25
Moltu Barnehage Praktisk Informasjon Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 1 Formålet med dette heftet er å gi dykk foreldre generell informasjon om barnehagen, samt praktiske opplysningar som personalet håpar kan vere til nytte for barnet dykkar. Personalet håper at informasjonsheftet kan gi dykk svar på mange spørsmål som det er naturleg å ha når ein er ny i barnehagen. Heftet er også meint til dykk foreldre som allereie er kjent med barnehagen. Informasjonsheftet tek også for seg fleire oppgåver som er dykk foreldre sitt medansvar.

Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 1

Formålet med dette heftet er å gi dykk foreldre generell informasjon om barnehagen, samt praktiske opplysningar som personalet håpar kan vere til nytte for barnet dykkar. Personalet håper at informasjonsheftet kan gi dykk svar på mange spørsmål som det er naturleg å ha når ein er ny i barnehagen. Heftet er også meint til dykk foreldre som allereie er kjent med barnehagen. Informasjonsheftet tek også for seg fleire oppgåver som er dykk foreldre sitt medansvar.

Page 2: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 2

....

Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første kommunale barnehagane i Herøy

Kommune tidleg på 70-tallet. Aldersammensetninga i barnegruppa varierer noko

frå år til år. Barnehagen prøver så langt det er mogleg å imøtekomme forelderens

behov, og derfor tilbyr vi også delte plasser. Det er ein utvida ein-avdelings

barnehage.

Vi har et kupert uteområde som byr på mange utferdingar for store og små. Berre

eit ”steinkast” frå barnehagen finner man både skogsområde og fjøra – områder

som vi brukar heile året.

Page 3: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 3

Barnehagen opnar kl.07.00. Kan etter avtale opnast

kl.06.45, men då må dette avklarast med personalet

på forhand. Barnehagen stengjer kl.16.30, men kan

også stenge seinast kl.17.00 etter avtale.

Personalet har i likskap med dei andre kommunale

barnehagane i Herøy 5 planleggings-dagar i året.

Den fyrste planleggingsdagen har vi måndagen i

andre veka i august, og denne dagen brukar vi til å gjere ting klart for ein ny barnegruppe.

Den andre planleggingsdagen har vi andre januar. Kva for datoar dei tre andre

planleggingsdagane fell på vil dykk få utdelt på eiga skriv når desse er vorte avklart.

Barnehagen held stengt i romjula. Siste opningsdag er 23. desember, og første opningsdag

er andre normale kvardag. Barnehagen har planleggingsdag første arbeidsdag etter nyttår.

I samband med påsken held barnehagen stengt siste onsdag før skjærtorsdag.

Elles så held barnehagen stengt dei tradisjonelle merke- og høgtidsdagane som 1. mai,

17.mai, påskedagane, Kristi himmelfartsdag o.l.

FERIESTENGT

Når det gjeld feriestenging så held barnehagen opent t.o.m. den første veka i juli og held så

stengt i 4 veker. Barnehagen opnar igjen andre veka i august på tysdagen. Måndagen har

personalet planleggingsdag – slik at vi kan gjere klart for eit nytt barnehageår.

I følgje vedtektene til Herøy Kommune skal barna i løpet

av barnehageåret ha 4 veker ferie – kor 3 av desse MÅ

vere samanhengande.

Skulle det vise seg at nokre foreldre vil få vanskar med

barnepass i dei 4 vekene barnehagen har stengt kan det

verte gitt tilbod om å få vere i en ”oppsamlingsbarnehage”.

Men det avheng av at det er minst fem barn som har behov for det. Det vil seie at barn frå

alle dei kommunale barnehagane som har behov for eit barnehagetilbod vil verte samla i ein

barnehage. Kva for barnehage som vert oppsamlingsbarnehage, samt personale, vert ikkje

bestemt før det nærmar seg ferieavviklinga.

OPNINGSTIDER

Page 4: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 4

TIL NYE FORELDRE

Korleis eit barn tilpassar seg den nye kvardagen i barnehagen er individuelt. Vårt mål er at

overgangen frå heim til barnehage ikkje skal opplevast som eit brot, men som ein utviding av

moglegheitene for kontakt og nye erfaringar. Like fullt inneberer overgangen til

barnehagelivet ein lausrivningsprosess for både barn og foreldre. Det kan opplevast som

vanskeleg å overlate barnet sitt til menneskjer ein ikkje kjenner.

Ein kan verte usikker på om ein gjer det rette for barnet, og på

om barnet vil får det godt her og trivast. Desse kjenslene

opplever dei fleste foreldre, og viss det kan hjelpe – snakk med

barnehage om det.

Personalet meiner at det er lurt å setje av minimum 3-4 dagar når barnet dykkar skal venne

seg til det å gå i barnehagen. Tilvenning til eit nytt miljø og nye situasjonar er ein prosess

som tek litt tid. For nokre barn er det nok med eit par dagar – for andre trengs det noko

lengre tid. Det kan avhenge av barnets alder og om det har erfaring med barnehage frå

tidlegare. Det er viktig at dykk foreldre er tilgjengeleg for barnet dykkar i den tida det er i

barnehagen dei fyrste dagane. Om dykk etter nokre dagar ikkje kan vere her sjølve – og det

visar seg at barnet dykkar framleis har behov for ein nærperson i nærleiken – er det fint om

nokon andre som barnet kjenner godt kan vere tilgjengeleg.

Under tilvenninga – og når ein ser at barnet kjenner seg meir trygg - så er det viktig at dykk

foreldre trekk dykk i bakgrunnen og lar personalet få samspela med barnet i størst mogleg

grad. Barnehagen erfarer at det er vanskelegare for både barnet og personalet å utvikle eit

tillitsforhold når foreldra er tilstades heile tida. Barnet vil oftast då berre vende seg til foreldra i

staden for å verte kjent med dei andre barna, det øvrige personalet og barnehagens rom og

materiale.

I ein innkjøringsfase bør ikkje barnet ha for lange dagar i barnehagen. Barn treng ein god og

myk start om dei skal kjenne seg trygge i sine nye omgjevnader. Vi som jobbar i barnehagen

er svært opptekne av at dykk foreldre ikkje skal gå herifrå med tungt hjarte fordi barnet

dykkar gret. Dykk skal vere trygge på at vi ringer dersom det ikkje går over. Vår erfaring er at

gråten ofte stanser så snart foreldra ute av syne. Dykk må heller ikkje vere redde for å ringe

hit og høyre om korleis det går med barnet dykkar etter at dykk har gått, det er vi berre glade

for.

TILVENNING

Page 5: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 5

TIL ”TILVENTE” FORELDRE

Personalet erfarer at også barn som er godt kjende med barnehagen kan ha behov for

tilvenning igjen. Det kan t.d. skje etter ein lang sommarferie. Enkelte foreldre kan også

oppleve at barnet plutseleg ikkje vil gå i barnehagen, og at det å levere om morgonen vert ein

utriveleg situasjon. Årsakene til dette kan vere mange; Kanskje har barnet vore borte i frå

barnehagen ei veke grunna sjukdom, og treng å omstille seg igjen? Kanskje har det fått eit

nytt sysken og vil heller vere heime med mor eller far? Kanskje har det hendt noko i

barnehage som gjer at barnet vegrar seg? Uansett årsak, så er det viktig at dykk foreldre

snakkar med personale dersom det plutseleg endrar åtferd – slik at vi på best mogleg måte

kan hjelpe barnet dykkar og saman finne ut årsak og tiltak. Vi er opptekne av at barna skal

trivast og oppleve glede av å vere i barnehagen.

KORLEIS TA AVSKJED MED BARNET

Sei klart i frå at dykk går – og prøv å ikkje vise usikkerheit. Gå når dykk har sagt at dykk skal

gå. Det er viktig at barnet får erfaring med at dykk ikkje går før dykk seier i frå – og at dykk

verkeleg går når dykk seier det – samt at dykk kjem tilbake etter ei viss tid. Personalet erfarer

at viss ein viser usikkerheit og bringesituasjonen ”drar seg utover i tid” med lange

avskjedsscener - så tek tilvenningsprosessen mykje lengre tid. Dette betyr ikkje at det ikkje er

tillat å vere usikker – men snakk med personalet om det – ikkje barnet. Det er veldig viktig at

dykk foreldre snakkar med barnehagen viss dykk opplever at bringesituasjonen er vanskeleg.

Personalet har mykje erfaring med tilvenning i barnehagen og kan kome med tips og

rettleiing. Ingen barn er like, og nokon treng meir tid og/eller ein annan framgangsmåte i

tilvenninga enn andre barn.

Page 6: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 6

Det er ønskeleg at dykk foreldre hjelper barnet dykkar i garderoben både ved bringing og

henting. Den som leverer barnet om morgonen må hjelpe å ta av barnet klede, legge på

plass medbrakte bytteklede, henge opp regnklede, utedress o.l. (Les meir om dykk foreldre

sitt ansvar og oppgåver under ”Klede og skotøy i barnehagen”).

I en barnehage kan det til tider verte litt hektisk - og det hender at det oppstår situasjonar kor

dei vaksne må rette merksemda si til – når dykk kjem for å bringe eller hente. Av omsyn til

sikkerheita til barna må dykk foreldre alltid forsikre dykk om at personalet har registrert at

barnet dykkar er komen i barnehagen eller blitt henta.

Dei fleste aktivitetane i barnehagen tek til kl. 09.30. På dagar kor barnehagen drar på tur MÅ

barnet ha komet seinast kl. 09.20 - fordi vi forlater barnehagens område kl. 09.30. Og det kan

vere greit å ha litt tid til omkleding, og til at barnet får sagt ordentleg ”hadet” til dykk.

Viss dykk har planar om å levere seinare enn kl. 09.30 er det veldig fint om dykk ringer og gir

beskjed om dette – og forhøyrer dykk om vi faktisk er i barnehagen etter kl. 09.30. For det

hender at vi drar ut på tur utan at det var planlagt på førehand, da vi meiner at det er viktig å

tilpasse dagen ut i frå barna sine ønskjer og behov.

Om barnet dykkar skal ha ein fridag er det veldig fint viss dykk gir beskjed om dette så tidleg

som mogleg. Det hender ofte at foreldre får behov for ekstra barnehagedagar til sitt barn

p.g.a. jobbsituasjon. Om barnet dykkar treng ein ekstradag så er det berre å spørje om vi har

noko ledig.

Vi har ansvaret for barna mens dei er i barnehagen . Dykk har ansvaret for å levere og hente

dei – og at det skjer til rett tid. Vert barn henta utover barnehagens opningstid vil dykk

dessverre verte pålagde eit gebyr frå Herøy Kommune grunna overtidsbetaling.

Kven får lov til å hente barnet mitt

Ved oppstart i barnehagen vil dykk foreldre verte bedt om å skrive opp alle som har løyve til å

hente barnet dykkar i barnehagen. Denne lista vert fortløpande oppdatert dersom dykk

foreldre ønskjer å tilføye / fjerne namn. Av sikkerheitsmessige årsakar kan ikkje personalet

overlevere barnet dykkar til personar som ikkje står på denne lista. Viss det er andre enn

dykk foreldre som skal hente barnet så må personalet få beskjed om dette.

BRINGING OG HENTING

Page 7: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 7

I hovudgarderoben heng det ein grøn tavle som personalet brukar til å henge opp felles

beskjedar og informasjon til dykk foreldre. Det er viktig at dykk tar dykk tid til å lese beskjedar

o.l. på denne informasjonstavla – då det kan ha betydning for barnet dykkar.

Barnehagen vil også i mange anledningar nytte seg av mail for å få gitt dykk foreldre

beskjedar og informasjon. Dykk vil til dømes få vekeplaner og ”vekebrev” tilsendt på mail. Det

er difor viktig at barnehagen får e-postadresse til ein eller begge foreldra.

I hovudgarderoben heng det også en kvit magnettavle som vert brukt til å formidle kva

barnegruppa har gjort på i løpet av barnehagedagen. Alle vert oppfordra til å fylje med på

denne magnettavla når barnet dykkar vert henta. Det å ha litt betre kjennskap til kva barnet

ditt har gjort i barnehagen er eit fint utgangspunkt for samtale.

”KVEN ER HER I BARNEHAGEN I DAG?”

Det er ikkje uvanleg at når barna kjem i barnehagen om morgonen at dei spør om kven som

er komen i barnehagen, og om ”Per” eller ”Kari” er her. Personalet har sett eit behov hos

enkelte i barnegruppa til å skape betre oversikt over kven som er i barnehagen den gitte

dagen – både av barn og personalet. I tillegg er det å føle seg sett og betydningsfull viktig for

alle barn. For å auke kjensla av å tilhøyre eit fellesskap og styrke tilhørigheita – samt hjelpe

barna med å få oversikt over kven som er komet – heng vi opp bilder

av barna etterkvart som dei kjem i barnehagen. I hovudgarderoben,

under den kvite magnettavla, henger det fleire magnetlister. Under

den ligg der laminerte bilder av alle barna i ein kurv. Når barnet kjem i

barnehagen er det ønskeleg at dykk som bringar barnet minner på /

hjelper til med å henge opp bildet på magnetlisten. Og når dykk

hentar barnet så minner / hjelper til med å ta ned bilder for å markere

at no er barnehagedagenover – og ”Per” eller ”Kari” har dratt heim.

INFORMASJONSTAVLER

Page 8: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 8

Barna vil få tildelt kvar sin garderobeplass, og her har barnet

bl.a. to små hyllebur. Alle barna har også en plastkurv merka

med namn som ein kan nyttast til byteklede. Det vert også

tildelt eigen knaggplass på veggen og på støvelstativet i

yttergarderoben. Her kan barna henge frå seg regntøy,

parkdressar, vinterdressar og støvlar / vintersko.

KLEDE I YTTERGARDEROBEN

Det er veldig viktig at dykk foreldre tek med dykk heim regntøy og dressar som heng i

yttergarderoben kvar fredag. Dei som ikkje har dag på fredagar må ta det med seg heim

den siste barnehagedagen før helga. Personalet har dessverre ikkje kapasitet til å skulle

pakke ned dressar o.l. til kvart enkelt barn, og håper at dykk kan vise forståelse for dette. Det

er viktig at alle dressar vert fjerna grunna hygieniske årsakar. Veggar m.m. vert vaska på

fredagar og kleda er derfor til hinder for vedkomande som skal vaske.

Elles er det viktig at dykk sjekkar om regntøy eller utedressar er våte når dykk hentar barnet

dykkar. Det MÅ dykk gjere kvar einaste dag. Er det vått må dykk ta med dykk dei våte

dressane og tørke dei heime. Då det heng så mange regnkle og dressar ute i

yttergarderoben så erfarer personalet at kleda ikkje vert heilt tørre til neste dag.

Viss dykk har behov for ein bærepose for å få med dykk regnklede,

dressar og våte klede – så finn dykk dette i den turkise posehaldaren.

Denne heng i hovudgarderoben.

KLEDE OG SKOTØY

Page 9: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 9

SKOOVERTREKK

Hovudgarderoben kan verte mykje brukt i løpet av dagen.

Det er derfor viktig å hindre at det kjem sand og grus på

golvet. Det vert også vått på golvet dersom ein kjem inn

med våte sko, noko som ikkje er særleg kjekt for dei aller

minste som kryp omkring. Ved inngangsdøra finn dykk

derfor skoovertrekk. ALLE vert oppfordra på det sterkaste

å nytte seg av skotrekk når ein bringar og hentar.

Det er også ønskeleg at barna tek av seg skotøy i yttergarderoben når dei kjem om

morgonen. Viss barna går inn med våte og skitne sko inn i hovudgarderoben så vert det

unødvendig mykje skit på golvet. Når ein hentar på ettermiddagen så er det fint viss ein kan

ta med seg skotøyet ut i yttergarderoben og ta skotøyet på seg der. Hjelp oss å halde det det

reint og hyggeleg for barna i barnehagen.

STØVELSTATIV

Barnehagen har eit støvelstativ som er montert i yttergarderoben. Alle barna har eigen fast

plass på stativet og er merka med namn. Støvelstativet er til stor hjelp til både personalet og

barna som lettare finn fram til riktige støvlar / vintersko / cheroxar. Det er ønskeleg at dykk

foreldre hjelper barnet dykkar dersom det trengs å plassere støvlar o.l. på støvelstativet når

dykk leverer og hentar barnet.

På regnværsdagar og om vinteren er det veldig viktig at

støvlar / vintersko / cheroxar vert sjekka om dei er våte.

Det hender at skotøy ikkje er heilt tørre til neste dag. Og

det er ikkje særleg behageleg for barna. Er skotøyet våte

inni så er det fint om dykk tek dei med heim og tørkar

dei.

HUSK: DET ER VELDIG VIKTIG Å MERKE REGNTØY, DRESSAR, SKOTØY,

VOTTAR, LUER OG ALLE BYTTEKLEDA MED BARNET SITT NAVN.

Page 10: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 10

BRUK AV INNESKO

I barnehagen har vi ein regel om at både store og små må ha på seg innesko. Dersom

brannalarmen skulle gå – så må vi evakuere barnehagen raskt og kome oss ut. Å ta på barna

sko er dermed ikkje noko personalet kan prioritere i ein såleis situasjon. Det å måtte gå utan

noko på beina i t.d. regnvær og snø er ikkje bra for små barneføter.

I tillegg så reduserer bruk av innesko at barna faller og slår seg grunnet glatt underlag. Det er

ikkje til å legge skjul på at barna ofte gløymer seg og spring inne likevel – og som ofte endar

opp med at nokon sklir på sokkelesten og slår seg. Det er sjølvsagt noko ein ønskjer å

unngå. Det er derfor viktig at dykk foreldre tek på barna innesko når dykk kjem om

morgonen.

Det er også ønskeleg at dykk set inneskoa oppi hylla til barnet dykkar når dykk forlater

barnehagen. Det er ikkje lett for reinhaldspersonalet å vite kven som eig hvilke innesko når

det ligg att 20 sko på golvet når vedkommande skal vaske. Så hender det at tøflar vert

plassert i feil hylle. Så for å unngå å måtte leite etter inneskoa om morgonen så sett den i

hylla til barnet ditt.

BYTTEKLÆR

På regnværsdagar, og om vinteren kan det gå med ein del bytteklær hos barna, og det vert

fort tomt for tørre klede. Personalet opplever dessverre ofte at barn går tom for bytteklær, og

det er ikkje alltid like kjekt for det barnet det gjeld. Men viss personalet oppdagar at det er

tomt for enkelte klesplagg – så kjem vi til å henge opp ein beskjed på plassen til den det

gjelder. Dykk vil då sjå ein laminert tegning kor der står ” Eg treng meir bytteklær”. Når dykk

kjem med nye bytteklær så er det ønskeleg at dykk tek

beskjedlappen og legg den tilbake i den vesle turkise stofflomma

som heng på den grøne informasjonstavla.

Men vi ønskjer å minne dykk på at det er dykk foreldre som har

ansvaret for å følgje med i hylla / kurven til dykkar eige barn om

det er behov for meir bytteklær. Husk å sjekk hylla og kurven med

bytteklær når dykk leverer ellar hentar barnet. Det er ofte betre å

ha eit sokkepar for mykje enn eit for lite…

EG TRENG MEIR BYTTEKLÆR

Moltu Barnehage

Page 11: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 11

BLEIEBARN

Det er ein del barn som brukar bleier her i barnehagen. Personalet har derfor eit skjema på

stellerommet kor vi registrera når barnet fekk ny bleie – og om barnet har tisset, hatt avføring

eller om bleia var tørr. Dykk foreldre kan gjerne ta ein titt på denne lista viss dykk lurer på

noko angånde dagens bleiskift – eller dykk kan spørje personalet.

Alle bleiebarn har eigen hylleplass til å ha bleiene sine på. Når det begynner å verte lite bleier

igjen, så heng personalet opp ein beskjed om dette på plassen til barnet. Når dykk kjem med

nye bleier er det fint om dykk legg på plass den laminerte ”Eg treng fleire bleier”-lappen og

legg den i den lille turkise stofflomma som heng ved informasjonstavla.

SOVING

Dei aller minste vil ha behov for å få kvile i løpet av barnehagedagen. Som regel så vert dei

barna som skal sove lagt etter hovudmåltidet ca. kl.12.00. Viss dykk foreldre ønskjer at barna

skal leggjast på eit tidlegare tidspunkt så gir dykk sjølvsagt beskjed om dette. Barna sover i

eigne vogner ute. Viss det er ønskeleg så ta gjerne med eit kosebamse, flaske, smokk o.l.

I yttergarderoba så heng det eit ”Soveskjema” kor personalet registrerer kor tid barnet sovna

og kor tid det vakna. Foreldre som har barn som kviler i barnehagen kan sjå på dette

skjemaet for å sjå kor lenge barnet sov den gitte dagen.

EG TRENG FLEIRE BLEIER

SMÅBARN

Page 12: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 12

Parkdress Regnjakke Regnbukse

Ullundertøy Ullundertøy Votter

Vinterdress Fleece-/ullgenser Fleece-/ullbukse

KLEDE OG SKOTØY

- SOM BARNET DITT KAN HA BEHOV FOR I LØPET AV ÅRET

Page 13: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 13

forts. Klede og skotøy barnet ditt kan ha behov for i løpet av barnehageåret…

Regnvotter Lue Vinterlue

Hals / skjerf Ullsokker Sokker

Genser Bukse Strømpebukse

Undertøy Innesko Joggesko

Page 14: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 14

(Bildene ovanfor av klede og skotøy er berre meint som illustrasjon) forts. Klede og skotøy barnet ditt kan ha behov for i løpet av barnehageåret…

Støvlar Cherox Vinstersko

Skotøy

INNESKO:

Eg likar å verte brukt inne. Eg hindrar at man sklir på det glatte golvet. Og eg er kjekk å ha på

beina i tilfelle brannalarmen går...

JOGGESKO:

Eg likar vår, sommar og tidleg haust. Eg likar ikkje å vere ute når det regnar eller snør ute...

STØVLAR:

Eg likar regn, regn og atter regn. Elsker sølepytter og alt som har med vann å gjere. Men eg frys på beina når det vert nullføre...

CHEROX:

Eg likar å verte brukt når det er for kaldt å bruke støvlar. Likar

slapseføre. Men eg frys på beina når det vert 3-4 minus...

VINTERSKO:

Eg likar meg best i minusgrader - og eg er særleg glad i tørr snø.

Hatar sol og varme. Eg vert veldig glad dersom eg vert

impregnert ofte...

Page 15: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 15

Klede

REGNVOTTAR:

Eg likar å verte brukt når det regnar og er litt surt ute. Aller best likar eg å verte dyppa i

ein sølepytt...

REGNBUKSE:

Eg må vere passeleg. For kort regnbukse gjer at eg sig

oppover sjølv om eg har strikk på beina - og då vert man våt. Eg likar at det er

stikk på begge beina.

VOTTAR:

Eg likar snø og minusgradar. Eg likar å vere lett å ta på, og har gjerne strammestrikk over handleddet. Dersom eg ikkje sit godt på vil du berre ta meg av - fordi du meiner eg hindrar

deg i leiken din....

ULL-/FLEECE:

Eg er heilt nødvendig når det er kaldt ute. Viss du ikkje

brukar meg frys du fort om vinteren. Og då er det ikkje kjekt å vere ute å leike eller

gå på tur i nærmiljøet...

VINTERDRESS:

Eg likar meg best i minusgrader - og eg er

særleg glad i tørr snø. Hatar sol og varme. Eg vert veldig

glad dersom eg vert impregnert ofte slik at eg ikkje

trekk inn vann. Og eg likar strikk på begge beina...

Page 16: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 16

I ein barnehage så er det mange barn som leikar tett innpå kvarandre – noko som utgjer ein

stor smittefare. Barn som er sjuke skal ikkje møte opp i barnehagen. Har barnet feber,

øyekatarr, oppkast eller diare så MÅ det haldast heime.

Ein hovudregel er at for at barnet skal kunne vere i barnehagen så må

barnet også kunne fylje alle kvardagsaktivtetar i barnehagen – også å

vere ute. Viss ikkje MÅ barnet haldast heime. Barnet bør også haldast

heime en til to dagar etter langvarig sjukdom.

Dersom barn vert sjuke i barnehagen (får feber, oppkast, utslett o.l.)

kjem personalet i Moltu Barnehage til å ringe til dykk foreldre og gje

beskjed om tilstanden – og eventuelt om barnet må verte henta.

Dersom barn vert skada i barnehagen vil også dykk foreldre umiddelbart verte kontakta.

Personalet fyllar då ut eit skadeskjema viss barnet sin skade tilseier det. Eit eksemplar av

skademeldinga vil verte gitt til dykk foreldre og eit eksemplar vert arkivert i barnehagen.

VED SMITTSAME SJUKDOMMAR I BARNEHAGEN

Dersom det viser seg at det går smittsame sjukdommar i barnehagen vil dykk foreldre få

informasjon om dette. Det vil bli hengt opp melding på oppslagstavla i garderoben, samt at

alle vil få tilsendt eit informasjonsskriv på mail om den enkelte sjukdommen når den har sitt

utbrot i barnehagen.

Ved utbrot av smittsame sjukdommar av lus, skabb o.l. så

sender barnehagen melding til helseavdelinga. Det same

vert gjort dersom barn skadar seg.

Kommunehelseteneste tilrår at ved t.d. omgangssjuke så

MÅ barnet vere heime 48-timar etter siste utbrot. Dersom

barn vert sjuke er det veldig viktig at ein ikkje sender barnet

for tidleg tilbake i barnehagen. Kjem eit barn med t.d. omgangssjuke for tidleg tilbake risikerer

man at smitten går i ein evig runddans. Det kan også føre til bemanningsutfordringar og gå

utover barnehagetilbodet då dei vaksne også vert utsatt for smitte. Det er svært viktig å halde

SJUKDOM

Page 17: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 17

seg til 48-timers regelen. Dersom barn er sjuke og ikkje kjem i barnehagen er det fint viss

dykk ringer barnehagen og gir beskjed om dette - eller sender melding på mobil.

GENERELL HYGIENE

For å førebyggje spredning av smittsame sjukdommar i Moltu

Barnehage har vi følgjande rutinar for både store og små:

- Såpedispensar og papirhandkle ved alle handvaskar.

- Bruk av varmt vann og såpe ved handvask.

- Vask av hender etter toalettbesøk eller bleieskift.

- Vask av hender når barna kjem inn frå lek og opphald ute.

- Vask av hender når barna har pusset nasen.

- Forsøker å unngå å nyse og hoste på kvarandre.

- Eingangshandkle og eingangskluter vert brukt under bleieskift.

- Fellesleiker av plast og tre vert vaska regelmessig med godkjente reingjeringsmiddel

og varmt vann – eller vaska i oppvaskmaskinen (eigne vaskerutinar).

- Tøyleiker vert vaska i vaskemaskinen.

- Formidling og oppøving av god hygiene hos barnegruppa.

Eingangshanskar vert nytta:

- Ved stell og bleiskift.

- Ved stell av sårskadar og naseblod.

- Under matlaging

Ved utbrudd av smittsame sjukdommar i barnehagen vil både store og små nytte seg av

handsprit. Det vil også verte satt ut handsprit i yttergarderoben som det er ønskeleg at

foreldra også nyttar seg av når dei kjem inn i barnehagen.

Page 18: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 18

Dersom barn treng å få medisinar medan dei er i barnehagen kan det berre skje etter avtale

med dykk foreldre. Personalet kan IKKJE dele ut medisin til barn før ”Samtykkeerklæring

for medisinering” er utfylt av ein av foreldra. På dette skjemaet må ein av foreldra oppgi;

- Kva for eit legemiddel det gjelder

- Styrken på legemiddelet

- Kva slags form legemiddelet har (t.d. dråpar, mikstur, inhalering)

- Kor stor mengde barnet skal få av legemiddelet

- Tidspunktet for medisinering

- Varigheit på medisineringa (frå dato – til dato).

Når dykk som foreldre har fylt ut skjemaet og signerer, så samtykker dykk på at personalet i

barnehagen kan dele ut medisinar til barnet dykkar.

I tillegg så nyttar personalet eit eige registreringsskjema for medisinhandtering i barnehagen.

Dette skjemaet registrerer;

- Kven som skal ha medisinen

- Kva slags medisin som vert utdelt

- Størrelsen på legemiddeldosen

- Dato og klokkeslettet for utdelt medisin

- Signatur på kven som gav medisinen.

De fleste medisinar vert oppbevart i eit låst medisinskap som hengt høgt oppe på veggen på

stellerommet slik at barna ikkje får tak i dei. Alle typar for medisin vert oppbevart i dette

skapet eller i kjøkkenskapet over vasken. Dette kjøkkenskapet er alltid låst. Det er veldig

viktig at dykk leverer inn alle medisinar til personalet når dykk kjem om morgonen slik at vi

kan få låst medisinen inn. Personalet har ikkje kapasitet til å gå igjennom alle sekkar,

plastposar, hyllar og kurver kvar einaste dag for å leite etter eventuelle medisinar. Skulle det

vise seg at nokon har medisinar som må oppbevarast kjølig, så vert desse oppbevart i eigen

boks på øvste hylle i kjøleskapet.

Barnehagen og dykk foreldre har eit GJENSIDIG ANSVAR for at samtykkeerklæringa for

utdeling av medisinar vert utfylt og gjennomgått.

ALLE foreldre har ansvar for:

- At det ikkje ligg nokon formar for medisinar i barnas ryggsekk / hylle / kurv.

- Å levere inn alle medisinar til personalet ved levering om morgonen.

- Å hugse å få med seg barnets medisinar ved henting på ettermiddagen. Ein må da

henvende seg til eit av personalet som da vil låse ut medisinane.

MEDISINAR

Page 19: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 19

Den daglege kontakten mellom barnehagen og dykk foreldre er svært viktig. Personalet

ønskjer at dykk foreldre skal ha størst mogleg medverknad og innsikt i barna sin

barnehagekvardag. At barnet dykkar har det bra i barnehagen er av felles interesse. Det er

derfor viktig at vi heile tida utvekslar informasjon som kan ha betyding for barnet dykkar sin

trivsel og utvikling av ferdigheiter, kunnskapar og sosial kompetanse.

Bringe- og hentesituasjonen er ein fin anledning til å utveksle beskjeder, opplysningar og

tilbakemeldingar. Det er berre å spørje personalet dersom det noko dykk lurer på eller

ønskjer å formidle.

FORELDRESAMTALAR

Ved oppstart i barnehagen har vi ein samtale med dykk foreldre. Formålet med denne

samtalen er å gje barnehagen kunnskap om barnet dykkar. Her kan dykk ta opp ting som er

viktig for dykk foreldre. Alle øvrige foreldre vert innkalla til ein foreldresamtale i

oktober/november. Dykk vil også verte kalla inn til foreldresamtaler i mars/april.

Når det gjelder førskulebarna så vil dykk verte innkalla til ein ekstra foreldresamtale i forkant

av besøksdagen på skulen. Formålet med denne samtalen er å gjere overgangen frå

barnehage til skule best mogleg. Førskulebarna vil få ein invitasjon frå skulen dei skal gå på

ein gang ut på våren. Dersom dykk foreldre ønskjer å ha ein samtale med barnehagen utover

dei som er fastlagt så er det berre å ta kontakt – så kan vi avtale ei tid.

Kvar haust kallar barnehagen inn til

foreldremøte. På dette møtet vert meir

generelle og praktiske spørsmål som

gjeld alle barna i barnehagen tatt opp.

Årsplanen til barnehagen vert også

presentert på dette felles foreldremøte.

FORELDRESAMARBEID

I barnehagelova § 4 står det skrevet at” for å sikre samarbeidet med barns hjem, skal enhver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg”.

Page 20: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 20

FORELDRERÅDET & SAMARBEIDSUTVALET

Foreldrerådet består av føresette til ALLE barna og skal fremje deira fellesinteresser, og

bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt

barnehagemiljø. Det er viktig å ha eit forum der alle dykk foreldre / føresette kan møtast og

diskutere ønskjer og behov, og kome med forslag til barnehagen.

Foreldrerådet vel foreldrerepresentantar til samarbeidsutvalet, og det vert gjort på det første

foreldremøtet som vert heldt på hausten. Samarbeidsutvalet skal først og fremst ivareta

samarbeidet mellom barnehagen og dykk foreldre. Formålet er at det skal vere eit

rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ.

Samarbeidsutvalet består av representantar frå to foreldre og to tilsette (og evt. to

representantar frå Herøy kommune ved behov). Styrer har møte, tale- og forslagsrett i

samarbeidsutvalet. Representantane til SAU vert valt for eit år av gangen. Det er mogleg å

verte gjenvalgt dersom ein ønskjer dette.

Dersom det er noko ein lurer på når det gjeld foreldrerådet og samarbeidsutvalet så er det

berre å ta kontakt med styrer.

•Vere deltakende i ulike spørsmål som angår barnehagen, komme med forslag og råd.

Rådgivende

•Sette i gang tiltak som kan skape kontakt mellom ulike partar som er knytta til bhg. t.d. dugnader, tema-kvelder, grillfest, ulike markeringar saman med barna. Kontaktskaping i forhold til lokalmiljøet er viktig.

Kontaktskapende

•Arbeide for å finne fram til felles løysningar dersom det skulle oppstå konfliktar.

Samordnede

Page 21: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 21

SAMARBEIDSPARTNARAR

Dykk som foreldre er vår viktigaste samarbeidspartnar. Men for at alle barna skal få eit best

mogleg utbytte av barnehagetilbodet kan det vere behov for at personalet får tilført ekstra

ressursar og spesiell kompetanse. Barnehagen har også eit godt samarbeid med

hjelpeinstansar og institusjonar utanfor barnehagen.

Dersom barnehage meiner at eit barn kan ha behov for ekstra hjelp og støtte gjennom

hjelpeapparatet, så vil dette skje i nært samarbeid med dykk foreldre. Dersom dykk foreldre

ønskjer kontakt med hjelpeapparatet, t.d. for å få råd og angåande eige barn, så kan

barnehagen hjelpe dykk med dette.

SAU

Styrer

Representater

fra foreldrene

(Repr. fra Herøy Kommune)

Representanter

fra personalet

Foreldrerådet

Page 22: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 22

Alle barnehagar i Herøy Kommune er tilknyttet tverrfagleg team. Dette er eit teamsamarbeid

som går på tvers av profesjonar, og består av fagpersonar frå Pedagogisk psykologisk

teneste (PPT), barnevernet, helsestasjonen og barnehagen.

Samarbeids-partnare til

Moltu Barnehage

Foreldre / Foresatte

Pedagogisk Psykologisk Tjeneste:

Har som formål å bistå barnehager og skoler med å sikre at alle barn med behov for særskilt hjelp og

støtte får ta del i gode utviklings- og læringsprosessar. PPT skal arbeide forebyggende slik at barnehagen og

skolen kommer i forkant av problemer og lærevansker.

Andre instanser:

Barneskulen, Fysioterapeut,

Barne- og ungdomspsykiatri

(BUP) osv

Barnevernet:

Har som formål å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt

hjelp og omsorg til rett tid. Skal bidra til at barn og

unge får trygge oppvekstvilkår.

Helsestasjonen:

Har som formål å ivareta barna sin

fysiske, psykiske og sosiale helse. Følger

med i barnets generelle utvikling.

Page 23: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 23

Barnehagen kjem til å nytte seg av tverrfagleg team fortløpande ved behov gjennom heile

barnehageåret. I tverrfagleg team har barnehagen moglegheit til å ta opp utfordringar ein

møter i barnehagekvardagen - både når det gjeld enkeltbarn eller barnegruppa. Alle saker

barnehagen søkjer råd og rettleiing i vert tekne opp anonymt.

Formålet med

tverrfagleg team er..

Page 24: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 24

BURSDAGSFEIRING

Når bursdagsbarnet kommer i barnehagen om morenen så får han/hun vere med å henge

opp eit flagg ute. Dette flagget heng oppe den tida barnet er i barnehagen. Bursdagsbarnet

får krone som det sjølv har valt farge på, og vore med å pynta. Barnet får velje kva for ein

bok man skal lese i bursdagssamlingen, kor vi bl.a. sender opp ”bursdagsrakettar”.

Etter hovudmåltidet kosar vi oss med noko utanom det vanlege t.d. vaflar, is, fruktspyd eller

bakst. Men dersom det er barn som svært gjerne ønskjer å ha med seg noko heimeifrå så er

det fullt lovleg – berre gje beskjed på førehand.

LUCIA

Vi markerer Lucia-dagen med å gå i Lucia-tog i barnehagen, kor alle besteforeldra er invitert.

Etter framføring av julesongar så blir det kaffikos og lussekattar.

NISSEFEST

På nissefesten i desember kler vi oss ut som nissar. Det er da fint om barna har på seg noko

som er rødt, kvitt / grått. Og er det nokon som absolutt ønskjer å kle seg ut som blånisse så

er det heilt greitt. Barn som ikkje har barnehagedag denne dagen er også velkomne til å vere

i lag med oss på sjølve nissefesten. Vi kosar oss med nissegrøt og julefilm, og kanskje får vi

besøk av nissen også.

JULEFEST

På julefesten vert barna sin øvrige familie invitert til å feire i lag med oss. Festen er på

uteområdet til barnehagen. Barnehagen ordnar med grøt, kakao og gløgg, medan dykk

foreldre har med dykk noko anna godt å bite i. Barna vil også ha ein liten opptreden på

festen.

SOLFEST

I midten av februar kjem sola tilbake til Moltustranda, og det må vi sjølvsagt feire. Denne

dagen er det veldig fint om barna kan ha på seg noko som er gult / oransje. Vi lagar bl.a.

solhattar som vi har på oss under festen. Vi har solsamling og soljakt. Kanskje får vi besøk

av soltrollet? Vi koser oss med solskinnsbollar og ein annan gul ”hemmelegheit”…

Barn som ikkje har barnehagedag denne dagen er hjarteleg velkomen til å vere i lag med oss

under sjølve solfesten.

TRADISJONAR I BARNEHAGEN

Page 25: Moltu Barnehage vart starta som ein av dei første

Moltu Barnehage Praktisk Informasjon

Praktisk informasjon for foreldre i Moltu Barnehage 25

KARNEVAL

I februar / mars er det tid for å sleppe rytmene lause – for da er det nemlig karneval i

barnehagen. Alle barna vert oppfordra til å kle seg ut. Barna sjølve vel om dei vil ha på seg

noko heimeifrå eller nytte seg av utkledningskleda i barnehagen. Personalet vil legge til rette

slik at dei barna som ønskjer det kan få lage sin eigen karnevalsmaske.

Vi har bl.a. karnevalssamling og leikar ”katta i sekken” (Pinata), vi øver oss på samba og

dansar limbo. Elles kosar vi oss med bl.a. pølse, is og gele.

Barn som ikkje har barnehagedag denne dagen er velkomen til å svinge rytmekroppen i lag

med oss i den tida vi har karneval.

PÅSKEFRUKOST

I samband med påske vert det arrangert påskefrukost. Den siste torsdagen før påskeveka

inviterer store og små i barnehagen inn til påskefrukost. Foreldre og søsken vil verte invitert.

”17. MAI – FEIRING”

Vi øver oss på å gå i 17.mai-tog, og synger på de mange nasjonalsongane som vi har øvd

på. Vi vil ha leikar i barnehage bl.a. potetløp og sykkelløp. Vi kosar oss med pølse og is.

SOMMARFEST

I juni månad samlast store og små i barnehagen for å markere at barnehageåret snart er

over. Foreldre, søsken, besteforeldre og anna familie er hjarteleg velkomne på den årlege

sommarfesten kor storgrillen vert fyrt opp. Alle tek med eigen grillmat. Elles vert det litt

underhaldning av barna.

ROSARUSS

Alle førskulebarna i Herøy Kommune vert ”uteksaminert” i frå barnehagen som rosaruss. I

slutten av april vert det russedåp i barnehagen. Alle er hjarteleg velkomne til å overvære

dåpen. Førskulebarna vert tildelt russenavnet sitt og får også utdelt russekort. Frem til 17.

mai vil rosarussen få moglegheit til å ta russeknutar. Dei vil også få dra på russetreff på

Kjeldsund. Det er stor stas å treffe alle dei andre rosarussane i Herøy.