18
Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11. desember 2018 Deltakarar: 37 innbyggarar møtte opp i tillegg til ordførar, to frå administrasjonen og to frå Norconsult. Til saman 42 stk. Dato: 11. desember 2018 Stad: Grendehuset i Flekke Rådgjevar/verkstadhaldar: Norconsult AS, Arne Kringlen Innleiing Andre folkemøte i forbindelse med høyring av planprogrammet til arealdelen. Ordførar ynskte velkomen og informerte kort om bakgrunnen og formålet med møtet. Prosjektleiar Arne Kringlen informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel og arbeidsprosessen. Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag: - Korleis er gjeldande arealplan o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok) - Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale - LNF- spreidd blir sentral arealbruk i kommunen (fritidsbustad, bustad og næring) - Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje - 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap. o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva som er den «funksjonelle strandsona» - Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje valt. Spørsmålsrunde Etter presentasjonen og gruppearbeida vart det opna for spørsmålsrunde. Spm. og svar er oppsummert nedanfor. 1. Kva blir gjort med innspela som kom inn då det vart meldt oppstart på planarbeidet for nokre år sidan? Svar: Ein oppfordrar dei som kom med innspel under den perioden om å sende desse innspela på nytt slik at vi får ei avklaring om dei framleis er aktuelle eller er endra.

Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11. desember 2018

Deltakarar: 37 innbyggarar møtte

opp i tillegg til ordførar, to frå

administrasjonen og to frå

Norconsult. Til saman 42 stk.

Dato: 11. desember 2018

Stad: Grendehuset i Flekke

Rådgjevar/verkstadhaldar:

Norconsult AS, Arne Kringlen

Innleiing Andre folkemøte i forbindelse med høyring av planprogrammet til arealdelen.

Ordførar ynskte velkomen og informerte kort om bakgrunnen og formålet med møtet.

Prosjektleiar Arne Kringlen informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel

og arbeidsprosessen.

Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag:

- Korleis er gjeldande arealplan

o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med

o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok)

- Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale

- LNF- spreidd blir sentral arealbruk i kommunen (fritidsbustad, bustad og næring)

- Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande

dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje

- 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap.

o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva

som er den «funksjonelle strandsona»

- Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane

får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje

valt.

Spørsmålsrunde Etter presentasjonen og gruppearbeida vart det opna for spørsmålsrunde. Spm. og svar er oppsummert

nedanfor.

1. Kva blir gjort med innspela som kom inn då det vart meldt oppstart på planarbeidet for nokre år

sidan?

Svar: Ein oppfordrar dei som kom med innspel under den perioden om å sende desse innspela på nytt slik at vi

får ei avklaring om dei framleis er aktuelle eller er endra.

Page 2: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

2. Er det avsett nok tomter i arealplanen?

Svar: Ut i frå folketalsutviklinga er det ikkje behov for å setje av alt for mykje til bustadtomter, men målet er å

ha 50 % overkapasitet i arealplanen. Ein av problemstillingane er at det er rikeleg med byggjeareal tilgjengeleg,

men dei er lokalisert på feil stad. Dvs. at folk gjerne ikkje ynskjer å busetje seg på desse lokalitetane som er

avsett til byggjeareal. Og det er ikkje enkelt å fange opp kvar i grendene folk ynskjer å etablere seg.

3. Kan ein innføre buplikt i arealdelen? I tettbygde strøk er det fleire bustadhus som blir brukt som

fritidsbusetnad eller som står tomme. Og det er ynskjeleg med buplikt for å få fastbuande til områda.

Svar: Det må vere eit eige politisk vedtak på dette, såkalla nullkonsesjon, anten for heile eller delar av

kommunen.

4. Kan ein i arealdelen setje restriksjonar på tomtestørrelse? I Flekke kan ein bl.a. tilby større tomter enn

i Dale som kan gjere at Flekke vil vere meir attraktivt å bu i for dei som ynskjer større bustadtomt,

gjerne på 2 mål.

Svar: I føresegnene til planen er det mogleg å setje føringar for kvar store tomter ein kan opne for i kvart enkelt

byggjeområde, eller grendevis.

Gruppearbeid 1 Etter presentasjon og spørsmålsrunde vart forsamlinga delt inn i seks grupper, etter alder.

Gruppene vart spurte om kva som er positivt og negativt med å bu i Flekke, og kva for forventningar

dei har til den nye arealplanen. Spørsmåla vart først drøfta i gruppene og sidan i plenum.

Page 3: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 4: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Oppsummering (hovudmoment frå gruppearbeidet)

Positivt: Alle gruppene syns det er positivt med butikk, skule, barnehage, arbeidsplassar i nærleiken.

Fem grupper nemner kort veg til fjell og natur, og Flekkefjorden, Flekke- og Guddalsvassdraget er

blitt omtalt.

Fire gruppene trekker fram UWC (United World College), og det internasjonale miljøet.

Tre grupper trekker fram det gode samhaldet i bygda, gode buområde (bl.a. god plass og

tomtestorleiken er grei i byggjefelta) og aktive bønder.

Elles er det også nemnt svint som samlingspunkt, Hauglandssenteret, ballbinge, bibliotek på

Straumsnes, gymsal, dans, gode breiband/fiber forhold, gode forsamlingshus på Straumsnes og i

Flekke, dugnadsånd, Postvegen, god plassering av miljøstasjon, kulturminne og gode arbeidsplassar.

Negativt: Alle gruppene saknar attraktive bustadtomter eller fleire bustadtomter. Ei gruppe nemner at

byggjefeltet ikkje er utnytta godt nok. Ei anna gruppe saknar byggjefelt med attraktive tomter, vil ha

større fleksibilitet for bygging og ynskjer ikkje eit sentrum med «tomme» hus (feriehus). Gruppa 40-

50 nemner at det er få utleigebustader, noko som er viktig for UWC, Haugland og for bygda, samt

eldrebustadar. Gruppa 20-30 peikar på at det er for få leikeplassar, usikkerheit rundt skule og butikk,

samt at ein er avhengig av bil. Gruppa 60-70 nemner dårleg kollektivtilbod. Tre grupper er negative til

infrastrukturen, bl.a. mangel på gang- og sykkelveg mellom Flekke og Haugland (+ belysning),

Page 5: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

gangfelt frå skulen til butikken, kommunalt vegnett treng opprusting, dårleg vegstandard og

Straumsnes manglar nett. To grupper nemner gatelys, at det må gjerast noko med 100-metersbeltet

og negative til oppdrettsanlegget ved inngongen til Flekkefjorden (vil ha det bort). Elles blir det

nemnt for lite integrering mellom dei lokale og nye sambygdingar (t.d. UWC), for få båtplassar,

manglar hyttetomter på Straumsnes, badeplassen i Flekker er for liten, fleire arbeidsplassar,

omsorgsbustadar og begrense tilgang til fritidsfiske.

Forventningar: Alle gruppene har forventningar til nye (attraktive) bustadområde, både større og fleire spreidde

tomter (folk ynskjer god plass). Ei gruppe ynskjer heilårsbustadar framfor fritidsbustadar, og ei anna

gruppe ynskjer nytt område for hytte/fritidsbygging. To grupper har forventningar til gang- og

sykkelveg, bl.a. frå Haugland til Flekke. Tre grupper vil ha meir næringsareal, bl.a. ved

gjenbruksstasjonen. Elles er det nemnt betre lysforhold langs vegane, avslutte uinteressante

byggjefelt, meir fleksibilitet ifm. byggjeprosessar for å få byggje på attraktive tomtar, sikre tilkomst til

sjø (båt, bading, friluftsliv), verne om jordbruksareal, 4G/mobil/fiber, kommunal veg til skytebana,

lyssetting i Stardalen, avklare 100-metersbeltet, raskare sakshandsaming, ynskja til endring vert

oppfylt, plan for ivaretaking av Postvegen (omsynssone), opptaking av private vegar til kommunale,

betre fv. 57 og 607 til Straumsnes og leggje til rette for turisme.

Gruppearbeid 2 – jobbe med A0 kart Forsamlinga vart delt i seks grupper. Gruppene fekk i oppgåve å merke på kartet kvar i krinsen Flekke

det er knutepunkt/sentrumsliknande område som skal byggast vidare på. Og så skulle dei sjå heile

kartet samla og merke av kvar det ikkje bør byggast, og kvar det bør opnast for bygging. I tillegg kort

forklare kvifor det bør leggjast til rette for utbygging eller ei.

Page 6: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 7: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 8: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 9: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 10: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 11: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på
Page 12: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppearbeid 3 – jobbe med A3 (grende/sone)kart

Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på kartet kvar det bør opnast opp for

bygging, og kvar det ikkje bør byggast. Det var fire grupper på grendekart nr. 2, og det var ei gruppe på dei to andre grendekarta.

Gruppe 1 – Haugland, Flekke, Eldevik (Flekkefjorden)

Page 13: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppe 2 – Eikeskogen - Nautsundet

Page 14: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppe 2 – Eikeskogen - Nautsundet

Page 15: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppe 2 – Eikeskogen - Nautsundet

Page 16: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppe 2 – Eikeskogen - Nautsundet

Page 17: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Gruppe 3 – Straumsnes, Tysselandet

Page 18: Oppsummering av folkemøte i Flekke om arealplanen 11 ... · Gruppene vart fordelt etter kvar i Flekke dei bur, og fekk utdelt kart over si grend. Kvar gruppe skulle merke av på

Oppsummering Hovudinntrykket frå folkemøtet i Flekke var å peike ut areal langs 100-metersbeltet som ikkje er

attraktivt for allmenta, og som dermed kan vere aktuelt å setje av til bustadareal. Slik tilstanden er i

dag så er det mykje dispensasjonar, og med ny arealplan ynskjer innbyggarane at det vert raskare

sakshandsaming og at fleksibiliteten til å bygge blir større. Samtidig er det viktig å verne om

landbruksarealet.

I Flekke kan dei tilby større tomtar enn i Dale, og det er ikkje heldig om det skulle bli for strenge

tomterestriksjonar (under to mål).

Det er mange fritidsbustader eller hus som står tomme i tettstadane, og for innbyggarane er ikkje dette

ei ynskja trend. Det beste er om det blir innført buplikt for å få fastbuande til områda.

Referent:

Norconsult AS, Ann Sissel Heilevang

Vedlegg: Presentasjon