8
Fjærland Bygdautval Me har utfordra to utanfrå bygda til å bidra med synspunkt på at bommen er nedlagt. Galne Fjærland? Fjærland. Bygda ein berre driv forbi. Faktisk akkurat no. Når eg skriv det- te. For eg sit på bussen, som vanleg. Eg driv ofte forbi Fjærland. På veg til. Eller frå. Til eller frå kva? By`n, vel. Eller Førde som han også vert kalla. På Twitter har det akkurat tikka inn ei melding frå @boyum. Om eg kan skrive nokre ord til superlo- kalavisa i Fjærland? Klart dèt! Eg driv forbi bygda under breen, forbi museet og markene, der snakkande rundballar har ropt fortvila etter oss forbidrivande. Les meg! Les meg! Eg hugsar ikkje kva som sto der, men eg hugsar at det var noko morosamt. Men èin ball hugsar eg…. Eg driv vidare oppover forbi Berge. Inn i tunnellen og tenkjer: Kor tid sist var eg i Fjærland? Utan å berre drive forbi? Eg hugsar ikkje. Det må ha vore ein gong i førre årtusen, ein gong. Dei siste åra har eg ikkje hatt nokon grunn til å stoppe. Ikkje anna enn for å løyse billett i Bommen. Har eg fått dei gode grunnane no? Visst er det gratis og mykje enklare å reise til Fjærland, men er dèt åleine nok? Eg har vore i bokbyen. Eg har vore på museet. Eg har gått over bre- en og nedatt via Flatbrehytta. Eg har vore brisen på hotellet. Èin gong. Og eg har køyrt litt sakte forbi rundballa- ne attmed vegen. Vore der. Gjort det. Men eg klarer jo ikkje å dra kanina opp av hatten, heller; svaret på alle bygdautvals evige mandat: Korleis skape utvikling? Svaret sit de med sjølv. Om de torer. Om de torer å slep- pe dei kreative sjelene eg veit de har der (endå) meir laus! Og medan de leitar etter utviklingse- liksiret vis alle de kjenner inn hit: http://bit.ly/this_is_fjaerland - slepp galskapen laus og vi vil kome! @sognataggen/Jan Erik Kvaale Sognataggen sine ord og bilete vert som oftast ført for tastaturet av @kvaale . Redaktør: Bygdautvalet i Fjærland Jula 2010 Beste rundballefesti- valen nokon gong! Tilbakemeldingane frå pub- likum var eintydig positive. Dei mange frammøtte had- de ein flott oppleving på Rundballefestivalen, og fleire roste arrangementet for eit imponerande pro- gram. Nye tilbod som mjølkesma- king, rundballe- rock og rundballevideo, fungerte etter planen. Rundturen med veteranbuss for å sjå på bøndene sin rundballe- kunst, var så populær at det vart satt opp ekstraav- gang. Takka vere solid dug- nadsinnsats frå mange lag, vart dette eit arrangement som mange kan vere stolte av! Fotograf Oddleiv Apneseth var årets festivalkunstnar, og bidro med to bilete. Med generøs støtte frå Spare- banken Sogn og Fjordane, lukkast det sikre bileta i bygdas eige. Bileta er no stilt ut på henhaldsvis fug- lekikkartårnet på Bøyaøyri, og på ferjekaien. Også økonomisk vart rund- ballefestivalen ein suksess, og ekstra kjekt var det å få kr 50 000 i støtte frå sjøl- vaste Norsk Kulturråd! Årets Avløysar i Sogn og Fjordane Han blei utnemd til årets avløysar fordi han er pliktoppfyllande, fleksibel og inspi- rerande. Prisen fekk han saman med tre andre avløysarar i Sør-Noreg. Bak ut- merkinga står Norske Landbrukstenester, ein medlemsorganisasjon for alle avløy- sarlaga og landbrukstenestene over heile landet. Nils Lidal er tilsett i Landbrukstenester Sogn.

Fjærland Info jula 2010

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Bygdautvalets info skriv

Citation preview

Page 1: Fjærland Info jula 2010

Fjærland Bygdautval

Me har utfordra to utanfrå bygda

til å bidra med synspunkt på at

bommen er nedlagt.

Galne Fjærland?

Fjærland. Bygda ein berre driv forbi.

Faktisk akkurat no. Når eg skriv det-

te. For eg sit på bussen, som vanleg.

Eg driv ofte forbi Fjærland. På veg

til. Eller frå. Til eller frå kva? By`n,

vel. Eller Førde som han også vert

kalla. På Twitter har det akkurat

tikka inn ei melding frå @boyum. Om

eg kan skrive nokre ord til superlo-

kalavisa i Fjærland? Klart dèt!

Eg driv forbi bygda under breen, forbi

museet og markene, der snakkande

rundballar har ropt fortvila etter oss

forbidrivande. Les meg! Les meg! Eg

hugsar ikkje kva som sto der, men eg

hugsar at det var noko morosamt.

Men èin ball hugsar eg….

Eg driv vidare oppover forbi Berge.

Inn i tunnellen og tenkjer: Kor tid

sist var eg i Fjærland? Utan å berre

drive forbi? Eg hugsar ikkje. Det må

ha vore ein gong i førre årtusen, ein

gong. Dei siste åra har eg ikkje hatt

nokon grunn til å stoppe. Ikkje anna

enn for å løyse billett i Bommen.

Har eg fått dei gode grunnane no?

Visst er det gratis og mykje enklare å

reise til Fjærland, men er dèt åleine

nok? Eg har vore i bokbyen. Eg har

vore på museet. Eg har gått over bre-

en og nedatt via Flatbrehytta. Eg har

vore brisen på hotellet. Èin gong. Og

eg har køyrt litt sakte forbi rundballa-

ne attmed vegen. Vore der. Gjort det.

Men eg klarer jo ikkje å dra kanina

opp av hatten, heller; svaret på alle

bygdautvals evige mandat: Korleis

skape utvikling? Svaret sit de med

sjølv. Om de torer. Om de torer å slep-

pe dei kreative sjelene eg veit de har

der (endå) meir laus!

Og medan de leitar etter utviklingse-

liksiret – vis alle de kjenner inn hit:

http://bit.ly/this_is_fjaerland

- slepp galskapen laus og vi vil kome!

@sognataggen/Jan Erik Kvaale

Sognataggen sine ord og bilete vert som oftast

ført for tastaturet av @kvaale.

Redaktør: Bygdautvalet i Fjærland Jula 2010

Beste rundballefesti-

valen nokon gong!

Tilbakemeldingane frå pub-

likum var eintydig positive.

Dei mange frammøtte had-

de ein flott oppleving på

Rundballefestivalen, og

fleire roste arrangementet

for eit imponerande pro-

gram.

Nye tilbod som mjølkesma-

king, rundballe- rock og

rundballevideo, fungerte

etter planen. Rundturen

med veteranbuss for å sjå

på bøndene sin rundballe-

kunst, var så populær at

det vart satt opp ekstraav-

gang. Takka vere solid dug-

nadsinnsats frå mange lag,

vart dette eit arrangement

som mange kan vere stolte

av!

Fotograf Oddleiv Apneseth

var årets festivalkunstnar,

og bidro med to bilete. Med

generøs støtte frå Spare-

banken Sogn og Fjordane,

lukkast det sikre bileta i

bygdas eige. Bileta er no

stilt ut på henhaldsvis fug-

lekikkartårnet på Bøyaøyri,

og på ferjekaien.

Også økonomisk vart rund-

ballefestivalen ein suksess,

og ekstra kjekt var det å få

kr 50 000 i støtte frå sjøl-

vaste Norsk Kulturråd!

Årets Avløysar i Sogn og Fjordane

Han blei utnemd til årets avløysar fordi han er pliktoppfyllande, fleksibel og inspi-

rerande. Prisen fekk han saman med tre andre avløysarar i Sør-Noreg. Bak ut-

merkinga står Norske Landbrukstenester, ein medlemsorganisasjon for alle avløy-

sarlaga og landbrukstenestene over heile landet.

Nils Lidal er tilsett i Landbrukstenester Sogn.

Page 2: Fjærland Info jula 2010

under fylkestinget nyleg, der Fjær-

land fekk prisen for idérike bygder.

For meg som utanforståande ytresog-

ning var det ei ære å få rapportera frå

denne hendinga.

Då eg byrja som journalist for mange

år sidan, var Fjærland ei relativt sett

isolert bygd i Balestrand kommune.

No går det veg (gratis!) i alle endar,

også til politikarane i Sogndal. Fjær-

lendingar og sogndøler må samarbei-

da betre for utvikling, no er det i alle

fall ingen fysiske stengsler for dette.

Mi oppmoding er klar, lat ideane fløy-

me vidare og syn fram bygda i alle

samanhengar. Det skapar vekst!

Geir Bjarte Hjetland, Journalist

Det er noko med Fjærland, og det

er definitivt noko med fjærlen-

dingane. Etter at eg det siste året

har byrja som journalist - igjen -

har eg opplevd flatbygda under

breen på nært hald fleire gonger.

Det var heilt fantastisk når eg

kunne oppleva Vamp på nært hald

på kaia i Mundal. Det var og utru-

leg kjekt når fekk sjå reaktoren

med bedehuset som næraste nabo i

aksjon.

For meg vitnar dette om ei bygd og

eit bygdefolk som ønskjer å skapa

noko. Dei bygdene som ikkje kla-

rar å skapa ny aktivitet, døyr. Det

trur eg fjærlendingane har for-

stått. Noko ein fekk synleg prov for

Legatet har kome mange i Fjærland

til nytte. Eirik Bjåstad (1839-1926)

var eigar av garden Bjåstad i lag

med broren Sjur. Sjur var m.a. ord-

førar i Balestrand. Eirik dreiv mykje

handel med jordbruksvarer som ost,

smør og skinn. Han hadde god øko-

nomisk sans og la seg opp pengar på

handelen sin. Brørne hadde ikkje

direkte etterkomarar og Eirik gav

bygdi eit legat til gode føremål. Mel-

lom anna jorddyrking og skogplan-

ting. Pengane skulle vera ”hjelp til

sjølvhjelp” som det står i legatet sine

vedtekter frå 1929.

Pengegåva var opprinneleg på

90.000 kroner. Det tilsvarar snaut

2,7 millionar omrekna til kronever-

dien i dag.

Legatet har heile tida vore styrt av

dei til einkvar tid sitjande kommu

nestyremedlemmane i Fjærland.

Utdelingane har vore tru mot legat-vedtektene. Dei fleste har gått til land-

bruksrelaterte føremål men dei seinare åri har utdelingane vore til ”andre

gode tiltak”. Samla har legatet betalt ut kr 2.466.176 (2009-kroner) til tiltak

i Fjærland. I tillegg kjem attverande sum i legatet som var kr 145.640 i

2009.

Kasserar for legatet var Amund A. Mundal frå starten og fram til 1965, Ivar

H. Haugen frå 1966 til 1997 og Laura Kvamme frå 1998 til 2008.

I 1930 var det utdelt kr 5.740,50 (157.843 2009-kroner) frå legatet. Siste

utdeling var i 2004, med kr 8.750.

Etter lovendring er slike legat no pålagt å ha profesjonell revisor og å betale

årleg avgift til Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dette førte til altfor høge admi-

nistrative kostnader i høve til avkastning. Legatstyret vedtok difor i 2007 å

oppløyse legatet. Avviklingsstyret, leia av Knut P Bøyum, gjorde 17.12.2009

slikt vedtak : ”Legatsummen vert ført over til Bygdautvalet i Fjærland. Mid-

lane skal vera urørde til hovudstolen når kr 150.000. Etter den tid skal ho-

vudstolen framleis vera urørd, men renteinntektene kan nyttast av Byg-

dautvalet i Fjærland. Som hovudregel skal ¼ av avkastningi leggjast til ho-

vudstolen, medan ¾ skal nyttast til drift av Bygdautvalet eller gode føremål

Bom fallera!

Bjåstadlegatet har tilført 2,6 millionar kroner til Fjærland

SIDE 2

Page 3: Fjærland Info jula 2010

Ny æra for Jokerbutikken

i Fjærland?

Bygdafolket stilte opp med ca. ¾

millioner i aksjekapital i sumar.

Har dette gjeve dei positive

utviklingane som ein forventa?

Utan denne pengeinnsprøytninga

hadde ikkje eg drive butikken no,

seier Ann Elisabeth. Ho er ein av

hovudaksjonærane i butikken slik

den er i dag.

Om ikkje andre hadde teke over,

så er det vel fare for at butikken

hadde vore borte, om ikkje bygda-

folket viste si interesse slik dei

gjorde, understrekar ho.

Saman med Bente hastar dei to

gjennom butikklokalet, og ser etter

at varer er på plass, og blide som

lerker ekspederer dei kundane

som er innom. Gjev seg tid til ein

liten prat, og jobbar vidare for at

service og anna skal vera på plass.

Er det slik at bygdafolket støttar

meir opp om butikken sin?

Ein ser det ikkje på totalomsetnaden

før på nyåret, men det ser ut som at

bygdafolket

er meir be-

visste på å

nytte butik-

ken.

Kjeda sat-

sar mykje

på til-

bodskampanjar no, kva utslag gjer

dette?

Det er viktig med gode tilbud til

kundane.

Nye vareslag?

Vi prøver å skaffa det kundane et-

terspør. Det kundane vil ha skaffar

me, så sant det let seg gjera, men vi

er avhengige av at kundane kjøper

det, og at vi ikkje brenn inne med

varene, hevdar Ann Elisabeth.

Konklusjonen må vera at det er vik-

tig at bygdafolket nyttar butikken

sin.

Tekst: Svein Høylo

Opningstider Jula:

Julafta 09.30 - 12.00

Romjul 09.30 - 13.00

Nyttårsafta 09.30 - 12.00

Ønskjer alle våre kundar

God jul og eit godt nyttår!

Fjærland Skulekorps

har vikariert for Eivind Ødegård som dirigent

for hovedkorpset. Dette tyder at for tida har

korpset 3 svært dugande dirigentar, noko som

er unikt for eit korps.

Korpsmarknaden vart også i år ein kjempesuk-

sess, og brutto kom det inn heile kr. 56764,-.

Ny rekord, og styret i Fjærland Skulekorps vil

nytta høvet til å retta ei stor takk til bygdafol-

ket for denne støtta. Slik støtte gjer at korpset

no kan kjøpa nye instrument og nye uniformer.

God Jul og Godt Nyttår frå alle i Fjærland

Skulekorps.

Fjærland Skulekorps har hatt årsmøte, og valgt

nytt styre. Det nye styret er: Svein Høylo leiar, Inge

Rauboti kasserar, Hanne Haugen sekretær, Hilde

Supphellen styremedlem, Ove Skeide styremedlem.

Mette Bøyum og Sølvi Mundal er varamedlemmer.

Korpset har hatt eit svært aktivt år, og i tillegg til

vanlege korpsoppdrag har dei delteke under Rund-

ballefestivalen med eit nykompnert verk til denne.

Dei spelte også ved opphenginga av bilete om Fjær-

landsbønder ved Fugletårnet, samt ved bomfallet.

Det er også teke opp 5 nye aspirantar i år, noko

som ellers skjer annakvart år. Maryan Georgsdot-

ter Mundal er dirigent for desse. Hanne Haugen

SIDE 3

Page 4: Fjærland Info jula 2010

Maryan Mundal flytta frå bygda som

16 åring. No flyttar ho heim og har

med seg både mann og to ungar.

Maryan (43) og Svein (62), saman

med ungane Inger Lise (13) og Geir

Martin (9) har tidligare budd i Arna

like utanfor Bergen. No har familien

busett seg i Georg-huset i Skrea.

Fjærland har alltid vore ferieparadi-

set vårt og vi har likt oss godt i byg-

da, derfor var det natur-

lig å flytte hit fortel

Svein.

Korleis er familien

blitt motteke her i

Fjærland?

Ungane fortel ivrig med

ein gang eg stiller spørs-

målet at dei føler seg vel-

dig velkommen og inklu-

dert i samfunnet her. -

Vi har fått oss mange nye

venner her og vi trivast

godt. Både Inger Lise og

Geir Martin har alltid

ønskja å flytte til Fjær-

land. Grunnen til dette er den friske

lufta og det gode skulemiljøet her.

Maryan fortel om mange positive

kommentarar frå bygdefolk etter at

ho kom tilbake til heimstaden. - Si-

dan den gang eg reiste her ifrå, har

bygda utvikla seg positivt. Det er

blitt et bra bygdesamfunn som er

opent, mottakleg og inkluderande.

Så her føler eg at det har skjedd

noko og det er veldig kjekt.

Kva er det største saknet/

forskjellen med å flytte frå ein

storby til ei lita bygd?

Folk er mykje meir vennelige og

meir opne her. Lufta er friskare, og

ein får meir lyst til å være ute. Til

og med hunden er blitt meir aktiv

fortel Inger Lise entusiastisk. Det

største saknet er vennene våre i

Bergen, utanom det er alt betre her.

Vi ser at ungane våre har det betre

her i Fjærland. Dei har blitt mykje

meir aktive her inne og det er tryg-

gare å sleppe ungane på besøk til

andre. Generelt har vi det mykje

betre med oss sjølv og vi er trygge

her seier Svein.

Maryan og Svein, nemnar knivepi-

sodar og fulle folk som hyler rundt

til alle døgnets tider.

Vert å vite om familien i skrea

Svein Høylo er oppvoksen på Oster-

øy og har teke utdanning innafor

marknadsføring og teke fleire fag

innan bedriftsøkonomi på BI. Han

har og vore salssjef i eit kjemikalie-

firma. I tillegg har han teke fagbrev

i forskalingssnekkring og jernbin-

ding. I tillegg var og er han styre-

medlem i mange lag og organissasjo-

nar.

Etterkvart begynna han å studere

juss, men blei brått ramma av hjer-

neslag. Dette medførte at han måtte

igjennom ein lang prosess med tre-

ning før han kom til bake til kvardagen igjen.

Det var under denne treninga han blei fakir.

Dei neste 10 åra var han frilansjournalist før

han gjekk over til å være uføre pensjonist. I dag

er han husfar, hobbyfiskar og aktiv innafor mu-

sikk og kultur. Elles legg han til at han er meir

seriøs enn kva han ser ut til med det lange

skjegget og håret.

Maryan Mundal er utdanna musikkpedagog og

har vore i fleire stillingar innafor musikkunder-

visning. Ho har og bachelor i generell psykologi,

musikkpedagogikk og sosial antropologi (studie

av menneske i små samfunn). I dag er ho

kultursjef i Sogndal Kommune og stortri-

vast i jobben. Saksbehandling med innslag

av kulturaktivitetar gir ho ei variert og

spennande stilling.

Yngstemannsom heiter Geir Martin er

skuleelev og går i 4. klasse på Fjærland

oppvekstsenter. Inger Lise er i 8. Klasse og

går på Sogndal ungdomsskule. Begge stor-

trivast og fortel om godt skulemiljø.

På fritida er familien godt integret i aktivi-

tetar. Maryan driv med opplæring av sku-

lemusikk asperantar og Svein prøver å få i

gang eit kor og musikkteater. - Ungane er

med på dans, klatring, musikk og andre aktivi-

tetar både i Fjærland og Sogndal. Dei er stort

sett på farten fem dagar i veka, seier foreldrene.

Elles vil familien prøve å bidra til posetiv utvik-

ling i Fjærland, sjå på ting med nye auger, å få

gamle idear realisert.

Til slutt vil vi seie at familien vår er ikkje

nokon moderne familie. Vi ser på dei

enkle løysingane. Den største moderne

investeringa vår er flatskjermen i stova.

Elles ser vi på oss som ein litt spesiell fami-

lie og er på tvers av alle miljø, seier

Svein og ser på Maryan som er heilt

einig.

Alle fire er vertfall heilt einige om ein ting, å det

er at Fjærland er den flottaste og beste plassen

å bu.

SIDE 4

Ny familie i Skrea

Page 5: Fjærland Info jula 2010

Byggjer ny fjøs på tuftane

For om lag eit år sidan bestemte

bonde Hans Erlend Skeide seg

for å bygga ut fjøsen sin for å

få plass til fleire mjølkekyr.

Han gjekk saman med Anders J.

Bøyum og Terje Mundal for å få

meir mjølkekvote. Saman kallar

dei seg Bøyum samdrift.

Korleis er eigarfordeling og

arbeidsfordeling i dette?

Eg byggjer fjøsen sjølv, men

Bøyum samdrift skal leige og dri-

ve fjøsen. Eigarfordeling av

Bøyum samdrift er Hans Erlend

70% , Anders J. 20%, og Terje

10%. Arbeidsfordelinga er 80% på

Hans Erlend og 20 % på Anders

fortel Hans Erlend.

Arealet til eigarane blir halde utan-

om, og samdrifta kjøper opp av eiga-

rane i drifta.

Kor mange kvadratmeter blir

fjøsen utvida?

No blir fjøsen utvida med om lag

1000 kvadratmeter. Frå før hadde eg

ca 400 kvadrat så totalt blir det 1400

med det nye og gamle seier Hans

Erlend.

Når vi er ferdig med bygginga flyttar

det inn 64 mjølkekyr. Per i dag har

eg 30 mjølkekyr.

Når trur du fjøsen er klar til

bruk?

No har bygningsarbeidarane permit-

tert seg grunna kulden. Vi kan ikkje

støype så lenge det er tele i bakken.

Men vi satsa på at det skal være

ferdig til seinsommaren 2011.

Vil du fortelje litt om økonomien

i dette?

Fjøsbygginga er kalkulert til 7,8 mil-

lionar kroner og det er med ombyg-

ginga av den gamle fjøsen. Nedbeta-

lingstida er

rundt om

kring 20 år.

Med ein

mjølkekvote

på 400 000

liter årleg

vil driftsinn-

tektene lig-

gja på rundt

2,5 millionar

kroner. Ar-

beidstida er

rekna til ca

2 årsverk i

fjøsen, og då

er arealet

utanfor.

Avsluttande

fortel Hans

Erlend at han trivast godt i yrket

som bonde. Ein blir jo ikkje rik av

dette, men så lenge ein får det til og

gå rundt økonomisk er dette kjekt.

Som bonde har ein mykje fridom og

kan gjere mest som ein sjølv vil.

Byggeherre er Fjøssystemer AS. Dei

står for bygging, innreiing av fjøsen

og installering av mjølkerobot.

står bak . Båe to var med å grunn-

leggja Bergen Musikkteater, tidle-

gare Arna Musikkteater, som på 5

år har vorte ein kjempesuksess.

Dei har sett opp musikaler som

Fame, Disco Inferno, Annie jr.,

Highschool Musikal, Rent, Oliver

samt ei rekkje andre. Maryan har

stort sett teke seg av sonn-

ginstruksjon, samt regi. Svein har

teke seg av dramainstruksjon, rol-

leutvikling og regi. Danseinstruk-

sjon har vi overlete til andre.

No er Sogn Musikkteater ein reali-

tet, og hovedsetet er i Fjærland.

Kva er så Sogn Musikkteater?

Det er eit tilbod til born og unge

mellom 10 og 20 år i heile Sogn.

Tilbodet er meint for dei som øn-

skjer å være med på kulturfronten,

og vil samordna drama, song, dans

og musikk. Det er Maryan Georgs-

dotter Mundal og Svein Høylo som

Planen er å gjera det same her i

Sogn, og sidan vi bur i Fjærland så

vil drifta skje her i frå. Kan det ver-

ta for mange fritidstilbod? Nei, men

det kan ofte førekoma kollisjonar, og

sidan dette er eit tilbod til heile

Sogn, så vonar vi at dette ikkje skal

undergrava dei andre tilboda i Fjær-

land.

Vi vonar å koma i gong på nyåret, og

dei første forestillingane vil nok

koma til hausten.

Sogn Musikkteater

SIDE 5

SH Artistformidling

Vi hjelper deg med.

Underhaldning, Artister, Skriver sanger og talar, Familieunder-

haldning. Ingen oppdrag for små ingen for store

Kontakt:

[email protected]

Svein Høylo

57693137 mob 91684802

SOGN MUSIKKTEATER

Eit tilbod for born og unge

Mellom 10 og 20 år i heile Sogn

Opplæring i song, drama, dans

Og musikk, samt framføring av

Musikaler

Sogn Musikkteater

Smedheim

6848 FJÆRLAND

57693137 mob. 91684802

[email protected]

Page 6: Fjærland Info jula 2010

Bygdutvalet har hatt denne samansetjinga fram til årsmøte 16.nov. 2010 : Sverre Tufte Mundal leiar, Marianne

Supphellen nestleiar, Hans I Haugen og Eivind Ødegård. Jo Marius Bøyum har møtt som vara. Laura Kvamme var

vald av kommunestyrerepresentantane.

Av viktige saker som har vore handsama kan nemnast:

· Kryssløysning etter bommen forsvinn 26.11.2010. Utvida gruppe der Laura er leiar. Jobben er ikkje ferdig

så denne gruppa jobber vidare. Samferdselminister Kleppa hadde med 5 mill kr til kryssløysing.

· Butikken vår med folkemøte og aksjeteikning.

· Breiband til heile bygda ei sak som har vorte jobba med heile året og som me må ta med oss vidare. Denne

saka har Eivind stått på med.

· Politiske saker: 10 på topp og som berører bygda. (badebaseng, vegar, fergekai,)

· Sentrumsplanen for Mundal

· Utsiktsrydding langs vegar i Fjærland. Rusulterte i 65.000,- til rydding langs rv 5 i Bøyadalen. Arbeidet

har pågått i år også. Det står at litt pengar så denne saka er ikkje ferdig.

· Plassering av bosscontainar ved Firda Billag sin garasje.

Frå årsmøte 16.nov 2010 har Fjærland Bygdautval denne samansetninga:

Hans I Haugen leiar, Eivind Ødegård nestleiar, Ingvar Supphellen skrivar, Bente Resaland Skeide . Eline Or-

heim er vald av kommunestyrerepresentantane frå Fjærland . Jo Marius Bøyum møter som 1.vara og Kjell

Juklestad som 2.vara.

Arbeidet vidare framover:

· Bu vil arbeide kontinuerleg med at viktige saker for Fjærland blir teke med i budsjettet og økonomiplanen til

kommunen.

· Næringsutvikling i Fjærland

· Tilflytningsprosjekt

· Mundal sentrum

· Heimeside for Fjærland

· Ladestasjon for E-bil

· Merkevareoppbygging

(Fjærlandskjøtt)

· Fleire reguleringsklare

bustadtumter

Hans I. Haugen

Mob: 97003631

E-post: [email protected]

SIDE 6

Bygdautvalet

Page 7: Fjærland Info jula 2010

Kraftverk i Fjærland

Utbygging av vannkraft i

Fjærland er avhengig av ei

ny linje ut frå Fjærland. Sog-

nekraft as har fått godkjent

ei linje frå Lidal til Grin-

de,men vedtaket er påklaga

og ligg til behandling i Olje-

og energidepartementet

(OED ).

Det er heller ikkje høve til å

starte opp nye kraftverk i

Sogn og Fjordane før

420 KV linja gjennom fylket

er på plass.

Utbyggingar som ventar på

linjekapasitet er Småkraft

AS, som har fått godkjen-

ning på 5 kraftverk langs

Fjærlandsfjorden

(Rommøyri, Lidal, Jordal

Hatlestad og Bjåstad/

Berge ), og Mundal Kraft-

verk og Bøyum kraft som

har søknad inne hjå NVE.

Sogndal kommune utarbeid-

de i 2005 ein samla plan for

småkraft i Fjærland, der det

kjem fram at det også er and-

re potensielle utbyggingspro-

sjekt i Fjærland. frå 2013 og

utover kan det verte stor ak-

tivitet med anleggsdrift.

Horpedal Kraft AS, som star-

ta produksjon i 2004 med

2MW, har i desse dagar utvi-

ding på gang med 650 kw.

Horpedal II utvidinga vart

godkjent av NVE i 2010, og

vert fram til ny linje kjem,

nytta til å betre utnytting av

vinter vannmengde.

er viktigast å få gjennomført.

På bygdamøtet 15.desember vart pla-

nen for opprustinga lagt fram. Det

vart ein god debatt, med mange inn-

spel. Bygdamøtet samla seg om desse

prioriteringane:

Fikse opp fronten mot fjorden, med

trapp og kai. Bygdamøtet ville ikkje

ha den føreslegne plastringa (“skrå

mur”), men ville heller ha tradisjonell

kai. Den føreslegne trappa med lange

og breie trinn vart godt motteke, der

skal folk kunne sitte og slappe av.

Ordna parkeringsforhold som ivare-

tek behov for parkering, samt buss/

Det har i fleire år vore arbeidd for

ein opprusting av området mellom

og hotellhagen i Mundal. Målet er

å tilrettelegge for såvel tilreisande

som fastbuande, med pen fasade

mot fjorden, gjestebrygge, og myld-

re- og parkområde. Det er også eit

mål å få tydeleg oppmerka parke-

ringsplassar slik at arealet vert

betre utnytta.

Sogndal kommune har i 2010 kjøpt

grunn i Mundal, og det ligg der-

med til rette for

gjennomføring av

planen. Både kom-

munen og fylkes-

kommunen har

løyvd pengar til opp-

rustinga, tilsaman

står det no 1, 4 mill

til rådvelde. Dette er

ein stor sum, men

neppe nok til å gjen-

nomføre alt. Kom-

munen har difor

bedt bygda priorite-

re kva element som

bu- bil parkering.

Tilrettelegge myldre- og parkanleg-

get.

Bygdautvalet har i etterkant formid-

la signala frå møtet til kommunen, og

bedt kommunen lyse planen ut på

anbod slik at ein får pris på dei ulike

elementa. Bygdautvalet vil vere akti-

ve for å få gjennomført mest mogleg

av planen, og har sakt seg villig til å

vil søkje fond, bankar, stiftingar om

ytterlegare finansiering. Det kan

også verte tale om å ta mindre deler

av arbeidet på dugnad for å få gjen-

nomført mest mogleg.

Opprusting av Mundal vil gje-

re det enno trivelegare å vere i

Fjærland, og vil vere ein styrke

for både fastbuande, tilreisan-

de og næringsdrivande i bygda.

Mundal sentrum med

nytt ansikt ?

SIDE 7

Dette er bilete frå Horpedal

Kraft, eksisterande bygg til

venstre, bygget som erunder

oppføring til høgre.

Page 8: Fjærland Info jula 2010

Fjærland på Internett

No kan du finne lokalnytt og hendingar i

Fjærland på internett. Adressa er

www.fjaerland.origo.no. På sida kan du

registrere deg som medlem, å bli med å leggja

ut bilete, nyhende, hendingar og diskutere ting

om Fjærland.

Fjærland kåra til Idérik bygd 2010

Fjærland gjev rom for tilflyttarar og nye idear, og har vist

seg som ei kreativ bygd i lang tid, heiter det i grunn-

gjevinga frå Fylkeskommunen, som deler ut prisen.

Juryen la vekt på at Fjærland er ei tradisjonell og velstelt

jordbruksbygd som har vore open for det som er nytt. Bre-

museet og Bokbyen vert nemnt som døme på nyskapande

bedrifter. Juryen trakk også fram Rundballefestivalen som

eit varemerke for Fjærland, og bioenergi- prosjektet. Måten

det vert jobba på i bygda vart også kommentert: idear og

tiltak vert kanalisert gjennom Bygdautvalet, og saker som

vedkjem bygda vert drøfta i fellesskap på bygdamøter.

Prisen vart delt ut under fylkestinget 14.desember. Byg-

dautvalet ved leiar Hans I. Haugen, Eline Orheim og Jo

Marius Bøyum, tok imot prisen på vegner av Fjærland, og

fekk stor applaus frå ein fullsett fylkestingssal.

Diplomet skal henge i bygdahuset, og pengesummen på kr

30 000 står på Bygdautvalet sin konto. På bygdamøtet

15.desember vart det diskutert korleis pengane best kan

nyttast. Eit forslag er å bruke summen som startkapital

eller eigenfinansiering i eit prosjekt for å skape tilflytting

til bygda. Diskusjonen vert teken opp att seinare.

Bygdautvalet takkar alle for små og store bidrag

gjennom åra. Det var eit breitt grunnlag for pristildelinga.

No må vi ikkje kvile på lauvbæra, men ta Fjærland til nye

høgder!

Vinnarar av konkurransar under Den Tredje

Internasjonale Rundballefestivalen 2010

Rundballekunst: Gunnvor Haugen

Filmkonkuransen: Delt første plass mellom Paint Ball og

Gøy på landet

Beste mjølk: Trude og Ivar Supphellen

Rundballe VM: Anders

K. Mundal og Arild

Holsen.