14

Ho kjem fram i regnet

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Diktsamling av Sindre Ekrheim

Citation preview

1

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 1

Sindre Ekrheim

Ho kjem frami regnet

Dikt

SamlagetOslo 2013

3

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 3

Eg opnar ei rivne i presenningen. Lysetbanar seg nedtil vedstabelen, til

billa kilt i borken. Lysetglinsar i det svarte billepanseret. Ho vender

seg i borken. Eg høyrer lyden. Eg

dreg litt i presenningen, og lyset flyttar seg, følgjerbilla bortover ein kubbe, før hodett i ein sprekk mellom vedskiene.

5

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 5

11. juniLyden, som byrjar i eit punkt i bokhylla, spreier seg og fyllerstova. Fasttelefonen er seriekopla til eit biapparat i kjellaren,som, berre med eit par sekunds forseinking, byrjar å lyde dernede, men med ein heilt annan ringjetone.

Mor er innlagd på sentralsjukehuset. Det er hjartet, seier far.Han tygg tyggegummi i Stavanger, og gnissinga av tennenemot tyggegummisubstansen når fram til øyra mine her i Bergen.Tygginga utløyser noko i meg, får enzyma til å produserespytt og får organa, også hjartet, til å førebu seg på maten deiikkje veit om dei får.

6

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 6

Storskarvane ute på neset verkar feilplasserte.

Storskarvane, måkene, litt vulkanskjord, ei flaggstong, brotstykke av stein

blir langsamt blanda inn i regnet.

Storskarvane gjer arbeidet, flyg for oss.

Om morgonen er fara etter badegjestane i sandenraka opp i ein haug.

7

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 7

Der treet sluttar, heng det.Ein fugl

som heiser seg opp frå trekrona, vrengjervengjene oppover, nedoveroppover, nedover.

Eit eggi eit reir slepper enno ut lysblenkane frå kambrium, kalsium.

Fuglen skrumpar til ein skifergråprikk som vinglar over horisontlinasola held på å drukne.

8

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 8

Det regnar alt

regnetkjem ned.

9

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 9

12. juniEg ringjer til mor på sjukehuset. Eg høyrer den vanlegestemma. Ser for meg rommet, senga, TV-apparatet, kor lenestolen står, korleis korridoren på avdelinga ser ut, altdet nye røysta hennar kling i no. Ho synest utsikta mot Mosvatnet og skogen er fin. Ho likar alt som ser ut som vatn,eller som er vatn. Det er ikkje så viktig om det er vatn, gjentekho. Ho kan sjå hotellet på Tjensvoll. Røysta hennar må vereinni eit stort rom, for orda har ein litt lengre etterklang.

Ei grein raspar mot huset, ho er i full gang med å vekse segtettare mot bordkledningen, rada med tangentar. Snart trykkjer ho konstant mot husveggen. Eg ser ein straumkabelvibrere i lufta, ein fugl må ha letta.

10

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.39 Side 10

Gulmaterie glir ut

i mørket, herdar

i augekroken hennar. Ein hestehovbryt frå

andre sida. Ein morgon

kvittar skyene seg med

snøen.

11

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 11

Rissetpå naglen hennar etter

piggtråden,i farten over eit gjerdeingen hugsar,

er så nær. Skogar somfuglar

held fram med å fyke gjennom,er borte, lenger borte

no.

12

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 12

Natta, og frosten er komen. Eit tynt lag av knuste lyspærer glitrar.

13

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 13

Golvet er i beina, beina er på golvet,strøymer innmed si kalde overflate.

14

Ho kjem fram i regnet 2 korr_Fiolinane-1korr.qxd 30.08.13 14.40 Side 14