16
Herøy Amfi 4.-5. juli | Programblad 2015 VIKINGMUSIKALEN I HAVGAPET

Programblad Herøyspelet 2015

Embed Size (px)

DESCRIPTION

200 profesjonelle og amatørar på same scene, med Stadhavet som kulisse. Det er det som møter deg på Herøyspelet, første helga i juli kvart år. I dette programbladet finn du smakebitar i form av bilete frå tidlegare år, saman med alt du treng å vite om årets spel.

Citation preview

Page 1: Programblad Herøyspelet 2015

H e r ø y A m f i 4 . - 5 . j u l i | P r o g r a m b l a d 2 0 1 5

V I K I N G M U S I K A L E N I H A V G A P E T

Page 2: Programblad Herøyspelet 2015

Torunn Løken er tilbake på Herøyspelet for 24. gong. Den erfarne sminkøren med bakgrunn frå ei rekkje teater i Noreg, både innandørs og utandørs, seier spelet ikkje vert gamle rutinar.

- Forestillinga veks med åra. Eg vert framleis rørt av spelet.

Når aktørane er ferdig sminka, går Torunn ut på spelplassen og ser forestillinga. Først på prøver, så premieren og alle forestillingane. Dermed har ho sett Kongens Ring over hundre gongar.

- Kongens Ring har musikken og alle dei fi ne og fengande songane. Herøyspelet er eit sterkt møte mellom replikk og musikk.

Torunn gler seg over å møte dei mange og gode medhjelparane på sminkeloftet, dei fi ne og fl otte barna som er med på spelet, ja, heile Herøyspelfamilien.

- Gratulerer med eit fl ott spel og strålande innsats. Eg er så glad og takknemleg for at eg får kome tilbake år etter år.

- Eg er berre begeistra, eg!

2

Page 3: Programblad Herøyspelet 2015

Hovudsponsorar & Støttespelarar

3

Page 4: Programblad Herøyspelet 2015

Kong Olav Haraldsson (Audun Sandem)Sandem frå Den Nationale Scene i Bergen er tilbake i konge-rolla etter debuten i fjor. Sett av rundt 1,5 millionar tv-sjåarar i rolla som sabotøren Knut Haugland i «Kampen om tungtvannet».

Unn den Fagre (Ingrid Megård Sæter)Frå Sunndal, nyutdanna, inkludert ein workshop i sverdkamp, og har spelt i Lady Arbuthnott saman med ei tidlegare Unn, Heidi Ruud Ellingsen.

Møre-Karl (Frode Bjorøy)Blir årets Møre-Karl etter å ha vore Ingolf Ynda i mange år. Tilsett ved Den Nationale Scene der han i vinter mellom anna har spelt i Shakespeare-dramaet Othello.

Ingolf Ynda (Eirik Del Barco Soleglad)Fjorårets nye Ingolf Ynda deltek igjen i kampen om Unn. Soleglad er tilsett som skodespelar ved Den Nationale Scene, men gjer også mellom anna soloshow som humorist.

Ragnar Herøyhovding (Ketil Høegh)Den nye herøyhovdingen kjem frå Hålogaland Teater, og er både skodespelar og regissør. Tromsøværingen har også vore med i ei rekkje TV-seriar, mellom anna Himmelblå på NRK.

Inga (Hedvig Garshol)Garshol har fl eire gongar spelt Inga i Herøyspelet. Ho tek på den lilla drakta og går inn i Inga husfrue si rolle som den skal mane til hemn og sikre slekta si ære.

Fe den synske (Bjørn Willberg Andersen)Bjørn, «Bamse», Willberg Andersen er veteranen mellom dei profesjonelle skodespelarane i Herøyspelet. I år spelar han i Herøy amfi for sekstande gong.

Kjerring Bråte (Idun Losnegård)Tilsett ved Sogn og Fjordane teater med rik utespelerfaring frå både Kinnaspelet, Dragseidspelet og Gaularspelet. Dotter til manusforfattar Rolf Losnegård.

Bisp Grimkjell (Morten Gusdal)Butikksjefen på Coop Mega i Volda debuterte i Herøyspelet som 13-åring. Han starta som fl aggberar, vart herøybarn og seinare herjung i mange år, før han i 2013 tok på bispekåpa for første gong.

Bjørn Stallar (Sigurd Nygard)Sigurd Nygard er resten av året serviceingeniør, men første veka i juli er det Herøyspelet som får tida hans. Slik har det vore sidan spelet første gong vart sett opp. Bjørn Stallar har han vore sidan 2003.

Forteljaren (Bjørn Holum)Arrangementsleiar og kino-/konserthussjef Bjørn Holum har prega lydbildet i Herøyspelet sidan starten. Han er med i år for 24. gong og slår fast at det hende i Herøys gamle tid.

Hovudrollene i Herøyspelet 2015

4

Page 5: Programblad Herøyspelet 2015

Madelynn Coffee

Egersund Herøy AS

BDO Ulsteinvik

Remøy Management

AOF - Kursarrangør

WestAuto AS

Lanternen AS

TESS

A. Sævik AS

Meny Fosnavåg

Avis Bilutleie AS

Jan Kenneth Steinsåker

A-sponsorar

B-sponsorar

C-sponsorar

Andre bidragsytarar

www.foadesign.no

5

Page 6: Programblad Herøyspelet 2015

Rolf Losnegård (Manus)Forfattar og dramatikar frå Vårdal i Sogn og Fjordane. Har skrive ei rekkje teaterstykke og sogespel i tillegg til Herøyspelet, mellom anna Kinnaspelet og Mostraspelet.

Svein Møller (Musikk)Svein Møller (1958-1999) var oppvaksen i Herøy, utdanna organist og arbeidde som kantor i Oslo. Var ein svært produktiv komponist og musikken hans er framleis mykje brukt.

Gerald Pettersen (Regi)Fosnavågar og ein av grunderane av Herøyspelet. Skodespelar i snart tretti år, for tida ved Den Nationale Scene. Har hatt regi på Herøyspelet i alle dei 24 åra.

Nils Magne Abelseth (Dirigent)Tidlegare ordførar og kulturskulerektor som også har dirigert mange av dei beste amatørkorpsa i fylket. Held no dirigentstokken i Herøyspelet for 16. gong.

Roald Sporstøl (Scenografi )Arkitekt Roald Sporstøl er ein av dei som var med å drage i gang Herøyspelet. Han har over lang tid vore aktiv innan kulturminnevern og museumsarbeid.

Torunn Løken (Sminke)Sminkør, busett i Oslo. Tidlegare mellom anna femten år på Det Norske Teatret i Oslo. No frilans med oppdrag både på innandørs- og utandørsteater. Har vore med på Herøyspelet i 24 år.

Einar Dahl (Kostyme)Scenograf og kostymedesignar på Det Norske Teatret og Riksteatret. Har vore scenograf til over hundre forestillingar av ulik karakter, også fl eire utandørsspel.

Even Børsum (Scenografi )Har hatt scenografi oppdrag ved dei fl este norske scener. Har bistått Roald Spørstøl med scenografi på utescena, særleg husa på spelplassen og tilpassing i terrenget.

Bak kulissane i Herøyspelet 2015

6

Page 7: Programblad Herøyspelet 2015

Maskinentreprenør6090 Fosnavåg

Tlf: 70 08 99 00 - Faks: 70 08 99 01Følg oss på Facebook!

0030

PER IGESUND AS - 6090 FOSNAVÅG - TLF. 70 08 84 28

www.fagmobler.no

Maskinentreprenør

6090 FosnavågTlf. 70 08 99 00 - Faks: 70 08 99 01

Fosnavåg Tlf: 70 08 05 20

EGERSUND HERØY AS -MJØLSTADNESETTLF: 70 08 04 80

www.egersundgroup.no

Pb 33 - 6080 GurskøyTlf. 70 08 03 60 - Faks: 70 08 03 61

www.vestsink.no

Fosnavåg    Tlf: 906 58 750

Tlf. 70 08 16 80 - [email protected] - www.datatech.no

Fosnavåg - Tlf. 70 08 16 80www.datatech.no

Vi utfører graving, sprengning og transport, samt leverer singel, grus, pukk, stein, vanlig og sortert mold.

Adresse: Gamle Myklebustveg 9, 6092 FosnavågMob. Gustav 950 37 890 - Kontor 70 08 86 58

e-post: [email protected]

Fosnavåg - Tlf. 70 08 16 80www.datatech.no

Vi utfører graving, sprengning og transport, samt leverer singel, grus, pukk, stein, vanlig og sortert mold.

Adresse: Gamle Myklebustveg 9, 6092 FosnavågMob. Gustav 950 37 890 - Kontor 70 08 86 58

e-post: [email protected]

Tlf: 700 81 550

70081980

• Arbeidsbåtarforseismikkindustrien• Serviceogreparasjon

WestplastAS,Leinevika,6094LeinøyTlf.70080400www.westplast.no

Remøy managemenT

Tlf: 700 80 650

www.remoy-management.no

Leinebjørn

Foto: Fotograf MA

7

Page 8: Programblad Herøyspelet 2015

Dramatikk og kjærleik ved Stadhavet

Hovdingdottera Unn er forlova med Ingolf. Han er av rette folket, Herøyfolket, og utpeikt av foreldra til Unn som komande svigerson. Ei vakker vårnatt rømer Unn frå plikt og tvang og inn i kjærleiken med opprøraren Møre-Karl.

Inn i striden kjem Olav den Heilage og spør kven som har styrken til å ta på seg Kongens ring?

Herøyspelet har gått første helga i juli kvart år sidan 1992. På scena myldrar det av 200 profesjonelle og amatørar, skodespelarar, kor og orkester som jobbar i lag for å gi publikum ei tidsreise og ei teateroppleving, musikk, spel og drama. Bakteppet er det storslagne Stadhavet og sjefsregissøren sender nokre gongar regn og nokre gongar sol.

8

Page 9: Programblad Herøyspelet 2015

I tillegg til spelet er øya Herøy verd eit besøk i seg sjølv med den gamle handelsstaden og kyrkjegarden. Spelhelga er det også utegudsteneste og kort pilegrimsvandring. På tunet på Herøy gard vert det selt mat og drikke og ulike speleffektar. Det er også råd å få omvising på Herøy kystmuseum. Les meir om dette på side 13.

9

Page 10: Programblad Herøyspelet 2015

10

Page 11: Programblad Herøyspelet 2015

Velkomen til forestillingar og folkefest på Herøy! Vi i styret i Herøyspelet gler oss til å få dele denne opplevinga med deg.

Når det lid på våren startar kriblinga og forventninga. 24 års driftstid gir oss solide røter og sterke tradisjonar. Spelet har vorte ein del av årets gang og rytme. Første helga i juli er det tid for spel, intense dagar med sterkt fellesskap og stor kulturoppleving.

I dette programbladet kan du nyte fi ne bilete og fi nne informasjon om spelet; kven som er med, kven som står bak og kven som støttar spelet.

Stiftinga Herøyspelet takkar dei mange frivillige som gir av tid og krefter og held denne kulturinstitusjonen levande og rik. Takk til sponsorar og profesjonelle. Alle trengst for å skape Herøyspel-magien.

Vi håper Kongens Ring vil gi deg mange gyldne minne.

Godt spel!

Helsing frå styret

11

Page 12: Programblad Herøyspelet 2015

Spar litt kvar gong du brukar kortetSlit du med å få til sparing? Då kan mikrosparing kanskje gjere det lettare. Med mikrosparing sparar du kvar gong du brukar kortet ditt. Det er så enkelt at du knapt merkar det! Du vel sjølv kor mykje du vil spare kvar gong du brukar kortet.

Start sparing på sparebanken.no

12

Page 13: Programblad Herøyspelet 2015

På Herøy og Herøy kystmuseum går du på gamle stiar. Den gamle marmorkyrkja på Herøyberga kan ha vore bygd alt på 1000-talet. Det var her folk samlast. Og det var ein svært tenleg stoppestad på leia langs kysten. Både Heilag-Olav med heile hans følgje, jomsvikingar, kong Sverre og kong Magnus har lagt til her.

Gjennom århundra var Herøy eit kyrkjeleg tyngdepunkt, og utover på 1700-talet vaks og handelsstaden Herøy fram. Herøy kystmuseum tek i dag vare på den gamle arven med hus og båtar. Museet har tretten ulike typar opne bruksbåtar - mellom anna kopi av ei sunnmørsjekt.

Gjennom sommaren er det omvising på museet og open kafe. Elles har sagaøya Herøy godt tilrettelagde stiar rundt på øya som har både lune skogholt og villsauer på beite, steinfjøre og vidt utsyn mot storhavet.

Herøy Gard og Herøy KystmuseumFo

to: R

oar

Skog

lund

13

Page 14: Programblad Herøyspelet 2015

14

Page 15: Programblad Herøyspelet 2015

Stokksund

Frå Ulsteinvik,Volda og Ørsta

Tjørvåg

Herøy Gard

MjølstadnesetP BÅT

Fosnavåg

P BUSS

Kontaktinformasjon

Stiftinga HerøyspeletPb 2746099 Fosnavåg

Tlf.: 92 66 94 78E-post: [email protected]: www.heroyspelet.no

Lik oss på Facebook for å få store og små nyhende om spelet!

Tilrettelegging i Herøy amfi • Teleslynge i delar av amfi et• Asfaltert sti heilt fram• Tilrettelagde plassar for rullestol

Herøyspel-kaféPå Herøy gard får du kjøpt god mat både før og etter spelet:Rjomegraut, pølser, vafl ar, kaffi , is, brus, med meir. Der er også sal av t-skjorter, capsar og andre Herøyspel-effektar.

Gratis publikumstransport til og frå øyaDet blir godt skilta til gratis parkeringsplassar på Mjølstadneset og ved Stokksund skule.Frå Mjølstadneset går det kontinuerleg og gratis båtskyss med hurtigbåt.Frå Stokksund skule går det kontinuerleg og gratis busstransport.

SmåbåtarVil du ta sjøvegen på spel, fi nn du gjestebryggjer ved Lanternen Marina (www.lanternen.no) ikkje langt frå spelstaden, og i Fosnavåg (www.heroy-kystlag.no)

Er det noko meir du lurer på?Då må du gjerne ringje, sende ein e-post, eller spørje oss på Facebook - velkomen på spel!

ToalettfasilitetarDu fi nn toalett og handicaptoalett på Herøy gard, like ved spelstaden.

Transport og andre praktiske opplysingar

Lik oss på Facebook for å få store og små nyhende om spelet!

15

Page 16: Programblad Herøyspelet 2015

Alle foto frå spel og kulissar: Siv Elin NærøAlle foto frå spel og kulissar: Siv Elin Nærø

Opplev 200 aktørar på vår heilt unike utescene.Vi tek deg med til Herøy Amfi. Heilt ytst på øya Herøy, omgitt av

vakker natur, og med storhavet som næraste nabo kan du sjå Kongens Ring, verdas vakraste vikingmusikal. Med 200

aktørar, profesjonelle skodespelarar, orkester og kor.Vi gir deg ei oppleving du vil hugse lenge!

LAURDAG 4. JULI KL. 13:30 OG 17:00FRAMSYNING AV VIKINGMUSIKALEN “KONGENS RING”

SØNDAG 5. JULI KL. 11:00ØKUMENISK GUDSTENESTE PÅ HERØY GAMLE KYRKJETUFTKORT PILEGRIMSVANDRING ETTER GUDSTENESTA

SØNDAG 5. JULI KL. 13:30 OG 17:00FRAMSYNING AV VIKINGMUSIKALEN “KONGENS RING”

Vaksen kr 350,-

Honnør kr 300,-

Barn (7-16) kr 150,-

Herøyspelpass vaksen kr 450,-

Herøyspelpass barn (7-16) kr 250,-

Prisane inkluderer gratis transport med buss/båt frå parkeringsplassane til Herøy gard (sjå s 15).

• eBillett (sjå www.heroyspelet.no)

• NH Lied, Fosnavåg (tlf. 700 88 476)

• Thon Hotel Fosnavåg

• Ved inngongen til Herøy Amfi

Grupperabatt: 10% ved førehandstinging.Barn (7-16) halv pris siste framsyning søndag.Barn under 7 år gratis på alle framsyningar.

Framsidefoto, idé og utvikling av magasindesign: (www.foadesign.no)

Alle foto frå spel og kulissar: Siv Elin Nærø

Program 2015

Billettprisar Utsalsstader

WWW.HEROYSPELET.NOFramsidefoto, idé og utvikling av magasindesign: