20
– brubyggjaren INFORMASJON OM VALET 12. SEPTEMBER Side 6-7 EIT MØTE MED FØRSTEKLASSINGAR Side 5 Brukarundersøkinga s 8-9 Å byggja bruer i Øygarden s 13 Korleis kan lokalpolitikken spegle samfunnet? s 12 Nr. 2 - 2011 Nyhende magasinet

Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Periodisk nyhendemagasin for Øygarden kommune

Citation preview

Page 1: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

– brubyggjaren

Informasjon om Valet 12. septemberSide 6-7

eIt møte med førsteklassIngar Side 5

Brukarundersøkinga s 8-9

Å byggja bruer i Øygarden s 13

Korleis kan lokalpolitikken spegle samfunnet? s 12

nr. 2 - 2011

Nyhendemagasinet

Page 2: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

4 Nyhendemagasinet Øygarden

Kjære innbyggjar!

Fredag 22. juli, var fram til kl. 15.25 lik mange andre fredagar. Folk såg fram til helga, alt var slik det skal vera ein fredag ettermiddag i juli. Så kom katastrofen. Først vart Regjeringskvartalet rasert av ei bombe og menneske vart drepne og skada. Deretter vart forsvarslause ungdommar og vaksne skotne ned på Utøya. Tragedien

var eit faktum. Me måtte konstatere at både livet og samfunnet er sårbart når eit menneske bryt alle sperrer og går laus med bombe og skytevåpen for å drepa systematisk. Me sørgjer med dei sørgjande etter denne tragedien. Mange har skrive i kondolanseprotokollen, og ofra vart minna under høgmessa i Blomvåg kyrkje 31. juli.

Kommunevalet står for døra, måndag 12. september. Bruk røysteretten. Demokratiet slik det fungerer i Noreg, gjer det mogleg for deg som veljar å påverka samfunnsutviklinga. Unge

og førstegongsveljarar: nytt deg av røysteretten. I Øygarden har me hatt særleg fokus på å få fleire kvinner inn i politikken. Partia/gruppene har arbeidd med dette, og eg ber om at du tek omsyn til det dersom du gjer endringar på røystesetelen.

Brukarundersøkingar vert gjennomførte for å avstemma kvaliteten på tenestene kommunen leverer. Det er viktig å få ein peikepinn på avvik mellom forventningar hos våre innbyggjarar og det me leverer av tenester. Kvalitet har ein pris og nok pengar er som kjent ei utfordring. I framtida må me nok vurdera kvalitetsnivået nøye og gjera kvalitetsnivået kjent for deg som innbyggjar slik at du veit kva du får levert.

Eg ønskjer deg ein fin haust i denne vakre kommunen vår.

Med venleg helsing

Olav Martin VikOrdførar

2 Kjære innbyggjar!3 Algar i Stegeviksvatnet3-4 Kortnytt5 Første skuledag 6-7 Kommunevalet 20118-9 Brukarundersøkinga10 Tilskuddsportalen11 Kulturskule og SFO12 Kvinner i politikken13 Brubyggjaren14 Folkehelse på kartet i Øygarden15 Turar og aktivitetar16 Øygarden si eiga kokebok17 Presentasjon av fagleiarar18 Kommunen informerar19 5 på servicetorget

Bernt HjørnevikLiv Edel MikkelsenChristel Møvik-OlsenEva Olsvold

Tekstredigering:Egil Olsvold

Ansvarleg utgjevar: Øygarden kommune ved Bernt Hjørnevik, kulturleiar

Ide, utvikling og produksjon:PCG Bergen

Trykk:Prinfo Unique

Papir:Nyhendemagasinet er trykt på Cyclus offset papir. Det er eit 100% resirkulert naturkvitt papir.

Opplag:2200 stk., og NyhendeMagasinet vert distribuert til alle husstandar i kommunen.

Frå kommunen:Olav Martin Vik, Torgeir Sæter, Bernt Hjørnevik, Liv Edel Mikkelsen, Christel Møvik-Olsen, Silvia Haugland, Jarle Kåre Oen, Bente Guntveit og Ingunn Teigen.

Framsidebilete: Silvia HauglandBaksidebilete: Øystein Skålevik

InnleiingInnhald

Redaksjonen

Desse har medverka

Sea Dream I seglar inn i solnedgangen. Foto: Lise Kvalvik

Foto: Privat foto

MILJØMERKET

241 Trykksak 709

Page 3: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 3

Nyhende

Verdsmeister frå ØygardenAlexander ”den store” var på gjesting hjå ordførar Olav Martin Vik

Årsaka til invitasjonen var gullmedaljen han vann i VM i symjing i Shanghai.Alexander er den første nordmannen som har teke gull i eit symje-VM for Noreg. Diverre vart han sjuk mot slutten av opphaldet. Han sa medalje kunne vore innan rekkevidde på 200m om han hadde halde seg fri for halsvondet han vart plaga med.

“No skal eg vera heima og slappa av før eg tek litt ferie”. Målet framover er klart:

OL i London i august 2012. Det er naudsynt med god planlegging. Saman med teamet rundt Alexander skal slagplanen leggjast.

Øygarden kommune ønskjer lukke til med medaljen, og ikkje minst: planlegginga fram mot OL 2012 i London.

Kloakkarbeid i Kvernebekken på ToftøyI september startar arbeidet frå Torsvik kai til Husdalen

I Kommunestyretmøtet i juni vart det gjort vedtak om å byggja kommunal infrastruktur på strekninga Torsvik kai til Toftøy skule. Prosjektet vert delt i to etappar. Første delen frå Torsvik kai til Husdalen startar opp i september i år. Tor O. Kleppestø seier at arbeidet som skal gjerast er omfattande, men han ser fram til at ein kan starta opp første fase no. Informasjonsmøte med grunneigarar og

andre vil verta halde før oppstart.

Cruiseskip på NautnesI byrjinga av juni vart Nautnes Fiskevær vitja av Sea Dream I, eit flott og eksklusivt lite cruiseskip. I nokre hektiske timar vart det arrangert sykkelturar og spaserturar og vel 100 gjestar fekk servering. Øygarden vonar på fleire visittar i åra som kjem

DnB NOR ny bank for kommunenKommunen har hatt avtale om hovudbank på anbud våren 2011. Det er gjort avtale med DnB NOR, som vert kommunen sin nye hovudbank. Avtaleperioden er 3 år, med opsjon på ytterlegare eit år.

Kommunen fekk fort mistanke om at det kunne vera blågrønalgen Anabaena. Ein alge som kan vera giftig.

Både Mattilsynet, NIVA (Norsk institutt for

vannforskning) og Folkehelse-instituttet vart kontakta. Etter tilrådingar frå dei fremste ekspertane i landet på algar i ferskvatn, avgjorde kommuneleiinga i samråd med kommunelegen å stengja

Ordføraren og verdsmeisteren

Algar i Stegeviksvatnet

ned Toftøy vassverk inntil vidare. Ein provisorisk vassleidning frå Rong over Rongesund bru til Toftøy kom på plass same kveld, slik at innbyggarane på Toftøy kunne få trygt og godt drikkevatn frå Blomvåg vassverk.

Øyvind Bohne seier at vassprøver frå Stegeviksvatnet vart sendt til NIVA og Folkehelseinstituttet. Dei stadfesta kommunen sin mistanke om at algeoppblomstringa skuldast blågrønalgen Anabaena. Det vart og teke ein test for å undersøkja om oppblomstringa var giftig. Testen viste at algane heldigvis ikkje hadde giftstoffet microcystin i seg. I prøver tekne på 12 meters djupne (inntaket til Toftøy VBA) er det ikkje funne giftige algar. Algeoppblomstringa har etter kvart avteke, og det er no tydeleg mindre algar i overflatesjiktet. Ekspertane har likevel vore eintydige i at fram til no har det vore ein reell fare for ny oppblomstring.

Når Stegeviksvatnet er friskmeldt vil Toftøy vassverk verta opna for ordinær drift.Til alt hell har vi hatt ein våt sommar slik at det har vore nok vatn frå Blomvåg.

Informasjon om vassforsyninga til Toftøy finn ein og på Øygarden kommune sin heimeside.

Vassforsyninga på ToftøyTysdag 21. juni vart det lagt merke til algeoppblomstring på overflata i Stegeviksvatnet. Dette er vasskjelda til innbyggjarane på Toftøy.

Toftøy vassverk. Oppdatert informasjon finn du på kommunen sine heimesider.

Sea Dream på veg inn til Nautnes

Page 4: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

4 Nyhendemagasinet Øygarden

Kommunen sitt sørlegaste punktPå kommunen sitt sørlegaste punkt Svelgen, vaiar kommunen sin vimpel. Velforeininga har sett opp flaggstong på kanonstillinga. Kanonstillinga er ein populær stad med bord og benkar. Mange står nede på neset og fiskar. Det er Eiliv Lønningen som frivillig har tilsyn med plassen, og som saman med nokre andre held området ryddig. Diverre er det slik at ikkje alle ryddar etter seg. Feilparkering i området er òg eit problem. Ta omsyn til at dette er eit bustadområde når du vitjar staden.

Ny barnehage på Toftøy. Grunnarbeidet er i gongOpparbeiding av tomta for den nye barnehagen på Toftøy er komen godt i gong. Det er Harkestad Entreprenør AS som står for arbeidet.

NLM Barnehagar AS skal byggja ein barnehage med fem avdelingar. Dersom alt går etter planen kan barnehagen stå ferdig hausten 2012.

Kulturnaust på ToftEldsjeler i Nærmiljøutvalet på Toftøy har

laga kulturnaust i Toftevågen. Dei har renovert eit naust, der robåtar har vorte overhala og blankpussa. I naustet finn ein og tønner og andre fiskereiskapar. Det er gjort eit flott og omfattande arbeid.

Områdeplan for TjeldstøOmrådeplanen har no vore ute til høyring, og det har kome inn merknader om arkeologiske funn. Kommunen er og gjort merksam på at det er nødvendig å ta omsyn til fuglelivet i området. Planutvalet har i møte 29. juni 2011 handsama alle merknadane. Det er og gjort endringar i samsvar med krav i høve dei arkeologiske funna. Det er og teke omsyn til formalitetar i høve utnyttingsgrad i området. Grunna endringane må planen ut på ei avgrensa høyring. Planutvalet reknar med å kunna slutthandsame planen utpå hausten.

Loyal på Kystmuseet

Kl 12 – 13 og 15 – 16: Open båt med omvising om informasjon om Loyal, kulturinnslag

Kl 13 – 14: Høve for tokt med Loyal. Pris kr 100,- .

Påmelding til [email protected] /avgrensa plassar ombord. Turen er vær-avhengig. Kystmuseet har ope kl 12 – 17 med sal av fiskesuppe, lappar m.m.Loyal skal liggje i Øygarden også måndag – men då er det skuleelevar som får høve til å ha undervisning om bord gjennom den kulturelle skulesekken.

Ærverdige Lojal kjem til Øygarden 18. september.

Faksimile frå Vestnytt 28. juni 2011

I samband med Kystsogevekene inviterer Kystmuseet til museumsdag der ein får besøk av galeasen ”MS Loyal”. Loyal er den praktfulle galeasen som er stasjonert i Forlandsvågen i Sund. Denne hausten dreg Loyal på ”kystsogeseilas” til vår region.

Nyhende

Frivillig Eiliv Lønning heisar kommunen sin nye vimpel.

Her kjem den nye barnehagen.

Programmet for dagen:

2 aktuelt

Vestnytt tysdag 28. juni 2011

Loyal blir kystkulturelt

flaggskip for Fjell,

Sund, Øygarden og

Askøy. – Dette har jeg

jobbet for i alle år,

sier en glad skipper

Audun Hausberg.

SOTRA, ØYGARDEN OG ASKØY: – Jeg er

sikker på at Loyal med tiden vil

få en større og større verdi i regi-

onen. Både i opplæring og når

det gjelder kulturformidling har

Loyal veldig mye å by på. Når

folk kommer ombord her er de

veldig nær historien, sier skipper

og eier av galeasen Loyal, Audun

Hausberg.

Skal på kysttokt

Skipperen opplever for tiden at

drømmer han har hatt siden han

��������������������������������-

het: De fire kommunene Fjell,

Sund, Øygarden og Askøy har nå

bestemt at Loyal skal bli det nye

����������������������������������-

onen, en slags seilende ambassa-

dør på sjøen.

På sensommeren i år betyr det

at den gamle galeasen, som har

hjemmehavnen sin i Forlands-

vågen i Sund, skal på et kysttokt

rundt i regionen: Under Perife-

rifestivalen vil skuta ligge på

Glesvær, under Langøymarkna-

den vil skuta ankomme Langøy

kystkultursenter, og skuta vil

også ankre opp både på Askøy og

i Øygarden.

�����������������������������-

ten liggende i to dager. Den ene

dagen skal skoleelever få være

med på et opplegg på skuten.

Mest glad for ungdommen

Til neste år er planen at Loyal

skal holde til minst en uke i hver

�������������������������������

med skoleklasser, næringsliv og

kulturopplevelser.

– Jeg er aller mest glad for at

vi får ungdommene med oss gjen-

nom dette prosjektet. Jeg er veldig

opptatt av å gi dem opplæring og

kulturformidling. Bare det å gjøre

barn og unge trygge på sjøen, er

noe jeg mener er veldig viktig,

sier Hausberg.

Det var kommunestyrerepre-

sentant i Fjell, Gunnar Buvik,

som i et møte lurte på om kom-

munene hadde tenkt på Loyal.

Dermed begynte karusellen å

snurre. Ikkus, det nye interkul-

turelle kultursamarbeidet i regi-

onen, tok ideen til seg med begge

never. Nå har Ikkus fått hundre

tusen fylkeskommunale mid-

ler til prosjektet «Ta bølgja», der

Loyal er hovedingrediensen. I til-

legg bidrar Kystsogevekene og

Den kulturelle skolesekken med

midler til kysttoktet rundt i regi-

onen i år.

Løfte frem skuten

– Ikkus ønsker å sette kystkultu-

ren på dagsorden. Loyal var det

Nå blir Loyal hele

regionen sin skute

Loyal på

rekordlang seilas

i Østersjøen

For tiden er Loyal alt annet enn

en regionens seilskute i kjente far-

vann: Loyal er på sitt lengste tokt

sommertokt noensinne, i Øster-

sjø-området. Skuten vender ikke

tilbake til Forlandsvågen før 9.

august. Sist torsdag kastet båten

anker fra Sund, og satte snuten i

retning Stockholm.

Fra Stockholm skal båten på

����������������������������������

det siste er hjemturen fra Køben-

havn til Bergen. Vestnytt har fått

tilsendt et særdeles maritimt og

solfylt bilde av mannskapet som

er med på turen.

– Her seiler vi med åtte knop

utenfor Åhus i Østersjøen og

kursen er for Kalmar. Der seilte

Loyal med sildelast i 1887 i et for-

rykende vært på vinterstid. I dag

kommer vi frem til Stockholm,

forteller Grethe Mong-Hansen

ombord på Loyal.

Mannskapet på Loyal på vei mot Kalmar. Bak f.v: Adrian Brask fra Stord, Jo Leif Strønen fra Fusa. Nederst

f.v: Ole Andre Øksnes fra Øksnes, Grethe Mong Hansen fra Forland, Helge Eide fra Ormavik, Stina Graaf fra

Gøteborg og Tom Best fra Fair Isle. Kaptein Audun Hausberg er fotograf.

Loyal er en

vakker galeas

med tilholdssted i

Forlandsvågen. Nå blir

skipet hele regionen

sitt eget flaggskip, i

en ny tverrkulturell

kystkultursatsing.

Arkivfoto: Jorun K.

Øgaard

som var mest naturlig å ta tak i,

sier kultursjef i Øygarden, Bernt

Hjørnevik. Han er også leder for

����������������������������������

kommunene utgjør styret.

– Vi løfter nå i fellesskap frem

en fantastisk skute som blir brukt

for lite. Jeg tror alle her ute alle-

rede har et forhold til Loyal, men

jeg tror samtidig at dette prosjek-

tet vil styrke skuten sin posisjon i

regionen. Samtidig løfter vi frem

kystkulturen, på en litt utradisjo-

nell måte, sier Hjørnevik.

Han opplever også at fylkes-

kommunen er særlig opptatt av

kystkultur.

– Kystkultur-elementet i dette

prosjektet var helt avgjørende for

�����������������������������������

sier Ikkus-lederen.

Være en døråpner

På sikt håper Bernt Hjørnevik

også at Vestgar og andre sentrale

båter i regionen kan bli innlem-

met i prosjektet.

– Det er klart at dette også

handler om økonomi for Loyal.

Dette blir ingen dugnad, men kjøp

av tjenester. Loyal er avhengig av

økonomi og aktivitet for å bli den

skuten man vil at den skal bli. Da

må kommunene komme på banen.

Vi vil også prøve å være en dør-

åpner for Loyal inn mot nærings-

livet i regionen. En typisk dag

kan være at skolen bruker Loyal

til undervisningsopplegg på dag-

tid, og at næringslivet bruker den

til teambuilding på kveldstid, sier

Hjørnevik.

Vestnytt intervjuet tidligere

i vår skipper Audun Hausberg

og hans samboer Grethe Mong-

Hansen. De la ikke skjul på at

det var langt fra lukrativt å drive

en seilskute, til tross for mange

gode støttespillere, særlig innen

næringslivet.

Mer stabil økonomi

Nå håper Audun Hausberg at øko-

nomien kan bli en lettere bit av

driften. – Det er store kostnader knyt-

tet til både å holde mannskap og å

vedlikeholde båten. Vi må komme

oss vekk fra dugnads-driften, for

det gjør at folk kan brenne seg

ut. Jeg tror at når vi og kommu-

nene får sydd sammen et opplegg

på kort og lang sikt, vil det gi oss

en mer stabil økonomi. Kommu-

nene har dessuten en helt annen

slagkraft når det gjelder å søke

støtte ulike steder. For Loyal er

jeg viss på at dette prosjektet vil

gi store ringvirkninger, sier Haus-

berg optimistisk.

JORUN K. ØGAARD

[email protected]

416 02 933

Page 5: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 5

1. klasse ved Blomvåg skule. Snart er skulekvardagen meir enn ein draum. Foto: Silvia Haugland

Den 22. august starta omlag 57.000 born i første klasse, av desse begynte det 68 første klassingar i dei fire barneskulane i Øygarden.

Redaksjonen tok turen til Blomvåg skule for å snakka med nokre av dei ferske elevane.

Nye rutiner16 verdensvante skuledebutantar set avslappa og fint på stolane sine og lyttar til lærar Nils Artur Amundsen. Han forklarar dei ferske elevane rutinane rundt lunsj. Alle bøker skal i sekken og pennalhuset skal opp i venstre hjørnet av pulten, og elevane gjer som dei får beskjed om.

Nytt for både elev og lærarFørste skuledag er og litt spanande for lærar Nils Artur som for første gong skal væra kontaktlærar for 1.klassen. Han har tidlegare vore lærar på ungdomsskulen og mellomtrinnet.

På spørsmål om det har vore sommarfuglar i magen og om dei har sove godt om natta, svarar Marte Dale at ho har sove utruleg godt og ikkje vore

noko nervøs. Besteveninna, Sigrid Ellisiv Sjøstrøm, innrømmer at ho har hatt litt sommarfuglar i magen, men dei forsvann då ho fekk friminutt og fekk leika med dei nye klassekameratane.

Har venta på denne dagenBertine Blom har sett fram til denne dagen heile sommaren og er ikkje det minste nervøs for å begynne på skulen. Ho har ein storebror på skulen og meiner at han nok kjem til å passa på ho. Ho fortel at det kjekkaste med første skuledag var då læraren las i boka og dei sang songar saman.

Litt skuffa fortel jentene at dei enno ikkje har fått lekser, eller bøker, men at dei håpar på å få det i morgon.

Skuleklokka ringjer og dei tre ferske første klassingane spring mot døra til klasserommet og er klar for sin første ordentlege skuletime.

Første skuledag

Lærar

Nil

s A

rtur

Amundsen

Bertine Blom

Ma

rte

D

ale

Sigrid Sjø

strøm

Page 6: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

kommunevalet 2011

01 Toftøy - Toftøy skule KL. 12.00 – 20.0002 Rong - Rong skule KL. 12.00 – 20.0003 Blomvåg - Blomvåg skule KL. 12.00 – 20.0004 Breivik - Breivik barnehage KL. 12.00 – 20.0005 Alvheim - Alvheim skule KL. 12.00 – 20.0006 Hatten - Skjergardsheimen KL. 12.00 – 20.0007 Bakken - Bakken skule KL. 12.00 – 20.0008 Hernar – Hernar skuleKL. 14.00 – 17.00

Røystestadane i Øygarden på valdagen:

• Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, og som er, eller har vore, registrert busett i Noreg

• Statsborgarar i andre nordiske land, som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, og som har vore registrert busett i Noreg 30. juni 2011

• Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra føre valdagen

Kven kan røysta?

Valdagen Desse 6 partia /gruppene stiller valliste til kommunevalet i Øygarden:

Tverrpolitisk Valliste, TVØDet Norske Arbeiderparti, DNAKristeleg Folkeparti, KrF Fremskrittspartiet, FrPSosialistisk Venstreparti, SVHøgre, H

Manntalslister og valkortManntalslistene er lagt ut på servicetorget i rådhuset på Rong. Her kontrollerer du om du står i manntalet. Alle registrerte veljarar som står i manntalet har fått tilsendt valkort i posten. Valkortet gjev m.a. nærare informasjon om kor du kan røysta på valdagen.

Hugs legitimasjon Om røystemottakar i vallokalet ikkje kjenner deg, må dei krevja legitimasjon. Hugs at det tilsende valkortet ikkje gjeld som legitimasjon. Alle bør difor ta med gyldig legitimasjon, til dømes førarkort, bankkort, pass eller liknande når ein skal røysta ved førehandsrøysting, heime- røysting (ambulerande) eller på valtinget 12. september.

Røystelokale og opningstiderPå valdagen må du røysta i den kommunen du er manntalsført, det vil seia den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2011.

FørehandsrøystingSkal du røysta på førehand kan du gjera det i kommunar kvar som helst i landet. Tida er sett frå 10.08.11 til 09.09.11 I Øygarden vil førehandsrøystinga for valet 2011 finna stad på Servicetorget i rådhuset på Rong, og Tednebakkane omsorgssenter (TBOS). Hugs at du må ha med legitimasjon for å røysta. Det er ikkje nødvendig med valkort, men det er fint om du tek det med fordi det gjer røystemottakar sitt arbeid i vallokalet enklare. Har du førehandsrøysta, kan du ikkje røysta på valdagen. Du kan heller ikkje førehandsrøysta fleire gonger.

Informasjon til veljarane om

12. september

Nyhende

6 Nyhendemagasinet Øygarden

Page 7: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 7Nyhendemagasinet Øygarden 7

HeimerøystingVeljarar som av ymse årsaker ikkje kan førehandsrøysta, eller røysta på valdagen 12. september, kan be om å få røysta heime. Valfunksjonærar vil då kome til veljaren privat.

Dei som ønskjer å røysta heime kan ringja kommunen: tlf. 56 38 20 00 måndag - fredag i ekspedisjonstida 08.00 – 15.30.

Frist for å tinga røysting heime er sett til onsdag den 7. september kl.15.00.

Informasjon om valetHer finn du nyttig og meir detaljert informasjon om kommune- og fylkestingsvalet:www.oygarden.kommune.no (Øygarden kommune si heimeside)www.valg.no (Kommunal- og regionaldepartementet)

Valstyret i Øygarden vil leggja ut resultata av kommunevalet i Øygarden på

kommunevalet 2011

Kyrkjevalet 2011

heimesida valnatta. Valstyret i Øygarden står elles til rådvelde for veljarane ved å svara på spørsmål, gje avklaringar omkring vallova med meir. Du når oss på tlf 56 38 20 00 e- post: [email protected]

Bruk røysteretten!Ei høg valdeltaking er den beste garantien for eit levande folkestyre. Særleg er det viktig å få med alle som kan bruka røysteretten ved kommunevalet for første gong.

Til alle veljarar: Bruk røysteretten!

Velkomen til vallokalet. Godt val!Med venleg helsing

Olav Martin VikLeiar i Øygarden valstyre

Jarle Kåre OenValkoordinator

1. Øygarden Rådhus, Servicetorget, Rong

10/8 - 9/9 - Kl. 09.00 - 15.00

Utvida opningstid desse dagane:

Torsdagane: 11/8, 18/8, 25/8, 1/9, 8/9 - Kl. 09.00 - 18.00

Laurdagane: 27/8, 5/9 - Kl. 09.00 - 14.00

2. Tednebakkane omsorgssenter, Rong

Onsdag 7. september Kl. 09.00 - 14.00

Stad og tid for gjenståande førehandsrøysting

Valet fell i år saman med Kommunevalet. Samstundes med val til sokneråd vert det også direkteval til bispedømerådet.

Etter godkjenning frå Kyrkjedepartementet er Hjelme og Blomvåg sokn i ei prøveordning med felles sokneråd: Øygarden sokneråd.

Det skal veljast tre faste og fem varamedlemar frå kvart av sokna.

Førehandsrøysting:Frå 10. august til 10. september på kyrkjekontoret i ekspedisjonstida. 28. august etter gudstenesta i Blomvåg kyrkje, og 4. september etter gudstenesta i Hjelme kyrkje

Valdagar:Søndag 11.september etter gudstenesta i Blomvåg kyrkje.

Måndag 12.september er vallokale ope i begge kyrkjene frå kl 12.00 til kl 20.00.

Aldersgrensa for å røysta i kyrkjevalet er 15 år.

Alle som har røysterett til kyrkjevalet får tilsendt valkort frå sentralt hald.

Kandidatliste for valet er presentert på side 8 i ØyNytt nr 3/11 og på: www.kyrkja.net og www.oygarden.kommune.no

Page 8: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

8 Nyhendemagasinet Øygarden

Nyhende

Brukarundersøkinga

SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

I Øygarden går dei fleste borna i 1 – 4 klasse på dei fire barneskulane i SFO. Brukarundersøkinga viser at foreldra i stor grad er nøgde med det varierte tilbodet borna får både inne og ute, men at det er variasjon skulane imellom.

Det er registrert ønskje om å få meir fysisk aktivitet ute i friluft. Medverknad, informasjon og bygningsmessige forhold er område foreldra meiner bør forbetrast på nokre av skulane. På to av skulane er det difor bestemt at det skal gjennomførast faste samtalar med foreldra, og lagast månadlege brev som syner kva som skjer i SFO.

PLEIE- OG OMSORGSTENESTA

I pleie- og omsorgstenesta opplever bukarane:• stor grad av trivsel• å verta møtt med respekt • at personalet er tilgjengeleg

Undersøkinga syner også at pleie- og omsorgstenesta bør informera og involvera brukarane meir i tenestetilbodet. Det er difor iverksett ulike tiltak som skal betra kontakten mellom brukar, pårørande og omsorgstenesta. – Me lagar no ein månadleg informasjonsbrosjyre om aktivitetstilbod på omsorgssenteret. Denne vert sendt både til brukarar og pårørande, noko me har fått god respons på, seier einingsleiar Britt Jorunn Landro.

NAV

Svarprosenten i NAV var så låg (7 av 80 svara) at opplysningane som kom fram ikkje kan reknast som representative. NAV har evaluert gjennomføringa av undersøkinga, og vil til neste år informera brukarane betre på førehand. –På den måten vonar me å auka svarprosenten og få fram opplysningar om korleis tenesta fungerer for brukarane, seier leiar Vidar Sangolt.

Brukarundersøkingar er viktig for å få fram kva oppleving og erfaring brukarane av dei kommunale tenestene i Øygarden har. Tilbakemeldingane frå brukarane er naudsynt for at kommunen skal bli betre, og justere arbeidet der det trengs.

Brukarundersøkingane er standardiserte og samanliknbare sidan dei vert nytta i dei fleste kommunar i landet.

Ros og risRådmann Torgeir Sæter fortel om varierte tilbakemeldingar med både ros og ris. Resultatet er nært knytt til kva forventningar brukarane har, og på nokre område er gjerne forventningane høgare enn det som er rimeleg kommunal standard. – Difor treng vi å få avklart kommunale standarder. Generelt ser eg at vi har forbetringspotensiale på fleire tenesteområde, seier rådmannen.

Handlingsplan og fokus i arbeidet- Den enkelte eining lagar ei handlingsplan med tiltak basert på dei viktigaste funn frå brukarundersøkinga. Tiltaka vert arbeidd med over tid, og ved neste undersøking forventar vi at resultata vert betre. Der vi allereie er gode er det viktig å halde fokus

slik at vi opprettheld det gode arbeidet.

Måle utvikling over tidRådmannen fortel at kommunen ønskjer eit resultatfokus på tenestene. Målet er å verte betre enn landsgjennomsnittet. Gjennom systematisk bruk av målingar og samanlikningar med andre kommunar, skal vi ha eit kvalitetssystem som i stor grad er faktabasert og som kan måle utvikling over tid.

- Dei gode resultata vil me få med kompetente og engasjerte tilsette, som får og tek ansvar. Tydelege mål, avklarte forventingar – gjerne med politisk vedtekne standarder på nokre tenester – og resultatfokus. Samtidig må vi ha god brukardialog i det daglege, oppsummerar Torgeir Sæter.

Page 9: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 9

TJELDSTØ BARNEHAGE

Barnehagen får gode tilbakemeldingar frå foreldra når det gjeld:

• skuleførebuande aktivitetar• mattilbodet • medverknad for foreldra• opningstider

Forbetringsområde som kom fram i undersøkinga er fysisk innemiljø, uteområde og medverknad frå borna. –Det er iverksett tiltak for å gjera desse tilhøva betre, seier styrar Hilde Ervik.

FAMILIENS HUS

Brukarane opplever å verta møtt med respekt i Familiens Hus. Dei opplever også tenestetilbodet som tilgjengeleg.

Det er klar tilbakemelding at tenestene bør involvera

brukane i større grad og at dei ulike tenesteområda vert betre samarordna. Einingsleiar, Anna Nesje Nes, fortel at det no er sendt ut informasjonsbrosjyre om Familiens Hus til alle husstandar, og at det elles er iverksett ulike tiltak for å sikra at tenestene kan imøtekoma behovet hos brukarane.

TEKNISK PLAN OG FORVALTNING

Det er tre hovedfunn i svara frå Teknisk plan og forvaltning. Etterlysing av raskare tilbakemelding i byggesaker. Fokus på om likebehandling av saker. Like saker synes løyst ulikt avhengig av saksbehandlar. Tredje funnet gjeld informasjon om byggesaker.

Leiar Øyvind fortel om ei rekkje planar som er lagde og tiltaksliste som er laga. Informasjonsarbeidet er betra med oppgradering av heimesida og ei målsetting om at alle e-postar skal svarast innan tre dagar. I saker det tek tid å handsame, er det eit mål no at innbyggjarane skal få tilbakemelding om saka tek meir enn 30 dagar å handsame. Det er iverksatt planar og sjekklister for likebehandling av saker. På grunn av stor aktivitet med kundekontakt er det vanskeleg å kunna overhalda denne fristen til ei kvar tid.

BREIVIK BARNEHNAGE

Foreldra er svært nøgde med tilbodet dei får i Breivik barnehage. På samtlege spørsmål i brukarundersøkinga (32) ligg barnehagen over landsgjennomsnittet. På oppsummeringsspørsmålet om kor nøgd foreldra er med barnehagen, er scoren 5,5, mot 5,1 på landsbasis. –Me har som mål at både foreldre og born skal verta endå meir nøgde med tilbodet dei får i Breivik barnehage, seier leiar, Anne Merete Tøssebro, i barnehagen som har visjonen “ med stjerner i auga, og skrubbsår på knea”.

Page 10: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

10 Nyhendemagasinet Øygarden

Folk og fritid

Tilskuddsportalen

Øygarden kommune tilbyr no lag og organisasjonar tilgang til Tilskuddsportalen sin lagsmodul. Kommunen har lisens på denne portalen som syner til ei kvar tid oppdatert informasjon om over 2100 ulike ordningar. Du får oversikt over søknadsfristar og du kan lesa nyhende om tilskotsordningar.

I vår inngjekk kommunen avtale om levering av Tilskuddsportalen – til tilsette i Øygarden kommune.Samstundes vart det gjort avtale om lisens på ei tilsvarande nettside som alle lag og organisasjonar kan nytte seg av. Her kan du finna økonomiske tilskotsordningar som ditt lag kan søkje på.

Organisasjonsnummer naudsyntFor å kunne nytte seg av denne portalen er ein avhengig av å ha eit organisasjonsnummer. Dei fleste lag og organisasjonar har dette. For dei som ikkje har eit slikt organisasjonsnummer kan dei få det ved å registrere seg i ”Frivillighetsregisteret”. Som kjent kan dei som er registert i Frivilligregisteret søkja om momskompensasjon og delta i Grasrotandelen.

Kurs og pliktig oppmøteDen 19. september vert det kurs og innføring i bruk av tilskuddsportalen for alle organisasjonar i Øygarden. Då kjem det representantar frå Scan4news som vil gjennomgå alt ein treng vita om denne portalen.

NB ! For å kunne ta i bruk denne portalen må dei organisasjonane som vil ha tilgang til portalen møta denne dagen. Møte vert 19.september kl.1700-2000 på Øygarden Rådhus på Rong.

Kulturleiar Bernt Hjørnevik seier at denne nettportalen med oversikt over kva, og ikkje minst kor ein kan søkja om ulike typar tilskot, vil vere eit godt verktøy både for organisasjonane, men og for kommunen. Særleg nyttig er det at ein kan få e-postvarsel når fristar nærmar seg.

NY KULTURPLAN Har du lyst å vere med å påverke?

2012 vil vere året då ein skal starta arbeidet med å laga ny kulturplan. Gjeldande kulturplan går inn i sitt siste år og då er det ønskje om å få lagd ny overordna kulturplan. I første omgang no, er vi interessert i personar som kan tenkje seg å vera med i ei ressursgruppe der det er stor takhøgde og rom for gode diskusjonar.

Vi ønskjer oss representasjon frå ulike typar organisasjonar og sjølvsagt er og einskildpersonar velkomne til å vera med – ta kontakt for nærare informasjon.

Har du lyst å vera med på ei slik spennande reise? Ta kontakt med kulturleiar Bernt Hjø[email protected] 58 20 00

– eit godt verktøy for lag og organisasjonar

Register deg og ditt lag på Tilskuddsportalen

Infomøte19. sept

Page 11: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 11

Kulturskule og SFO

No når skulane og SFO startar opp att vil det og vere tilbod om kulturskuleaktivitetar i SFO-tida på alle skulane.

I vår var det påmelding til dette ”gratis”-prosjektet for kommande haust. Responsen var overveldande og det er godt over 90% av alle elevar i klassetrinna 1.-4. som har meldt seg på. Aktivitetane som vert tilbydd er kunst/drama/musikk og dans. Ikkje alle hovudønskja kan verta oppfylt med den enorme påmeldinga, men me lovar alle eit tilbod. I forarbeidet til dette prosjektet har det og vore godt samarbeid med skulekorpsa på Toftøy og Rong med tanke på

aspirantopplæring. Den gode dialog har ført til at me vil kunna tilby 2 timar med aspirantopplæring til kvart korps denne hausten.

Øygarden samarbeidar tett og godt med Fjell kulturskule om dette prosjektet.

Ein har og fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet, både for 2010 og 2011 som gjer at prosjektet no er ein realitet.

Møter med lag og organisasjonarKulturkontoret vil invitera dei ulike gruppene av lag til eit dialogmøte utover denne hausten.

Det vil koma innkalling spesifikt til kvar gruppe av lag om dette. Det vil vera viktig at laga kjem på dette møte for utveksling og dialog rundt alt som har med kulturlivet å gjera.

– hand i hand

Jens Holstad med elevar i kulturskule. Arkivfoto: Øygarden kommune

Page 12: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

12 Nyhendemagasinet Øygarden

Det politiske hjørnet

Antall kvinner i politikken bør spegle samfunnet

Ved førre kommuneval vart det valt inn 8 kvinner. Målet er å koma så nær annan kvar kvinne og mann som mogeleg. Kommunestyret i Øygarden, der det i dag er overvekt av menn, er heilt klar på at kvinner på lik line med menn skal ha viktige posisjonar i øygardspolitikken, kommunestyret, formannskap og andre politiske verv. Difor har Øygarden vore med i eit fire år langt prosjekt kalla Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

Valet – eit demokratisk ansvarNominasjonskomiteane har fått med seg 46 kvinner på listene. Av desse er 3 kvinner på topp og det er 10 kvinner med stemmetillegg (kumulert). – Dette er me godt nøgd med. Veljarane har også eit demokratisk ansvar for å syte for at lokalpolitikken også bør spegle

samfunnet. Kvinner har andre røynsler enn menn, kan tilføra politikken perspektiv og setje nye saker på dagsorden, seier prosjektleiar Aud Karin Oen til NyhendeMagasinet.

Personrøyster frå veljaranePå nettstaden til regjeringa.no finn ein informasjon om korleis ein kan gje personrøyster. Veljarane kan gje éi personrøyst til så mange av kandidatane på lista som dei ønskjer. Dette gjer dei ved å setje eit merke ved namnet på kandidaten på røystesetelen. Også kandidatar som står med utheva skrift, kan få ei personrøyst. Veljarane kan også gje personrøyster til kandidatar som står på andre lister enn den lista dei røystar på (slengjarar). Dette gjer dei ved at dei skriv namnet på desse kandidatane i eit eige felt på røystesetelen.

På Statistisk Sentralbyrå sin likestillingsindeks for 2006 ligg Øygarden på 334. plass blant landets 430 kommunar. Ein av indikatorane er talet på kvinnelege kommunstyrerepresentantar, som for Øygarden sin del var fire av 23 representantar i forrige valperiode. I formannskapet var ein av fem representantar kvinne, og blant fem hovudutvalsleiarar var det ei kvinne.Øygarden kommune er med i prosjektet ”Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken” i regi av Kommunal- og regionaldepartementet, saman med 21 andre kommunar i landet. Prosjektperioden er frå 2007 til og med 2012. Målet er å auke talet på kvinner i politiske styre og utval etter valet den 12. september.Kommunestyret i Øygarden er klar på at kvinner skal, på lik line med menn, ha viktige posisjonar i øygardspolitikken. Det sikrar mangfald og gode tenester. Med økonomisk støtte frå departementet, har ei tverrpolitisk prosjektgruppa gjennomført ulike tiltak som kan gjera det meir attraktivt for kvinner å delta i politisk arbeid.

• Kommunestyre på dagtid• Føreseielege møtetider• Godtgjersle til barnepass• Skulering i : korleis takle

herskarteknikkar, ta ordet kurs, mediatrening, styrekurs

• Nettverksbygging • Styrking av politikarrolla• Mentorordning for nye kvinnlege

listekanditatar

Målsetting for arbeidetMålet for kommunevalet i Øygarden er at ein skal ha annan kvar kvinne og mann i kommunestyret og at kvinner skal få reel makt når politiske verv vert fordelt!

Godt val!

Fakta

Ved valet den 12. september avgjer innbyggjarane i Øygarden korleis lokalsamfunnet skal formast dei neste fire åra. I år kan dei velja mellom 46 kvinnelege listekanditatar som vil gjera ein forskjell og bidra til utvikling av kommunen.

Brosjyrematriell for AnnanKvar-kampanjen: Ordførarkandidatane Aud Karin Oen, Trine Overå Hansen og Anne-Grethe Solbakk. Bak: Silvia Haugland - Tvø, Mette Skaar Østgulen - FrP, Liv Edel Mikkelsen - AP. Illustrasjon: Tor Stian Ramsøy

Page 13: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

- Ein fokuserer først og fremst på å posisjonera rolla til Øygarden som eit sentrum for all aktivitet på øyane der det går bruer ut frå sentrum til alt som skjer i regionen.

- Merkevara Øygarden er bygt på at Øygarden er ein handlekraftig kommune som skapar verdiar for lokalsamfunnet både gjennom eige virke og som ein katalysator for ekstern aktivitet– eit nav i lokalsamfunnet.

- Ein går ut frå teorien om at verdiar og synergiar vert skapt når menneske møtest, og

at det difor er viktig med ein aktiv brubyggjar som sørgjer for at det oppstår samhandling.

- Ein byggjer like mykje status på dei ulike einingane som for kommunen som ein heilskap:

Servicetorget – byggjer bruer mellom kommune og innbyggjar og mellom aktørar.

Barnehage og skule – byggjer bru mellom barn og vaksne, mellom barndom og vaksenliv.

Pleie, omsorg helse – byggjer bruer mellom pleier og pleietrengjande.

Teknisk – byggjer bruer mellom det offentlege ansvar og dei private ønskja/behova.

Barnevern og sosial – byggjer bruer mellom eit problem og ei løysing.

Øygarden kommune – Brubyggjaren – navet som får lokalsamfunnet til å vekse og bløme.

Brubyggjaren

Nyhendemagasinet Øygarden 13

Visjonar

• mellom innbyggjarane

• mellom kommune (tenester) og innbyggjar

• mellom næringslivsaktørar

• mellom reiselivsaktørar

• inn mot sentrale styresmakter

• inn mot sentrale strøk • mellom øyane

• mellom barndomen og vaksenlivet

• mellom yrkeslivet og pensjonisttilværet

• inn mot nabokommunane

Foto

: Jul

ian

Bell

Page 14: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

14 Nyhendemagasinet Øygarden

Tema

Helse vert skapt der folk lever og bur. Gjennom kommunen sine ordinære verksemder og planar for t.d skular, barnehagar, kultur, bygg og anlegg , helse, osv skal kommunane leggje til rette for trygge og helsefremjande miljø og stimulere innbyggjarane til ein sunn livsstil. Helseadferd er det vi aktivt kan gjere for å redusere risiko for sjukdom, få overskot i kvardagen og fleire gode leveår.

Dagleg risiko og førebyggingRisikofaktorar som tobakk, alkohol, kosthald, fedme og fysisk inaktivitet påverkar førekomsten av folkesjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, kroniske lungelidingar, diabetes og kreft. Type 2 diabetes er dobla dei siste 30 åra. Ein av fem vaksne har fedme. Den gode nyheita er at så mykje som 80 % av hjarte- og kar sjukdommar, 90 % av type 2 diabetes, og 30 % av krefttilfella kan førebyggjast.

Resept for alle, uansett alder, er auka fysisk aktivitet! Alle menneske bør vere fysisk aktive minst 30 min kvar dag. Intensiteten børe vere minst middels, t.d ein rask spasertur, og den skal vere slik at hjartet ditt slår ein del hurtigare enn vanleg. God kondisjon gjev meir energi i kvardagen.

Stor helsegevinstDu reduserer sjansen til å få tette blodårer,

høgt blodtrykk og hjartesjukdom, kreft, beinskjørheit osv. Det gir betre søvn, og det førebyggjer muskel og skjelettplager. Forsking viser og at fysisk aktivitet kan hjelpe ved psykiske lidingar, og den kan betra funksjonsevna ved kroniske sjukdommar som astma og diabetes. Ei anna god nyheit er at risikoen for hjarteinfarkt vert redusert berre 24 t etter at du sluttar å røykje, og etter 2-4 år er faren for hjarte-karsjukdom betydeleg redusert.

Førebygg tidleg Nyleg høyrde vi på nyheitene at overvekt og fedme blant born i 3.klasse er eit større problem i Norge enn i USA. Årsak er lågare aktivitetsnivå. Born blir i stor grad kjørt til skular og fritidsaktivitetar. Undersøkingar viser at born i 11 års alderen sit ca 3 timer framfor pc-en kvar dag, og dei brukar ca 20 timer pr veke framfor tv. Skal vi lukkast med folkehelsearbeid i Øygarden er det viktig at kommunen, frivillige lag og organisasjonar, politikarar og innbyggjarane generelt er med og tek eit tak. Kom gjerne med innspel og idear. Det er mykje godt folkehelsearbeid i kommunen vår allereie, og meir skal det bli.

GRØN RESEPT på FrisklivssentralenEin Frisklivssentral er under utarbeiding i kommunen. Her kan du koma å få vegleiing og oppfølging innan helseadferd. Frisklivssentralen kan gje deg ein såkalla GRØNN RESEPT hos lege, (og andre) for deretter å få hjelp til å starta endra adferd. Det vil koma informasjon ut til alle innbyggjarane i kommunen når Frisklivssentralen er på plass.

Ha ein fin haust, og ta vare på helsa di!

Folkehelse er i fokus og vi høyrer stadig om kor viktig det er å ta vare på helsa vår. Ei ny lov om folkehelse trer i kraft om kort tid. Denne gjev kommunar og fylkeskommunar eit større ansvar i høve til folkehelse enn tidlegare.

Du har vel merka det du og!Folkehelse på kartet i Øygarden

Definisjoner begrepsavklaringer om folkehelse

FrisklivstilbodFrisklivstilbod kan definerast som individ- og grupperetta tiltak for å fremje godhelseåtferd og for å sikre sosiale fellesskap.

Frisklivssentral (FLS)Ein frisklivssentral (FLS) er eit kommunalt kompetansesenter for rettleiing og oppfølgingprimært innanfor helseåtferdsområda fysisk aktivitet, kosthald og tobakk.Frisklivssentralen har eit strukturrert ”vise til” - og oppfølgingssystem for personar medbehov for å endre helseåtferd. Sentralen kan i tillegg fungera som ein ressurs og eitkontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Frisklivsresept: GRØN RESEPTEn frisklivsresept er ein blankett for henvisning til ein frisklivssentral etter ein helse- og sosialfaglig vurdering. Denne gir tilgong til tidsavgrensa og strukturert rettleiing og oppfølgingstiltak innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk.

HelseåtferdHelseåtferd er åtferd og levevanar som har stor påverknad for helsa. Noen av de mest kjente eksempla er kosthald, fysisk aktivitet, tobakksbruk, alkoholbruk, seksualvanar og bruk av illegale rusmidlar.

FolkehelsearbeidFolkehelsearbeid er samfunnets totale innsats for å oppretthalde, betre og fremme Innbyggjarane si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidrar til betre helse.

Helsefremmande arbeidHelsefremmande arbeid er en prosess som gjør at den enkelte så vel som fellesskapet får meir kontroll over forhold som verkar inn på helsa, og som dermed gjør den enkelte i stand til å betre sin egen helse.

Sjukdomsførebyggjande arbeidSjukdomsførebyggjande arbeid er innsats for å forhindra eller utsette sjukdomsforløp (primærførebygging), alternativt forhindre forverring eller vidareutvikling av sjukdom (sekundær førebygging), alternativt minske konsekvensane sjukdommen får for funksjon og livskvalitet (tertiær førebygging).

Låg terskeltilbodKjenneteikna for låg terskeltilbod er at dei er lett tilgjengelege fysisk, sosialt og kulturelt. Barrierar for deltaking er redusert slik at det blir enklare å delta. Låg terskeltilbod krev ikkje attestering frå lege, dei er opne for alle.

Personalet ved Familiens Hus henter inspirasjon ved Skogsøy.

Page 15: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 15

Det skjer i Øygardenhausten og vinteren 2011Her finn du ei oversikt som syner mange av aktivitetane som føregår i kommunen dei næraste månadane fram mot jul. Her vil det vera noko for ein kvar smak vil vi tru. Følg også med i lokale media, oppslag, arrangør- og kommunen si hei-meside for meir detaljert informasjon.

Har du arrangement som skal vera med i kulturkalenderen?Lag og foreningar som ønskjer å publisere arrangement i kalenderen kan kontakta kulturkontoret, det er gratis arrangementoppføring i kalendaren.

Du kan sende e-post til: [email protected] eller ringja servicetorget på telefon 56 38 20 00.

Oppføring i nettutgåva skjer etterkvart på www.oygarden.kommune.no

Frivilligsentralen er med på ulike aktiviterer og arrangement sammen med andre frivillige organisasjoner i Øygarden. Denne kalenderen gjeld fram t.o.m desember (utenom helligdager).

Kvar fredagSeniortreff på Rong senterkl. 11.00 - 13.00

Kvar onsdagKUL - TUR, turer med lokake guiderkl. 11.00

Den første tydsdagen kvar månadStrikke- og Heklekafe På Tednebakkane Omsorgsenterkl. 18.00 - 21.00

Anna kvar tysdagHandyklubb på Tjeldstøkl. 18.30 - 21.30

Anna kvar tysdagMatklubb på Øygarden Ungdomsskulekl. 17.30 - 20.30

Frivilligsentralen Øygarden kommune

Annakvar torsdag (t.o.m 8. des)Småbarnstreff på øygarden helsestasjonkl. 10.30-12.30

Kvar torsdag (t.o.m 03. nov)Min tur - tur saman med politikaraneSjå turglede-brosjyra for detaljarkl.18.30

23. oktoberTV Aksjonen

Kultur

MIN TUR program hausten 2011Dato Tur Turleiar Oppmøte 25-aug MotAnekletten OlavMartinVik KaienpåVik 01-sep Tjeldstømarka OttoHarkestad BedehusetpåTjeldstø 08-sep Vikåsentilbølgekraftverket VilliePetroNygård ParkeringsplassenpåTeknologisenteret 15-sep Knarviksmarka LivEdelMikkelsen BlomvågKyrkje 22-sep RundtSteinsvatneet SilviaHaugland ParkeringsplassenvedbussterminalpåBlomvåg29-sep Ditlefhytta KjetilRong RongLaks 06-okt Ingenturdennedagen 13-okt Oen AudKarinOen Oenbedehus,påparkeringsplassen 20-okt GravplassenpåBakken,Seløy AnneLiseGrøm Vedgravplassen 27-okt StienvedHjelmekyrkje TrineHansenOverå Bakkenskule 03-nov Ormhilleren BørgeHaugetun ParkeringsplassenpåOrmhillerern

Dato Tur Turleiar Oppmøte 17-aug Vikåsen NorvaldVik ToftøyVassverk 24-aug Ditlefhytta OddRong ParkeringvedRonglaks 31-aug Tjeldstø BeritogHåkonØstgulen BusstermminalenpåTjeldstø 07-sep Blomvåg KåreBlom ParkeringiBlomåsen 14-sep Ormhillern RoaldAtleFurre ParkeringsplassenpåOrmhilern21-sep Oen/Herdlevær EleriMaiOenFossem ParkeringsplassenvedKystmuseet 28-sep Sæle/Hjelme RobertSæle GamlebutikkenpåSæle 05-okt Vikåsen NorvaldVik ToftøyVassverk 12-okt Ditlefhytta OddRong ParkeringsplassvedRongLaks 19-okt Oen/Herdlevær EleriMaiOenFossem Parkeringsplassen ved Kystmuseet 26-okt Hellesøy SisselHellesøy SkilttilSprengsneset 02-nov Ormhillern RoaldAtleFurre ParkeringsplasspåOrmhillern 09.nov Blomvåg KåreBlom ParkeringsplasspåBlomåsen16.nov Tjeldstø BeritogHåkonØstgulen BussterminalenpåTjeldstø 23.nov Ditlefhytta OddRong ParkeringvedRonglaks 30.nov Sæle/Hjelme AnnbjørgSæle Sælekryssen

KUL-TUR program hausten 2011

Annakvar torsdag

SMÅBARNSTREFF

Page 16: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

16 Nyhendemagasinet Øygarden

Har du ei oppskrift til

For hausten 2011 ønskjer dei to driftige damene at oppskriftene frå matklubben skal verta ei kokebok for Øygarden. Alle kan ta del og få med favorittoppskrifta si!

Korleis oppstod ideen om matklubb?Anette svarar. Mange har ulik kompetanse og røynsler. Å dela matoppskrifter har med vidareføring av tradisjonar å gjera. Matklubben kan vera ein måte å føra vidare god kunnskap. Cindy svarar. Kvardagsmaten er viktig. Oppskrifter på klubbmat og festmat er vi flinke til å dela på, men dei kjappe og greie rettane vi har på tysdag og torsdag er ofte rettar vi ikkje snakkar så mykje om. I matklubben er vi opptekne av å ikkje stressa, og laga den heilt vanlege kvardagsmiddagen.

Kvifor er det viktig for dykk å lage maten saman?Med deltaking lærer vi meir. Vi hugsar på ein annan måte enn om vi berre ser på at andre lagar mat. Klubben er på Rong

skule. Der får vi ein felles arena som alle har ansvar for å gjera triveleg. Ved å samlast på nøytral grunn treng ikkje den einskilde å vera vert eller vertinne.Alle deltek ut frå sine føresetnader. Ein person er rettleiar for oppskrifta for dagen. Det avtalar vi frå gong til gong. (Neste rettleiar avtalar vi etter at vi har ete.)

Har de nokre ønskje for framtida?Vi har ein visjon om at matklubben skal ha eit større aldersspenn, betre kjønnsfordeling og fleire nasjonalitetar. Vi vert begge inspirert av å skapa ein sosial møteplass. Det er inspirerande å vere ein del av ein samlande aktivitet. Gjennom matklubben set vi større pris på kvardagsmaten i Øygarden.

Ønskje om fleire ungeMatklubben er ingen “hønseklubb”, det er ein MAT klubb. Det kan vera ein fin familieaktivitet, ein arena for å gjera noko i lag. Vi ønskjer fleire ungdomar med oss, gjerne saman med far eller mor.

Det er inga påmelding til matklubben, og inga forplikting i deltakinga. Gratis er det og. Første gongen du vil koma kan du gjerne ta ein telefon om du lurer på noko.

Anette Rong: 926 81 868 Cindy Bibow: 413 11 790 Frivilligsentralen: 56 38 20 23

Fakta

Sidan januar i år har matklubben ”kokkelert” annan kvar tysdag på Rong skule. To eldsjeler, Anette Rong og Cindy Bibow, starta matklubben.

Opplegget er slik:• Anette eller Cindy møter kokken for

dagen på Rong senter. Saman går vi og handlar. Matpengane vert dekka av Frivilligsentralen i Øygarden.

• Alle møtest på skulen til kl. 17.30. Kokken for dagen, Anette eller Cindy går gjennom oppskrifta. Slik får vi heilskapen i retten tydeleg med oss.

• Vi deler oss i grupper.• Gruppene deler oppgåvene seg i mellom.• Når maten er klar, dekkar vi bordet og et.• Etter maten ryddar alle, slik at lokalet er

like reint og fint som då vi kom.• Anette og Cindy ser over lokalet og gjev

beskjed når vi er ferdig med ryddinga.

Cindy og Anette ventar på oppskrifta di… Foto: Øygarden Media

Øygarden si eiga kokebok?

Kommunen informerar

Page 17: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 17

Helge Kleven Fagleiar barnevern Alder: f. 1969Sivil stand: gift, 3 bornBur: Brattholmen

Bakgrunn/ erfaringUtdanna sosionom med vidareutdanning i rettleiing. Har arbeidd som sakshandsamar og fagrettleiar i barnevernstenesta i Bergen, Laksevåg bydel i 13 år.

Kvifor jobba i Øygarden?“Stillinga var freistande då Familiens hus er tilrettelagt for tettare samarbeid mellom dei ulike avdelingane som jobbar med målgruppa til barnevernstenesta. Det var og attraktivt å virka i ein mindre kommune.”

Tankar om jobben“Eg ønskjer at Barnevenstenesta skal ha tillit hos innbyggjarane i Øygarden. At folk opplever at vi er til hjelp når dei treng det. Vi skal vera eit lågterskeltilbod, der t.d. foreldre sjølve kan kontakta oss for drøfting av spørsmål å få råd når dei treng det.”

Stian Christer HansenFagleiar psykiatri Alder: f. 1980Sivil stand: gift, 1 barnBur: Drotningsvik

Bakgrunn/ erfaringUtdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri. Har arbeidd ved Sandviken sykehus, akuttmottak, psykiatrisk ambulanse, forsvaret, vakt/ tryggleik, troppssjef i sivilforsvaret og ambulansesjåfør.

Kvifor jobba i Øygarden?Stian søkte stillinga fordi han syntes måten Familiens hus jobbar på, med tverrfagleg innfallsvinkel, er svært spennande.

Tankar om jobbenDet er ein spennande jobb, der eg har mykje å læra. Eg ønskjer å få bruka meg

sjølv og bidra positivt med det eg har av kunnskap og erfaring. Målet for tenesta er at det skal vera lett for innbyggjarane å ta kontakt når dei treng det. Dei må tora å ringja når livet går dei i mot og dei treng hjelp.

Jarle KvalvikKommunalsjef tekniske tenesterAlder: f. 1969Sivil stand: sambuar, eit barnBur: i Fjell

Bakgrunn/ erfaringMaster i eigedomsutvikling/forvaltning, off-shore ingenør, Teknisk fagskule, fagbrev i finmekanikk, leiarutdanning frå forsvaret, økonomiutdanning frå NHH. Arbeidd i Bergen og omegn boligbyggelag, leiarteamet. Universitetet i Bergen, eigedomsavdelinga. Offshore og i militæret, med kapteins grad.

Kvifor jobba i Øygarden?Jarle er ei rastlaus sjel som stadig søkjer nye utfordringar og menneske å bli kjend med. Kombinasjonen av nysgjerrigheit og ei oppfatning av ei spennande kommunal forvaltning, førte han til Øygarden.

Tankar om jobben“Her er mykje å ta fatt i. Spesielt å forvalta eigedomsmassen på ein effektiv måte med m.a. fokus på miljøet. Eg er oppteken av å definere kva andlet vi skal ha ut mot publikum og korleis vi kan samarbeida på ein god og konstruktiv måte”

Martha LandroRådgjevar, førebyggjande tiltak, Familiens husAlder: f. 1962Sivil stand: einsleg, 1 barnBur: Fjell

Bakgrunn/ erfaringUtdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie og rettleiing.

Kvifor jobba i Øygarden?Martha søkte stillinga fordi ho meiner at ideen bak måten Familiens hus vert

driven på er framtida. Tidleg hjelp til dei som treng det i eit tverrfagleg samarbeid, gjer at folk lettare klarar seg sjølve, utan profesjonell hjelp. - “Livet er av og til vanskeleg for alle. Då treng vi alle drahjelp, seier ho.”

Tankar om jobbenMartha gler seg til å ta fatt på arbeidet i Familiens hus. Ho har mykje å læra av øygardsfolket, og ser fram til å bidra med kunnskapen sin til dei som treng det og samstundes få auka eigen kompetanse i samhandling med andre.

Odd - Terje KarlsenIKT- sjef Alder: f. 1960Sivil stand: giftBur: Askøy

Bakgrunn/ erfaringTerje er ein nysgjerrig, sjølvlærd it-mann med mykje kursing og realkompetanse. Han har vore med å byggje opp Posten sitt nettverk frå PC-ens tidlege start. Driftsansvarleg i Posten frå 1987 og avslutta i Ergo-group som sikkerheitskoordinator.

Kvifor jobba i Øygarden?Odd Terje vart headhunta til stillinga. Han finn det svært spennande og utfordrande å ta til i ei stilling i Øygarden, og ser at her kan han ha ei framtid.

Tankar om jobbenOdd Terje ønskjer å etablera eit IKT-forum i kommunen. Han tenkjer heilskapleg og er opptatt av effektivisering, automatisering og samhandling, både mellom menneska han samarbeidar med og verktøyet han har ansvar for. Gode rutinar og tidleg involvering i alle prosessar. Han ser positivt på ei harmonisering av programvarene - knytt til framtidig samarbeid mellom kommunane: Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Page 18: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

18 Nyhendemagasinet Øygarden

Kommunen informerar

Innbyggjarinitiativet – din sjanse til påverknadFaktainformasjon om Øygarden kommuneØygarden kommune har 5 kundevertar på Servicetorget:Ingunn Teigen, Torill Hellesund, Silvia Haugland og Inger Helen Hellesund, Thor Wilthil

Telefon: 56 38 20 00 mandag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30

Ordførar: Olav Martin Vik (TVØ)Rådmann: Torgeir Sæter

Folketalet pr 1.7 2011: 4300Areal: 64,2 km2Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture)Tal nye bustadar i 2011: ca 30Ledige tomtar hus: om lag 800Ledige tomtar hytter: om lag 10

Tilsette i kommunen: 379 årsverkElevtal ved skulane: 613Antal ungdomsskular: 1 Øygarden UngdomsskuleAntal borneskular: 5Alvheim skule, Bakken skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skuleBorn i bornehage: 248Antal bornehagar: 3 kommunale / 4 privateKommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehagePrivate:Havly barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage, Brum familiebarnehage

Born i kulturskulenpr aug-11: om lag 230

Anlegg2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra StadionSymjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden Rådhus

Nyttig kontaktinformasjonSentralen: 56 38 20 00Øygarden Bibliotek: 56 38 22 20Kystmuseet i Øygarden: 56 38 50 50Viktig kontaktinformasjon:FAX: 56 38 22 31Legesenter dagtid: 56 38 21 10Legesenter ettermiddag/kveld: 56 38 93 00

Viktige nettstaderwww.oygarden.nowww.godesirklar.nowww.naturgassparken.no

Send oss e-post til:[email protected]

Organisasjonsnummer: 938 766 223

Besøksadresse:Øygarden Rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 RongPostadresse:Øygarden kommune, 5337 Rong

I 2003 fekk Kommunelova eit nytt kapitel om inbyggjarinitiativ.

Der står det:Kommunestyret eller fylkestingetpliktar sjølv å ta stilling til eitforslag som gjeld kommunenseller fylkeskommunens verksemd,dersom minst to prosent avinnbyggjarane, alternativt 300 ikommunen eller 500 i fylket, stårbak forslaget.

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til forslaget seinast seks månadar etter at det er fremja.

Initiativtakarane skal informerast om dei avgjerder som vert gjort og dei tiltak som eventuelt skal gjennomførast som følgje av forslaget.

Kommunestyret eller fylkestingetskal ta stilling til forslaget seinastseks månadar etter at det er fremja.Initiativtakarane skalinformerast eventuelle avgjerder eller tiltak.

Eit forslag kan ikkje påklagastmed mindre dette følgjer avandre reglar.

1

2

3

4

Send oss forslag på [email protected] - Merk forslaget med “Innbyggjarinitiativet”

Ut på tur

Vi har ønskt å få ut meir informasjon om korleis ein kan finna fleire av stiane i Øygarden. Ofte kan inngangen til ein sti vera vanskeleg å finna, sjølv om den er godt merka.

Me skal dela på naturen og gjera den tilgjengeleg for andre. Me vil dele dei gode turopplevingane. Fleire eldsjeler har vore guidar på turar i skog og mark onsdag formiddagar. Desse turane kallar vi KUL-TUR. Entusiastiske politikarar er guidar på Min Tur torsdag ettermiddagar i haust.

No er mange stiar registrerte med GPS. Lokale turentusiastar har gjort dette arbeidet for oss, slik at me har fått fine kart knytt til kvar tur. Dei har teke gode informative bilete.

I kvar artikkel står det og kvar ein kan parkera bilen.

På heimesida, under kultur og fritid, finn du alle turane med turomtale, bilete og kart. Fram til 30.november har vi lansert ein tursti konkurranse. Går du alle 10 turane og klipper i

konkurranseheftet med merkeklipperane er du med i trekninga av fine premiar. Premie er ein GPS for vaksne og ein Ipod for born.

Hugs å rydda etter deg. Bandtvang gjeld heile året. Bålbrenning er ikkje lov fram til 15.oktober. Kart og meir informasjon får du på servicetorget.

Det er allereie registert mange på tur og ikkje minst ser ein det igjen at personar har satt sitt namn i turbøkene som ligg i postkassane rundt ikring på stiane.

God tur og husk klippekort:-)

Dei som er frå Øygarden kjenner til mange av dei fine tur-løypene. Fleire veit om stiar i sitt eige nærområde og brukar desse flittig.

– brubyggjaren

Turglede for store og små i Øygarden

Øygarden satsar på folkehelsa:3 TursTi konkurranse med klippekort3 Min Tur: Politikarane inviterer3 Kul-Tur: Formiddagsturar med guide

KUL-TUR19. okt – Ny

oppmøteplass, parkeringsplassen v.

Kystmuseet.

Page 19: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

Nyhendemagasinet Øygarden 19

5på servicetorget

Spørsmål: Har 22. juli endra di haldning til valet denne hausten?

Trond Trygg33, Torsvik

Nei. Sympatistemme vil nok ikkje koma frå meg – i alle høve er det viktig å bruka røysteretten.

Bente Eknen 25, Austemarka

Nei, eg har alltid røysta.

Renate Herdlevær28, Nordre Sæle

Nei. Eg står på mitt, og har alltid brukt røysteretten.

Margit Karlsen Nautnes

Eg har alltid brukt røysteretten slik ein skal gjera. Slik sett har eg ikkje endra meg, men eg kjenner meg utrygg desse dagane.

Nyhendemagasinet har lodda stemninga før valkampen startar. Eit kommuneval som har fått ein heilt uvanleg og vanskeleg start. Vil dette påverka øygardsværingane undrast redaksjonen.

Anne Helen Drange Torsvik27, Torsvik

Nei. Eg synest politikarane har takla situasjonen flott, og er har alltid brukt røysteretten min.

TV-aksjonen 2011 – arbeid mot miner

Dei innsamla pengane skal gå til arbeidet med å rydda miner og klase-bomber som ligg igjen etter krig og konflikt.

Kulturkontoret og Frivilligsentralen er ansvarlege for gjennomføringa.

Årets TV-aksjonen er tildelt Norsk Folkehjelp.

Page 20: Nyhendemagasinet 2011 nr. 2

ei heil rekkje øyarog eit ope samfunnknytt saman av bruer

himmel og havmed vill og ekte natur ein stad for gamal og ung

eit stolt folkder framtid og historie går hand i hand

ein stad der arbeid og fritidskaper gode dagarher vil vi bu

– brubyggjaren

Nyhendemagasinet