4
kort klart & TORSDAG 20.04.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron (til venstre) er populær før valet i Frankrike. Blir han eller François Fillon president i landet? Frankrike skal velje ny president i eit spennande val. Éin kandidat blir etterforska av politiet, ein annan blir kalla rasist. Snart veit vi kven som skal styre Frankrike. – Det blir François Fillon som vinn. Emmanuel Macron vinn kanskje. Éin av dei to, seier George Chabert til Klar Tale. Professoren er heilt sikker. Ikkje alle er like sikre. Mange franskmenn har enno ikkje bestemt seg. Første runde av valet er søndag. Runde to er 7. mai. Då skal folk velje mellom dei to med flest røyster. Marine Le Pen fra Nasjonal Front er éin av favorittane. Ho og partiet blir kalla rasistar av kritikarar fordi dei vil ha færre innvandrarar. Unge Emmanuel Macron starta eit nytt parti og får mykje støtte. Han vil hjelpe flyktninger og samarbeide med Europa. François Fillon fra Det republikanske partiet vil også bli president. Han blir samstundes etterforska av politiet. Fillon er mistenkt for å misbruke statlege pengar. Karin Flølo [email protected] Kven vinn? Les meir på side 2 – Vi klarar ikkje å ta imot fleire turistar. Det er fullt. MOBBING: Oppegård kommune fekk bot for å ikkje gjere nok mot mobbing. Kommunen nektar å betale bota på 60.000 kroner. Saken kan ende i retten, skriv oavis. no. Fleire elevar sa ifrå om mobbing, og ei jente tok livet av seg sjølv. Kommunen vil ikkje vedgå at dei har brote lova. SVERIGE: Rakhmat Akilov fra Usbekistan angreip folk i Stockholm i Sverige. Fire menneske døydde då han traff dei med ein lastebil. Mannen hadde kontakt til terrorgruppa IS, meiner utenriksministeren i Usbekistan. Akilov fekk ikkje asyl i Sverige. Nektar å betale bot – Snakka med terroristar

klart Nº 8 kort - klartale.no/menu/standard... · 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron ... TYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip

  • Upload
    others

  • View
    2

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: klart Nº 8 kort - klartale.no/menu/standard... · 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron ... TYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip

kortklart& TORSDAG

20.04.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

8Fo

to: N

TB

sca

npix

UNG: Emmanuel Macron (til venstre) er populær før valet i Frankrike. Blir han eller François Fillon president i landet?

● Frankrike skal velje ny president i eit spennande val. Éin kandidat blir etterforska av politiet, ein annan blir kalla rasist. Snart veit vi kven som skal styre Frankrike.

– Det blir François Fillon som vinn. Emmanuel Macron vinn kanskje. Éin av dei to, seier George Chabert til Klar Tale. Professoren er heilt sikker.

Ikkje alle er like sikre. Mange franskmenn har enno ikkje bestemt seg. Første runde av valet er søndag. Runde to er 7. mai. Då skal folk velje mellom dei to med flest røyster.

Marine Le Pen fra Nasjonal Front er éin av favorittane. Ho og partiet blir kalla rasistar av kritikarar fordi dei vil ha færre innvandrarar.

Unge Emmanuel Macron starta eit nytt parti og får mykje støtte. Han vil hjelpe flyktninger og samarbeide med Europa.

François Fillon fra Det republikanske partiet vil også bli president. Han blir samstundes etterforska av politiet. Fillon er mistenkt for å misbruke statlege pengar.

Karin Flø[email protected]

Kven vinn?Les meir på side 2

– Vi klarar ikkje å ta imot fleire

turistar. Det er fullt.

MOBBING: Oppegård kommune fekk bot for å ikkje gjere nok mot mobbing. Kommunen nektar å betale bota på 60.000 kroner. Saken kan ende i retten, skriv oavis.no. Fleire elevar sa ifrå om mobbing, og ei jente tok livet av seg sjølv. Kommunen vil ikkje vedgå at dei har brote lova.

SVERIGE: Rakhmat Akilov fra Usbekistan angreip folk i Stockholm i Sverige. Fire menneske døydde då han traff dei med ein lastebil. Mannen hadde kontakt til terrorgruppa IS, meiner utenriksministeren i Usbekistan. Akilov fekk ikkje asyl i Sverige.

Nektar å betale bot

– Snakka med terroristar

Page 2: klart Nº 8 kort - klartale.no/menu/standard... · 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron ... TYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip

2 TORSDAG20.04.2017

Turistar slit på naturen ● Fleire turistar lar seg

freiste av fjord og fjell. Det gir nye jobbar, men også øydelagd natur.

Vakre Lofoten i Nordland blir snart fylt med turistar igjen. Fjellet Trolltunga i Hordaland får truleg besøk av 100.000 menneske i år. Endå fleire skal besøke Preikestolen i Rogaland.

Turistane blir berre fleire og fleire. Stiane blir trakka til gjørme, og gjestar bruker naturen som toalett. Nokre må reddast ned frå fjella fordi dei har feil klede og sko.

I Lofoten rydda folk søppel

etter turistane. – Vi klarar ikkje å ta imot fleire turistar. Det er fullt, sa Hans Fredrik Sørdal til nettstaden E24 i fjor sommar. Han er ordførar i Flakstad i Lofoten.

Norsk reiseliv har ei lys framtid. Det seier regjeringa. Dei har laga ein ny plan, Reiselivsmeldinga. Det kjem fleire turistar fra utlandet. Reiselivet skal gi nye jobbar framover og bredriftene skal tene meir pengar.

– Vi meiner Reiselivsmeldinga handlar for lite om naturen. Korleis skal vi ta vare på naturen for framtida? Det meiner vi er staten sitt ansvar,

seier Siri Meland til Klar Tale. Ho jobbar i organisasjonen Norsk Friluftsliv.

Bedrifter i reiselivet skal ta ansvar for naturen, meiner regjeringa. Det er NHO Reiseliv samd i. Dei snakkar for bedrifter som tener pengar på turistar.

– Det er viktig å samarbeide. Vi kan vise fram fleire stader til turistane. Alle må ikkje reise til dei same stadene, sier Ingjerd Sælid Gilhus i NHO Reiseliv.

Karin Flø[email protected]

POPULÆRT: Fjell som Trolltunga freistar tusenvis av turistar.

Foto

: Jen

ny P

ette

rsso

n /

TT

/ N

TB

sca

npix

NOREG

OPPGÅVA

Page 3: klart Nº 8 kort - klartale.no/menu/standard... · 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron ... TYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip

TORSDAG20.04.2017 3 VERDA

● Hans Rosling, svensk forelesar og professor. Han døydde i februar, 68 år.

● Rosling får ein viktig pris frå Dei sameinte nasjonane. Den er for jobben han gjorde med å fortelje og vise samanhengen mellom helse og det å vere fattig. Prisen blir delt ut i juni, skriv avisa Göteborgs-Posten.

NAMN I NYHENDA

Foto

: NT

B s

canp

ix

Hans Rosling

SYRIA: Tusenvis av barn og vaksne skulle fraktast til eit tryggare område i Syria. Nokon i ein bil lokka til seg barn med potetgull. Så eksploderte bilen nær bussane. Minst 126 menneske døydde, seier gruppa SOHR. Opprørarar og terroristar skuldar på kvarandre.

Barn blei lokka i døden

BOMBE: Mange døydde då ein bil eksploderte i Syria.

Foto: NTB scanpix

Kranglar etter folkerøysting i TyrkiaTYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia meir makt. Nettopp dette skaper full krangel. Motstandarar fryktar at Erdogan blir for mektig.

Erdogan seier at han ikkje blir ein diktator.– Eg kan faktisk døy når som helst, sa han til kanalen CNN.

Organisasjonar frå Europa følgde med på røystinga. Den var ikkje rettferdig nok. Det

sa folk som overvåka valet. Erdogan kjefta på dei.

– Dette valet er meir demokratisk enn i dei vestlege landa, sa han.Med endra grunnlov kan Erdogan åleine velje regjering. Han kan velje dommarar og folk til andre viktige jobbar. Det skriv nyhendebyrået NTB.

Karin Flø[email protected]

Truar med krigNORD-KOREA: Nord-Korea truar med å skyte rakettar mot USA. USA har samstundes fleire skip i havet utanfor landet. Det er større fare for krig no enn før, seier ekspertar.

Kort fortaltPresident Donald Trump i USA må vise kva han har tent og betalt i skatt. Det meiner tusenvis av demonstrantar i fleire byar.

Byen Amsterdam i Nederland vil hindre at fleire barn blir overvektige. Barn blir rådde til å drikke vatn og blir nekta Coca-Cola.

Ein student blei drepen av andre studentar i Pakistan. Dei meinte han snakka stygt om muslimar og trua deira.

Prins Harry sørgde over mora prinsesse Diana. Etter 16 år spurde han om hjelp frå helsefolk for å takle følelsane.

Kjelde: NTB

Foto

: Em

rah

Gur

el /

AP

Pho

to /

NT

B s

canp

ix

NEI: Mange i Tyrkia ville ikkje endre grunnlova.

Page 4: klart Nº 8 kort - klartale.no/menu/standard... · 8 Foto: NTB scanpix UNG: Emmanuel Macron ... TYRKIA: 51,4 prosent vil la presidenten endre grunnlova. Det gir president Recep Tayyip

4 KULTUR Redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.

– Kva er ditt favorittord?– «Lette».

– Kvifor likar du dette ordet så godt?– Det er ei utruleg bra oppleving at noko ikkje er så ille som du trudde. Det er for eksempel ein lette å få igjen pengar på skatten.

– Kva ord likar du ikkje?– «Umogleg». Dette ordet kan vere avgrensande når det blir brukt om situasjonar eller folk.

– Kva er et typisk musikk-ord?– «Modulere». Dette betyr eit løft i musikken. Det blir gjerne brukt for å få ein ekstra «high» i ein song.

– Kva ord skildrar deg best?– Her skulle mannen min svart, men han seier ofte at eg er «snill».

Karin Flø[email protected]

Hilde Thomsen er 46 år og songar. Ho kom med albu-met «Til evig tid» i vår.

MITT ORD

– Han seier eg er snill

Foto

: Vic

tori

a G

ram

mof

on

Vil redde jobben og elevane » Læraren Ghani må slutte i jobben. Han gjer eit siste forsøk

på å få halde fram som lærar. Han stenger elevane sine inne i klasserommet. Der må dei bli til alle er vennar. Barna kjem frå ulike landsbyar som kranglar med kvarandre. Regissøren er Izer Aliu frå Albania og vaks opp i Noreg og Sverige. Filmen «Fluefangeren» har premiere fredag og passar for alle.

Foto

: Eur

opafi

lm

FILM

TV: Den nye sesongen av nettserien «Skam» er i gang. Sesongen handlar om muslimske Sana. Det får serien mykje skryt for. Fleire kritikarar meiner den kan gjere at unge forstår betre korleis det er å vere religiøs og ha vennar som ikkje er det.

Skryt av Sana i «Skam»

SANA: Den nye sesongen av «Skam» handlar om Sana.

Foto: Skjermdump NRKKort fortaltSnart kjem siste episode av TV-serien «Girls». Det er ikkje sikkert at det er slutt for alltid.

Norsk ungdom går sjeldnare på kino. Dei er på kino fem gonger i året. For 15 år sidan var dei på kino ti gonger i gjennomsnitt. Det viser tal frå Norsk filminstitutt.

Forfattar Camilla Läckberg kjem med si tiande krimbok, «Heksen».

Kjelder: NTB, NRK

Foto

: NT

B s

canp

ixFo

to: N

TB

sca

npix