Upload
others
View
1
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
KORONA VIRUSINFORMASJON TIL
ELEVAR OG FØRESETTE15.03.2020
Borgund vgs er stengt til 14.04.20
Det betyr:- Elevane skal ikkje kome til skolen- Elevane er sikra å få kompetansebevis og vitnemål, jf melding
frå Utdanningsdirektoratet den 13.03.20 kl 1555 («Eksamen og standpunktkarakter. Hvis vi må avlyse vårens eksamen på grunn av koronaviruset, vil elevene likevel få vitnemål. … standpunktkarakterer kommer vi tilbake til.») https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/
Digital samhandling
STOLTE FAGFOLK FOR FRAMTIDABorgund vgs - ein arena for personleg,
fagleg og sosial vekst gjennom
samhandling - i vekene som kjem blir
samhandlinga først og fremst digital!
Undervisninga
- Undervisninga tek utgangspunktet i timeplanen
- Når timen startar, sit du klar ved datamaskinen og har faget oppe i itslearning. Her vil du finne ein plan for undervisningsøkta, læringsressursar og melding frålæraren om kva som skal gjerast.
Tittel: Kvinne med laptopOpphaver: Fotograf Somos ImagesRettighetshaver: Leverandør Corbis, Leverandør NTB scanpixKilde: http://www.scanpix.noBilete er henta frå ndla.no den 14.03.20
Praksisundervisning
Det betyr for praksisundervisninga:- Praksis i bedrift er utsett eller avlyst for VG2 og VG3 elevane
(det kan bli ulike ordningar for ulike fag viss situasjonen normaliserer seg i rimeleg tid før skoleavslutning.)
- Elevane skal også fylgje timeplanen i praktiske fag og vere klar når økta startar, sjølv om det blir annleis.
• Henta frå NDLA Teknikk og industriell produksjon•Tittel: Vedlikehold av maskiner og utstyr: Vedlikehold av maskin•Rettighetshaver: Leverandør NTB scanpix, Leverandør Corbis•Kilde: http://www.scanpix.no
Manglar du noko?
Ta kontakt med skolen viss du treng å hente noko, gjer avtale på førehand!
tlf 71 28 12 00
Kan ikkje ta del i læringsøkta?
Om du ikkje kan ta del læringsøkta, må du:Melde frå til lærar snarast!
OgLevere eigenmelding til kontaktlærar!
Kontakt med lærarane
- Kontakt med kontaktlærarane gjennom chat på itslearning, mobilskole, sms eller epost. Telefonsamtalar kan også vereaktuelt.
- Kontakt med faglærarane gjennom chat på itslearning, samhandling i dokument, mobilskole, sms eller epost. Telefonsamtalar kan også vere aktuelt.
Kontakt med elevtenesta
Det betyr for elevane:- Rådgivarane er tilgjengelege på telefon, sms og epost.- Helsesjukepleiarane vil ha vakttelefonar for å gi informasjon og
råd, ta gjerne kontakt på sms:Unni Ringstad tlf 95043338Anette Drønnesund: 40805878 Solveig Bae Nordal: 95800801
- Leiinga, avdelingsleiarane, ass.rektor og rektor er tilgjengelegepå telefon og epost.
Følg råda frå helsestyresmaktene
Rektor oppmodar deg som elev og føresette om å ta ansvar:
Følg råda frå helsestyresmaktene både når det gjeld hygieneråda, kvar du
beveger deg og kven du er saman med .
Meir informasjon finn du:
https://mrfylke.no/om-oss/koronaviruset/informasjon-til-elevar-og-foeresette (vi gjer merksam på at Borgund vgs er stengt i 3 veker og ikkje 14 dagar – dette i samsvar med kommuneoverlegen i Ålesund)
https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/
https://helsenorge.no/koronavirus
https://www.regjeringen.no/no/dep/kd/id586/
Har du spørsmål?
Ta kontakt med skolen på epost
Har du spørsmål?
Ta kontakt med skolen på tlf
71 28 12 00
71 28 12 02 – rektor
71 28 12 03 – ass.rektor
Lukke til!
Med ønskje om alt godt til dykk alle i ei krevjande tid!