24
Av Klaus Johan Myrvoll Bruk og misbruk av skaldekvæde hjå norske historikarar Med den aukande kritiske hald- ningi til historisiteten i sagamateri- alet frå andre helvti av 1800-talet vart skaldekvæde ein di viktugare kjeldetype. Trass i freistnader på å byggja meir eksklusivt på skaldekvæde i historieskrivingi hev det synt seg at historikarane ofte vantar den kunnskapen som trengst for å tolka skaldekvædi på ein vitug måte. Ikkje sjeldan ser ein at prosakonteksten likevel fær det avgje- rande ordet. I denne artikkelen vert det peika serskilt på slikt ulaglegt bruk av skaldekvæde for å byggja uppunder den genealogiske konstruksjonen «hårfagreætti». Det vert konkludert med at fleirtalet av norske historikarar ikkje hev greidt å lausriva seg frå sogeprosaen, og at det enno er eit stykke att fyre skaldediktingi er fullt utnytta som kjelda til dei eldste periodane av norsk historia. [email protected] Klaus Johan Myrvoll er stipendiat ved Universitetet i Oslo. Historisk tidsskrift Bind 93, s. 383–406 © Universitetsforlaget 2014 English abstract p 507

Bruk og misbruk av skaldekvæde hjå norske historikarar

Embed Size (px)

Citation preview

Av Klaus Johan Myrvoll

Bruk og misbruk av skaldekvæde hjå norske historikarar

Med den aukande kritiske hald-ningi til historisiteten i sagamateri-

alet frå andre helvti av 1800-talet vart skaldekvæde ein di viktugare kjeldetype. Trass i freistnader på å byggja meir eksklusivt på skaldekvæde i historieskrivingi hev det synt seg at historikarane ofte vantar den kunnskapen som trengst for å tolka skaldekvædi på ein vitug måte. Ikkje sjeldan ser ein at prosakonteksten likevel fær det avgje-rande ordet. I denne artikkelen vert det peika serskilt på slikt ulaglegt bruk av skaldekvæde for å byggja uppunder den genealogiske konstruksjonen «hårfagreætti». Det vert konkludert med at fleirtalet av norske historikarar ikkje hev greidt å lausriva seg frå sogeprosaen, og at det enno er eit stykke att fyre skaldediktingi er fullt utnytta som kjelda til dei eldste periodane av norsk historia.

[email protected]

Klaus Johan Myrvoll er stipendiat ved Universitetet i Oslo.

Historisk tidsskriftBind 93, s. 383–406© Universitetsforlaget 2014

Englishabstractp 507

!""#$!%!"&

$"&$ '() %$* fyrst og fremst dei gamalnorske og gamalislend-ske kongesogone frå 1100- og 1200-talet som vart nytta til å skriva um dei eldste periodane av norsk historia. Mot slutten av 1800-talet kann ein sjå ei aukande kritisk haldning til desse

sogone, serleg som kjeldor til den eldste perioden, vikingtid og tidleg kris-ten millomalder (ca. 800–1100). Denne sagakritikken, som han vanleg vert kalla, er tydeleg alt hjå P. A. Munch kring midten av hundradåret, og han vert intensivert gjenom dei kjeldekritiske studiane åt Gustav Storm frå 1870-åri av. Samstundes som stendigt fleire element i kongesogone vert dregne i tvil, ser me at skaldekvæde vert viktugare som kjelda til den eldste historia.

Med denne dreiingi i kjeldebruk vert det tydelegt at historikarane ikkje alltid eig den kunnskapen dei treng for å tolka skaldekvædi på ein vitug måte. Skaldekvædi er uheilt yverleverte, dei inneheld etter måten lite spesifikk informasjon, og det innfløkte skaldespråket, med mykje bruk av synonym og umskrivingar, gjer dei vanskelege å tolka. Stelte and-synes desse vanskane hev historikarane ein tendens til å nytta dei upplys-ningane og tolkingane som høver med eigne hypotesar, men vanda andre som ikkje høver like godt inn. Ikkje sjeldan ser ein at prosakonteksten, som ein skulde lausriva seg frå, fær det avgjerande ordet.

I denne artikkelen skal eg fylgja framvoksteren av den norske sagakri-tikken frå 1800-talet og fram til våre dagar gjenom å sjå serskilt på koss historikarane hev nytta den kjeldetypen som skaldekvæde representerer. Ein grunnleggjande hypotese er at den norske sagakritikken ikkje fekk so sterke impulsar frå den radikaliserte kritikken åt brørne Lauritz og Curt Weibull i Sverike, men at han voks fram meir på eigen grunn i Noreg. Ein annan hypotese er at den veksande kritiske haldningi til dei einskild-upplysningane (fakta) som sogeprosaen gjev, fekk seg ein knekk under den innverknaden som Halvdan Koht hadde på feltet, og at ein difor ser ei minder kritisk haldning hjå Koht sjølv og hjå deim som fylgde i fotefari hans, enn hjå sume av deim som verka samstundes med Koht. Ein tridje hypotese er at historikarane var meir kritiske i einskildstudiar enn når dei skreiv samanhangande noregshistorior, som det hev vore mange av på 1900-talet.

Desse hypotesane vert prøvde ved ein gjenomgang av kva norske his-torikarar hev meint um eitt sentralt problem for historieskrivingi, det er fyrestellingi um at alle seinare norske kongar var etterkomarar av Harald Hårfagre, og at Noreg vart rekna som ein «odel» i hans ætt. I båe tilfelli

L

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 567

spelar mistyding av poetiske umskrivingar (heiti og kenningar) i skalde-kvæde ei viktug rolla.

0(&(-)!*!--$" ! ".)0- 2!0*.)!$8.)0-!"&

Her er ikkje rom for å koma med ei uttømande framstelling av sagakri-tikken i norsk historieforsking, men det vert naudsynt å nemna nokre hovuddrag og -linor.1

Dei kjeldekritiske prinsippi for utnytting av sagakjeldone var eta-blerte alt hjå P. A. Munch (1810–1863). Det gjeld framfor alt det Ottar Dahl kallar «samtidighetsprinsippet», d.e. at di nærare ei kjelda er hen-dingane i tid og rom, di meir pålitande må ein rekna med at ho er, under elles like fyresetnader.2 Frå Rudolf Keyser (1803–1864) hadde Munch teke yver ei innbolking av sogone i (1) mytisk-heroiske, (2) historiske og (3) romantiske sogor, der det berre var den andre gruppa som etter Key-sers meining viste «en Stræben efter at holde Sagnet fast paa Virkelighe-dens Enemerker».3 Både Keyser og Munch synte ein kritisk moderasjon gjenom «et halvt skjult prinsipp som bærer de fleste av deres kritiske resonnementer: De bygger med tillit på sine kilder hvor de ikke har spe-sielle grunner til å tvile», skriv Dahl.4 Likevel gjekk Munch lenger enn Keyser i kritisk leid. Medan Keyser til dømes ikkje såg nokon grunn til å tvila på at forteljingi um Gyda i soga um Harald Hårfagre er historisk, vanda Munch denne episoden heilt.

Den som skulde føra sagakritikken eit godt stykke fram, var Gustav Storm (1845–1903). Den viktugaste skilnaden i høve til fyregangarane var i synet på den munnlege tradisjonen og tilhøvet den hadde til den skriftlege yverleveringi. Medan Munch og i endå større mun Keyser hadde rekna med fast utforma, umfemnande munnlege tradisjonseiningar attum dei ned-skrivne sogone, meinte Storm at sogeskrivarane hadde havt eit skapande til-høve til dei tradisjonane dei bygde framstellingane sine på. Storm var òg merksam på at sogeskrivarane stod i eit reint litterært samband med kvaran-dre, noko han synte gjenom grundige tekstanalysar og -jamføringar.

1. Det som kjem her, byggjer i stor grad på det historiografiske yversynet åt Ottar Dahl, Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre, 4. utg., Oslo 1990. Eg hev òg havt nytte av eit par artiklar av Knut Helle, Hovedlinjer i utviklingen av den historiske sagakritikken, i J. R. Hagland og S. Supphellen (red.), Leiv Eriksson, Helge Ingstad og Vinland. Kjelder og tradisjo-nar. Innlegg ved eit seminar i regi av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 13–14 oktober 2000, Trondheim 2001: 13–40, og Hvor står den historiske sagakritikken i dag?, Collegium Medievale 24, 2011: 50–86.

2. Dahl 1990: 73.3. R. Keyser, Efterladte Skrifter, bd. 1: Nordmændenes Videnskabelighed og Literatur i

Middelalderen, Christiania 1866: 345.4. Dahl 1990: 74.

569 /:)'.##

Når det gjeld sjølve den sagakritiske haldningi, skilde ikkje Storm seg avgjerande frå Munch, men han la større vekt på samtidige kjeldor som utlendske annalnotisar og skaldekvæde, og han gav meir ans på medviten og umedviten tendens i kjeldone. Han var likevel etter måten moderat, noko som synte seg i ein replikk til dansken Edwin Jessen, som hadde gjenge hardt ut mot ein tendens han meinte å sjå til å byggja på segntra-disjonar i sogone; slikt segnstoff var «løgn» til det motsette var prova, meinte Jessen. Storm svara at ein nok andsynes segner måtte «gjøre den skarpeste Prøvelse gjeldende»:

Men at forbyde Forskere, der skal skrive disse Tiders Historie, at befatte sig med ubeviste Sagn, vilde omtrent være det samme som at byde, at de havde at afholde sig fra at søge at skildre Vikingetiden; thi af de korte Notitser i Annalerne kan man ikke fremstille Tiden i dens fulde Virke-lighed.5

Eit konservativt drag ved Storm var i det heile at han, med Knut Helles ord, «sluttet seg til den allmenne tro som 1800-tallets norske historikere hadde på muligheten av å skrive sammenhengende historie på basis av fortidssagaene om norske konger».6 Som me skal sjå, er ikkje dette noko 1800-talshistorikarane er åleine um; ein kann finna denne trui enno hjå norske historikarar i dag.

Med Lauritz Weibulls Kritiska undersökningar i Nordens historia omkring år 1000 (1911) nådde sagakritikken eit fyrebils høgdepunkt i nor-disk historieforsking.7 Ingen fyre honom hadde vore meir nådelaus i dis-sekeringi av dei norrøne kjeldone. Ottar Dahl hev likevel rett i at det ikkje var so mykje nytt i dei kjeldekritiske prinsippi åt Weibull som at han representerte ei radikalisering i bruket av deim; «[d]et var i virkelig-heten mer i sin holdning enn i sin metode han skilte seg ut fra den tradi-sjonelle forskning».8 Hjå Weibull merkar ein ikkje berre ein vilje til å vanda framstellingi i sogone, men jamvel ei gleda ved å gjera det. Og det var noko nytt. Ein laut frigjera seg frå «den förtrollning, i vilken den isländska litteraturen bundit och binder den historiska vetenskapen», hevda Weibull.9 Gjenom grannsam analyse av kjeldone kunde han syna koss den islendske tradisjonen i mange tilfelle hadde balla på seg frå hel-ler stutte fråsegner i dei eldste prosakjeldone til fyllugare, men stendigt

5. G. Storm, Kritiske Bidrag til Vikingetidens Historie (I. Ragnar Lodbrok og Gange-Rolv), Kristiania 1878: 5.

6. Helle 2001: 18.7. L. Weibull, Kritiska undersökningar i Nordens historia omkring år 1000, Lund 1911.8. Dahl 1990: 236; jf. òg Helle 2001: 19 i tilslutnad til Dahl.9. Weibull 1911: 74.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 56;

meir uhistoriske forteljingar i dei yngre, påverka av vandremotiv, nasjo-nale fordomar og episk-litterære lover. Weibulls konklusjon um kjelde-verdet åt kongesogone var difor langt på veg negativ: «När sägen och dikt sopats bort, har det visat sig, att endast enstaka händelser och de grövsta linierna i tidens historia äro vetenskapligt konstaterbara.»10

Forvitnelegt med Weibull er at han òg var kritisk til skaldekvædi som samtidige kjeldor. Han drog i tvil Snorre Sturlassons ord (i fortalen til Heimskringla) um at hirdskaldane hadde vore sannferdelege i skildring-ane sine: «Det måste i regel krävas bevis för att vad de meddela är rik-tigt.»11 Millom samtidige norske historikarar finn me ikkje ein tilsva-rande reservasjon. Dei er derimot dubbelt naive når dei ikkje berre lit på hirdskaldane, men òg på dei som gav endeleg form til prosaen ikring upptil fleire hundradår seinare.

Dette tilhøvet er berrsynt i ein artikkel av Alexander Bugge frå 1910 um «Skaldedigtningen og Norges ældste historie».12 Bugge er tydeleg uppglødd av den nye skaldediktsutgåva åt Finnur Jónsson13 og tek til ords for å nytta skaldediktingi meir eksklusivt som kjelda til den eldste norske historia:

De som hittil har skrevet om Norges historie i 10de og slutningen av 9de aarh., har først og fremst lagt sagaerne til grund for sin fremstilling. Det er tilfældet med Munch og Sars, ja endog med Gustav Storm i hans utrykte forelæsninger. Jeg havde heller ikke selv, før Finnur Jónssons utgave saa lyset, rigtig forstaaelsen av at de fleste avsnit av denne tids his-torie kan skrives paa grundlag av skaldenes kvad.14

Spursmålet er so kva det inneber å skriva historia «paa grundlag av skal-denes kvad». I framhaldet av sitatet ovanfor vert det klårt at Bugge for ein stor del nyttar skaldekvædi til å underbyggja det me alt «veit» frå pro-saen. Eit godt døme er når han på grunnlag av nokre ålmenne formule-ringar i Torbjørn Hornkloves Glymdrápa vil slutta noko um gangen i Harald Hårfagres hèrtaking av Noreg. I kvædet heiter det i fyrste strofa (i Finnur Jónssons umsetjing) at «[f]yrsten, altid heftig vred på ufreds-stiftere, havde en kamp på heden, för krigeren begav sig, storslået i sine foretagender som han er, på skibe til kamp».15 Bugge vil tyda dette som at

10. Weibull 1911, fyreordet («Företal»).11. L. Weibull, Historisk-kritisk metod och nordisk medeltidsforskning, Lund 1913: 94.12. A. Bugge, Skaldedigtningen og Norges ældste historie, Historisk tidsskrift 4. r., bd. 6,

1910: 177–196.13. F. Jónsson, Den norsk-islandske skjaldedigtning, København 1912–15. Det fyrste heftet

kom ut i 1908.14. Bugge 1910: 177.15. Jónsson 1912–16, B I: 20.

566 /:)'.##

Harald «før han byggede sin flaate i Trøndelagen, kjæmpet tillands, det sagaerne ogsaa nævner». Den fyrste av desse kampane skal ha vore på Hedmarken, «for det kan vel ikke være tvil om at ‘paa heden (eller heien)’ (á hei!i) i første vers betyder ‘paa Hedemarken’».16

At Bugge her les meir ut or skaldestrofa enn det ho er god for, er heilt klårt. Det forvitnelege er at studiet av skaldekvæde hjå Bugge verkar kon-serverande på historieskrivingi; det er oftast so at Snorre sit med «fasiten» for koss skaldeversi skal tolkast. Eit meir kjeldekritisk syn, i samsvar med Weibulls program, vilde vera å rekna Snorres prosa som éi mogeleg tol-king av skaldeversi som ein bør vera kritisk til. Eit sunt metodisk prinsipp er at ein so langt som råd er ser skaldeversi isolert frå prosaen, soleis at ein ikkje tek deim til vitne på noko dei faktisk ikkje segjer noko um.

Jamvel um Bugge ikkje lukkast i å bruka skaldetilfanget på ein kritisk måte, hadde han rett i prinsipp. Den fyrerangen han vil gjeva skalde-kvædi, er upplagd i og med det kjeldekritiske prinsippet um å lata dei mest samtidige kjeldone vega tyngst. Bugge endar artikkelen sin med å strika under at «vi, om vi skal undersøke vort lands ældste historie, først og fremst maa vende os til skaldenes kvad, ikke til sagaerne».17 Dette er i røyndi eit radikalt forskarprogram som ikkje hev vore sett ut i livet med full konsekvens. Heller ikkje Bugge sjølv skulde fylgja det upp i dei bandi han skreiv av den noregshistoria som kom ut i åri 1909–17.18

Ein upplagd vanske for historikarane i møtet med dei nye, radikali-serte kravi til kjeldebruk var at flestalle av deim ikkje åtte den filologiske tamen som trongst for å gjera seg nytte av eit so komplisert materiale som skaldekvædi er. Ikkje minst var kjennskapen til det sermerkte skaldesprå-ket, med dei talrike umskrivingane (heiti og kenningar), for dåleg. Attåt kom ein sterk historikartradisjon for å skriva samanhangande historia til å standa i vegen for ei ny og fordomsfri tolking av kjeldone. Den fyllu-gaste framstellingi, som ein fann hjå Snorre, hadde ein tendens til å fylgja med som nissen på lasset. Endeleg skulde ei dreiing i interessefel-tet frå kritisk sikting av einskildupplysningar til større problem knytte til heilskapssyn og tendens i sogone få den verknaden at dei weibullske ideali kom til å synast minder viktuge.

Heilt sentral i denne dreiingi var Halvdan Koht (1873–1965), som i kraft av ein viss originalitet og ein sterk fagpolitisk posisjon skulde koma til å farga norsk sagakritikk for dei næste generasjonane. Koht formulerte

16. Bugge 1910: 180.17. Op.cit.: 196.18. Norges historie fremstillet for det norske folk, red. A. Bugge, E. Hertzberg, O. A. Johnsen,

Y. Nielsen, J. E. Sars og A. Taranger, bd. 1–6, Oslo 1909–17.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 56<

sitt syn på sogone i fyredraget «Sagaernes opfatning av vor gamle histo-rie» i 1913 (prenta i Historisk tidsskrift året etter).19 Koht opna med å peika på at den aukande kritikken som sogone hadde vore utsette for sidan P. A. Munchs dagar, hadde ført til at ingen lenger tok deim for fyrstehands kjeldor; «hver en moderne gransker gaar til dem med den forutsætning at de repræsenterer en senere tids forfatterskap». Men, held han fram, denne kunnskapen um upphavet åt kjeldone hev enno ikkje ført til «de nødvendige konsekvenser». Ein hev ikkje reist det spursmålet «om ikke sagaerne ogsaa bærer merke av selve den tidsalder de er blit til i» (Kohts utmerkjing). Kohts tanke var for det fyrste at dei som skreiv sogone – og serleg Snorre –, hadde eit markert heilskapssyn på den eldre historia, og dinæst at dette heilskapssynet var styrt av tilhøve i samtidi åt forfattarane. Konkret meinte Koht at Snorres heilskapssyn var at noregs-soga dreia seg um motsetnaden millom kongedøme og verdslegt aristo-krati, som ei spegling av politiske tilhøve i Snorres eigi samtid.20

Koht var slett ikkje so kritisk til einskildupplysningar i sogone, og i dette stykket skilde han seg skarpt frå Weibull-brørne. Det heng saman med at Koht meinte å kunna bruka upplysningar i sogone til å «avsløra» den samtidspåverka tendensen i deim.21 Eit døme på dette er når han nyt-tar Snorres uppgåvor um «stormenn» på Olav Haraldssons tid – det vert nemnt fleire millom tilhengjarane hans enn millom motstandarane hans – til å syna at kongedømet ikkje var i strid med, men i hovudsaki i sam-band med «stormandsklassen i landet», motsett det Snorre hevdar.22 Eit anna døme er når Koht nyttar dei ymse ættelinone i «hårfagreætti» hjå Snorre til å segja noko um kronologi og dateringi av slaget i Hafrsfjord, ved å telja generasjonar fram til kongane på 1000-talet.23 Det er i og for seg ikkje noko gale med sjølve metoden, men det er ein fyresetnad for at reknestykket skal vera adekvat, at desse ættelinone er pålitande.

Det er meir vurderingi av hendingane enn rekonstruksjonen av den historiske gangen som interesserer Koht. Når det galdt dei historiske fakta, slutta Koht seg langt på veg til synsmåtane åt folkeminnegranska-ren Knut Liestøl. I Upphavet til den islendske ættesaga (1929) hadde Lie-støl formulert eit grunnleggjande positivt syn på historisiteten i dei eldre, ikkje litterært umarbeidde ættesogone:

19. H. Koht, Sagaernes opfatning av vor gamle historie, Historisk tidsskrift 5 r., bd. 2 (1914): 379–396. (Prenta upp att i Innhogg og utsyn i norsk historie, Kristiania 1921: 76–91.)

20. Jf. referatet av Kohts artikkel hjå Dahl 1990: 238 f.21. Jf. Helle 2001: 21.22. Koht 1914: 389 f.23. H. Koht, Um eit nytt grunnlag for tidrekninga i den elste [sic] historia vår, i d.s., Innhogg

og utsyn i norsk historie, Kristiania 1921: 34–51 (ikkje prenta tidlegare).

5<= /:)'.##

dersom det ingen grunn er til å tru at noko er uhistorisk, so er det grunn til å tru at det er historisk. Det vil segja at mykje av det som ikkje let seg kontrollera, bør reknast for pålitelegt – ikkje i kvar detaljen, men i hovuddrag.24

Dette er eit synspunkt som samsvarar godt med det Keyser, Munch og Storm hadde – men er stikk motsett av det Weibull hevda (jf. ovanfor). Koht viser til denne «regelen» hjå Liestøl, men tek eit atterhald um at det «lett [...] blir vidt rom for usemje om kva som kan vera ‘grunn til å tru at noko er uhistorisk’». Likevel er Koht optimistisk: «[N]år alt er reinska ut i den kritiske skirs-elden, blir det enda att ifrå sagaene ei samling av fakta så stor så dei for seg sjølv gjer det mogleg for oss å skrive historia om eit par-tre hundreår.»25 Kohts alt i alt konservative posisjon kom til å påverka seinare norske historikarar soleis at den detaljorienterte sagakri-tikken åt Weibull-brørne fekk mindre gjenomslag i Noreg enn i dei hine skandinaviske landi.26

Eit visst nedslag skulde likevel den weibullske sagakritikken få i Noreg, men då mest i visse einskildstudiar i artikkelform. Gode døme er den unge Johan Schreiners artiklar um slaget i Hafrsfjord, der den fyrste – ironisk nok – kom i heidersskrifti til Halvdan Koht og den andre, meir utbygde i Weibulls tidsskrift Scandia.27 Mykje siterte er elles Edvard Bulls ord i innleidingi til band 2 av Det norske folks liv og historie (1931), der han slær på weibullske strenger:

Vel kan vi regne med at der er et visst minimum av faktisk grunnlag for det som tradisjonen har fortalt og som Snorre har bragt i overensstem-melse med det helhetssyn som han har resonnert sig frem til; men på de punkter hvor vi er istand til å øve noen kontroll, kan vi også konstatere at tradisjonen har underkastet kjensgjerningene en voldsom omdannelse. Og vi må derfor opgi enhver illusjon om at Snorres mektige historiske epos har noen dypere likhet med det som faktisk skjedde i tiden mellem slaget i Hafrsfjord og slaget på Re.28

No kann det synast paradoksalt, som Knut Helle hev peika på, at Bull i det same bandet av noregshistoria som dette sitatet er henta frå, bygde so mykje på framstellingi i nett kongesogone. Og det same gjorde dei som

24. K. Liestøl, Upphavet til den islendske ættesaga, Oslo 1929: 230.25. H. Koht, Sagalitteraturen. Populære førelesningar, Oslo 1938: 131.26. Jf. seinast S. Bagge, From Viking Stronghold to Christian Kingdom. State Formation in

Norway, c. 900–1350, Copenhagen 2010: 19.27. J. Schreiner, Slaget i Havsfjord, Festskrift til Halvdan Koht på sekstiårsdagen 7de juli 1933,

Oslo 1933: 103–111; d.s., Harald og Havsfjord, Scandia 9, 1936: 64–88.28. E. Bull, Det norske folks liv og historie gjennem tidene, bd. II: Fra omkring 1000 til 1280,

Oslo 1931: 9.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 5<>

seinare kom til å skriva noregshistorior fram til og med 1970-åri.29 Når det ikkje kom til noko avgjerande brot med kongesogetradisjonen i desse yversynsverki, kann det botna i at sjølve sjangeren samanhangande noregshistoria la visse føringar; historikaren trong ei beingrind til å halda historia i hop, og den beingrindi som stod til rådvelde, var det Snorre Sturlasson som hadde levert.

Når det gjeld spesifikt den skorten på samsvar millom teori og praksis som ein ser hjå Bull, meiner Helle at det heng saman med at hovudprin-sippi i sagakritikken frå andre og tridje tiår på 1900-talet ikkje enno var stelte systematisk og dekkjande saman til ein metodikk som kunde dana grunnlag for eit konsistent bruk av sogone.30 Spursmålet vert so kvifor ein slik metodikk heller ikkje vart samanstelt seinare i hundradåret. Helle gjev ikkje noko svar på dette, men ordar um at sagakritikken aldri hev vore populær hjå det breide historielesande publikumet; «[d]en har jo berøvet historien mye av den farge den har om en tar sagaenes frem-stillinger av personer og begivenheter bokstavelig».31 Heilt sidan P. A. Munchs Det norske Folks Historie (1852–63) hev alle store noregshisto-rior vore mynta på eit breidare publikum enn det reint akademiske, so dette er det avgjort noko i.

Claus Krag, og seinare Jørn Sandnes, hev meint å sjå ein tendens til å slaka på dei strenge kravi til sagakritikk hjå norske historikarar i etter-krigstidi og seinare.32 Krag meiner denne pendelsvingingi kom helst i 1960-åri, og nemner som døme ei fyrelesingsrekkja av Andreas Holmsen hausten 1970, der han tok upp spursmålet um kor pålitande sogone er. Holmsen tok utgangspunkt i Bull-sitatet ovanfor og distanserte seg frå ei slik avvising av Snorre og meinte at delar av den radikale sagakritikken var «tidsbestemt». «Faglig sett lar avvisningen seg ikke lenger opprett-holde uavkortet», hevda Holmsen.33 At Holmsen ikkje var nokon wei-bullsk sagakritikar, er tydelegt av noregshistoria hans, som kom i fire utgåvor i perioden 1939–77.34 Her er det langt på veg Snorres versjon av den eldste historia som vert formidla.

29. Helle 2001: 26 ff.30. Op.cit.: 28 f.31. Op.cit.: 29.32. C. Krag, Perspektiv på tidlig middelalder, i C. Krag (red.), Nye middelalderstudier.

Kongedømme, kirke, stat (Norske historikere i utvalg VI), Oslo et al. 1983: 11–20: 11; J. Sandnes, Bønder, herrer og treller. Hvordan var egentlig det gammelnorske samfunnet?, Heimen 37, 2000 (3), 195–210: 199.

33. Sitert etter Krag 1983: 11. Krag byggjer på stensilerte fyrelesingsmanuskript (jf. fotnote 3 på s. 317).

34. A. Holmsen, Norges historie. Fra de eldste tider til 1660, Oslo 1939/1949/1961/1977. Jf. vurderingi hjå Helle 2001: 27 f.

5<? /:)'.##

Ein annan representant for den nye, «uppmykte» haldningi andsynes sogone frå 1960-åri av var Per Sveaas Andersen, som både i ein artikkel frå 1967, «Hvorfor kom Vestfold til å danne utgangspunktet for Norges samling?»,35 og i handboki Samlingen av Norge og kristningen av landet 800–1130 (1977)36 kom til å forsvara fyrestellingar som den radikaliserte sagakritikken frå millomkrigstidi hadde freista å avliva (tittelen på artik-kelen frå 1967 er eit slåande døme).

Det er fyrst med Claus Krag frå 1980-åri at me hev fenge både nye sagakritiske einskildstudiar og dei fyrste yversynsverki yver vikingtid og tidleg kristen millomalder som tek konsekvensen av programmet åt Wei-bull-brørne.37 Som Helle hev peika på, legg Krag ikkje berre for dagen ei meir gjenomførd sagakritisk haldning, men i det kjeldekritiske arbeidet sitt sluttar han seg òg til den historisk-filologiske tradisjonen frå Gustav Storm.38 Krag skil seg millom anna ut ved at han meir enn andre histo-rikarar veit å draga nytte av den vanskelege kjeldetypen skaldekvæde. I punktstudien som fylgjer, skal me sjå nærare på eit stridsspursmål der Krags kritiske tolking av skaldekvæde hev stade sentralt i debatten.39

@,"-*0*,%!$: .#(' 2()(#%00." – «2()(#%0 1*#!"&»Ei seigliva fyrestelling i norsk historieskriving er at alle seinare kongar i Noreg hev kunna føra ætti si attende til den fyrste «rikskongen», Harald Hårfagre.

So tidleg som i 1908 reiste Yngvar Nielsen velgrunna tvil ved denne konstruksjonen.40 Han peika på at det var realpolitisk meir trulegt at når Harald Sigurdsson i 1046 kravde medkongedøme med Magnus Olavsson, so var det i kraft av at han var halvbror åt far åt Magnus, og ikkje at han skulde ha noko fjernt arvekrav av di han var etterkomar av Harald Hår-

35. P. S. Andersen, Hvorfor kom Vestfold til å danne utgangspunktet for Norges samling? Enkelte trekk til belysning av spørsmålet, Vestfoldminne 1967: 5–15. (Prenta upp att i Krag (red.) 1983: 55–62.)

36. P. S. Andersen, Samlingen av Norge og kristningen av landet 800–1130 (Handbok i norsk historie, bd. 2), Oslo et al. 1977.

37. C. Krag, Vikingtid og rikssamling. 800–1130 (bd. 2 av Aschehougs norgeshistorie, hovud-red. K. Helle), Oslo 1995; d.s., Norges historie fram til 1319, Oslo 2000.

38. Helle 2001: 29.39. Nokre lesarar vil kann henda undrast på at eg ikkje gjeng inn på den kritiske studien som

Claus Krag er mest kjend for, Ynglingatal og Ynglingesaga. En studie i historiske kilder (Oslo 1991). Der argumenterer Krag for at kvædet Ynglingatal ikkje er frå um lag 900, som ein må tru ut frå framstellingi i Ynglingesoga i Heimskringla, men i staden frå slutten av 1100-talet. Eitt av mange problem med Krags umdatering av Ynglingatal er at ho ikkje høver med dei språklege og metriske serdragi i kvædet, som peikar mot at den tradisjonelle dateringi er korrekt.

40. Y. Nielsen, Den gamle hadeland-ringerikske Kongeæt og Snefridsagnet, i Sproglige og historiske Afhandlinger viede Sophus Bugges Minde, Kristiania 1908: 145–156.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 5<5

fagre. Nielsen viser òg til at den greini av hårfagreætti som Harald Sigurdsson skal ha høyrt til, er den som det er knytt mest segnvorne forteljingar til, framfor alt den um ættemori, finnegjenta Snøfrid, som skal ha teke hugen åt Harald Hårfagre so sterkt at han forsømde riks-styret.

Yngvar Nielsen er varsam i konklusjonane, men det er tydelegt kvar han stemner:

Hvad der er sikkert er kun det, at Harald Haardraade var Olav den Hel-liges sammødre Halvbroder, og at han som denne var en af de mægtige, storslagne Personligheder, af hvem der for alle Tider vil kastes Glans over Land og Folk. Men hvorvidt han ogsaa paa fædrene Side hørte til den tidligere Kongeæt, derom kan der ialfald tvivles. [...]

Hele det genealogiske Apparat, som er istandbragt for de ældste Slægtled af det gamle norske Kongehus, er af en saadan Beskaffenhed, at det ser ud, som om det var bygget op nedenfra for at knytte lokale Storætter til Harald Haarfagre som Stamfader.41

Nielsen uttalar seg berre eksplisitt avvisande um ættleggen åt Harald Sigurdsson, men det han segjer til slutt her, vitnar um ein skepsis til andre av koplingane til Harald Hårfagre i sogetradisjonen òg, som ætte-linone ned til Olav Tryggvason og Olav Haraldsson.

Nielsen fekk gjenomslag for synet sitt på Harald Sigurdssons hår-fagrenedætting. Både Alexander Bugge og sidan Edvard Bull drog denne tilknytingi i tvil i dei yversynsverki dei skreiv for perioden.42 Attåt argu-menti åt Nielsen um Snøfrid-æventyret legg Bugge – ikkje uventa med tanke på artikkelen um verdet av skaldekvæde som vart referert ovanfor – til at det ikkje finst studnad for Harald Sigurdssons hårfagretilknyting i samtidige skaldekvæde:

De mange skalder, som har kvædet til Harald og Olav Kyrre, nævner intet om, at de er af Ynglingeætten. Etsteds kaldes Harald «fyrstesøn». Ellers nævnes han som «bror til den hellige konge», og som Olavs bror var det først og fremst, at han kom frem baade hjemme og i udlandet.43

Derimot er Bugge langt meir ukritisk når det gjeld fyregangarane åt Harald, dei tvo Olav-ane, i det bandet av noregshistoria som kom ut i 1910. Her held han seg til sogetradisjonen og reknar med at båe var hår-

41. Nielsen 1908: 155.42. A. Bugge, Stormagtsdrømmenes tid. Fra Harald Haardraades hjemkomst til Magnus

Barfods død, i Norges historie fremstillet for det norske folk, bd. II, del 1: Tidsrummet 1030–1103, Kristiania 1915, 195–346: 212; Bull 1931: 92.

43. Bugge 1915: 212.

5<A /:)'.##

fagreættingar.44 Denne skilnaden kunde tydast ut med at det fyrst var då Bugge skreiv det andre bandet at han hadde teke inn yver seg den avgje-rande skilnaden i kjeldeverde millom sogeprosa og skaldekvæde, jf. at artikkelen um skaldediktingi truleg vart skriven etter at det fyrste bandet av noregssoga var ferdugt (båe kom ut i 1910).

Men ei slik uttyding er ikkje mogeleg når me finn den same skilnaden i den næste fleirbands noregssoga, der dei aktuelle bandi vart utgjevne i åri 1930–31. Her heiter det utan atterhald at far åt Olav Tryggvason var «sønnesønn av Harald Hårfagre»,45 og den elles so sagakritiske Edvard Bull skriv dette um Olav Haraldsson:

Det store personlige vendepunktet i dette slektleddet føres frem av den videst kjente mann i den norske kongerekken, Olav Haraldsson. Skalden Olav [skal vera Ottar] Svarte kaller ham «Haralds ætling», og der er sik-kert ingen grunn til å tvile på at hans ættetavle – slik som tradisjonen vil – kan føres tilbake til Harald Hårfagre.46

Seinare i same bandet avviser Bull derimot at Harald Sigurdsson var nokon hårfagreætting; det er ikkje nokon haldepunkt for det, skriv han.47 Me ser altso at skepsisen mot Harald Sigurdssons hårfagrenedætting etablerer seg snøgt i det norske historikarmiljøet i tiåri etter Nielsens artikkel frå 1908. Derimot skulde det ganga heile åtti år innan nokon fylgde upp Nielsens tankar når det galdt dei tvo andre «austlandskongane», Olav Tryggvason og Olav Haraldsson. Det er faktisk fyrst med Claus Krags artikkel «Norge som odel i Harald Hårfagres ætt. Et møte med en gjenganger» frå 1989 at «hår-fagreætti» vert endeleg dekonstruert.48

Når det skulde ganga soleis, heng det paradoksalt nok saman med det skiftet i kjeldebruk som gjekk fyre seg ikring 1910, der ein meir enn fyrr nytta skaldekvæde som kjelda framfor prosaen. Som me såg ovanfor, var eitt av argumenti som Alexander Bugge førde fram mot Harald Sigurds-sons hårfagretilknyting dei negative provi som samtidige skaldekvæde gjev. Motsett kunde då det historikarane meinte var prov på ei slik tilkny-ting i skaldekvædi, nyttast til å sementera fyrestellingi um «hårfagre-ætti», jf. sitatet av Bull ovanfor.

Heilt sentralt i denne operasjonen stod Halvdan Koht. Millom anna 44. A. Bugge, Norges historie fremstillet for det norske folk, bd. I, del 2: Tidsrummet ca. 800–

1030, Kristiania 1910: 238, 324.45. H. Shetelig, Det norske folks liv og historie gjennem tidene, bd. 1: Fra oldtiden til omkring

1000 e. Kr., Oslo 1930: 372.46. Bull 1931: 33.47. Op.cit.: 92.48. C. Krag, Norge som odel i Harald Hårfagres ætt. Et møte med en gjenganger, Historisk

tidsskrift 68, 1989: 288–302.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 5<7

som forfattar av artiklane um fleire av «hårfagreættingane» i Norsk biogra-fisk leksikon (1923–83) nytta han høvet til å fremja sitt syn, som i hovudsaki var at Snorre hadde rett når det galdt genealogiar. Koht braut jamvel med den uppfatningi som hadde teke til å festa seg um at Harald Sigurdsson hadde vorte konge av di han var bror åt heilagkongen, og ikkje av di han var hårfagreætting. Det nye med Koht var at han i samsvar med dei metodiske prinsippi i tidi hevda synet sitt med tilvising til skaldekvæde:

Om retsgrundlaget for H[arald]s kongedømme har det været reist tvil, idet Yngvar Nielsen, med tilslutning av Alexander Bugge, har sat spørsmaalstegn ved hans paastaatte avstamning fra Harald Haarfagre; det skulde være som bror til Olav den hellige at han gjorde krav paa Nor-ges rike. Men likesom Sigvat skald sier at Olav var født til landet, saaledes sier Valgard paa Voll i sin draapa til H.: «ret odel var æslet dig», og derved blir H. betegnet som odelsbaaren til Norge.49

Dette resonnementet byggjer m.a. på ei altfor trong tolking av uttrykket «rett odel». Det er heller ikkje soleis at adjektivet rett lyt standa til odel; det kann like gjerne vera setningsadverbial: ‘med rette’.50 Ordet ó!altyder etter Lexicon poeticum «odel, jord, land, der er nedarvet ejen-dom»,51 og i denne samanhengen – rétt vas y!r of ætlat ó!al – må det tol-kast i vidaste tyding: «Med rette var landet etla Dykk.» Attåt kjem det, som Krag hev synt, at landet det er tale um, er Danmark, og verset er difor ubrukande som utsegn um eit eventuelt «odelskrav» Harald Sigurdsson måtte ha på Noreg.52 At ordet ó!al her gjeld Danmark, illus-trerer poenget med at ein ikkje kann lesa det so trongt som Koht gjer.53

49. H. Koht, Harald Hardraade, Norsk biografisk leksikon, bd. V, 1931, 463–469: 465. I artik-kelen um Sigurd Syr mange år seinare skriv likeins Koht at «[v]i tør regne med som sannsynlig at han virkelig nedstammet fra Harald Hårfagre» (H. Koht, Sigurd Syr, Norsk biografisk leksi-kon, bd. XIII, 1958: 326). «Hårfagreætti» var eit fast punkt i historieskrivingi åt Koht.

50. Dette er tolkingi åt Finnur Jónsson (1912–16, B I, s. 361): «dit odel var dig med rette bestemt».51. F. Jónsson, Lexicon poeticum antiquæ linguæ septentrionalis. Ordbog over det norsk-

islandske skjaldesprog, 2. utg., København 1931, s.v. ó!al.52. Krag 1989: 291 f. Motargumentet åt Knut Dørum (Det norske riket som odel i Harald Hår-

fagres ætt, Historisk tidsskrift 80, 2001, 323–342: 330) um at grunnlaget for Haralds rett til kon-gemakti i Danmark ligg i «hans stilling som norsk konge», held ikkje. Harald kann i alle fall ikkje ha havt «odel» til Danmark i Dørums forståing av umgripet (som svarar til den moderne).

53. A. Holmsen, Nye studier i gammel historie, Oslo et al. 1976: 150, tolkar formuleringi hjå Valgard noko onnorleis, som at «det var ‘på forhånd bestemt’ at han skulle bli rettmessig konge i Norge, det var ‘lagnaden’ hans». Han meiner altso at med «odelen» er meint Noreg, men kon-kluderer likevel med at Valgards ord ikkje kann stadfesta den anerekkja Harald fær i sogone hundrad år seinare. Nedættingi kann vera rett, skriv Holmsen, men det er ikkje avgjerande, då Harald etter gamal norsk rett, yverlevert i dei eldre versjonane av både Frostatingslovi og Gula-tingslovi, hadde «arverett etter Olav Haraldsson som hans halvbror». Det er eit pussigt resonne-ment Holmsen fører her, då Harald slett ikkje hadde nokon erverett so lenge Olav hadde livs-ervingar (sonen Magnus og dotteri Ulvhild med etterkomarar).

5<9 /:)'.##

Når det gjeld Olav Tryggvason, hev ikkje Koht noko handfast å byggja på, heller ikkje skaldekvæde. I staden kjem eit langhenta resonnement basert på uppkalling i det som i seg sjølv er tvilsame ættelinor:

Det har vært reist tvil om han – således som saga-tradisjonen sier – vir-kelig var av den første rikskongen Harald Hårfagres ætt. Navnet sitt hadde han efter sin farfar som blir kalt Haralds sønn, og dersom denne hadde fått navn efter Vestfold-kongen Olav Geirstad-alv (s.d.), som blir kalt kong Haralds farbror, da var med det samme beviset gitt for at Harald hørte til Yngling-ætten. Sammenhengen synes også såpass sikker som den kan bli med det historiske kildematerialet vi har, og vi tør da regne med at O. virkelig hadde arvekrav på Norges rike.54

Som Krag skriv, gjeng Koht her «aldeles i ring i sine forbehold og hypo-tetiske forutsetninger».55 Ein må undrast at Koht, som hadde lagt slik vekt på det han kalla «motenamn» i vikingtidi, kunde byggja ein heil argumentasjon på det vanlege Olav-namnet.56 Her hev me eit godt døme på ein historikar som måtar prinsippi sine til etter det han vil nå fram til. Det hev likevel ikkje hindra Per Sveaas Andersen i å referera Kohts «hypotese» ukritisk i sin artikkel um far åt Olav Tryggvason, Tryggve Olavsson, i Norsk biografisk leksikon.57

Det er for Olav Haraldsson norske historikarar hev meint å finna dei sterkaste argumenti i skaldekvæde for nedættingi frå Harald Hårfagre. Mange hev synst å kunna godtaka at Harald Sigurdsson gjorde krav på Noreg med grunnlag i at han var Olav Haraldssons halvbror, men for Olav sjølv hev dei ikkje funne nokor onnor uttyding enn at han må ha vore etterkomar av Harald Hårfagre. Dette synet hev i sin tur ført til kreativ mistyding av skaldekvædi um Olav.

Me såg at Edvard Bull viste til at skalden Ottar Svarte hadde umtala Olav som «Haralds ætling», eller på norrønt mål ni!jungr Haralds (i str. 14 av H fu!lausn). I artikkelen um Olav Haraldsson i Norsk biografisk leksikon supplerer A. W. Brøgger dette «provet» med endå eit par:

Vi har samtidige vidnesbyrd om det grunnlag som O. søkte å bygge sitt kongekrav på. Han er kong Haralds arf-vordr, sier Sigvat, han er Haralds

54. H. Koht, Olav Trygveson, Norsk biografisk leksikon, bd. X, 1949, 413–419: 413.55. C. Krag, Myten om Hårfagreættens ‘odel’. Et svar til Knut Dørum, Historisk tidsskrift 81,

2002, 381–394: 386.56. H. Koht, Skandinaviske motenavn i vikingtiden, Historisk tidsskrift 5. r., bd. 3, 1916: 417–

443. (Prenta upp att i Innhogg og utsyn i norsk historie, Kristiania 1921: 52–75.) Her heiter det m.a.: «Det vanligste navnet ved siden av Gudrød er sikkert Olav» (1916: 436).

57. P. S. Andersen, Trygve Olavsson, Norsk biografisk leksikon, bd. XVII, Oslo 1975: 157–158 («H. Koht har pekt på at T[rygve]s far Olav kan ha vært kalt op efter den eldre Olav Geirstad-alv (...), hvilket igjen forutsetter at Harald Hårfagre virkelig tilhørte Yngling-ætten.»)

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 5<;

nidjungr, sier Ottar Svarte. «Ung tok du ditt ætt-land», sier Ottar. Slik så folk i Norge på det. En ætte-arv måtte respekteres. Men det stemte også med tidssynet at en måtte vise sig den verdig ved å kjempe for den.58

Referansen til Sigvat skald (arfv r!r Haralds) er til str. 7 i Víkingarvísur, medan den andre tilvisingi til Ottar Svarte (ættl nd) er til str. 15 av H fu!lausn. Desse ordi, ni!jungr, arfv r!r og ættl nd, les altso Brøgger og andre med honom ordrett som «ætling», «arvevokter» og «ættland», og dei meiner då at den Harald det er vist til, må vera Harald Hårfagre. Desse uttrykki skal då tyda at Noreg hev vore sét på som ein «arv» eller «odel» i hårfagreætti.

No er det ein veikskap ved dette resonnementet at det tek utgangs-punkt i ein altfor bokstavleg lesemåte av dei poetiske uttrykki. Alle som hev litt kjennskap til det norrøne skaldespråket, vil vita at det der finst ei mengd umskrivingar eller synonym for vanlege konsept som ‘mann/krigar’, ‘son’ eller ‘land’. Éin grunn til at skaldespråket hev vorte so rikt på umskrivingar og synonym, er venteleg dei metriske kravi til ord av skiftande lengd og med ulik framljod (pga. stavrimet), men noko må òg tilskrivast trongen til poetisk høgd og utskiljing. I norrøn poetikk finst det eigne umgrip for dette; ein skil millom heiti (poetiske ord) og ken-ningar (fleirlekka umskrivingar/metaforar). Båe typane kann vera både komplekse og assosiasjonsvekkjande, samstundes som den eigenlege mei-ningi deira (referansen) er rett so prosaisk. Soleis kann ei skaldestrofa ofte «setjast um» i nokre fåe, basale meiningar. Dette er communis opinioinnanfor skaldediktsstudiet, og eg kann visa til kva framstelling som helst.59

Dette var òg tilgjengeleg kunnskap på Bulls og Brøggers tid. Finnur Jónsson hadde alt i 1908 byrja å gjeva ut det som skulde verta standard-utgåva av skaldediktingi, Den norsk-islandske skjaldedigtning, med både unormalisert og normalisert tekst og variantapparat og umsetjing til dansk. Dette verket var fullført i 1916. Parallelt gav Finnur Jónsson ut ordboki Lexicon poeticum, med uttømande uttydingar til alle ord som er nytta i skaldekvædi, ofte med spesifikk referanse til kva ord og ordlag tyder i den einskilde konteksten. Ordboki kom ut i 1913 og i ei ny, umvølt utgåva i 1931. Og um ein vilde setja seg inn i den breidare litteraturhisto-riske konteksten, kunde ein ganga til Finnur Jónssons store litteraturhis-toria.60 Ein kunde venta seg at norske historikarar tok i bruk desse hjel-

58. A. W. Brøgger, Olav Haraldsson, Norsk biografisk leksikon, bd. X, 1949, 374–390: 378.59. T.d. K. von See, Skaldendichtung. Eine Einführung, München – Zürich 1980.60. F. Jónsson, Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, bd. I–III, København 1894–

1902; 2. utg., København 1920–24.

5<6 /:)'.##

perådene, og i arbeidi deira finn ein då òg sumtid tilvisingar til skalde-diktsutgåva, meir sjeldan til ordboki.

Um ein gjeng til Finnur Jónsson, vil ein i Lexicon poeticum finna at han set um ni!jungr m. ålment som «efterkommer», men i det konkrete tilfellet ni!jungr Haralds hjå Ottar Svarte som «Olaf d. hellige, Haralds sön».61 Likeins legg han ut arfv r!r m. som «‘arv-vogter’, sön»;62 dei ein-felde hermeteikni kring «‘arv-vogter’» signaliserer at dette er den ord-rette, etymologiske tydingi av ordet; den synkrone, verksame tydingi i skaldespråket er ‘son’. I umsetjingi i sjølve tekstutgåva set Finnur Jónsson um ni!jungr Haralds med «Haralds ætling» og arfv r!r Haralds med «Haralds sön»,63 utan at me skal leggja noko i den skilnaden. Referansen til Harald i desse skaldeversi er med andre ord til far åt Olav, småkongen Harald Grenske, ikkje til Harald Hårfagre.

Ordi som viser til ‘land’, áttland eller ættland, tyder Finnur Jónsson ut med «slægts-land, fædre-hjem, fædreland».64 Her òg er den fyrste tydingi han fører upp, den mest ordrette, dei hine meir i samsvar med det synkrone innhaldet.

Norske historikarar hev valt å sjå burt frå desse kjensgjerningane eller hev tona deim ned. Til dømes skriv Per Sveaas Andersen:

Ifølge yngre sagatradisjon skal Harald Grenske gjennom sin far, Vest-fold-kongen Gudrød Bjørnsson, og sin farfar Bjørn Haraldsson Farmann, ha vært en av Harald Hårfagres mange sønnesønnssønner. Men tradisjo-nen lar seg ikke bekrefte hverken i samtidige skaldekvad eller i andre samtidige kilder. Det er imidlertid et historisk faktum at samtidens skal-der oppfattet Olav som «Haralds ætling» (Ottar Svarte ca. 1023: ni!jungr Haralds).65

Det er noko unnvikande i Andersens formulering. Han problematiserer ikkje kva som ligg i at Olav er «Haralds ætling»: «Harald (Hårfagre)s ætling» eller «Harald (Grenske)s son»? Slik Andersen formulerer seg, kann ein faktisk koma i tvil um kva han eigenleg meiner.

Det er derimot ingen tvil um kva historikarkollektivet Moseng, Opsahl, Pettersen og Sandmo meiner i læreboki si for historie grunnfag so seint som i 1999:

Sæmund og Are Frode, og de sagaene som bygger på dem, hevder at Olav var Harald Hårfagres sønnesønns sønnesønn. Når Olavs skalder Ottar 61. Jónsson 1931, s.v. ni!jungr.62. Op.cit., s.v. arfv r!r.63. Jónsson 1912–16, B I: 271 og 214.64. Jónsson 1931, s.v. áttland.65. Andersen 1977: 115.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() 5<<

Svarte og Sigvat Tordsson kaller ham «Haralds ætling», kan dette tas som et indisium på at Olav i samtida ble oppfattet som Harald Hårfagres etterkommer. Dette kan i seg selv ha vært motiv godt nok for at Olav gjorde krav på arverett til kongeverdigheten i Norge.66

Det er i røyndi berre Claus Krag som hev mælt imot dette synet, fyrst og fyllugast i artikkelen frå 1989, sidan i yversynsverki han hev skrive for perioden.67 Krags argumentasjon er noko grundigare enn det eg hev kunna koma inn på her, men er i hovudsaki samanfallande med min. Krag er den fyrste norske historikar som hev gjenge inn på kva ord som ni!jungr, arfv r!r og ættl nd til vanleg tyder i skaldespråket. Ei slik filo-logisk dryfting av kva sentrale umgrip tyder, er heilt naudsynt um ein skal nytta skaldekvædi som historiske kjeldor.

Underlegt er det då å sjå dei reaksjonane Krag hev vorte møtt med. Året etter at Krags band i Aschehougs norgeshistorie kom ut, melde Kåre Lunden det i Collegium Medievale.68 Lunden er jamt negativ til det han kallar «Krags talrike, ikonoklastiske revisjonar», og han er ikkje minst kritisk til Krags bruk av skaldekvæde. Eit døme: Når Krag meiner at talet på søner av Harald Hårfagre er for høgt i alle prosakjeldone (frå elleve til tjuge), og viser til at berre fem søner er namngjevne i samtidige skal-dekvæde, og at «åtte brør» tek imot Håkon den gode i Valhall i Øyvind Skaldespillers Hákonarmál, hevdar Lunden sjølvtrygt at talet i Hákonar-mál ikkje er noko å leggja vekt på; talet «åtte» i "ú átt inni hér átta brœ!r, ‘du eig her inne åtte brør’, speglar «etter alt å dømme» berre att kravet til bokstavrim:

Øyvind har helst vore fri til å velje «åtte», fordi alle visste at Harald Hår-fagre hadde mengdevis av søner, og berre Vårherre kunne vite, også i samtida, kor mange. Dessutan kom då berre dei som var falne i strid til Valhall. Så Øyvind kan maksimalt brukast som belegg for at 9 av Hår-fagre-sønene var falne i strid på det tidspunktet då Håkon var fallen (endå eg trur altså ikkje at bokstavrimet i Håkonarmål kan brukast til det heller).69

På denne måten utliknar Lunden effektivt den smule evidens som Háko-narmál gjev i dette spursmålet. For talordet átta kann ikkje vera valt for å stetta kravet til stavrim; det stend i ei ljó!ahátt-lina med internt stav-

66. O. G. Moseng, E. Opsahl, G. I. Pettersen og E. Sandmo, Norsk historie I. 750–1537, Oslo 1999: 67 (same lyding i 2. utg., Oslo 2007: 73).

67. Krag 1989, 1995 og 2000.68. K. Lunden, melding av C. Krag, Vikingtid og rikssamling. 800–1130 (bd. 2 av Aschehougs

norgeshistorie, hovudred. K. Helle), Oslo 1995, Collegium Medievale 8, 1995 [1996]: 181–191.69. Lunden 1995: 185.

A== /:)'.##

rim, og det er brœ!r ‘brør’ som ber stavrimet i lag med Bragi: átta brœ!r, kva! Bragi. Talordet er snaudt tilfelleleg valt og er i høgste grad mei-ningsberande. Lunden på si sida held fram med å spekulera um kor mange søner Harald Hårfagre kann ha havt, basert på slike ting som at Harald hev havt «ein seksuelt produktiv periode på truleg 50–60 år», og at han var «ein vital, biologisk fruktbar mann (...) med fritt tilgjenge til kvinner». På dette grunnlaget sluttar Lunden at «det vel alt i alt [må] vere lite rimeleg at det vart født han særleg mindre enn 20 søner».70

Lunden hev heller ikkje late seg yvertyda av Krags argumentasjon um at umskrivingane «Haralds ætling» og «Haralds arvevaktar» i skaldeversi um Olav Haraldsson viser til faren Harald Grenske. Lunden hev hengt seg upp i at Krag, litt uheldigt, skriv at «det alltid er sønn, ikke barnebarn eller oldebarn, som er den underforståtte betydningen av ‘arving’/‘ætling’».71 Lunden viser til at Sigvat skald kallar Knut den mektige (Haraldsson) for «Gorms ætling» ( ttungr), og at Ottar Svarte kallar kong Adalråd (Edgarsson) for «Edmunds ætling» (áttstu!ill), og meiner at det viser at «det tvert imot [er] slik at når ikkje slektskapet i skaldeverset er presisert som ‘son’ eller ‘bror til’, så er bruken av ‘ætling’ o.l. gjerne eit uttrykk for at det er tenkt på eit fjernare ledd, og då helst ein reell eller mytisk dynastigrunnleggjar».72 Her må ein tilkjenna Lunden eit visst poeng, men det forsvarar likevel ikkje konklusjonen hans, at «[o]mtalen av Olav som ‘Haralds ætling’ er såleis helst eit indisium på at samtida rekna han for Hårfagre-etterkomar». Krag hev heilt rett i at slike umskri-vingar konvensjonelt bør tolkast som ‘son’, so sant ein ikkje hev informa-sjon som tyder på noko anna.73 Tilfelli med Knut den mektige og kong Adalråd er her undantaki, ikkje regelen.74

70. Loc.cit.71. Krag 1995: 134.72. Lunden 1995: 186.73. I artikkelen frå 1989 formulerer Krag seg meir presist: «Den enkleste og rimeligste tolk-

ningen av kjenningene er da også at de rett og slett betyr Haralds sønn» (Krag 1989: 298).74. Her må det leggjast til at Lunden openbert hev mistydt verset av Ottar Svarte, då det

ikkje er áttstu!ill «‘slægt-støtte’» (Jónsson 1931, s.v.) som stend til (gen.) Játmundar (= Edmunds), men ordet ni!ja, som reint formelt må vera anten akk. sg. av ei elles udokumentert linn sideform *ni!i m. til ni!r m. ‘ætling, slektning’ eller akk. pl. av det same ni!r, der fleirtal er nytta for (logisk) eintal, d.e. um Adalråd (jf. Skaldic poetry of the Scandinavian Middle Ages (= SkP), bd. 1, Turnhout 2012: 758). Det er heller ikkje beinkløyvt kven den Edmund det er vist til, skal vera. Finnur Jónsson (1912–15, B I: 269) sette um ni!ja Játmundar med «Jatmunds fader», og Jatmund skal då vera Edmund jarnsida (d. 1016), son av Adalråd. Dette held òg Bjarni A!al-bjarnarson, utgjevaren av Heimskringla i Íslenzk Fornrit (bd. XXVII, Reykjavík 1945, s. 17), for å vera det mest sannsynlege. Derimot meiner SkP (loc.cit.) at det er minst like trulegt at det er Adalråds farfar Edmund (konge 939–46) som er meint. Ein annan kandidat som vert nemnd, er St. Edmund (d. 869), konge av East Anglia. Dersom Finnur Jónsson og Bjarni A!albjarnarson hev rett i si tolking, vert dette verset av Ottar Svarte irrelevant for Lundens resonnement.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() A=>

Det kann frå metrisk hald nemnast at avleidingar og samansetjingar som ni!jungr og arfv r!r måtte verta det vanlege i samband med eit namn som Haraldr av metriske grunnar – eit slikt namn med stuttstava fyrelekk var lettast å plassera i tridje og fjorde posisjon av dróttkvætt-ver-set med ei tung avleiding (som ni!jungr) eller samansetjing (som arf-v r!r) i posisjonane fyre, der den tunge avleidings- eller saman-setjingslekken kompenserte for den etterfylgjande stutte stavingi (type A2k i Sievers’ metriske typologi, ein type som er etter måten vanleg). Motsett vilde det vera mest uråd å få plassert ein frase som Haralds sonr/ sonr Haralds i versemålet utan at desse ordi vart plasserte eit stykke frå einannan, og det var venteleg minder laglegt.

Lunden syner i det heile ein rørande tillit til Snorre, som her i avslut-ningi av meldingi av Krags bok:

Først og fremst var Snorre ein betre kjeldekritikar [enn Krag], på den elementære måten: Han rekonstruerte korleis det måtte ha vore, på bak-grunn av alt det som var kjent for han. (Dette innebar nok ein del kon-struksjon av ledd, som kan vere tvilsame nok.)75

Det er i drjugaste laget å hevda at Snorre var «ein betre kjeldekritikar» enn kva som helst moderne norsk historikar. Her ser Lunden burt frå at Snorre i stor mun måta kjeldone sine til fyremålet: å skapa ei samanhangande og heilskapleg soga um dei norske kongane. Snorre skreiv ikkje soga i moderne forstand; han skreiv litteratur. Det er heller ikkje noko fullgodt metodisk prinsipp å rekonstruera fyrrtidi «på bakgrunn av alt det som var kjent for han», anten det no gjeld Snorre eller Lunden. Det held ikkje at rekonstruksjonen er innanfor det som kunde ha vore (jf. Lundens resonne-ment um kor mange søner Harald Hårfagre bør ha havt); rekonstruksjonen må vera den mest sannsynlege gjeve dei upplysningane ein sit med, der desse upplysningane er vekta med omsyn til kjeldeverde.

I 2001 melde ein annan historikar seg på i kritikarlaget mot Krag. I artikkelen «Det norske riket som odel i Harald Hårfagres ætt» gjorde Knut Dørum sitt beste for å underbyggja påstandet i tittelen. Ein viktug del av argumentasjonen åt Dørum er at ord som ó!al, ættl nd og ættleif! i skaldekvædi viser til fyrestellingar um «Hårfagre-ættens arv». Han avlegg ordi ni!jungr og arfv r!r ein visitt, men berrlegg ei endå meir naiv forståing av skaldespråket enn det Lunden gjer. Dørum viser til Jan de Vries’ etymologiske ordbok og til Fritzners ordbok for prosaspråket og tol-kar ordi reint bokstavleg. Det fører til heilt uhaldande konklusjonar:

75. Lunden 1995: 191.

A=? /:)'.##

At Olav Haraldsson i strofe 7 i Víkingarvísur skal ha vært sin fars «arve-vokter», kan vi ikke uten videre akseptere. Mens Harald Hårfagre skaffet seg direkte kontroll og overhøyhetskrav over store landområder i Norge, var Harald Grenske bare en småkonge – et slektskap det neppe kunne være mye gagn i å vise til.76

Koss steller so andre historikarar seg til Krags dekonstruksjon av hårfa-greætti? Forutan Knut Helle, som eksplisitt sluttar seg til fleire av Krags hypotesar,77 er det ikkje so mange som hev uttala seg. Det kann hanga saman med at interessefeltet åt millomalderhistorikarane hev forskove seg ein del, til spursmål av mentalitetshistorisk eller antropologisk art, soleis at dei meir tradisjonelle politisk-historiske spursmåli som Krag tek upp, ikkje vert vektlagde like sterkt som fyrr.78 Av deim som hev uttala seg, kann ein på si sida merka ei viss ustøda.

Eit døme på det siste er Sverre Bagge, som i ein artikkel frå 2001 sluttar seg til Krag langt på veg, men er noko unnvikande: «Det er mulig at Dørum har rett i noen av disse innvendingene. [...] Likevel har Krag rett i hovedsaken».79 Og i framhaldet:

De positive belegg i samtiden for at Olav Tryggvason, Olav den hellige og Harald Hardråde har hevdet avstamning fra Harald Hårfagre, er få og usikre. Og selv om enkelte skaldekvad kan peke i denne retning, beviser ikke det at det fantes noen idé om at bare slik avstamning kunne gi rett til kongedømmet.80

No var dette skrive fyre Krags svar til Dørum stod på prent i Historisk tidsskrift, men saki burde i grunnen vera klår alt med Krags fyrste artik-kel frå 1989: Det finst ingi prov i skaldediktingi for at Olav Tryggvason, Olav Haraldsson eller Harald Sigurdsson vart rekna for etterkomarar av Harald Hårfagre i si samtid.81

,@@0,//$)!"&: 0*(*,0 8.) 0(&(-)!*!--$" ! %(&

I det historiografiske yversynsverket sitt opererer Ottar Dahl med ei kategorisering av tvo idealtypiske kjeldekritiske haldningar: «På den ene

76. Dørum 2001: 334.77. Helle 2001: 31.78. For ei kritisk vurdering av desse nyare tendensane innanfor historieforskingi sjå Helle

2011.79. S. Bagge, Ætt, stat og politikk fra vikingtiden til 1200-tallet. Innlegg på NSFs 75 års

jubileumsseminar 20. oktober 2001, Norsk slektshistorisk tidsskrift XXXVIII, 2001, 65–80: 68 f.80. Op.cit.: 69.81. I den seinaste boki si er Bagge derimot tydeleg på at det er «little evidence of continuity

from Harald [Finehair] to the later dynasty; most probably, the line from Harald ended with his grandsons, the Eirikssons, in the 970s» (Bagge 2010: 26).

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() A=5

side har man en tendens i retning av å godta de kilder og kildeutsagn som ikke gir spesiell grunn til tvil. På den annen side finner vi en tilbøyelighet til å forkaste alle vitnesbyrd som det ikke er spesiell grunn til å tro på.»82

Dette skilet kann nyttast til å plassera norske historikarar innanfor saga-kritikken. Den fyrste typen haldning var som me hev sét dominerande hjå 1800-talshistorikarane Keyser, Munch og Storm, um enn med ei aukande kritisk haldning for kvar generasjon. Den andre typen haldning finn me derimot i si mest reindyrka form hjå Weibull-brørne i Sverike og millom norske historikarar eigenleg berre hjå Claus Krag.

Når det gjeld historikarane i fyrste halvdel av 1900-talet, represente-rer serleg Halvdan Koht meir eit framhald av enn eit brot med lina frå 1800-talshistorikarane, med ein tydeleg vilje til å sjå positivt på dei fak-tiske upplysningane som kongesogone gjev. Det nye med Koht er meir måten desse upplysningane vert nytta og tolka på. Me finn tydelegare weibullske impulsar hjå Kohts samtidige, Edvard Bull og Johan Schrei-ner, og då serleg i visse einskildstudiar.

I etterkrigstidi ser me ei vending burt frå dei mest sagakritiske syns-punkti og attende til den meir positive lina frå 1800-talshistorikarane. Historikarar som Andreas Holmsen og Per Sveaas Andersen dreg i tvil og relativiserer kritiske innsikter frå generasjonen fyre, og i nye yversyns-verk for vikingtid og tidleg kristen millomalder er det framleis Snorres framstelling som ligg til grunn. Når Claus Krag i 1980-åri tek til å publi-sera dei sagakritiske studiane sine, er han den fyrste norske historikaren som fullt ut hev teke konsekvensen av innsiktene frå den svenske Wei-bull-skulen. Krag er òg den fyrste som konsekvent nyttar sagakritiske innsikter i skrivingi av eit yversynsverk for perioden.83

Det er difor noko nedslåande å sjå den mottakingi som Krags sagakri-tiske framstøytar hev vore møtte med. Dei Krag-kritiske, men saga-ukri-tiske historikarane Lunden og Dørum hev på set og vis gripe attende til ein type sagalesing frå tidi fyre Weibull. Andre er meir avventande (Bagge). Den einaste som hev slutta seg meir heilhjarta til, er etter det eg kann sjå Knut Helle, som avsluttar yversynsartikkelen sin um sagakritik-ken med å ordleida ei von um at «flere middelalderhistorikere etter hvert ser det metodisk fruktbare i Claus Krags saga- og skaldekritikk, uten at en derfor trenger å slutte seg til alle hans realhistoriske omvurdering-er».84

82. Dahl 1990: 198.83. Krag 1995.84. Helle 2001: 37.

A=A /:)'.##

Når Krag ikkje hev fenge større gjenomslag, kann det ha noko med det å gjera at han for ein stor del nøgjer seg med å riva ned nedervde fyre-stellingar og i liten mun gjev seg til å byggja upp ei alternativ historia. Denne typen destruktiv verksemd hev liten appell millom norske histo-rikarar. I framhaldet av sitatet ovanfor um skilnader i kjeldekritisk grunnhaldning skriv Dahl at det kann botna i personlegdomen åt forska-rane:

Bak disse forskjeller ligger vanligvis dype temperamentsforskjeller hos forskerne, mellom dem som nødig vil oppgi endog usikre positive teorier, og dem som gjerne slår seg til ro med den negative konklusjon: her kan vi intet vite – og som kanskje også føler en viss tilfredsstillelse ved den rent destruktive side av erkjennelsesvirksomheten.85

Dette er det so avgjort noko i. I motsetnad til fleirtalet av norske histo-rikarar synest Krag å vera nøgd når han hev dekonstruert den yver-leverte tradisjonen. Viktugt i denne samanhengen er venteleg òg i kva grad historikaren er avhengig av positive resultat. Det er påfallande at me millom dei historikarane som hev vore mest viljuge til å godtaka dei faktiske upplysningane i sogone, finn tydeleg politisk-ideologisk motiverte historikarar med eit marxistisk grunnsyn. Halvdan Koht er eit godt døme, likeins Andreas Holmsen og i nyare tid Kåre Lunden. Desse historikarane hev, på ulikt vis, lagt saga-historia til grunn for eigi historieskriving og -tolking. Sett på spissen kunde ein segja at Snorre hev levert rådata som desse historikarane tolkar ut frå eigne, moderne teoriar.

I motsetnad til denne marxistiske historikartradisjonen synest ikkje Claus Krag å ha noko teoretisk mål med sagakritikken sin. Dette kann ha hindra andre historikarar i å taka til seg dei kritiske innsiktene han hev kome med. Sverre Bagge hev vore inne på dette:

Krag gir på denne måten et riktigere bilde enn tidligere forskning, og et bilde som i større grad tar hensyn til det særegne ved samfunnsforhol-dene i tidlig middelalder. Samtidig er hans fremstilling preget både av det fragmentariske kildematerialet han bygger på og hans skepsis mot generelle teorier om samfunnsutviklingen. Den har dermed mer preg av kritikk og modifikasjoner av tidligere oppfatninger enn av en ny syn-tese.86

I den same artikkelen dryfter Bagge eksplisitt verdet av skaldedikts-85. Dahl 1990: 199.86. S. Bagge, Mellom kildekritikk og historisk antropologi. Olav den [h]ellige, aristokratiet

og rikssamlingen, Historisk tidsskrift 81, 2002, 173–212: 176 f.

+),- .& /!0+),- (' 0-(#%$-'1%$ 234 ".)0-$ 2!0*.)!-()() A=7

studium i historieforskingi. Han åtvarar mot «en overdreven tiltro til skaldediktningen» og tek til ords for at ein òg lyt byggja på sagatradi-sjonen:

Selv om det i noen tilfeller har vært gitt overbevisende argumenter for at sagaforfatterne har misforstått eller omtolket skaldedikt, er det et problematisk prosjekt å bygge utelukkende på denne diktningen, løs-revet fra sagatradisjonen. Tross alt er skaldediktningen også muntlig tradisjon, og den er utelukkende overlevert gjennom sagaene. Selv om den metriske formen gjør at diktene er mindre utsatt for endring enn en vanlig muntlig beretning, er de ikke nødvendigvis uforanderlige. Det virker derfor inkonsekvent å stole fullt ut på en del av den munt-lige tradisjonen og fullstendig forkaste den andre. Og selv om sagafor-fatterne kan ta feil både i sin tolkning av skaldediktene og sin plassering av dem i en historisk sammenheng, er moderne forskeres muligheter til å korrigere disse feilene begrenset. Slike forsøk kan lett lede til vilkårlige spekulasjoner, slik jeg har gitt eksempel på i det fore-gående. Det må derfor være en bedre metode å erkjenne at alle opplys-ninger vi har om 1000-tallet og tiden før, er høyst usikre, og så forsøke å gjøre det beste ut av det totale materialet som finnes. I denne sam-menhengen kommer både sagaenes samfunnssyn og tolkning av begi-venhetene og generell kunnskap inn.87

Problemet med eit slikt heilskapssyn – «å gjøre det beste ut av det totale materialet som finnes» – er at det trugar med å likna ut den skil-naden i kjeldeverde som faktisk finst millom kjeldetypane skaldekvæde og sogeprosa. Jamvel um skaldekvædi ikkje er «uforanderlige», hev dei ei fast form (metrum og rim) som gjer at dei ikkje lèt seg endra so lett, i motsetnad til prosaen – skriftleg eller munnleg – som ikkje hev ei slik fast form, men snarare er glidande og open for tilmåting til skiftande kontekstar. Ein må difor ganga ut frå at skaldekvædi inneheld informa-sjon som ligg hendingane mykje nærare i tid og rom enn det sogepro-saen gjer. Medan Weibull-skulen gjev eldre kjeldor tydeleg prioritet framfor yngre og difor heller byggjer på skaldekvæde enn på prosa, vert Bagges metode meir vilkorleg. Bagge tek heller ikkje umsyn til det som er eit hovudpoeng for Weibull: at ei gransking av måten prosatradisjo-nen hev vakse fram på, syner kor lite av ein historisk kjerne det gjerne er i dette stoffet. Ein kann sjølvsagt ikkje sjå burt frå at det finst auten-tiske historiske upplysningar i prosaen, serleg dersom han hev vore tra-dert i lag med diktingi, og i heldige tilfelle kann dikt og prosa kasta ljos yver einannan og hjelpa oss til å få eit meir fullstendigt bilæte. Men i

87. Op.cit.: 207.

A=9 /:)'.##

andre tilfelle motsegjer skaldekvædi det prosaen fortel, eller berrlegg at prosaen byggjer på mistydingar. I slike tilfelle bør det ikkje vera tvil um kva kjelda ein skal byggja på.88

88. Det er ikkje rom her for å ganga inn på spursmålet um autentisiteten åt skaldekvædi, i kva mun dei er «ekte» og frå den tidi dei gjev seg ut for å vera. Dette er eit hovudemne for dok-toravhandlingi mi um kronologiske skilnader i skaldediktingi, som vert fullførd hausten 2014. Fyrebils kann eg segja at det synest vera gode grunnar til å tru at det allra meste av den diktingi som er yverlevert i kongesogone, er frå den tidi ho gjev seg ut for å vera.