18
Krokane barnehage 2013 Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK Eit barnehageprosjekt basert på å at morsmålet gjev støtte for læring av norsk Sluttrapport 2013

Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

”Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK ”

Eit barnehageprosjekt basert på å at morsmålet gjev støtte for læring av norsk

Sluttrapport

2013

Page 2: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Innhaldsliste

Forord s. 1

Innleiing s. 2

Kva har barnehagen gjort i forhold til oppsett prosjektplan? s. 2

Økonomi s. 2

Resultatmål og organisering s. 3

1. Gje informasjon om og å introdusere dei 12 eventyra og dei 22 bøkene barnehagen

har valt å leggje vekt på året rundt til alle minoritetsforeldre i barnehagen s. 3

2. Opprette samarbeid med dei minoritetsforeldre som ønskjer og kan sette over kjende

norske eventyr og biletbøker, til sitt morsmål der dette ikkje finnast s. 3

3. Opprette samarbeid med andre personar, organisasjonar som Innvandrarsenteret i

Flora kommune som kan vere til nytte i arbeidet med å sette over litteratur s. 4

4. Gjennomføre gjentekne samlingsstunder i barnehagen kvar månad der eventyr og

bøkene som er valt ut vert presentert på norsk s. 4

5. Formidle den utvalte litteraturen til alle minoritetsforeldre i Krokane barnehage på

deira morsmål s. 4

Vurdering av oppnådde mål s. 4

Statistikk over innsamla data s. 5

Kartlegging i foreldregruppa s. 5

Kartlegging i personalgruppa s. 5

1. Auke aktiviteten av litteraturformidling til førskulebarn s. 5

2. Minoritetsforeldre oppdagar verdien av å lese/formidle litteratur til barna sine s. 6

3. At det er ein positiv samanheng mellom god morsmålsundervisning og vellukka

norsk språktileigning og norskspråkleg faglæring. s. 7

4. Kompetanseheving i personalgruppa s. 9

5. Vidareformidling av prosjektet vårt til andre barnehagar s. 11

Korleis personalet har handtert utfordringane i utviklingsarbeidet s. 11

Utfordringar i det vidare arbeidet i Krokane barnehage s. 13

Avslutning s. 14

Litteraturliste

Vedlegg 1:Ovesikt over omsette forteljingar

Page 3: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Forord

Krokane barnehage er ein fokusbarnehage i NAFO (nasjonalt senter for fleirkulturell

opplæring). Barnehagen har sidan starten januar 2006, hatt gjennomsnittleg 20 familiar kvart

år som har vore minoritetsspråklege. Det er asylsøkjarfamiliar og familiar som har fått

opphald i kommunen vår. Språkgruppene har i hovudsak vore Tsjestjensk, Arabisk, Tamilsk,

Farsi, og Dari. Vi har i desse åra hatt tilsette i barnehagen frå desse landa. Dette har vore ein

ressurs for oss i arbeidet med barn og foreldre.

Vårt prosjekt starta som ei direkte følgje av ”Snakkepakken året rundt”. Eit hefte til støtte og

inspirasjon for alle som jobbar med språk i barnehage og skule. Dette opna augo til personalet

om at morsmålet gjev støtte for læring av norsk og at det er lettast å knekke lesekoden på

morsmålet. Morsmålet gjer det lettare å forstå verda på eige språk. Difor vart det viktig for

personalet å formidle litteratur vidare til minoritetsspråklegeforeldre.

Å forstå verda på eige språk er eit to års prosjekt i perioden januar 2011 til desember 2012 i

Krokane barnehage. Erfaringa vår så langt er veldig positive. Minoritetsspråklege foreldra

viser større interesse for å lese saman med barna sine, barna har synt ei språkleg framgang og

interesse for litteratur etter at prosjektet starta.

Florø, 1. mars 2013

Merete Moe Sissel Engevik

Styrar Migrasjonspedagog

1

Page 4: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Innleiing

Prosjektet Å forstå verda på eige språk har fokus på litteratur og litteraturformidling til

minoritetsspråklegeforeldre og barna deira. Målet vårt er å auke leselyst hos

minoritetsspråklegeforeldre, formidle kjend norsk litteratur på ulike språk, og auke familien si

deltaking i barnet si språkutvikling. Vi veit at minoritetsspråklege familiar innehar ein stor

mengde ressursar som ikkje blir nytta, nemleg deira eigne ressursar. Foreldra til barna i vår

barnehage har alt frå ein menneskealders erfaring, til høg utdanning med spisskompetanse.

Dette er ressursar som kan kome alle til gode, og samtidig kan vi ved å ”vekke” desse

ressursane, hjelpe personane med å vinne att eiga styrkje og kjensle av å vere til nytte.

Samtidig vil dei vere til nytte for sine eigne og andre sine barn, og det norske samfunnet

generelt.

Hovudfokus i sluttrapporten tek utgangspunkt i kva barnehagen har gjort og lært, og korleis vi

handterte utfordringar i prosjektperioden. I første del av rapporten presenterast resultatmål og

organisering knytt til prosjektplanen. I andre del vurderast nådde mål gjennom kartlegging i

personalet og foreldregruppa, i tillegg til praksisforteljingar frå både personale og foreldre.

I siste del diskuterast handtering av utfordringar undervegs og utfordringar i det vidare

arbeidet.

Kva har barnehagen gjort i forhold til oppsett prosjektplan?

Økonomi

Rekneskap for heile prosjektperioden 2011 -2012

Lønn/personalkostnader

Opplæring/informasjonsarbeid/formidling/omsetjing 30 000,-

Direkte kostnadar

Bøker 10 000,-

Konkretiseringsmateriell til litteratur 20 000,-

Interaktiv tavle 40 000,-

Totale kostnadar 100 000,-

Inntekter

Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,-

Norsk kulturråd 20 000,-

Sum inntekter 70 000,-

Eigeninnsats

35 eventyrposar; 70 timer à 150,- 10 500,-

20 dekorerte språkkoffertar; 20 timar à 150,- 3 000,-

Hekling/strikking av konkretar; 5 timar à 150,- 750,-

Omsetjing frå foreldra; 40 timar à 150,- 6000,-

Sum eigeninnsats 20 250,-

2

Page 5: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Den største kostnaden er knytt til litteratur og materiell. I tillegg til at vi kjøpte inn ei

interaktiv tavle frå Kontorteknikk i Førde, noko som kom som ei ekstra utgift og som ikkje

var med i planen i starten. Den største tilskotsytaren i prosjektet er fylkeskommunen i Sogn

og Fjordane.

Resultatmål og organisering

Resultatmål og organisering i prosjektet vårt, var konkrete ytingar som medverka til å

oppfylle prosjektmålet.

1. Gje informasjon om og å introdusere dei 12 eventyra og dei 22 bøkene barnehagen

har valt å leggje vekt på året rundt til alle minoritetsforeldre i barnehagen

Det er gjeve informasjon og svart på spørsmål frå foreldre i foreldresamtale gjennom heile

året, dette ansvaret låg hos samlege pedagogar. Informasjon om prosjektarbeidet vart gjeve i

eit felles foreldremøte hausten 2011. Vi hadde eit eige foreldremøte for minoritetsforeldra der

foreldra fekk ei innføring av kor viktig morsmålet er for den norskspråkelege utviklinga til

barnet er. Alle språkgruppene som var representert i foreldregruppa hadde tolk til stades som

kunne oversette og utdjupe tankar og spørsmål som kom fram i møtet. Innvandrarsenteret

støtta oss med tolk . Ansvaret for presentasjonane var styrar Merete Moe, pedagogisk leiar

Gerda Hoclas og migrasjonspedagogisk leiar Sissel Engevik.

2. Opprette samarbeid med dei minoritetsforeldre som ønskjer og kan omsetje kjende

norske eventyr og biletbøker til sitt morsmål, der dette ikkje finnast

Foreldra har omsett eventyr til språka tamil, arabisk, farsi, tsjetsjensk og russisk, i forkant av

at eventyra er brukt i samlingane i barnehagen og tilgjengelege for foreldra. Vi har omsett

mange eventyr, men nokre står att enno, eller er under omsetjing. Omsetjinga, og å hente inn

litteratur, har gått føre seg parallelt med gjennomføring av arbeidet med månadsplanane frå

Snakkepakken året rundt.

3

Page 6: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

3. Opprette samarbeid med andre personar, organisasjonar som Innvandrarsenteret i

Flora kommune som kan vere til nytte i omsetjinga av litteratur

Innvandrarsenteret har hjelpt med omsetjing av eventyra: Raudhette, Gullhår, Musa som fekk

ei nøtt i hovudet, Pepparkakeguten, Geitekillingen og Skinnvotten til språka tigrinja, arabisk,

farsi, somalisk. Fleirspråkleg personalet i barnehagen har omsett eventyr til språka arabisk,

farsi, tsjetsjensk og russisk. Omsetje forteljingar ligg som vedlegg. Vi har og oppretta fleire

språkpraksisplassar i barnehagen i samarbeid med Innvandrarsenteret. Språk som er

representert i språkpraksis er: arabisk, farsi, tigrinja, somalisk

4. Gjennomføre og gjenteke samlingsstunder i barnehagen kvar månad der dei utvalte

eventyra og bøkene vert presentert på norsk

Personalet har utvikla eit skriv om kva, kvifor og korleis samlingsstunda skal vere i Krokane

barnehage. Arbeidet vart presentert og gjennomført i eit personalmøte. Skrivet er ein mal for

korleis vi ønskje å ha fokus på formidlingsform og konkretisering når vi fortel eventyr og

bøker i samlingane våre. Ansvar for leiinga og presentasjon var pedagogisk leiar Monica

Brandsøy, saman med migrasjonspedagogisk leiar Sissel Engevik.

5. Formidle den utvalte litteraturen til alle minoritetsforeldre i Krokane barnehage på

deira morsmål

Forelda har kvar månad blitt formidla omsetje skriv, eller lånt bøker på eige morsmål.

Vurdering av nådde mål

I prosjektplanen laga vi oss effektmål over planlagde og forventa endringar vi ønskja av

tiltaket/prosjektet. For å vurdere arbeidet har vi teke utgangspunkt i praksisforteljingar, i

tillegg har vi føretatt ei kartlegging i både i personalgruppa og i foreldregruppa. I

personalgruppa er det 19 av 26 som svarte. I foreldregruppa var 13 av 17 foreldrepar som

svarte. Kartlegginga gjev oss ein viss peikepinne på grad av måloppnåing, men det er viktig å

ha i bakhovudet at svara samstundes kan vere eit tenkt ”ønske” om korleis vi vil at situasjonen

skal vere.

4

Page 7: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Statistikk over innsamla data

Kartlegging i foreldregruppa

Krokane barnehage desember 2012

Ja/

0

Delvis/

1-2

Nei/

3-4

Leser du eventyret for ditt barn? 13 1 0

Liker du å lese eventyr til barnet ditt? 14 0 0

Kjenne du noen av eventyrene fra før? 10 3 1

Har barnet ditt oppnådd bedre norskkunnskap når du/dere har

lest eventyret på morsmål hjemme?

9 5 0

Har du/dere fått informasjon om hvorfor eventyr er delt ut til

barnet ditt?

12 0 2

Tal gongar 0 1-2 3-4

Hvor ofte leser du eventyret for barnet ditt i uken? 0 10 4

Hvor ofte leser du eventyret for barnet ditt i måneden? 0 2 9

Kartlegging i personalgruppa

Krokane barnehage desember 2012

Ja

Delvis

Nei

Brukar du månadens eventyr i samling? 13 4 1

Er samlingsstunda di endra frå då prosjektet starta til no? 15 2 0

Brukar du eventyr/forteling på ein ny måte i dag(konkretar,

gjenstandar o.l.)?

16 2 0

Har barna nådd betre norskkunnskap når du brukar eventyr

/forteljinga i samlingsstunda?

14 3 0

Er det lettare for minoritetsbarna å delta i leik der

eventyret/forteljinga er utgangspunktet?

12 5 0

Barna får leike med konkretar og gjenstandar frå eventyret 13 50

Les/fortel/gjenkallar du, eller nokon annan på basen din

eventyret på barnet sitt morsmål?

2 7 9

Tal gongar 0 1-2 3-4

Kor ofte les du, eller gjenkallar i anna form

eventyret/forteljinga for barnegruppa i uka?

3 10 5

Kor ofte les du, eller gjenkallar i anna form

eventyret/forteljinga for barnegruppa i månaden?

0 4 12

Med utgangspunkt i kartlegginga, refleksjonar og tilbakemeldingar undervegs i prosessen vil

vi saman med effektmåla, vidare freiste å vurdere om måla vi sat oss for prosjektet, er nådd.

1. Auke aktiviteten av litteraturformidling til førskulebarn

Vi kan seie ut i frå kartlegginga at foreldra les for barna i løpet av månaden, og at det er ulikt

kor mykje dei les. Det vi ikkje kan seie noko om er om foreldre les meir for barna no enn før

vi starta prosjektet. Vi opplev at foreldre i dag spør etter forteljingar og eventyr meir enn før.

5

Page 8: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Dei ønskjer å vite kvar vi har lånt bøker på morsmålet deira, sidan dei ikkje finn desse i det

lokale biblioteket. Dei månadane vi ikkje har klart og omsetje eit eventyr til eit av morsmåla,

vert eventyret etterlyst av foreldra.

I personalgruppa har litteraturformidlinga auka. Spesielt måten litteratur vert formidla på i

samlingsstunda, er endra frå før prosjektet starta. På basen der dei eldste held til har vi

investert i ei interaktiv tavle, som vert brukt til å lese bøker og leike med nøkkelord.

2. Minoritetsforeldre oppdagar verdien av å lese/formidle litteratur til barna sine

I foreldremøtet i starten av prosjektet fekk foreldra informasjon om kvifor barnehagen valde

akkurat lesing/litteraturformidling som prosjektarbeid og kvifor det er viktig å støtte

morsmålet til barna. Fleirtalet av foreldra møtte til foreldremøte.

Doktor Ludde vert lese og konkretisert

for barnegruppa

6

For at foreldra skulle få leve seg inn i

korleis barna deira kan oppleve

forteljarstunda i barnehagen, og kor viktig

rolla deira er i språkutviklinga, fekk dei

høyre eventyret om Prinsessa på erta på eit

tysk.

Page 9: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Vi avslutta med dialogmøte og spørsmål om tospråkleg utvikling etterpå. Både vi og foreldra

hadde nytte av at vi hadde tolkar tilgjengeleg. Foreldra takka oss for eit godt møte.

I følgje kartlegginga kjem det fram foreldra likar dei å lese for barna, og for fleire foreldre er

eventyra kjende frå før. Ei mor gjev tilbakemelding om at barna hennar gret om kvelden viss

ho ikkje set av tida til å lese eventyr som barna har med heim frå barnehagen. Ei anna mor

fortel at barnet forstår alle eventyra, når ho les roleg. Eit anna foreldrepar uttrykkjer ønskje

om å få fortelingane på eit anna språk i tillegg. Samarbeidet med og foreldre har vore lærerikt.

Arbeidet har vore krevjande til tider, men også veldig inspirerande og fagleg utviklande.

3. At det er ein positiv samanheng mellom god morsmålsundervisning og vellukka

norsk språktileigning og norskspråkleg faglæring

God morsmålsundervisning i barnehagen jamfører vi med at foreldre og morsmålsassistentar

les og fortel eventyr i samlingsstunder. Etter prosjektet er avslutta vart foreldre spurt om

barna deira har nådd betre norskkunnskap av at dei har lese eventyret heime på morsmålet,

svarte 9 av 13 foreldra ja, mens 4 av 13 svarte delvis.

5 6

Forteljinga vart først lesen frå boka, utan

konkretar der følgjande spørsmål vart stilt;

Kva forstod foreldra?

Det var ikkje nokon som forstod kva

pedagogisk leiar Gerda Hoclas las.

Deretter vart forteljinga lesen på nytt,

denne gongen med konkretar; Kva forstod

foreldra no?

Foreldra uttykte overrasking og meldte at

dette var ei nyttig oppleving.

7

Page 10: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Dette samsvarar med inntrykket personalgruppa sitt att med i følgje kartlegginga. Samstundes

som personalet ser at formidlinga kan vere med og gjere det lettare for nokre minoritetsbarn å

delta i leik, der eventyret er utgangspunkt for eit felles leikegrunnlag og leikeforståing. Ingen

vaksne kan erstatte det verdifulle møtet mellom barn i leik. Her er fleire faktorar som er

avgjerande for kvaliteten på arbeidet og som barnehagen vår treng sjå nærare på. Erfaringar

viser korleis dei vaksne leiar barnegruppa, er av stor verdi for leiken. Det inneber blant anna;

- at dei vaksne sin kompetanse vert utnytta- kven er god til kva?

- korleis dei vaksne er til stade psykisk og fysisk

- kva grad av støtte og hjelp barnet/barna treng

- kor medviten dei vaksne er til og setje ord på og å gjenta forteljinga, at dei vaksne er

høgtalarar for barna

- organisering av leikegruppe, der miljøet attkjennande og lagt til rette for leik med

eventyr

Personalgruppa opplev at eventyra som er omsett til ulike språk, er veldig nyttige for både

barna og foreldra som les dei. Når vi i dag fortel, brukar vi konkretar og bilete i tillegg til

kroppsspråk. Barn i førskulealder er nyfikne på språk og vil få ei språkleg oppleving sjølv om

dei ikkje forstår alle orda som blir sagt. Både barna og foreldra syner ei større forståing av kva

som skjer i barnehagen. Det er tydeleg at prosjektet verkar positivt inn på norsktileigninga hos

barna. Barna lærar utruleg fort norske ord, berre nøkkelorda vert gjenteken i kvardagen vert

det fortalt i personalgruppa. Barna syner stor glede over å kjenne att nøkkelord og eventyr.

Foreldra og barna treng anerkjenning av sitt morsmål i barnehagen. Gjennom å spørje etter

kompetansen til foreldra og involvere dei i barnehagen sitt språkarbeid, erfarer vi at foreldra

vert meir aktive i barna si språkutvikling i barnehagen. Før vi starta prosjektet ønska for

eksempel ikkje barna å tale morsmålet i barnehagen, i dag når vi spør kva eit ord heiter på

deira morsmål, svarar dei tilbake på morsmålet og er synleg stolte. Når vi opplev det

språklege mangfaldet vil det etter kvart verke positivt på haldningar og identitetsutvikling.

Fleire studie syner at det er lettare å lære andre språket viss barn har eit godt utvikla morsmål.

Forsking viser og at eit godt utvikla omgrepsinnhald på morsmålet er ein viktig støtte for å

lære nytt språk. Vi ser at vi er på rett veg og samanhengen mellom morsmål støtte frå foreldra

og norskspråktileigning er god, men at både foreldre og personalet treng meir kunnskap om

samarbeid og fleire verktøy til bruk i kvardagen. Blant anna treng personalet å ta i bruk

8

Page 11: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

eksisterande språk i personalgruppa, slik det går frem i kartlegginga ser det ut som at

språkressursane blant dei vaksne ikkje vert brukt i kulturformidlinga slik vi ønskjer og det er

noko vi ønskjer å arbeide vidare med.

4. Kompetanseheving i personalgruppa

Det meste av kompetansehevinga gjekk føre i barnehagen gjennom systematisk informasjon

og opplæring frå prosjektleiar og migrasjonspedagog på personalmøter og planleggingsdagar.

Bruk av språkkoffertar og språkposar er sentralt saman med litteraturen, metoden er

systematisk brukt gjennom heile prosjektperioden.

Samlingsstunda er og ein viktig arena der læring går føre seg. Barna lyttar, ser, tek imot, og

deltek i fellesskapet. Vi valde difor å rette fokus på korleis samlinga byggjast opp.

Samlingsstunda er eit reiskap for å skape eit felles «vi» i barnehagen. Vi såg nærare på viktige

metodar som førebuing, faste innslag/rutinar, struktur, rutinar som skapar føreseielege vilkår

for barna. Innhald og gjennomføring med utgangspunkt i eventyr og konkretar. Bilete frå

presentasjonen:

Personalet meiner sjølv dei er vorten meir medviten eiga kompetanse innan område

litteraturformidling og norskspråktileigning i barnehagen. Eventyr og forteljingar saman med

materiell og nøkkelord er i større grad enn før teken i bruk dei formelle samlingane, i tillegg

til dei meir uformelle situasjonane. Vi har eit gjennomført fokus på eventyr og forteljing, der

vi trekk fram nøkkelord frå eventyra i songar, rim og regler, spel og ikkje minst gjennom leik.

Vi har utvikla eit aktiv miljø i dramakroken.

9

Page 12: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Tras er nytta gjennom prosjektet, for å vise korleis eventyr og bøker er til verdi i

språkkartlegginga. Personalet nyttar situasjonar eventyr og litteraturformidling gjev, saman

med konkretar i kartlegginga av språk:

Trollet lastar skipet med…..Politi-bil, hai………..(elefant, helikopter, paraply…..)

Uttale, ord- og setningsproduksjon

(bil-pil, mus-hus, katt-hatt..)

Trollet befaler (1)

Trollet holdast opp og befalar barna etter tur:

Spørsmåla kan tilpassastkvart barn/barnegruppe og ut frå dei ord og omgrep einønskjer å fokusere på:

”Legg trollet under brua.””Sett trollet på graset som er grønt.””Legg den største bukken i elva.””Sett trollet bak brua””Gje meg den som er blå””Gje meg noko som er grå”

(Utvid - ta heile rommet i bruk)

Språkforståing og språkleg medvite

Kims leik

• Nokre av rekvisittane i eventyret ligg igjen på bordet

• Barna får sjå i nokre sekund

• Så legg vi eit teppe på og barnet skal hugse kva som ligg under duken

• Vidare ta vekk 3 av gjenstandane, utan at barna ser det, ta bort duken og be barna fortelje kva du har teke bort

Samspel, kommunikasjon og merksemd

Vi er i dag ein fokusbarnehage for NAFO, nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring, der vi

får vidare retteleiing og utviklar ny kompetanse.

Arbeid etter boka om Doktor Ludde i dramakroken

10

Page 13: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

5. Vidareformidling av prosjektet vårt til andre barnehagar

Barnehagane Torvmyrane og Dalvegen har hatt personalmøte i barnehagen, i tillegg til

Høgskulen i Sogndal. Dei har fått informasjon om arbeidet og vorte vist rundt i barnehagen.

Steinhovden barnehage har fått informasjon og rettleiing i forhold til arbeidet vårt. Barne og

ungdomslinja ved Flora vidaregåande har fått undervisning i barnehagen.

Barnehagelærarstudentar tek med seg erfaringar og lærdom tilbake til eigne barnehagar, der

dei fører vidare formidling av litteratur og nøkkelord og arbeid med konkretar.

Prosjektet skal presenterast eksternt i styrarnettverket for barnehagar i Flora Kommune.

Sluttrapport vert sendt til Fylkeskommunen i Sogn og fjordane og Norsk kulturåd.

Korleis personalet har handtert utfordringane i utviklingsarbeidet

I prosjektplanen laga vi nokre milepælar for arbeidet, som blant anna var å lage eit styre. I

styringsgruppa sat styrar og prosjektleiar Merete Moe, migrasjonspedagogisk ansvarleg Sissel

Engevik og økonomiansvarleg Oddrun Eikeset. Økonomien vart seinare teken over av styrar

Merete Moe, fordi Oddrun Eikeset gjekk over i ei anna stilling i kommunen. Foreldregruppa

har ikkje hatt ein representant frå foreldreutvalet med i styre. Vi ser at vi i framtida må bli

betre til å involvere foreldra inn i utviklingsarbeida våre. Grunnen til at foreldra ikkje vart

involvert som planlagt, kan vere at vi organiserte møter undervegs ved behov i løpet av

kvardagane.

Styringsgruppa har også fungert som prosjektgruppe, der styrar og migrasjonspedagog

utarbeida prosjektplanen og koordinerte arbeidet i barnehagen. Styrar har hatt oversikt over

drifta. Prosjektet har vore evaluert fortløpande i jamlege møter mellom styrar og tilsette, på

personalmøter og basemøter, og mellom pedagogiske leiar og dei fleirspråklege foreldra.

Den største utfordringa undervegs har vore sjølve omsetjinga av litteratur. Det har kravd

mykje tid og ressursar til å rekruttere omsetjarar. Foreldra vi har spurt har stilt opp og gjort så

godt dei har kunne. Innvandrarsenteret var velvillauge i starten, men dei trakk seg etterkvart

vekk på grunn av mangel på tid og motivasjon hos omsetjarane.

11

Page 14: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Det har overraska oss kor lite det eigentleg er omsett av barnelitteratur på einskilde språk,

men vi ser i den tida vi har heldt på at meir og meir vert tilgjengeleg og i Noreg særleg på

arabisk. Bøker har vi lånt hos det lokale biblioteket, som igjen skaffa oss bøker frå det

Fleirspråklege bibliotek i Oslo. Vi har og bestilt tospråkleg litteratur gjennom nettstaden

mantralingua.

Utarbeiding av konkretar og materiell til eventyr og bøker har teke tid, her har mykje vorte

gjort på dugnad av migrasjonsansvarleg. Kostnadane til materiell vart større ein vi hadde tenkt

i startfasen. Fordelen no er at vi har eit stort lager å ta av. Ei utfordring som møtte oss er at

litteratur og tilhøyrande materiell og konkretar, måtte vere lett tilgjengeleg i kvardagen.

Arbeidsrommet vart difor omorganisert, hyller vart her delt inn i 12 månader, kor materiellet

er plasert. Her finn vi alle dei 22 bøkene i språkkoffertar. For kvar månad har vi eit ideheftè

med ulike aktivitetar som speglar fagområda frå Rammeplanen for barnehagen, songar, rim

og regler, fargeleggingsark, turar, omsetje eventyr og bøker. Materiell som synleggjer

nøkkelord.

Alt skriftleg materiell er tilgjengeleg på fronter,

ei digital læringsplattform i kommunen.

Hylle i arbeidsrommet med 8 av dei 12

månadane, her finn personalet til saman

22 bøker med tilhøyrande konkretar

12

Page 15: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Utkledningstøy til dei ulike forteljingane har vi fordelt i store baggar delt inn i tema for kvar

månad. Barna sette pris på at det kvar månad er noko nytt og spennande i leikekroken som

speglar att forteljingane som er i fokus. Lagerrom som ligg nærast basane er organisert etter

dei 12 eventyra.

I starten av prosjektarbeidet hadde vi diskusjon i personalgruppa med tanke på kun å arbeide

med utvalte eventyr og bøker. Tankar som kom fram er at det kunne fort verte keisamt å

arbeide med same eventyr over tid. Denne haldninga har snudd seg ettersom erfaringar synte

at litteraturen vart meir spennande å bruke. No kjenner vi forteljingane så godt at vi er mykje

meir kreative i formidlinga vår. Planlegginga har vorte enklare, fordi vi veit kva tema som blir

omhandla kvar månad. Det er lettare å ta over når nokon i personalgruppa vert sjuke, sidan

heile barnehagen arbeidar med same tema og litteratur. Samtalar med utgangspunkt i

forteljingar finn stad på tvers av alle alderar. Dei spontane samtalane som finn stad er lettare

og byggje vidare på saman med barna som frå før har få omgrep.

Utfordringar i det vidare arbeidet i Krokane barnehage

Vi har fleire utfordringar å ta fatt i. Først og fremst må vi som tidlegare nemnt gripe tak i den

språklege bakgrunnen som finnast i personalgruppa, synleggjere og ikkje minst ta i bruk

denne kompetansen i kulturformidlinga. Å gjere dei fleirspråklege personalet meir trygg i

arbeidet sitt gjennom å heve deira faglege kompetanse. Heile barnehagegruppa kan få ei

språkleg oppleving med ein assistent som for eksempel fortel eventyret om Skinnvotten på

tamil.

Gjennom hausten har vi erfart at ei interaktiv tavle kan brukast som eit verktøy for å fremme

barnas språkutvikling. Den har så langt vore med å vekke interesse, begeistring og motivasjon

hos barna på basen der vi i haust fekk dette til. Tavla kan løyse ut barns nyfikne, og dermed

vere drivkraft til å forske ut leik, aktivitet og verbal kommunikasjon. Framføre ei interaktiv

tavle, og gjennom samhandling kan barna tileigne seg ny kunnskap, sosial- og digital

kompetanse, samt bli kjent med nye omgrep, forteling og eventyr. Det hadde vore spennande

og undersøkt dette nærare i alle aldersgrupper i barnehagen.

Den siste utfordringa vi vil nemne er foreldresamarbeidet, og korleis vi kan gjere det betre.

Det er nokre av minoritetsforeldra som ikkje les for barna, fordi dei ikkje kan lese. Å få lese

13

Page 16: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

inn eventyra på lydfiler, vil vere til stor hjelp. Vi har allereie invitert til nytt samarbeid med

Innvandrarsenteret og asylmottaket i kommunen om å intervjue foreldre i saman. Dette for å

finne ut kva opplevingar, tankar og erfaringar foreldre sit med frå barnehagen, og ut i frå det

få nye perspektiv og sjå nye løysingar. Ein tanke er at det kan vere interessant å invitere

foreldra – mor frå introduksjonsprogrammet til lesegrupper om lesing av bøker for barn.

Gjennom ei slik gruppe kan foreldra – mor verte meir fortruleg med å bruke bøker, også dei

som har lita eller ingen lesedugleik på verken norsk eller morsmål.

Avsluttande

Ei summering av prosjektarbeidet viser at vi har arbeida strukturert og godt. Vi har klart å

auke leselysta hos minoritetsforeldra og vi formidla kjend norsk litteratur på ulike språk.

Litteraturen har synt seg å vere kjent for fleire av foreldra og nokre har opphav frå deira

heimland. Ved at vi involverar foreldra som språkbyggarar i eit tidleg stadium, aukar vi

minoritetsfamilien si deltaking i barnet si språkutvikling. Saman med kompetanseheving i

personalgruppa fører dette saman til ein vellukka norsk språktileigning hos barna. Barna i

Krokane barnehage har opplevd Å forstå verda på eige språk.

14

Page 17: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Litteraturliste

Baker, C. (2001): Foundations of Bilingual Education and Bilingulalism.

Kap 5, 6 og 8. I kompendium Fleirkulturell forståing.

Avdeling for lærarutdanning og idrett 32/2007.

Eriksen, T. H.(2002): Flerkulturell forståelse. 2. Utgave, 2 opplag.

Universitetsforlaget.

Gjervan, M./Andersen C. E./

Bleka, M ( 2006): Se mangfold! Perspektiver på flerkulturelt arbeid i

barnehagen. Cappelens Forlag As, Oslo

Hauge, A. M. (2007): Den felleskulturelle skolen. 2. Utgave.

Universitetsforlaget.

Rammeplan (2006): Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Kunnskapsdepartementet.

Valvatne, H./Sandvik, M. (2002): Barn, språk og kultur. Cappelen Akademisk Forlag.

Øzerk, M (2007): Multimetodisk modell for tilpasset opplæring –

Pedagogisk – metodiske ideer for å arbeide etter

Kunnskapsløftet i flerspråklige klasser. Kolofon Forlag

AS, Oslo

Page 18: Å FORSTÅ VERDA PÅ EIGE SPRÅK - OsloMet · Interaktiv tavle 40 000,- Totale kostnadar 100 000,- Inntekter Fylkeskommunen Sogn og fjordane 50 000,- Norsk kulturråd 20 000,- Sum

Krokane barnehage 2013

Oversikt over omsetjingar

Arabisk Bosnisk Farsi Engelsk Russisk Spansk Tagalog Tamil Thai Tigrinya Tsjetsjensk Somali Slovakisk

Bukkene Bruse X X X X X X X X

Skinnvotten X X X X X X X X

Haren og

skilpadda

X X X X X X X X X

Pannekaka X X X X X

Prinsessen på erta X X X X X X X X X X X

Gruffalo X X X X X

Lille Larven

Aldrimett

X X

Den lille røde

høna

X X X X X X X X X

Geitekillingen X X X X X

Skilpaddebabyen X X X X X X X

Rødhette X X X X X X X X X X X

Gullhår X X X X X X X X X X

Musa som fekk ei

nøtt i hovudet

X X X X X X X

Løven og musa X X

Pepparkakeguten X X X X X X X X X X

Vedlegg 1