25

Farvel, Syria

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Om eit folk på flukt. Av Emil André Erstad.

Citation preview

Page 1: Farvel, Syria
Page 2: Farvel, Syria

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 1

Page 3: Farvel, Syria

Emil. A. Erstad

Farvel, SyriaOm eit folk på flukt

Samlaget

Oslo

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 3

Page 4: Farvel, Syria

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 2

Page 5: Farvel, Syria

Innhald

Forord av Jan Egeland

Prolog

Gullbilletten eller båten – forskjellen mellom kvoteflyktningar og asylsøkarar

Gullbillettane som dei færraste får

Kvifor ikkje hjelpe alle der dei er?

Den gråtande TV -reporteren

Det magiske talet

Jakta på og fanga av IS – homofile Kinan og Samir

Målet om sharia

dagar utan mat og drikke

Demonstrerte mot IS

«Utagerande homofili»

Fritt vilt

Kriminell overleving

Dei vi skal beskytte – dei sårbare kvoteflyktningane

Slik blir ein kvoteflyktning

Integreringsperspektivet

Vala flyktningane står overfor

Tre hindringar mot Europa

Tyrkia, Libya eller Russland

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 5

Page 6: Farvel, Syria

Kven skal hjelpe viss ikkje vi? Motstandarane av flyktningkonvensjonen

Flyktningkonvensjonen ser dagens lys

I Fridtjof Nansen si ånd

Angrepa på Flyktningkonvensjonen

Flyktningane sin høge beskyttar

Israel – landet ingen vil til

Golfstatane – rikingane som ikkje vil hjelpe

Russland – muslimfryktande Assad-alliert

Visegrád-landa – røtene til framandfrykta

Canada – ei solskinshistorie

USA – delstatleg motstand

Tyskland – ei open dør

Sverige – få kvoteflyktningar

Norge – eit villig folk

Dei som trur på feil gud – Maryam frå Aleppo

Dei muslimske venene som forsvann

Sekterismen tar tak

«Assad – vår gode president»

Muslimfavorisering

Minoritetsflyktningen – kurdiske Khalid

Inga framtid

Sveitte for eige brød

Med krigen i bakgarden – nærområda i Libanon, Tyrkia ogJordan

Storskog, Norge

Beirut, Libanon

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 6

Page 7: Farvel, Syria

Zaatari-leiren i Jordan

Å kritisere dei som stiller opp

Libanon – eit stappfullt vepsebol

Jordan – landet flyktningane returnerer frå

Tyrkia – det største mottakarlandet

Hjelpe her eller der?

Krigens tortur – Mahmoud og Mohammad

Elektrosjokk og bank

Barnebarnet utan mor

Frykt for fengsel i Libanon

Ei livshistorie om undertrykking

Best å halde kjeft

Torturert til blods

Den vakre songen

Meir enn god vilje – seks forslag til ny flyktning -politikk

Viljen som manglar

Klare premissar

Forslag nummer éin: ti tusen fleire gullbillettar i året

Forslag nummer to: sponsorstøtte av kvoteflyktningar

Forslag nummer tre: akademiske visum til flyktningar

Forslag nummer fire: Norge må presse på for reell europeisk

ansvarsfordeling

Forslag nummer fem: La flyktningar søke om humanitære

visum ved ambassadar nær Syria

Forslag nummer seks: oppbyggingsplan for nærområda til

Syria

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 7

Page 8: Farvel, Syria

Redsla for dei som kjem – kunnskapsløyse hos politikarane

«Vart du skræmt no?»

«En ideell løsning»

Vi er alle medborgarar – det vi kan stille opp med

Når nokon set fyr på grasrota

Alta-mannen som forstod

Hitra Friidrettsklubb

Det viktige førsteinntrykket

Lett å gløyme

Takk

Notar

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 8

Page 9: Farvel, Syria

Til Noah Leander og Kristin

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 9

Page 10: Farvel, Syria

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 10

Page 11: Farvel, Syria

Forord av Jan Egeland

Vi lever i en tid hvor titalls millioner flyktninger harbehov for beskyttelse. Historien vil vise hvordan visom land og verdensdel lykkes og mislykkes i dissedager. Sikkert er det at vi blir utsatt for en historiskprøve i medmenneskelighet og menneskerettigheter.Ingen bør kunne si om ti eller tyve år at de ikke visstehva som skjedde i Syria, på Middelhavet eller vedgrensene våre. Emil André Erstad har skrevet en viktig bok om et

kapittel i denne dramatiske historien. En bok om hvor-dan Norge og Europa møtte FNs bønn om å ta imotkvoteflyktninger fra Syria. Flyktninghjelpen er en av destørste hjelpeorganisasjonene i og rundt Syria, slik vier det i Afghanistan og andre land i krig som drivermennesker på flukt mot Norge. For oss er det viktig åfå fram at Norge og andre land med store ressurser børøke støtten til nærområdene, der millioner ikke får til-strekkelig beskyttelse eller hjelp. I tillegg må de somhar behov for beskyttelse utenfor regionen kunne fådet i trygge land som Norge. Gjennom denne boken bidrar Erstad til veldoku-

mentert og opplyst debatt, ved å gi en god forklaringpå hva kvoteflyktninger er og hvorfor vi bør gi demtrygghet. Han synliggjør beskyttelsesbehovet ved å for-

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 11

Page 12: Farvel, Syria

telle den dramatiske historien til noen av de mennes-kene det gjelder. Bare ved å forstå vår tid og dens største utfordringer

kan vi unngå å svikte når vår sivilisasjon blir testet ogvår medmenneskelige innsats kreves som mest.

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 12

Page 13: Farvel, Syria

Prolog

I arbeidet med denne boka har eg møtt enkeltmen-neska som den syriske borgarkrigen og flyktningkata -strofen handlar om. Eg har møtt Mahmoud som sågden vesle sonen til kameraten sin ligge død på leike-plassen, Kinan som vart kidnappa av IS fordi han erhomofil, Maryam som måtte flykte frå Aleppo då denkristne fetteren hennar vart halshogd, og Mohammadsom vart grovt torturert i eit syrisk fengsel. Desse ogandre eg har snakka med, har fortalt korleis dei opp-levde å vere flyktningar. Korleis dei kom seg til nabo-landa rundt Syria, utan at livet der vart så mykje let-tare. Korleis dei vart ståande att utan opphaldsløyve,skulegang eller jobbmoglegheiter før dei fekk kome tilNorge som kvoteflyktningar.Eg høyrde smerta i kvart ord av det dei sa. Kinan,

Mahmoud, Mohammad, Maryam og alle dei andre.Som syrarar kjende dei seg svikta av ei heil verd. Ikkjeberre hadde dei opplevd grufulle overgrep i eit Syriasom vart rive frå kvarandre, bit for bit, med alle traumadet førte med seg. Dei måtte også kjempe ein ny kamp idet dei passerte grensene til nabolanda – dei såkallanærområda. Der vart mange av dei strippa for rettar oghadde ikkje lenger tilgang til skulegang for borna, helse-hjelp til torturoffera eller nok mat. I Jordan, Libanon og

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 13

Page 14: Farvel, Syria

Tyrkia er det no så mange flyktningar at kapasiteten ersprengd, noko som også fører til omfattande menneske -rettsbrot. «Vi må hjelpe dei i nærområda», seier vi. Men for

Khalid, Mahmoud, Mohammad, Walida og alle deiandre er ikkje det svar godt nok. Å krangle om hovud-tyngda av hjelp bør kome i nærområdet, er ein mei-ningslaus krangel. Det vi alle burde diskutere medbrennheitt engasjement, er kva slags hjelp vi bør bidramed i nærområda til Syria. Kva er det som skal få landsom Libanon, Jordan og Tyrkia til å handtere dei storeflyktningmengdene? Korleis skal Libanon tvingast til ågi flyktningane heilt grunnleggande menneskerettar?Kva skal gjerast for at dei syriske flyktningborna i Tyrkiaskal få skulegang og unngå å bli ein tapt generasjon?Flyktningar er fornuftige menneske i ein desperat

situasjon. For mange av dei som har flykta til nabo-landa, er livet utoleleg. I Europa kan mange av dei finnetryggleik, stabilitet og moglegheiter. Dei færraste villeforlate heimane sine og alt dei eig for å starte på nyttein annan stad, viss dei fekk velje sjølv. Men når alter-nativet er ein vedvarande dårleg situasjon i nabolandatil Syria, eller tønnebomber og artillerield inne i Syria,tar flyktningane det einaste rasjonelle valet og legg ut ibåt over Middelhavet. Det er ikkje slik at alle dei syriske flyktningane må

kome hit, men nokre må det. Det finst flyktningar somikkje vil få hjelp der dei er no, og desse flyktninganetreng politiske løysingar som sikrar tryggleiken og

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 14

Page 15: Farvel, Syria

framtida deira. Ein stad må dei få kome. Å stenge gren-sene, å lukke auga eller å halde seg for øyra medan deiskrik om hjelp, er ikkje eit akseptabelt alternativ. Pro-blemet forsvinn ikkje av den grunn. Desse flyktning-ane treng ei løysing som ikkje finst i dag. Dei treng atvi i rike, stabile og trygge land kjem opp med forslag tilkorleis vi kan hjelpe dei. Etter å ha jobba med dette fel-tet over ein lengre periode, og etter å ha intervjua bådeflyktningar, humanitære organisasjonar, akademikararog representantar frå styresmaktene, kjenner eg eitsterkt behov for å føreslå nokre løysingar. Vi kan ikkjesitte stille og sjå på lenger. Vi treng ei luftbru av idearfrå det norske folket til politikarane på Stortinget.I Farvel, Syria. Om eit folk på flukt kjem du til å

møte sterke historier frå den verkelegheita flyktning-ane lever i, både i og utanfor Syria. Du kjem til å forstålitt meir av det som har skjedd i den verste flyktning-katastrofen sidan andre verdskrigen. Samtidig vil dubli klokare på kva val flyktningane tar, kvifor dei tardesse vala, og kva moglegheiter dei har. I boka ser egnærare på korleis verda prøver å stille opp. Viktigast av alt er likevel forslaga som kan gjere situ-

asjonen for flyktningane betre. Mange av oss er ikkjeklar over kva konsekvensar det vil få dersom Tyrkia,Libanon og Jordan ikkje får ei hjelpande hand til å giflyktningane ei framtid. Krigen i Syria kjem ikkje til ående med det første, og vi bør førebu oss på at hjelpabør vere langvarig. Dersom verdssamfunnet sviktar deisyriske flyktningane i nærområda til Syria, kan det

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 15

Page 16: Farvel, Syria

bidra til kollaps på lengre sikt. Derfor kjem eg ogsåmed nokre forslag til kva vi kan gjere for å forsterkehjelpa til eit nivå som er akseptabelt. Det viktige er atøkonomiske midlar ikkje er nok. Flyktningane trengrettar. Dei treng opphaldsløyve, bustader, skular, sjuke-hus og arbeid. Det er her verdssamfunnet bør inn medressursane sine.Temaet er omfattande, og endringar på feltet skjer

raskt. Boka er derfor ikkje fullstendig utfyllande om kvasom har med den syriske flyktningkatastrofen å gjere,men ho gir deg eit godt innblikk. Du vil forstå forskjel-len på asylsøkarar og kvoteflyktningar, samtidig somdu vil få eit overblikk over flyktningpolitikken som blirført av dei ulike landa i både nærområda og resten avverda. Kapitla varierer frå å gi innblikk i historia til enkelt-

flyktningar til å gi oversikt over det større biletet avflyktningsituasjonen og dei politiske tilhøva. Du vil blikjend med menneska eg har møtt på reisene mine tilJordan, Libanon og Italia, i tillegg til alle dei kvoteflykt-ningane eg har møtt rundt i norske kommunar. Vidarefår du lese om Flyktningkonvensjonen, FNs høgkom-missær for flyktningar, politiske forslag til endringarog politiske analysar. Eg trur denne samansetninga erviktig for å få ei god forståing av situasjonen dei syriskeflyktningane lever i. Namna eg brukar på flyktningane,er for det meste dekknamn, fordi mange av dei ønsker åskjule identiteten sin. Bak dette ligg mellom anna fryktfor kva familiemedlemene heime i Syria kan bli utsette

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 16

Page 17: Farvel, Syria

for dersom regimet eller opprørsgruppene blir kriti-serte. Nokre har derimot valt å stille opp med fulltnamn.Målet med Farvel Syria er å skape eit grunnlag for

ein diskusjon om dei syriske flyktningane som er meirforankra i kunnskap enn i frykt, og som bidreg til åmåle eit nyansert og realistisk bilete av utfordringaneNorge og verdssamfunnet står overfor.

Grefsen, . februar

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 17

Page 18: Farvel, Syria

Gullbilletten eller båten – forskjellen på kvoteflyktningar og asylsøkarar

Det var ingen som snakka i båten. Alle sat musestille.Det einaste som braut stilla, var motorduren og lydenav båten som skar gjennom dei låge bølgene. Innimel-lom gret nokre av borna. Dei over to hundre menneskaom bord lytta etter redninga, og fleire av dei gret stille.Dei visste at dei hadde lagt alt i potten. Mange haddereist i månadsvis eller årevis for å kome seg hit, deihadde kanskje spart opp pengar i endå lengre tid. Detvar ingen mellomting; anten kom du deg i land på denandre sida, eller så var det ute med deg. Kanskje kunnedei snart skimte Italia.For å forstå den syriske flyktningkatastrofen og det

som skjedde våren , må vi starte på den andre sidaav Middelhavet. Syrarane som valde den livsfarlegeflukta over Middelhavet, frå Libya, Egypt eller Tyrkiatil Italia, Malta eller Hellas, hadde allereie gjort opp eitbrutalt reknestykke: Anten kunne dei halde fram livasine inne i Syria, eller kanskje i ein flyktningleir ellereit vertssamfunn i nærleiken av Syria, eller gjere slikmange hundretusenvis gjorde: legge ut på ei livsfarlegreise over Middelhavet. Ei flukt med høgt sannsyn forå drukne undervegs. At mange valde og framleis veldenne siste utvegen, fortel mykje om den situasjonen

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 18

Page 19: Farvel, Syria

dei flykta frå. Det er dette brutale reknestykket mangesyrarar på flukt må gjere opp: Det kan vere betre ådrukne i forsøket enn å bli igjen.«Ahmed», «Aida» og vesle «Suhana» var blant dei som

våga livet. Eg møtte den syriske familien i Sør-Trønde-lag eit halvt år etter at dei hadde kryssa Middelhavet iein liten fiskebåt. Dei fortalde ei historie som er fellesfor mange som har valt ei av båtrutene til Europa. Detunge ekteparet og borna deira flykta frå den syriskeborgarkrigen og huset sitt i Damaskus til anarkiet iLibya, deretter til Italia før dei til slutt kom til Norge.I Damaskus hadde Ahmed og Aida ein stad å bu. Dei

hadde jobb og inntekt. Dei fortel at livet ikkje var så verst,og at framtida såg lys ut. Politikk brydde dei seg ikkje om,anna enn at dei forstod at det ikkje var klokt å legge segut med president Bashar al-Assad og hans arabisk-sosia-listiske parti, populært kalla Baath-partiet. Det syriskeregimet brydde seg ikkje med deg, med mindre dubrydde deg med det – i kjend diktatorstil.Etter kvart som opprøret tok ei meir borgarkrigs-

liknande form og krigshandlingane kom stadig næraredeira bydel, rett i utkanten av Damaskus, ønskte ekte-paret å finne husly i eit tryggare område. All skytingaog dei plutselege bombeangrepa hadde skrudd bustad-prisane så høgt at det ikkje lenger var mogleg å skaffeseg husvære i trygge delar av den syriske hovudstaden. Familien hadde blitt fortald at det var framtidshåp i

Libya. Optimismen etter opprøret mot diktatorenMuammar Gaddafi vart delt fleire stader enn på flykt-

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 19

Page 20: Farvel, Syria

ningane sin ryktebørs. Dåverande statsminister i Norgeog noverande generalsekretær i NATO, Jens Stolten-berg, sa til Aftenposten at døden til Muammar Gaddafivar «starten på en ny epoke i Libya». NATO si bom-bing av det libyske regimet skulle føre til eit demokra-tisk og stabilt styre – og tryggleik og utvikling for inn-byggarane i landet. Det var denne oppfatninga sområdde på Stortinget – der alle partia frå høgre til ven-stre stilte seg bak NATO-aksjonen mot landet. Med einså optimistisk og håpefull retorikk frå diplomatar ogpolitikarar i vestlege land var det kanskje ikkje så rartat mange syriske flyktningar lar seg lokke dit. Familien si einaste løysing var å kjøpe bussbillett til

nabolandet Jordan. Planen var å reise frå Jordan tilLibya gjennom Egypt. I Libya skulle dei bygge seg ei nyframtid. Reisa var lang, gjennom tørt, einsformig ørkenland-

skap og framandt land. Dei hadde aldri vore utanforSyria før. I time etter time sat dei vaktsame på bussen itilfelle det skulle dukke opp røvarbandar langs vegen.At Aida var gravid med det første barnet deira, gjordeikkje reisa noko lettare for det unge paret. Korruptepolitifolk dukka opp fleire gonger og ville ha pengarfor å sleppe bussen vidare. Etter kvart som dei nærmaseg den libyske grensa, merka dei at landet var annleisenn både Syria, Jordan og Egypt. I staden for grense-politi var det lokale væpna grupper, såkalla militsar,som skulle ha betalt for å la bussen og passasjeranepassere uskadde.

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 20

Page 21: Farvel, Syria

Vel framme ved målet for reisa, byen Benghazi, gjekkdet ganske fort opp for familien at ting ikkje var slik detvar blitt dei fortalt. Det som møtte dei, var ein stat somhadde kollapsa. I likskap med resten av Libya var storedelar av Benghazi prega av lovløyse, kaos og storstilt kri-minalitet. Familien måtte heile tida betale lokale milit-sar pengar for at militsane skulle verne huset deira motandre lovlause bandar med våpen. Mange menneskevart drepne i gatene framføre auga deira. Biltrafikkenvar livsfarleg, og ruinane etter det siviliserte Libyas fallvar ein stor kontrast til dagleglivet i Damaskus.Då Aida skulle føde barnet, måtte dei nøye seg med

eit nedslite og gamalt sjukehus i Benghazi der detmangla både medisinar, smertestillande og kompetentpersonell. Fødselen der var reine torturen, fortel Aida.Det gjekk heldigvis bra med både mor og barn. Ahmedfekk seg litt seinare jobb på ein bilverkstad, men dervar det mange fleire tilsette enn dei hadde bruk for, såhan måtte arbeide for luseløn. Det kunne ikkje haldefram på dette viset så mykje lenger.Ein dag hadde dei ikkje lenger pengar att til dei

lokale militsane som vart betalte for å beskytte dei, ogdet merka dei fort konsekvensane av. Fleire gonger vartdet skote mot leilegheita der dei budde, og dei opp-levde at det vart skote rakettar mot bustadblokka deira.Det hende at naboar vart drepne medan dei sov. Krigenvar nærare, meir intens og meir øydeleggande for livadeira i Benghazi enn han hadde vore heime i Damas-kus. Flukta var ikkje over likevel.

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 21

Page 22: Farvel, Syria

«Det var eit helvete å leve i Libya. Vi måtte velje omvi framleis ville leve i eit slikt lovlaust inferno, eller omvi skulle ta sjansen på å kome oss over Middelhavet.For oss var det eigentleg aldri eit alternativ å betalemenneskesmuglarar for å reise over havet, fordi vi vis-ste kor farleg det var. Når familien vår heime i Syriaringde til oss, sa dei heile tida at vi ikkje måtte finne påå bli med desse båtane. Dei var veldig bekymra for at viskulle velje det alternativet, fordi dei visste at mangesom gjorde det, aldri kom fram. Sjøen var ein livsfarlegveg», fortel Ahmed.Likevel bestemte dei seg for å betale alt dei eigde for

tre plassar i fiskebåten. «Det er det tøffaste valet eg har gjort i heile mitt liv»,

seier Ahmed. Sjøvegen var heller ikkje førstevalet deira.Ei stund før bestemte dei seg for å sende Aida og dennyfødde jenta med fly tilbake til Damaskus. Eit mellom-bels opphald i Damaskus freista meir enn infernoet iLibya. Planen vart spolert då Aida og Suhana vartavviste på flyplassen i Benghazi fordi dei ikkje lengerhadde gyldige identitetspapir – eit problem for mangeav flyktningane som lèt seg smugle ut av Syria. Å sende Aida tilbake til Damaskus var ingen drau-

mesituasjon for Ahmed, men dette var det tryggastealternativet: Viss Aida hadde kome seg attende tilDamaskus, kunne Ahmed likevel ta sjansen på båtreisaover Middelhavet utan å risikere liva til alle tre. Dess -utan hadde Aida blitt gravid igjen. Dei tenkte derfor atho ikkje burde utsettast for påkjenninga det var å sitte

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 22

Page 23: Farvel, Syria

timesvis i ein båt på ope hav. Det er ofte mennene somreiser først. Berre prosent av flyktningane som toksjøvegen til Europa i , var kvinner. Mange av kvin-nene er igjen i Libanon, Tyrkia og Jordan. Eller endåverre: inne i Syria. Vel framme i ei trygg hamn i Europakunne Ahmed ha funne ei løysing som fekk heile fami-lien dit, anten ved hjelp av falske identitetspapir, fami-liegjenforeining eller på anna vis. Ahmed visste at om dei tre tok båten over Middel-

havet, kunne det bety slutten for dei alle. Men hanopplevde at han ikkje hadde noko val. Han kontaktakjenningar på bilverkstaden som kjende menneske-smuglarar. Dei kunne fortelje at prisen for ein billettvar dollar per person – også for vesle Suhana. Dettilsvara kring kroner for alle tre. Dette var eitstort beløp å betale. Men det å halde fram med å leve iLibya var ikkje mogleg. «Vi tenkte det var betre å døy i forsøket på å nå

Europa enn å leve vidare i Libya», seier Ahmed. Dei følgde med på vêrmeldinga i vekevis. I finvêr

var det størst sjanse for å kome seg heilskinna overhavet. Med sol og lite vind ville det kanskje ikkje tameir enn ti eller tolv timar før dei kunne sitte trygt pådekk hos eit italiensk kystvaktskip. Likevel, sjølv i fin-vêr var det ingen garanti for at båten ville kome seg vel-berga over dei store havområda mellom det nordlegeAfrika og det sørlege Europa. Sjølv om båten skulleklare å kome seg til eit redningsfartøy på den andresida, skjedde det ofte at båtflyktningane i augneblinken

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 23

Page 24: Farvel, Syria

dei såg at redninga var nær, vart desperate, slik at båtenkantra. Mange kan ikkje symje, og dei overfylte båtaneslit med å halde seg stabile i vatnet. Om litt for mangelener seg mot den eine sida av båten, kan det vere noktil at båten krenger og katastrofen er eit faktum. Fleiregonger har redningsfolk i italienske kystvaktskip ellerhandelsskip sett at flyktningane har drukna rett fram-føre auga på dei.Ein dag i august , etter over to år i Benghazi og

Libya, såg vêrmeldinga for dei neste dagane god ut.Familien tok sjansen, Ahmed ringde til menneskesmug -larane han hadde fått nummeret til, og dei tre vartfrakta til småbyen Zuwara. Han ligg ved kysten heiltnordvest i landet inntil den tunisiske grensa, der det erkortast over til det italienske fastlandet.Ahmed hugsar framleis godt denne morgonen. Alle

var veldig stille, og ein kunne nesten kjenne lukta avredsle rundt dei. Dei kom til eit hamneområde med eistrand der dei vart bedde om å vasse utover til båtensom låg lenger ute i hamna. «Det var så djupt at egmåtte bere vesle Suhana på skuldrene mine for at hoikkje skulle bli våt», seier Ahmed.Oppe i båten var det trongt om plassen. Det var for

mange, tenkte han. Flyktningar frå fleire afrikanske ogarabiske land. Nokre asiatar også. Etter at syrarane foralvor byrja å flykte frå landet sitt, var det mange andrenasjonalitetar som hengde seg på. Dei hadde allslagsulike motiv. Denne morgonen sat dei alle så tyste atkvart vesle bølgeskvulp og alle små variasjonar i

,

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 24

Page 25: Farvel, Syria

motorduren kunne høyrast. Dei var våte etter straba-sane før dei kom opp i båten, og det verka som omSuhana merka at det var fare på ferde. Ho var urolegog grein mykje. Det var ein erfaren tunisiar som styrtebåten i stø kurs mot områda der dei italienske kyst-vaktfartøya patruljerte. Han hadde GPS, noko deifleste smuglarbåtane ikkje har. Det vart sagt at hangjorde dette ofte: reiste med flyktningane over havet ogtok fly attende til Tunisia og Libya for nye turar. Oftefår flyktningane ansvaret for å styre båtane sjølv. Imange tilfelle er det dømt til å gå gale allereie før deiforlèt dei libyske strendene.Elles var det stilt. Ikkje ei bølge. Ei steikande sol varma

frå ein himmel utan skyer. Dei var heldige med vêret. Etter ti timar på sjøen, i blikstille vatn, kunne dei

endeleg skimte eit italiensk kystvaktskip i horisonten.Stemninga steig, sjølv om dei visste at dei ikkje vartrygge enno. Det var framleis mogleg å kantre. Detkunne framleis ende fatalt.Mannskapet om bord på det store kystvaktskipet

kasta ut tau og redningsbøyer, og rekte ut hjelpandehender til flyktningane i det dei klauv over ripa. Ende-leg kjende Ahmed at han kunne lene seg inntil ein veggav omsorg, letten braut fram, og han vart fylt av godekjensler. Dei hadde klart det. Den vesle familien hansvart ikkje ein del av drukningstala i Middelhavet. Novar han trygg. Suhana fekk mat, eit pledd og små leike -tøy av mannskapet. Gravide Aida vart straks tatt handom av den italienske legen på skipet.

Farvel Syria ferdig_A 17.03.16 09:24 Side 25