13
Foto: Scanpix Ulike marknader

Ulike marknader

  • Upload
    ndla

  • View
    897

  • Download
    1

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Ulike marknader

Page 2: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Ein marknad er «ein stad der potensielle kundar møter seljarar og det oppstår bytehandel».

Ein marknad treng ikkje vere ein fysisk stad. Nokre døme på ikkje-fysiske marknader er

• aksjemarknaden• bilmarknaden• bustadmarknaden• treningsmarknaden• daglegvaremarknaden

Gå saman to og to og lag ei liste over alle marknadene de kan komme på. Legg lista inn på bloggen din.

Marknader i dag

Page 3: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Ta for deg undertøymarknaden, musikkmarknaden eller bilmarknaden. Kven kan vere kundar og konkurrentar her?

Kvifor definerer vi marknader?

Vi må stille oss spørsmål som:

• Kva for ein marknad er vi i?• Kven er konkurrentane våre?• Kven er kundane våre?

Strategi4 P-ar

Page 4: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Ein marknadsdel er den delen av ein marknad vi sjølv eller ein konkurrent får.

Marknadsdelar kan målast i • talet på kundar• verdi i kroner • talet på selde einingar

Marknadsdelar blir ofte uttrykt i prosent.Marknader kjem og går. Kjenner du nokre nye marknader? Og veit du korleis det gjekk med lanseringa av gul ketsjup?

Marknadsdel

Page 5: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Segment tyder «ein del».

Ei bedrift kan velje om ho vil konkurrere• i éin del av marknaden (eitt segment)• i fleire delar av marknaden (fleire segment)• i heile marknaden

I eit segment prøver vi å samle kundar med nokre fellestrekk som gjer at dei har felles behov.

Ta for deg undertøymarknaden. Del han opp i segment og beskriv brukarane i dei ulike segmenta.

Segment

Page 6: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Forbrukarmarknaden• privatpersonar

Dei profesjonelle marknadene• bedriftsmarknaden • mellomhandlarmarknaden• statleg og kommunal marknad

Eit døme: marknaden for pultar og skrivebordFinn ut korleis kriteria er for kjøparane i dei ulike marknadene som er nemnde ovanfor.

Inndeling av marknader

Page 7: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Forbrukarmarknaden i Noreg består av alle menneska som bur her, og vi deler forbrukarane i grupper ut frå kriterium som

- alder - inntekt- interesse - livsstil- kultur/subkultur

Kjenneteikn på forbrukarmarknaden:• Vi kjøper til oss sjølve og familien vår.• Vi kjøper til relativt låg verdi.• Vi kjøper relativt ofte.

Prøv å finne eit produkt som du kjøper i dag fordi du har blitt kjend med og van med det i oppveksten din.

(Kor viktig er det til dømes at toalettpapiret er mjukt?)

Forbrukarmarknaden

Page 8: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Bedriftsmarknaden består av bedrifter som kjøper inn varer som innsatsfaktor i eigen produksjon. Til dømes treng bakaren mjøl for å bake bollar og brød.

Kjenneteikn ved bedriftsmarknaden:• Etterspørselen er avleidd.• Verdien på kjøpa er relativt høg. • Volumet på kjøpa er relativt stort.• Hyppigheita på atterkjøp er relativt høg.• Med jamne mellomrom blir innkjøpa revurderte.

Viss du ser på skulen din som ei bedrift, kva kjøper ho for å kunne produsere «varene» sine?

Bedriftsmarknaden

Page 9: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Mellomhandlarar kjøper inn varer for vidaresal – utan å vidareforedle varene. Dei kan ha lager, men må ikkje ha det.

• importørar• agentar• franchiseorganisasjonar• detaljistar• grossistar• kommisjonærar

Gå til næraste butikksenter og undersøk korleis ein utvald mellomhandlar opptrer som marknadsførar. Fortel.

Mellomhandlarmarknaden

Page 10: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Stat og kommune er forvaltarar som legg til rette for infrastruktur.

Kjenneteikn på kjøpsåtferd:• Innkjøpa er store og har høg verdi.• Anbodskonkurransar blir brukt. • Brukstida er lang. • Vara har lang produksjonstid.

Ta for deg eit statleg prosjekt du har lese eller høyrt om den siste tida. Kva slags innkjøp er nødvendig i dette prosjektet, trur du? Lag ei «handleliste».

Statleg og kommunal marknad

Page 11: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Nokre bedrifter treng heile verda som marknad for å få nok etterspørsel etter varene sine. Andre bedrifter veks internasjonalt fordi dei har produkt som forbrukarar i heile verda har behov for.

Sjå på nettsidene til Gillette her: http://www.gillette.com/nb/NO/home.aspx

Sjå reklamen for Gillette Fusion Proglide. Kor mange språkversjonar av denne reklamen kan du finne?

Internasjonale marknader

Page 12: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Vi deler inn internasjonale marknader etter likskapar i kultur og økonomisk utviklingsnivå:

VestenEU-landa og andre land i Europa som ikkje er med i EU, USA, Canada, Australia og New ZealandAust-EuropaRussland, austeuropeiske land utanom EU, tidlegare republikkar i SovjetunionenDet fjerne austenKina, Japan, Korea, India og andre land i same regionUtviklingslandAfrika, land i Midtausten og i Sør- og Mellom-Amerika

Har du nokre tankar om kva som må til for å lykkast dersom du skal selje mobiltelefonar i Frankrike? Sjå til dømes på Orange.fr, ein aktør som allereie er i denne marknaden.

Val av internasjonal marknad

Page 13: Ulike marknader

Foto: Scanpix

Val av internasjonal marknad