolin (ullfeitt) som naturleg bryt ned bakteriar. Plagg i ubehandla ull treng ikkje vaskast så ofte som bomullsklede fordi smuss set seg utanpå ullfibrane og fordi ubehandla ull har denne naturlege bakterie-hemjande eigenskapen. Skal ull tole maskinvask, må ulla behandlast kjemisk med eit kunststoff som vert lagt utanpå fibrane. Garnet frå Nøstebarn er ikkje behandla kjemisk. Det er tryggare for desse aller minste, og dessutan er då alle dei gode eigenskapane i ulla tekne vare på. Ullgarnet frå Nøstebarn skal ikkje vaskast i maskin, og er merkt med symbolet for handvask.

Mange har funne ut at det går greitt å vaske også garnet merkt handvask i maskin på ullprogram, men det er stor kvalitetsskilnad på ullprogramma. Dei fleste nyare vaskemaskiner vaskar forsiktig nok og med lik vasstemperatur gjennom heile vaskesyklusen. Ull krympar ved for mykje rørsle, høg temperatur eller temperatursvingingar og mykje såpe.

slik gjer du Vask plagga i Nøstebarnull sjeldnare enn andre plagg. Etter bruk luftar du plagget, og du vaskar det berre når det er flekkete eller ikkje kjennest «friskt». Søl kan du tørka bort med det same, gjerne under rennande vatn. Tørk med tørr klut.

Fordi ulla ikkje er kjemisk preparert for maskinvask, er ho ikkje godkjent for vask i maskin, men eit godt ullprogram kan fungere like godt som handvask.

maskinvask på godt ullprogram:

Ullprogram (viktig!) maks 30°C med ullsåpe.

handvask av ull

Handvask plagget i 30°C med ullvaskemiddel utan parfyme. Vatnet skal kjen-nast kjølig mot huda. Kryst plagget forsiktig i vatnet. Ull skal ikkje bløytleg-gast. Skyl plagget til vatnet er klårt (30°C). For raskare tørketid, rull plagget i ein handduk og klem vatnet ut eller sentrifuger.

Naturleg ullsåpe er det beste for å unngå syntetiske tilsetjingar.Legg alltid plagga til tørk, form eller strekk plagga i fasong til rett storleik.

For å ta vare på det naturlege ullfeittet (lanolin) kan ny lanolin «ullkur» tilset-jast etter lang tids bruk. Skyljemiddel med lanolin kan brukast som ein mild ullkur for å mjukgjere og tilføre lanolin.

M_001_013_Strikk.indd 13 30/11/15 09.52

Oppskrifter

På sjukehuset♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_014_065_Strikk.indd 14 30/11/15 09.23

Oppskrifter

På sjukehuset♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

♥♡♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_014_065_Strikk.indd 15 30/11/15 09.23

M_014_065_Strikk.indd 16 30/11/15 09.23

17

storleik: ca. 40 x 50 (60 x 80) 80 x 100 cm

materiale:Silkeull (65 % ull, 35 % silke) 100 g hespe = 600 mStøvrosa f nr 831, 100 (200) 200 g pinnar: Rundpinne nr 3, rundpinne nr 3 ½ opplegg og felling. strikkefastheit: 30 m rettstrikk = riller på pinne nr 3 = 10 cm i breidda.

Hugs at strikkefastheita må stemme dersom resultatet skal bli vellukka.Strikk prøvelapp. Pinnenummer er rettleiande.Kontroller strikkefastheita nøye, og byt eventuelt til tjukkare eller tynnare pinnar.

kantmasker:Strikk den første maska på pinnen rett.Strikk den siste maska på pinnen rett.

Les heile oppskrifta før du tek til å strikke.

Teppe

med stigemønster

Teppet er strikka i to ulike

strukturmønster, noko som gir ein flott effekt.

Teppet passar like godt til dei minste kuvøsebarna

som til krabbeteppe når barnet er blitt større.

Vel mellom tre ulike storleikar.

♥♡♥♡♥♡♥♡♥

♥♡♥♡♥♡♥♡♥

M_014_065_Strikk.indd 17 30/11/15 09.23

18

rutemønster: Mønsterrapport = 6 + 3 m stigemønster: Mønsterrapport = 6 + 3 m

Teppet skal strikkast fram og tilbake.

mønster 1 – rutemønster:1. pinne: * 3 rett, 3 vrangt *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt med 3 rette 2. pinne: * 3 vrangt, 3 rett *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt med 3 vrange3. pinne: som 1. pinne4. pinne: som 2. pinne5. pinne: som 2. pinne6. pinne: som 1. pinne7. pinne: som 2. pinne8. pinne: som 1. pinneRepeter 1.–8. pinne gjennom heile arbeidet mønster 2 – stigemønster:1. pinne: Alle masker rett2. pinne: 1 vrangt, 2 rett * 4 vrangt, 2 rett *, repeter frå * til * ut pinnen, avslutt

med 1 vrangt3. pinne: som 1. pinne4. pinne: som 2. pinne5. pinne: som 1. pinne6. pinne: som 2. pinne7. pinne: som 1. pinne8. pinne: som 2. pinne9. pinne: som 1. pinne10. pinne: som 2. pinne11. pinne: som 1. pinne12. pinne: som 2. pinne13. pinne: alle masker rett

M_014_065_Strikk.indd 18 30/11/15 09.23

19

14. pinne: 4 vrangt * 2 rett, 4 vrangt *, repeter frå * til * ut pinnen15. pinne: som 13. pinne16. pinne: som 14. pinne17. pinne: som 13. pinne18. pinne: som 14. pinne19. pinne: som 13. pinne20. pinne: som 14. pinne21. pinne: som 13. pinne22. pinne: som 14. pinne23. pinne: som 13. pinne24. pinne: som 14. pinneRepeter 1.–24. pinne gjennom heile arbeidet Legg opp 119 (179) 239 masker på pinne nr 3 ½. Skift til pinne nr 3, start og avslutt kvar pinne med 1 kantmaske (sjå over). Strikk 1 kantmaske, strikk møn-ster 1, rutemønster, over 117 masker, avslutt med 1 kantmaske. Strikk 1.–8. pinne fram og tilbake 3 gonger til saman.

Neste pinne: 1 kantmaske, strikk mønster 1, rutemønster, over dei neste 15 maskene, strikk mønster 2 «stigemønster» over dei neste 87 (147) 207, og auk 1 maske på slutten av stigemønsteret = 88 m (stigemønster), strikk mønster 1, rutemønster, over dei neste 15 maskene, 1 kantmaske.

Hald fram med mønster 1 og 2 og fordel mønster som på førre pinne gjen-nom heile arbeidet. Strikk 7 (11) 15 rapportar av stigemønster i høgda.

Hald fram med rutemønster over alle masker. Første pinne: Fell den auka maska i stigemønsteret på same stad som ho vart auka, ved å strikke to mas-ker rett saman, strikk 3 rapportar i høgda. Fell laust av eller bruk ein pinne 3½ i høgre hand og fell av med denne. Då vil ikkje fellekanten stramme.

montering: Fest alle lause trådar.

M_014_065_Strikk.indd 19 30/11/15 09.23