20
KULTURELT OG KUNSTNARISK MANGFALD eit inspirasjonshefte til bruk i barnehagen og på småtrinnet i skulen frå Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa

KULTURELT OG KUNSTNARISK MANGFALDkunstkultursenteret.no/sites/k/kunstkultursenteret.no/files/3acaa9... · KULTURELT OG KUNSTNARISK MANGFALD eit inspirasjonshefte til bruk i barnehagen

  • Upload
    vucong

  • View
    220

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

KULTURELT OG KUNSTNARISK MANGFALD

eit inspirasjonshefte til bruk i barnehagen og på småtrinnet i skulen frå Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa

Forsidebilde: SiT Barns festival ”MiniUKA” i 2011.Gjengjeve med tillating.

Utgjeve av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen 2012Heftet kan lastast ned elektronisk frå og www.hioa.no/nafo

3

Dette heftet er laga av Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa (KKS), med god hjelp og støtte frå Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO). Målet vårt er å vise det store kulturelle mangfaldet som finst i barnehagen og skulen, og dei kunstnariske moglegheitene som ligg i dette mangfaldet. Det vil vi gjere gjennom å vise til gode og varierte døme frå barnehagar og skuler rundt om i landet. Vi ynskjer å inspirere til å jobbe med det fleirkulturelle i barnehagen og skulen på nye og kreative måtar!

Rammeplan for innhaldet i og oppgåver til barnehagen understrekar at det er mange måtar å vere norsk på og at det kulturelle mangfaldet skal speglast att i barnehagen. Eit av hovudmåla frå regjeringa for kvalitetsarbeidet i barnehagen er å sikre at alle barn skal få delta aktivt i ein inkluderande fellesskap.

I skulen skal det leggjast vekt på å utvikle kompe­tansen hos elevane på ulike område, mellom anna kulturell kompetanse:

”For å utvikle elevane sin kulturelle kompetanse til å delta i eit multikulturelt samfunn, skal opplæringa leggje til rette for at dei får kunnskap om ulike kulturar og erfaring med eit breitt spekter av kulturelle uttrykksformer. Opplæringa skal fremme kulturforståing og medverke til å utvikle både sjølvinnsikt og identitet, respekt og toleranse.” (Kunnskapsløftet 2006, Prinsipp for opplæringa, s. 3).

Det er mange måtar å arbeide med det fleirkulturelle på i barnehage og skule. I dette heftet skriv vi om kunstfaga. Kunst og kultur i barnehage og skule er gode verkty for integrering. Kunst­ og kulturaktivitetar gjer at born kan dele sin kultur med kvarandre og på den måten gjere det norske kulturlivet rikare.

”Å være sammen om kulturelle opplevelser og å gjøre eller skape noe felles, bidrar til samhørighet. […] Formidling av kunst og kultur bidrar til å skape fortrolighet med og tilhørighet til kulturelle uttrykksformer” (Rammeplan for barnehagen 2011, s.43)

Barnehagen og skulen, i samarbeid med heimane, kan vere ein kulturarena for mangfald og ei fleirkulturell tilnærming. Arbeidet med å ivareta og gjere mangfaldet synleg må forankrast i det daglege virke i kvardagen og i heile personalgruppa. Eit mål for arbeidet må vere å gå frå ei problemorientert tilnærming til det fleirkulturelle samfunnet over til å sjå på mangfald som ein ressurs i samfunnet, i skule og barnehage (Jf erfaringsundersøkinga frå KKS 2009).

Innhaldet i heftet vender seg fyrst og fremst til tilsette i barnehagen. Der vi også har valt å ta med døme frå skulen, er det for å vise korleis gode prosjekt kan fungere heilskapleg, på tvers mellom barnehage, skule og andre instansar, ellerat prosjekta kan gjennomførast både i barnehagen og på småtrinnet i skulen.

Vi ynskjer å bidra til å formidle fleire gode døme på at det kunstfaglege og det fleirkulturelle kan knytast saman. På nettsida vår, kunstkultursenteret.no, har vi ein base med døme på mange flotte prosjekt, men det er plass til fleire. Vi oppmodar alle til å dele prosjekta sine med oss!

Lykke til med arbeidet!

Kirsti Saxi

Senterleder

INNLEIING

4

JOIKEVERKSTADS. 6

S. 8

S. 10

EVENTYR SOM KULTURBRU

MUSIKALSK MANGFALD I KVARDAGEN

Gimle barnehage

Gjøvik barnehage

SiT Barn Moholt

INNHOLD

5

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

S. 12

S. 14

S. 16

BORNAS KULTURFESTIVAL ”VI I VERDEN”

TATERPROSJEKTET

LESEVENNER

Barnehagane i Oppdal

Thor Heyerdal barnehage

Åsen skole, Solheim barnehage, Løkenåsen barnehage og Lørenskog bibliotek

6

JOIKEVERKSTAD

”Barnehager for samiske barn i samiske distrikt skal […] ha som formål å styrke barns identitet som samer ved å bruke samisk språk og å formidle samisk kultur, levesett og samfunnsforhold.” (Rammeplan for barnehagen 2011, s.24)

Gimle studentbarnehage ligg i Tromsø og har fire avdelingar. Den eine avdelinga er samisk, men samisk språk og kultur er integrert i heile barnehagen.

På den samiske avdelinga, Gearpmaš (Ormen), har dei hatt ”Joikeverkstad” som prosjekt gjennom eit heilt år. I prosjektperioden var det samlingar med borna ein gong i veka, til fast tid og stad.

Skildring av ei joikeverkstad-samling

Kvar samling varer i om lag 20 minutt, med fem born (3­6 år) om gongen. I forkant av samlingane blir det avtalt med borna at det berre skal snakkast samisk på samlingane.

Alle sit i ein ring på golvet, noko som gjer at borna kan røre på seg. Personalet kler på seg kufte i starten av kvar samling. Borna er med og kler på kuftene og anna klesplagg. Dei samtalar om tørkle, søljer, belte, om korleis kufter skal brukast, kor dei kjem frå og kva for reglar som gjeld. Kulturelementa blir knytte saman slik at alle får felles fokus.

På fyrste samlinga blir joikane som skal brukast introdusert. Den vaksne som leier samlinga joikar fyrst aleine og fortel historia som er knytt til joiken. Gjentaking er viktig. Joiken blir sungen oppatt saman med borna fleire gonger for å få dei med litt etter litt. Det sikrar at alle lærer joiken og kan joike han på fleire vis.

Borna får bli kjent med joikane på fleire vis. Dei leikar joikane, med rørsleleiker som passar til innhaldet, til dømes å ro i båten eller fly som ørna. Dei joikar høgt og lågt, fort og sakte, aleine og saman og i mikrofon. Samlinga blir alltid avslutta med teikning knytt til ein av joikane.

Etter kvart, når alle kjenn til prosjektet, blir samling­ane flytta ut i goahti (gammen). På den måten blir joiken knytt endå sterkare opp mot den samiske kulturen.

Undervegs i prosjektperioden har borna framføringar for resten av barnehagen på fellessamlingar og for foreldra.

Erfaringar og læringsverdi

Borna har fått kunnskapar om og erfaringar med ulike typar joik. Dei har lært at joiken fortel ei historie og at ein joik kan ha mange ulike uttrykk. Alle borna har lært seg å joike i løpet av året, og dei har blitt trygge på å stå fram i gruppa og opptre framfor andre. Innhaldet i samlingane har spreidd seg vidare, borna joikar i kvardagen og heime på eige initiativ, og dei har lært det vidare til andre born som ikkje var med i prosjektet. Dei har også fått betre kjennskap til den samiske kulturen, kva som kjenneteiknar han og den rolla joiken har for det samiske folket.

For personalets del har joik fått ein større plass i kvardagen. Dei har lært seg fleire joikar, meir om korleis joik er bygd opp og dei er blitt meir medvitne på å joike sjølv i samspel med borna.

Prosjektet om joikeverkstad er presentert som ein pedagogisk ressurs på nettsida cujacu.no, frå Senter for Nordlige folk. Der kan vi også sjå ein dokumentarfilm som blei laga frå prosjektet, lese meir om joik og høyre døme på ulike joikar.

7

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Andre prosjekt som handlar om samisk kultur:

Stubben barnehage i Vadsø: ”Samisk håndverk, duodji.” Prosjektarbeid som gir innsikt i kunst og håndverk i samisk kultur. kunstkultursenteret.no/eksempler

I Veileder for barnehager med samiske barn (sametinget.no/Opplaering/Barnehager) og i temaheftet for samisk kultur i barnehagen (udir.no/Barnehage/Rammeplan/Temahefter/Temahefte­om­samisk­kultur­i­barnehagen) kan du finne mange framlegg til aktivitetar innanfor arbeid med samisk kultur.

Til refleksjon:

­ Finst det samiske born i barnehagen dykkar? Korleis kan barnehagen lage opplegg som byggjer på dette eller på bakgrunnen til desse borna? Finn ut kvar dei kjem frå, kva for samisk språk dei snakkar, kva for kufte dei har, kva musikktradisjonar dei har og så vidare.

­ Korleis kan barnehagar både med og utan samiske born bruke samisk musikk, forteljingar og formingsaktivitetar som innfallsvinkel til å bli kjent med den samiske kulturen?

Bildet er henta frå historia om Cujaju. Teikning av Gustav Vaal.

8

EVENTYR SOM KULTURBRU

Midt i sentrum av Gjøvik ligg Gjøvik barnehage, med 3 avdelingar og 56 born. Rundt 40 % av borna har eit anna morsmål enn norsk, noko som gjer barnehagen rik på kultur, tradisjonar og språk.

Barnehagen har fokusert på å vise fram den ulike bakgrunnen til borna i form av kart og flagg, språk og bilete. Eit ledd i denne synleggjeringa er fokus på ulik kulturarv, med eventyr, songar og regler frå andre land. Nokre av songane og reglene er på ulike språk som er representerte i barnegruppa. Ved å lære eventyr, songar og vers frå fleire land utvidar borna perspektiv og kompetanse om verda. Men viktigast av alt er innhaldet og formidlinga. Målet er å få forteljingane til å nå fram til alle borna og fengje dei.

I barnehagen har dei bygd opp ei samling med eventyrboksar som inneheld både eventyra som er mest kjent i norsk tradisjon og eventyr frå andre land der born i barnehagen har tilhøyrsla si. Ein eventyrboks er ein boks eller kasse fylt med ting som kan brukast når dei skal fortelje eit bestemt eventyr. Materialet i boksane, bilete og gjenstandar, skal hjelpe til med å konkretisere innhaldet i eventyra. Det treng ikkje å vere komplisert. Eit døme er eventyrboksen om Raudhette og ulven, som inneheld handdokker av Raudhette, ulven, bestemor, mor og jegeren. Til eventyret om Den grøne votten høyrer det ein grøn pose, alle dyra som overnattar i votten, ein hund og ein liten figur av ein mann.

I Gjøvik barnehage blir eventyra fortalde på norsk. Men dei låner bøker frå biblioteket på fleire språk som er representerte i barnehagen, og tilbyr å låne dei vidare til foreldra. Dette gir borna høve til å få høyre same eventyr på både morsmål og norsk. Gjennom å skaffe eventyr på dei ulike språka som er representerte i barnegruppa, viser barnehagen ein anerkjennande haldning til borna sine ulike morsmål. Borna får i tillegg høve til å betre forstå ord og omgrep når eventyra blir fortalde eller lesne på begge språka.

Etter kvart blei rolleleiken ein stor del av prosjektet, med særleg fokus på leiken som ein fleirkulturell møteplass. Personalet brukte element frå eventyra til dramatisering og dokkespel. Borna brukte og vidareutvikla eventyra i sin eigen leik blant anna med å lage seg nye roller og nye handlingsvegar. Det at alle hadde eit felles utgangspunkt frå eventyra, gav næring til leiken og gjorde det lettare for alle å bli inkludert på lik linje.

Barnehagen innreidde eit eiget dramarom med klede til å kle seg ut i som alle borna kunne kjenne igjen frå eige heimemiljø. Dei tilsette kjøper stoff og klede på reiser til utlandet, og forelda bidreg og tek med klede som borna deira har vakse ut av. I utvalet finst det blant anna skjerf og sjal, arabiske og afrikanske kjortlar og fargerike kjolar, i tillegg til kostyme som brannmann, politi, prinsesse og superhelt. Noko av tøyet er relatert til eventyra, og det blir brukt til dramatiseringar. Utkledingskleda og eventyrboksane er lett tilgjengeleg for bruk når borna ynskjer det.

Gjennom å introdusere eventyr og songar frå andre verdsdelar blir verda til borna utvida, dei tileignar seg ny kunnskap. Gjennom arbeidet oppdaga dei at jamvel om det er store skilnader mellom tradisjonar og levemåtar som er representerte i barnehagen, finst det også mykje som er likt. Eventyr og songar bind saman menneske og fungerer som kulturmøte.

9

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Andre døme på arbeid med eventyr og forteljing:

­ ”Eventyr, mangfold og lek i en flerkulturell barnehage”. I Hanken barnehage, Skien kommune, har dei brukt eventyr som innfallsmetode i arbeidet med å utvikle det norske språket til borna. kunstkultursenteret.no/eksempler

­ Døme på eit prosjekt der dei bruker bornas morsmål i arbeidet med eventyr, lesevenpro­sjektet: dfb.deichman.no

­ I Granåsen barnehage, Skien kommune, formidlar dei eventyr på fleire språk. Sjå film frå Granåsen barnehage her: barnehageipraksis.no/sprakarbeid­i­barnehage/

­ Eventyrstund på to språk i Kyrkjevegen barnehage, Førde kommune: hioa.no/Om­HiOA/NAFO/Barnehage/ Flerspraaklig­arbeid

­ Ein tospråkleg barnehageassistent fortel om korleis ho har jobba med same eventyr på tyrkisk og på norsk. morsmal.no

Til refleksjon:

­ Kva har de av utstyr og materiell i barnehagen eller på skulen som kan samlast saman og sorterast i ulike eventyrboksar?

­ Kva bakgrunn har borna i barnegruppa? Kjenner de eventyr, songar og regler som borna kan kjenne igjen heimafrå? Kan de få hjelp frå foreldra til å finne fram til eventyr, songar og regler dei sjølv hugsar frå eigen oppvekst?

Det finst mange stader å finne eventyr frå andre land på. Her er nokre framlegg:

Kulturbro forlag har eventyr frå ulike stader i verda. kulturbro.no.

I boka ”Under fortellingstreet. Eventyr fra Pakistan til Norge” blir det vist korleis eventyr kan brukast i undervisninga. universitetsforlaget.no/boker/pedagogikk/fagdidaktikk.

Eventyrposar kan lånast hos «Det flerspråklige bibliotek» Deichmann. Her fylgjer det med biletbøker og lydbøker på mange språk. dfb.deichman.no/

Sjå også framlegg til litteratur på Nafo si nettside: hioa.no/Om­HiOA/NAFO/Barnehage/Barneboeker­paa­flere­spraak

10

Det er etter kvart blitt mange små born som har plass i barnehage, og mange ulike nasjonalitetar er representerte blant desse borna. Barnehagen skal leggje til rette for at dei yngste får utfalde og uttrykkje seg på måtar som er naturlege for dei. Dette er noko dei tek på alvor i SiT Barn Moholt, med si satsing på kunst og kultur, med hovudvekt på musikk, som ein naturleg og integrert del av kvardagen i barnehagen.

”Musikk er eit universelt språk. Det når fram til alle, uavhengig av språk og kultur. Både born, foreldre og personale kan samlast rundt song og fengjande rytmar” (Marit Landsem, styrar i barnehagen).

SiT Barn Moholt er ein studentbarnehage i Trondheim med ni avdelingar, fordelt på to hus, for born frå 0 til 3 år. Barnehagen hentar inspirasjon frå Reggio Emilias filosofi i arbeidet sitt og dei har vore med i pilotprosjektet ”Kom!Barnehage”, eit treårig prosjekt gjennomført i åtte barnehagar, der barnehage og kulturskule samarbeider om å auke fokuset på kunst og kultur.

Med tanke på at satsinga på kunst og kultur skal vere gjennomgåande i kvardagen for alle, vil dei involvere både born, foreldra og dei tilsette best mogleg og mest mogleg. Hovudtanken deira er: ”Bruk moglegheitene vi har rundt oss til kvar tid, og gjer det beste ut av dei!”

Song og musikk blir brukt aktivt i kvardagen. Musikkinstrument er tilgjengelege for borna der dei er, og personalet fokuserer på å gripe sjansane i kvardagssituasjonane. Eit bleieskift, til dømes, kan vere eit godt høve til musikalsk samspel mellom barn og vaksen. Borna blir samla til songsamlingar kvar dag og til korøvingar kvar veke. Dei legg vinn på å bruke song og musikk frå ulike verdshjørne, gjerne songar som er henta inn frå foreldra i barnehagen. Musikken blir også brukt aktivt som verktøy i språkopplæringa. Barnehagen har erfart at språk og melodi heng tett saman. Ord og setningar hugsar vi betre når dei blir kopla til ein melodi. Mange ”happenings” i kvardagen lægjer terskelen for å vere publikum på konsert, det blir naturleg for borna både å vere tilskodar og å spele og syngje sjølve. Musikken gir kvardagen eit streif av magi!

MUSIKALSK MANGFALD I KVARDAGEN

Oh, alele! Oh, alele!A kari kitsji komba! A kari kitsji komba! A masa masa masa! A masa masa masa!O bae bai bao! O bae bai bao!

(ein afrikansk (ukjent opphav) song der ein syng fyrst og dei andre hermer. Han passar bra å syngje saman med djembetromme)

Gjennom samtalar og daglege møtepunkt prøver personalet å bli godt kjent med foreldra og finne ut kva dei ynskjer å bidra med i barnehagen. Det krev at personalet kommuniserer godt med alle foreldra slik at alle har sjansen til å kunne delta i barnehagens opplegg. Foreldra blir inviterte til å kome på huskonsertane som blir haldne med jamne mellomrom og vise fram noko dei kan, noko personalet og borna også gjer. I barnehagen ser dei at mange foreldre er stolte over å få lov til å vise fram eigne musikktradisjonar. Ein far, opphavleg frå Ghana, sa ein dag til ein av dei tilsette at han kunne spele tromme. Det førte til at han tok med seg ein musikerven og heldt huskonsert for heile barnehagen. SiT Barn Moholt ynskjer å få fram ei ”berre gjer det!”­haldning. Det treng ikkje vere lange vegen frå idé til handling, og det skal vere låg terskel for å delta. Målet deira er at alle som har lyst, skal kunne kome inn i barnehagen og delta med det dei har å by på, ut frå sitt eige nivå og sine eigne erfaringar. På same måte som borna gjer det, tenkjer dei at både foreldre og personale kan øve seg på å gripe sjansane og moglegheitene, utan å planleggje så mykje og gjere alt så høgtidleg og stort. I samband med prosjekt som barnehagen held på med, blir foreldra dregne inn på workshopar der dei hjelper til med å pynte, bake, måle, spele og så vidare. Eit døme er når borna skal

11

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Andre døme på arbeid med musikk:

­ ”Trom som du er”. Eit trommeprosjekt frå småbarnsavdelingane i Skjoldtun barnehage i Bergen, der brasilianske og norske rytmar blir knytte saman. kunstkultursenteret.no/eksempler

Til refleksjon:

­ I Rammeplanen og i Kunnskapsløftet blir det lagt det opp til at kunst­ og kulturuttrykk skal kunne knytast til nærmiljøet. Kva finst av musikkaktivitetar og lokale musikarar i nærmiljøet dykkar og/eller blant foreldra? Korleis kan desse ressursane brukast i barnehagen eller i musikkundervisninga?

­ Korleis kan de kartleggje den kompetansen og dei ressursane personalet hos dykk har? Og korleis kan de bruke dette i praksis?

­ Kva må til for å få ned terskelen til å hive seg ut i nye og ukjente prosjekt, å ”berre gjere det”?

lage lyslykter til bruk i adventstida. Då blir foreldra inviterte til å kome til barnehagen ein ettermiddag og lage lyktene saman med borna sine. Borna og foreldra får gjere noko praktisk saman, og samtidig er det eit godt høve for foreldra til å bli kjent med andre foreldre. Anna kvart år arrangerer SiT Barn (alle studentbarnehagane i Trondheim) sin eigen kulturfestival, MiniUKA. Det gjer dei i samarbeid med studentane i Trondheim. Då blir sjølvsagt også foreldra dregne inn i heile prosessen for å hjelpe til.

”Barnehagen har en viktig oppgave som møtested for barn og småbarnsforeldre og som kulturformidler. I møte med foreldre med minoritetsspråklig bakgrunn har barnehagen et spesielt ansvar for at foreldrene har mulighet til å forstå og gjøre seg forstått i barnehagen. Å møte foreldre fra ulike kulturer, både innen det norske samfunnet og fra andre land, krever respekt, lydhørhet og innsikt. Dette forutsetter at personalet er bevisste og tydelige i egen yrkesrolle og trygge på egen kompetanse.” (Rammeplan for barnehagen 2011, s. 20)

Barnehagen har laga seg eit ”kompetansetorg” der dei kartlegg utdanning, kompetanse og interesser til alle tilsette, slik at det kan brukast på tvers av både avdelingar og i dei andre barnehagane i SiT Barn. Kompetansekartlegginga blir gjort gjennom eit sjølvlaga kompetanseskjema som blir lagt på intranettet til barnehagane. Der kan dei tilsette gå inn og fylle ut sitt skjema og fylle på etter kvart som dei lærer seg noko nytt eller kjem på noko meir. Dei kan også sjå på kva andre har skrive og på den måten finne ut kva andre kan bidra med i ulike prosjekt. Det skal vere rom for mangfald, både i dugleikar og interesseområde. Barnehagen legg vekt på intern kursing av personalet, blant anna i samband med innkjøp av nytt utstyr, som musikkinstrument eller lysutstyr. Alle skal få eit grunnlag. Nokre av dei tilsette er med i barnehagens eige husband, som opptrer på huskonsertar og andre små og litt større tilstelningar i barnehagen. Dei har ein medviten politikk ved tilsetjingar; dei spør etter brei kulturkompetanse, og dei prioriterer å tilsetje personale med anna bakgrunn enn den norske. Dei har erfart at foreldre frå andre land enn Noreg lettare tek kontakt med tilsette med bakgrunn frå andre land, og då er det ofte ikkje så viktig kva for anna land dei kjem frå.

12

Barnehagane i Oppdal arrangerer Barnas kulturfestival kvart år. I 2011 fekk festivalen namnet ”Vi i verden”. Med dette temaet sette barnehagane fokus på det fleirkulturelle samfunnet. Dei ynskte å bruke dei estetiske fagområda og kreativiteten som verkemidlar for å fremje forståing for kvarandre ­ på tvers av kulturar.

Same år som ”Vi i verden” var, hadde dei kommunale barnehagane fokusområdet ”Synleggjere det fleir­kulturelle gjennom estetiske uttrykk”. I 2011 fekk dei tildelt Trøndskprisen for arbeidet med fokusområdet.

Måla for dette fokusområdet var:­ Borna viser engasjement og lærelyst over skilnader­ Borna opplever attkjenning og stoltheit over

eigen kultur.­ Borna får styrkt sin identitet­ Borna opplever seg som viktige deltakarar

i fellesskapet

Det blei viktig å få dei tilsette i barnehagane til å reflektere, og bli medvitne på korleis dei møter born og foreldre. Ut i frå måla blei det utvikla ein ”beste praksis”, som vil seie ”kva må personalet gjere for å kome på høgd med måla som er sette?”

For å gjere det fleirkulturelle synleg gjennom estetiske uttrykk, må eg som vaksen:

­ Vise interesse og engasjement for det fleirkulturelle­ Vere medviten om kva estetiske inntrykk og

uttrykk eg formidlar i barnehagen­ Skaffe meg kunnskap gjennom eit breiare

foreldresamarbeid, om deira land, språk og kultur ­ Lage dokumentasjonar; for borna, personalet

og foreldre­ Undre meg saman med borna over skilnader

og likskapar­ Bruke estetiske uttrykk frå ulike kulturar som

musikk, drama, dans, bilete og mat i kvardagen i barnehagen

BORNAS KULTURFESTIVAL ”VI I VERDEN”

Å synleggjere det fleirkulturelle

Her kjem ei skildring av korleis éin av barnehagane, Sildrevegen kulturbarnehage, tenkte og arbeidde med temaet ”Vi i verden”, gjennom heile barnehageåret og fram mot Barnas kulturfestival.

Barnehagen er multikulturell, med familiar frå mange ulike nasjonar i både Asia, Afrika og Europa. Gjennom året blei familiane til borna inviterte til fleire sosiale samkomer i barnehagen. Dei var aktive i Forut­aksjonen (Forut er ein bistands­ og utviklingsorganisasjon som blant anna jobbar med å styrkje born sine rettar) og arrangerte eigen Forut­fest i oktober 2010. I løpet av hausten hadde borna og personalet blitt kjent med Indrani frå India og Drøymeskulen. Gjennom å delta i Forut fekk dei innblikk i heilt andre levekår enn born i Noreg er vane til. Målet var å skape nyfikne, toleranse og forståing som fremjar empati og fører til venskap og solidaritet i staden for stakkarsleggjering og vonløyse.

I løpet av året inviterte dei også til foreldrekaffi der det var høve for eit meir uformelt og uhøgtidleg møte over ein kaffikopp. Avdelingane sette opp teaterframsyning for foreldra, og det blei arrangert fest der foreldra sjølv skulle bidra med mat frå eigne heimland. Barnehagen såg kor viktig det var å opprette ein arena der familiane i barnehagen kunne møte einannan. Dei pedagogiske leiarane blei gode til å involvere foreldra i sitt pedagogiske arbeid. Alle foreldra blei oppmoda til å bidra i barnehagen med å vise noko frå sine heimland. Det blei teke bilete av nasjonaldrakter. Ord som hei, takk og hadet, dessutan tal fram til fem blei samla inn på ulike språk, også med lydskrift for at dei skulle lære uttalen best mogleg. Alt dette blei dokumentert og hengt opp på veggene i barnehagen slik at både born, foreldre og personale kunne sjå det kvar dag. Dokumentasjonane blei etter kvart ei kjelde til samtalar, spørsmål og undring. Likskapane mellom familiane var vel så viktig fokus som å formidle ulikskapane.

13

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

”Vi i verden”

Mykje av det som skjedde gjennom året blei samla inn og vist fram på kulturfestivalen, blant anna med ei eiga barnekunstutstilling i Oppdal kulturhus. Eit av innslaga i kunstutstillinga var skiløyparen ”Jack”, som elska å spele afrikansk tromme. Han blei laga av 6­åringane av tomme mjølkekartongar. Dei yngste borna laga fargetrykk med afrikanske mønster. Utstillinga var elles prega av flagg frå mange nasjonar, og borna syntest det var spennande å sjå likskapar og skilnader i kvarandre sine flagg.

Kulturfestivalen ”Vi i verden” blei avslutta med dagen der alle barnehagane skulle få høve til å stå på scena i kulturhuset. Det blei ei fargerik framsyning med songkor, dans og dramatisering. Det var rytmar frå ulike nasjonar og songar på ulike språk.

I 2011 blei Oppdal tildelt arrangementet ”Barnas Verdensdager” frå Rikskonsertane for fyrste gong. For å setje Barnas kulturfestival og Barnas verdens­dager i samanheng, gjennomførde barnehagane festivalen i same veke som Barnas verdensdager gjekk av stabelen. Arrangørane av Barnas verdensdager blei dermed Rikskonsertane, Oppdal kulturhus og barnehagane med sin Barnas kulturfestival. Oppdal kulturhus var arenaen for Barnas verdensdager. Barnas kulturfestival si barnekunstutstilling, som hang i kulturhuset ei veke, blei derfor også ein del av Barnas verdensdager.

Andre døme på samarbeidsprosjekt:

­ ”Fargespill”. Ei fleirkulturell framsyning bygd opp av folkesongar, regler og dans som aktørane, born og unge, har teke med seg frå sine respektive land og kulturar. Fargespill har sitt utspring i Bergen, og har seinare blitt sett opp som framsyning fleire stader i landet, blant anna i Larvik, i Bærum og på Ås. fargespill.no

­ ”Vennskap gir kunnskap og kunnskap gir vennskap”. Eit samarbeidsprosjekt mellom alle barnehagane i Hol kommune om dei menneskelege verdiane med utgangspunkt i kultur. kunstkultursenteret.no/eksempler.

Til refleksjon:

­ Kva skal til å for å involvere alle foreldra, også dei etnisk norske, i arbeid med gjere mangfaldet i barnehagen synleg?

­ Kva ved det kulturelle mangfoldet ynskjer barnehagen å framheve, og kvifor?

­ Korleis pregar det kulturelle mangfaldet dagleglivet i barnehagen?

(Sildrevegen kulturbarnehage er no slegen saman med Pikhaugen barnehage)

14

Særdrag ved mennesket er at det både kan fatte det tidlegare slektsledd har tenkt og følt, bruke det dei har utretta og forma – og samtidig overskride dei grenser fortida sette ved nybrott og skaparkraft” (Kunnskapsløftet, generell del. udir.no).

Prosjektet er ei oppfylging av prosjektet «Taterfolket fra barn til voksen» 2003 – 2009 (hioa.no/NAFO/Prosjekteter­Tiltak) og har til no omfatta ein barnehage i Vestfold, fire barnehagar i Hedmark og fire barnehagar i Telemark. Skildringa her tek utgangspunkt i Thor Heyerdahl barnehages prosjektrapport (hioa.no/Om­HiOA/NAFO/Barnehage/Synliggjoering­av­mangfold). Prosjektet starta etter at Thor Heyerdal barnehage i Larvik hausten 2010 blei kontakta av Anne­Mari Larsen frå Dronning Maud Minnes høgskole i Trondheim og Mariann Grønnerud frå Taternes landsforening. Thor Heyerdal barnehage er engasjert i fleirkulturelle tema, og har mykje kompetanse på området. Samtidig var dei ivrige på å få meir kunnskap og nyfikne på taterkulturen.

Dei overordna måla med prosjektet var at alle borna skulle lære noko om taterkulturen, og at spesielt born som er taterar skulle få møte noko frå taterkulturen formidla av ein som sjølv er tater. Taterkulturen var lite kjend for dei fleste i barnehagen, til trass for godt foreldresamarbeid. Dei tilsette undra seg over kvifor det var slik, og fant at noko av grunnen kunne vere haldningane generelt i samfunnet til taterfolket, og at taterane sjølv har vore oppdratt til å tie om sin bakgrunn. På grunnlag av dei erfaringane som blei gjort i prosjektet, skulle det lagast eit framlegg til korleis ein kan jobbe med taterkultur i barnehagen.

Prosjektet varte i omtrent fire månader. I den perioden kom Mariann på besøk ein dag kvar tredje veke og hadde samling og aktivitetar med borna. Ho gjorde borna kjent med taterkulturen gjennom song, musikk, forteljingar, eventyr, dramatisering og formingsaktivitetar.

Mariann fekk fort ein god relasjon til både born og vaksne. Ho hadde personleg engasjement og fyrstehandserfaring med temaet, noko som gjorde det levande for dei som deltok. Samlingane var gjennomtenkte og godt planlagde, og born og vaksne gledde seg til møta med henne.

TATERPROSJEKTET

Døme på det som blei gjort i prosjektet:

­ Mariann fortalde historier frå taterlivet då ho var lita jente

­ Borna laga teikningar inspirerte av forteljingane til Mariann

­ Dei lærte songen om taterguten Romano Raklo­ Borna fekk sjå ei gamaldags kaffikiste og smake

på kaffi­ Dei brukte ståltråd som formingsmateriale og laga

potetstikker, smykke og påskepynt­ Borna fekk inspirasjon til rolleleik. Dei laga seg telt

og leika at dei var taterar på reise

”Taterane brukte ståltråd når dei laga ting”

”Så selde dei tinga, fordi dei måtte ha mat”

”Eller dei bytte. Gav bort det dei laga og fekk noko anna som dei trong!”

15

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Viktige erfaringar undervegs i prosjektet:

­ Foreldra og personalet må få god informasjon om prosjektet og grunngjeving for kvifor vi vel det. Dette er eit haldningsarbeid som krev openheit og refleksjon

­ Heile personalgruppa må bidra­ Prosjektet må vere praktisk og vi må bruke

konkretar­ Lista må leggjast lågt nok for dei yngste borna,

slik at alle får eit utbytte av å delta i prosjektet

Prosjektet gav nye idear og inspirasjon til dei tilsette om korleis arbeidet med ei gruppes ulike kulturelle uttrykk og tradisjonar kan bidra til å gjere mangfaldet i barnehagen rikare. Det gav borna mykje glede, nye idear og næring til leik. Dei fekk erfaringar med nytt og ukjent formingsmateriale og dei fekk rom for refleksjon og gode samtalar.

Taterprosjektet blei avslutta med foreldrekaffi og utstilling med fokus på taterkultur. I ettertid har prosjektet blitt spreidd ut til andre barnehagar i landet. Du kan lese meir om prosjektet og sjå fleire bilete på nettsida til Nafo: hioa.no/Om­HiOA/NAFO/barnehage/synliggjoering­av­mangfold. Der finn du og lenkje til eit veileiningshefte til temaarbeid om taterar i barnehagen, laga av prosjektleiar Anne­Mari Larsen.

For å nå måla i arbeid med kunst, kultur og kreativitet må personalet ”sørge for at barn opplever, lokale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk og at de får møte kunstnere og gi barna anledning til å bli kjent med tradisjoner innen bomiljø, byggekunst og håndverk.” Gjennom arbeid med nærmiljø og samfunn skal barnehagen bidra til at borna ”utvikler forståelse for ulike tradisjoner og levesett”. (Rammeplan for barnehagen 2011, s.44 og 47).

Andre døme på forteljingar frå ulike kulturbakgrunnar:

­ ”Fortell meg”. Foreldre set ord på forteljingane om sitt eige liv, for seg sjølv og for borna sine. hioa.no/Om­HiOA/NAFO/Barnehage/Samarbeid­med­foreldre

Til refleksjon:

­ Korleis skal vi på best måte involvere alle foreldra i eit slikt prosjekt?

­ Kartlegg føresetnadene i barnehagen til eit slikt temaarbeid. Kva kunnskapar om og haldningar til temaet taterkultur finst i personalgruppa?

16

Prosjektet ”Lesevenner” er eit samarbeid mellom Åsen skole, Solheim barnehage, Løkenåsen barnehage og Lørenskog bibliotek. Fire gonger i året er elevar frå 4. trinn ved Åsen skole på besøk i dei to barnehagane og les for barnehageborna på ulike morsmål. Tiltaket har fleire målsetnader:

­ styrkje leseferdigheitene og evne til munnleg forteljing

­ gjere overgangen mellom barnehage og skule lettare

­ betre språkforståinga blant minoritetsspråklege born i barnehagen

­ ivareta og styrkje det fleirkulturelle perspektivet i barnehagen og skulen

­ styrkje barnehageborna og skuleelevane si interesse for å lese

­ styrkje samarbeidet mellom heim og barnehage/skule

­ utnytte ressursar og kunnskapar i dei tre samarbeidande verksemdene

­ gjere synleg og utnytte dei språklege ressursane borna har

­ bidra til å etablere ein velfungerande samarbeidsmodell og spreie informasjon til andre

I tillegg til å vere ein dugleik er lesing ein kulturell kompetanse (Kunnskapsløftet 2006). Lesing er både avhengig av og utviklande for kulturforståinga. I Rammeplan for barnehagen er litteraturformidling ein del av fagområdet Kunst, kultur og kreativitet, og det blir poengtert at formidlinga bidreg til å gjere borna fortrulege med og skaper tilhøyrsle til kulturelle uttrykksformer.

Ved Åsen skole blir alle fjerdeklassingane og lærarane deira samla til eit informasjonsmøte om kva ein leseven er. Elevane får høve til å stille spørsmål og kommentere. Lærarane leverer ei oversikt over kva morsmål som er representerte i klassene, og leverer denne til bibliotekaren på Lørenskog bibliotek og til styrarane i Solheim barnehage og i Løkenåsen barnehage.

Bibliotekaren finn bøker på dei aktuelle språka som passar for førskoleborn. Til dette arbeidet får ho blant anna bistand frå Det flerspråklige bibliotek på Deichmann i Oslo. Styraren i barnehagen grupperer borna etter morsmål og koplar dette opp med skulebornas lesarar på same morsmål. Når

LESEVENNER

bibliotekaren har skaffa bøker, blir elevane inviterte til biblioteket og får velje ut tre bøker dei vil lese blant utvalet bibliotekaren har lagt fram.

På skulen førebur så elevane seg på å vere lesarar. Dei les for kvarandre, og diskuterer i klassa korleis dei skal lese for born; vise bilete, stille spørsmål, kommentere osv. Det blir også lagt vinn på at dei som ikkje les så godt på morsmålet kan fortelje.

Foreldrene blir dregne inn i arbeidet, ved at dei blir informerte om lesevenn­prosjektet og blir oppmoda til å lese bøkene for og saman med elevane på dei ulike morsmåla. Dette bidreg til at dei elevane som ikkje les på morsmålet kan lære seg historiene og fortelje dei munnleg.

I barnehagen snakkar avdelingsleiaren med borna om at dei skal invitere skuleborn til å lese for dei. Barnehagen sender så ein invitasjon til skulen om lesestund i barnehagen.

På lesevenn­dagen får skuleborna skilt med namn rundt halsen og barnehageborna har det same. Skilta har ulike fargar. Dette er gjort for at alle skal vite kven som skal lese og lesast for i same gruppe. Dei med raude skilt tilhøyrer eitt språk, dei med grøne skilt eit anna.

Dei same borna har dei same lesarane på kvar samling. Dette gjer at borna blir godt kjent med elevane, og skaper nærleik og tryggleik

Etter avtale med biblioteket blir bøkene igjen i barnehagen etter lesevenn­besøket. Foreldra til barnehageborna får så tilbod om å låne bøkene elevane har lese for borna, og kan lese bøkene på nytt for borna sine heime.

Noko som også har vore gjennomført som ein del av lesevenn–prosjektet, er barnefest på biblioteket. På dette arrangementet har barnehageborna opptredt med songar for skuleborna og skuleborna har framført Bukkene Bruse på fleire språk for barnehageborna. Dei les boka saman ved at dei ser bilete frå boka på skjerm, ein fjerdeklasseelev les på sitt morsmål, og bibliotekaren les same sida på norsk. Slik les dei seg gjennom ei enkel barnebok. Nokre barnehageborn kjem fram til mikrofonen og fortel korleis dei har hatt det når ein leseven har kome på besøk.

17

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Ressursar

Film frå prosjektet kan lastast ned frå hioa.no/nafo eller skoleipraksis.no.

Warme, Elin: «Lesevenner» i Aamodt og Hauge (red.) (2008): Familielæring og andre modellar innanfor fleirkulturelt pedagogisk arbeid. Universitetsforlaget

Det flerspråklige bibliotek (dfb.deichmann.no) låner ut og sel bøker for born og vaksne på mange språk. Det finst også eit stort utval lydbøker, dessutan eventyrposar på mange språk. Materiellet kan lånast gjennom ditt lokale bibliotek.

Andre prosjekt om litteratur og forteljing:

­ I Belset barnehage i Bærum har de valt å legge vekt på barnelitteratur i sitt arbeid med språk. Barnehagen har et godt samarbeid med det lokale biblioteket. Dit drar borna jamleg saman med en pedagog. Filmen er laga i samband med prosjektet Språkløftet, leda av NAFO. skoleipraksis.no/flerkulturell­opplering/filmer/sprakloftet­i­baerum­kommune

­ På Bjørdal skole bruker dei og biblioteket til å låne bøker frå andre land. Om biblioteket ikkje har bøker frå det landet dei ønskjer å lese om, lagar elevane bøkene sjølv. Eit fint døme på at norskfaget og kunst og handverk kan bli brukt saman. Denne filmen er og frå NAFOs prosjekt Språkløftet. skoleipraksis.no/flerkulturell­opplering/filmer/satsing­pa­leseutvikling

Til refleksjon:

­ Diskuter korleis Lesevenn­prosjektet kan overførast til utveksling og aktivitetar på tvers av ulike klassetrinn ved skulen.

­ På kva måtar kan den språklege kompetansen til foreldra vere ein ressurs i lekse­ og skulearbeidet?

­ Korleis kan eit samarbeid mellom barnehage, skule og bibliotek gjennomførast på din skule/i din barnehage?

18

Kjelder:

­ Det flerspråklige bibliotek: www.dfb.deichmann.no

­ Kunnskapsdepartementet (2006): Kunnskapsløftet.

­ Kunnskapsdepartementet (2006): Temahefte for samisk kultur i barnehagen. udir.no/Barnehage/Rammeplan/Temahefter/Temahefte­om­samisk­kultur­i­barnehagen

­ Kunnskapsdepartementet (2006): Temahefte om språklig og kulturelt mangfold. udir.no/Barnehage/Rammeplan/Temahefter/Spraklig­og­kulturelt­mangfold

­ Kulturbro forlag: www.kulturbro.no

­ Kunnskapsdepartementet (2009): Stortingsmelding nr. 41: Kvalitet i barnehagen.

­ Kunnskapsdepartementet (2011): Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver.

­ Nafo og Kunnskapsdepartementet (2010): Ressurshefte. Flerspråklig arbeid i barnehagen.

­ Nafo og Utdanningsdirektoratet (2009): Idéhefte – Språklig og kulturelt mangfold – en ressurs i opplæringen.

­ Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO): www.hioa.no/nafo

­ Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (KKS): www.kunstkultursenteret.no

­ Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen (2009): Erfaringsundersøkelse i forbindelse med å utvikle barnehage og skole som kulturarena.

­ Senter for nordlige folk: www.cujacu.no

­ Skole i praksis, flerkulturell opplæring (Snøball film AS og NAFO): www.skoleipraksis.no/flerkulturell­opplering

­ Stiftelsen Fargespill: www.fargespill.no

­ Tema morsmål (NAFO): www.morsmal.no

­ Utdanningsdirektoratet: udir.no

­ Veileder for barnehager med samiske barn: sametinget.no/Opplaering/Barnehager

­ Warme, Elin: ”Lesevenner” i Aamodt og Hauge (red.) (2008): Familielæring og andre modeller innenfor flerkulturelt pedagogisk arbeid. Universitetsforlaget.

19

Kulturelt og kunstnarisk mangfald

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringenUniversitetet i Nordland, 8049 Bodø Tlf +47 75 51 75 00Fax +47 75 51 74 57 [email protected]