12
Grunneigar møter Bane NOR

møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

  • Upload
    others

  • View
    4

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Grunneigar møter Bane NOR

Page 2: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Innhald

Denne brosjyren er for deg som skal, eller kanskje skal, gje frå deg grunn til nye jernbaneanlegg. Hensikta er å gje ei oversikt over kva som skjer frå ny jernbane blir planlagt til anlegget står ferdig.

3 Planlegging

Kommunedelplan Reguleringsplan Miljøoppfølgingsprogram

4-5 Grunnerverv

Bane NOR tek kontakt Etiske retningsliner Ekspropriasjon Teknisk og juridisk bistand ved grunnerverv Når den nye banen står ferdig

6-7 Erstatningar -

Erverv av heil eigedom Erstatning Korleis blir eigedomen verdsett Erstatningsbeløpet Inventar i avstått eigedom

8-9 Erstatningar -

Erverv av del av eigedomen Erstatning for grunnareal Erstatning for byggverk og vegetasjon Ulemper på attverande eigedom Landb ruk s- og sko gsar eal Erstatningssummen Mellombels bruk av areal til anleggsområde Tunnelar

10 Førehandsundersøkingar

Førehandsundersøkingar Arkeologiske undersøkingar Registrering av eigedomar Støy Strukturlyd

11 Anleggsperioden

Oppstart av anleggsarbeida Informasjon Ulemper frå anleggsarbeida Støv Anleggsskadar

2I Grunneigar møter Bane NOR

Anleggsperiode Grunnerverv

Reguleringsplan

Kommunedelplan

Page 3: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Planlegging

Planlegging Planlegging av ny jernbane skjer etter reglane i plan- og bygningslova. Dette inneber mellom anna at nye jernbaneanlegg blir planlagde gjennom kommunedelplanar og reguleringsplanar.

Kommunedelplan Kommunedelplanen er ein overordna plan der traseen for ny jernbane blir valt. Bane NOR lagar til vanleg grunnlaget til planen, og sender han over til kommunen. Kommunane legg planen ut til offentleg høyring, behandlar mottekne merknader og vedtek planen.

Planforslaget blir lagt ut i kommunen sitt lokale og på nettsidene til Bane NOR og kommunen.

Areal som inngår i kommunedelplanen kan bli lagt band på. Det inneber at utbygging av andre tiltak i strid med planen ikkje kan bli gjennomført. Planen gjev ikkje innskrenking på vanleg bruk og vedlikehald av eigedomen. Bandlegginga vil vere mellombels i påvente av reguleringsplan.

Reguleringsplan Detaljane blir bestemt i reguleringsplanen. Dette er ein detaljert plan som viser nøyaktig kvar den nye jernbanen skal gå. Planen viser blant anna kva areal han gjeld for, samt skråningar, fyllingar, støyskjermar og anleggsområde.

Reguleringsplanen er bindande for bruken av arealet innanfor planområdet. Det inneber at nye tiltak og ny bruk som er i strid med planen ikkje kan bli gjennomført. Planen gjev ikkje innskrenkingar på vanleg bruk og vedlikehald av eigedomen. Eksisterande bruk kan halde fram inntil ny plan blir gjennomført.

Bane NOR lagar også her til vanleg grunnlaget til planen og sender dette over til kommunen. Kommunane eller

Bane NOR legg planen ut på offentleg høyring. Bane NOR behandlar mottekne merknader og kommunen vedtek planen. Departementet vedtek statleg reguler-ingsplan. Direkte råka grunneigarar, offentlege etatar og frivillige organisas-jonar får planforslaget på høyring. Planforslaget blir også lagt ut i kommunen sitt lokale og på nettsidene til Bane NOR og kommunen. Regulerings-planen gjev gyldig grunnlag for ekspropriasjon i ti år frå planen er vedteken.

Miljøoppfølgingsprogram Bane NOR lagar eit program for miljøoppfølging i anleggsperioden som blir lagt ved planforslaget. Programmet omtaler kva vi skal byggje, korleis vi byggjer, og kva vi skal gjere for å unngå skadar og redusere ulempene i anleggsperioden.

Reguleringsplanen viser kva areal jernbaneutbygginga gjeld for og er bindande for bruken av arealet innanfor planområdet.

Grunneigar møter Bane NOR I3

Page 4: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Grunnerverv

Grunnerverv Bygging av ny jernbane krev areal og rettar. Arealbeslaget kan vere mellombels til anleggsområde eller permanent til nye jernbaneanlegg. Anleggsarbeida kan ikkje starte før det er inngått avtale med, eller er ekspropriert areal frå grunneigarane.

Bane NOR tek kontakt Bane NOR tek direkte kontakt med alle som må avstå grunn og rettar, og informerer om kva som skal skje og kva reglar som gjeld.

I tillegg blir det arrangert offentlege informasjonsmøte som rettar seg mot plan- og anleggsgjennomføringa generelt.

Grunnerverv tek utgangspunkt i dei vedtekne reguleringsplanane, men infor- masjon og samtaler om frivillige avtaler startar ofte før planen er vedteken (normalt eitt til to år før anleggsstart).

Bane NOR startar normalt arbeidet med saker om innløysing av bustader først. Forhandlinga kan resultere i ein avtale om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn.

Etiske retningsliner Bane NOR skal gje grundig informasjon om kva som skal skje og kva for retningslinjer som gjeld ved grunnavståingar. Det blir lagt stor vekt på lik handsaming av grunneigarane, og at alle avtaler er innan-

4I Grunneigar møter Bane NOR

for erstatningsrettslege reglar. Målet er å komme fram til minnelege avtaler om erstatning.

Ekspropriasjon Dersom det ikkje lukkast å inngå avtaler om avståelsen, har Bane NOR høve til å ekspropriere grunn og rettar både til mellombels og permanent bruk. Ekspropriasjon er ein prosess som inneber tvungen avståing. Da blir erstatninga fastsett i eit ekspropriasjonsskjønn ved domstolane. Det vil seie at erstatninga blir fastsett i ei rettssak. Avgjerda i skjønnsretten kan bli anka til lagmannsrett og Høgsterett.

Teknisk og juridisk bistand ved grunnerverv Bane NOR dekkjer utgifter til nødvendig teknisk og juridisk bistand både ved forhandlingar om erstatningar og i eit eventuelt skjønn. Grunneigar kan velje advokat fritt. Viss det blir mange advokatar i eit skjønn, kan Bane NOR krevje at grunneigarar med felles interesser nyttar same advokat.

Nødvendig teknisk bistand, for eksempel takstmann, blir dekt på same måte. Vi vil setje krav til mellom anna kompetanse, dokumentasjon m.m. i takstar, rapportar osv.

Utgifter til bistand i samband med behandling av kommunedel- og reguleringsplanar blir ikkje dekt.

Grunneigar med eigedom som blir råka, må ta kontakt med Bane NOR før ein engasjerer advokat eller sakkunnig slik at forutsetningar for oppdraget blir avklara. Bane NOR vil kunne setje vilkår om omfang og at personen som bistår har gode kunnskapar om fagfeltet.

Når den nye banen står ferdig Når anlegget er ferdig, held ein oppmålingsforretningar slik at nye grenser blir innmålt og tinglyst. Bane NOR kostar og sørgjer for gjennom- føringa. Varige rettsforhold blir også tinglyst på den enkelte eigedom. Dei varige rettsforholda går fram av dei avtaler som er inngått, eller skjønns- dokumenta etter ein ekspropriasjons- prosess.

Page 5: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Aksepterer avståing

og erstatning

A) Avtale

Plan

Figuren viser hovudlinjene i saksgangen ved grunnerverv. Saksbehandlar vil gje meir informasjon om korleis grunnervervet vil bli gjennomført.

Grunneigar møter Bane NOR I5

Avtale (kjøpekontrakt)

Anleggsstart

Aksepterer avståing, ikkje einig i erstatning

Anleggsstart

Skjønn

Aksepterer ikkje

avståing

C) Ekspropriasjon

ekspropriasjon

Skjønn

Anleggsstart

Page 6: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Erstatningar

Erstatningar Kva som blir erstatta, og prinsippa for korleis erstatningane skal bli avgjort, er fastlagt i lovverk og rettspraksis. Når det gjeld størrelsen på dei enkelte erstatningane er Bane NOR ofte avhengig av bistand frå takstmenn og andre sakkunnige.

Erverv av heil eigendom

Samtalar om erverv av heil eigedom startar normalt ca. to år før anleggsstart. Bustadeigedomar blir prioritert.

Erstatning Erstatninga skal minimum dekkje eigedomen sin marknads- eller bruksverdi.

Ved avståing av bustad er prinsippet at dersom erstatninga av marknadsverdien ikkje dekkjer nok til å halde eigar skadeslaus, skal erstatninga til vanleg dekkje kjøp av eigedom til tilnærma same bruk i same område. Dette prinsippet kan også gjelde fritidsbustader og eigen verksemd.

Unntaksvis kan nybygg vere aktuelt viss det ikkje er nok brukte bustader i marknaden.

Bane NOR dekkjer dokumentavgift / tinglysningsgebyr ved kjøp av ny bustad.

Flytteutgifter og naudsynte tilpassingar som grunneigar evt. må gjere med ny bustad kan også bli dekt. Bane NOR har ingen plikt til å tilby annan eigendom.

Korleis blir eigedomen verdsett? Normalt vil den enkelte grunneigar og Bane NOR innhente kvar sin takst som grunnlag til forhandlingane. Takstane tek vanlegvis utgangspunkt i marknadsverdien til eigedomen, der ein ser bort frå verdipåverknaden av jernbaneutbygginga eller planane for denne utbygginga.

Erstatningssummen Grunneigar kan få utbetalt erstatninga direkte, men erstatningssummen må først bli brukt til sletting av pant. Når alle pengehefta på eigedomen er sletta, bestemmer ikkje Bane NOR korleis grunneigar skal nytta resten av erstatninga. Unntaket er ved nybygging,

der utbetaling skjer i rater.

Erstatningssummen blir til vanleg utbetalt innan fire veker etter at naudsynte dokument er tinglyst og alle økonomiske hefte er sletta. Ved rettsleg skjønn skal erstatninga til vanleg bli utbetalt fjorten dagar etter at avgjera er rettskraftig.

Ved erverv av bustadeigedomar legg Bane NOR til vanleg opp til at erstatninga skal bli utbetalt eitt år før Bane NOR overtek eigedomen. I spesielle tilfelle kan eigedomen bli innløyst tidlegare.

Inventar i avstått eigedom Alle mur- og naglefaste innretningar følgjer eigedomen som ved eit vanleg sal. Grunneigar skal fjerne lausøyre. Eigedomen skal vere rydda og lausøyre fjerna når Bane NOR overtek.

6I Grunneigar møter Bane NOR

Page 7: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Alt areal på ein eigedom har ikkje alltid same verdi. (bokmålsteksten ligger i bildet og må erstattes)

Grunneigar møter Bane NOR I7

'¾.-.

Page 8: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Erstatningar

Erverv av del av eigedomen

Grunneigar skal ha erstatta sitt økono- miske tap som følgje av at eigedomen blir råka av ny jernbane. Her inngår også rettar på attverande eigedom, f.eks. til tilkomst og veg. Ved delavståing blir det økonomiske tapet vurdert som forskjellen mellom sals- verdien før og etter eigedomsinngrepet.

For produksjonsareal som jord- og skogbruk, knyter erstatninga seg til vanleg til avkastning (bruksverdien) frå dei avståtte areala.

Erstatning for grunnareal Verdien av arealet blir vurdert konkret for den enkelte eigedom på grunnlag av tomteprisen i området. Sjølv om ein skal sjå på verdi i forhold til situasjonen før arealinngrepet, blir som oftast verdien på arealet som blir avstått uttrykt i kroner per kvadratmeter.

Alt areal på ein eigedom har ikkje alltid same verdi. Faktorar som påverkar er:

Kva slags del av eigedomen som blir avstått. Ein grunnavståing nær husveggen gjev større reduksjon i attverande eigedoms salsverdi enn ein like stor arealavståing lenger vekke frå huset.

Areal med spesielle kvalitetar som sitjeplassar, utsiktspunkt, strandline, moglegheit for å dele frå eigedom osv., gjer at endringar i salsverdi må bli vurdert særskild.

Eigedomen sin størrelse før avståinga. Normalt er det slikt at dess mindre eigedomen er, desto meir vil verdien av attverande eigedom bli påverka av avståinga.

Erstatning for byggverk og vegetasjon Vegetasjon og plantningar blir verdsett ut frå den innverknaden dei har på omsetnadsverdien til eigedomen. Garasjar, småhus, byggverk på nærings- eigedomar irekna landbruks- eigedomar blir verdsett ut i frå kostnaden ved oppføring av tilsvarande bygning.

Frå anleggskostnaden blir det gjort frådrag bl.a. for tenelegheit, slitasje og elde.

Ulemper på attverande eigedom Det blir skilt mellom spesielle og allmenne ulemper.

Spesielle ulemper er ulemper på attverande eigedom som er ein direkte følgje

av arealavståinga. Eit eksempel kan vere vanskar med å utnytta restarealet (gjeld typisk næringseigedomar). Spesielle ulemper blir særskilt erstatta.

Allmenne ulemper er tiltak som rører ved ein større krets av eigedomar uavhengig av om grunnareal blir avstått. Gjelder for eksempel støv og støy. Allmenne ulemper blir normalt ikkje erstatta.

Erstatning for økonomisk tap kan likevel bli gjeve der ulempene overstig det som etter rettspraksis bør bli tolt i naboforhold.

Landbruks - og skogsareal For dyrka mark blir tapt inntekt erstatta med utgangspunkt i kva som til vanleg blir produsert på arealet. For skogsareal blir tapt inntekt erstatta med utgangspunkt i bonitet og skogstype.

Hogstmoden skog blir erstatta som om grunneigar selde tømmeret sjølv. Ung- skog blir vurdert ut i frå framtidig avkasting når skogen normalt ville ha blitt avverka. Ulemper for attverande eigedom blir erstatta. Eksempel på dette kan vere dårlegare arrondering og lengre køyreavstandar til eigedomen sitt landbruksareal.

8I Grunneigar møter Bane NOR

Page 9: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Erstatningssummen Erstatning blir til vanleg utbetalt direkte til grunneigar innan fire veker etter at avtale er inngått. Ved større erstatningar blir panthavarar vanlegvis orientert. Når erstatning er gjeve per kvadratmeter vil hovuddelen bli utbetalt ved avtaleinngåing. Restbeløpet med tillegg av renter blir utbetalt når dei nye grensene er fastlagde.

Mellombels bruk av areal til anleggsområde Erstatning skal dekkje det økonomiske tapet som følgje av at Bane NOR brukar arealet ved anleggsgjennomføringa. For eksempel blir tapte leigeinntekter frå parkering dekt, medan bruk av hagar normalt ikkje medfører eit økonomisk tap.

Ved mellombels bruk av landbruksareal, blir tapt avling erstatta med utgangspunkt i kva som til vanleg blir dyrka på arealet. I tillegg blir nedsett produksjonsevne erstatta etter at areala er førte tilbake og tekne i bruk til landbruksproduksjon.

Bane NOR er ansvarleg for å setje i stand areal etter at anleggsperioden er over.

Tunnelar Det er ikkje nokon fast grense for kor langt ned i grunnen ein eigedom går. Eigedomsretten strekkjer seg så langt ned det er sannsynleg at ein eigar kan tenke seg å nytte grunnen.

Tunnelar blir til vanleg bygd utan spesielt løyve frå grunneigar på overflata. Der det er liten avstand ned til tunnel- taket, kan det likevel bli restriksjonar på bruken av areala over tunnelen, som krev grunnerverv. Slike restriksjonar vil gå fram av reguleringsplanen.

Før, under og etter anleggsperioden Bileta over er tekne høvesvis sommaren 2009, hausten 2010 og sommaren 2013. Nytt dobbeltspor Barkåker - Tønsberg opna 7. november 2011. Etterarbeid og tilbakeføringsarbeid heldt på fram til sommaren 2012. Bileta er tekne på Barkåker og viser i stor grad kor mykje plass eit byggeprosjekt har behov for under anleggsperioden, og korleis tilbakeføring av eigedom blir utført når det nye sporet er teke i bruk.

Grunneigar møter Bane NOR I9

Page 10: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Førehandsundersøkingar

Førehandsundersøkingar Det er fleire førehandsundersøkingar og utgreiingar som vi må gjere før sjølve utbygginga kan starte opp. Bane NOR må undersøkje grunnforholda i alle fasar frå planlegginga startar og fram til anleggsstart. Har området kulturhistorisk betyding? Kva med støy?

Grunnundersøkingar Vi undersøker blant anna kva lausmassane består av, avstand til fast fjell, fjellkvalitet, sprekksonar, grunnvass- nivå, miljøundersøkingar og registre- ringar.

Over tunnelane blir det montert målarar for å overvake grunnvasstanden mm.

Grunneigarane blir kontakta av Bane NOR før undersøkingane blir utført, for å avtale kvar vi skal utføre undersøkingane, korleis vi får tilkomst til desse, beste tilpassing av boreholet osv. Eventuelle skadar etter arbeida blir utbetra eller erstatta etter avtale.

Arkeologiske undersøkingar Bane NOR er pålagd å utføre arkeo- logiske forundersøkingar og arkeologiske utgravingar for å få frigjeve aktuelle område med kulturminne til jernbane- utbygging.

Grunneigarane blir kontakta direkte for å avklare korleis dei arkeologiske undersøkingane kan bli utført. Eventuelle skadar etter undersøkingane blir utbetra eller erstatta. Dette gjeld alle typar undersøkingar på enkelteigedomar.

Registrering av eigedomar I forkant av anleggsperioden blir areal og bygningar i nærheita registrert. Det kan vere i form av skriftlege beskrivingar,

bilete, video eller liknande.

Det blir som regel utarbeidd ein tilstandsrapport for eigedomane som ligg innanfor eit definert område.

Støy Støy kan bli dempa med skjermar eller vollar langs jernbanen eller lokalt på eigedomane. I spesielle tilfelle må ein utbetre fasadar på bygningar med for eksempel støydempande vindauge og ventilar.

Støy blir vurdert i reguleringsplan-fasen. I reguleringsplan blir det gjort berekningar av støy. Plankartet vil vise kva for eigedomar der ein skal greia ut om mogelege tiltak mot støy.

Miljødirektoratet har i rundskriv T-1442 (rettleiar til retningsliner for behandling av støy i arealplanlegginga) gjeve grenseverdiar for luftboren støy både inne og ute, under og etter utbygginga. Dette er krav som planlegginga til vanleg følgjer.

Strukturlyd Strukturlyd er små vibrasjonar som kan bli overført gjennom fjell eller betong. Dette kan oppstå som følgje av lyd frå hjula på tog i drift. Strukturlyd kan ein dempa med elastiske matter under spora eller med tjukkare lag av pukkstein under jernbanesvillene.

10I Grunneigar møter Bane NOR

Page 11: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Anleggsperioden

Anleggsperioden Anleggsperioden blir rekna frå dei første arbeida startar i marka, til alle oppryddings- og etterarbeid er avslutta, etter at dei nye spora er sett i drift. Lengda avheng av størrelsen på prosjektet.

Oppstart av anleggsarbeida Stortinget vedtek når prosjekta skal bli gjennomførte og løyver midlar til anlegget. Det er derfor ingen direkte samanheng mellom når reguleringsplan blir vedteken og når anleggsarbeida startar. Men arbeida kan ikkje bli starta utan at det ligg føre ein vedteken reguleringsplan og naudsynte byggjetillatingar er gjevne. Deretter må Bane NOR inngå avtale med deg som grunneigar, eller ekspropriere naudsynt areal, før anleggsarbeida på din eigedom fysisk kan starte opp. Anleggsarbeid inneber alle operasjonar som må til for å byggje jernbanen. Alt frå masseflytting med tunge maskinar, lage betongkonstruksjonar, byggje opp fyllingar, leggje nye skinner, strekkje kablar og så vidare.

Informasjon Under anleggsperioden blir naboar og dei det gjeld fortløpande informert gjennom nyheitsbrev, nabovarsel, annonser i lokale media og informasjon på www.banenor.no.

Dei større prosjekta har eigne nabo- kontaktar som følgjer opp førespurnader frå naboar og dei som blir råka av anlegget.

Ulemper frå anleggsarbeida Bane NOR har som målsetjing å redusere ulempene mest mogleg.

I samarbeid med kommunar, skular og velforeiningar jobbar vi aktivt for å sikre skulevegar og gangvegar.

Bane NOR sørger og for alternativ overnatting eller mellombels flytting, for naboar som er særleg råka for støy og andre ulemper i kortare eller lengre periodar.

Støv Støv frå anlegget er ei ulempe det er vanskeleg å unngå. Bane NOR har ofte med i sine kontraktar at vegar som blir nytta til anleggstrafikk blir feia/vaska jamleg. På vegar inne på anleggsområdet blir det ofte nytta støvbindande middel som salt eller vatn for å minske støv frå anlegget på tørre dagar.

Der støvbelastninga er spesielt stor, kan ein tilby fasadevask på utsette bustader.

Anleggsskadar Anleggsskadar er fysiske skadar på areal, bygningar eller konstruksjonar, og vere alt frå for eksempel øydelagde gjerde til skadar på hus som følgje av setningar i grunnen .

Eventuelle skadar som følgjer av anleggsarbeida blir erstatta av Bane NOR.

Grunneigar møter Bane NOR I11

Page 12: møter Bane NOR€¦ · om alle forhold eller ein avtale om at Bane NOR kan starte arbeida, men at erstatninga blir avgjort ved skjønn. a. Etiske retningsliner . Bane NOR skal gje

Kontakt oss: Bane NOR er lokalisert fleire stader i landet. For meir informasjon, besøk vår heimeside www.banenor.no, eller ring vårt sentralbord:

05280

Postadresse: Bane NOR Pb. 4350 2308 HAMAR

E-post: [email protected]

Bane NORs kundesenter: [email protected] SMS: Send banenor til 26112 Facebook.com/Banenor Twitter.com/Banenor

Utgjeven av Bane NOR, januar 2020 ISBN -978-82-93593-03-4.

Framsidefoto: Anne Mette Storvik Foto: Jarle Foss, Thor Anders Bårnes, Hedda Nossen, Freddy Samson Fagerheim, Arild W. Solerød, Egil Nyhus, Olav Sand, Bane NOR Layout og design: Bane NOR