12
www.forde.kommune.no

Førde brosjyre

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Brosjyra om Førde - eit godt alternativ for deg som vil ha mange jobbar å velje mellom, eit variert kulturtilbod og gode oppvekstvilkår. Brosjyra er laga av Inform Media på oppdrag frå Førde kommune.

Citation preview

Page 1: Førde brosjyre

www.forde.kommune.no

Page 2: Førde brosjyre

Førde by er fylkessenter i Sogn ogFjordane, og kommunen har ca12.000 innbyggjarar. Men kom-munane i Sunnfjord gror meir ogmeir saman, og Førde ligg såleissentralt i ein felles arbeids-marknad i ein region som omfattarnærare 30.000 menneske.

Arbeidslivet i Førde kommune telvel 6500 årsverk. Førde har eirekkje finans- og andre service-bedrifter, og arbeidsmarknaden erstor lokalt når det gjeld sektorarsom it, bygg og anlegg, media,hotell og restaurant.

Førde Sentralsjukehus er denstørste arbeidsplassen i kom-munen med sine vel 1400 arbeids-plassar.

Stor felles arbeidsmarknadog variert arbeidsliv

Page 3: Førde brosjyre
Page 4: Førde brosjyre

Oppvekst og fritidstilbod

Førde kommune har bevisstprioritert utbygging av barnehagarog skular for å møte utfordringanemed omsyn til den unge befolk-ninga i Førde.

Fritidstilboda er også i særklasse. Itillegg til det etablerte idretts-miljøet, kan vi by på musikk- ogkulturskule, danseverkstad og all-aktivitetshuset Skrivarløa.

Førde er byen mellom dei fem fjell,og byr på mykje for deg som erglad i naturen. Ei vandring på til-rettelagde og merka stiar i Sunn-fjord, gjev deg eit flott utsyn ogvarierte opplevingar frå fjella iFosseheimen, breen, fjorden oghavet. For fiskeinteresserte er distriktet eit eldorado. 15 minuttfrå byen ligg dessutan ei nygolfbane, og like utanfor byenfinst alpinanlegg og eit større skianlegg med lysløyper i eitvariert terreng.

Page 5: Førde brosjyre
Page 6: Førde brosjyre
Page 7: Førde brosjyre

Utdanning og kompetanse

Førde har eige høgskuletilbod,sjukepleiarhøgskule ogingeniørhøgskule. I tillegg har viteknisk fagskule, jordbruksskule ogdet finst vidaregåande skular forallmennfag og for yrkesfag.

Førde og Sunnfjord har vist seg åvere stor nok til etablering ogutvikling av kunnskapsbedrifter.Eitt døme er Lotteri- og stift-elsestilsynet som etablerte seg iFørde frå januar 2001, og som idag har vel 60 tilsette. Tilsynet,som også har direktoratfunksjon,rekrutterte alle sine nøkkel-personar lokalt, og har på kort tidbygt opp ny juridisk og tekniskkompetanse på fleire område.

Page 8: Førde brosjyre

Godt helsetilbod

Administrasjonen for helse-føretaket Helse Førde er plassert iFørde. Her ligg også Førde sentral-sjukehus, og gir regionen eit godthelsetilbod. Førde har også nylegfullført ei større utbygging avsjukeheimstilbodet.

Page 9: Førde brosjyre

Tyngdepunkt i kulturlivet

Førde er «kulturhovudstaden» iSogn og Fjordane med Førdehuset,eit stort og moderne kulturhus,som naturleg samlingspunkt. Herer den største kinoen i fylket,profesjonelt teater, konsertar,utstillingar og bibliotek. Førde-huset har også stor idrettshall,symjehall og stadionanlegg, og erden naturlege samlingsstaden for

mange av aktivitetane til dei omlag 200 frivillige lag og organisa-sjonane i kommunen. Førdefestivalen er den største fes-tivalen for folk/trad/world musikki Skandinavia med nærare 30 000besøkande kvar sommar. Midt iFørde sentrum er under oppføringnytt bygg som skal huse Sogn ogFjordane kunstmuseum.

Page 10: Førde brosjyre

Sentralt i fylketog senter for handel

Førde har direkte flysamband medOslo og Bergen. Byen ligg elleskommunikasjonsmessig sentralt tilved E39 som bind Vestlandetsaman, og har daglege ekspress-bussruter til Oslo, Bergen ogTrondheim.

Førde er det største handels-senteret mellom Ålesund ogBergen, og er ein naturleg møte-stad for 45.000 personar som burinnanfor ein radius av ein timesreise. Difor ligg Førde heilt i lands-toppen når det gjeld omsetnad perinnbyggjar, noko som avspeglarseg i eit variert forretnings- ogservicetilbod som gir sysselsetjingtil vel 1000 personar.

Page 11: Førde brosjyre
Page 12: Førde brosjyre

www.forde.kommune.no

Førde kommunePostboks 338 • Hafstadvegen 21 • 6802 Førde Tlf. 57 72 20 00 • Fax: 57 72 20 10 epost: [email protected]

Olve GrotleordførarTlf. 57 72 20 [email protected]

Ole John ØstenstadrådmannTlf. 57 72 20 [email protected]

Pro

duk

sjon

: Inf

orm

Med

ia a

s. T

rykk

: Sca

nner

Gra

fisk.

Fot

o: O

skar

And

erse

n