13
NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE Han starta som handlangar og ryddegut. På 26 år har Geir Heg- gen jobba seg til topps i det famiilieigde Westcon-verftet. No er det Geir som rår grunnen når dei gigantiske boreriggane kjem inn fjorden for overhaling. Vi har vitja Westcon i Ølensvåg og fått ein smakebit på kva industrikultur som snart kjem til Florø og Sunn- fjord. Side 22 og 23 Geir sin rigg

2F 22. januar 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Næringsliv i Sogn og Fjordane

Citation preview

Page 1: 2F 22. januar 2013

NÆRINGSLIVSMAGASIN FOR SOGN OG FJORDANE

Han starta som handlangar og ryddegut. På 26 år har Geir Heg-gen jobba seg til topps i det famiilieigde Westcon-verftet. No erdet Geir som rår grunnen når dei gigantiske boreriggane kjem innfjorden for overhaling. Vi har vitja Westcon i Ølensvåg og fått einsmakebit på kva industrikultur som snart kjem til Florø og Sunn-fjord. Side 22 og 23

Geir sin rigg

Page 2: 2F 22. januar 2013

Ølensvåg. Ei grend med 414 innbyggjarar. Og samtidig heimen til fleire milliardkonsern.Snart kjem Westcon til Florø. Er verftsindustriog underleverandørar i Sunnfjord klare for eindose familieeigd industrikultur som det luktarsvidd av?

Over natta gjekk fylkets største skipsverft, STX i Florøfrå å vere eigd av børsnoterte koreanarar til ha eigararsom skarrar på r-en, lever i bygde-Norge og brenn for ågje attende verdiar til lokalsamfunnet. Vi tok turen tilØlensvåg for å sjå på Haugalandet sitt største industri-eventyr.

ØlensvågKøyrande på E134 austover frå Haugesund kjem einetter ein time til ei lita roleg vestlandsbygd, som tilsy-nelatande ser ut som dei fleste andre smågrender. Røy-ken stig opp av skorsteinane, gradestokken viser tiiskalde minusgrader og husa ligg stille i vinterlandska-pet. Sola skin ned på liene og solstrålane trekkjer blik-ket mot det uvanlege. Det som får japanske turistar tilå stoppe bussen og gå amok med utløysarknappen:Midt inne i Ølensfjord i det elles idylliske kulturland-skapet ligg svære oljeplattformer på rad og rekke. Enor-me beist som er avla og fødd opp av den industriellenotida i sterk kontrast til det ein forventar å finne i dis-trikts-Norge.

Når vi kjem på besøk ligg berre ein plattform på venti fjorden. Men bygdefolket sine skildringar av klondy-kestremninga som rår når sertifiseringsarbeidet pågårfor fullt, held i massevis. Som fleire seier er det defini-tift «ikkje det du forventar å finne i inst i ein fjord».

At bygdefolket i Ølensvåg og Ølen er stolte av bygdasi vert raskt klart. Utanfor den lokale Kiwi-butikkensom etter ryktet skal ha det høgste ølsalget i landet, stårHarald og røykjer. Etternamn, alder eller bilete vil hanikkje ha med, men seier lattermildt at han er ein plassmellom 50 og 70 år sjølv om utsjånaden peikar oppovermot det siste. Han fortel om historia til bygda. Med eitglimt i auget og med store adjektiv fossande ut avmunnvikene er det tydeleg at Ølensvåg er kjært formannen. Ingen negative ord er lov å mane fram ogkommentaren han forlet meg med er enkelt og greit:«No må du skrive fint om bygda vår!» Den positive haldninga reflekterer resten av opphaldeti Vindafjord kommune. Ein sterk optimisme og ei trupå at bedriftene klarar å sikre vidare utvikling pregarbåde næringa og bygdefolket – nesten til det ekstreme.

Skipsindustri var startstrekenWestcon har sidan midten av 1990-talet gradvis utviklasin posisjon og er i dag det leiande verftet på riggakti-vitet på norsk sokkel. Det tidlegare skipsverftet tok sittførste riggoppdrag i 1994. Sidan har over 100 riggarpryda landskapet i bygda. Og gitt stor aktivitet og inn-tekter.

Det er kanskje lett å sjå føre seg korleis desse storebeista pregar utsikta for naboane og moglegvis øyde-legg noko av idyllen. Men uansett kven ein pratar med

lokalt er haldninga at alt er rosenraudt. I motsetnad tilordtaket «over gjerdet er graset alltid grønare», snak-kar folk om at akkurat i Ølensvåg treng ein ikkje sjå tilnaboen for å finne velstad og fruktbare jorde. Ordføra-ren i Ølensvåg poengterer at det sjølvsagt er negativesider med å ha eit rigg-verft i bygda, men at dei positiveeffektane og aktiviteten veg opp for både støy, mang-lande utsikt og trengsla av folk når aktiviteten når sinehøgaste toppar.

Menneska bak suksessenKven har stått bak utviklinga og suksessen for verftet?Westcon er ei norsk familiebedrift eigd av Matre-fami-lien. Når ein ber bygdefolket beskrive familien er deteit ord som stadig dukkar opp: nøktern. Ifølgje dennorske ordboka vil det seie «realistiske, fornuftige,måtehaldne og sindige». Sjølv om pengane har komesakte men sikkert, er husa og livsstilen korkje prang-ande eller luksuriøse. Kjell Gjendem, eigaren av detlokale overnattingstilbodet Ølen Gjestegård seier detslik:

– Du kan ikkje sjå på korkje bilane eller husa deiraat det bur Matre-milliardærar der.

Gjendem beskriv både første- og andregenerasjon avfamilien som folk flest, ein gjeng som på lik linje meddei andre innbyggjarane gjerne er med på bygdefest.

Øystein Matre er mannen bak Westcon og sit vedroret i konsernet Westcon Group AS. På møtet medleiinga fortel han stolt om Ølen Arbeidsgjevarforumsom kvart år gir attende til lokalsamfunnet frå bedrif-tene. I potten har dei 10 millionar som går til ulike pro-sjekt lokalt.

– Eg er så heldig at eg er leiar og får vere med på å gjetil lokalsamfunnet, seier han.

Rigg-eventyretSjølv om Matre familien kan beskivast som måtehaldneprivat, kan ein ikkje seie at konsernet er det same.Matre-familien har våga å satse. Dei har sett mogleg-heiter. Dei har verdsett verdiar som har vist seg gode ogstabile. Fleksible og raske på foten har selskapet gripemoglegheitene når dei har kome. Fleksibiliteten, seierleiinga, er nøkkelen bak suksessen. Den gong Westconbyrja med riggverksemd var det 17 riggar i Norge. Etter

oljekrisa rasa tala og det var magert med arbeid. I dagfinn ein i overkant av 50 riggar på norsk sokkel. Fordiriggmarknaden skyt til vêrs gjer Westcon det same.Som eit ledd i denne kjeda er STX-verftet i Florø nokjøpt frå utanlandske hender og attende til norske eiga-rar. Norske eigarar som satsar på norsk sokkel og norskvekst.

Rett nok kan ein ikkje tilskrive eigarane av Westconheile suksessen og veksten i byrgda. Side om side i fjor-den ligg fleire store bedrifter; Ølen Betong, WestconGroup, Sandfrakt, Omega, Granberg Garveri og BergenSag & Trelast. Lokaleigde bedrifter som har satsa lokaltog som ikkje lete geografisk plassering vere ei hindringfor vekst. Smitteeffekt av næringskulturen på Hauga-landet, Haugesund og Stavanger har gjort at bygdamed 400 innbyggarar har bedrifter som går godt.

– Bedriftene klarar å oppmuntre kvarandre og haldekvarandre positive. Samstundes er dei flinke på å sam-arbeide og dra kvarandre med på utviklinga, seierunderleverandør til Westcon, Jan Hegerland i bedriftaJans Hydraulikk som sjølv har utvikla seg i takt medverftet og dei andre bedriftene.

Veksten og utviklinga av bygda bidreg nok til opti-mismen som pregar Ølen og Ølensvåg, men samstun-des har tett samarbeid ført til at bedriftene har dregekvarandre opp, fram og med seg på vegen til ein betreøkonomi og ei lys framtid. No vil leiinga dele denneoptimismen med Florø og underleverandørar.

– Vi må skape optimisme for verftet i Florø, avsluttarkonsernsjef Øystein Matre.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

LEIINGA: Konsernsjef Øystein Matre har vakse opp på verfts-området i Ølensvåg. I dag ser plassen ganske annleis ut ennfor 30 år sidan. Her saman med visekonsernsjef Arne Birke-land (t.h). Foto: Maiken Solbakken

Kunsten å rigge ein fami

«I Ølen har vi lukkast med å løftekvarandre. No blir jobben å skapeoptimisme for Florø og Sunnfjord.»

Westcon-sjef Øystein Matre

16 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 3: 2F 22. januar 2013

WESTCON YARD: WestconYard i Ølensvåg. Øverst til

venstre i bilete ser du bygdaØlen som er kommunesente-

ret i kommunen. Pressefoto

milie

1981: Det vesle huset til venstre i biletet er der konsernsjef Øystein Matre vaks opp og der alt byrja. Pressefoto

Historien til Westcon:

1963: Georg Matre dreiv Ølen Skips-industri som retta si hovudverksemdmot ombygging og nybygging avfraktebåtar og saltskuter. Seinareombygging av fiskebåtar, bygging avlektere og taubåtar, samt seksjons-bygging til Aker Stord på 1970-talet.1973: Oljekrisa førte til bråstopp iproduksjon. Deretter til at verftetflytta fokus over på offshoreindustri,samstundes som ein på sida driftaskipsavdelinga.1980: Fekk første flytedokk somopna for vedlikehald av fartøy påopptil 80 meter.1981: Westcon vart etablert somsamarbeidsselskap som følgje avutbyggingen av Kårstø, prosessan-legget for naturgass.1989: Matre-familien kjøpte West-con-selskapet og selskapet vart dåeit reint familieselskap.1990: Ølen Skipsindustri gjekk kon-kurs og Westcon dreiv verkstaden ihalvtanna år.1992-93: Det vart bygt ut eit nyttkaiområde for å kunne ta imot store,flytande installasjonar.1994: Westcon gjekk inn i markna-den for riggvedlikehald og første rig-gen kom til verftet. Boligplattformen«Safe Britania» ankom i april, og tomånader seinare kom den førsteboreriggen inn fjorden.1997: Westcon kjøpte ein andre,større flytedokk som gjorde detmogleg å ta inn fartøy med opptil180 meters lengde.2011: Eit unntaksår i forhald til opp-drag og omsetnad for bedrifta dågigantriggen «Scarabeo 8» var detstørste prosjektet nokongong forverftet. Det bidro til ein omsetnad på4,1 milliardar.2013: Over hundre riggar har voreinnom fjorden og Westcon er leii-ande innanfor riggvedlikehald pånorsk sokkel. Westcon kjøper verfteti Florø og gir det namnet ”WestconYard Florø AS”.

Salet

Westcon Group AS kjøpte selskapaSTX Norway Florø As og STX NorwayDesign Florø AS frå STX Europe ASden 31. desember 2012. Selskapa vil driftast som separatedotterselskap innanfor konsernet.Dei andre dotterselskapa er WestconYard, Westcon Power and Automati-on, Westcon Løfteteknikk og West-con Invest. Transaksjonen inneber alle aksjar iskipsverftet i Florø og designselska-pet.

Westcon Group

Westcon Group vart etablert i 2011som ein felles paraply for Westcon-selskapa. Tidlegare var WestconPower & Automation og WestconLøfteteknikk dotterselskap underWestcon Yard. I dag er desse sidestil-te.

Styret i Westcon Group består av: Styreleiar Rune LandeAud Signy BergePer Bjørn HabbestadArne MatreNoralf Matre

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 4: 2F 22. januar 2013

ØLEN: Kombinasjonsdrifta har vore nøk-kelen til suksess for Westcon, presiserervisekonsernsjef Arne Birkeland i West-con.

– Den generelle haldninga i bransjen då vi byrjavar skepsis mot at vi kunne dra riggar inn til Ølen,seier konsernsjef Øystein Matre.

– Sikre på satsinga– Vi var derimot sikre på at vi hadde gode hamne-forhold og at vi fekk bygd ei god kai og kraner.

Øystein Matre seier at selskapet trefte bådebehovet i marknaden, og at tidspunktet var kata-lysatoren for suksess. Samstundes legg han vektpå at selskapet hadde ein fordel i erfaringa fråskipsreparasjon.

– Vi forstod det maritime, og var motsetnadentil ein typisk offshoreleverandør med tung admi-nistrasjon. Vår største fordel var at vi hadde evnatil å tilpasse og snu oss rundt på kort varsel. Detlikte kundane og har vore berebjelken til verftetsidan, seier han.

Westcon sine tre bein Fleksibiliteten og det som leiinga refererer til somsine «tre bein» er kjernen av verksemda i Ølens-våg: Nybygg, skipsreparasjon og riggverksemd.Denne kombinasjonsdrifta skil Westcon frå tradi-sjonelle skipsbyggingsverft langs norskekysten.

Medan skipsreparasjon er ein konstant straumav oppdrag og riggreparasjon er korte, intensiveprosjekt, betyr nybygg tryggleik for dei tilsette ogmoglegheita for å tenkje langsiktig for bedrifta.

– Vi driv multidrift, og den same moglegheitaser vi i Florø. Vi kan ikkje utelukkande ta rigg-oppdrag, eller utelukkande skipsvedlikehald eller

nybygg, seier Birkeland og legg til at styrken tilverftet er at dei har kunne veksle mellom dessetre verksemdene.

– Når det går seigt i ein marknad, er det forhå-pentlegvis liv i ein annan, seier han.

Parallellar til FlorøBirkeland dreg parallellar til verftshistoria iFlorø.

– I Florø hadde ein gullår med gode tider ognybygg, så raste marknaden heilt og det vart fullstopp i drifta, seier han.

Westcon har hatt moglegheita til å lene seg påandre marknader når ting har gått dårleg i einmarknad. Kombinasjonsdrifta hindrar at det vertfull stopp ved verftet i Ølen.

– På slutten av nittitalet gjekk omsetnaden vårfrå 750 millionar til 150 millionar, ikkje frå 600til null, noko som ikkje er langt frå sanninga iFlorø, seier han.

Har investert 600 millionarSidan Westcon byrja å satse på rigg-vedlikehaldhar selskapet investert mellom 5–600 millionarpå anlegget i Ølen.

– Vi har satsa betydeleg. Når bedrifta veks slikhar vi samstundes fokusert på å bygge ut organi-sasjonen på ein god måte. Dette har gått hand ihand, seier han.

Framover skal det skje mykje på verftet iØlensvåg. Det er byrja bygging av over 200 kon-tor til kundar langs riggkaia. Investeringa har eiprislapp på kring 30 millionar kroner. Samstun-des skal produksjonshallane byggjast ut, og det erstadig fokus på utbygging av overnattingsfasilite-ter for kundar og leverandørar.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

OPPMERKA: Velferd-sansvarleg Liv-KariBødtker passa på åminne om at ein måhalde seg til dei opp-merka stiane påverftsområdet.

Difor er Ølensvåg og Westcon e

STORE AVSTANDAR:Det var hyppig sykkel-trafikk på verftet iØlen grunna dei storeavstandane på verfts-området.

ØLENSFJORD: Fråandre sida av fjordenhar ein god oversiktover kva som ligg tilkai ved verftet iØlensvåg. Dennedagen var hurtigrutaMS ”Nordnorge” innefor spyling, måling,diverse sti- og røyrs-arbeid, mekanisk oginnreiingsarbeid. Allefoto: M. Solbakken

18 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 5: 2F 22. januar 2013

ein suksess

FLORØ: – Vi må bruke tid på kva vi skalgjere i Florø og har ikkje tatt nokoavgjerd enno, seier visekonsernsjef ArneBirkeland. Men han innrømmer at einting verkar spennande i Florø: Subsea.

– Då vi først tok kontakt med STX og leiinga iFlorø gjekk vi over det verftet presenterte til oss.Det er mykje godt arbeid lagt ned som vi kanjobbe vidare med. Dei ønska å satse på rigg ogskipsreparasjon, og det passar godt inn hos oss,seier Arne Birkeland.

Han presiserer at nybygg kan vere eit av fleirebein, men ikkje det einaste beinet verftet skal ståpå.

– Vi vil utvikle Florø til ein del av verktøykassavår og ikkje berre kopiere verftsverksemda i Ølentil Florø, sjølv det er mange fellesnemnararmellom verksemdene. Det ligg mykje bra i husto-ria til verksemdene i Florø, og difor må vi tenkjepå Florø i eit holistisk perspektiv.

Fleire interessante aspekt– Skipsreparasjon er heilt klart interessant. Då vilvi ha skipsreparasjons-verkstader på i Karmsund,Ølen, Florø og Nesna ved Sandnessjøen, seierhan.

Som kjent er seglingstida til Florø eit pluss forverftet. For både skipsreparasjon og riggoppdragvil det minimere kostnadene om ein ikkje treng åbruke mykje tid på å komme seg i hamn.

– På prosjekt der tida er knapp er det optimaltå gjennomføre slike prosjekt i Florø, Samstundeshar ein om lag eit anløp på 1000 skip i året. Det

er gjer Florø interessant å ha som eit reparasjons-verkstad, seier Birkeland.

Subsea Den positive utviklinga innanfor baseområdet ogat fleire store undervass-entreprenørselskap somtechnip nyttar basane langs kysten er eit avaspekta som lokka Westcon til Florø. I tillegg tilsatsinga på subsea lokalt.

– Innanfor subsea kan det vere område som erinteressante for oss å involvere oss i, seier ØysteinMatre.

Akkurat kva det inneber vil ikkje Matre gå kon-kret inn på, anna enn at dei ser moglegheiter inn-anfor feltet lokalt i Florø.

– Vi ser fleire konkrete moglegheiter vi viljobbe vidare med, men når dei dett ned i form avkontraktar er vi framleis eit stykke ifrå, seier han.

Moglegheiter på verftsområdetVerftet på Evja har i dag ein stor anleggsmasse dåverftet blei laga som ein skipbyggings-verkstadretta mot store skip.

– Det betyr hallar, anlegg og utstyr vi kan nyttetil anna arbeid. Vi satsar ikkje på å ta over for kore-anarane og kinesarane på nybygg, men vi vil sjå påkva som kan gje oss moglegheiter innanfor det vihar og kva vi kan utvikle det til, seier Birkeland.

Samstundes trekk Birkeland fram anlegget tilWestcon på Helgelandskysten.

– Til dømes produserast det i dag prefabrika-sjonar der som deretter kjem til Ølen. Den typeaktivitet er samstundes mogleg å gjennomføre påWestcon Yard Florø seier han.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

Snusar på subsea

FRAMTIDSRETTA: Westcon har gjort heimeleksa si når det gjeld kva kompetanse Flora-industrien er langt frammepå. - Subsea-feltet er absolutt eit område vi kunne tenkt å involvere oss meir i for framtida, seier verftsleiinga i Ølens-våg. Her frå eit av subseaanlegga på Fjordbase. Foto: David E. Antonsen

Westcon Group AS

Konsernrekneskap:Årsresultat 2011: 83 157Årsresultat 2012: 264 019 000

Westcon Yard AS

Årsresultat 2009: 99 309 000Årsresultat 2011: 195 126 000

Westcon Løfteteknikk AS

Årsresultat 2007: 6 584 000Årsresultat 2009: 6 410 000Årsresultat 2011: 8 226 000

Westcon PowerAnd Automation AS

Årsresultat 2009: - 110 000Årsresultat 2010: 10 839 000Årsresultat 2011: 84 889 000

Årsresultat viser det endelige årsresul-tatet før omdisponering av eventueltoverskudd.

Westcon kjem til Florø med ny og prisvin-nande datateknologi som gjer drifta aveit moderne verft meir effektiv enn før.

Verftet i Florø får namnet Westcon Yard Florø AS,men planen for verftet i Florø strekkjer seg lengerenn det selskapet. Visekonsernsjef Arne Birke-land presiserer at både Westcon Power and Auto-mation, og Westcon Løfteteknikk er inkludert iplanane.

– Vi har ei stor elektro- og automasjonsbedriftsom på sjølvstendig jobbar ut mot kundane våre.Det same gjer Westcon Løfteteknikk.

Han fortel at Westcon Løfteteknikk allereie harbegynt å levere oppimot verftet i Florø.

Samstundes vil selskapet dra nytte av det eksis-terande datasystemet dei nyttar ved verfta sine idag. Den Ølensvåg-baserte bedrifta Omega har idag over 1000 tilsette, og fekk i førre veke Forsk-nings- og Nyskapingspris 2012 frå stiftelsenRogalandsforskning, NHO Rogaland og Roga-land fylkeskommune.

– Vi ser at Florø kan dra fordelar av desseskreddarsydde systemutviklinga som vi har inves-tert i. Dei er rusta for å handtere dei ulike avde-lingane våre innanfor nybygg, skipsreparasjon ogriggverksemd, seier Øystein Matre.

Til Florø med ny teknologi

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 6: 2F 22. januar 2013

ØLEN: Han starta i låven til farensom 17.-åring. Med ei enkelslangepresse byrja Jan Hegerlandå ta på seg oppdrag for West-con. – Eg byrja frå botn då eg sågat det ikkje var liknande bedrifterlokalt, seier han. Sidan 1985 har Jan Hegerland jobba ibedrifta Jan’s Hydraulikk, og har settkorleis bedriftene i bygda har utviklaseg. Han byrja i låven ved sidan av barn-domsheimen sin som ligg rett ved Euro-paveg 134 ved Ølensvåg.

Byrja smått– I byrjinga leverte eg til bønder, maski-nentreprenørar og mindre bedrifter,seier han.

Sjølv var han 17 år og utan erfaring.Litt smått med oppdrag fekk han ogsåfrå forgjengaren til Westcon, ØlenSkipsindustri.

– Det var alltid noko, då dei fiksagamle båtar og dreiv mykje med repara-sjon, seier han.

Sjølv hadde han ikkje noko særleg ieigenkapital, men fekk spart opp til åkjøpe seg ei slangepresse. Det markertestarten på bedrifta som i 2011 hadde eitårsresultat på 1 930 000 kroner.

ElddåpenTre år etter fekk han sitt første storeoppdrag. Å levere 11.000 meter medslangar til Peconor i Vikebygd når Eko-fisk-tanken måtte byggjast for å reddeplattforma på ekofiskfeltet.

– Det var bedrifta sin elddåp og eghadde ikkje folk til å gjere arbeidet. Medså mykje slangar som skulle klargjerastenda det med at eg måtte gå dør til dørfor å finne folk som kunne hjelpe til,seier han.

Men folk, det fann han og prosjektetenda i kring 90 leveransar for selskapet.

– Då oppdraget var ferdig sokk omset-ninga, men inntektene gjorde at vikunne kjøpe inn lagervarer. Sjølv om vihadde fått den jobben har eg aldri voreså fattig som då, seier Hegerland latter-

mildt og fortel at han spytta all inntektarett inn att i selskapet.

I dag har Hegerland sju tilsette ogverksemda har tett samarbeid medWestcon. I fjor utgjorde samarbeidetmed Westcon 30 prosent av inntektenetil selskapet.

– Våre andre kundar dreg god nytte avvårt tette samarbeid med Westcon, bådevedrørande varetilbod og lave prisar,seier Hegerland.

Sidan Westcon kjøper i store volumdannar det grunnlag for at bedrifta kanha mykje liggande på lager, noko somkjem resten av kundane til gode. Heger-land vektlegg vidare at den gode kommu-nikasjonen gjer at samarbeidet er enkelt.

– Dei har god oversikt over kva vi harpå lager, og om dei treng noko utanomdet vanlege ringer dei nokre veker førslik at vi rekk å bestille, seier Hegerland.

RingverknaderHegerland seier at det ikkje berre er hansom har drege nytte av å ha verftet iØlensvåg. –Dette samarbeidet har gjortat vi har vakse i storleik saman medWestcon. Utan ein slik aktør lokalt erdet mange bedrifter som ikkje haddevore her i dag. Både taxi-, busselskapet,daglegvarebutikkane og overnattingstil-bod får inntekter frå drifta til verftet.

– Spesielt var det då riggen ”Scarabeo8” var inne i fjorden. Då var det oppimot2000 personar innom, og det betyddestore mengder tilreisande arbeidskraftover 90 dagar, seier han.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

ARBEIDSINNVANDRING: – Vi jobbar heile tida med å sikre bustader til dei som jobbar hjå oss.Saman med kommunen har vi oppretta eit tomteselskap som alle bedriftene i bygda kan nytte.Vi vil dele og samarbeide mellom bedriftene, seier konsernsjef Øystein Matre.

Jan’s Hydraulikk veks i takt med Westcon

ORDFØRAR: – Westcon har hatt mykje åbety for utviklinga i bygda, og har vore flinketil å gje attende til lokalsamfunnet. Sjølv omstøy og mykje folk kan vere sjenerande forenkelte, har meiner eg at vi skal vere gladefor veksten. Vi er i spesiell situasjon medsåpass aukande vekst. I Ølen har vi arbeids-innvandring, og ikkje fråflytting, seier ordfø-rar Vierland i Vindafjord kommune.

ØLEN: Visekonsernsjef Arne Birke-land seier at sjølv om selskapa West-con Løfteteknikk og Westcon Power& Automation vil levere til verftet iFlorø, vil dei samstundes aktivtbruke lokale underleverandørar iFlorø og Sunnfjord.

– Det er av avgjerande betydning for ossat det finst ein god underleverandørbase,seier visekonsernsjef Arne Birkeland.

Bedrifta har lang tradisjon med å nyttelokale underleverandørar og sikre godesamarbeid med desse. Ein sterk underle-verandørbase meiner Birkeland er til sta-des i Florø.

– At ein sterk underleverandørbase ertil stades skapar naudsynt fleksibilitet og

eit industrielt miljø. Dette skapar i nesteomgang konkurransekraft, seier Birke-land.

– Vi ønskjer å nytte oss av lokale leve-randørar i Florø, seier han.

Kva rolle Westcon Power & Automati-on vil spele i Florø kan ikkje Birkelandpresisere. Dette selskapet kjøpte i januaropp selskapet Simonsen Elektro og ikkjelenger før Alfa Engineering. På spørsmål

om kva planen er for underleverandørar iFlorø svarar Birkeland:

– Tradisjonelt har Westcon i liten gradkjøpt opp underleverandørar. Vi ønskjerå nytte den eksisterande underleveran-dørbasen i Florø, ikkje kjøpe dei opp,konstaterer han.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

– Avgjerande med gode underleverandørar i Florø

UNDERLEVERANDØR: Jan Hegerland fortelom ein arbeidskvardag der tette bandmellom Westcon og underleverandørane vik-tig for begge partar. 

Alle foto: Maiken Solbakken

Jan’s Hydraulikk AS

Held til i Ølensvåg, RogalandDagleg leiar: Jan HegerlandEigar: Ekteparet Jan og Grete HegerlandFirmaet leverer slangar og kuplinger, ogtilbyr service og reparasjon av hydrauliskog preumatisk utstyr på bl.a. køyretøy,maskiner og installasjonar.

Årsresultat 2007: 1 078 000Årsresultat 2011: 1 930 000

20 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 7: 2F 22. januar 2013

ØLEN: – Eg ser på mark-nadsposisjonen vår ogden sjeldan sterke off-shoremarknaden medskrekkblanda fryd, seiervisekonsernsjef Arne Bir-keland.

I dag fokuserer Westcon pånybygg, skipsreparasjon, rigg-,offshore- og industriprosjektsom krev tett oppfølging ogkostnadseffektive tenester.

– Fram til 2015 har vi stogganybygginga av fartøy, seier han.

Verftet har fulle ordrebøkerførste halvdel av 2013, og er iden heldige situasjonen at deimå seie nei til oppdrag.

– Sjølv om det ein gunstigsituasjon, ser eg på det medskrekkblanda fryd, seier vise-konsernsjef Arne Birkeland.

– Ingenting kan vekse i evigtid, og vi må heile tida kike ossover skuldra, seier han.

Men om ein uversdag skullekome og det var mangel på rig-goppdrag har leiinga tru på at

selskapa vil overleve. Birkelandseier at det er kjekt å ha riggar ikø for å komme til Ølensvåg,men at dei er fokusert på åtenke lenger enn eit par år frami tid.

– Vi toler ein skikkeleg uvers-dag og er sikre på at vi er godtrigga. Oljeprisane har rasa førog det same har riggmarkna-den, samtidig som nybyggings-aktiviteten var lagt ned i mangeår, seier Birkeland.

Westcon-leiaren meiner vi erinne i ei gulltid for dei som drivverksemd innanfor offshore ogrigg.

– Vi har ein sjeldan sterk off-shoremarknad i Norge i dag, ogdet er det området vi posisjone-rer oss i. På rigg er vi detleiande verftet i Norge og vi måi dag seie ifrå oss oppdrag då viberre har tre parkeringsplassarfor rigg i Ølensvåg, seier Birke-land.

Ideelt sett skulle Birkelandsett at Florø-verftet alt no stodklart til å ta imot riggar. No måein i staden krysse fingrane forat utbetring av innsegling samtein del andre investeringar sna-

rast mogleg kjem på plass. Dåvil ein kunne ha plass til ein,moglegvis to riggar samtidig iFlorø.

Og skulle alt mot formod-

ning gå skeis når det gjeld rigg-satsing i Florø, har Westcon-leiinga andre ess i ermet.

– Vi er jo blant dei leiandeverfta på skipsreparasjonar, og

i Florø har vi ei kjempedokksom gir oss moglegheiter, seierBirkeland.

Maiken Aannevik Solbakken

Skrekkblanda fryd

VEKST: Visekonsernsjef Arne Birkeland og Konsernsjef Øystein Matre jublar for veksten.  Foto: M. Solbakken

ford.no

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 8: 2F 22. januar 2013

EI HJELPANDE HAND: Geir Heg-gen byrja som hjelpearbeidar påverftet i Ølensvåg, og har voreinnom stillingar som sveisar, for-mann, bygginspektør og enda påprosjektleiar. Han har ingen pla-nar om å forlate arbeidsplassensin i Ølensvåg. Gjennom jobbenhar han reist jorda rundt for job-ben og vitja land som Chile, Fili-pinene, Angola og Singapore.Alle foto: Maiken Aannevik Sol-bakken

HUMOR: Bjarne Lunde seier at det er viktigmed humor på arbeidsplassen medan hanviser fram dei ulike plakaten som prydar veg-gen på verkstaden.

FLORA: Geir Heggen har i sine 26 årsom Westcon-tilsett jobba seg frågolvet i produksjonshallen til pro-sjektleiar med kontor med utsikt. –Alt du må gjere er å jobbe hardt,seier han.

Frå han var 16 år har Westcon vore GeirHeggen sin arbeidsplass. Først byrja han pågolvet og gjennom hardt arbeid har hanjobba seg opp til kontor med utsikt ogansvar for store prosjekt på suksess-verfteti Ølensvåg.

Orka ikkje meir skuleI åttande klasse bestemte han seg. Ettersiste året på ungdomsskulen skulle hanslutte på skulen. Han orka ikkje fleire årmed tørre lærebøker. No ville han jobbe.

Året var 1987 og Heggen var 16. Eit halvtår seinare fekk han jobb som hjelpearbeidarpå verftet i Ølensvåg. Der vart han sett isving med ekstraarbeid i produksjonshallenog hjelpte til det var behov. Ikkje lenge etterrykka han opp til platearbeidar og blei ser-tifisert sveisar. Lite visste han om at verftetskulle bli arbeidsplassen eit langt arbeidsliv.I dag seier han at han ikkje har nokre pla-nar om å slutte.

– Eg trivst for godt til å søkje andre job-bar, seier han sjølv.

FormannI ein alder av 23 år vart han spurt om han

ville bli formann. Den utfordringa tok Heg-gen på strak arm, og fekk ansvaret for ulikeriggoppdrag, nybygg samt prefabrikasjon iplatehallen. Fire år etter gjekk vegen vidaretil generalformann, og etter ni år vart hanbygginspektør for eit supplyskip som varunder bygging i Russland. Innan skipet varkome til Westcon for ferdigstillelse varHeggen blitt prosjektleiar.

– Lære ved å gjereHeggen har sjølv ikkje returnert til skule-benken for etterutdanning etter åra på ung-domsskulen. På spørsmål om korleis hanhar kome seg dit han er i dag er svaretenkelt.

– Eg har jobba hardt. Knallhardt, seierhan kontant. Heggen er eit praktdøme på å jobbe seg oppi systemet utan utdanning og tidlegare erfa-ring.

– Gir du alt og tek ansvar, vert ein aner-kjent og ein får moglegheiter. For den somvågar er det få grenser, seier Heggen.

Kvifor Heggen derimot har jobba i samefirma i 26 år er han klar på.

– Arbeidsmiljøet. Det er eit godt arbeids-miljø som tek vare på arbeidarane sine. Omdu jobbar, viser at du tek ansvar og er til åstole på har ein store moglegheiter i West-con, seier han.

Maiken Aannevik Solbakken tekst

Frå golvet til kontor med utsikt

INDUSTRIMEKANIKAR: BjarneLunde er tilsett som industrimekanikar, men på fritida jobbarhan heime på garden som liggvegg i vegg med verftet i Ølens-våg.

«Om ein giralt er detmogleg-heiter i eibedrift somWestcon»

Geir Heggen,prosjektleiar

22 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 9: 2F 22. januar 2013

ØLENSVÅG: Bjarne Lunde (28) er ikkje einheilt vanleg industrimekanikar. Medan han til-bringer arbeidsdagane på verftet i Ølensvågnyttar han fritida heime på garden. – Sjarmener balansen mellom industri og landbruk,seier han.

Lunde har jobba fem år til saman i Westcon. Vi møterhan utanfor verkstaden på verftsområdet i Ølensvåg.Her byrja han å jobbe i 2003 som lærling.

Pause hjå Frank MohnEtter lærlingstida og eit år som fagarbeidar, reiste

Lunde til Nordhordland for å jobbe hjå Frank Mohn.Han sakna det varierte arbeidet som tilsett ved West-con, då han utførte same arbeidsoppgåvene kvar daghjå Mohn.

– Det positive med å jobbe hos Westcon er at det all-tid er variert arbeid. Vi gjer alt frå å montere gardero-beskap til eit fartøy, til reparasjonar og full motorover-haling, forklarar han.

Glidande overgangarAt Lunde er tilsett til å jobbe innanfor skipsreparasjonhar ikkje så mykje å seie. Han forklarar at det er gli-dande overgangar mellom avdelinga for skip og rigg-verksemd. Han rosar moglegheita til å få prøve nye tingog at ein alltid møter nye utfordringar.

– Ein kan bli sett til å jobbe innanfor rigg ein dag ogskip ein annan. Det gjer jobben spanande og full avutfordringar, seier han.

Studerte agronomiI seinare tid har han studert agronomi i Østfold. Pla-

nen er å ein gong ta over familieverksemda. Heimvegener heller ikkje lang. Garden Lunde er vaksen opp på ernæraste nabo til verftet. Med ein industri i vekst kandet føre til press for naboeigedommar.

– Vi merkar presset når verftet stadig utvidar. Fram-tida ser lys ut for bygda, men håpet er at industrien ogdei andre firma ikkje skal ta heilt over, og at vi fårbehalde både landbruket og industrien. Det er ein delav sjarmen, seier han.

– Sjarmen er miksen mellom landbruk og industri

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 10: 2F 22. januar 2013

FØRDE: Kort tid etter studia over-tok Trine Evjensvold ein tannkli-nikk i Oslo. No tek ho over endå ein klinikk, i heimbyen Førde.

– Det er nok mange som ser dette somvågalt. Eg ser på det som ei god investe-ring, og har mange dyktige å støtte megpå, seier tannlege Trine Evjensvold (31),som i desember starta opp bedrifta «Tann-lege Trine Evjensvold AS» i Førde.

Tek over for FletenBedrifta startar opp i Langebruvegen, ilokala til tannlege Arvid Fleten. Han harno selt bedrifta til Evjensvold, men skalframleis halde fram å arbeide ved klinik-ken, saman med Evjensvold.

– Fleten og eg går langt tilbake, han vartil og med handballtrenaren min då eg varyngre, seier Evjensvold, som også arbeiddesom vikar hos Fleten i kring fire månaderetter i årsskiftet 2011/2012.

Kjøpte Oslo-klinikkDeretter flytta ho til Oslo, og byrja å arbei-de på ein klinikk i Bogstadvegen samanmed tannlege Bente A. Gravem. Den då61-årige Gravem ønska å trappe ned, ogtilbydde då å selje klinikken som ho haddebygd opp sidan 1993, til Evjensvold. OgEvjensvold let ikkje sjansen til å få sineigen klinikk gå frå seg, sjølv om det varberre eit år etter ho byrja som tannlege.

– Det var eigentleg ikkje noko vanskelegval. For ho vil halde fram å arbeide på kli-nikken ei stund til, og eg vil framleis hahennar erfaring å støtte meg på, seierEvjensvold.

... og Førde-klinikkOg når ein tilsvarande moglegheit ogsåopna seg i Førde, gjekk det ikkje lenge førho sat som eigar av to tannklinikkar. Imånadssjiktet desember-november kjøpteho Arvid Fleten sin klinikk, klinikken hovar vikar hos for berre litt over eit år sidan.

– Fleten ville også trappe ned, vi snakkasaman, og eg kjøpte og tok over bedrifta,seier Evjensvold, som no kjem til å skiftepå å jobbe i Oslo og Førde. Ho ser for segå jobbe to veker i Førde, og seks veker iOslo.

Og sjølv om mange kanskje ser dei tooppkjøpa som vågale, ser Evjensvold sjølvpå dei som ei fornuftig investering.

– Det er eit veldig godt jobbmiljø iFørde, og eg trivest med å jobbe der, seiertannlegen, som fortel at det også er einfordel i oppstarten at begge dei ho harkjøpt av vil halde fram å arbeide samanmed ho.

– I Førde er planen no at Fleten skalhalde fram å jobbe i to-tre år til, seier ho.

Og med pendling mellom Oslo ogFørde, har ho enno ikkje bestemt seg omho med tida vil flytte tilbake til Førde, ellerom ho blir i Oslo. No konsentrerer ho segprimært om dei to bedriftene sine.

– Men det går veldig greitt i Oslo, og egtrur det også kjem til å gå greitt i Førde,seier tannlegen.

Idar Stadheim tekst

Bit seg fast i Førde

TO KLINIKKAR: Trine Evjensvold (31) kjøpte i månadsskiftet desember-november Arvid Fletens sin klinikk i Førde. Kort tid i forvegenhadde ho kjøpt ein klinikk i Oslo, og no skal ho skifte på å arbeide begge stader. Foto: privat

24 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Page 11: 2F 22. januar 2013

Tannlege Arvid Fleten ernøgd med å ha fått einarvtakar til klinikken.

– Det var då ho i fjor var vikarfor meg at vi byrja å snakke omdette, seier tannlegen.

Fleten har vore tannlege iFørde sidan 1980. Den gangbyrja han i eit lokale ved Gril-len, der han blei verande til1995. Deretter flytta klinikkentil Langebruvegen, der denframleis ligg i dag.

63-åringen har eit hopetal avrotfyllingar og boringar bak seg,men fortel at han enno teknokre år i arbeidslivet før hanpensjonerer seg heilt.

– Planen er no at eg skalhalde fram som før, og så skalho ta over gradvis, seier Fleten,som er nøgd med at det no erlokale krefter som har kjøpt seginn i bedrifta.

– Det er dei siste åra eg hartenkt på å trappe ned. Her i fyl-ket er det ikkje så lett å seljepraksisar, og det er avhengig av

at ein finn nokon tek gradvisover, og ofte er det då vikaranesom er innom som ein måvende seg til, seier Fleten.

Det at Evjensvold opphavleger frå Førde, trur han hjelperbåde han og ho.

– Det er hjelper jo at ho harrøter herifrå, det er langt betreenn at det kjem ein kjøparutanfrå. Eg trur elles at ho tekover ein bra modernisert prak-sis her på huset, seier han.

– Bra å få lokale som tek over

FÅTT ARVTAKAR: Arvid Fleten har vore tannlege i Førde sidan 1980. No trappar han gradvis ned, med Trine Evjens-vold som sin arvtakar. Foto: Idar Stadheim

Fleten og eg går langt tilbake,han var til og med handball-trenaren min då eg var yngre.

Trine Evjensvold

NOVEMBER 2012

ADVOKATFIRMA ASBJØRN LØVIK MNA (ENK)▶ FørdeAdvokatverksemd, juridisk tenesteyting.Innehavar: Asbjørn Nordstrand Løvik

ANDERS EIKÅS (ENK)▶ VassendenJordbruk og sagbruk, der jordbruk vil værehovudverksemda.Innehavar: Anders Eikås

ARILD BOLSET FYSIOTERAPI (ENK)▶ StrynPrivatpraktiserande fysioterapeut med kommu-nalt drifttilskot.Innehavar: Arild Eikenes Bolset

ARILD TISTEL HOLDING AS▶ FørdeInvestering i aksjar, verdipapir, eigedom og andreverksemder.Aksjekapital: 200.000 krStyreleiar: Arild Tistel

ARVID BJØRVIK AS▶ BygstadTømrararbeid, oppføring og vedlikehald/rehabili-tering av bygg.Aksjekapital: 30.000 krArvid Hilmar Bjørvik, dagleg leiar

ASBJØRN FURE (ENK)▶ StrynTømrar, nybygg og rehabilitering.Innehavar: Asbjørn Fure

ATLE ØDEGÅRD (ENK)▶ LusterSnikkarverksemd og traktorkøyring, transport,import, og sal av varer.Innehavar: Atle Ødegård

BJØRLO TRAFIKKSKULE AS▶ NordfjordeidDrive trafikkopplæring.Aksjekapital: 30.000 krTorill Evy Beitveit Bjørlo, dagleg leiar

CARING SOLUTIONS AS▶ HøyangerUtvikling og sal av automatiserte systemAksjekapital 30.000 kr Jøran Sandvoll, dagleg leiar

ERLING EGGUM AS▶ ÅrdalstangenKjøp og sal av verdipapir og aksjar, samt investe-ring i fast eigedom.Aksjekapital: 1.000.000 krStyreleiar : Erling Eggum

FARSUND CONSULT AS▶ FlorøUtleige av personell og vikartenester innanforkontor og administrasjon.Aksjekapital: 30.000 krJorunn Laila Farsund, dagleg leiar

Nye bedrifter

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Page 12: 2F 22. januar 2013

Nye bedrifterFASADEVASK AS▶ Hellevik i FjalerReingjering av bygningar utvendig og inn-vendig, samt industrielt reinhold av pro-duksjonslinjer og anlegg i næringsmiddel-bedrifter.Aksjekapital:30.000 krTerje Hatlem, dagleg leiar

FL EIGEDOM AS▶ StrynOppføring og utleige av bygg.Asksjekapital: 1.000.000 krStyreleiar: Arild Hugleik Bødal

GRETES AS▶ StrynKjøp, sal og utleige av varer og tenester.Aksjekapital: 30.000 krGrete Lovise Håheim, dagleg leiar

GRIND AS▶ FlorøDeltaking i andre verksemder, samt sal avrådgjevings- og andre tenester.Aksjekapital: 30.000 krBjørn Erik Hollevik, dagleg leiar

GROV VASSVERK SA▶ StrynOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSkaffe medlemane drikkevatn av bestmogleg kvalitet og kvantitet.Egil Sæbø, dagleg leiar

INDRE ISANE SKOGSBILVEG SA▶ BremangerOrganisasjonsform: SamvirkeføretakBygge og vedlikehalde ein skogsbilveg fråRabben over bruk 110/3, 110/4, 110/1,111/1 til Kvitlevadet. Veglaget har som for-mål å redusere andelseigarane sine kost-nader til uttransport av tømmer og å gjereskog i vegens nytteområde tilgjenelig foraktiv skogforvaltning.Kjell Einar Sandal, daglig leiar

INVID AS▶ Sande i SunnfjordUtvikling, sal og vedlikehold av datapro-gramvare, og å drive konsulentverksemdAksjekapital: 600.000,00Mariann Nistad, dagleg leiar

JOSTEDALSBREEN ADVENTURE ANNEKJOS-WENJUM ARMAS (ENK)▶ StrynOpplevingar ved Jostedalsbreen, vandring,sykling.Innehavar: Anne Kjos-Wenjum Armas

LEIV AUSTRHEIM EIGEDOM AS▶ SandaneEigedomsselskap for lokal bensinstasjons-drift.Aksjekapital: 57.000 krLeiv Arne Austrheim, dagleg leiar

LÆRDAL NÆRINGSUTVIKLING AS▶ LærdalArbeide aktivt for å fremje næringslivet iLærdal. Selskapet skal utforme planar fornæringsutviklingsarbeidet i Lærdal kom-mune og ha ansvar for å sette i verk pla-nane. Desse planane må i naudsynt under-

strening vere godkjent av kommunen i trådmed kommunelova sine reglar.Aksjekapital: 455.000 krStyreleiar: Jan Geir Solheim

MARIANN AS▶ Sande i SunnfjordÅ eige aksjar og drive investering i andreselskap, samt yte lån til andre selskap.Aksjekapital: 30.000 krMariann Nistad, dagleg leiar

MONICASALONGEN AS▶ Vik i SognDrift av frisørsalong. Aksjekapital: 30.000 krMonica Feidje Midlang, dagleg leiar

MÜLLER BAKERI (ENK)▶ BalestrandBakeri med butikksal.Innehavar: Stefanie Müller

MURARFIRMA O.O AS▶ StongfjordenMurararbeid.Aksjekapital: 30.000 krOnar Ståle Osland, dagleg leiar

NORD AUKSJON V/JOHNNY STEN NORD(ENK)▶ FørdeKjøp og sal av antikviteter, kommisjons-handel og auksjonsforretning knytt til anti-kviteter, dødsbo m.m.Innehavar: Johnny Sten Nord

ODUN AS▶ FørdeHoldingselskap for aksjar i andre verksem-der.Aksjekapital: 51.000 krStyreleiar: Oddvar Steinar Huseklepp

PETRA TRÅKLETRÅD JANNE HAUGENES(ENK)▶ FlorøSaum av bunad, sal av tilbehør.Innehavar: Janne Haugnes

REGNSKAPSSENTRALEN AS▶ FørdeSelskapets verksemd er revisjon, regn-skapsføring og konsulentbistand.Aksjekapital: 500.000 krKåre Lunde, dagleg leiar

RENUR AS▶ SandaneDrift av gatekjøkken samt import av klede.Aksjekapital: 30.000 krDamira Shaidullina, dagleg leiar

ROY-LASSE TORHEIM (ENK)▶ NordfjordeidProduksjon av ved og sauehald.Innehavar: Roy-Lasse Torheim

SAMEIGET HOLTEN II▶ NordfjoreidOrganisasjonsform: EigarseksjonssameigeStyreleiar: Hildegunn Helleset

SANDE VASSVERK▶ SandaneOrganisajonsform: Selskap med avgrensaansvarForsyne medlemmene med vatn.Styreleiar: John Andreas Sande

SIVILINGENIØR IVAR BJARTE NORD AS▶ NordfjordeidRådgivende ingeniørtjenester og investe-ringar.Aksjekapital: 30.000 krIvar Bjarte Nord, dagleg leiar

SJA BLACKSMITH AS▶ SeljeInvestering i aksjar og verdipapir, sal avkonsulenttjenester tiloffshoreverksemd, utvikling, kommersiali-sering og sal av avtalar knytt til metall ogmineralar, drive mekansik småindustri.Aksjekapital: 200.000 krStein Jørund Amdam, dagleg leiar

SMIEBAKKEN AURLAND AS▶ AurlandInvestering, kjøp og sal (omsetning), utvik-ling av eigedomar. Sal av tenester sominngår i kompetansen.Aksjekapital: 30.000 krMagne Forberg, dagleg leiar

SOGN PIPEREHABILITERING EIGEDOM AS▶ SogndalKjøp, sal og utleige av fast eigedom, hytter,tomter og investeringar i tilknyting tildette.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Bent Johnny Bäckström

STUDIO GLIMT AS▶ MåløyFramstilling/sal av fototjenester.Aksjekapital: 30.000 krKristin Audardottir Oldeide, dagleg leiar

SUNNFJORD SKOG AS▶ FørdeMekanisert skogsdrift med hogstmaskin oglassbærar.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Martin Braanaas Kleppe

T. NYGÅRD (ENK)▶ StårheimVarehandel av frukt, grønsaker, poteterm.m. engros og detaljhandel.Innehavar: Terje Nygård

TAKK FOR HANDELEN AS▶ FørdeSal av reklame og kjemiprodukt.Aksjekapital: 30.000 krStian Solheim, dagleg leiar

TRUDE SUSANN HOVE (ENK)▶ SeljeFrisør.Innehavar: Trude Susann Hove

V.P PETERS SNEKKERSERVICE (ENK)▶ StavangSnikkar/tømrar.Innehavar: Vitali Peters

VEST LANDBRUKSTENESTER SA▶ StrynOrganisasjonsform: SamvirkeføretakSkaffe avløysing slik at medlemene fårregelmessig fritid, avlasting i onnetider ogavløysing under sjukdom.Knut Sigurd Gald, dagleg leiar

VIMECO AS▶ Sande i SunnfjordKjøp og sal av anleggsmaskiner og annamaskinutstyr.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Beate Varlid

DESEMBER 2012

ALEXANDER VELTHUIJS (ENK)▶ LusterTømrararbeid, kjøp og saa av bygningsma-teriell.Innehavar: Alexander Ronald Emile Velthu-ijs

ATLØY INVEST AS▶ AskvollKjøp av tomter, utbygging av eigedom,utleige av bustader.Kapital: NOK 30.000,00Styreleiar: Thomas Lervåg

BALESTRAND TRENINGSSENTER AS▶ BalestrandÅ etablere og drive treningsssenter i Bale-strand.Aksjekapital: 255.000 krÅge Skrede, dagleg leiar

DOMSTEIN MÅLØY▶ MåløyDrift av industriell filetproduksjon, her-under pakking av kvitfisk ogpelagisk fisk.Aksjekapital: 200.000 krRolf Steinar Domstein, dagleg leiar

DOMSTEIN RAUDEBERG AS▶ MåløyDrift av fryselager og import og handel avfisk.Aksjekapital: 200.000 krRolf Steinar Domstein, dagleg leiar

26 TYSDAG 22.01.   2013TEMA NÆRINGSLIV

Grind AS. Bjørn Erik Hollevik.

Page 13: 2F 22. januar 2013

DOMSTEIN TRONDHEIM AS▶ MåløyHandel med fersk fisk fra eksterne leveran-dørarAksjekapital: 200.000 krRolf Steinar Domstein, dagleg leiar

ELSE SKÅR INVEST AS▶ Dale i SunnfjordInvestere i andre selskap, aksjar og eige-dom.Aksjekapital: 30.000 krElse Marie Skår, dagleg leiar

FINT AS▶ LusterSal av gull- og sølvartiklar, samt andre pro-dukt som naturlig høyrerinn under hus og heim.Aksjekapital: 32.000 krMarit Stokkebø Solakovic, dagleg leiar

FREDDY ULLTANG AS▶ FørdeVed aksjeeige, aksjeteikning eller på annanmåte delta i andre verksemder.Aksjekapital:800.000 krStyreleiar: Freddy Ulltang

FØRDE BILBERGING AS▶ FørdeBerging og reparasjon av transportmidlar.Aksjekapital: 200.000 krArild Tistel, dagleg leiar

GJERMUND HØGHEIM (ENK)▶ LeikangerSmåbrukar/gardsbruk med sauehald.Innehavar: Gjermund Høgheim

HANDELSHUSET BOLIGER AS▶ FørdeDrift av fast eigedom.Kapital: NOK 30.000,00Styrets leder:Styreleiar: Harald Indresøvde

HESTENES KRAFT AS▶ GloppenProduksjon og sal av kraft.Aksjekapital: 227.920 krSteffen Hestenes, dagleg leiar

HUT AS▶ StrynKjøp, sal, utleige av helikopter.Aksjekapital: 945.351 krStyreleiar: Lars Henry Kveen

KAFÈ ØYRI AS▶ Vik i SognDrift og utvikling av kafe, pub,selskapslokale, catering og event/arrange-ment, samt kursverksemd og konsulentbi-stand.Aksjekapital: 40.000 krBrita Linn Thiparksorn Fretheim, daglegleiar

KAUPANGER HOVEDGÅRD HOLDING AS▶ SogndalKjøp og sal av verdipapir, aksjar, eigedom.Aksjekapital: 30.000 krStyreleiar: Nils Joachim Knagenhjelm

KILI EQUITY AS▶ FørdeDrive forvaltning av kapital ved investeringi aksjar og verdipapir.Aksjekapital:30.000 krOle Rune Døskeland, dagleg leiar

KIRKHORN HOLDING AS▶ HornindalInvestering og kapitalplassering i fast eige-dom og aksjar, herunder eige og forvalteeiendom og aksjar.Aksjekapital: 115.956 krStyreleiar: Anne Aasgaard Kirkhorn

L & H BYGG AS▶ AskvollKjøp og sal av eigedom, oppføring av bygg.Aksjekapital: 100.000 krJan Arne Lilletofte, dagleg leiar

LINDSTRØM EIENDOM AS▶ LærdalEige, drive og leige ut fast eigedom.Aksjekapital: 49.900 krStyreleiar: Britt Isdal

MERMAID DRIFT AS▶ VågsøyUtleige av skip og utstyr.Aksjekapital: 30.000 krPer-Kåre Navekvien, dagleg leiar

NLINK AS▶ SogndalFramstilling av styringssystem for robotar.Aksjekapital: 100.000 krStyreleiar: Jørgen Frenken Borgesen

NORDFJORD DRIFT AS▶ NordfjordeidSelskapet skal drive innan servicenæring,

det vere seg butikkdrift; bensinstasjondrift,og anna servicenæring.Aksjekapital: 90.000 krJan-Ole Haus, dagleg leiar

NORDFJORD INSTALLASJON AS▶ LoenElektrisk installasjon, handel, agentur.Aksjekapital: 100.000 krFinn Arve Hoem, dagleg leiar

OSLAND GARD AS▶ HøyangerNaturterapi, rekreasjon, kursverksemd,diverse utleige, byggeverksemd, jordbrukog skogbruk, samt kjøp, sal og utleie avfast eigedom.Aksjekapital: 30.000 krGudny Osland, dagleg leiar

SAMEIE HOVSMARKI I OG HOVSMARKI II▶ SogndalEigarseksjonssameigeJohannes Arnstein Thaule, styreleiar

SAMEIET AMONDA VISTA▶ MåløyEigarseksjonssameigeStyreleiar: Marit Sølvi Otneim

SAMEIGE HJELLEGATA 5 OG 7▶ FlorøKommune: 1401 FLORAEigarseksjonssameigeStyreleiar: Renate Bjerk

SKIVEBAKKEN 12 AS▶ Dale i SunnfjordInvestere i eigedom og stå for drift avdesse.Aksjekapital: 150.000 krJostein Sylta, dagleg leiar

SOGNEFJORD YACHTS AS▶ GulenKysttrafikk i Norge.Aksjekapital: 30.000 krKjetil Hantveit, dagleg leiar

STRYN HYTTESERVICE AS▶ StrynSal av vaktmestertenester til hytteeigarar.Aksjekapital: 30.000 krAtle Loen, dagleg leiar

SULEINTERESSENE AS▶ SolundKjøp og sal av aksjar.Aksjekapital: 500.000 krStyreleiar: Svein-Tore Eide

SVIDAL VASSVERK SA▶ JølsterOrganisasjonsform: SamvirkeforetakBygge, eige og drive vassverk i Svidalen, formedlemane. Vassverket skal levere vatn itråd med kvalitetskrav og forskrifter. Driftaav selskapet skal baserast på sjølvkostprin-sippet med allmennyttig formål somgrunnlag.Styreleiar: Egil Magne Svidal

SØRSIDA BEITELAG SA▶ NaustdalOrganisasjonsform: SamvirkeforetakSamle beitebrukarar innanfor området for ifellesskap å leggje forholda til rette forbest mogeleg å utnytte utmarksbeite,redusere tap av dyr og sikre dyra si velferdgjennom organisert tilsyn, organisert san-king og andre målretta fellestiltak.Styreleiar: Magnar Sigurd Espeland

TANNLEGE TRINE EVJENSVOLD AS▶ FørdeDrift av tannlegeklinikk.Aksjekapital: 30.000 krTrine Evjensvold, dagleg leiar

TOKIN AS▶ FlåmInvestering i fast eigedom.Aksjekapital: 60.000 krKjell Tokvam, dagleg leiar

VADHEIM BENSIN OG SERVICE AS▶ HøyangerTilby tenester innan vanlig bensinstasjons-drift.Aksjekapital: 30.000 krFrode Høyvik, dagleg leiar

VIEBAKKANE BUSTADSAMEIGE▶ FørdeOrganisasjonsform: EierseksjonssameieStyreleiar: Kirsti Solheim

ØVRE-FLO PROSJEKTUTVIKLING AS▶ StrynOppføring av bygg for sal, sal av handver-kartenester, sal av varer, utleige av maski-ner og utstyr, samt sal av konsulenttenes-ter innanfor prosjektleiing ogforretningsutvikling.Aksjekapital: 30.000 krJon Gudbrand Kveen Øvre-Flo, dagleg leiar

TYSDAG 22.01.   2013 TEMA NÆRINGSLIV

Sunnfjord Skog AS. Martin Braanaas Kleppe.