Upload
others
View
3
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
RAPPORT FRÅ
KULTURMINNEREGISTRERING
Detaljreguleringsplan for
Solvika
Gnr/bnr 29/2, 29/9, 29/8 FJALER KOMMUNE
SAMANDRAG
I samband med kulturminneregistreringa i Solvika vart det ikkje gjort funn av automatisk freda kulturminne eller indikasjonar på slike.
Planområdet vart undersøkt ved maskinell sjakting, og graving av
prøvestikk, der det primært vart leita etter aktivitetsspor frå jarnalder og steinalder.
BAKGRUNN
Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Næring- og kulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Solvika. Bakgrunn for
registreringa er Sunnfjord Storsmol AS sin plan for å regulere området til akvakultur, samt tilhøyrande infrastruktur. Det vert lagt opp til etablering av
smoltanlegg på land med fylling i sjø. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt jamfør § 9 i lov om kulturminne.
Kommune: Fjaler
Gardsnamn: Solvika
Gnr/Bnr: 29/2, 29/9, 29/8
Tiltakshavar: Sunnfjord Storsmol AS, c/o Sinø Management AS.
Adresse: Pboks 513 Sentrum, 5806 Bergen.
Namn på sak: detaljreguleringsplan for Solvika
Saksnummer: 17/8231
Registrering utført: 2.-4. mai 2018 Ved: Eivind Rory Eliassen, Ingebjørg
Storvik
Rapport utført: 5. mai-2. aug.
.2018
Ved: Eivind Rory Eliassen
Rapport kontrollert
av:
OMRÅDET
Tiltaksområdet ligg i nordenden av Selvika, ved Gjølanger i Fjaler kommune.
Planområdet omfattar bukta med kaianlegg, frukthage, strand, driftsbygg og bergskråning omkring 60 meter inn frå sjøen. Terrenget i sør består av
oppbygd kaianlegg i vestenden, steinstrand i midtpartiet, og berg ned mot sjø i austenden. Nordvestre del av planområde grenser mot eit kunstig
oppbygd bustadområde, i nord ligg ein bergvegg over skogkledde rasmassar. I aust er området avgrensa av ein bratt skogkledd skråning. Planområdet utgjer totalt 33 dekar.
Figur 1: Prosjektplan over området. Kart: Nordplan AS.
STRATEGI OG METODE
DELTAKARAR OG TIDSROM
Området vart undersøkt av arkeologane Eivind Eliassen og Ingebjørg Storvik
2.4 – 4.4.2018. 46 timar vart nytta i felt, og 18 timar er nytta på etterarbeid. Det vart ikkje nytta 14C-datering.
Maskinell sjakting vart utført av Brødrene Lutentun ANS ved maskinførar Hallvard Lutentun.
STRATEGI OG METODE
Det vart gjort maskinell sjakting i dei flatane som var eigna, i hovudsak flater ved strandkanten. Mykje av terrenget var kunstig oppbygd i form av
hage, og dessutan utilgjengeleg for inngrep grunna straumtrasear i lufta. Der det ikkje var mogleg å kome til med maskin vart det tatt prøvestikk.
Ved maskinell sjakting bruker ein gravemaskin for å fjerna torv og matjord ned til kulturminne eller steril undergrunnen. Området som vert opna blir
deretter undersøkt av arkeologar. Sjaktene er vanlegvis om lag 3m breie med ei lengd tilpassa planområdet. Det vart opna totalt 4 sjakter.
Arkeologar nyttar gravemaskin på innmarksområder der ein kan opne store områder på relativt kort tid. Ved å bruke gravemaskin finn ein stolpehol,
kokegroper, eldstadar og flatmarksgraver som ikkje er synleg på overflata.
Eit prøvestikk tek ein ved å grave eit kvadrat på 40 x 40cm ned til den sterile undergrunnen. Ein fjernar torva og såldar om nødvendig jordmassane under. Om massane er fine og tørre kan dei tørrsåldast, men stort sett blir
dei sålda i vatn eller sjø med eit såld på 4 mm maskevidde. Slik kan ein sjå om det finns spor etter førhistorisk aktivitet i området i form av til dømes
trekol eller steinreiskap. Overflateregistrering og prøvestikking vert nytta på utmarksregistrering der
ein ikkje kjem til med gravemaskin. Denne metoden er også meir tilpassa perioden steinalder, der ein ser etter små steinreiskap og avslag.
Alle etterreformatoriske kulturminne vart fotodokumentert, og steingardane vart målt inn med CPOS.
Jordbor vart nytta for å påvise lausmassar i grunnen. I alt vart 6 prøvestikk gravne der dette vart funne. Massane i botn vart solda i sjøen. Alle
prøvestikk vart målt inn med CPOS. HMS-omsyn med tanke på moglege straumkablar i bakken utsette arbeidet i
ein kort periode, og tungt regnvêr og bratte fjellvegger gjorde digital innmåling tidkrevjande.
RESULTAT
AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE
Det vart ikkje funne automatisk freda kulturminne.
NYARE TIDS KULTURMINNE
Foto 1: Naust i kaianlegget. Foto: Eivind Rory Eliassen.
Eit 4x6 meter stort naust vart fotografert. Naustet er innlemma i kaianlegget og omgitt av asfaltveg. Bygget er ikkje registrert i SEFRAK. I planområdet er
det også målt inn tre steingardar.
Figur 2: Kart over registrering, sjakter og prøvestikk. Kart: ArcGIS Pro.
KONKLUSJON
Det vart utførd kulturminneregistrering i perioden 4-6. juni 2018. Det vart ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor planområdet i
Solvika, Fjaler kommune.
Oslo 02.08 2018
...........................Eivind…Rory…Eliassen...........................
Feltleiar
VEDLEGG 1: LISTE OVER SJAKTENE
Sjakt Gbnr. Storleik Undergrunn Masse
over
Strukturar
/Funn
Sjakta av
A 29/2 25x3 m Strand Grastorv,
siltsand
- E. R.
Eliassen, I.
N. Storvik
B 29/2 11x3 m Strand Grastorv,
siltsand
- E. R.
Eliassen, I.
N. Storvik
C 29/2 21x3 m Marin silt,
berg
Grastorv,
omrota
massar,
fyllmasse,
torv.
- E. R.
Eliassen, I.
N. Storvik
D 29/2 2x3 m Strand Grastorv - I. N.
Storvik
VEDLEGG 2: FOTOLISTE
Nr. Motiv Retning Dato Fotograf
1 Solvika (rapport-
framside)
Søraust 2. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
2 Naust vest 2. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
3 Strandflate Nordaust 2. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
4 Sjakt A Aust 3. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
5 Sjakt C Sør-aust 4. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
6 Sjakt B Vest-sørvest 3. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
7 Strandflate etter
sjakting
Nord-aust 4. mai
2018
Eivind Rory Eliassen
VEDLEGG 3: FOTO
adsfs
asdfasdfasdf
W32rsdlkgjsdfljg 3 4 5
6 7
Nærings- og kulturavdelinga Pb. 173,
6801 FØRDE Besøksadresse: Storehagen 1b, 6800
FØRDE Telefon: 57 63 80 00 E-post: [email protected]
www.sfj.no