28

2 Kyrkjelydsblad for Fjalerfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/Fjaler_kyrkjeblad... · 2015. 7. 24. · gruppebilde, for han som var hyrt til den oppgåva, hadde gløymt å setje

  • Upload
    others

  • View
    5

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Sitting Bull er kanskje den mest berømte av alle indi-anarar – mykje på grunn av sin klokskap og sitt mot. I siste halvdel av 1800-talet var han den samlande leiaren for fleire indianarstammar. Det var planlagt at jernbanen skulle gå gjennom jaktmarkene til indi-anarane. Sitting Bull tok med seg 500 krigarar til Yellowstone-elva for å snakke med myndigheitene. Då dei kvite såg alle indianarane, rekna dei med at han ville krige, og begynte å skyte. Dei kvite soldatane var i dekning, medan indianarane stod heilt ubeskytta. Sitting Bull var avventande, men krigarane hans ville vise at dei var modige. Dei tykte Sitting Bull var feig. Difor rei dei utan ordre rett mot fienden og mange av dei blei skotne

    Sitting Bull skjøna at han måtte gjere noko, elles ville altfor mange miste livet. Plutseleg reiste den store indianaren seg. Den digre fjærpryden gjorde han godt

    synleg for fienden. Han la våpna sine på bakken, tok med seg ei fredspipe, og gjekk ut på sletta mellom indianarane og soldatane.

    Midt ute på sletta sette Sitting Bull seg, og tente pipa, langsamt og avslappa. Etter ei stund, kom nokre av krigarane hans og delte pipa med han. Medan kulene slo i bakken rundt dei, reinsa Sitting Bull pipa, og gjekk roleg tilbake med indianarane sine.

    Dette overgjekk alt. Verkeleg modig gjort!

    Sitting Bull levde heile livet med ein stadig trussel om krig. Han kunne drepe både frå hesteryggen og på bakken. Men det største og modigaste han gjorde var likevel då han satt slik på slagmarka utan våpen. Han våga livet og viste stort mot.

    Det er ikkje berre i krigar det finst slagmarker. På skulen og arbeidsplassen kan stygge ordkrigar utvikle seg, og mange vil vinne. Det kan til og med bli verkel-ege slåstkampar. Men minst like ille og kanskje meir vanleg er den usynlege undertrykkinga. Somme vil dominere og bestemme over andre, og nesten alltid er det nokre som blir offer.

    Altfor sjeldan er det menneske som Sitting Bull, som har mot til å legge ned våpna. Slik som han våga å gå rett inn mellom dødelege kuler, trengst det menneske som tek sjansen på å bli såra og utskjelt – for å vise vegen til fred.

    Mot er ikkje å slå hardast eller få siste ordet, men å våge å stå opp for det gode – også når det ubehagel-ege skjer.

    I Efesarbrevet står det: Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. Ef 6,16

    Jesus blei frivilleg tatt til fange, torturert og drept, trass at han hadde makt til å overvinne sine fiendar. Han viste oss meir tydeleg enn alle ord kven Gud er. Måtte han utruste med sin kjærleik i kampen mot vondskapen. Måtte han gje oss mot til å gå med tilgjeving der det er hat- og hemntankar.

    Knut Arne Kummeneje

    Den vise tåler å bli utskjelt for å vise vegen til fred

  • Innsamlings-rekord i FjalerNår innhaldet i fastebøssene var talt opp i banken og beløpa summert var resultatet kr 43 023. Det er ny rekord for Fjaler. Hjarteleg takk til alle som gav pengar til Kirkens Nødhjelp! Hjarteleg takk til kon-firmantane, soknerådsmedlemer og andre vaksne som gjekk med fastebøsse rundt om i heile Fjaler.På solidaritetskonserten i Dale kyrk-je vart det innsamla ytterlegare kr 2 590 til Kirkens Nødhjelp.

    Dåpsskule for 6-åringarI september inviterer kyrkja i Fjaler 6-åringar til å vere med på dåps-skule. Tema er ”Jesus og bøn” og ”Jesus og nattverd”. I opplegget har vi fokus på gudstenesta der 6-åringane skal øve på salmane til gudstenesta, og å gå til nattverd, og høyre om spennande fortelj- ingar frå Bibelen..

    4-årsbokaAlle 4-åringane i Fjaler blir invitert til ei laurdagssamling 14. novem-ber i Dale kyrkje. Borna får høyre ei forteljing frå Jesu liv, vi øver på songane/salmane til gudstenesta, og også på å gå i prosesjon med utdeling av 4-årsboka. Boka blir delt ut i Dale kyrkje søndag 15. november. Etter gudstenesta er det samling for heile familien med "orgelbrus", pølser, kaker og kaffi. I Guddal og ytre Fjaler vil det bli delt ut bok i lysmessene i desember.

    Internasjonal gudsteneste på TV-aksjonsdagen!18. oktober vert det halde soli-daritetsgudsteneste i Dale kyrkje,

    der studentar og tilsette ved United World College deltek saman med mellom anna konfirmantar. Foku-set er temaet for TV-aksjonen; og innsamlinga til Regnskogfondet. I gudstenesta deltek både kon-firmantar og UWC-elevar med musikk og song. Etterpå vert det samling på kyrkjelydshuset Ljosheim der UWC-elevar medverkar. Det blir servering av kaker og kaffi. I Fjaler er vi så privilegerte at vi har ei lita verd med mange nasjonal-itetar buande rett ved sida av oss. Då er det kjekt å kunne samlast av og til og kjenne at vi høyrer saman!

    Bilete til kyrkjebladetDet er mykje som skjer i kyrkje-lydene våre. Har du teke bilete av kyrkjelege handlingar, aktivitetar med trusopplæring eller kor, kyrk-jebygg i solnedgang, osv? Vi tek gjerne imot bilete som kanskje kan brukast i bladet, og oppfordrar spesielt folk i Guddal og Ytre Fjaler til å sende inn. Send bileta i full storleik til [email protected]. jt

    Framsidebileteviser årets konfirmantkull i Dale kyrkjeFramme, frå venstre: Elise Hov-land, Marina Solheim Hjartholm, Jannike Kathrin Solheim, Hannah Christine Baust Erdal.

    2. rekkje, frå venstre: Amalie Eide Dale , Maren Johansen Myklebust, Pernille Nedrebø, Emilie Høyvik Hjartholm.

    3. rekkje, frå venstre: Spesialprest Knut Arne Kummeneje, Daniel Alex-ander Kingngam Skadal, Nikolai Ullebø Skår, Phanuwat Jarstad, Mathias Hugøy.

    4. rekkje, frå venstre: Halvor Hat-lebrekke Øen, Trym Helle, Martin Sollesnes Kummeneje.

    5. rekkje, frå venstre: Harald Nyland, Jens Alværvik, Håkon Hau-gen Svardal, Heiki Eemeli Markka-nen Hauge.

    Konfirmasjonsbilete frå Guddal er på siste sida i bladet. Det var ikkje konfirmantar i Ytre Fjaler i år.

    Kyrkja i Fjaler er på Facebook:https://www.facebook.com/FjalerKyrkjaHeimeside: www.fjaler.kyrkja.no

    Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

    På kyrkjebakken

    Innhogging av nye namn og oppfrisk-ing av skrifta på gravminne.

    Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid.

    Ta gjerne kontakt!

  • 4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Dei annleis konfirmantaneMykje vart annleis for konfirman-tane i Dale i 1964. Ikkje fekk dei vere i kyrkja, ikkje tok dei skikkeleg bilde, og ikkje hadde dei 50-års-fest. I staden vart det 51-årsjubile-um.

    Når dei først kom saman siste hel-ga i april, var gjensynsgleda stor. Fleire hadde knapt sett kvarandre på desse 51 åra. Nokre kom lang-vegs frå, andre var på heimebane. Fem av sju konfirmantar frå Guddal var med på, og av dei seks attle-vande konfirmantane frå Flekke krins, var fem på samlinga.

    Sokneprest Karl Otto Paulsen, som nyleg gjekk bort, 90 år gammal, hadde 47 konfirmantar i Dale dette året. Sju av dei har gått bort, og 27 av dei 40 attlevande møtte. I

    kyrkja song Leif Gunnar Igelkjøn, akkompagnert og assistert av Mark Taylor den mektige "You’ll never walk alone". Sokneprest Lilja Kristin Thorteinsdottir heldt ei god preike over ein vanskeleg evangelietekst.Når dei ikkje fekk ha konfirmas-jonen i kyrkja, hang det saman med at den var under oppussing og restaurering til 100-årsjubileet seinare på året. Konfirmasjonen fann stad i gymnastikksalen på ungdomsskulen, der scena romma både preikestol og alterring. Og frammøtet av familie, venner og bygdefolk var godt, nett som det plar vere i kyrkja.

    Mellom orda som vart lesne den dagen, og som er like aktuelle i dag, var desse: "Herren han følgje dei alle, og han jamne vegane for

    kvar einskild, så dei kan nå fram til sitt himmelske mål"

    Konfirmasjon og fotografering høyrer saman. Slik også i 1964, men det vart aldri noko skikkeleg gruppebilde, for han som var hyrt til den oppgåva, hadde gløymt å setje film i apparatet.

    Men dette la ikkje nokon dempar på samlinga no. Laurdagen i mid-dagstida ønskte Kari Heier Nistad dei velkomne til Dingemoen skule med omvising. Dei var to klassar, med til saman 34 elevar i kullet, og dei heldt til i den gamle murbygnin-gen. Nyeskulen kom først i 1971.

    Seinare gjekk turen til ungdomssku-len, der ein av konfirmantane, Ola Sande, no er rektor og viste rundt.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

    Framme f.v. Inger Johanne Kalstad Myklebust, Oddrun Samdal Skadal, Hildegunn Løseth Stigedal, Målfrid Bortheim Skagen, Anne-Britt Myklebust, Jorunn Buttedal Solheim.2.r.f.v. Svein Nistad, Johanna Loneland Myklebsut, Kari Heggheim Hestvik, Alma Standnes Løvfald, Grethe Høyvik Bellen, Karen Barsnes Kvamme, Kari Stenseth Rennestraum, Aslaug Håland.3.r.f.v. Leif Gunnar Igelkjøn, Mathias Øen, Torbjørn Bjergene, Kristian Terje Risting, Aage Ness, Gerd Inger Dørhellen Korsell, Kari Fagerheim.Bak f. v. Knut Norddal, Ola Sande, Per Nistad, Reidar Langeland, Magne Guddal, Svein Kalstad, Odd Magne Løseth, Atle Ulvedal, Arvid Kjøsnes, Nils Nitter, Tor Solheim. Foto: Atle Lyngstad Ness

    Smakebiter fråNorsk Salmebok 2013Bak i den nye salmeboka ligg Norsk bønebok. Der finn du både gamle og nye bøner, samt den vesle katekisma og nokre enkle liturgiar som kan brukast i ulike anledningar.

    Det livsstykket eg enno har attGud, du bur i æva, berre med deg kan eg tala ope om den kjære som du har kalla heim til deg. Du lyttar tolmodig. Dagar og veker går, andre menneske lever sitt liv som vanleg, men ingen ting kan fylla tomrommet for meg. Hjelp meg å bera einsemda og i takk minnast alt vi hadde saman. Men lat meg ikkje bli sittande fast i minna, lat meg ta vare på det livsstyk-ket eg enno har att, og dei menneska eg har omkring meg. Sei til meg at venen min er hos deg i glede og fred, og at også eg eingong kan få koma dit!Etter jødisk bøn. O. Svein Ellingsen/Oskar Stein Bjørlykke

    Når eit ufødt barn døyrGud, ta imot vår vesle som aldri vart født levande. Berre du kjenner henne eller han. Du kjenner også oss og veit at vår glede var stor i ventetida, og at sorga no er tung. Ta imot oss med vårt sinne, vår sorg og vår smerte. Omgjev oss med din lækjedom, du som kjenner både levande og døde.Caroline Krook. O. Kyrkjerådets arbeidsgruppe for Bønebok (2002)

    Holder du rundt meg?Holder du rundt meg, Gud – selv når jeg bruker mine siste krefter på å holde meg sammen? Og hva om jeg ikke greier det – finnes du fremde-les i alt det som da raser sammen? Er det likevel slik at troen, håpet og kjærligheten aldri blir borte, selv om de nå kjennes lengre borte enn alt annet?Kjetil Hauge og Paul Erik Wirgenes

    Jeg finner ingen ordJeg finner ingen ord, Herre.Jeg kan ikke få fram noe å si.Jeg strekker barearmene mot degsom et barnog gråter.Christel Wagner. O. I ditt nærvær (2000)

    Samlinga heldt fram med mat og mimring på Allmuen, før dei runda av med samling i "Trudvang" med dans til musikk av Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb.

    Gudstenesta søndagen fall nøyak-tig på konfirmasjonsdagen, 26. april. Vi har ikkje fått det stadfest sikkert, men kanskje var dette første kullet i Dale som hadde konfirmas-jon om våren. Og sidan dei venta med feiringa til 51 år hadde gått, er det berre ni år til neste gong. Også det litt annleis, då dei fleste feirar med 10 års intervall.

    Atle Lyngstad Ness

  • 6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Vandring gjennom påskaKvart år inviterer vi barn frå 3. klasse til å oppleve påskehistoria gjennom rollespel. Her er den kjekke gjengen som var med på dette i Dale i år. Sidsel Anita Itland og Knut Arne var leiarane.

    Inntoget i Jerusalem. Jesus kjem ridande på eit esel. Folket syng: «Hosianna, Davids Son, velsigna vere han!»

    Skjærtorsdag et Jesus påskemåltidet saman med læresvein-ane. Han deler ut sin kropp og sitt blod.

    Judas forråder Jesus med eit kyss. Judas har det ikkje godt med seg sjølv etter dette.

    Jesus vaskar føtene til læresveinane. Dei har gått langt og treng ein vask. Han vil vise at ein konge også kan vere ein tenar. Sånn skal menneska tene kvarandre.

    Jesus er redd for å dø, og ber om å få slippe lidinga. Han ber læresveinane om å hjelpe og støtte han. Men dei berre sovnar frå heile greia.

    Jesus blir tatt til fange.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

    Vandring gjennom påska

    Påskemorgon kjem kvinnene til grava for å salve og stelle kroppen til Jesus. Då fortel ein engel at Jesus har stått opp av grava. Han lever!

    Folket med leiarane sine, prestar og skriftlærde, ropar at Jesus må døy. Jesus blir så krossfesta.

    Læresveinane blir redde, og gøymer seg. Dei er redde for å bli tatt til fange dei også, sidan dei har vore å mykje saman med Jesus

    Då kvinnene og læresvein-ane møter den oppstadne Je-sus, fell dei på kne og tilber han. Jesus sei-er: «Fred vere med dykk. Min fred gjev eg dykk!»

    Etter at Jesus er død, blir han tatt ned av krossen, og lagt i grava.

    Jesus blir ført fram for Pontius Pilatus, som i Israel representer-er keisaren i Romarriket. Pilatus tykkjer Jesus er uskuldig, men blir redd for at det skal bli bråk i Jerusalem. Difor let han folket bestemme om Jesus skal døy.

    Foto

    : Joy

    Tay

    lor

  • 8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Dei to gravfelta nær elva, felt G og felt H er stengde for gravlegging med unnatak av dei gravene som er tinga/reserverte. Stenginga gjeld til omregul-eringa er gjennomført.

    Dale kyrkjegard er "hardt pressa" og i 17 år har ein venta på ein avlastings-gravplass. Kyrkjegarden treng å omregulerast der ein god del graver inn til murar og vegar må gå ut, samt at gravstorleiken må aukast. Auke ei grav frå 1,20m x 2,40m og mindre, til opp mot det som er gravstorleik på nye graver i dag, 1,50m x 3,00 m.Alle gravfelta på kyrkjegarden bør nok ikkje stengast før ein har ein avlastings-gravplass, men som alle kan sjå er særleg desse to felta ned mot elva heilt "fylte" av gravminne.

    Felt G og H på Dale kyrkjegard må få utarbeidd nytt gravkart – to felt der omregulering hastar på grunn av følgjande:

    Ü Gravrekkjer mot elva er plassert for nær muren – stor fare og utfordring ved graving med maskin, då særleg vinterstid i skråninga.

    Ü Graver langt inn i vegen – øvste rekke særleg i felt G.

    Ü Store problem med utrasing av masse ved opning og lukking av grav i dei to-tre øvste gravrekkene.

    Ü Einskilde graver er under min-stemål for grav 1,20m x 2,40 m

    Stenginga gjeld dei få ledige gravene samt gjenbruk av brukte graver. Graver som er tinga/reservert: 36 stk. vert nytta når det er behov for dei.Stenginga varer til felt G og H er fer-dig omregulert til større graver – truleg til år 2040. Soknerådet gjorde vedtak om stenging 3. mars 2015.

    To gravfelt er stengde på Dale kyrkjegard

    1997 Fjaler kyrkjelege fellesråd mel-de inn til kommunen behov om tillegg-sareal til kyrkjegarden i Dale. Det er behov for nytt gravareal for å kunne få omregulert eksisterande kyrkjegard der gravene ligg for tett, samt at det er graver for tett på vegar og murar.

    1997 Kyrkjegardskonsulenten var i Dale på synfaring.

    • Tilrårsnarlegutviding.• Peikapåarealetpåmotsattsideav

    Storelva som det einaste området i nærleiken som synest skikka for utviding – Dalsøyra - knytast saman med bru.

    • Anbefaltestengingavgravfeltpåkyrkjegarden for omregulering – gravlegge berre dei som har tinga.

    • Eindelgraverpåkyrkjegardenerunder lovbestemt minstemål.

    1997 Formannskapet ser på Ljosheimområdet som uaktuelt. Ber om at arbeidet vert konsentrert om behovsanalyse og arealbruksskisse for Dalsøyra og Klokkargarden.

    2001 Kyrkjegardskonsulenten var på ny synfaring i Dale og tilrår:

    • ateinvelDalsøyra(Øyra)tilutvid-ing av kyrkjegarden.

    • atutvidingsarbeidetvertsettigangno.

    • ateinsikrar5-6daatilutvidinga(ca.800graver).

    • atomreguleringaavdennoverandekyrkjegarden kjem i gang så snart utvidinga står ferdig.

    2002 Fellesrådet ber kommunen på nytt om å prioritere å skaffe areal til utviding av Dale kyrkjegard i samband

    med ny handsaming av arealdelen i kommuneplanen.

    2004 Kommunen lanserer arealet på Vollamyra til gravplass for første gang.Fellesrådet held fast på Dalsøyra etter å ha blitt bedt om å vurdere Dalsøyra, området rundt kyrkja og området på Steia(Vollamyra).

    2004 Fjaler kommunestyre regulerte, med knappast mogeleg fleirtal 12-11, deler av arealet på Øyra til gravplass. Dette etter at Høgre snudde og stemde for Øyra. Arbeidarpartiet stemde i mot, og i følgje avisa Firda forsto ikkje ord-føraren(AP)hastverketmedåplasseregravplassen og ville vente til rulleringa av kommuneplane våren 2005.

    2004–2015 Sterke politiske motk-refter mot gravplass på Øyra.

    NY GRAVPLASS I DALELANG NATTS FERD MOT DAG?!?

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

    Kommunen lanserer alternative areal – nokre er svært urealistiske framlegg som diverse areal nær eksisterande kyrkjegard – under vegar og parkering-splassar.

    2008 Kyrkjegardskonsulenten kjem på si tredje synfaring vedkomande utviding av kyrkjegarden i Dale. Det vart gjennomført prøvegraving på Øyra. Frå notatet til kyrkjegardskonsulenten etter besøket:

    • Kyrkjegardenerikkjeilovlegstand– ei mengde graver er for små.

    • Ikkjeubruktareal.• Ingenkanforutsiomdetvilvære

    samsvar mellom det antal graver som blir frigitt og det antal som det til ein kvar til er tid er behov for.

    • KommunensinreguleringsplanforØyra er mangelfull.

    2008 Fjaler sokneråd bed kom-munen ta omsyn til notatet frå kyrkje-gardskonsulenten.

    2008 Kommuneplan for Fjaler 2009–2019 – offentleg ettersyn: Bispedømerådet avviser tilstøytande arealtileksisterandekyrkjegard(medunnatakavØyra)somueigna."Mekan ikkje sjå at kommunen har klar gode nok alternativ til gravplass.""Bjørgvin bispedømeråd meiner kom-muneplanen ikkje på ein god nok måte møter trongen for gravplass i Dale. Me vil be om at kommunen snarast greier ut denne saka grundigare."

    2009 Arealet Vollamyra blir lansert i kommuneplanarbeidet. Bispedømerådet peiker på avstanden til kyrkja som ulempe med plasseringa. Bispedømet ber om at det vert teke omsyn til prosesjonsveg, parkering-sareal og tilkomst. Bispedømet gjer også merksam på at det skal vere ein frittståande støpul og klokke.

    2011 Kommunestyret utsette å ta avgjerd kvar gravplassen skal ligge. KS vil ha nærare utgreidd både Øyra og Vollamyra før dei avgjer lokaliserin-ga. Ei nemnd vart oppnemnt av kom-munestyret med 3 politikarar og ein representant frå kyrkja Fjaler sokneråd sin leiar Terje Halsnes. Areal knytt opp mot eksisterande kyrkjegard er framleis

    med i diskusjonen. Stort sett dei same areala som bispedømet avviste som ueigna i 2008.

    2011–2012 Landskapsarkitektfir-maet Grindaker visualiserer og vurder-er, på oppdrag frå kommunen, dei to aktuelle areala Øyra og Vollamyra.

    2012 Nemnda som soknerådsleiar Terje Halsnes var med i hadde fleir-talsframlegg for Vollamyra til møtet i kommunestyret 1.10.2012. Nemnda på fire var delt på midten vedkoman-de Øyra – Vollamyra, der leiaren si stemme avgjorde for Vollamyra.

    2012 Kommunestyret ber 1.10.2012 nemnda gå gjennom dei to alternativa med tanke på kostnadsre-duserande tiltak og ei eventuell stegvis utbygging.

    2012 Avisa Firda: "Viss ikkje vi får utsett saka, vêrar eg stemninga slik at det går mot eit fleirtal for gravplass på Øyra, seier Fjaler-ordførar Arve Helle."

    2012 Kommunestyret gjekk 12.11.2012 med 12 mot 11 røyster inn for utsetjingsframlegget frå AP og SV: "Saka vert utsett og handsama i samband med kommunedelplan for Dale." Kommunen sin sakshandsamar skriv i saksutgreiing til Kommunestyret i2012 vedkomande tidsplan at "Øyra vil kunne vere byggeklar i 2015." "Vollamyra vil kunne vere byggeklar i 2016." Vollamyra eitt år seinare enn Øyra fordi arealet der må kanskje oreignast. For Vollamyra vil det også grunna ugildskap vere behov for å kjøpe konsulenttenester til sakshandsaming og oreigning.

    2013 Oppstart av arbeidet med kommunedelplan for Dale.2013 "Det vart satt ned ei arbeids-gruppe beståande av fem politiske og eit administrativt valt medlem, samt to frå administrasjonen (arealplanleg-garar) som har vore sekretærar og prosjektleiarar for arbeidet."

    2013 Folkemøte – på nytt lanserast urealistiske småareal rundt eksisterande kyrkjegard.

    2014 Orienteringsmøte om kom-munedelplan for Dale. Nytt framlegg om lokalisering av gravplass vart lansert – fotballbana på Dingemoen.

    2015 Kommunedelplanen for Daleblirsendtutpåhøyring(frist26.5.2015)medfølgjandetilrådingfrå fleirtalet i arbeidsgruppa:

    Dingemoen "Det tilrådast å legge ny gravplass til Dingemoen"

    Øyra "Det vert ikkje tilrådd å legge gravplass til Øyra, men heller å finne ein meir egna lokalitet som ivaretek omsynet til nærmiljøet og natur-mangfaldet betre."

    Vollamyra "Det vert ikkje tilrådd å legge gravplass til Vollamyra, men heller å finne ein større og meir eigna lokalitet som krev mindre naturinngrep og infrastukturtiltak."

    2015 Kommunestyret vedtek at "Nordlege deler av Vollamyra T/B vert endra til gravstad med krav om detaljregulering."

    Det står elles følgjande i KOM-061/15 VEDTAK:"Kommunestyret viser til konsekvensut-greiinga av dei ulike alternativa av framtidig gravplass, og vil ut frå ei samla vurdering av positive og nega-tive sider slutte seg til styringsgruppa si tilråding om Vollamyra."

    Styringsgruppa er overordna arbeids-gruppa som har jobba med kommune-delplanen for Dale, og er sett saman av Ordførar Arve Helle og Nina Yndestad(AP),varaordførarMaritaSolheimogOddHelgeAase(H)ogKjartanÅsnes(SP).For ordens skuld var styringsgruppa si tilråding ikkje samrøystes men 3-2.

    2015 Kommunedelplan for Dale

    2015, nytt offentleg ettersyn med høyringsfrist 14.8.2015.

    Alle innspel frå fellesråd og sokneråd er ikkje teke med i oversynet. Det har vore skrive om gravplassaka i kyrkjebladet, og det har òg vore ei rekkje avisoppslag i Firda om gravplasslokaliseringa i Dale.

  • 10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Dei nominerte til Fjaler sokneråd 2015 – 2019

    1. Terje Roald HalsnesBonde/hjelpepleiar6963 Dale55 årRelevante erfaringar: Leiar i Fjaler sok-neråd. Medliturg i Dale kyrkje.Satsingsområde:Gudsteneste og trusopplæring.

    2. Trude Gjeitanger Høgseth FeldeJurist6963 Dale44 årRelevante erfaringar: Soknerådsmedlem i 4 år. Styremedlem i Sparebanken Sogn og Fjordane. 6 år som tillitsvald for Akademikarane ved Lotteri- og stiftelsestilsynet.

    Satsingsområde:•Soknerådetmåarbeideforeiraus, storsinna folkekyrkje med rom for alle•Barnogungdomikyrkja–vimåsærleg styrkje tilbodet for ungdom •Ivaretadeneksisterandekyrkje-lyden gjennom eit godt og variert tilbod av kyrkjelydsaktivitetar•Musikkikyrkja–bådegjennomgudstenester, konsertar, arbeid med eldre og i barne- og ungdomsarbei-det

    Skapar framtidas kyrkje14 september 2015 er det Kyrkjeval. På same dagen og i eit lokale i same bygningen som kommune- og fylkest-ingsvalet kan du bestemme kven som skal sitte i både Fjaler sokneråd og Bjørgvin bispedømeråd og Kyrk-jemøtet. Du kan vere med å bestemme korleis kyrkja skal styrast dei neste fire år – både lokalt og nasjonalt. Det er di kyrkje og ditt val!

    Kven kan røyste?Alle som er oppført som medlemmer i Den norske kyrkja, og som fyller 15 eller meir i løpet av 2015.

    ValkortI byrjinga av august vert det sendt ut valkort til alle røysteføre medlemar i Den norske kyrkja. Valkorta vert dis-tribuerte i hovudsak i veke 31, og vil nå medlemane før førehandsrøystinga tek til måndag 10. august. På valko-rtet vil ein finne informasjon om tid og stad for valet, samt oversikt over kandidatane til både soknerådsval og val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare dersom du tek det med.

    Om du ikkje får valkort men er medlem av DNK, gje beskjed til kyrkjekontoret slik at vi kan føre deg inn i manntalslista.

    Om du får valkort men veit at du IKKJE er medlem av DNK(duerikkjedøyptellerduharmeldtdeguttidle-gare),kandureturnerevalkortetellertakontaktmedkyrkjekontoret slik at vi kan korrigere feilen.

    ManntalDu kan undersøkje om du står i manntalet på kyrkjekon-toret frå 10.august til 1. september. Det er berre høve til å kontrollere opplysningane som angår ein sjølv, eller ein annan person som ein har fått skriftleg fullmakt frå.

    FørehandsrøystingMåndag 10. august – fredag 11. september 2015Fjalerkyrkjekontor,Dalehuset(vedkyrkja)6963Dale:måndag til fredag kl.09.00 – 14.00

    Tysdag 8. septemberFjaler sjukeheim, 6963 Dale, kl.17.00 - 18.00.

    På valdagane Søndag 13. september DINGEMOEN stemmekrets: kl.16.00-19.00, Fjaler bibli-otek, Dale i Sunnfjord

    Måndag 14. septemberDINGEMOEN stemmekrets: kl. 09.00-20.00, Fjaler bibliotek, Dale i SunnfjordBAKKEBØ stemmekrets: kl.12.00-18.00, Straumsnes GrendahusFLEKKE stemmekrets: kl.12.00-18.00, Flekke skuleGUDDAL stemmekrets: kl.12.00-18.00, Guddal skuleHELLEVIK stemmekrets: kl.12.00-18.00, Hellevik barne-hageVÅGE stemmekrets: kl.12.:00-18.00, Våge skule

    Det skal veljast 8 medlemar og 5 varamedlemar.

    Du kan levere røystesetelen utan endringar. Alle kandida-tane på røystesetelen får då ei røyst kvar.

    Vil du endre på røystesetelen, kan du:•Gjeinntiltrekandidatareitilleggsrøystvedåsetjeeitkryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. Kandidat-en får då to røyster.•Føreoppinntiltrenamnpårøystesetelen.Dessekanduikkje gje tilleggsrøyst. Kandidaten får då ei røyst. Andre kandidatar får ei røyst kvar. •Andreendringarvilikkjeteljemed.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

    3. Kåre Ove EimindDagleg leiar6967 Hellevik58 år Relevante erfaringar: Soknerådsmedlem i førre perioden.

    4. Hanne Angermann Ulvatne IgelkjønSjukepleiar6968 Flekke41 årRelevante erfaringar: Div verv innan skule og barnehage. FAU som forelder.Satsingsområde:Eg er interessert i den folkelege kyrkja, at kyrkja er ein plass for alle som treng den. Eg er oppteken av plassering av den nye gravplassen, og barn/ungdom sin plass i kyrkja/kyrkjelyden.

    5. Evelyn ÅsnesPostbod6969 Straumsnes42 årRelevante erfaringar:Tidlegare leiar i Straumsnes un-gdomslag. Sty-remedlem i Dale musikkorps. Verneombod.Satsingsområde:Ei kyrkje der det er plass til alle!

    6.Oddrun Yndestad Pensjonist6966 Guddal68 år Relevante erfaringar:Tidlegare sokneråds-medlem, nestleiar i Fjaler kyrkjeleg fellesråd og leiar i Guddal sokneråd.Satsingsområde:Eldre, barn/ungdom, miljø, kanskje Alfa-kurs

    7. Randi Grete FretlandPensjonist6964 Korssund67 år

    Relevante erfaringar:Bedehusforening Folkestad bede-huskapellSatsingsområde:Barn og unge.

    8. Ingjerd Synnøve Furnes NessLærar6963 Dale57 årRelevante erfaringar:Styremedlem og leiar i A-F-H- lokallag av Nfu.

    9. Elin SkårDagleg leiar6964 Korssund49 år

    10. Atle Kåre Lyngstad NessPensjonist6963 Dale62 årRelevante erfaringar:Tillitsvald i ung-domslag, speidaren, Cantus, sogelag, Norsk forbund for Utviklingshemma på lokal- og fylkesplan, ein periode i Dale sok-neråd.Satsingsområde:Har ikkje noka programerklæring, men vil, i den grad det blir aktuelt, arbeide i tråd med den målsetjing og dei planar som alt er lagde og blir vidareførde av nytt sokneråd/fellesråd. Kanskje eitt punkt bør nemnast: Trur det er viktig og behov for å arbei-de til beste for eldre… kyrkjeskyss, diakoni/besøksteneste m.m.

    11. Lena Therese SolheimSjukepleiar6963 Dale36 årSatsingsområde:Eg er opptatt av at kyrkja i Fjaler skal vere varm, inkluder-ande og nytenkande. Eg synest det er mykje godt arbeid som er gjort

    og at kyrkja alltid er ein god plass å komme til. Dette er eg opptatt av skal bevarast og utviklast vidare.

    12. Esther Iren Rennestraum AlisøyResepsjonsmedar-beidar6968 Flekke59 årRelevante erfaringar:Styreverv i ulike lag og organisasjonar.Satsingsområde:Fellesskapen – at kyrkja skal vere inkluderande for alle grupper.

    13. Finn Harry ArsteinBussjåfør6969 Straumsnes57 årSatsingsområde:Ungdom

    14. Geir Magne KleppeSnikkar6963 Dale45 årSatsingsområde:Born og unge.

    15. Sissel Thuland HaugsbøSjukepleiestudent 6963 Dale50 årSatsingsområde:Når det gjeld diskus-jon om gravplassen i Dale, stiller eg meg bak det soknerå-det anbefaler, altså Øyra som aktuell utviding!

    16. Magnar HellesøyNæringsdrivande/prest 6968 Flekke38 årRelevante erfaringar:Formann Joffi Norge, styremedlem Svint IL, Fylkesleiar Partiet De Kristne Sogn og Fjordane, leiar Presteforeningen Alta Prosti og ulike styreverv i private org., medlem

  • 12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    i Alta kirkelige fellesråd. Satsingsområde:Ungdomsarbeid – moglegheitene er mange i Fjaler. Har erfaring med un-gdomsgudstenester og å la ungdom-mane sleppe til med sine utrykk.

    17. Christer YndestadAnleggsmaskinførar6969 Straumsnes25 år

    18. Morten LangelandPlatearbeidar/bonde6966 Guddal38 årRelevante erfaringar: Kasserar Ung-domslag, klubbleiar fellesforbundet.

    Du er leiar i Bjørgvin bispedømerådet.Kva er det?Bispedømmerådet er eit demokratisk valt organ som leier ar-beidet i bispedømet saman med bisko-pen. Oppgåvene til rådet er å tilsetje pre-star, og etter ny kyrkjeordning også prostar og biskop. Rådet fordeler midlar til trusopplæring, diakoni og midlar frå Opplysningsvesenets fond etter søknad frå sokna. Alle medlem-er av bispedømmerådet er delegat til Kyrkjemøtet.

    Kva gjer Kyrkjemøtet?Kyrkjemøtet er kyrkja sitt Storting. Der vert alle vedtak for kyrkja fatta. Kyrk-jemøtet fastset t.d. liturgi, gjennom-fører reformer og tar viktige vegval. Det er kyrkjemøte ein gong per år.

    Kva slags saker blir viktige i koman-de valperioden?I denne perioden skal skiljet mellom stat og kyrkje fullførast. Det er fram-leis mykje som ikkje har funne si form og mange viktige vegval skal gjerast i denne perioden. I neste periode kjem truleg saka om kyrkjeleg vigsel av likekjønna til ny behandling i Kyrkjemøtet. Dei fleste meiner det er ei viktig sak.

    Eg kjenner ingen av dei som står til val. Korleis finn eg ut kven eg skal røyste på?

    Ein finn informasjon om alle som stiller til val på kirken.no Les og sjå kven du vil stemme på. Ein kan lev-ere lista utan endringar eller ein kan kumulere(settekryssframfornamnet)til max. tre personar. Då vil desse tre få ei ekstra stemme. Det er ikkje høve til å stryke.

    Kan eg påverke Den norske Kyrkja?Kyrkja er ein demokratisk organisas-jon der alle kan påverke. Dette kan ein gjere ved å bruke stemmeretten sin ved kyrkjevalet. Alle medlemer som er fylt 15 år, kan røyste. Du kan også påverke ved å møte regelmes-sig fram til gudsteneste og samlingar, engasjere deg i kyrkja di og i det lokale arbeidet.

    Er det viktig at Sogn og Fjordane blir representert i Kyrkjemøtet?Det vil eg seie er svært viktig, både i bispedømmerådet og i Kyrkjemøtet. I Bjørgvin har vi både direkte og in-direkte val. Først stemmer kvar veljar inn 4 leke kandidatar. Deretter stem-mer sokneråda inn 3 leke kandida-tar. Det indirekte valet er avgjerande for at Sogn og Fjordane skal bli representert. Dette har samanheng med den store forskjellen i folketal mellom dei to fylka.

    Er det noko anna du vil seie? Eg vil gjerne oppmode alle om å bruke røysteretten sin ved Kyrkjevalet. Eg trur kyrkja betyr meir for folk flest enn valdeltakinga tilseier. Dette kan vi gjere noko med!

    Vi spør Inger Helene Nordeide

    Åpen folkekirke i Bjørgvin stiller ikke egen liste ved høstens kirkevalg, men anbefaler velgerne å sette kryssved(kumulere)trekandidater. For å få valgt

    inn kandidater som ønsker å sikre at Den norske kirke forblir en åpen, bred og inkluderende folkekirke for alle er det viktig å samle stemmene om de samme kandidatene. Åpen folkekirke i Bjørgvin anbefaler derfor at du krysser av ved følgende kan-didater:

    Nr 2. Nora Baartvedt, 21 år, Voss Nr 3. Karl Johan Kirkebø, 65 år, Bergen Nr 9. Vemund Øiestad, 67 år, Stryn

    Dette er kandidater som har valgt å stille til valg på Åpen folkekirkes plattform og valgprogram og vil ar-beide for å sikre at Den norske kirke forblir en åpen, bred og inkluderen-de folkekirke for alle.

    Karl Johan Kirkebø, leder i Bjørgvin Åpen folkekirke, 47914010, [email protected]

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

    Kven vil duskal styrei kyrkja?

    Du er med på å bestemma kven som skal sitja i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet,

    kyrkja sitt «storting» i perioden 2015 - 2019.

    Bli kjent med kandidatane:• Kven er dei? • Kva erfaring har dei?

    • Kvifor stiller dei til val? • Kva meiner dei?

    Kort presentasjon på dei neste sidene - fyldig presentasjon på kyrkja.no/bjorgvin

    Valpresentasjon frå valrådet i Bjørgvin bispedøme

    www.kyrkjevalet.no

    kandidatbrosjyre bruk_brosjyre valg 07.06.15 16:00 Side 1

  • 14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Erfaring: Medlem og leiar Bjørgvin bispe-dømeråd, søndagsskulelærar, gudsteneste-utval, kyrkjeblad, helse- og sosialutval i kom-munen, styre folkehøgskule.Eg stiller til val fordi eg ønskjer å være med åpåverke i dei vala kyrkja skal gjere etter skilletfrå staten.

    Erfaring: Leiar av Ungdomsrådet i Bjørgvin,medl. klokkarlaget i Voss, delegat Ungdom-mens kirkemøte 13 og UKM-delegat til Kyr-kjemøtet 14.Eg stiller til val fordi det er viktig for meg atkyrkja, i denne tida med endring, er til stades i samfunnet og bidreg med positive verdiar.Samstundes er det viktig at me framleis opp-rettheld dei tradisjonar og retningslinjer som me sjølve kjenner oss att i. Eg vil gjerne væremed å koma fram til noko som sikrar ei godframtid for kyrkja vår.

    Erfaring: Medlem og leiar i meninghetsråd,Stiftelsen Bønes interimskirke, menighets-

    blad, medlem fellesråd og medlem/leiarprostiråd. President i lokal Lions club.Eg stiller til val fordi eg har eit brennande engasjement for kyrkja og for det den kan betyfor kvar enkelt og for lokalsamfunnet. Eg eruroleg for utviklinga i kyrkja og er redd for atkyrkja er i ferd med å bli meir og meir konform,med blir lågare takhøgd og høgre tersklar. Viktig å ta tak i bl.a. finansiering no når kyrkjablir meir sjølvstyrt. Med min bakgrunn frå øko-nomi og strategi og mitt engasjement somkyrkjemedlem, trur eg at eg kan medverka.

    Erfaring: Sokneråd. Eittåring i kyrkja. Student-KRIK, kor , ungdomsforeining og kyrkjelyds-arbeid. Eg stiller til val fordi eg ønskjer å bidra medtankar og idear om korleis kyrkja kan løysa dei store utfordringane den står overfor i tidaframover. Eg ønskjer å være ei ung røst i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, og eghåper at mi erfaring frå fleire kristne ungdoms-og studentmiljø kan vera med på å gi eit nyttperspektiv på sakene som vert tatt opp i desse organa.

    Erfaring: Medlem i Bjørgvin bispedømeråd,medlem og nestleiar i sokneråd.Eg stiller til val fordieg er blitt beden om det,kanskje fordi eg har erfaring frå bispedømerådog kyrkjemøtet siste periode. Som lek kyrkje-gjengar i eigen kyrkjelyd ser eg det som posi-tivt at folk på grunnplanet er med og avgjerkvar kyrkja skal gå vidare i den nye situasjonensom kyrkjesamfunn heller enn statskyrkje.

    Erfaring: Konfirmantlærar. Styre- og leiarverv i Indremisjonssamskipnaden og Normisjon.Søndagsskulelærar.

    Eg stiller til val fordi eg er motivert til å jobbefor at kyrkja skal vere relevant i barn og ungesitt liv. Dette må vi halde varmt på alle nivå ikyrkja. I trua på Jesus er vi kalla til eit livslangtdisippelskap – og kyrkja må møte barne-familiane, ungdommane og dei unge vaksnesine behov for kristent fellesskap på ein måtesom er relevant for dei.

    Erfaring: Leiar for personal- og serviceavd.ved Bjørgvin bispedømekontor. Kyrkjeverje,leiar kyrkjelydsutval, medlem sokneråd. Eg stiller til val fordi eg er glad i kyrkja og voner eg kan gjere nytte for meg med minkompetanse innan personal, organisasjonbreid erfaring innanfor ulike arbeidslag i kyrkja.

    Erfaring: Leiar sokneråd og medlem fellesrådog trusopplæringsutval. Medlem og leiar Emmaus (no Kyrkjeleg dialogsenter Bergen).Studentmenigheten i Bergen. Medlem kvinneutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi fordi eg håpar å kunna bidra med mi erfaring og kompetanse frå kyrkjeleg arbeid i meir enn 25 år. Bakgrunnenmin som religionsvitar er også relevant. Eg hareit stort ønske om at så mange som mogelegskal få oppleve Den norske kyrkja som ein god stad å komme til og få bu i. Låg terskel, inkludering i fokus. Være ein god arbeidsgje-var. Kyrkja må både klare å tilpasse seg slikkvardag og helg er for folk flest i dag, samstun-des som den skal ta vare på tradisjonar bådefrå kyrkjelivet i Noreg og hente inspirasjon fråden verdensvide kyrkja gjennom historien.

    Erfaring: Leiar sokneråd. Leiar fellesråd ogprostiråd. Varamedlem Etisk råd i Den norsketannlegeforening.

    1. Inger Helene Thingvold Nordeide

    54 år. Sjølvstendig nærings-drivande. Førde, Sunnfjordprosti.

    2. Nora Sætre Baartvedt

    20 år. Student, Fyllingsdalenvideregående skole. Voss,Hardanger og Voss prosti.

    3. Karl Johan Kirkebø

    65 år. Markedsdirektør. Bønes, Fana prosti.

    4. Andreas Skeidsvoll

    23 år. Student, Universitetet i Bergen. Osterøy, Åsane prosti.

    5. Berit Nøst Dale

    63 år. Høgskolelektor NLA/Lærerhøgskolen. Meland,Nordhordland prosti.

    6. Marius Økland

    29 år. Adm. leiar, Normisjon reg. Sogn og Fjordane. Brem-nes, Sunnhordland prosti.

    7. Liv R. Ågotnes

    48 år. TSP Group Managerand System Administrator.Fjell, Vesthordland prosti.

    8. Ida Lindøe

    47 år. Lektor, Kvam ungdomsskule. Ålvik, Hardanger og Voss prosti.

    9. Vemund Øiestad

    66 år. Tannlege i Sogn og Fjordane fylkeskommune.Norsida sokn, Nordfjord prosti.

    Dei nominerte til Bjørgvin bispedDet er ein nominasjonskomite som har settopp lista. Nominasjonskomiteen er valt avrepresentantar frå sokneråda, med einmedlem frå kvart prosti. Lista er utarbeiddpå bakgrunn av forslag frå sokneråd, ung-domsrådet i bispedømet og forslag fråmedlemene i nominasjonskomitéen. Komitéen har lagt vekt på at begge kjønnskal vere representerte med minst 40 prosent og at lista skal innehalde minst 20 prosent kandidatar under 30 år. Det er vidare lagt vekt på å at ein skal represente-ra ei breidde i kandidatane sine syn på ak-tuelle kyrkjelege spørsmål.

    kandidatbrosjyre bruk_brosjyre valg 07.06.15 16:00 Side 2

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

    ørgvin bispedømeråd 2015 -19Eg stiller til val fordi eg er oppteken av utviklinga i kyrkja. Med bakgrunn både frå sokneråd og fellesråd i 18 år, har eg ein goddel kunnskap og erfaring som vil vere viktig åta med seg i dei utfordringar kyrkja står overfordei næraste åra.

    Erfaring: Leiarverv regionale styre i landbrukog landbrukssamvirke.  Styreleiar Lyngmo Ungdomssenter. Sokneråd og prostiråd. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å vere med å bidra til å styrkje den norske kyrkja sin posisjon.

    Erfaring: Varamedlem ungdomsrådet iBjørgvin. Konfirmantleiar. Eg stiller til val fordi det er ei veldig spennandetid kyrkja er inne i no, og val gjort i neste perio-de kan få store konsekvensar for framtida tilkyrkja. Eg trur det kan være positivt med no-kon ungdomar i bispedømerådet.

    Erfaring: Leiar sokneråd. Helsesøster. Meddommar Heradsretten. Eg stiller til val fordi eg ser på kyrkja som ei stor misjonsmark. Viktig at det er klar for-kynning til omvending og frelse. Ynskjer å vera med å fremje at kyrkja står på Guds ord.

    Erfaring: Verv i Fylkesstyremedlem i Senter-ungdomen Sogn og Fjordane, Leiar i Senter-

    ungdomen Midtre Sogn, Leiar i LeikangerBondelag, Leiar i Leikanger Mållag. Eg stiller til val fordi eg er reflektert og enga-sjert. Eg er glad i og kjenner meg heime i kyrkja, og vil gjerne bruka engasjementet mittpå å forvalta henne vidare. Me lever i ei spen-nande tid og står føre store endringar. Eg erløysingsorientert og trur eg kan bidra positivtog konstruktivt i dei prosessane som kjem.

    Erfaring: Medlem i sokneråd og kyrkjeakademi. Eg stiller til val fordi eg har fått eit konkretspørsmål frå den lokale kyrkjelyden. Eg ser det meiningsfylt og spennande å delta i kyrkje-leg utviklingsarbeid i ei tid med store endringar,og der både nasjonale og internasjonale perspektiv høyrer med.

    Erfaring: Ordførar, Varaordførar, Leiar i Nord-fjordrådet, Leiar i hovudutval for skule og barnehage i Selje. Eg stiller til val fordi eg er spurt om å stille somkandidat, og eg har eit ynskje om å delta.

    Erfaring: Os Y’s men klubb president, Y’s menRegion Norge kasserer. Eg stiller til val fordi eg vil vera ein representantfor mangfaldet.

    Erfaring: Mentor/teneste i trusopplæring, foredragshaldar. Fylkessekretær KrF.

    Søndagsskulekonsulent. Styremedlem Euro-pean Lutheran Sunday School Association. Eg stiller til val fordi eg vil vere ein medspelar i arbeidet med å styrke og vidareutvikle trus-opplæring for barn, familie og kyrkjelyd. Eg vilarbeide for Den norske kyrkja som ein proaktivog dynamisk kyrkjeleg organisasjon som lokaltog nasjonalt motiverer som konkret trussam-funn og folkekyrkje. Eg vil vere ein medspelar iarbeidet med dialog mellom trus- og livssyn-samfunn for kjennskap, tryggleik og respekt.

    Erfaring: Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkje-rådet, Fagleg-etisk utval i Menneskeverd. Varaordførar. Eg stiller til val fordi dei siste åra og dei komande er svært viktige for kyrkja si framtid,både når det gjeld ordningar og profil. Det vilikkje vera rett å «hoppa av» no, med den erfaringa eg har frå desse prosessane. Eg harno hatt 1½ periode i Bispedømerådet, og erfor tida også vald medlem av Kyrkjerådet.

    Erfaring: Kirkens Nødhjelp i Sør-Sudan og Pakistan. Sokneråd og fellesråd. Speidarleiar.Medlem av diakoniutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi kyrkja ligg meg på hjarta.Vi er no inne i ein viktig organisasjonsopp-byggingsfase. Eg er oppteken av at strukturarpå alle plan må tene det lokale arbeidet. Spesielt meinar eg at eg kan representeresmå kommunar og prosti med mange soknog kommunar.

    Supplerande kandidatar kom inn etter nominasjonen med minst 75 underskrivararkvar bak seg. Alder på kandidatane er alder på valdagen 14. september.

    Les meir om kandidatane på kyrkja.no/bjorgvin

    11. Inge Wilhelm Økland

    26 år. Barne- og ungdoms-arb. i Indremisjonsforb. Sand-viken, Bergen domprosti.

    12. HildegunnKalvenes

    67 år. Pensjonert helse-søster. Austevoll, Fana prosti.

    13. Bjørn Sandvik Sølsnæs

    20 år. Student. Leikanger, Sogn prosti.

    14. Kjellfrid Torunn Mæland

    63 år. Førsteamanuensis i pedagogikk ved HSH. Stord,Sunnhordland prosti.

    15. Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen

    59 år. Sjølvstendig nærings-drivande. Selje, Nordfjord prosti.

    16. Kjell Jarle Aadland

    66 år. Rådgiver.Os, Fana prosti.

    17. Jostein Bildøy

    49 år. Dagleg leiar.Førde, Sunnfjord prosti.

    Supplerande kandidat: Egil Morland 65 år. Førsteamanuensis.Fjell, Vesthordland prosti.

    Supplerande kandidat: Marte Seip69 år. Pensjonert lækjar. Eidfjord sokn, Hardanger ogVoss prosti.

    10. Per Hilleren

    56 år. Bonde, Stedje, Sogn prosti.

    www.kyrkjevalet.no

    kandidatbrosjyre bruk_brosjyre valg 07.06.15 16:00 Side 3

  • 16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Les meir om kandidatane pånettet: kyrkja.no/bjorgvin, eller i brosjyre du får på ditt lokalekyrkjekontor.

    Der kan du lesa kandidatane sine svar på desse spørsmåla:

    1 Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi:

    2Den norske kyrkja sitt visjons-dokument (2015-2019) presentererden evangelisk-lutherske folke-kyrkja som:• Vedkjennande• Open• Tenande• MisjonerandeKorleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette?

    3 Kva meiner du om vigsel av like-kjønna par i Den norske kyrkja?

    4Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering, organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja?

    5Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje?

    Bli betre kjent med kandidatane

    ● 13. – 14. september er det kyrkjeval i tillegg til kommune- og fylkestingsval. Dei fleste stader er valet berre den 14. september

    ● Alle medlemer av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15. ● Førehandsrøysting frå 10. august.● Kandidatane blir valde for fire år.● I august vil alle med røysterett få eit valkort i posten med informasjon om

    kvar og når dei kan røysta.● Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, Den

    norske kyrkja sitt «Storting». Kyrkjemøtet har ei veldig viktig rolle i å styra kyrkja no som den er i ferd med å bli sjølvstendig i høve til staten.

    ● Di røyst i det direkte valet er med på bestemma dei fire første kandidatane som skal inni bispedømerådet. Resten av dei sju leke representantane blir valde av sokneråda seinare.

    ● I tillegg vel prestane ein kandidat og andre kyrkjeleg tilsette ein kandidat. Begge desse gruppene har eigne kandidatlister. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet, som har 10 medlemer.

    Du kan levere røystesetelen utan endringar. - Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar.

    Vil du endre på røystesetelen, kan du gje inntil tre kandidatar ei tilleggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. - Kandidaten får då to røyster.- Andre kandidatar får ei røyst kvar.- Andre endringar vil ikkje telje med. - Det er ikkje høve til å stryka kandidatar.

    Slik går du fram når du skal velja kandidatar

    Kyrkjevalet 2015 - kort sagt Dukan påverka

    Nominasjonskomiteen sine kandidatar ersette opp på vallista i prioritert rekkjefølgje.

    Eventuelle kandidatar frå supplerande nominasjon står nedst på lista utan

    nummer. Rekkefølgja har berre noko åseie dersom to kandidatar får likt talrøyster. Kvart kryss du set framfor

    ein kandidat, kan difor ha mykje å seia.

    A

    B

    www.kyrkjevalet.no

    KYRKJEVALET – SKAPAR FRAMTIDAS KYRKJE dragefjellet.no

    kandidatbrosjyre bruk_brosjyre valg 07.06.15 16:00 Side 4

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 17

    I dåpen er vi merka med det heilage krossmerket som er merket for livet – livet på jorda og det evige livet i himmelen. I dåpen tek Gud imot oss – vi høyrer til den krossfeste og oppstandne Jesus Kristus og vi blir ein del av den kristne kyrkja. Vi blir kristne, menneske som følgjer Jesu kall og oppdrag, saman i teneste for Han. Vi(ellerforeldravårevedbarnedåp)seier"ja"tilåhøyre med i denne verdsvide kyrkja og "ja" til å få lære om den kristne trua i trusopplæringa, trygge og gode aktivtetar der vi blir kjende med Gud, oss sjølve og kvarandre. Kyrkjemøtet seier "I perioden 2015-2018 vil vi at fleire søkjer dåp og trusopplæring". Då høver det å lære meir om ein av dei mange dåpssalmane vi har i kyrkja.

    Kvite klede, salme 594 i Norsk Salmebok 2013, minner oss om krossmerket og om den kvite dåpskjolen og symbolikken i den. Salmeforfattaren Kristin Reitan forklarer sjølv opphavet til salmen:

    MT

    Kvite klede: Hvordan den ble til.Det var utlyst en salmekonkurranse ved Aasentunet og de ønsket salmer til dåp, konfirmasjon og bryllup. Om jeg kan få se på skrivingen som en gave fra Herren, så ønsker jeg at alt skal være av ham - og til hans ære. Konkurranse passet ikke helt inn i mine tanker om dette.

    En dag jeg hadde ligget og hvilt litt, spurte jeg Herren om dette, og jeg ba slik: Kjære Jesus, jeg trenger ikke noen konkurranse, men hvis det kommer noe, så skal jeg sende det.

    Jeg stod opp og gikk bortover stuegulvet. Da kom disse ordene overraskende inn i min tanke: Kvite klede, him-melglede, kledd for liv og jord og nød. Jeg måtte bare skynde meg å skrive det ned - og jeg merket Guds glød i ordene som kom. Det tok noen uker å skrive resten av salmen, men de første ordene kom på denne måten.

    Jeg tenkte først at dette var en tekst for barnedåp, men etter en stund kom tanken om å bytte ordet dåpskjole med kappe, slik at den også kunne brukes når voksne døpes. Senere så jeg plutselig for meg konfirmantene - i sine hvite kapper - og skjønte at det var en tekst også for dem. I denne drakten er de et bilde på selve evan-geliet. Vi blir kledd i hvite og rene drakter ved å tro på han som døde for oss. Han har selv ordnet i stand en frelse - og ved hans nåde står vi for Gud som om vi aldri har syndet. Jesus tar imot oss av nåde, ufortjent, og kler oss i rene, hvite klær.

    Kvite klede, himmelglede,kledd for liv og jord og nød.Drakta mi er vevd av nåde

    og av lyset i din glød.

    På mitt bryst og på mi panneer eg teikna med di hand.

    Du har kledd meg i din kjærleikog til fred i Jesu namn.

    Jesus, du bar alt til krossen.Du bar kappa som var mi.Eg står opp med deg i lyset

    og no ber eg kappa di.

    Kristin Reitan

    Merka for livet

  • 18 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Laurdag 14. mars deltok Do Re Mi og Guddal fam-iliekor på Barnefestivalen i Førdehuset for barnekor i Sogn og Fjordane. Det var ein kjekk dag for alle med fellesøving, øving på eigne nummer, aktivitetar, pizza og avslutningskonsert.

    Tekst: MTFoto: MT og Vibeke Mandelid

    Barnefestivalen i FørdeDet store felleskoret hadde 3 nummer i lag saman med artisten Bjarte Leithaug.

    Femåringar Ole Martin, Sindre og Adelheid teiknar i pausen.

    Ina og Anna dansar på konserten.

    Solistane frå Guddal, Ida, Karoline og Marie er klar til framføring av eigne nummeret «Vi må være med».

    Barna frå Guddal og Do Re Mi er flinke til å gape og vi høyrer godt fel-lessongen «Barn på vandring» som handlar om flyktningar.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 19

    Det blir program med blant anna Laurdags-klubben, kåseri og åresal! Og sjølvsagt kakebord som er ein fest verdig.

    Dersom nokon har lyst til å støtte Ljosheim med gevinstar til åresalet, kan du levere dei på kyrkjekontoret – vi tenkjer at ein del gevinstar må vere kjekt å vinne for barn.

    Ljosheimvener.

    Ljosheim er mykje brukt av både barn og vaksne.

    LJOSHEIMFEST for liten og stor laurdag 31. oktober kl.15.00

    Jubileumsmarkering for Ljosheim 50 år ! Merk av i kalenderen!

  • 20 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    LEDIG KYRKJEGARDS-GRAVPLASSGRAVING i Fjaler kommune frå 1.1.2016.

    Kontakt Fjaler kyrkjekontor tlf. 57 73 97 70 for å få tilsendt tilbodsgrunnlaget, eller sjå Fjaler sokn si heimeside www.fjaler.kyrkja.no.

    Frist for levering av tilbod: 26.08.2015.

    STØRST AV ALT – Trusopplærings-reforma i DNK. Fjaler sokn har trusopplæringa vi kallar ” SAMAN I TRUA – SAMAN I KYRKJA”, der vi har ei målsetjing om å gje eit oversikteleg og heilskapeleg tilbod om trusop-plæring til barn og unge frå 0 – 18 år.

    TRUSOPPLÆRAR I FJALER – le-dig 25 % stilling med hovudans-var for trusopplæringa i Fjaler saman med spesialpresten for barn og ungdom.

    Vi søkjer etter ein person med erfaring frå arbeid i Den norske kyrkja, som er motivert for ei kyrkjeleg teneste - og med evner til å kunne:• Underviseogforkynnefor

    born og ungdom• Arbeidemålrettaogsystem-

    atisk• Tainitiativogskapekontakt• Arbeidesjølvstendigogi

    team• Samhandleogmotiveretil

    aktivitet

    Arbeidsoppgåver:• Førebuogleietiltakitrusop-

    plæringsplanen• Vidareutvikletrusopplæringa

    saman med andre tilsette• Rekruttereoginspirerefrivil-

    juge medarbeidarar• Informasjonsarbeid

    Vi kan tilby:• Godtarbeidsmiljø• Lønettergjeldandetariffa-

    vtale • PensjonsordningiKLP

    Anna:Det vert kravt medlemsskap i DNK. Søkjar må disponere eigen bil. Køyregodtgjersle i samsvar medgjeldanderegulativ(fråkontoret).Detmåpåreknastnokokvelds- og helgearbeid. Ved til-setjing vil personleg eigenskapar som evne til samarbeid, organ-isering og kommunikasjon verte særleg vektlagde. Samlivsform kan bli etterspurd og vektlagd.Den som vert tilsett i stillinga må i samsvar KL § 29 og soknerådet sine retningsliner måtte leggje fram tilfredsstillande politiattest.

    Tilsetjing skjer på dei vilkår som til kvar tid går fram av gjeldan-de lover, regelverk og KA sin tariffavtale.Oppstart snarast etter eventuell tilsetjing.

    Søknadsfrist: 21. august 2015

    Søknad med CV, referansar og attestar skal sendast til Fjaler sokn, Boks 18,

    6961 Dale i Sunnfjord. E-post: [email protected]

    DEN NORSKE KYRKJAFjaler Sokn

    DEN NORSKE KYRKJAFjaler Sokn

    Kven: Frå 4 år og oppoverTid: Laurdagar kl. 10.30-12.00Stad: Ljosheim i Dale

    Leiarar: Gro S. Kummeneje Knut Arne Kummeneje Joy Taylor

    Datoar i haust:Laurdag 29. augustLaurdag 12. septemberLaurdag 26. septemberLaurdag31oktober(jubileumsfest)Søndag 15. november (gudstenesteogorgelbrus)Laurdag 28. november

    JUBILEUMSFEST PÅ LJOSHEIMLaurdag 31. oktober kl.15.00 feirar vi 50-årsjubileum for Ljosheim med fest for heile familien. Det blir program, åresal og kaker. Laurdagsklubben deltek med song.

    ORGELBRUSSøndag 15. november kl.11.00Det har blitt ein tradisjon at Laurdagsklub-ben er med og syng på familiegudstenesta i november. Då er det utdeling av kyrkjeboka til 4-åringane. Vi møter kl.10.30 for å øve litt på songane. Etterpå har vi samling på Ljosheim for heile familien med pølser, brus, kaffi og kaker.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 21

    DaleDøypte:Ella Lervik HaugeOdin EspedalPetter Mundal NistadJonathanJarstad(døyptpåHaukelandsjukehus)Emma Stølen MyklebustOlea Stølen MyklebustJørgen VårdalAlina LieSynne Margretha Heia Dybvik

    Vigde:Siphiwe Refiloe Alice Dlamini og Mikal Hovland

    Avdøde:Sverre Alfred Strand f.1919Olav Skaar f.1932Gerd af Geijerstam f.1919Helga Løseth f.1931Magda Oddny Sørebø f.1923Øyvind Holmelid f.1922Jonathan Jarstad f.2015Edvin Torfinn Jørgensen f.1941Leif Oddvar Heggheim f.1935Gerd Jorunn Sørestrand f.1952Irene Hagen f.1957Borghild Otterstein f.1925Rigmor Synnøve Sørebø f.1930Marit Sæterdalen f.1938

    GuddalDøypte:Amalie Stenseth-LangelandMagne Kalstad Sortevik

    Vigde:Janne Renate Langeland og Lasse Stenseth

    FolkestadVigde:Anna-Linnéa Henny Rundberg og Dag Jostein Furre Solheim

    Avdøde:Oddbjørg Maria Furset f.1933

    HellevikDøypte:LeaSophieEspedalKverhellen(døyptiØnkyrkje)

    I kyrkjelyden sidan sist

    Ein samtale for livet skal koste lite

    Kirkens SOS har fått nytt telefonnummer. Frå og med 3. mars er det nye nummeret 22 40 00 40. Denne endringa har vi gjort for at dei som treng Kirkens SOS skal sleppe å tenke på telefonkostnadene. Med det nye nummeret vert samtaleprisen det ein samtale til ein van-leg fasttelefon kostar. For mange betyr det at samtalen vert gratis, medan andre må betale litt. Prisen er avhengig av telefonabonne-mentet til den enkelte. Det kan koste ein del å ringe, - men det skal ikkje koste mykje i kroner og øre.

    Kvifor?Jo, fordi denne samtalen kan vere ein samtale for livet.Kvart år svarar Kirkens SOS på meir enn 177.000 telefonsamtalar ogtilsamanca14.000chatogsos-meldingar(anonymiserte-post).Med ca 900 frivillige og over 30 ansatte, gjer Kirkens SOS med sine 12 lokale senter denne tenesta tilgjengeleg for menneske som opplever å vere i krise. Mange kjenner at livet er i ferd med å gå i svart. I fjor handla ca 50% av alle chat-samtalane og 30% av SOS-meldingane om sjølvmord. På telefonen fortalte ca 15% av dei som ringte at dei hadde tankar om ikkje å ville leve lenger. Det er over 500 menneske som tek livet sitt i Noreg kvart år. Om lag 10 gonger så mange forsøker og enda mange fleire tenker på å gjere det. Dette er høge tal og temaet er vanskeleg å snakke om.

    Kirkens SOS vil vere et samtaletilbod for alle som opplever at livet er utfordrande, og særleg for dei som har sjølvmordstankar. Telefonen skal vere ei open linje der det er lov å snakke om alt. Der dei som tek imot samtalane toler å høyre om kvardagen slik den eigentlig er for den som tek kontakt. På Kirkens SOS er det rom for å snakke om alle sider ved livet. Også når ein gjer seg tankar om å avslutte det.

    Kirkens SOS er eit nasjonalt nettverk av frivillige som 24/7 tilbyr eit lyttande øre og eit bankande hjarte. Vi vil lytte og vere tilstades, og samstundes leite fram livsmot og håp. Kvart år er vi med på å redde liv. Difor skal det nye Kirkens SOS-nummeret finnast overalt. Det skal vere lett finne fram til og koste lite å ringe. For det kan handle om ein samtale for livet.

    Kirkens SOS i Norge har også fått ny generalsekretær! Leif Jarle Theis hadde sin første arbeidsdag måndag 2. mars. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen.

  • 22 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Velkomen til korEin song som du har lært kan ingen ta frå deg.

    Forsking har vist at korsongarar har betre helse enn andre og lever lengre. Gøy er det også! Her er ein oversikt over kora og program for komande sesong:

    Blandakoret CantusVaksne i alle aldrar er velkomne. Gi beskjed til Mark innan 10, august, så har vi mappe og notar klar til deg til oppstart. Laurdag 22. august er det øvingsdag på Lavik Fjordhotell med god mat og song. Koret deltek på Bjerkrheimjazz prosjektet.

    Øvingstid: Onsdagar kl.20.00-21.30Stad: LjosheimOppstart: 19. august

    Dale barnekorSongglade gutar og jenter frå 4. til 7. årssteg er velkomne. Haustens storhending er turen til Bergen, laurdag 7. november. Elles syng vi m.a. på hausttakkefesten, lysmessa og på julaftan i Dale kyrkje. Dei store kan vere med på Bjerkheimjazz og dirigentopplæring.

    Øvingstid: Måndagar kl.14.25-15.00Stad: Musikkrommet på Dingemoen skuleOppstart. 17. august

    Ungdomskoret i DaleUngdomskoret er for elevar på ungdoms- og vidar-egåandeskulane. Dei syng i 3-4 gudstenester kvart år. I år kan dei reise på Ung Kyrkjesong-treff i Bergen i november med overnatting og delta på Bjerkrheimjazz.

    Øvingstid: Annankvar onsdag kl.14.30-15.00Stad: LjosheimOppstart: 19. august

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 23

    Prosjektet BjerkrheimjazzEit samarbeidsprosjekt mellom Ung Kyrkjesong Bjørgvin og Bjørgvin Kyrkjesongforbund BjerkrheimJazz er musikk komponert og arrangert av Olav Arne Steinkopf, til tekstar av salmediktaren Trygve Bjerkrheim. BjerkrheimJazz blei fremført på Vossajazzen i 2011 med to fulle hus. Medverkande var eit kor på 70 songarar og eit band med m.aFrøydisGrorud(kjendfråBeatforbeat).Dirigent var kantor Tone Synnøve Øygard Steinkopf.Dette verket er skrive for vaksenkor, men kan også fungere godt som eit samarbeidsprosjekt mellom born, ungdomar og vaksneTrygveBjerkrheim(1904-2001)ereininter-nasjonalt kjend diktar som hadde ein formida-bel produksjon med over 15000 dikt. Dikt og songar av Trygve Bjerkrheim finst i nær alle song- og salmebøker i Noreg.

    Komponist, musikar og kantor i Vaksdal, Olav Arne Steinkopf, har tonesett og arrangert utvalde tekstar av Bjerkrheim i ”jazz-stil” for kor, solistar og band. Musikken er variert og har eit spenn frå latin, swingjazz og funk til rolege vakre jazzballadar. Nokre songar er nykomponert, medan andre er arrangement av tidlegare melodiar. Nokre er arrangement avkjendetonar(t.d.Determaktidefoldedehender, Brei dine vide venger og Han tek ikkjeglansenavlivet).Jazz og "bedehusmusikk" er nok ein uvanleg kombinasjon, men jazzen med sitt rytmiske driv, improvisasjon og vakre harmoniar, kler tekstane til Bjerkrheim på ein framifrå måte.

    Øvingshelger:6.-7. november 201515.-17. april 2016

    Konsertar:Laurdag 16. april 2016 i Bergen domkirkeSøndag 17. april 2016 i Os kyrkje

    Dirigent: Tone Synnøve Øygard SteinkopfOrkesterleiar: Olav Arne SteinkopfSaksofonist: Frøydis Grorud

    Gro Anthun, leiar i Bjørgvin Kyrkjesongfor-bund

    Cantus, ungdomskoret og dei frå 6.-7. klasse frå barnekoret er med på dette prosjektet.Balsam frå Hyllestad og Førde kyrkjekor er også med, så vi håper å kunne få til ei fram-føring i Sunnfjord, også med Olav Arne-ban-det og Frøydis Grorud.

    Guddal familiekor Den fyrste halvti-men av øvinga er tilrettelagt for dei frå 4 år til 3. klasse. Familiekor junior syng mindre i kyrkja enn dei store. Eldre barn(frå4.klasseoppover)øvervidaretil kl.17.00. Koret satsar på haustturen til Bergen 7. november og dei største kan melde seg på Bjerkrheimjazz og dirigentopplæring.

    Øvingstid: Annankvar tysdag kl.16.00-17.0 (kl.16.00-16.30forjuniorane)Stad: Guddal skuleOppstart: 18. august

    Do Re Mi – barnekoret i ytre Fjaler Alle songglade barn frå 5 år til 7. klasse er velkomne, både gutar og jenter. Vi skal på hausttur til Dale med song på sjukeheimen, ha fest og tur til Bergen 7. november!

    Øvingstid: Annankvar måndag kl.17.45-19.00Stad: Hellevik barnehageOppstart: Måndag 24. august

    Ta kontakt med Mark på kyrkjekontoret eller send melding til 975 13 449 om du vil vere med og synge i kor!

  • 17.-19. april deltok Dale barnekor på Vårtreffet for Ung Kyrkjesong Bjørgvin i Samnanger.Dirigenten Mark og fjorten glade jenter frå koret reiste fredag-skvelden i fint men kaldt vêr saman med føresette Annfrid Harkestad, Christer Knudsen og Gry Moltu-myr til Sætervika leirsenter nær Tysse i Samnanger. Barna var kjempeflinke til å øve og syngje, og hadde god oppførsel under turen. Det var spennande å finne romma våre. Kjekt å møte vener frå andre barnekor frå tidlegare år, og ei jenter kunne til og med vera saman med slekt frå eit kor langt sør i Hordaland!Dei eldste jentene var flinke til å syngje andre stemma på fellesson-gane vi øvde på. På laurdagen var det utflukt til nærbutikken i Tysse som vart fort tømd for godteri og chips til festen laurdag kveld. Elles var det kjekt med trampoline og å gå/vasse litt i fjæra.

    Tekst: MTFoto: Annfrid Harkestad

    24 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Dale barnekor i Samnanger

    Seinare skulle eit "dirigentkor" syngja versa i julaftansalmen "Syng ein ny song for Herren" for komponisten Eilert Tøsse, kantor i Samnanger, som var til stades på underhaldning-skvelden. Sidan Ada kunne eit av versa frå før, som ho song siste julaftan, song ho verset åleine og stilte seg opp saman med dirigentane (til høgre for Mark). Ada var kjempeflink!

    I ein pause laurdag ettermiddag øver Mark (piano) og Sigrid (ukelele) saman med Vilje og Marthe (song) på "Closer" til underhald-ningskvelden. Ada, Laura, Selma og Marte følgjer med. På underhaldningskvelden song Dale barnekor fyrst to eigne nummer med heile koret, så song vi Closer.

    Så kom den første vårdagen med 18 grader og fotografering utanfor kyrkja i pausen. Takk til føresette Annfrid, Christer og Gry som køyrde og passa ungane slik at barna kunne få ei flott musikalsk og sosial oppleving.

    På søndagen gjekk turen til øving og song på gudstenesta i Samnanger kyrkje. Litt trong plass for eit så stort felleskor framme i kyrkja (Dale barnekor står stappa inn til venstre for preikestolen). Dirigenten er Gro Anthun frå Førde.

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 25

    Lesepult-klede i Guddal kyrkje

    Guddal kyrkje har fått lesepultklede i alle dei fire liturgiske fargane grønt, lilla, kvitt og raudt.

    Lesepultkleda er teikna og produsert av Jølster Design – Myklebust Kunst & Handverk AS.

    Designar Elsa Norunn Håheim Nydal skriv følgjande om fargane og val av symbol.

    Grønt er den nøytrale fargen, også kalla voksterfargen, i kyrkjeåret. I det tradis-jonelle fargespråket er grønt fargen til håpet. Vi har valt tre fylte kornaks, eit

    vokstersymbol, på framlegget til grønt lese-pultklede.

    Fiolett er botsfargen og inneheld tankar om eit liv i anger og tru, gjeldande for alle kristne. Fiolett blir brukt i førebuingstidene i kyrkjeåret, samt ved gravferd og sørgjegudstenester. Sidan lesepultkledet generelt skal hange synleg i perio-dar i kyrkjeåret, og den fiolette fargen symbol-iserer meir enn lidingssoga knytt til skjærtorsdag og langfredag, har vi brukt lampa som framlegg til det fiolette lesepultkledet. Lampa symboliserer forventinga. Ho er òg symbol for Guds ord.

    Kvitt er fargen for glede, lys og reinleik og er knytt til dei store Kristusfestane og dåpen. Som symbol har vi valt latinsk kross kombinert med krone. Dette symbolet uttrykkjer Kristi og dei kristne sin siger over dauden.

    Raudt er fargen for Den Heilage Ande og for mar-tyriet. Fargen symboliserer både ånd og blod. I meir tradisjonelt fargespråk vert raudt kalla kjærleiksfargen. Vi har valt dua som sym-bol. Dua symboliserer Den Heilage Ande.

    Ta turen til Guddal kyrkje ved ei gudsteneste og sjå på lesepultkleda. Fargene blir ofte litt annleis ved foto-grafering enn i verkelegheita.

    Lesepultkleda er finansierte av min-negåve gitt ved gravferder i Guddal kyrkje. I Guddal er det, som den einaste staden i Fjaler, tradisjon for å gje minnegåve til kyrkja si. if

  • DALE KYRKJE

    Onsdag 12. august kl.20.00 Konsert i Dalsfjordveka med Sølvguttene og Dale barnekor. Inngangspengar: Vaksne kr 300,- barn kr 150,-.

    Søndag 23. august kl.11.00 Gudsteneste med konfirmantpresentasjon. Ungdomsko-ret deltek. Offer til Alværa misjonssenter. Kyrkjekaffi.

    Søndag 6. september kl.11.00 Gudsteneste. Offer til SOS Barnebyer.

    Søndag 20. september kl.11.00 Hausttakkefest. Dåpsskulen og barnekoret deltek. Utdeling av 6-årsboka. Offer til NMS misjonsprosjekt i Egypt.

    Søndag 4. oktober kl.11.00 Gudsteneste med markering av eldredagen. Pre-sentasjon av det nye soknerådet. Cantus med Mats Systaddal(slagverk)deltek.OffertilSjømannskyrkja.Kyrkjekaffi.

    Søndag 18. oktober kl.19.00 Solidaritetsgudsteneste med konfirmantane, ungdom-skoret og UWC. Offer til TV-aksjon Regnskogsfondet. Ungdomskveld på Ljosheim etterpå.

    Helgemessesundag 1. november kl.11.00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Cantus med Mats Systaddal(slagverk)deltek.OffertilKirkensBymisjonBergen.

    Søndag 15. november kl.11.00 Gudsteneste. 4-åringane og Laurdagsklubben deltek. Utdeling av 4-årsboka. Offer til barne- og konfirmantar-beid. Orgelbrus og kyrkjekaffi på Ljosheim etterpå.

    Søndag 29. november kl.19.00 Lysmesse med konfirmantane, barnekoret, ungdomsko-ret og skuleelevar. Offer til barne og konfirmantarbeid.

    Søndag 13. desember kl.11.00 Adventsgudsteneste med Cantus. Offer til Kirkens SOS Bjørgvin.

    Tysdag 15. desember kl.19.30 Den store julekonserten med mange lokale aktørar. Kollekt til Fond for kyrkjemusikk.

    GUDDAL KYRKJE

    Søndag 30. august kl.11.00 Gudsteneste med konfirmantpresentasjon. Store frå familiekoret deltek. Offer til Alværa misjonssenter. Kyrkjekaffi.

    Søndag 27. september kl.11.00 Hausttakkefest. Familiekoret deltek. Offer til NMS mis-jonsprosjekt i Egypt.

    Søndag 18. oktober kl.11.00 Gudsteneste. Barnedirigentkor frå Ung Kyrkjesong deltek. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter.

    Søndag 8. november kl.11.00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.

    Søndag 13. desember kl.18.30 Lysmesse med familiekoret og skuleelevar. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

    FOLKESTAD BEDEHUSKAPELL

    Søndag 23. august kl.19.30 Gudsteneste med presentasjon av konfirmantane i ytre Fjaler. Offer til Alværa misjonssenter.

    Søndag 6. september kl.19.00 Syng-med-oss kveld. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kvelds-mat.

    Søndag 4. oktober kl.14.00 Gudsteneste. Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.

    Helgemessesundag 1. november kl.14.00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde frå ytre Fjaler. Offer til Folkestad bedehuskapell.

    26 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Velkomen til kyrkje

  • Kyrkjelydsblad for Fjaler 27

    Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 200 / 225 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

    Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

    Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70

    Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl. 9.00-14.00fredag kl. 9.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope.

    Tilsette med kontorplass:Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottirjobb: 57 73 97 75 mobil: 456 38 [email protected]

    Spesialprest Knut Arne Kummenejejobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 [email protected]

    Kyrkjeverje Irene Flødejobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 [email protected]

    Kantor Mark Taylor jobb: 57 73 97 74 mobil: 975 13 [email protected] har fri kvar torsdag

    Sekretær Joy Taylorjobb: 57 73 97 72 mobil: 911 71 [email protected]

    Kyrkjetenarar:Dale kyrkje og kyrkjegardJostein Løseth tlf: 906 07 913

    Guddal kyrkje og kyrkjegardLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

    Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

    Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416

    Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

    Søndag 22. november kl.11.00 Gudsteneste. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali.

    Søndag 13. desember kl.16.00 Førjulskonsert med Do Re Mi m.fl. Offer til NMS misjonsprosjekt i Egypt. Kyrkjekaffi.

    HELLEVIK BEDEHUSKAPELL

    Søndag 27. september kl.14.00 Hausttakkefest Do Re Mi deltek. Utdeling av 6-årsboka. Offer til NMS misjonsprosjekt i Egypt.

    Søndag 6. desember kl.16.00 Lysmesse med konfirmantane og Do Re Mi. Utdeling av 4-årsboka. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

    STRAUMSNES GRENDAHUS

    Søndag 25. oktober kl.14.00 Gudsteneste. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.

    Søndag 6. desember kl.14.00 Gudsteneste. Offer til NMS misjonsprosjekt i Mali. Kyrkjekaffi.

  • INFORMASJON

    Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

    B

    28 Kyrkjelydsblad for Fjaler

    Sølvguttene er ein institusjon i norsk song og musikkliv. Koret har mottatt ein rekke nasjonale og internasjonale utmerkingar og har vunne prisen for beste ungdomskor i EBU sin internasjonale korkonkurranse Let the Peoples Sing.

    Dette fantastiske koret feirar 75 år denne hausten og legg ut på to lange jubileumsturar. Den eine til Sogn og Fjordane og Mørekysten i august og den andre til USA i september der dei skal ha konserter i Washing-ton, Philadelphia og New York. Gutane gleder seg til å reise rundt i vårt fantastiske fylke.

    Dale barnekor skal opptre saman med Sølvguttene i Dale kyrkje. Det blir ei oppleving for livet!

    Inngangspengar kr.300 for vaksne, kr.150 for barn (ikkje førehandssal).

    Sølvguttene kjem!Onsdag 12. august kl.20.00 i Dale kyrkje

    Konfirmasjon i Guddal kyrkje 10. mai

    Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir og konfirmant Maria Yndestad.