16
nms.no/sommerfest 1 Saman på jda Saman i Kristus Saman vidare

Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 1

Saman på jorda

Saman i Kristus

Saman vidare

Page 2: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

2 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

FOTO

: EV

EN

ØR

JASÆ

TER

Velkomen!

På dagtid vil det bli god tid til viktige misjonsstrategiske DRØFTINGAR, men òg tid til å vere saman som eit stort FELLESSKAP.

På eit jugendhus i Ålesund er ein knute brukt som eit dekorelement, og denne knuten kan symbolisere at vi står saman i ei VERDSVID KYRKJE.

KNUTEN finn du igjen på vottar, som er strikka av lokale misjonsfolk. Vottane er til sals i Kyrkjegata i Sparebanken Møre Arena. Så får vi berre håpe at du ikkje treng å ta dei i bruk i sommar!

KYRKJEGATA går gjennom eit eige mingleområde og torg. Her kan du drikke kaffi på etiopisk vis eller sette deg på ein benk i parken. I enden av gata finn du strik-ke- og fisketorg med aktivitetar for store og små. Du kan melde deg på samtalegrupper, der du saman med andre får dele engasjement rundt spennande tema.

Når du besøker KAPELLET i enden av Kyrkjegata, vil du legge merke til at vatn er eit element i utsmykkinga.

VATN er ein livsviktig ressurs for alt liv på jorda. Omslutta av lyden av rennande vatn, foto og tekst ynskjer vi å gi deg eit rom for bøn og stille ettertanke.

Gled deg ... ... til ein spennande og

innhaldsrik sommarfest i Ålesund.

VOTT MED KNUTE: Dorthe Lervik og Inger Myklebust har designa ein vott med knute, inspirert av dekoren på eit jugendhus i Ålesund.

SAMAN er temaet for

sommarfestdagane. Dette vil prege bibel-

timane, kveldsmøta og dei ulike arrangementa

på kveldane.

Page 3: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 3

SAMAN I SAMTALE: Du får møte spennande gjester i samtale med NRK-journalist Kjetil Lillesæter fredag kveld. Han er kjend for mange som programleiar for NRK Radio sitt livssynsprogram: Tro, håp og Lillesæter. Som i radioprogrammet blir song og musikk óg ein viktig del av programmet hans.

Me vonar at du kjem til Ålesund for å vere med på NMS Sommarfest &

Generalforsamling 2020. Du er hjarteleg velkommen!

SAMAN I LOVSONG: Vakoté Dieudonné og fleire musikantar deltek på sommarfesten «Saman i lovsong» laurdag kveld. Det blir både etiopiske, kamerunske, maliske og gassiske tonar.

På sommarfesten kan du delta på ulike VERKSTADAR, lære av erfaringar frå andre og få reflektere over misjonsperspektivet i eige liv.

Det går an å komme nokre dagar før, eller bli litt lengre for å vere TURIST i dette flotte området. På laurdag har du moglegheit til å sjå deg om, men då kan du óg vere med på DEN STORE SAMTALEN om det nye misjonsdokumentet.

Sagt om NATUREN SYNG:”Kombinasjonen

av songar og bilete opnar nye dimensjonar i

opplevinga av salmetekstane. Nye detaljar i både bilete og tekstar dukkar opp når fleire

sanseinntrykk får spele på lag.”

NATUREN SYNG: Når kantor og frilansmusikar Håvard Sveås og naturfotograf Øyvind Kåre Sun-de entrar scenen torsdag kveld, vil kombinasjonen av kjende og kjære salmar, nye songar og vakre naturbilete frå Nordvestlandet bli ei oppleving litt utanom det vanlege. Denne konserten bør du få med deg!

Her er nokre

smakebitar frå

programmet.

FOTO

: ØYV

IND

RE

SU

ND

E, O

KSF

OTO

.NO

Page 4: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

4 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

Velkommen til Ålesund

TALARAR på BIBELTIMANE Med utgangspunkt i dei tre trusartikla-ne, er fokuset på Den treeinige Gud og fellesskapet.

NORA DUB DYB-DAL har master i teologi og er misjonskonsu-lent i NMS. Ho bur i Oslo og har oppvekst og bak-grunn frå Etiopia. KNUT HOLTER er

professor ved VID Stavanger og har dei siste 25 åra primært forska på afrikanske tolkings- strategiar i forhold til

Bibelen. Han er austlending, men har budd heile sitt vaksne liv i Stavanger. TALARAR PÅ KVELDSMØTA

RICHARD PASSMORE er leiar for misjons-utvikling og Fresh Expressions (FE) i England. FE er eit økumenisk nettverk av engel-

ske kyrkjer som er opptatt av å gjere evangeliet tilgjengeleg for menneske i dag. Han taler på fredag kveld om å sprenge dei tradisjonelle veggene og gå saman i nye fellesskap, ”Calling the walls to dust”.

HUMPHREY PETERS er leiande biskop i Church of Pakistan og bi-skop i Peshawar bispedøme. Han er særleg opptatt av å sikre at kristne

og andre minoritetar kan vere frie og trygge i sitt eige land. På kveldsmøta taler han over tema ”Ikkje åleine, men saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag.

Barbro LandmarkLEIAR I HOVUDKOMITEEN

Helge S. GaardGENERALSEKRETÆR

Velkommen til saman å dele tid og tru. Velkommen til å sjå og dele talent. Velkommen til saman å finne fellesskap som kan inspirere og gi positive ringverknader for kvardagane som kjem.

«Kjærligheten tar aldri slutt» er overskrifta på eit av dokumenta som skal opp til drøfting under forhandlingane.

Guds kjærleik til oss er større enn vi kan fatte, og er noko vi i tru kan lene oss på. Guds vilje er at vi skal dele kjærleiken. Saman kan vi fin-ne mot og vilje til å gjere det-te under årets NMS Sommar-fest & Generalforsamling. Då kan vi få mykje godt til å skje.

Du veit aldri kven du blir sit-jande saman med i den store salen eller kring matbordet under arrangementet, men la oss opne opp for at nye og gamle bekjentskap kan gi oss påfyll og mot til vi-dare samarbeid i det verdsvide arbeidet som sam-lar oss.

Vi gler oss over besøk frå inn- og utland som vil dele ord og musikk med oss til inspirasjon og glede.

I NMS gjer vi det vi kan for at Guds rike skal vekse. I NMS vil vi dele trua på Jesus, utrydde fattigdom og kjempe mot urett. Då treng vi din innsats. Kom, bli inspirert og kjenn at du er ein del av ei verdensvid kyrkje.

Vi gler oss til å sjå deg!

Page 5: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 5

ProgramTORSDAG

09.00 REGISTRERING 10.45 BIBELTIME SAMAN - PÅ JORDA - 1. trusartikkel ved Knut Holter, VID. Helsing v/biskop Ingeborg Midttømme og generalsekretær Helge S. Gaard

12.30 LUNSJ 13.40 FORHANDLINGAR14.00 VERKSTADAR (Sjå omtale side 10.)

17.30 MIDDAG 19.00 KVELDSMØTE IKKJE ÅLEINE – MEN SAMAN Hovudtalar: Humprey Peters, biskop frå Pakistan

21.30 SOMMARFEST: SAMAN - I MØRE Voxing KONSERT: NATUREN SYNG Kantor og frilansmusikar Håvard Sveås, naturfotograf Øyvind Kåre Sunde. (Sjå omtale side 3.)

FREDAG

08.00 MORGONBØN i Volsdalen kirke 09.00 FORHANDLINGAR11.30 BIBELTIME SAMAN I KRISTUS - 2. trusartikkel Nora Dub Dybdahl, misjonskonsulent i NMS Credo brass

12.30 LUNSJ 14.00 FORHANDLINGAR14.00 VERKSTADAR (Sjå omtale side 10)

17.30 MIDDAG 19.00 KVELDSMØTE SAMAN – NYE FELLESSKAP Hovudtalar: Richard Passmore, leiar for Network Youth Church, England

21.30 SOMMARFEST: SAMAN I SAMTALE Møt spennande gjester i samtale med NRK- journalist Kjetil Lillesæter. Song og musikk blir ein viktig del av programmet. (Sjå omtale side 3).

LAURDAG

08.00 MORGONBØN i Volsdalen kirke 09.30 BIBELTIME SAMAN – I KYRKJA - 3. trusartikkel Knut Holter og Nora Dub Dybdal

11.00 UTFLUKTER (Sjå omtale side 13).

VERKSTAD: DEN STORE SAMTALEN (Sjå omtale side 12.)

12.30 LUNSJ

16.30 FAMILIESAMLING: ALLE SAMAN Kreativ formidling, kor og konkurranse. Saman som familie ynskjer vi å utruste og oppmuntre store og små til å fortelje andre om Jesus. Evangelist og tryllekunstnar Torben Østmark - og borna deltek.

18.15 MIDDAG - SAMAN RUNDT BORDET

20.00 KVELDSMØTE: SAMAN - IKKJE ÅLEINE Hovudtalar: Humprey Peters, biskop frå Pakistan

SOMMARFEST: SAMAN I LOVSONG Konsert med Vakoté Dieudonné og medmusikantar (Sjå omtale side 3).

SUNDAG

11.00 GUDSTENESTE SAMAN I TILBEDING – SAMAN VIDARE Domprost Olav Gading, predikant Astrid Ulvestad Øygard, kor, band og musikk- prosjekt. Kyrkjelydane i Ålesund deltek.

LUNSJPAKKE etter gudstenesta.

HUSBANDET MARIE LØVÅS er musikk- utdanna vokalist og låtskri-var frå Skodje på Sunnmø-re. Ho er aktuell med de-butalbumet der ho skriv og syng på sunnmørsdialekt.

RUNAR NETLAND frå Stryn, er utdanna musikar. Til dag-leg arbeider han som frilans trommeslagar, i tillegg til å arbeide med musikk i Ila kyrkje.

Med seg har dei handplukka musikarar frå musikkmiljøet i Oslo. Vi gler oss til å høyra dei!

Page 6: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

6 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

Vi held til i Volsdalen kirke og menighetshus.

Torsdag startar vi med ein BLI-KJEND- KICK-OFF. Desse dagane blir det mellom anna tromme- og dansekurs med Waka Da-niel frå Kamerun i tillegg til baking, leiking, formingsaktivitetar, fotball, bibeltimar, misjons-sporløp og den nye NMSU-dansen.

På kveldstid har vi «KVELDSMIX» mellom klokka 19.00 og 21.00. Dette er eit lågterskel opplegg for 1. - 7. klassingar som ikkje vil vere med på kveldsmøta. Vi spelar spel, leikar, har kiosk og har det kjekt i lag.

TRYLLING OG TRUPå familiesamlinga på laurdag kan barna møte den danske tryllekunstnaren Torben Østmark, som fortel om Jesus på ein kreativ og inspirerande måte.

Møt nye og gamle vener, og ikkje minst maskoten vår, Maki, som er ein lemur som elskar å reise og dele opplevingar.

BARNASsommarfest

INFORMASJON TIL FORELDRE:

0-3 ÅR: Eigen leikekrok bak i møtesalen. Her kan dei minste barna leike medan de får med dykk møte og forhandlingar.

4-6 ÅR: Det vert eige opplegg i lokala til Volsdalenkirke, ca. 10 min å gå frå Sparebanken Møre Arena. Bibeltimar, leik, aktivitetar og anna moro.

1 - 7. KLASSE: Bibeltimar, leik og moro, aktivitetar og mykje anna i Volsdalen kirke.

De kan melde barna på barneopplegget på nms.no/sommerfest. Når det nærmar seg vil de få ein epost med detaljert informasjon om opp-legget ditt barn er påmeld.

FOTO

: iST

OC

K

Page 7: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 7

PROGRAMDRYPP: PADDLEBOARDING, KANO, TASKMASTER, FOTBALL, KANONBALLTURNERING OG CAPTURE THE FLAG!

Dette er ein smakebit av kva du kan oppleve på leiren! Her er det noko for deg som vil vere kreativ, chille, kjenne på høg puls, eller berre ha det kjekt

saman med andre ungdomar.

TEMA: SAMAN

NMSU SIN NASJONALE SOMMARLEIR

KJELDSUND LEIRSTAD, 25. - 28. JUNI 2020

Velkommen til Ucamp Sommar, ein leir for deg som er født mellom 2001 og 2006. Det blir sosialt fellesskap, truspåfyll, aktivitetar og gode sommarvibbar

når vi samlast til Ucamp Sommar på Sunnmøre.

PRAKTISK INFORMASJON:

Det blir fellestransport frå Ålesund til Kjeldsund leirstad både før og etter leiren. Leiren avsluttast med felles gudsteneste i Sparebanken Møre Arena i Ålesund

Påmelding og meir informasjon finn du på nmsu.no, samt på facebook-sida Ucamp Sommar.

Page 8: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

8 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

TORSDAG OG FREDAG er det sett av tid til handsaming av ulike saker.

Generalforsamlinga skal få framlagt lands- styret si treårsmelding, og NMS sine grunn- reglar og vedtekter skal behandlast mtp. justeringar.

Det skal vere drøfting av eit nytt grunnlags-dokument om misjon som blir kalla: «Kjær- ligheten tar aldri slutt». Dette dokumentet omhandlar grunnlaget for kvifor NMS driv misjon, kva NMS sin identitet er og korleis NMS arbeider. Dokumentet tek òg føre seg det viktige per-spektivet at misjon startar med eige trusliv og gjennom det gjev kall til misjon lokalt og globalt.

Ei anna sak som skal behandlast er ressursen som dei frivillige medarbeidarane utgjer i NMS. Det skal dessutan veljast ny landssty-releiar, nytt landstyre, protokollkomité og valkomité.

Under forhandlingane vil det vere ein bolk med «Open mikrofon». Les meir om dette i forelegget.

Dei som ifølgje NMS sine grunnreglar har tale-, forslags- og røysterett under forhandlingane er:

• Betalande medlem i NMS og NMSU (født i 2005 eller tidlegare)

• Ein delegat frå kvar misjonsforeining• Ein delegat frå kvar samarbeidskyrkjelyd• Ein representant frå kvar gjenbruksbu-

tikk• Ein NMSU-representant valt av NMSU sitt

landsstyre

I tillegg har følgjande grupper tale- og forslags-rett (vedtektene §3):

• Tre representantar frå Medarbeidar- foreininga (MAF)

• Generalsekretær eller leiarar som får dette delegert av generalsekretær

Er du ikkje i ei av gruppene over, er du likevel hjarteleg velkommen til å følgje forhandlingane, men utan å kunne delta aktivt. Ønskjer du å delta aktivt, er det framleis mogleg å bli medlem i NMS og få del i dei formelle rettane. Sjekk ut www.nms.no/medlem

FOTO

: HE

IDI O

LSE

N/N

MS

For å kunne nytte seg av dei formelle rettane, har landsstyret sett frist for påmelding til

11. juni 2020 kl. 12.00. Medlemsbetaling for inneverande år

må skje innan den datoen.

Generalforsamlinga er NMS si øvste myndigheit.

Forhandlingar og val

Page 9: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 9

I samband med NMS Sommarfest & Generalforsamlinga utlyser vi ein fotokonkurranse.

INNLEVERING: Før 1. juni 2020 til [email protected]

PREMIE: Dei tre beste bileta blir premierte med motivet trykt på aluminiumsplate 50 x 75 cm. Eit utval av innsende bidrag vil bli vist under sommarfesten. 

KRITERIA: Juryen legg vekt på det tekniske, estetiske, kunstnariske og kva inntrykk biletet formidlar.

REGLAR FOR KONKURRANSEN: nms.no/fotokonkurranse

Besøk vår butikk og gjenbruksstand

- se nylanseringeringene fra Knausen Lysstøperi

og prosjekt «restegarn».

TEMA: VATNVatn er ein livsviktig ressurs for alt liv på jorda, og har ein viktig plass i Bibelen.

📷 FOTO-konkurranse

FOTO

: AN

DR

EA

S B

JØR

NE

RE

M

Page 10: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

10 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

Verkstadar

Stikkord for verkstadane er involvering og utfordring. Sjølvsagt er det nye ting å lære, men du er velkommen til også å dele eigne erfaringar, stille spørsmål og kanskje sjølv vere den som svarer når andre spør. Nokre av verkstadane går fleire gonger, nokre må du melde deg på når du registrerer deg.

TORSDAG KL. 14.00 - 15.30 1. GRÅDIGHETSBEKJEMPELSENMS vil kjempe mot fattigdom. Men kva betyr det for oss - i Noreg? Er nokon fattige fordi vi er rike? Me tenkjer det er ein samanheng, og vil sjå nærare på verktøy som kan motvirke grådigheit. Kan takksemd og generøsitet vere vegvisarar?

Kristian Mjølsneset er rådgjevar i NMS Global og samarbeider med studentar og unge vaksne. Han leier ei arbeidsgruppe i NMS og NMSU som set søkelys på denne utfordringa.

2. Å BYGGJE BRUER OG RIVE NED BARRIERAR - OM Å FORMIDLE JESUS KRISTUS TIL MUSLIMAR Kva kan misjonsarbeidet blant muslimske fulaniar i Mali ha felles med våre møte med muslimske naboar og kollegaer i Noreg? Velkommen til ein verkstad basert på erfaringar frå misjonsarbeidet blant musli-mar i Mali, med relevans for våre liv som kristne i det fleirreligiøse Noreg.

Frode Brügger Sætre er NMS-misjonær i Mali og arbeider tett på menneske og lokalsamfunn.

Same som verkstad nr. 11.

3. BYVANDRING - Pris: 150 kr pr pers.

På ei roleg vandring med krakken sin rundt i byen fortel Harald Grytten om bybrannen og oppatt- bygginga - og krydrar det heile med historier frå det lokale folkelivet. Han formidlar den lokale kulturen på svært underhaldande vis.

Harald Grytten er lokal kjendis, filolog og byhistorikar frå Ålesund.

Same som verkstad nr. 13 og 20.

TORSDAG KL. 14.00 - 17.154. BOKASHI-KOMPOSTERING - Krev påmelding

Kari Lisa Roald, pensjonert lærar og «jordfornyar».

Besøk hennar «jordfabrikkar» heime der ho ved bokashi-kompostering produserer all jord ho treng til påfyll i bed og grønsakhage, pluss sin eigen økologis-ke gjødsel. Kor mykje trengst for å sette i gang sjølv?

Same som verkstad nr. 14. Påmelding i infoskranke ved ankomst, maks 20 deltakarar.

5. KAN EG VERKELEG GJERE EIN FORSKJELL?Møt Greta Aarthun, Magne Mjærum og Torger Reve. Kvar på sitt vis har dei gjort ein ekstraordinær innsats for å skape misjonsengasjement og gjevarglede dei siste åra. Det handlar om å bruke sine talent og til-gjengelege ressursar. Ved å lære av andre si erfaring, kan vi oppdage våre eigne moglegheiter.

Stina M. Aa. Neergård, tidlegare misjonær i Mali, no rådgjevar i NMS Fundraising.

TORSDAG KL. 15.00 - 1 7.006. SYNG I KORMusikarar og songarar frå Etiopia, Kamerun, Madagaskar, Mali og Norge vil sette sitt preg på arrangementet. Dei inviterer òg til korseminar. Øvin-gar torsdag og fredag med framføring laurdag.

Vakoté Dieudonné, opphavleg frå Kamerun, arbeider som trusopplærar i Dnk.

Same som verkstad nr. 15.

TORSDAG KL. 15.45 - 17.157. CULTURE, CONFLICT AND MISSION (på engelsk)

Korleis kan vi formidle tru og kjempe mot urett på ein måte som tar omsyn til kulturelle forhold og ikkje skaper nye konfliktar? Eksempel frå arbeidet blant gumuz-folket i Etiopia.

Ungdomsleiar og student Meher Omot frå Gambela i Etiopia og rådgjevar i NMS Klaus-Christian Küspert. Omot har gått på disippeltreningsskule i Sør-Afrika støtta av NMS. Küspert har vore NMS-utsending på Madagaskar og i Etiopia.

8. MISJON I MIGRASJON - NÅR VERDA FLYTTER INN I VÅRE NABOLAGKvifor jobbar NMS med migrasjon? Kva utfordringar og ressursar finn vi i møte med migrantane? Verksta-den set søkelys på kva Bibelen seier om migrasjon. Det blir undervisning og gruppearbeid om temaet, og presentasjon av gode verktøy for migrantarbeid.

Espen Schiager Topland er rådgjevar i NMS Global. Han har sjølv vore misjonær i Japan og opplevd seg som migrant. Han har arbeidd med migrasjon i mange år og held verkstaden saman med KIA.

Page 11: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 11

9. BEREKRAFTIG KOSTHALD -Å GJERE EIN FORSKJELL I KVARDAGENI eit klimaperspektiv er mat og matvanar eit område der den enkelte av oss kan gjere ein forskjell. Vea vil sjå på mat i bibelsk kontekst og dele praktiske råd og tips, med smaksprøvar, til eit sunt og berekraftig kosthald i kvardagen.

Margit Vea, foredragshaldar og forfattar av fleire kokebøker, eiga spalte i Aftenposten junior og i MT Misjonstidende.

Same som verkstad nr. 10.

FREDAG KL. 14.00 - 15.30 10. BEREKRAFTIG KOSTHALD - Å GJERE EIN FORSKJELL I KVARDAGENSame som verkstad nr. 9.

11. Å BYGGJE BRUER OG RIVE NED BARRIERAR - OM Å FORMIDLE JESUS KRISTUS TIL MUSLIMAR Same som verkstad nr. 2.

12. DOING CHURCH DIFFERENTLY (på engelsk)

Church of England har lenge gitt rom for nye metodar og uttrykk gjennom «Fresh expressions of Church». Kva kan inspirere oss i våre kyrkjer?

Richard Passmore er leiar for misjonsutvikling i Carlisle bispedøme, Church of England.

13. BYVANDRING - Pris: 150 kr pr pers.

Same som verkstad nr. 3 og 20.

FREDAG KL. 14.00 - 17.1514. BOKASHI KOMPOSTERING - Krev påmelding

Same som verkstad nr. 4.

FREDAG KL. 15.00 - 17.0015. SYNG I KORSame som verkstad nr. 6.

FREDAG KL. 15.45 - 17.1516. FAITH FRIENDS - EXPERIENCES FROM INTERRELIGIOUS TALKS IN PAKISTAN (på engelsk)

I mange år har biskopen møtt leiarane i tre andre

religionar til samtale. Målet er å leggje grunnen for fredeleg sameksistens ut frå det at dei alle er glade I landet sitt og ønskjer at folk skal kunne praktisere si tru utan å frykte for livet sitt.

Biskop Humphrey Peters er biskop i Peshawar og leiande biskop i Church of Pakistan.

17. KRAFTA I TALENTA VI HAR - OM Å VERE KYRKJE I LOKALMILJØETI våre eigne liv og i kyrkjelyden er det lett å sjå på alt vi ikkje får til, alt som ikkje fungerer, alt vi manglar. ‘Use Your Talents’- tankegangen har eit anna fokus: Alle har noko å bidra med! Vi får hjelp til å ta i bruk det vi har fått, her og no, ei skattejakt etter talentar og ressursar i oss og rundt oss.

Amos Ounsoubo er tidlegare Haldstudent frå Kamerun, no masterstudent ved VID. Evy Torunn Nyvoll og Sigurd Haus er rådgjevarar i NMS Global.

18. BEREKRAFTIG JORDBRUK Anten det er i Thailand eller i Noreg, har vi ansvar for å forvalte vår felles jord. Denne verkstaden tar dette bokstaveleg ned på jorda, ned i jorda. Kva utfordrin-gar har vi felles, og kva erfaringar kan vi dele når det handlar om dyrking, anten det er på åkeren eller i hagen?

Tor Helge Brandsæter, rådgjevar for NMS Global i Thailand og bonde i Norge.

LAURDAG KL. 11.00 - 16.00 (inkl. lunsj)

19. NYTT MISJONSDOKUMENT - ER DET FOR SKRIVEBORDSSKUFFA ELLER FOR LIVET?Laurdag samlar vi trådane og møtest til den store SAMtalen. Med drøftingane om misjonsdokumentet og frivilligheit i botnen, samlar både talarar og leiarar seg saman med alle oss andre som har lyst, for verkeleg å gjere dokumenta jordnære og levande. Kva følgjer har det for liva våre? Sjå meir side 12.

Hege Steinsland, tidlegare misjonskonsulent i Møre, har ansvar for å koordinere denne storsamlinga.

LAURDAG KL. 14.00 - 15.3020. BYVANDRING - Pris: 150 kr pr pers.Same som verkstad nr. 3 og 13.

FOTO

: IST

OC

K

Page 12: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

12 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

Bøn & Stille

LAURDAG KL.11.00 – 16.00 (inkl.lunsj)

I to dagar, saman med misjonsvener frå heile landet og ulike nasjonar, har vi lytta til forkynning, drøfta saker og eit nytt misjonsdokument, møtt gamle kjente, knytt nye kontaktar, arbeidd i verkstadar, delt song og musikk, latter og tårer, aktivert minne, blitt inspirert, provosert og utfordra.

Snart skal vi reise kvar til vårt og ta dei mange impulsane med oss i ulike samanhengar og kvar-dagsliv. På denne måten skal vi vekse vidare som verdsvidt misjonsfellesskap og også ta vår del av ansvaret for dei store utfordringane vi som menneske står overfor i dag.

Dette er eit godt tidspunkt å stille oss spørsmålet:

Kva vil Gud oss på dette tidspunktet i historia?Korleis svarer vi saman og kvar for oss?

Vi inviterer til ein verkstad for å dele engasjement, lære av kvarandre og få inspirasjon til å leve ut misjon på ulike måtar i nabolag og kyrkjelydar over heile verda. Denne verkstaden vert halden i ein metodikk som gjev deg høve til å ta opp tema og spørsmålsstillingar og der du let ditt eige engasjement styre korleis du nytter tida.

Den store samtalen – saman

Sommarfest og generalforsamling betyr mykje pro-gram, mange inntrykk og mykje påfyll. Vi ønskjer at det også skal vere plass for bøn, stille ettertanke og kvile desse dagane. Derfor inviterer vi deg til å bruke dei tilboda vi legg til rette for.

MORGONMESSE: Velkomen til å starte dagen for Herrens ansikt i eit vakkert kyrkjerom. Fredag og laurdag kl. 08.00 inviterer vi til morgonmesse med nattverd i Volsdalen kyrkje, på oppsida av innfarts- vegen, ti minutt å gå frå Sparebanken Møre Arena.

KAPELLET: Staden for stille ettertanke og bøn finn du i mingleområdet. Her er det høve til

bønevandring og lystenning. Du går gjennom kapellet med lyd av levande vatn, på veg til stille- rommet.

SAMTALE: Treng du nokon å snakke med? Vil du bli bedt for? Eller berre velsigna? Vi er tilgjengelege i området ved kapellet.

BØNEKORTET: Elles oppmodar vi til å bruke bøne-kortet som er distribuert og presentert i MT (nr. 5/19 s. 7), be både før og under arrangementet. Og lat oss ikkje gløyme å takke.

Pris Herren, kall på hans namn, gjer gjerningane hans kjende blant folka! (Salme 105,1)

Kl. 11.00 - 11.45 Vi samlast til felles opning. Utforming av agenda med tema og spørsmålsstillingar.Kl. 11.45 - 12.30 Samtaleøkt i grupperKl. 12.30 - 13.30 LunsjKl. 13.45 - 14.30 Samtaleøkt i grupperKl. 14.30 - 15.15 Samtaleøkt i grupperKl. 15.20 - 16.00 Felles avslutning

FOTO

: PIX

AB

AY

I stille og tillit skal dykkar styrke vera.

Jes 30,15

Page 13: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 13

FOTO: ANDRE PEDERSEN

FOTO: ANNE MARTHE BERGE

FOTO: ALFRED LÛPKEFOTO: HÅVARD MYKLEBUST

FOTO: SVERRE HJORNEVIK

TUR TIL SUKKERTOPPENEit av dei mest vanlege og populære turmåla i Ålesund er turen til Sukkertoppen på øya Hessa! Bussen går til Hessa skule, og derifrå går ein mykje brukt sti til utsiktpunktet på toppen, 314 meter opp. Sukkertoppen gir flott utsikt til byen og til fjell og øyar som omkransar Ålesund. Ikkje eigna for rullestol.

BYVANDRING MED HARALD GRYTTENHarald Grytten, guiden med den kjente krakken, eller den kjente guiden med krakken, inviterer på vandring i jugendbyen. Her får ein høyre om det meste, det viktigaste og det raraste. Ispedd mykje humor er by-vandringa med Harald ei oppleving!

TUR TIL BORGUNDGAVLENI Borgundgavlen ligg Sunnmøre museum, Middelaldermuseet og Borgund kyrkje. Her er vandringsstiar og byg-ningsmiljø frå mange stader på Sunnmøre. Besøk ei av dei mest brukte vigselskyrkjene i landet, rusle rundt på museumsområdet, eller

besøk middelaldermuseet for å få innblikk i middelal-derlivet i Borgundkaupangen.

TUR TIL ALNESBusstur til Alnes, gjennom 3 undersjøiske tunnelar og tvers gjennom Godøyfjellet til eksotiske og sjarmerande Alnes. Her er opplevingssenter, utstil-lingar, kunstkafé, fyrkafé og flott sandstrand. Og her kan ein vandre rundt og føle storhavet kome tett på.

Turen kan kombinerast med ein fjelltur til Storhornet, høgste toppen på Godøya (497m), eller ein kan gå halve vegen opp til Alnesvatnet.

Utflukter

FOTTUR OPP BYTRAPPENE TIL FJELLSTUA OG BYFJELLET AKSLA

Ver med på guida tur til byfjellet frå byparken. Vi går opp dei 418 trap-petrinna, stikk innom Fjellstua og går innover byfjellet, til Rundskue og dammane! Ikkje eigna for rullestol.

BUSSTUR TIL FJELLSTUAAv dei mest kjende utsiktspunkta i Ålesund er Fjellstua. Bussen går direkte frå Sparebanken Møre Arena, og her kan ein nyte ein kaffi på Fjellstua, rusle litt i området og nyte utsikta over byen.

TIPS TIL TURAR - IKKJE ORGANISERT AV NMS:

CRUISE PÅ HJØRUNDFJORDEN Båt kl. 09.15: Fjord- cruise med mogleg-heit til å gå til fjellet Saksa (1073 moh). Her får ein eit fenomenalt overblikk over fjord- og fjellandsskapet. Turen er bratt, og ein bør vere i bra form.Båt kl. 12.45: Fjordcru-ise inn vakre Hjørund-fjorden til Øye. Undervegs kan ein óg gå i land og stige på på returen. Sjå meir på visitalesund.com

TUR TIL AKVARIET På Tueneset ligg Atlanter- havsakvariet og ventar med fiskar og sjødyr i tusental. For små og store! Sjå meir på atlanterhavsparken.no

Ålesund og Sunnmøre har mykje å by gjestene sine. Dersom du ikkje ønskjer å vere med på «Den store samtalen – SAMAN» på laurdag, kan du vere turist. Du melder deg på utfluktene når du registrerer deg i Sparebanken Møre Arena. Her vert det óg opplyst om prisar.

Page 14: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

14 NMS SOMMARFEST & GENERALFORSAMLING 2020

PRODUKSJONSINFORMASJON

Redaktør: Siv Ane NerhusRedaksjon: Ruth-Wenche Hebnes Vinje, Eli Anne Giskegjerde, Evy Hauge Andersen og Even Ørjasæter i samarbeid med representantar frå komiteane.

Grafisk formgiving: Liv Olaug Haaland/NMSForsidefoto: iStock Akvarell-illustrasjonar: Pixabay

Trykk: Gunnarshaug Trykkeri AS, svanemerket og miljøvennlig papir.

PÅMELDINGPåmelding til sjølve NMS Sommarfest & Generalfor-samling, inkludert matservering, gjer du på nms.no/sommerfest. Lurer du på noko? Ring NMS på 51 51 61 00. Påmeldingsfrist: 14. juni 2020

REISE TIL ÅLESUNDDet vert arrangert fleire fellesreiser til Ålesund. Sjå informasjon side 15 og på nms.no/sommerfest

OVERNATTING I ÅLESUND Ta direkte kontakt med staden der du vil bu. Sjå informasjon side 15 og på nms.no/sommerfest

STAD: SPAREBANKEN MØRE ARENA Sjømannsveien 16, 6008 ÅLESUND Hallen ligg vis-à-vis Color Line Stadion ved innfartsvegen til Ålesund sentrum.sbmarena.no

TRANSPORT TIL OG FRÅ SPAREBANKEN MØRE ARENANMS-buss vil køyre som ringbuss til og frå hotella seks gonger dagleg frå og med torsdag til søndag morgon. Busspass: Reis så mykje du vil under heile arrangementet, kr 150 Enkeltturar: Kr 25

TOLKING Det vert tolking til og frå engelsk, i tillegg til norsk tolking til tegnspråk. Det er teleslynger tilgjengeleg.

TURISTINFORMASJONSjå meir på visitalesund.com

PARKERINGParkering ved Sparebanken Møre Arena:Deltakarar med funksjonsnedsettingar vert prioritert. For parkering i Ålesund sentrum, sjå alesundparkering.no

MATSERVERINGDeltakarane kan bestille lunsj og middag. Dette må bestillast når du melder deg på.

NB! Det er ikkje høve til å bestille mat etter at arrangementet er starta, dette må vere bestilt på førehand.

Lunsj og middagspakken inneheld god og variert mat som vert servert i Sparebanken Møre Arena. Det er to alternativ:Ordinær lunsj- og middagspakke gjeld frå lunsj tors-dag til lunsj søndag. Helgepakke gjeld frå middag fredag til lunsj søndag. Vi tilbyr tilsvarande lunsj- og middagspakkar for born til redusert pris. Hugs å melde frå ved påmelding om du har mat- allergi slik at cateringselskapet vårt kan tilpasse seg dette.

KAFETERIAVi har open kafeteria under delar av arrangementet. Der kan du kjøpe kake, gjærbakst, is, kaffe, te og mi-neralvatn.

VERKSTADARAlle påmelde deltakarar har fri tilgang til alle verksta-dane under arrangementet. Nokre av verkstadane må du melde deg på, det gjer du når du kjem til Åle-sund.Byvandring med Harald Grytten er den einaste verkstaden som ikkje er gratis.

Praktisk info

Påmelding og oppdatert informasjon finn du på

nms.no/sommerfest Påmeldingsfrist: 14. juni 2020

Det er reservert hytter på Volsdalen Camping, og vi veit allereie at fleire unge vaksne tek turen til Ålesund. Hiv deg med du òg! For meir info, send ein epost til [email protected]

Har du lyst til å bu saman med andre unge vaksne i Ålesund?

FOTO

: PIX

AB

AY

Page 15: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

nms.no/sommerfest 15

Frå Rogaland og Vestland til ÅlesundTirsdag 23. juni: Avreise frå Egersund med overnatting i Bergen. Onsdag 24. juni: Avreise frå Bergen - ein kjem fram til Ålesund om kvelden. Det er mogleg å gå på undervegs etter avtale.

Frå Ålesund til Vestland og RogalandSøndag 28. juni: Avreise fra Ålesund med overnatting i Sunnfjord.Mandag 29. juni: Avreise fra Sunnfjord - ein kjem fram til Egersund om kvelden.Det er mogleg å gå av undervegs etter avtale.

Reise & overnatting

OVERNATTING - HOTELLTuristar frå heile verda besøker Ålesund om sommaren. Dei fleste treng ein eller fleire overnattingar. Alt dette gjer at presset på overnattingsstadane i Ålesund er svært stort i sommarsesongen. Det er reservert ca. 800 senger frå 25. til 28. juni på fem hotell i Ålesund sentrum.

Frist for å bestille reserverte rom: 1. juni. Merk alle bookingar med: GF NMS 2020

Thon Hotel ÅlesundKongensgt. 27, 6002 Ålesund, tlf.: 70 15 77 00Prisar pr. person pr. natt: Dobb. rom kr. 600,- / enkl. rom kr. 995,-E-post: [email protected] www.thonhotels.no Quality Hotel Ålesund Sorenskriver Bullsgt. 7, 6002 Ålesund, tlf.: 70 16 00 00Prisar pr. person pr. natt: Dobb. rom kr. 745,- / enkl. rom 1.390,-E-post: [email protected]

First Hotell AtlanticaRasmus Rønnebergsgt. 4, 6002 Ålesund, tlf.: 70 11 73 00Prisar pr. person pr. natt: Dobb.rom kr. 700,- / enkl. rom 1.245,-E-post: [email protected]/atlantica

Scandic ParkenStorgata 16, 6001 Ålesund, tlf: 70 13 23 00Prisar pr. person pr. natt: Dobb.rom kr. 745,- / enkl. rom 1.250,-E-post: [email protected] www.scandichotels.no

Skoleskipet GANNLigg til kai i bysentrum, tlf.: 51 85 48 70Prisar pr. person pr. natt: Innvendig lugar m/køyeseng kr. 375,- Utvendig lugar m/køyeseng kr. 395,-Innvendig lugar med to enkeltsenger kr. 425,-Utvendig lugar med to enkeltsenger kr. 460,- Enkeltlugar kr. 690,-E-post: [email protected] www.gann.no

OVERNATTING - CAMPINGVolsdalen CampingSjømannsvegen 1, 6008 Ålesund, tlf.: 70 12 58 90Ligg kun fem min. gange frå Sparebanken Møre Arena. Sjå meir på volsdalencamping.no

Hjelsetgården BobilparkeringSorenskriver Bullsgate 33, 6002 Ålesund, tlf: 70 16 21 25. Sjå meir på alesundparkering.no

Frå Sørlandet til Ålesund via OsloTirsdag 23. juni: Avreise frå Kristiansand med overnatting i Brumunddal.

Onsdag 24. juni: Avreise frå Brumunddal - ein kjem fram til Ålesund om kvelden. Det er mogleg å gå på langs E6 og E18 etter avtale.

Frå Ålesund til Sørlandet via OsloSøndag 28. juni: Avreise fra Ålesund med overnatting i GausdalMandag 29. juni: Avreise fra Gausdal - ein kjem fram til Kristiansand om kvelden. Det er mogleg å gå av langs E6 og E18 etter avtale.

FELLESREISER MED BUSSFor påmelding og detaljert informasjon om stoppestadar, prisar og overnatting, sjå nms.no/sommerfest

FOTO

: PIX

AB

AY

FOTO: PIXABAY

Page 16: Saman i Kristus vidare - NMS · 2020-02-11 · saman”; - ut frå lokal samanheng tors-dag, og global samanheng laurdag. Barbro Landmark LEIAR I HOVUDKOMITEEN Helge S. Gaard GENERALSEKRETÆR

DELER TROEN PÅ JESUS

UTRYDDER FATTIGDOM

BEKJEMPERURETTFERDIGHET

Vil du være med?

Oppdraget er det samme som det alltid har vært: Å gjøre alle folkeslag til disipler. Vi ønsker at

mennesker skal komme til tro på Jesus.

Troen er til for å deles!

Send NMS FRELST til 2490 og gi kr 350, eller VIPPS til 10932

FRELST