3
Kvammakoret og Norges Korforbund Hordaland inviterer til songarstemne i Norheimsund 20. – 21. mai 2017. «Når det blomstrer i Hardanger»

«Når det blomstrer i Hardanger» - Norges Korforbund til...bubil eller campingvogn. Dei som ynskjer overnatting kan sjølv tinga plass på Thon Sandven Hotell i Norheimsund (telefon

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: «Når det blomstrer i Hardanger» - Norges Korforbund til...bubil eller campingvogn. Dei som ynskjer overnatting kan sjølv tinga plass på Thon Sandven Hotell i Norheimsund (telefon

Kvammakoret og Norges Korforbund Hordaland

inviterer til songarstemne i Norheimsund

20. – 21. mai 2017.

«Når det blomstrer i Hardanger»

Page 2: «Når det blomstrer i Hardanger» - Norges Korforbund til...bubil eller campingvogn. Dei som ynskjer overnatting kan sjølv tinga plass på Thon Sandven Hotell i Norheimsund (telefon

Kvammakoret har fått arrangementsansvar frå Norges Korforbund Hordaland til å laga songarstemne i Norheimsund helga 20. – 21. mai 2017. Dersom våren blir som i eit normalår, vil det vera midt i fruktbløminga i Hardanger. Det er derfor ikkje berre korsong som kan gje opplevingar i Hardanger denne helga.

Kor frå andre kantar av landet enn Hordaland er også velkome til å melda seg på som deltakarar, men vi set ei grense på 600 deltakande songarar. Her gjeld det å vera tidleg ute med påmelding!

Det vert eit stemne med tradisjonelt opplegg: Opptog i sentrum ved opninga om laurdagen, konsertar seinare på dagen og songarfest med mat og dans i idrettshallen om kvelden. På søndag er det musikk-gudsteneste i Norheimsund kyrkje med kor-konsert etterpå dersom det er nok påmelding til det.

Vi skal ha konsertar på 3 ulike stader: Norheimsund kyrkje, Norheimsund Skule og Norheimsund Bedehus. Alle desse ligg tett på sentrum, er gode konsertlokale og ligg i gåavstand frå kvarandre. Det vert derfor godt høve til å veksla mellom konsertlokala for tilhøyrarane eller gå rundt i sentrum av Norheimsund for dei som ynskjer det.

Mat og drikke vil de få kjøpt midt på dagen på Norheimsund Skule eller på serveringsstader i Norheimsund Sentrum. Nærare informasjon om dette vil deltakande kor få tilsendt i god tid.

Deltakarkora bør setja opp prioriterte konsertlokale, men vi tek atterhald om at det kan bli nødvendig å koma med forslag om endringar dersom det er nødvendig.

Parkeringstilhøva rundt konsertlokala er gode og vi skal også finna plass til dei som kjem i bubil eller campingvogn. Dei som ynskjer overnatting kan sjølv tinga plass på Thon Sandven Hotell i Norheimsund (telefon 56552088), Hardangerfjord Hotel i Øystese (telefon 56556300) , Mo Camping (telefon 56551727) eller Hardanger Feriesenter.

Kvammakoret har oppretta ei eiga side på Facebook der det vert lagt ut informasjon etter kvart som vi har noko nytt å melda. De kan også ta kontakt på e-post, eller telefon til leiar i hovudkommiteen på dei adresser som er sett opp nedanfor.

Velkomne til stemne i Norheimsund! Vi ser fram til opplevingsrike dagar 20. og 21. mai!

E-post: [email protected]

Telefon: Torleiv Ljones: 913 47 997

Påmeldingsskjema på neste side:

Page 3: «Når det blomstrer i Hardanger» - Norges Korforbund til...bubil eller campingvogn. Dei som ynskjer overnatting kan sjølv tinga plass på Thon Sandven Hotell i Norheimsund (telefon

PÅMELDING TIL SONGARSTEMNE I NORHEIMSUND 20. – 21. MAI 2017.

Namn på koret: …………………………………

Tal kormedlemer som vert med på stemnet: ………………

Deltakarar på songarfesten: ……………..

Ynskeleg konsertlokale: pr. 1………………………… pr. 2 ………………………………

Ynskjer å delta på Singers Corner: JA NEI (Stryk det som ikkje passar)

Kontaktopplysningar:

Kontaktperson- namn og e-post: ……………..

Telefon:………………

Postadresse:………………

Påmeldingskontingent pr. kor: kr 800,-

Betalingsfrist 15. januar, (Vert ikkje tilbakebetalt ved avmelding.) Deltakaravgift pr person: kr 400,- Betalingsfrist 1. april. (Vert ikkje tilbakebetalt ved avmelding seinare enn 1. mai.)

Songarfest på laurdag med middag, kaker, kaffi og dans: kr 500,- pr stk. Betalingsfrist 1. april. (Vert ikkje tilbakebetalt ved avmelding seinare enn 1. mai.) Faktura med ulike forfallsdatoar vil bli tilsendt 2. januar 2017.

Påmeldingsadresser:

Kvammakoret Tangavegen 36, 5620 Tørvikbygd E-post: [email protected]