11
Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 av møbeldesigner MNIL Silje Nesdal Tildelt NIL stipend for ”Utvikling og synliggjøring av faget” 10.000 kr

Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

  • Upload
    others

  • View
    6

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Rapport fra Salone Satellite, Milano

12. - 17. april 2016

av møbeldesigner MNIL Silje Nesdal

Tildelt NIL stipend for

”Utvikling og synliggjøring av faget”

10.000 kr

Page 2: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Om Salone de MobileSalone Internazionale del Mobile di Milano vart starta i 1961, med hovudmål å fremje italiensk design og møbelbransje. Salone de Mobile er i dag verdas største møbelmesse i sitt slag, med over 2500 utstillarar på 230 000 m2 og rundt 300 000 besøkande. Her vert det vist fram det siste innan møbler, belysning og design frå heile verda. Messa er ei årleg begivenheit som i april samlar produsentar og brans-jen under same tak i Milano. Ein del av Salone de Mobile er Salone Satellite. Salone Satellite vart starta i 1998 for å vere ein arena å fremje unge, lovande des-ignarar. Samla under eit tak skulle designarar møte produsentar og talentspeidarar og få internasjonal merksemd. Kvart år stiller unge designarar ut unike produkt, og dette har vorte ein svært interessant arena for unge å vise seg fram og få ein god start på karriera.

Mine tankar om deltakingEg ynskja å delta og vere synleg på arenaer som Salone Satellite var for å knyte kontaktar, møte produsentar og bransjen, og å nå fram til eit stort, nytt publikum. Dette er andre gang eg stiller ut på Salone Satellite, og ser på deltakinga som nummer to, i eit treårig løp. Etter deltakinga i fjor, 2015, der eg delte 3 stander med Morten S. Knarrum, Jonas Norheim i tillegg til Mikael Pedersen og Hanne Kari Ravndal ønska eg også i år å dele stand med nokon. Eg valde i år å stille ut, og dele stand med Stine Aas. Gjen-nom å stille ut saman, kan vi dele på utgifter, samarbeide om prosjekt og jobbe mot eit felles mål.

Page 3: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

ForberedingarI perioden opp mot Milano, valde eg og Stine å reise til Vestlandet og låne maskin-er og kunnskap på ei lokal bedrift, Utvik Tre, for å jobbe fram prototypar. Her fikk vi utvikla og bygd fleire produkt som vi skulle stille ut i Milano. Vi tok også i bruk lokale handverkarar i prosessen, og fikk eit enormt utbyte av vår tid i Utvik. Eg håpar vi fikk gitt litt tilbake til dei lokale bedriftene gjennom inspirasjon, iver og nye vin-klar på design. Vi blei i perioden intervjua av NRK, og fikk på denne måten femja bedrifta, i tillegg til oss sjølve og faget vårt.

Page 4: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

For å få mest mogleg ut av deltakinga på messa, brukte eg tid i forkant på å in-vitere kontaktar, produsentar, presse og fagfolk til standen. Eg fikk trykt opp grafisk materiale, og oppdatert nettside som ein del av promoteringa. Magnus Nyquist har jobben som min webansvarlig, og dette ser eg på som ei god investering, då heilhetsinntrykket på det grafiske stemmer overeins med bileter og produkta mine.

Page 5: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Det å få frakta produkta sine til Milano er alltid ei utfordring. I utgangspunktet var eg og Stine forberedt på å køyre gjennom Europa, og sjølve frakte produkta til messa. I siste liten fikk vi muligheit å frakte alt saman med Kunst- og Designhøgsko-len i Bergen si sending frå Bergen. Å ha ein institusjon som hjelper nyutdanna des-ignarar på denne måten er viktig, og vert høgt verdsatt. Dette gjorde at vi kunne fly til Milano, og møte studentane frå Bergen der, med alle våre produkt. Så ein stor takk til KHiB, lærarane og studentane der.

Page 6: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Gjennom ein lenger periode med planlegging, jobba eg og Stine fram ein plan over standen vår (4 x 4 m), som ville fremje våre produkt på best mogleg måte. Vi valde å ta i bruk fargar som vi visste ville skilje seg ut frå dei andre standane, men som også gjorde at våre produkt, der fleire var i lyse treverk, stod fram og kom i fokus. Vi gjorde designet på standen enkelt, men valde å male golv, i tillegg til veg-gar, då det opprinnelige golvet ikkje er ideelt å vise sine produkt på. Standen og produkta stod fram som ein heilhet og produkta våre stod så godt saman at det kunne oppfattast som ein samla kolleksjon.

Page 7: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Under messa var vi begge til stades på standen, for å kunne fortelle om våre pro-dukt, for å møte presse, fagfolk og potensielle samarbeidspartnarar. Det var mange gode tilbakemeldingar, og det blei knytt kontaktar som har vore viktige i ettertid. I månadane etter messedeltakinga gikk ut på å følgje opp interessentar, holde kon-takt med produsentar og følgje opp media og pressedekning. Eg har gjennom mi deltaking på Salone Satellite fått kontakt med fleire nye produsentar som har vist interesse i mine produkt. Dette vil bli jobba vidare med framover.

Page 8: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Massi

Massi er eit minimalistisk, rundt spisebord, laga av massivt trevirke, Ask. Det naturlege materialet aukar kjensla av kvalitet og det kjennes behagelig i møtet med kroppen. Den tynne bordplatekanten forsterkar uttrykket av dei kraftige bordbeina. Og får plata til å sjå lett og nesten svevande ut. Bordet er op-pkalla etter mi bestemor, som samla familien rundt eit varmt måltid, slik som forhåpentlegvis dette bordet også vil gjere.

Ø: 110 cmFoto : Andreas Eikeseth Nygjerd

Page 9: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Onomik

Inspirert av åkletradisjonen I Noreg, utvikla eg eit vevd teppe i ull frå Rauma, i samarbeid med tekstilkunstnaren Arna Kristine Lund-Johnsen. Mønstringa på gamle norske åkle er oftast basert på kvar det kjem frå, gjerne region og gards-bruk i Noreg. Eg valde å bruke mønster, basert på min vintage kimono som inspirasjonskjelde. Mønstinga overført frå kimonoen, symboliserer mine reiser og opplevingar i heile verda, og ikkje ein bestemt plass.

Mål: 100 x 150 cmFoto: Kaja Bruskeland

Page 10: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Aad Platters

Serveringsfata Aad Platters er langa reine og presise for å servere mat på ein delikat og enkel måte. Fata er laga ut i frå same proporsjonane, med ulik diame-ter. Ved å gjere dette grepet, talar fata det same språket, men er ulike nok til å bli brukt til forskjellige formål.

Material: Bjørkd: 16 x 4,5 cm / d: 24 x 4,5 cm / d: 32 x 4,5 cmFoto: Kaja Bruskeland

Page 11: Rapport fra Salone Satellite, Milano 12. - 17. april 2016 ... · Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut

Konklusjon

Etter å ha delteke to gonger på Salone Satellite, ser eg kor viktig det er å vere tilstade i Milano og stille ut sine eigne produkt. Eg er nøgd at eg bestemte meg for å bruke min rett til å stille ut på Salone Satellite 2016, då dette er ein av dei aller viktegaste arenaene innan møbel- og produktdesign. Sidan eg har rett på å stille ut tre år på rad, ynskjer eg igjen å bruke denne retten. Det er stor sannsyn-lighet at eg utset dett eitt år, då eg vil delta på ei fellesutstilling i Milano i 2017. Men tanken er å ha eigen stand igjen i 2018. Det er viktig å vise kontinuitet og stå på , slik at produsentane ser at ein kjem tilbake, jobbar hardt og verkeleg ynskjer å vere i bransjen.