15
ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP 2007 Hardanger folkemuseum Agatunet Ingebrigt Vik museum Voss folkemuseum Hardanger fartøyvernsenter Kunsthuset Kabuso Granvin bygdemuseum Kvam bygdemuseum

ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP 2007 · ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP 2007 Hardanger folkemuseum. Agatunet Ingebrigt Vik museum. Voss folkemuseum Hardanger fartøyvernsenter. Kunsthuset

Embed Size (px)

Citation preview

ÅRSMELDING OG ÅRSREKNESKAP 2007

Hardanger folkemuseumAgatunet

Ingebrigt Vik museumVoss folkemuseum

Hardanger fartøyvernsenterKunsthuset Kabuso

Granvin bygdemuseumKvam bygdemuseum

2 3

Forord 2007 var første heile driftsår for det konsoliderte Hardanger og Voss museum. Museet består av institu-sjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museet, Granvin bygdemuseum og Kabuso. Frå 2008 inngår også Voss folkemuseum i eininga.

Sjølv om også 2007 var eit år som i stor grad bar preg av konsolidering – m.a. ved forhandlingar med Voss og skifte av namn – så ber årsmeldinga bod om eit høgt aktivitetsnivå både når det gjeld utstillingar, tilskipingar og undervisningsopplegg. Her er eit stort spenn i aktiviteten, frå dei små og lokale arrangement til Damien Hirst’ Livet, Døden og Kjærleiken, som var ei hending som fekk merksemd også ut over landegrensene.

Styret er oppteken av å vidareutvikla museet og skapa ny aktivitet, og har initiert prosjekta Norsk jordskifte-senter i tilknyting til Agatunet og ’Over bekken’. Sistnemnde har som føremål å få til ei større utviding av Hardanger fartøyvernsenter. Første byggjesteg på utvidinga av administrasjonsbygget på Hardanger folke-museum kom godt i gang, og ein har teke viktige steg mot å få MF Folgefonn heim att til Hardanger.

Hardanger og Voss museum er med ca 69 årsverk, åtte institusjonar og ein omsetnad på i overkant av 40 mill kr eit stort museum også i landssamanheng. Museet er skildra som den største kultursatsinga i regionen nokon gong, og har ambisjonar i samsvar med dette. Museeet skal syna at det er mogeleg å samarbeida innanfor ein mangslungen region – og over eit breitt fagfelt – og at eit slikt samarbeid kan gje resultat.

Meldinga syner at det har vore eit godt arbeidsår rundt om, og styre og administrasjon nyttar høvet til å takka dei tilsette for innsatsen. Me vil og takka sponsorar og andre medspelarar for eit godt samarbeid i året som gjekk.

God lesnad!

Hardanger og Voss, 23. april 2008

Innhald 2 Forord

4 0.0 Samandrag

6 1.0 Hardanger og Voss museum felles 6 1.1 Innleiing 8 1.3 Aktiviteten i meldingsåret 8 1.4 Personalet, HMT 9 1.5 Økonomi

10 2.0 Hardanger fartøyvernsenter10 2.1 Bygg og anlegg10 2.2 Fartøyvern12 2.3 Ungdomsavdelinga13 2.4 Museumsavdelinga

14 3.0 Hardanger folkemuseum14 3.1 Samlingsforvaltning, undervisning og formidling15 3.2 Kulturminnevern og -samarbeid

15 4.0 Agatunet 15 4.1 Opningstider, utstillingar og arrangement 16 3.2 Besøkstal16 4.3 Norsk jordskiftesenter

17 5.0 Kunsthuset Kabuso

18 6.0 Ingebrigt Vik museet, Kvam bygdemuseum18 6.1 Ingebrigt Vik museum18 6.2 Kvam bygdemuseum

19 7.8 Granvin bygdemuseum

20 Resultatrekneskap, Hardanger og Voss museum

22 Balanse, stiftinga Hardanger og Voss museum

24 Notar til årsrekneskap for 2007

27 Revisjonsmelding 2007

28 Oversikt over institusjonane

4 5

Hardanger og Voss museum omfattar institusjona-ne Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardan-ger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrikt Vik museet, Granvin bygdemuseum og kunsthuset Kabuso. Frå 1. januar 2008 går i tillegg Voss folke-museum inn i eininga.

Hardanger og Voss museum har vore gjennom store omleggingar i konsolideringsprosessen. Også i 2007 la konsolideringa beslag på mykje ressursar, først og fremst gjennom forhandlingane med ’den nye’ in-stitusjonen Voss folkemuseum. Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjo-nane har stor tematisk breidde. I tillegg til kultur-historiske museum omfattar Hardanger og Voss mu-seum eit nasjonalt fartøyvernsenter som også driv sosialpedagogisk ungdomsarbeid, eit av dei få reine skulpturmusea i landet, og eit kunst- og kultursenter. Museet har og ei større samling av lav (Havaas-samlinga), og er regionsmuseum for dei sju Hardangerkommunane og Voss kommune.

Styret ser det som viktig å vidareutvikla museet og skapa ny aktivitet. Arbeidet med å etablera eit Norsk jordskiftesenter i tilknyting til Agatunet, som i hovudsak er finansiert av Landbruksdepartementet, har hatt god utvikling i meldingsåret. Prosjektet ’Over bekken’, med føremål ei større utviding av Hardanger fartøyvernsenter, vart initiert i 2007. Første byggjesteg på utvidinga av administrasjons-bygget på Hardanger folkemuseum kom godt i gang, der ein i samarbeid med Hordaland fylkeskommune arbeider med å få til eit pilotprosjekt på universell utforming.

Museet deltek aktivt i både fylkesdekkande og na-sjonale nettverk. Nasjonalt er museet med i nettverk for bygningshandverk, nettverk for musikk- og instru-mentsamlingar og i nettverk for kulturlandskap. Styret har i tillegg vedteke at Hardanger Museum skal arbeida for å ta nettverksansvar for museum som eig og driv antikvariske fartøy. Det vert og samarbeida godt med dei to andre nasjonale fartøyvernsentra gjennom Fartøyvernsentrenes fellesråd.

Styret har ein ambisjon om at forsking skal verta ein større del av museumsverksemda. Museet har i meldingsåret hatt to pågåande forskingsprosjekt knytt til Hardanger fartøyvernsenter; båtbygging i Saltdal og til kravellteknikk. Museet har i 2007 også utvikla eit ABMU-støtta samtidsdokumentasjons-prosjekt knytt til dei store endringane på sam-ferdslesektoren i regionen i samband med bygging av Hardangerbrua. Heimføringa av MF Folgefonn, ei av landets første bilferjer, ser ein for seg vil vera sentral i dette prosjektet, både som historisk dokumentasjon og som arena for formidling.

Hardanger og Voss museum har utvikling og profe-sjonalisering som ein av sine hovudstrategiar, med mål å frigjera og samordna faglege og administrative krefter. Aktiviteten i meldingsåret framleis preg av at museet er ein organisasjon i endring. Utjamning av løns- og arbeidsvilkår mellom institusjonane har vore ei stor og dels krevjande oppgåve i året som gjekk.

Museet er ein etter måten stor organisasjon og arbeidsgjevar, og det er grunnleggande å vidare-utvikla økonomiske og administrative styringsverkty. Utarbeiding av nye og felles system for økonomi-forvaltning og løns- og personalarbeid har prioritet, og styret meiner at museet har hatt og har god kvalitet og framdrift i desse prosessane. Styret legg no til grunn at museet no har funne si endelege form og vil frametter leggja vekt på å utarbeida strategi-dokument, visuell profil og nettsider.

Styret legg vekt på å driva museet i samsvar med stat-lege krav til drift og økonomistyring. Museet gjekk i 2007 likevel med eit større underskot. Dette var knytt til drifta av ungdomsavdelinga (det sosialpedagogis-ke arbeidet), og var ein direkte konsekvens av at Bufetat i 2007 gjennomførte ein anbodsrunde og derfor heldt attende utplasseringar av ungdom. And-bodsrunden og forhandlingane resulterte i at Hardanger fartøyvernsenter fekk fornya kontrakt med Bufetat, og belegget har no teke seg opp att. Styret har vedteke ein plan for inndekking av underskotet. Denne planen er godkjent av departementet og får i liten grad innverknad på det faglege arbeidet.

Museet sine samlingar er ei viktig kjelde til kunnskap om regionen. Styret har styrka ressursane med sikte på betra katalogisering, sikring og bevaring av sam-lingane. Her er likevel store utfordringar frametter, og samlingsforvaltning er eit prioritert område. Hordaland fylkeskommune har gjennom sine initiativ og ved å ta ansvar for innføring av det digitale forvaltningsprogrammet PRIMUS gjeve dette arbeidet eit godt grunnlag. Museet deltek i desse prosessane og har som ambisjon å få digitalisert samlingane for nettbasert publisering.

Hardanger og Voss museum har eit stort og krev-jande anlegg med administrasjonsbygg, antikvariske bygningssamlingar, faste og flytande kaiar, fartøy, grøntareal m.m. Status når det gjeld bygningsvedli-kehald varierer, men det meste er i tilfredsstillande stand. Det har likevel vore naudsynt å setta i verk strakstiltak i Agatunet for å sikra somme av bygnin-gane, og ein har sperra av deler av museumsområdet grunna usikra helletak. Med m.a. fire fartøy og 137 antikvariske bygg vil det kontinuerleg vera eit formi-dabelt behov for økonomiske og personellmessige ressursar for drift og vedlikehald. Med dagens budsjettrammer vil det i overskueleg framtid vera eit etterslep på bygningsvedlikehaldet.

Museet har også i 2007 hatt stor aktivitet på dei ulike institusjonane når det gjeld utstillingar, konsertar, arrangement og undervisningsopplegg. Styret legg vekt på å oppfylla dei ambisjonar som ligg i Horda-land fylkeskommune sin fylkesdelplan for museum, som understrekar på museet sine roller som samfunnsaktør, samfunnsminne og møtestad. Sam-ordning av det museums- og undervisningsfaglege arbeidet er formalisert på tvers av institusjonane, og det er eit siktemål å utarbeida planar for dei ulike sidene av den museumsfaglege verksemda.

Hardanger og Voss museum har som mål å halda eit høgt fagleg nivå innanfor formidling av kunst og kultur, tilgjengeleggjera samlingar og betre utnytta potensialet i museet sine ulike arenaer for formidling. Det er i meldingsåret initiert og gjennomført ulike prosjekt, mellom anna vart eit digitalt dokumenta-sjonsprosjekt på Hardingfela så godt som ferdigstilla i meldingsåret.

Opningstidene på museet sine avdelingar er godt tilpassa publikum sine behov og medverkar til eit stabilt og mangfaldig tilbod i regionen. Museet sine samlingar er tilgjengelege for ålmenta, men her er også utfordringar i høve universell utforming. Alle museet sine avdelingar legg vekt på formidling til barn og unge og på å ta aktivt del i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Ein vil og peika på Hardanger maritime leirskule, knytt til seglejakta Mathilde, som eit svært viktig tilbod overfor skuleborn. Ein legg vekt på å oppretthalda og styrka det lokale engasjementet m.a. gjennom lokale museumslag og venelag.

Styret har i samband med Mangfaldsåret 2008 løyvd midlar til ein museums-staffett mellom Hardanger og Voss museum sine institusjonar. Planen er at ein over ein periode skal ha helgear- rangement med mangfalds-tematikk på dei ulike institusjonane. Ved fartøyvernsenteret skal det i til-legg gjennomførast ei utstilling om Romani-folket på sjøen, og det vil i tilknyting til dette verta gjennom-ført arrangement med faglege og kulturelle innslag.

Arbeidet med den immaterielle kulturarven er gjennom Hardanger og Voss museum si satsing på handlingsboren kunnskap eit prioritert område. Dette er knytt til kunnskap som museumsgjenstand, direkte relatert til museet sin kompetanse innanfor faga bygningshandverkar, småbåtbyggjar, reipslagar, smed, skipstømrar, bestmann og felemakar (haring-fele). Programmet skal medverka til å styrka etablerte handverkarstillingar og vidareutvikla kompetanse, dokumentasjon og formidling. Det er i tillegg til det løpande handverksarbeidet på fartøy og bygnings-samlingar i meldingsåret initiert og gjennomført nærare definerte prosjekt, mellom anna dokumen-tasjonsprosjekt på tradisjonshandverk (småbåtbyg-ging), restaureringsprosjekt på bygningssamlingane (helletak), modellbygging med siktemål formidling (skutemodell), og essesveising.

Om lag 1/3 av dei tilsette i museet er kvinner, særleg handverkarfaga er mannsdominerte. Det vert i re-krutteringspolitikken lagt vekt på å fremja likestilling. Verksemda forureinar ikkje det ytre miljø.

0.0 Samandrag

6 7

Museumsreforma har utspring i stortingsmeldingane Kjelder til kunnskap og oppleving, og Kulturpolitikk fram mot 2014. Eit utgangspunkt var trongen for opp-rydding i museumslandskapet. Det er no fem år sidan starten på reformarbeidet, og rundt 800 sjølvsten-dige museum er redusert til drygt 100 konsoliderte einingar. Museumsreforma skal, ved omstrukture-ring og økonomisk stimulans, leggje grunnlaget for berekraftige fagmiljø som inngår i nasjonale nett-verk. Samstundes er det eit mål at dei konsolider-te einingane skal vidareføra og styrkja det lokale engasjementet og den lokale deltakinga i kulturvernet.

Dei nasjonale målsettingane er vidareført i Fylkesdel-plan for museum 2003-2008, der målsettingane ved sidan av ny struktur er knytt til musea som samfunns-aktørar, som samfunnsminne og som møtestader.

Museumsreforma er skildra som den største foren-klings- og moderniseringsprosessen under Kultur- og kyrkjedepartementet sitt ansvarsområde. Og det har vore ein krevjande prosess lokalt. Hardanger og Voss museum er blant dei musea som har vore gjennom store endringar, også i 2007. Frå og med 2008 legg ein imidlertid til grunn at museet sitt omfang er av-klara, både når det gjeld institusjonar og geografisk område, og at arbeidet med fagleg utvikling igjen kan gjevast prioritet.

Styret handsama i 2007 41 saker i 5 møte. Lars Djupevåg har vore leiar av styret, Kjellaug Holm nest-leiar. Som konsekvens av konsolideringa med Voss

folkemuseum vedtok styret at Hardangerrådet sin styrerepresentant skulle vika plass for ny styre-medlem frå Voss folkemuseum.

Hardanger og Voss museum sitt råd har 16 medlem-mer. Føremålet med rådet er å sikra lokal forankring, fagleg breidde, god kommunikasjon og informa-sjonsutveksling mellom det konsoliderte museet, dei einskilde museumsstyra og kommunane i Hardanger

og Voss. Det er helde eit rådsmøte i meldingsåret, der rådet m.a. fekk ein presentasjon av formidlings-opplegget for skulane i regionen og handsama årsmelding og rekneskap.

1.0 HARDANGER OG VOSS MUSEUM, FELLES

1.1 INNLEIING

1.2 STYRET OG RÅDET, HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Styret Hardanger og Voss museum

Styremedlem Varamedlem Oppnevnt av

Lars R. Djupevåg, leiar Astrid Selsvold Kvam herad

Kjellaug Holm, nestleiar Magnar Lussand Hordaland fylkeskommune

Jon Steinar Skeie Kari Vambheim Hardanger folkemuseum

Torbjørn Kaarbø Klaus Rasmussen Hardanger fartøyvernsenter

Torleiv Ljones Borghild Storaas Ones Hardanger fartøyvernsenter

Jan Gunnar Strand Astrid Dale Vindal Agatunet/Granvin bygdem.

Solfrid Borge Hilde Gjester Hoel Hardangerrådet

Mai M. Aksnes Peter H. Hansen, 1. vara Dei tilsette

Alf Storaas Elizabeth Gjessing, 2. vara Dei tilsette

Anne Lise B. Eriksen, 1. ekstra Dei tilsette

Heidi Richardson, 2. ekstra Dei tilsette

Rådet, Hardanger og Voss museum

Rådsmedlem: Varamedlem Oppnevnt av

Sigmund Olsnes, leiar Oddvar Brakestad Hordaland fylkeskommune

Olav Seim, nestleiar Jan Ivar Rødland Granvin herad

Ola B. Hereid Knut Johan Medhus Eidfjord kommune

Toralv Mikkelsen Hilde Gjester Hoel Odda kommune

Jon Olav Heggseth Bjørn Inge Aarsand Ulvik herad

Solfrid Borge Kjetil Kvalvik Ullensvang herad

John Skogseth Sigrid Brattabø Handegard Jondal kommune

Astrid Selsvold Lars Djupevåg Kvam herad

Lars Brekke Svein Medås Granvin Bygdemuseum

Sjur K. Jaastad Margrethe Langfeldt Hardanger Folkemuseum

Martha Rykkje Inger Lægreid Hardanger Folkemuseum

Martin Vik Vara ikkje oppnemnt Ingebrigt Vik Museum

Arne Julsrud Berg Signe Aarhus Hardanger fartøyvernsenter

Victor Normann Ågot Valle Hardanger fartøyvernsenter

Erling Aga Vally Karlstrøm Agatunet

Dagfinn Vik Vara ikkje oppnemnt Kvam bygdemuseum

8 9

Aktiviteten i Hardanger og Voss museum var også i 2007 prega av konsolidering. Særleg to saker var gjengangarar for styre og administrasjon; konsolide-ring med Voss folkemuseum og utjamning av løns- og arbeidsforhold. Det siste har vore knytt til utjamning av pausetider. Tingingane med Voss folkemuseum har vore krevjande men kostruktive, og Voss folke-museum går frå 1. januar 2008 inn i konsolideringa på lik line med dei øvrige institusjonane. I septem-ber endra museet namn frå Hardanger museum til Hardanger og Voss museum.

Styret legg no til grunn at museet har funne si ende-lege form, og arbeidet med å utvikla ein felles grafisk profil (logo) og nettsider har no prioritet. Det er også sett i gang ein prosess for utvikla felles strategiar for det nye museet.

Styret er oppteken av å vidareutvikla museet og skapa ny aktivitet, og har initiert prosjekta Norsk jord-

skiftesenter i tilknyting til Agatunet, som har hatt god utvikling i meldingsåret, og ’Over bekken’, som har som føremål å få til ei større utviding av Hardanger fartøyvernsenter. Første byggjesteg på utvidinga av administrasjonsbygget på Hardanger folkemuseum kom godt i gang, og ein har teke viktige steg mot å få MF Folgefonn heim att til Hardanger.

Det er eit mål at museumsverksenda har eit solid ankerfeste i forsking. Styret har vedteke at Hardanger og Voss museum skal gjennomføra eit samtidsdokumentasjonsprosjekt på dei store endringane i samferdslemønsteret i regionen, først og fremst knytt til Hardangerbrua. Heimføringa av MF Folgefonn ser ein for seg vil vera sentral i dette prosjektet, både som historisk dokumentasjon og ein arena for formidling.

Hardanger og Voss museum har som ambisjon å fram-stå som ein profesjonell arbeidsgjevar. Styret vedtok i 2007 og oppretta stilling som personalkonsulent. Denne vart finansiert med fellesmidlar og over HFS sitt budsjett og har kontorstad HFS. Alle tilsette har medlemsskap i Ytre Hardanger bedriftshelseteneste. Arbeidet med å etablera eit sams arbeidsmiljøutval for det nye stormuseet starta i 2007.

Lokale lønsforhandlingar vart for andre år gjennom-ført felles for alle tilsette. Det vart oppnådd protokoll lokalt med alle organisasjonane. Det vart også semje i spørsmålet om fordeling av lokal løns-pott for Har-danger fartøyvernsenter og lønsutjamning for Har-danger museum, men særleg spørsmålet om utjam-

ning av pausetider var ei utfordring å få på plass.

Sjukefråværet ved fartøyvernsenteret i 2007 var på 5,5 %, mot 8,5 % året før. Ved Hardanger folkemu-seum og Agatunet var det 2,7%. Om lag 1/3 av dei tilsette er kvinner, særleg handverkarfaga er manns-dominerte.

Hardanger og Voss museum har framleis ei stor opp-gåve i å utarbeida ein sams personalpolitikk for verk-semda. Spreiing på ulike fagområde og over eit stort geografisk område gjer dette til ei særleg utfordring. Ein meiner likevel å ha kome eit stykke på veg i mel-dingsåret, og er innstilt på også i fortsettinga å gje dette arbeidet prioritet.

Hausten 2006 tok museet i bruk nytt rekneskaps-system av typen ”Navision”, drifta av Kvam Rekne-skapskontor. Det har teke uventa lang tid å tilpasse dette systemet våre behov og heller ikkje i 2007 har me kunna nytta dette systemet fullgodt.

Rekneskapen for 2007 gjekk samla med 665 944 kr i underskot. Hovudårsaka er at ungdomsavdeling ved HFS gjekk med eit underskot, sjå avsnittet om HFS. Kabuso sin rekneskap synte eit overskot på om lag 320 000 kr, først og fremst som følgje av disposi-sjonsfond på kr 289 000 vart inntektsført i samband med overføringa av Kabuso frå fylkeskommunen 1.5.

Underskot skal i utgangspunktet dekkast gjennom overføringar frå fri eigenkapital eller over driftsbud-sjettet for komande år. Hardanger og Voss museum sin driftsmodell, der drifsansvar og driftsmiddel er overført til HVM medan eigedomar og gjenstandar m.m. tilhøyrer eigarstyra, gjer at opptent eigen- kapital ’ligg att’ i eigarstiftinga. Dette får som konsekvens at HVM ikkje har ein eigenkapital som gjer stiftinga i stand til å handtera eit underskot i den

storleik det her er tale om. I.o.m. at eigarstyret ikkje har særleg likviditet var det heller ikkje aktuelt å over-føra kapital frå Stiftinga Hardanger fartøyvernsenter til Stiftinga Hardanger og Voss museum (dette kunne eventuelt vore handtert som eit lån). Underskotet må difor dekkast over drifta, og departementet har god-kjent inndekking over inntil tre år.

Balansen syner at museet har ein negativ eigenkapital på -404 483 kr.

Det er gjennomført pro et contra oppgjer mellom det konsoliderte museet og eigarstyra. Driftsmiddel vert overført Hardanger og Voss museum vederlags-fritt. Hardanger og Voss museum skal dekka gjelda til eigarstyra, mot å disponera dei pantsette objekta. Eigedom og museumsgjenstandar er i eigarstyra sitt eige. Styret stadfestar fortsatt drift ved museet.

1.3 AKTIVITETEN I MELDINGSÅRET

1.4 PERSONALE, HMT

1.5 ØKONOMI

10 11

Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er eit nasjonalt senter for fartøyvern, med drift av museumsfartøy og eit spesialmuseum for båt- og fartøykulturen som sentrale oppgåver. Hardanger Fartøyvernsenter skal

driva sosialpedagogisk arbeid tufta på båt- og fartøytradisjonane, retta i hovudsak mot vanskeleg-stilt ungdom.

HFS sitt anlegg er gradvis utbygd sidan starten i 1984. Reguleringsplanen for Norheimsund Vest gir HFS moglegheit til å ta i bruk eit nytt stort utviklingsareal på ICA-tomta. Dette har ført til etablering av eit for-prosjekt kalla ”Over bekken” som skal greia ut vidare utvikling på det regulerte området. Kvam herad og Hardangerrådet gav til saman kr 150 000 i støtte til

prosjektet som for alvor kjem i gang i 2008. Kvam Herad har innløyst eit areal frå ein av naboane på om lag 250 m2 som vil bli stilt til HFS sin disposisjon. Området skal nyttast til oppstillingsplass for konteinarar etc. Det blir jobba med finansiering av tiltaket som vonleg vil bli gjennomført vinteren 2008.

Fartøyvernarbeidet er spesialisert mot istandsetting av tre- og stålfartøy som Riksantikvaren har gitt status som verneverdige skip. Fartøyeigarane er som regel stiftingar eller museum, finansieringa er normalt basert på stønad frå Riksantikvaren, heilt el-ler delvis. Effektivitet, godt handverk med høgt antikvarisk nivå og god økonomistyring er førande for oppdraga HFS tek på seg, noko som har gitt senteret eit godt omdøme.

Aktivitetsnivået på avdelinga har vore jamn og god gjennom heile året, med 16 større og mindre opp-drag på fartøy. Dei fleste oppdraga har vore utført på fartøy som har kome til senteret i Norheimsund, det har vore færre oppdrag andre stadar i landet, noko som også er ei ønska utvikling.

Av utførte oppdrag kan nemnast D/S ”Hestmanden”, M/Y Tysso , M/S Bilfergen, D/S Stord, D/S Børøy-sund, Brørvikskuto, seglgaleas Svanhild, M/S Atløy og M/B Svalis. Hardanger Fartøyvernsenter takkar alle fartøyeigarar for oppdrag og samarbeid i 2007.

Fagopplæring er ein sentral del av arbeidet på far-tøyvernavdelinga. I 2007 hadde avdelinga inntil fire lærlingar. Ein lærling gjennomførde fagprøve i 2007. Det er bra interesse for læreplassane, særleg frå utan-landske kandidatar. Utan eit offentleg skuletilbod ligg det eit ekstra stort opplæringsansvar på verksem-dene, det er von om at ny båtbyggjarline kan komma på plass frå hausten 2008.

Samarbeidet med dei andre to fartøyvernsentra er formalisert i Fartøyernsentrenes fellesråd. Rådet har som mål å utvikla og heva det faglege nivået på far-tøyvernet i Noreg. Rådsarbeidet er formalisert ved å etablere ein ambulerande funksjon som rådsleiar. I 2007/2008 er dagleg leiar ved Hardanger Fartøyvern-senter Geir Madsen rådsleiar. I 2007 har rådet hatt tre møter, mykje tid er brukt på å førebu og gjen-nomføra politisk arbeid for å betra rammevilkåra til dei tre nasjonale fartøyvernsentra. Andre arbeidsfelt er felles tiltak for kompetanseheving, utøving av fellestenester og formidlingsarbeid.

Dei to fartøyvernkonsulentstillingane er finansiert av Riksantikvaren for å utføra fellestenester. Dette skal medverka til at sentra kan fungera som kompetan-sesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy, inkludert arbeid knytt til dokumentasjon, forsking, fagleg rådgjeving m.m. Storparten av desse tenestene blir utført av konsulentane, men også verftsformann, basar og båtbyggjarar gjer arbeid på dette feltet. HFS utfører og konsulentoppdrag, og konsulentane følgjer opp fartøyprosjekta med dokumentasjon og rapportproduksjon. Fagmagasinet ”Fartøyvern” vart i 2007 gitt ut med fartøyvernkonsulent Karsten Mæhl som redaktør.

Fjordabåtseminaret i 2007 valde å fokusere på vedli-kehald av trefartøy, med fokus på maling og overfla-tehandsaming. Kravellprosjektet kom nesten i mål i 2007, all tekst er klar og det er avtale om bok- utgiving i samarbeid med Norsk Sjøfartsmuseum i 2008. I 2007 sette HFS i gang med ei intern kursrek-ke, ei vidareutdanning i antikvarisk arbeid for hand-verkarane. Målet er å få eit fagleg løft, introdusere fartøyvernfaget for nye handverkarar og formalisere fagopplegget.

2.0 HARDANGER FARTØYVERNSENTER

2.1 BYGG OG ANLEGG

2.2 FARTØYVERN

12 13

I 2007 har ungdomsavdelinga gjennomført anbods-rundar med Barne- og Familieetaten region vest og med Barne- og Familiedirektoratet. Hardanger Fartøyvernsenter vert rekna som ein privat barne-vernsinstitusjon og må difor gjennomføra anbods-rundar for å få avtalar med barnevernet om plasse-ring av ungdom. Begge anbodsrundane førte til kon-traktar for alle tiltaksplassane, men med den risikoen at det ikkje blir betalt for ubrukte plassar.

I forhandlingsperioden var det stillstand i plasseringa av ungdom, samstundes som nokre av ungdommane i tiltaket vårt slutta. Dette førte til eit stort underskot for ungdomsavdelinga og HFS i 2007, og ein vurderte permittering av medarbeidarar. Situasjonen betra seg mot slutten av året ved at nye ungdommar blei plas-sert i tiltaket.

Personalstoda på avdelinga har vore krevjande dei siste åra. Mykje ekstravakter og behov for utlufting av ungdommar har bl.a. gjort det vanskeleg å følgje oppsett turnus. Permisjonar og medarbeidarar som sluttar har gitt oss utfordringar og mykje arbeid med rekruttering.

I mai tok avdelingsleiar Olav Bolstad initiativ til leiarskifte som førte til at han og nestleiar Terje Langeland bytta stillingar frå 1. september. To in-struktørar ved ELO (dagtilbodet) sa opp stillingane sine, noko som har gitt utfordringar i høve kontinui-teten og kvaliteten på ELO. Gjennom året har tre buttiltak slutta og det er inngått avtalar med to nye.

Avdelinga har hatt ei ungdomsgruppe med mange ut-fordringar og problem. Me har diverre sett oss nøydt til å sei opp plasseringar for to ungdommar på grunn av fysisk utagering og uønska åtferd. Trenden med meir kompleks og større problematikk for ungdom-mar som vert plassert i institusjon av barnevernet i Noreg ser ut til å vedvara.

Det har vore mange og ulike utfordringar for avdelinga i 2007. Ein har likevel klart å ha eit godt og sterkt fokus på ungdommane, som har hatt eit kvalitativt og innhaldsrikt tilbod. Som høgdepunkt kan nemnast tur til Shetland med Vikingen og tokt med Mathilde frå Rørvik til Ålesund i august. Pers-onalet har strekt seg langt og gjort stor innsats for at ungdommane i tiltaket skal ha positiv vekst og ut-vikling.

I tillegg til dei meir tradisjonelle museumsoppgåvene har museumsavdelinga på HFS ei omfattande verk-semd med drift av verneverdige fartøy, maritim leir-skule og handverksaktivitet knytt til produksjon av klinkbygde båtar og reipslaging. HFS hadde 13 616 besøkande i 2007, som er om lag som i 2006. I 2007 utvida ein opningstida ved å starte sommar-sesongen i mai, fire veker tidlegare enn vi har gjort før. Opningsarrangement blei kombinert med eit nasjonalt smedtreff der det blei vist mykje spanande smedaktivitet for store og små. I kafeen var det ei fotokunstutstilling med Ingrid Jordal, på reiparbana ei vandreutstilling med kystkulturelle tekster frå Ivar Åsen senteret og ei sjølvprodusert spikke-inspira-sjonsutstilling.

HFS er eit levande museum der gjestene får sjå ut-føring av fleire maritime handverk i verkstadar og på båtane. I sesongen vert det engasjert flinke student-ar til å utføre mykje av det praktiske arbeidet rundt publikumsaktiviteten. HFS si museumsamling er i hovudsak knytt til dei fire verneverdige fartøya og til ivaretaking av handverkskunnskap. Målet er å verne fartøya gjennom aktiv drift og formidling. Ut over dette har HFS berre ei lita gjenstandsamling. Fokuset er ikkje på materielle samlingar men på innsamling og vidareføring av immateriell kunnskap. Gjennom utøving av verneverdige handverk vert kunnskap halden i hevd.

HFS var også sist år aktiv som del av Kvam Herad sin kulturelle skulesekk. Ein gjennomførte undervis-ningsprogram med tema reipslagning for 8. klasse, forming i tre (spikking) for 2. klasse, roing med tradi-sjonelle robåtar for 6. klasse, og fartøyvernarbeid for 10. klasse. Gjennom året gjennomføre avdelinga i til-legg fleire arrangement retta mot born og unge.

Segljakta Mathilde gjennomførte også i 2007 åtte veker museumstokt, finansiert av Hordaland fylkes-kommune, der båten blir nytta til ulike kulturarran-gement. Vårsesongen vart det gjennomført eit pro-gram i Norhordaland med fylkesmusikkarane. Haust-programmet var knytt til vandreutstillinga frå Ivar Aasen tunet og eit sjølvutvikla skriveinspirasjonstokt for skulane i Hardanger. Dette vart utvikla og gjen-nomført i samarbeid med Hardanger Folkemuseum.

Hardanger Maritime Leirskule er eit samarbeid med Kvam herad knytt til segljakta Mathilde. Også dette året var alle dei 12 toktvekene selde og me kunne observera glade og kunnskapsrike skuleungar som gjekk i land etter fem døger til sjøs. Sommarsesongen til Mathilde blir seld til opne vekestokt for grupper og/eller einskildpersonar. Salet av slike tokt er krev-jande men årets tokt til Lofoten var populære og belegget godt. M/Y Faun har vist seg å vera vanskeleg å selja som turbåt, og har for det meste lagt til utstilling. Dette kan skyldast at båten berre har sertifikat for 12 pas-sasjerar og kan bli litt ”eksklusiv” med innleidd skip-per. M/K Vikingen er ”ungdomsavdelinga sin” båt, dei ser til båten og brukar den på nokre sommartur-ar, mellom anna til Shetland i 2007.

Småbåt har hatt god aktivitet og omsetnad. Verk-staden deltok saman med reipslagarverkstaden på båtmessa Sjøen for alle i Oslo. I 2007 starta vi opp eit dokumentasjonsprosjekt knytt til båtbyggjarkunn-skap i fjorden. Prosjektet er delfinansiert av Hardanger og Voss museum sine fellesmidlar og har resultert i eit stort intervju, foto og film materiale i tillegg til den overførte handlingsborne kunnskapen som berre kan overføres gjennom praksisbasert erfaring.

Reipslageriet har hatt eit spesielt år då reipslagaren har vore i svangerskapspermisjon store deler av året. Ved hjelp av vikar og lærlingen sin aktivitet har ein likevel klart å levere tau til faste kundar. På haus-ten gjennomførte vi eit dokumentasjonsprosjekt på ei reiparbane i Kristiansund i samarbeid med Norsk Handverksutvikling. Dokumentasjonen var knytt til utdrivarteknologi, og har gitt oss mange tankar om vidare utvikling av vår eigen reiparbane. Reipslagaren vår deltok også på Kystens Landsstemne og Risør trebåtfestival.

Hausten 2007 var HFS vertskap for eit nasjonalt semi-nar med tema formilding gjennom handling i regi av Noregs Museumsforbund sin seksjon for formidling. I 2007 utarbeidet HFS i samarbeid mec kollegaer i Hardanger og Voss museum, eit samtidsdokumenta-sjonsprosjekt knytt til bygginga av Hardangerbrua.

2.3 UNGDOMSAVDELINGA 2.4 MUSEUMSAVDELINGA

14 15

Hardanger folkemuseum har, for utan utstillings- og administrasjonsbygget, museumstuna på Utne, Bu og Skredhaugen, i tillegg til skifabrikk og bustadhus på

Utne. Ca 7 500 besøkte muset i 2007, av desse 448 skulelevar på undervisningsopplegg. Billettintektene auka med kr 50 000 i 2007, til kr 230 000.

Samlingane tel kring 23 000 gjenstandar, 21 000 foto, fagbibliotek, privatarkiv og folkemusikkarkiv med over 8000 folkemusikkopptak. Store deler av samlingane står permanent i museumstuna. Registrering pågår kontinuerleg. Det har vore gjort førebuingar for å konvertera registreringane til Primus-programmet og samordna samlingsforvalt-inga i Hardanger og Voss Museum.

Fleire undervisningsopplegg er gjennomført innanfor den kulturelle skulesekken. Eit opplegg på arkitektur og byggeskikk i Hardanger fram til ca 1900 er utar-beidd i Agatunet på førespurnad frå Odda kommune. Eit undervisningsopplegg om mellomalderen er gjen-nomført på Hardanger folkemuseum. I samarbeid med Hardanger folkemusikksamling er det utarbeidd eit undervisningsopplegg om hardingfela. I tillegg er det gjennomført mindre opplegg kring Ingunn van Etten si utstilling og Hardangerutstillinga.

Innanfor den kulturelle skulesekken var det og gjen-nomført Litteraturtokt og skriveverkstad med SJ Mathilde. Toktet vart eit tilbod frå det nyskipa Har-danger museum til Den kulturelle skulesekken og tok utgangspunkt i den litterære utstillinga ”Songen om Kysten”. Elles har fleire utdanningsinstitusjonar vitja museet. Hardanger folkehøgskule har fast vitjing ved skulestart, og Folkekunstakademiet i Rauland vitja museet med ulike temagrupper og brukar gjenstands-materiale frå museet i oppgåver. Geografisk institutt ved UiB vitjar museet under sin årlege Hardanger-ekskursjon.

Museet har hatt ei rekkje arrangement i 2007. På Poesidagen 26. august vart det lagt ned ei dikttavle med dikt av Kolbein Falkeid i diktarstien i museums-tunet.

Den faste folkemusikk-utstillinga var i 2007 ny- oppussa og utvida. Ny utstilling Hardangerbunaden, Frå fortidas folkedrakt til bunaden i dag opna i april med foredrag av Bjørn Sverre Hol Haugen, bunads-parade og demonstrasjon av skautafelling, metall-kniplingar og fletting av sokkeband.

Museumstuna på Utne, Skredhaugen og Bu har byg-ningar frå 1200-talet og fram til 1900. Husa syner innreiing og husbunad slik det var vanleg på gardane gjennom mellomalderen og framover til 1900-talet. Her vert formidla byggeskikk, handverk, materialbruk og dei ulike sidene ved livet i Hardanger både i kvardag og fest.

Det vart gjennomført følgjande utstillingar i 2007:

• IngunnvanEtten,salsutstillingmedmåleriog skulptur, med avduking av skulptur på kaien på Utne.• Hardangerutstillinga2007.Salsutstillingmed Oddvar Torsheim, Ingun Redalen White, Kjersti Lund og Ylve Thon Knutsen 30.juni- 31.august • UtstillingaTRESKURDiNilsastova,Skredhaugen.

Administrasjonsbygget på Utne med kontor, verk-stad, utstillingssal og konsersal er reist som to byg-ningar i to periodar, omkring 1974 og 1984. Taket over eldste del har hatt lekkasje i fleire år, og det har ikkje blitt løyva midlar til å reparera dette. I 2005 vart det laga ei skisse på eit takoppbygg som ville føra til auka areal samtidig som me fekk taklekkasjen repa-rert. Museet fekk nok tilskot til dette til at me kunne gå i gang med arbeidet, med den føresetnad at mu-seet si bygningavdeling med handverkarar og arkitekt tilførte stor eigeninnsats. Bygningsvernkon-sulent Anne Lise Brask Eriksen har laga utbyggings-plan og har teikna takprosjektet, føreteke bereknin-gar og utarbeida kostnadsoverslag. Arbeidet starta i november, museet sine handverkarar har vore med på arbeidet saman med Håkon Kvestad sine folk. Første bolk er å få tett tak. Dette arbeidet må ut-førast i vinterhalvåret sidan tilkomst gjennom tunet må vera stengt når arbeid på taket vert gjennomført. Arbeidet med å få tett tak starta i november og skal vera ferdig mars 2008. I 2007 løyvde Hordaland fylkeskommune 150.000 til heis i samband med det nye takoppbygget. Fylkeskommunen samarbeider med Hardanger folkemuseum om eit pilotprosjekt ved museet om universell utforming.

Museet har ei stilling som bygningsvernkonsulent i samarbeid med fylkeskommunen. Ordninga gir mu-seet eit regionalt rådgjevingsansvar i bygningsvern-saker. Museet yter rettleiingstenester m.a. i samband med restaurering og vedlikehald av bygningar og ved utarbeiding av søknadar. I nokre tilfelle har heile byg-ningsavdelinga delteke i oppdrag i regionen. Sidan 2004 har bygningsvernkonsulentane i Hordaland undersøkt tilstanden på freda hus i fylket, eit arbeid som no er i sluttfasen. Det er elles laga rapportar på

diverse bygg i Hardanger, og fagleg og administrativt samarbeid med Herand Sag.

Museet har delteke både i fylkesdekkande og nasjo-nale nettverk, på temasamlingar, kurs og dokumen-tasjonsprosjekt. Det er etablert fylkesdekkande nett-verk for museumsformidlarane og for bygningsvern. Nasjonalt er museet med i nettverk for bygnings-handverk og for musikk og instrumentsamlingar.

Deler av tunet vart av sikkerheitsgrunnar avsperra på vårparten 2007. Det fall ned ei helle frå Jakobstova, og det var uvisst korleis tilstanden var på ein del andre helletak. Det er utført naudsynt vedlikehaldsar-beid på nordre del av Ådnesløo. Tilbygget på nedsida er sikra mot sig, deler av konstruksjonane utskifta og helletaket vart teke av og lagt oppatt. Nordre del av taket på løa er gått over, helletaket er sikra og frisk-meldt. Arbeidet er av Agatunet sin handverkar saman med handverkarane frå Hardanger folkemuseum

etter prinsippet om prosessuell restaurering. Arbeidet vart utført. Det har og vore utført mindre arbeid og vedlikehald på fleire av bygningane, og det har vore ein del planlegging i samband med vedlike-hald og det føreståande brannsikringsarbeidet. Det vart kjøpt inn nytt 80m2 stålstillas og 50 m brann-slange.

Tunet var ope 12. mai-19. august, opningstida var dagleg kl 11-17 med omvising kvar heile time. Elles ope etter avtale. Det vart i samband med opning av tunet opna kunstutstilling med Siri Kaland, Kjell Pahr-Iversen, Cecilie Sveeum og Barbro Raen Tom-masen. 2. juni opna det utstilling med foto av Elisa-beth Emmerhoff.

Av konsertar hadde me blant anna tre konsertar i samband med Hardanger Musikkfest. Konserten med Andrea Rice kunne solgt to fulle hus. Det var og ein

konsert med songaren Kim Andre Rysstad og Rann-veig Djønne på toradar. Ved begge dei to sistnemnde konsertane hadde tunet open kafe med skjenkeløyve. 2 juni var det gudsteneste i Agatunet med to barne-dåpar.

3.0 HARDANGER FOLKEMUSEUM

3.1 SAMLINGSFORVALTNING, UNDERVISNING OG FORMIDLING

3.2 KULTURMINNEVERN OG -SAMARBEID

4.0 AGATUNET

4.1 OPNINGSTIDER, UTSTILLINGAR OG ARRANGEMENT

16 17

Det var i 2007 5 477 besøkjande, mot 6 722 i 2006. Nedgangen er ikkje så dramatisk som den kan sjå ut til. I 2006 hadde Agatunet store arrangement fyrste halvår med opp mot 200 gjester. Det at pinsen i 2006 kom i juni og var svært godt ver og besøk, spelar og inn. Tala viser likevel at det er trong for å styrka marknadsinnsatsen.

Ein del av besøket var barnehagar, skular, studentgrupper og forskarar. Tunet har og vore brukt til spesielle private arrangement og det har vore journalistvitjingar. Kunstutstillingane stengde samstundes med sommarsesongen. Avslutningsdagen vart kombinert med aktivitetsdag saman med Folgefonn Husflidslag.

Kabuso er Hordaland fylkeskommune sin tusenårs-stad. Tusenårsstaden skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute.

Besøkstalet i 2007 var 12465, der 5603 løyste billett. Born og konsertpublikum går gratis. Det er ein liten nedgang i besøket frå året før, men på grunn av opp-graderingsarbeid på bygget hadde me i 2007 vel ein månad kortare opningstid enn i 2006.

Det vart arrangert 42 konsertar m.m, mellom anna matinékonsertar i sommarmånadene i samarbeid med Edvard Grieg Museum Troldhaugen og kakao-konsertar i samarbeid med kulturskulane i Horda-land. Konsertsalen har og vore leigd ut for konsertar, konferansar og liknande.

Det vart produsert tre kunstutstillingar: Mons Breid-vik - Speglingar (i samarbeid med Bergen Kunstmu-seum), Damien Hirst – Livet, døden og kjærleiken (i samarbeid med Astrup Fearnley Museet for Moder-ne Kunst), Tina Modotti & Edward Weston - Mexico (i samarbeid med Hordaland Internasjonale Fylkes-galleri 3,14). I tillegg var det tre prosjektutstillingar i foajeen: Silje Solvi – Foto og video, Christine Hoem – Vovne bilete, Kurt Johannesen – Fyrste minne.

Ved alle utstillingar vert det lagt vekt på å tilby om-vising. Å kommunisera utstillingane godt prøver ein å gjera til eit varemerke for Kabuso. Kabuso står og for omvisingar i Ingebrigt Vik Museum. Det meste av året har me vist filmen ”Han skapte liv” om Ingebrigt Vik i konsertsalen.

Formidling mot skular og barnehagar er ei hovudsat-sing for Kabuso. Det er særleg born og unge frå Kvam som nyttar seg av tilbodet, men her har også vore besøk frå skular i andre delar av Hordaland. Det har og vore fleire grupper frå Kunsthøgskulen i Bergen.

Heimesidene er den viktigaste marknadsføringskana-len til Kabuso, saman med jungeltelegrafen og annonsering i aviser og tidsskrift. Det er lagt ned rela-tivt mykje ressursar i marknadsføring. Av økonomiske årsaker er likevel fleire arrangement berre annonsert i lokalavisa. Institusjonen har hatt bra gjennomslag i media, men har erfart at det må jobbast knallhardt for å få dekning i media utanfor Hardanger.

Mannskapssituasjonen har vore noko skiftande i 2006. Fagleg leiar har hatt permisjon frå si stilling frå juni, og denne jobben har blitt fordelt på tre personar. Vinteren 2006 gjennomførte staben ein studietur til Edvard Grieg Museum Troldhaugen, Bergen Kunstmuseum og Haugesund Billedgalleri.

Det økonomiske handlingsrommet er knapt. Det har vore naudsynt å finansiera noko av det som skal vera vanleg drift med prosjektstøtte. Kabuso har hatt mindre midlar å driva for i 2007 enn året før, sidan me då hadde med oss ubrukte midlar frå tidlegare år. Budsjettet til fagleg arbeid er også redusert som føl-gje av at Kabuso på line med dei andre institusjonane i Hardanger og Voss museum har måtta bidra med ressursar til administrasjon.

I januar og februar vart det utført ei rekkje betrings-tiltak i bygget, særleg knytt til lydforhold. Det har i løpet av året også vore mange rundar på det tekniske anlegget, som har vist seg vanskeleg å få til å fungera optimalt. Det er inngått ein driftsavtale med Kantek AS om vedlikehald/ettersyn av det tekniske anlegget. Parken mellom Kabuso og Ingebrigt Vik Museum vart ferdigstilt våren 2007, og offisielt opna av fylkesord-føraren 3. september.

”NORSK JORDSKIFTESENTER” skal vere eit nasjo-nalt kompetansesenter for eigedomsrelatert kunn-skap og formidling av dette til grupper med interesser forankra i eigedom og eigedomsutforming. Senteret skal vere eit serviceorgan og ha som primær oppgåve å formidle slik kunnskap som har aktualitet og nytte for dei som deltek i den samfunnmessige forvaltinga av eigedomsverdiar i brei forstand.

Senteret siktar seg mot alle med eigedomsrelaterte interesser knytt til si yrkes- og profesjonsutøving. Som serviceorgan for desse gruppene skal NJS tilby kurs-, seminar- og konferansetenester på regulær basis.

Konkret har prosjektarbeidet vore konsentrert på desse områda:• Inngåttintensjonsavtaleomovertakingav bygning: Arbeidet med oppteikning og –måling av bygning og areal starta tidleg i 2008, og takstmann er engasjert for å fastsetje verdi. Arbeidet vert fylgd opp med arkitektoniske løysningar, og strategi for innløysing, investeringar og finansiering.

• Dokumentasjonsarbeid: Prosjektet har engasjert M. Langnes for å dokumentere og illustrera jordskiftehistoria for Hardanger. Han skal produ- sera eit bokverk om norsk jordskiftehistorie, og avtalen inneber at Hardanger og Agagarden får ein sentral plass der. Bokverket skal vere ferdig

hausten 2009, og ein eigen Hardangerrapport kjem hausten 2008. Dette arbeidet vert eit viktig fagleg fundament for NJS.

• Etableringavsamlingaromjordskifteog eigedomsforvaltning: Tiltaket er i ein kartlegg- ingsfase, og prosjektet er i kontakt med ulike inst- ansar med tanke på å samle inn gjenstandar som har interesse for ein slik tematisk utstilling/ samling. Arkiv og bibliotek under planlegging.

• Opprettingavrelasjonartilpotensielle samarbeidspartnarar/brukarar: Siktmål er å orientere mål og innhald mot desse sine behov, og å sikre senteret ein stabil og solid brukarportefølje.

Det er gjort viktig arbeid med å definera mål og inn-hald i prosjektet. Utfordringa frametter vert å spesi-fisera ein strategi for å sikre driftssida. NJS bør som minimum ha ein stab på fire-fem tilsette, og dette vil krevje eit omfattande driftsøkonomisk grunnlag.

Samla disponerar prosjektet 1.142.500 kr. i tilskot. Innan 01.03.08 er det brukt ca. 479.000 kr. Av dei attverande 666.500 er 104.000 kr bundne opp til godtgjersle for jordskiftehistoria når denne er ferdig. Dei største utgiftene er løn, kjøp av tenester (jord-skiftehistoria) og programvare og –kurs (arkitektpro-gram).

4.2 BESØKSTAL 5.0 KUNSTHUSET KABUSO

4.3 NORSK JORDSKIFTESENTER

18 19

Desse institusjonane er i Kvam herad sitt eige og er styrt av museumsavdelinga i heradet. Forholdet mel-lom Hardanger og Voss museum og Kvam herad er så langt ikkje avklara. Hardanger og Voss museum har overteke driftsansvaret for institusjonane, men Kvam herad disponerer fortsatt budsjett for drift og vedli-kehald og har arbeidsgjevaransvar for den kommuna-

le museumsstyraren. Det skal etter samarbeidsavtala mellom Kvam herad og Hardanger og Voss museum utarbeidast ei særavtale gjeldande arbeidsgjevartil-høvet for museumsstyrar, men denne er så langt ikkje komen på plass. Styret ser det som viktig at ei avkla-ring av ansvarsforholdet mellom heradet og museet snarast kjem på plass.

Hardanger og Voss museum inngjekk i 2007 avtale med Granvin herad om drifta av bygdetunet i Granvin. Denne legg i store trekk opp til å vidare-føra drifta av museet som i dag, i kommunal regi. Avtala legg vekt på heradet sitt ønske om fortsatt å ha hand om drifta. Det aktive venelaget ønska for sitt arbeid også i fortsettinga å forholda seg til hera-det. Museumsfagleg standard skal tryggast gjennom årlege tilsyn av bygningar m.m. Det skal utarbeidast ein drifts- og vedlikehaldsplan for tunet.

Venelaget Bygdatunets Vener står for mykje av det praktiske arbeidet i bygdatunet, dvs. vedlikehald av bygningar og anna førefallande arbeid. Dei arran-gerer dugnader med rydding i tunet, hjelper til med oppvarming og låsing ved alle typar arrangement. Museet er ope med omvisar 4 dagar i veka frå midten av juni til slutten av august. Det var ettermiddags-veitler kvar torsdag i juli månad med aktivitetar og underhaldning for store og små. Lag og organisasjo-nar i bygda sto for sal av kaffi og vafler. Inntektene har gått til Bygdatunets Vener, som nyttar midlane til vedlikehald av bygningar o.a. I 2007 har det vore ein liten ettermiddagskonsert torsdaga i juli månad, m.a. med elevar frå kulturskulen. Mange møtte opp for å høyre på konsertane, spesielt eldre folk. Det er fritt tilgjenge desse torsdagane.

I 2006 fekk Bygdatunets Vener tilskot på 100.000 til å flytta skulehuset som i si tid sto i Folkedal. Huset vart flytt inn i tunet i 2006 og i 2007 har det føre-gjenge arbeid med å leggja tak, måla huset utvendig, kobla til straum og innreie huset. Huset er no på det næraste attendeført slik det sto som skulehus i Fol-kedal. Granvin Fiskarlag har søkt om å få byggje ein kopi av det gamle klekkeriet på Nesheim, samt setje i stand kjerveita i elva like ved. Avtale mellom Granvin he-rad/Granvin bygdemuseum, Granvin Fiskarlag og Hardanger Museum er no på plass. Granvin herad har løyst inn areal, slik at arbeidet kan ta til. Granvin bygdemuseum har i år fått fleire store gåver. I november fekk Granvin bygdemuseum overta trekkspelsamlinga etter Arnvid Lillegraven. Samlinga inneheld om lag 50 trekkspel m.m og er ei av dei største i Norge. Inntill Museet kan stilla eigna lo-kale i Bygdatunet er samlinga lagra i eit lokale eigd av Granvin Næringsbygg AS. Granvin bygdemuseum har søkt om middlar til registrering/ katalogisering av samlinga som me vonar vil verta utført i løpet av 2008.

Ingebrigt Vik museum husar livsverket til bilethogga-ren Ingebrigt Vik, og er eitt av dei få reine skulptur-musea i landet. Den permanente utstillinga viser om lag 100 skulpturar i gips, bronse og marmor.

Lekkasjen i taket over nybygget har vist seg vanskeleg å tetta, noko som naturleg nok begrensar kva som er råd å framføra inne i salen. Utstillinga framstår ved

utgangen av 2007 ikkje som presentabel, arbeidet med å utbetra denne og det å få tett tak er ei hovud-oppgåve frametter.

Det er innført felles billett for Ingebrigt Vik museum og Kabuso. Det vart i 2007 seld 5133 billettar. Filmen om Ingebrigt Vik har blitt vist i salen på Kabuso.

Kvam bygdemuseum er eit friluftsmuseum skipa i 1912. Nokre av museet sine bygningar har vore flytta fleire gonger før dei midt på 1990-talet vart flytta til nedsida av vegen gjennom tunet på Storeteigen i Øystese. Lemstova og møbelverkstaden på Storetei-gen utgjer i dag òg ein del av museet. Kvam bygde-museum viser utvikling i byggeskikk i frå ca 1660 og fram til ca 1920.

I 2007 har museet vore ope for barnehagar og skule-klassar. Sjydnahaugen barnehage har hatt Store- teigen som sin ”base” vinteren igjennom. Til saman 195 ungar har vore innom museet. Samlinga etter Mons Breidvik er ein del av Kvam bygdemuseum, og store delar av samlinga er i løpet av året modernisert i form nye rammer på kunstverka. I tida mars-mai 2007 skipa museet i samarbeid med Kabuso ei utstil-

ling av Mons Breidvik sine verk.

Også Borgstova i Vikøy prestegard er ein del av Kvam bygdemuseum. Denne har vore open, her har ein hatt faste bakedagar kvar onsdag gjennom heile sommar-en, og 150 menneske har vore innom.

Hardanger og Voss museum saman med Kvam he-rad gjennomførte i oktober ei synfaring av bygnings-massen til Kvam bygdemuseum. Denne er i variabel stand. På Storeteigen er det eit visst behov for stell og ytre vedlikehald. Om Borgstova i Vikøy skriv byg-ningsvernkonsulenten i ein rapport frå mars at denne er i dårleg forfatning, med m.a. kraftig mitangrep og algevekst. Det er trong for større tiltak på bygningen.

6.0 INGEBRIGT VIK MUSEET, KVAM BYGDEMUSEUM 7.0 GRANVIN BYGDEMUSEUM

6.1 INGEBRIGT VIK MUSEUM

6.2 KVAM BYGDEMUSEUM

20 21

Note 2007 2006

Driftsinntekter og driftskostnadar

Eigeninntekter 20 366 671 -

Offentlege tilskot 19 821 544 1 566 240

40 188 215 1 566 240

Varekostnad 759 556 -

Lønnskostnad 2 24 919 588 794 007

Avskrivingar 3 158 298 -

Andre driftskostnader 14 797 948 712 605

40 635 390 1 506 612

Driftsresultat -447 175 59 628

Finansinntekter og finanskostnadar

Andre finansinntekter 70 694 1 833

Andre finanskostnadar -289 463 -

Resultat av finanspostar -218 769 1 833

Ordinært resultat -665 944 61 461

Årsresultat -665 944 61 461

Overføringar/disponeringar

Dekka av anna eigenkapital 61 461

Overført udekka tap 604 483

RESULTATREKNESKAP STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

Rek

nesk

ap H

arda

nger

og

Vos

s M

useu

m 2

007

Har

dang

erH

arda

nger

Kva

mV

oss

HV

M

Aga

tune

tG

ranv

in 1

)Fo

lkem

useu

mFa

rtøy

vern

s.H

erad

2)

Kab

uso

Folk

emus

eum

3)

Mus

eum

Sum

Dri

ftsi

nnte

kter

Eige

ninn

tekt

er -

404

287

-1

007

999

-18

503

633

-

1 00

0 -

449

752

-20

366

671

Off

entl

ege

tils

kot

-82

3 87

0 -

57 5

60

-4

653

054

-7

764

220

-21

8 40

0 -

2 15

4 00

0 -

2 82

8 00

0 -

1 32

2 44

0 -

19 8

21 5

44

Sum

dri

ftsi

nnte

kter

-1

228

157

-57

560

-

5 66

1 05

3 -

26 2

67 8

53

-21

9 40

0 -

2 60

3 75

2 -

2 82

8 00

0 -

1 32

2 44

0 -

40 1

88

215

Dri

ftsk

ost

nad

ar

Vare

kost

nad

106

021

4

05 2

19

212

000

3

6 31

6 7

59 5

56

Løns

kost

and

484

701

3

665

013

1

8 84

2 57

5 1

144

095

7

83 2

04

24

919

588

Avs

kriv

inga

r 2

6 98

2 1

31 3

16

158

298

And

re d

rift

sko

stna

dar

521

503

5

9 07

7 1

720

489

8

209

886

2

28 9

55

331

093

2

828

000

4

33 3

23

14

332

326

Pålø

pte

pro

sjek

tko

stn.

95

422

151

570

1

03 6

22

956

606

1

78 7

95

1 4

86 0

15

- o

ffen

tleg

e re

fusj

ona

r -

285

972

-54

8 62

1 -

185

800

-1

020

393

Sum

dri

ftsk

ostn

adar

1 2

07

647

59

077

5 6

83 3

01

26

950

778

228

955

2

282

310

2

828

000

1

395

322

4

0 63

5 39

0

DR

IFT

SRES

ULT

AT

-20

510

1

517

2

2 24

8 6

82 9

25

9 5

55

-32

1 44

2 0

7

2 88

2 4

47 1

75

Fina

nsin

ntek

ter

-4

012

-44

503

-

434

-21

745

-

70 6

94

Leig

eko

stna

der

(fi

nans

) 1

1 71

6 2

519

2

72 6

40

2 5

88

289

463

Fina

nsre

sult

at 1

1 71

6 -

1 49

3 2

28 1

37

-43

4 -

19 1

57

218

769

RE

SULT

AT

-8

794

1 5

17

20

755

911

062

9

555

-

321

876

0

53

725

665

944

1) G

ranv

in b

ygd

emus

eum

. R

ekne

skap

en s

kal e

tter

avt

ale

ber

re o

mfa

tta

vid

aref

orm

idla

sta

ts-

og

fylk

esti

lsko

t

2) O

mfa

ttar

ein

inga

ne I

ngeb

rigt

Vik

mus

eum

og

Kva

m b

ygd

emus

eum

. R

ekne

skap

en o

mfa

ttar

ber

re v

idar

efo

rmid

ling

av s

tats

- o

g fy

lkes

tils

kot

3) D

rift

a av

Vo

ss f

olk

emus

eum

var

i 20

07 ik

kje

ove

rdre

gen

til H

VM

. R

ekne

skap

en o

mfa

ttar

der

for

ber

re v

idar

efo

rmid

ling

av s

tats

- o

g fy

lkes

tils

kot

22 23

EIGENDELER Note 2007 2006

Anleggsmidlar

Inventar, maskiner, utstyr 554 852 -

Transportmidlar 170 496 -

Sum anleggsmidlar 3 725 348 -

Omløpsmidlar

Varer 1 226 440 -

Kundefordringar 922 966 22 000

Interimskontoar eigendelar 4 3 673 682 -

Andre fordringar 938 082 -

Bankinnskot, kontantar 6 1 102 038 1 109 582

Sum omløpsmidlar 7 863 208 1 131 582

SUM EIGENDELAR 8 588 556 1 131 582

Eigenkapital og gjeld Note 2007 2006

Innskutt eigenkapital:

Grunnkapital 200 000 200 000

Opptent eigenkapital: 61 461

Udekka tap -604 483

Sum eigenkapital -404 483 261 461

Kortsiktig gjeld

Kassakreditt (limit 1.500.000) 269 605 -

Leverandørgjeld 885 489 148 451

Skattetrekk, arb.gj.avgift 1 655 042 89 378

Skuldige feriepengar 2 127 758

Forskotsbetalte tilskot/kundar 5 3 608 317

Skuldig løn 32 000

Anna kortsiktig gjeld 414 828 632 292

Sum gjeld 8 993 039 870 121

SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 8 588 556 1 131 582

BALANSE STIFTINGA HARDANGER OG VOSS MUSEUM

24 25

Årsrekneskapet er sett opp i samsvar med rekneskaps-lova og god rekneskapsskikk i Norge for små føretak, og forutset vidare drift.

InntekterInntektene er resultatført når dei er opptent, det vil sei på leveringstidspunktet. Eventuelle rabattar er trekt frå.

KlassifiseringEigendelar bestemt til varig eige eller bruk samt for-dringar med forfall seinare enn eit år frå rekneskaps-årets utløp er oppført som anleggsmidlar. Øvrige ei-gendelar er klassifisert som omløpsmidlar, vurdert til det lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Gjeld som forfell til betaling seinare enn eit år etter balanseda-gen er klassifisert som langsiktig gjeld. Anna gjeld er klassifisert som kortsiktig. Neste års avdrag er likevel bokført som langsiktig gjeld.

Varige driftsmidlarVarige driftsmidlar er ført opp i balansen til historisk anskaffelseskost fråtrekt lineære avskrivingar basert på ei bedriftsøkonomisk vurdering av driftsmidlane si økonomiske og tekniske levetid. Det vert føreteke nedskriving til verkeleg verdi dersom eit eventuelt ver-difall ikkje forventas å vera forbigåande. Det er brukt følgjande avskrivingssatsar:

Maskiner og inventar 15 – 20 %Datautstyr 25 %Bilar 20 %

VarelagerVarelager er vurdert til det lågaste av anskaffelseskost og antatt salspris etter frådrag for salskostnadar. Ei-genproduserte varer er verdsett til full tilvirkingskost. Det er gjort frådrag for eventuell ukurans.

FordringarKundefordringar og andre fordringar er oppført i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av individuelle vurderingar av dei enkelte fordringa-ne. I tillegg vert det gjort uspesifiert avsetning for å dekka antatt tap på kundefordringar.

PensjonarPensjonskostnader er bokført i samsvar med betalt premie og til gode på premiefond.

SkattarFøretaket er ikkje skattepliktig for si verksemd.

Offentlege tilskotFøretaket mottek driftstilskot frå det offentlege. Til-skota vert inntektsført i samsvar med løyvingane. Mottekne tilskot som ikkje er brukt ved årsskiftet vert avsett på konto for forskotsbetalte tilskot.

EiningarPr. 31. desember 2007 er Hardanger og Voss Museum samansett av følgjande avdelingar i tillegg til fellesav-delinga: Hardanger Fartøyvernsenter, Hardanger fol-kemuseum, Agatunet og Kunsthuset Kabuso. Kabuso gjekk inn i stiftinga f.o.m. 1. mai 2007 medan dei andre avdelingane var med frå 1. januar 2007.

Tilskot frå Kulturdepartementet og Hordaland fyl-keskommune til Voss Folkemuseum, Granvin Byg-demuseum, Ingebrigt Vik Museet og Kvam Bygdetun har også gått gjennom Hardanger og Voss Museum i 2007.

Tal på tilsette gjennom året har vore om lag 80 personar, og dette utgjer om lag 60 årsverk.

Ingen av selskapet sine eigedelar er pantsett.

Hardanger og Voss Museum har kollektiv pensjonsav-tale for alle tilsette. Årleg pensjonspremie vert rekna som årets pensjonskostnad.

Honorar til revisorKostnadsført honorar til revisor er fordelt på følgjan-de tenester:

STIFTINGA HARDANGER MUSEUM NOTAR TIL ÅRSREKNESKAP FOR 2007

Note 2

Note 3, varige driftsmidlar overtekne til bokført verdi pr 1.1.07

Note 1, rekneskapsprinsipp

2007 2006

Løn og honorar 20.512.668 341.757

Arbeidsgjevaravgift 2.360.144 31.618

Andre lønskostnadar 1.498.526 8.484

Refusjonar løn (1.209.862) -

24.919.588 794.007

Inventar/maskiner Transportmidlar Sum

Inngåande verdi 670.526 213.120 883.646

Årets avskrivingar -115.674 - 42.624 -158.298

Verdi pr 31.12.07 554.852 170.496 725.348

Inventar/maskiner

Lovpålagt revisjon kr 58.436

Attestasjonar kr 3.173

Andre tenester kr 40.189

Samla honorar kr 101.798

Godtgjersle Dagleg leiar Styret

Lønn 553.059 111.450

26 27

Note 4, Fordringar til eigarorganisasjonane – Interimskontoar eigendelar

Note 5, Forskotsbetalte tilskot/forskot frå kundar

Note 6, Bundne midlar

Konto 1520 Hardanger Fartøyvernsenter, interimkonto kr -2.858.227

Konto 2420 Hardanger Fartøyvernsenter, interimkonto ” 4.047.441

Konto 1521 Hardanger folkemuseum ” 885.173

Konto 1522 Stiftelsen Agatunet ” 1.599.295

Kr 3.673.682

Konto 2900 Forskot frå kundar HFS kr 225.120

Konto 2901 Forsk.betalte tilskot Fellesavdeling ” 312.750

Konto 2902 Forsk.betalte tilskot HFU ” 1.401.418

Konto 2903 Forsk.betalte tilskot AGA ” 1.523.619

Sum kr 3.608.317

Fordring på Hardanger folkemuseum og Agatunet skuldast høgrentekonto med forskotsbetalte tilskot som ikkje er overført til Hardanger og Voss Museum pr. 31.12.2007.

Pro Contra oppgjer med eigarmusea/organisasjonane vert endeleg gjennomført i 2008.

I posten inngår bundne skattetrekksmidlar med kr 893.077.

28

Hardanger folkemuseumHardanger folkemuseum ligg idyllisk til på neset 300 meter frå ferjeleiet på Utne. Her kan du koma og oppleva hardangerkulturen i naturskjønt kulturlandskap. Museet har temaut-stillingar kring Hardanger sin kultur og historie, samt skiftande kunstutstillingar.

AgatunetAgatunet er eitt av dei få vestlandske klyngetuna som enno er att. Dei fleste husa i tunet er frå 1811-1850, men mange er mykje eldre. Den spesielle Lagmannsstova frå 1250 er den einaste i sitt slag.

Ingebrigt Vik museumIngebrigt Vik Museum inneheld mest alle arbeida etter bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867-1927). Vik er rekna som ein av dei store bilethoggarane innan norsk bilethoggar-kunst. Samlinga til museet er utstilt i ein intim, åttekanta bygning i sentrum av Øystese. Nokre av dei beste arbeida hans er utstilt i Nasjonalgalleriet.

Voss folkemuseumVoss folkemuseum, Mølstertunet; ligg på ei slette, høgt og fritt, hundreogtretti meter over Vossevangen. Husa står der dei ein gong vart sette, ingen ting er flytta til eller frå. Bilete av byggeskikk i eldre tid vert difor ekte. Museet har også rike samlingar av eldre bruksting og prydnadsting. Vår og haust er det beitande sauer i området, og museet har høner på tunet i sommarsesongen.

Hardanger fartøyvernsenterHardanger fartøyvernsenter ligg like utanfor Norheimsund sentrum. Her kan du sjå båtbyg-gjarar, skipssmed og reipslagar utføra gamalt handverk. Du kan også ro ein tur på fjorden, slå ditt eige tau, eller byggja ein leikebåt. I aktivitetsløypa vår kan du utfordra og utvida dei maritime kunnskapane dine. Kaféen og utstillingane er også opne kvar dag i sommar-sesongen.

Kunsthuset KabusoKabuso ligg like ved Ingebrigt Vik Museum i sentrum av Øystese i Kvam. Kabuso gjev deg utstillingar, konsertar og andre arrangement gjennom heile året. Kaféen har enkel serve-ring og utsikt over Øystese, Hardangerfjorden og Folgefonna. Kabuso viser kunstuttrykk innafor eit vidt spekter av sjangrar og er svært glade for å kunna syna publikum ei Nikolai Astrup-utstilling i sommarmånadane 2008.

Granvin bygdemuseumGranvin bygdetun ligg på Eide like bak posten/Coop. Museet omfattar 6 bygningar; m.a. Holvenstova og ei særprega årestove. Ved badeplassen på Eide ligg eit gamalt naust som også høyrer tunet til. Her finn ein m.a. ei omfattande museumssamling med mange gjen-standar samla inn lokalt, ei rik samling bringklutar og samlinga etter botanikaren Johan Havaas. I Løflotstova er premiesamlinga etter spelemannen Anders Kjerland utstilt.

Kvam bygdemuseumKvam Bygdemuseum ligg på Lundanes, ein idyllisk plass med gamle klyngetun, smale vegar og nydeleg utsyn ut over fjorden og Folgefonna. Borgstova på Vikøy prestegard er ei omlag 400 år gamal røykstove med interiør frå 1800-talet.

Formgjeving: riss-as.no • Trykk: oystese-trykkeri.no