2
forskerfabrikken 0311 POTETMJØL C-vitamin i verdsrommet Sjå for deg at du skal reise til Mars. Undervegs må du sørgje for å få i deg alle næringsstoffa du treng, også C-vitamin. Kva for typar drikke er det lurt å ta med seg for å få nok C-vitamin? TEKST: HANNE S. FINSTAD Du treng: Ein potet Potetmjøl Kokeplate og ein kjele – eller gassbluss og eit stort begerglas Noko å røre med Eit desilitermål Appelsinjus og andre typar drikke eller frukt som du vil undersøkje for å finne ut om dei eignar seg til ei ferd til Mars 1% kaliumjodid (kan kjøpast på apoteket, blir òg kalla jodløysning) Pipettar som kan brukast til å måle opp 2,5 ml Ein 10 ml målesylinder per væske du vil undersøkje, eller 15 ml røyr med blå kork Ein 100 ml målesylinder per væske du vil undersøkje, eller 50 ml røyr med blå kork Stativ til å ha røyra i Lag ei løysning 1. Først må du løyse stivel- se i vatn. I potetmjøl er det mykje stivelse som er pakka inn i små kuler. Til- set derfor 2 matskeier po- tetmjøl til 200 milliliter vatn. Vatnet må varmast opp under omrøring. Når løysninga blir varm, sprekk kulene med sti- velse og løyser seg i vat- net. Løysninga blir då litt seig. Gjer deg kjend med to kjemiske reaksjonar 2. I dette forsøket skal du utnytte to kjemiske reaksjonar. Den eine blir du kjend med ved å ta litt potetmjøl på ei skål og tilsetje 1 drope brungul jodløysning. Blandinga av jodløys- ning og potetmjøl blir mørkeblå. Det er fordi stivelsen i potetmjølet blir blå når ho kjem i kontakt med jodløysninga. 3. Den andre kjemiske reaksjonen ser du når du dryper litt jodløysning på ei fersk potetskive. Blåfargen kjem av at det også er stivelse i poteten. Men etter ei lita stund blir blåfargen svakare eller borte. Det er fordi det også er C-vitamin i poteten. C-vita- min reagerer kjemisk med jodløys- ninga slik at blåfargen forsvinn. Det blir nesten som ein konkurranse der stivelse og C-vitamin slåst om jod- løysninga. C-vitamin vinn heilt til det ikkje er meir C-vitamin igjen. Denne konkurransen skal vi utnytte til å samanlikne innhaldet av C-vi- tamin i jus med andre typar drikke og frukt.

C-vitamin i verdsrommet - Nysgjerrigper...I ein desiliter jus er det 30–40 milligram C-vitamin. Å drikke 2 desiliter jus er altså nok for å dekkje dagsbehovet. Diskuter med andre

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    1

Embed Size (px)

Citation preview

forskerfabrikken 0311

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

POTETMJØL

C-vitamin i verdsrommetSjå for deg at du skal reise til Mars. Undervegs må du sørgje for å få i deg alle næringsstoffa du

treng, også C-vitamin. Kva for typar drikke er det lurt å ta med seg for å få nok C-vitamin?

TEKST: HANNE S. FINSTAD

Du treng:

• Ein potet

• Potetmjøl

• Kokeplate og ein kjele – eller

gassbluss og eit stort begerglas

• Noko å røre med

• Eit desilitermål

• Appelsinjus og andre typar drikke

eller frukt som du vil undersøkje

for å finne ut om dei eignar seg

til ei ferd til Mars

• 1% kaliumjodid (kan kjøpast på

apoteket, blir òg kalla jodløysning)

• Pipettar som kan brukast til å måle

opp 2,5 ml

• Ein 10 ml målesylinder per væske

du vil undersøkje, eller 15 ml røyr

med blå kork

• Ein 100 ml målesylinder per væske

du vil undersøkje, eller 50 ml røyr

med blå kork

• Stativ til å ha røyra i

Lag ei løysning 1. Først må du løyse stivel-

se i vatn. I potetmjøl er det mykje stivelse som er pakka inn i små kuler. Til-set derfor 2 matskeier po-tetmjøl til 200 milliliter vatn. Vatnet må varmast opp under omrøring. Når løysninga blir varm, sprekk kulene med sti-velse og løyser seg i vat-net. Løysninga blir då litt seig.

Gjer deg kjend med to kjemiske reaksjonar2. I dette forsøket skal du utnytte to

kjemiske reaksjonar. Den eine blir du kjend med ved å ta litt potetmjøl på ei skål og tilsetje 1 drope brungul jodløysning. Blandinga av jodløys-ning og potetmjøl blir mørkeblå. Det er fordi stivelsen i potetmjølet blir blå når ho kjem i kontakt med jodløysninga.

3. Den andre kjemiske reaksjonen ser du når du dryper litt jodløysning på ei fersk potetskive. Blåfargen kjem av at det også er stivelse i poteten. Men etter ei lita stund blir blåfargen svakare eller borte. Det er fordi det også er C-vitamin i poteten. C-vita-min reagerer kjemisk med jodløys-ninga slik at blåfargen forsvinn. Det blir nesten som ein konkurranse der stivelse og C-vitamin slåst om jod-løysninga. C-vitamin vinn heilt til det ikkje er meir C-vitamin igjen. Denne konkurransen skal vi utnytte til å samanlikne innhaldet av C-vi-tamin i jus med andre typar drikke og frukt.

forskerfabrikken 0311

C-vitaminC-vitamin er eit hjelpestoff i fleire kjemiske reaksjonar i kroppen, men kroppen kan ikkje lage C-vitamin sjølv. Fordi vitaminet er vassløyseleg, finst det ikkje eit lager av C-vitamin i kroppen. Overskot blir skylt ut gjennom urinen. Viss ein får for lite C-vitamin, får ein sjukdommen skjørbuk. Den er sjeldan i dag, men i tidlegare tider var han eit stort problem for sjømenn som var til sjøs i lange periodar.

Undersøk appelsinjus4. Først kan du gjere deg kjend

med kor mykje jodløysning du må tilsetje for å øydeleggje all C-vitamin i appelsinjus. Ta 25 ml jus i eit glas og tilset 75 ml vatn. No er jusen fortynna 4 gonger.

5. Overfør 40 ml av denne løysninga til eit glas. Tilset 1 ml av løysninga med stivelse.

6. Hell 10 ml jodløysning i eit røyr med ml-mål eller i ein målesylinder. No veit du kor mykje jodløysning du startar med. Dryp drope for drope av denne løys-ninga i glaset med

fortynna jus og stivelse. Roter løysninga godt mens du tilset jodløysninga. Idet dropen treffer jusen, ser du ein blå-farge.

Men så snart du ristar, blir blåfargen borte. C-vitami-net i jusen øydelegg jod-løysninga. Samtidig blir

vitaminet sjølv øyde-lagt. Først når alt

C-vitamin blir brukt opp, blir jusen blå.

7. Sjå no på kor mykje jodløysning du har brukt. Ta dette talet og gang det med fire. Jusen var jo fortynna fire gonger. No har du eit tal å bruke for å samanlikne C-vitamin i appelsin-jus med innhaldet i andre typar drikke. Må du bruke meir jodløys-ning, inneheld det du undersøkjer, meir C-vitamin enn appelsinjus. Må du bruke mindre jodløysning, inne-held drikken mindre C-vitamin.

Undersøk andre typar drikke 8. No kan du undersøkje andre typar

drikke. Viss du trur det er mykje C-vitamin i ein prøve, kan du fortyn-ne han fire gonger. Trur du det er lite, er det lurt ikkje å fortynne i det heile, viss han då ikkje har så sterk farge at du må fortynne for å kunne sjå blå-fargen. Vil du undersøkje frukt, må frukta mosast først. Deretter kan de filtrere safta ved hjelp av eit kaffifilter.

9. Lag ein tabell som viser kor mange dropar jodløysning de må bruke på dei ulike drikkene/fruktene. Hugs å gange med talet som seier kor mykje de fortynna.

Oppsummer resultata10. Eit vakse menneske treng 75

milli-gram C-vitamin kvar dag. I ein desiliter jus er det 30–40 milligram C-vitamin. Å drikke 2 desiliter jus er altså nok for å dekkje dagsbehovet. Diskuter med andre kva for typar drikke og frukt som er best eigna til å takast med på lange turar i verdsrommet.