6
Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015 Nytt frå Visit Sognefjord Desember 2015 Rekordvekst for reiselivet i 2015 Sognefjorden opplevde rekordauke i 2015: 17% samla vekst i overnattingar, 20% auke i snittprisane på hotella, Asia-vekst på 37,9% (17.662 gjestedøgn), og stor auke i marknads- andelane frå mellom anna Tyskland, USA, Spania, Frankrike og Belgia i perioden januar – september. I tillegg er veksten relativt høg i dei viktige «sommarmånadene» mai/juni og august/september (utanlandsvekst på 23% i mai og 37% i september). Fleire av attrak- sjonane og aktivitetsbedriftene melder om gode besøkstal, og Flåmsbana ligg an til rekordbesøk med meir enn 760.000 gjester i år. Regionen hadde per september 2015 ei auke på 42.349 gjestedøgn (+8,5%) frå same periode i 2014. Det var 49.393 fleire utanlandske gjestedøgn (+17%), og ein nedgang på 7.044 norske gjestedøgn (-3,4%) i perioden. Marknadsandelen frå utlandet auka med 2,33% frå 12,93 til 15,26%. I tillegg auka gjennomsnittleg pris per tilgjengelege hotellrom med heile 19,7% frå kr. 425 til kr. 509, og beleggsprosenten auke 5% frå 47,3% til 52,3% i januar – september. Vekst per kommune/region i Visit Sognefjord (merk: tal frå Høyanger er ikkje tilgjengeleg) Sjå vedlagt presentasjon for vekst per kommune/region. Oppsummert har alle kommunane hatt stor vekst, med unntak av Årdal som hadde ein nedgong på 1.602 gjestedøgn (-20,8%). Aurland/Lærdal har hatt størst vekst (+22,5%), deretter Luster (+17,6%), Sogndal (+16,1%) og Balestrand/Vik/Leikanger (+12,9%). Luster har saman med Sogndal hatt størst relativ auka frå Tyskland, Nederland og Belgia (+20,4% og +22,6%), medan Balestrand/Vik/Leikanger og Aurland/Lærdal har hatt størst auke frå Storbritannia, Frankrike og Spania (+30,3% of + 56,2%). Veksten frå USA og Asia kjem positivt ut for alle kommunane, inklusiv Årdal (+1.423 gjeste-døgn, +115,9%), der Luster og Aurland/Lærdal har størst relativ auke frå USA, medan Balestrand/Vik/Leikanger saman med Årdal har hatt den største relative veksten får Asia (+59,5%). Me takkar medlemsbedriftene, kommunane og samarbeidspartnerar for samarbeidet i 2015, og ser fram til ny vekst i 2016. Alt tyder på at det komande året vert minst like bra som 2015. Eg trur det er meir enn berre eit optimistisk nyttårsynskje - me skal i alle fall gjere alt me kan for å bidra til at det vert ein realitet! God jul, og godt nyttår frå oss i Visit Sognefjord

Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Nytt frå Visit Sognefjord Desember 2015

Rekordvekst for reiselivet i 2015

Sognefjorden opplevde rekordauke i 2015: 17% samla vekst i overnattingar, 20% auke i

snittprisane på hotella, Asia-vekst på 37,9% (17.662 gjestedøgn), og stor auke i marknads-

andelane frå mellom anna Tyskland, USA, Spania, Frankrike og Belgia i perioden januar –

september. I tillegg er veksten relativt høg i dei viktige «sommarmånadene» mai/juni og

august/september (utanlandsvekst på 23% i mai og 37% i september). Fleire av attrak-

sjonane og aktivitetsbedriftene melder om gode besøkstal, og Flåmsbana ligg an til

rekordbesøk med meir enn 760.000 gjester i år.

Regionen hadde per september 2015 ei auke på 42.349 gjestedøgn (+8,5%) frå same periode i 2014. Det var

49.393 fleire utanlandske gjestedøgn (+17%), og ein nedgang på 7.044 norske gjestedøgn (-3,4%) i perioden.

Marknadsandelen frå utlandet auka med 2,33% frå 12,93 til 15,26%. I tillegg auka gjennomsnittleg pris per

tilgjengelege hotellrom med heile 19,7% frå kr. 425 til kr. 509, og beleggsprosenten auke 5% frå 47,3% til 52,3%

i januar – september.

Vekst per kommune/region i Visit Sognefjord (merk: tal frå Høyanger er ikkje tilgjengeleg)

Sjå vedlagt presentasjon for vekst per kommune/region. Oppsummert har alle kommunane hatt stor vekst,

med unntak av Årdal som hadde ein nedgong på 1.602 gjestedøgn (-20,8%). Aurland/Lærdal har hatt størst

vekst (+22,5%), deretter Luster (+17,6%), Sogndal (+16,1%) og Balestrand/Vik/Leikanger (+12,9%).

Luster har saman med Sogndal hatt størst relativ auka frå Tyskland, Nederland og Belgia (+20,4% og +22,6%),

medan Balestrand/Vik/Leikanger og Aurland/Lærdal har hatt størst auke frå Storbritannia, Frankrike og Spania

(+30,3% of + 56,2%). Veksten frå USA og Asia kjem positivt ut for alle kommunane,

inklusiv Årdal (+1.423 gjeste-døgn, +115,9%), der Luster og Aurland/Lærdal har størst

relativ auke frå USA, medan Balestrand/Vik/Leikanger saman med Årdal har hatt den

største relative veksten får Asia (+59,5%).

Me takkar medlemsbedriftene, kommunane og samarbeidspartnerar for

samarbeidet i 2015, og ser fram til ny vekst i 2016.

Alt tyder på at det komande året vert minst like bra som 2015. Eg trur det er

meir enn berre eit optimistisk nyttårsynskje - me skal i alle fall gjere alt me

kan for å bidra til at det vert ein realitet!

God jul, og godt nyttår frå oss i Visit Sognefjord

Page 2: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Nye medlemmar i 2015

Skjolden Hotel, Skjolden www.skjoldenhotel.no

Restauranthuset Malin, Sogndal www.chinahouse.no

Sognefjord Sjokolade, Marifjøra www.sognefjord-sjokolade.no

Øybøen Hostel, Fresvik www.oyboen.no

Hillbilly MTB as, Sogndal / Ål www.hillbillymtb.com

Bergtun Feriehus, Flåm www.fretheimhytter.com

Utladalen Camping og Svalheim Gard, Årdal www.utla.no

Hotell Mundal, Fjærland www.hotelmundal.no

Mix Kiosk, Sogndal www.mix.no

Sixt bilutleige, Sogndal/Sogn www.sixt.no/bilutleie/norge/sogndal/sogndal

Det er vert å nemne utviklinga i Solvorn/Skjolden med ny tilbod knytt til Sognefjord sjokolade og Skjolden

Hotel, kombinert med kajakk (Fjord seal), vandring og sykling (Adventure tours) og eksisterande overnattings-

bedrifter og opplevingar som styrker området som knutepunkt for opplevingar nær bl.a. breen, Sognefjellet,

UNESCO Urnes stavkyrkje og Solvorn. Det same gjeld utviklinga rundt Utladalen camping/Svalheim gard med

vandring, kajakk og turar i- og rundt Årdal og Utladalen/Vettifossen og Jotunheimen nasjonalpark. Elles er det

gledleg med ny drift i ærverdige Mundal Hotel i Fjærland, og nye medlemmer som Hillbilly, Øybøen Hostel,

Bergtun Feriehus, Restauranthuset Malin og Mix i Sogndal. Me ynskjer også velkommen til Sixt bilutleige i

Sogndal som ny partner i leigebilmarknaden.

Ny Marknadssjef i 2016

Rikke Westvig (33) er tilsett som ny marknadssjef frå januar 2016. Rikke

kjem frå stillinga som kommunikasjonsansvarleg i Rocketfarm AS, og har

brei erfaring frå mellom anna sal, kommunikasjonsarbeid, digital

marknads-føring, strategisk bruk av sosiale media, grafisk design, tekst- og

bilde-produksjon og utvikling av messekonsept. Rikke har bl.a. utdanning i

medievitskap frå NTNU og sosiale media/ marknadskommunikasjon frå BI.

Ho er ein energisk «livsstilstilflyttar» med høg marknadsførings-

kompetanse som me ser fram til å jobbe saman med frå januar.

Velkommen, Rikke!

Vinterkampanjen og Norgeskampanje 2016 Som omtala i utsendte Marknadsplan for 2016 vert det gjennomført ein Vinterkampanje i Norge, Sverige og Nederland saman med Fjord Norge og lokale prosjektdeltakarar. Invitasjon til Sommarkampanjen mot den norske marknaden vert sendt ut på nyåret.

Page 3: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Sognefjorden 365

Bedriftsnettverket «Sognefjorden 365» finansiert av Innovasjon Norge har fått tilsagn

om midlar til hovudprosjekt med oppstart i 2016/2017. Prosjektet skal tilrettelegge

eksisterande og nye produkt, pakkar og produktkonsept (aktivitetar/ opplevingar) for

utvelde marknadssegment nasjonalt og internasjonalt. Marknads-føring og sal av

produkta/konsepta mot bedriftsmarknaden (kurs-/konferanse og incentiveprodukt),

bransjemarknaden og forbrukarmarknaden. Nettverks-bedriftene bidreg med

tilrettelegging, samarbeid og marknadsføring/sal av produkta i samarbeid med Visit Sognefjord.

Marknadsmateriell

Sognefjord Guide 2015/2016

Sognefjord Guide 2016/2017 vart sendt til trykking måndag 16. november, med

levering av 9 pallar til lageret i midten av Desember.

Andre brosjyrar og kart

Frå Januar 2016 set vi i gang jobben med å produsere nye

kart og brosjyrar. Me tek først ein evaluering på kva som

skal trykkast opp igjen.

«25 great hikes in the Sognefjord area»

Det er stor etterspørsel etter brosjyra «25 Great hikes in the Sognefjord area», og me har bestilt inn 10 000 eks. som er levert til lageret på AMFI Sogningen Storsenter.

Nye www.sognefjord.no

Den engelske sida er ferdig, og me er i gong me å overføre sida til norsk og tysk. Den nye weben blir lansert i

januar 2016.

Page 4: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Aktivitetsbooking

Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-

booking som skal anbefalast for alle aktivitetsbedriftene på Vestlandet. Ei arbeidsgruppe med Kristian

Jørgensen (Fjord Norge), Marcel Niederhauser (Northern Waves), Arne Glenn Flåten (reiselivsnæringa) og Ståle

Brandshaug (Visit Sognefjord) har vurdert nærare fire av løysingane, og er no i forhandling med eitt av

selskapa. Val av anbefalt system skal gjerast før årsskifte, med tilbod til bedriftene på nyåret.

Workshops og salsreiser

Incoming workshop workshop i København

Mange av dei største incoming agentane som sel Norge internasjonalt er lokalisert i Køben-

havn. Workshopen i september er svært populær og godt besøkt av agentane. VS deltok ved

Heidi Hauge og var fullteikna med møter. Responsen var svært god og samtlege meldte om

auka trafikk også for 2016. Utsiktene ser svært gode ut for Sognefjorden. Fleire tok opp

alvoret med at ein ikkje kan nytte Voucher på Flåm-Gudvangen. Fleire operatørar vil flytte

over til Fjord2 som tek voucher. Det blir lagt opp til fleire visningsturar for agentar til Sognefjorden i 2016.

Japan

Visit Sognefjord ved Heidi Hauge deltok på den årlege workshopen til Innovasjon Norge i

japan i september. Den japanske marknaden har stor vekst til Sognefjorden so langt i 2015

og melder om vidare vekst i 2016. Denne marknaden er svært følsom for terror og

epidemiar. Dersom det skjer vidare terroråtak nær eller i Norge, vil dette få konsekvensar i

form av japanarane vel å reise meir lokalt i Asia eller bli i Japan. Økonomien har stabilisert seg med den nye

regjeringa som har gitt auka satsing på næringslivet. VS hadde fullt opp å gjere med møter og respsonsen for

Sognefjorden er svært god. Auka fokus på fleire overnattingar i Sogn og meir besøk på attraksjonar.

Sør-Korea

Rett etter Japan sto Sør-Korea for tur med workshop i Seoul. VS ved Heidi Hauge deltok og

responsen var god som vanleg i Seoul. Sognefjorden har ein andel på over 50% av den

koreanske marknaden til Norge. Rundreise med sightseeing er det mest brukte produktet.

Fokus på auka tal overnattingar i Sognefjorden samt besøk på fleire attraksjonar.

Informasjon om nye produkt og andre reiseruter enn dei brukar i dag. Nigardsbreen kan vere svært aktuelt.

Sognefjorden er det mest kjende produktet for koreanarar i Norge.

Spania

Innvoasjon Norge arrangerte workshop i Madrid og Barcelona no i november. VS deltok ved

Heidi Hauge og var fullbooka i begge byar. Svært god respons og optimisme i denne

marknaden. Sognefjorden er godt kjend for dei operatørane og agentane som sel Norge.

Det var ein del nye agentar som no vil legge Norge i sine program. Fokus på fleire

overnattingar i Sogn og aktiv ferie. Her er det mange som vil på vandring og oppleve natur og kultur. Bur både

på hytter og hotell. Svært bra auke frå Spania i 2015 og tilbakemeldingane gjekk ut på at det ser ut til å bli like

bra for 2016. Svært viktig med Norwegians direkterute til Bergen. Innovasjon Norge har ein viktig jobb å gjere

med å skape interesse for Bergen som lufthamn for fleire flyselskap internasjonalt.

Page 5: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Visningsturar/PR/media Sognefjorden er blant amerikanske Trekaroo «Top Treks» for familieturar i 2016: “It brings me great joy to let you know that Sogneford, Norway made Trekaroo's list of Top Treks for 2016! Our

annual post featuring Trekaroo team member's top picks for the year is always one the of the most popular on

the site. We will be promoting it via social media and encourage our winners to do the same. “ Sharlene

Earnshaw, Editor in Chief, Trekaroo

Produktutvikling/infrastruktur

Sognebåten

Fylkeskommunen har vedteke å sette inn større farty frå 2016 etter

misnøye med Brage. Vidare har Sogn regionråd har sett av kr.

120.000 i 2016 til utgreiing av mogleg endringar av Sognebåten.

Endringane som skal utgreiast er utviding av sommarruta Bergen –

Flåm i april og oktober for utvida sesong og mogleg etablering av

Flåm som endestopp for vinterruta november – mars. Visit

Sognefjord er kopla på arbeidet via Båtgruppa.

Prosjektet «Friluftsbussen»

Etter avslutta forprosjekt har prosjektet fått tildelt midlar til å gå vidare

med hovedprosjekt. Prosjektstyre er etablert med deltakarar frå

transport, aktivitets – og attraksjonsbedrifter, vert no utvida med

representant frå samferdselsavdelinga v Fylkeskommunen. Føremålet

med prosjektet er å tilby betre og meir komplett rundreisetilbod til

besøkande og fastbuande i Sognefjorden, bl.a. ved utvikling av

«Sognefjordkortet».

Page 6: Nytt frå Visit Sognefjord - luster.custompublish.com · Fjord Norge og NCE Tourism har i samarbeid med destinasjonsselskapa vurdert ulike system for aktivitets-booking som skal anbefalast

Nytt frå Visit Sognefjord – Desember 2015

Vandre – og sykkelprosjekt i Sognefjorden

Visit Sognefjord satsar i Visit Norway og Fjord Norge sine vandre og

sykkelkampanjar på den internasjonale marknaden. I tillegg blir

vandreprodukt i Sognefjorden presenterte på vandresider på

fjordnorway.com, sosiale mediar og i Reiseguiden. Området og 2

sykkelprodukt blir lansert i sykkelkampanjen. Lokalt er me i gang å

lage produktark der vandreruter, kulturattraksjonar og lokalmat

blir presentert på bl.a. workshops, messer og salsreiser.

Infrastrukturmidlar til reiselivet Sogn og Fjordane Fylkeskommune deler ut 3 mill. kroner til utviklingstiltak for reiseliv i fylket. Følgjande

prosjekt frå Sogn får i samråd med destinasjonsselskapa tilskot i 2016:

Prosjekt Søkjar Sum

Vettis rike (Utladalen) Årdal utvikling 100.000

Skyttelbuss til Otternes Otternes bygdetun 100.000

Vandring og kultur i Balestrand Balestrand kommune 350.000

Vandrebuss, Aurlandsdalen Nettbuss 70.000

Stisykling i Sogn Sogn næring 465.000

Friluftsbussen Visit Sognefjord 250.000

Sum: 1.335.000

I tillegg hadde Visit Sognefjord tilrådd kr. 121.000 til Verdsarvparken for forbetring av

stien til Brekkefossen i Flåm. Søknaden vert vurdert på nytt ut frå klage per 03.12.15.

Visit Sognefjord er involvert i alle prosjekta, i tillegg til i arbeidsgrupper for

vandresatsingane i medlems-kommunane, Fagleg rådgjevande organ for Nærøyfjorden,

Partner i Nærøyfjorden Verdsarvpark og Jostedals-breen nasjonalparkstyre sitt fagleg

rådgjevande utval.