2
Av Tuva Bjørkvold, forfattar, ressurslærar for Nysgjerrigper og førsteamanuensis ved OsloMet Undervisningsopplegg til artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» i Nysgjerrigper nr. 1–2019 LÆRARSIDE | NYNORSK NR. 1–2019 Slik overlever brunbjørner lenger Ny konkurranse: Vinn en forsker! Værvarsel for 2050 1/2019. 26. årgang MAGASINET Verdens verste lukter Har et lurt triks! Fugler sprer brann Trær uten klær Om Lesekroken Lesekroken blir gitt ut av Nysgjerrigper, som er Forskingsrådets tilbod til barneskolen. Undervisningsopplegget har tips til korleis de kan bruke artiklane i magasinet Nysgjerrigper til å auke lesekompetansen hos elevane i alle fag. Les meir på nysgjerrigper.no/lesekroken Mim smarte fuglar eller skremde byttedyr I artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» les vi om fuglar som har ulike strategiar for å skaffe seg mat. Nokre rovfuglar spreier skogbrann for å skremme fram byttedyr. Krabbehegren lokkar fisk til overflata med brød, og kråker kan få bilar til å knekke skalet på nøtter dei vil ete. Alle desse strategiane kan ein sjå føre seg, dei gir bilete i hovudet på ein erfaren lesar. For elevar kan det likevel vere vanskeleg å skjøne teksten. Mange kjenner ikkje til korleis ein skogbrann kan vere, korleis flammane gjer at dyra som bur i skogen, må flykte for livet. Det kan difor vere smart om læraren fortel dette på førehand, til dømes som dette: «Nokre gongar byrjar det å brenne i skogen. Kanskje slår lynet ned. Kanskje har nokon vore uforsiktig med eit bål. Dette er ein katastrofe for dyra som bur i skogen. Dei toler ikkje varmen og elden. Difor må dei flykte vekk frå flammane. Dyra spring i panikk mot tryggleik. Kanskje kan dei redde seg ved ei elv eller eit vatn? Dei må berre springe og springe, til dei finn ein trygg stad.» Når elevane kjenner til skogbrannar og dyr som flyktar, kan dei byrje på oppgåve 2. Dei skal mime ulike fuglar og dyr som er omtalte i artikkelen. Elevane får ei liste med fuglar og andre dyr og kan velje kva dei vil vere. Men for å skjønne korleis dei kan mime for eksempel ein brunfalk, må dei lese i artikkelen. I tabellen under er informasjon om dei ulike dyra trekt ut, så det er enklare for læraren å hjelpe elevane når dei skal mime. Dyr Beskriving i artikkelen Brunfalk Plystreglente Svartglente (Beskrivinga gjeld alle dei tre fuglane.) • jaktar i utkanten av skogbrannar • plukkar opp kvister som brenn, og slepper dei ned på tørt gras så elden spreier seg • jaktar på skremde byttedyr som rømmer frå brannen, når elden held på å døy ut Fisk • sym til overflata for å ete brød Krabbehegre • slepper brød ned på vatnet for å lokke fisk opp til overflata Kråke • legg nøtter på bilvegen • ventar til ein bil køyrer over nøtta, så skalet knekk • ventar til det ikkje er bilar i vegen, før ho hentar nøttekjernen Mus • byttedyr som rømmer frå skogbrann i panikk, er redd for elden og varmen Andre aktuelle byttedyr i Australia Rotte, slange, hare, pungrotte, firfisle, piggsvin, flaggermus

LÆRARSIDE | NYNORSK NR. 1–2019 Mim smarte fuglar eller … · 2020-02-17 · Mim smarte fuglar eller skremde byttedyr I artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» les vi om fuglar

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: LÆRARSIDE | NYNORSK NR. 1–2019 Mim smarte fuglar eller … · 2020-02-17 · Mim smarte fuglar eller skremde byttedyr I artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» les vi om fuglar

Av Tuva Bjørkvold, forfattar, ressurslærar for Nysgjerrigper og førsteamanuensis ved OsloMet

Undervisningsopplegg til artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» i Nysgjerrigper nr. 1–2019

LÆRARSIDE | NYNORSK NR. 1–2019

Slik overlever brunbjørner lenger

Ny konkurranse: Vinn en forsker! Værvarsel

for 2050

1/2019. 26. årgang

MAGASINET

Verdens verste lukter

Har et lurt triks!

Fugler sprer brann

Trær uten klær

Om Lesekroken Lesekroken blir gitt ut av Nysgjerrigper, som er Forskingsrådets tilbod til barneskolen. Undervisningsopplegget har tips til korleis de kan bruke artiklane i magasinet Nysgjerrigper til å auke lesekompetansen hos elevane i alle fag. Les meir på nysgjerrigper.no/lesekroken

Mim smarte fuglar eller skremde byttedyr

I artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» les vi om

fuglar som har ulike strategiar for å skaffe seg mat.

Nokre rovfuglar spreier skogbrann for å skremme fram

byttedyr. Krabbehegren lokkar fisk til overflata med

brød, og kråker kan få bilar til å knekke skalet på nøtter

dei vil ete. Alle desse strategiane kan ein sjå føre seg, dei

gir bilete i hovudet på ein erfaren lesar.

For elevar kan det likevel vere vanskeleg å skjøne

teksten. Mange kjenner ikkje til korleis ein skogbrann

kan vere, korleis flammane gjer at dyra som bur i skogen,

må flykte for livet. Det kan difor vere smart om læraren

fortel dette på førehand, til dømes som dette:

«Nokre gongar byrjar det å brenne i skogen. Kanskje slår

lynet ned. Kanskje har nokon vore uforsiktig med eit bål.

Dette er ein katastrofe for dyra som bur i skogen. Dei

toler ikkje varmen og elden. Difor må dei flykte vekk frå

flammane. Dyra spring i panikk mot tryggleik. Kanskje

kan dei redde seg ved ei elv eller eit vatn? Dei må berre

springe og springe, til dei finn ein trygg stad.»

Når elevane kjenner til skogbrannar og dyr som flyktar,

kan dei byrje på oppgåve 2. Dei skal mime ulike fuglar

og dyr som er omtalte i artikkelen. Elevane får ei liste

med fuglar og andre dyr og kan velje kva dei vil vere.

Men for å skjønne korleis dei kan mime for eksempel

ein brunfalk, må dei lese i

artikkelen.

I tabellen under er informasjon om dei ulike dyra trekt

ut, så det er enklare for læraren å hjelpe elevane når dei

skal mime.

Dyr Beskriving i artikkelen

BrunfalkPlystreglenteSvartglente

(Beskrivinga gjeld alle dei tre fuglane.)• jaktar i utkanten av skogbrannar• plukkar opp kvister som brenn, og

slepper dei ned på tørt gras så elden spreier seg

• jaktar på skremde byttedyr som rømmer frå brannen, når elden held på å døy ut

Fisk • sym til overflata for å ete brød

Krabbehegre • slepper brød ned på vatnet for å lokke fisk opp til overflata

Kråke • legg nøtter på bilvegen • ventar til ein bil køyrer over nøtta,

så skalet knekk• ventar til det ikkje er bilar i vegen,

før ho hentar nøttekjernen

Mus • byttedyr som rømmer frå skogbrann i panikk, er redd for elden og varmen

Andre aktuelle byttedyr i Australia

Rotte, slange, hare, pungrotte, firfisle, piggsvin, flaggermus

Page 2: LÆRARSIDE | NYNORSK NR. 1–2019 Mim smarte fuglar eller … · 2020-02-17 · Mim smarte fuglar eller skremde byttedyr I artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann» les vi om fuglar

3.

2.

Lesekroken kan lastes ned frå nysgjerrigper.no/lesekroken. Oppgåvene er laga til artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann». Artikkelen finn du på side 8-9 i Nysgjerrigper nr. 1-2019 og ved å søke på «Lure fuglar spreier skogbrann» på nysgjerrigper.no

Av Tuva Bjørkvold

ELEVSIDE | NYNORSK NR. 1–2019

1. Kva gjer rovfuglar for å lokke fram byttedyr?

Jobb saman to og to

a) Snakk saman. Om de var rovfuglar,

kva ville de ha gjort for å lokke fram eit

byttedyr, for eksempel ei mus?

b) Lag ei teikning av korleis rovfuglen

lokkar fram musa.

Mim ein fugl eller eit byttedyr i artikkelen

Gå saman i grupper på tre–fire.

Liste over dyr du kan mime:brunfalk fisk krabbehegre kråkemus plystreglente svartglente

a) Vel eit dyr frå lista som du vil mime, men ikkje sei til

dei andre kva for eit dyr du har tatt.

b) Les i artikkelen «Lure fuglar spreier skogbrann»

for å finne ut korleis dette dyret oppfører seg.

c) Mim dyret for dei andre. Du har ikkje lov til å lage lydar,

men må bruke kroppen for å vise kva du er.

d) La dei andre på gruppa gjette kva du er. Gruppa får

berre to forsøk i kvar runde.

e) Byt roller, så alle får mime minst eitt dyr.

f) Om det er dyr ingen har vore, kan de fortsetje å mime

til alle dyra har fått ei framføring.

Detektivlesinga) Korleis er nebbet til rovfuglane

i artikkelen? Kvifor er det forma sånn,

trur du?

b) Kva for byttedyr trur du rovfuglane

i Australia skremmer med eld?

c) Korleis har menneska temt elden?

Oppgåver til «Lure fuglar spreier skogbrann»

Det er vanleg å sjå rovfuglar som jaktar i utkanten av skogbrannar. Der finn dei byttedyr som er skremde av elden og flyktar for livet. Slike byttedyr er lette å fange.

BrannstiftararNokre av dei australske rovfuglane – svartglente, plystreglente og brunfalk – tar saka i eigne hender (eller klør!). Dei sørgjer faktisk for at brannane spreier seg!

Forskarane observerte at fuglane plukka opp små, brennande kvister og slapp dei ned andre stader. Slik skapte fuglane nye småbrannar. Da kunne dei fortsette å jakte. Dette gjorde dei først og fremst når hovud brannen heldt på å døy ut – ikkje mens det framleis brann godt.

Også andre stader i verda – i Amerika, Afrika og i Sør-Asia – trur ein at enkelte fuglar gjer det same.

Sleipe strategiarDesse fuglane har altså lært seg å bruke eld som jaktreiskap. Fuglar kan også pønske ut andre glupe måtar å bruke reiskap på.

Krabbehegrer kan for eksempel lokke til seg fisk ved å sleppe brødbitar ned på vatnet. Og kråker kan bruke bilar til å knekke nøtter! Dei legger nøttene på bilvegen og ventar til ein bil køyrer over dei og knuser dei. Når det er klar bane, landar dei

på vegen og hentar dei herlege nøtte-kjernane!

EldherskararVi menneske er stolte over at vi bruker reiskap og har lært oss å temme elden. Men det er ikkje berre vi som er flinke! Forsking viser oss at også fuglar og andre dyr løyser problem på finurlege måtar. Det er faktisk godt mogleg at fuglane lærte å bruke eld før oss – kanskje før det fanst menneske i det heile tatt!

I tusenvis av år har urfolket i Australia visst om fuglane som spreier brann. No undersøkjer forskarar korleis – og kvifor – fuglane gjer det.

TEKST: IRENE INMAN TJØRVE

Tre fugleartar i Australia er kjende for å spreie brann. Svartglente, som er på jakt i bakgrunnen her, er ein av dei.

– Er det nokon herlege små byttedyr her?Plystreglente

– La oss få spreidd ein skikkeleg brann!Svartglente

– Kvar brenn det?

Brunfalk

nysgjerrigper – 1-2019, 26. årgangnysgjerrigper – 1-2019, 26. årgang

8

9

lure fuglar spreier skogbrann

lure fuglar spreier skogbrann

Ordforklaring: Rovfuglar er fuglar som fangar og et levande dyr. Byttedyr er dyra dei et.