20
Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010

Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular

i Sogn og Fjordane

2007-2010

Page 2: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Bileta som er brukte i denne planen er frå biblioteket ved Sogndal vidaregåande skule og Stryn bibliotek.Fotografar er Kristine Hamre og Martin Sandal

Page 3: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Innhald

Samandrag ................................................................................................................... 11. Innleiing ................................................................................................................... 2 1.1 Bakgrunn og føremål ............................................................................................... 2 1.2 Oppnemning og mandat ........................................................................................... 2 Oppnemning .......................................................................................................... 2 Tidsfrist ............................................................................................................... 2 Mandat ................................................................................................................ 22. Skulebibliotek som pedagogisk ressurs ............................................................................... 3 2.1 Skulebiblioteket sitt særpreg ..................................................................................... 3 2.2 Skulebibliotek, læringssenter og studieverkstad ............................................................. 3 2.3 Informasjonssamfunnet ............................................................................................ 3 2.4 Kunnskapsløftet ..................................................................................................... 3 2.5 Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane ........................... 4 2.6 Leseferdigheit og leseprosjektet ”Gi rom for lesing!” ....................................................... 5 2.7 Bibliotekaren sin plass i det pedagogiske arbeidet ........................................................... 53. Bibliotekplanen frå 1994 og stoda i dag .............................................................................. 6 3.1 Personale ............................................................................................................ 6 3.2 Mediesamling ........................................................................................................ 6 3.3 Elektronisk katalog ................................................................................................. 6 3.4 Lokale ................................................................................................................ 6 3.5 Samarbeid ........................................................................................................... 64. Retningsgjevande normer for bibliotektenesta i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane .................... 7 4.1 Gjeldande lover og normer for skulebibliotek ................................................................ 7 4.2 Personale ............................................................................................................ 7 4.2.1 Kompetanse ................................................................................................... 7 4.2.2 Stillingsressursar ............................................................................................ 8 4.2.3 Bibliotekkoordinator ......................................................................................... 8 4.3 Mediesamling og budsjett ......................................................................................... 9 4.4 Biblioteklokalet .................................................................................................... 10 4.5 Organisering og samarbeid ....................................................................................... 11 4.5.1 Mogelege samarbeidspartar ............................................................................... 11 4.5.2 Bibliotekutval ................................................................................................ 11 4.5.3 Fagforum ..................................................................................................... 115. Opptrappingsplan ....................................................................................................... 12 5.1 Personale ........................................................................................................... 12 5.2 Mediesamling og budsjett ....................................................................................... 126. Litteratur ................................................................................................................ 13Vedlegg ...................................................................................................................... 14

Tabellar

Tabell 1: Norm for stillingsstorleik ved skulane ........................................................................ 8Tabell 2: Normer for mediebestand ..................................................................................... 9Tabell 3: Normer for mediebestand og mediebudsjett ................................................................ 9Tabell 4: Bibliotekareal ................................................................................................... 10Tabell 5: Opptrappingsplan for stillingsstorleikar ..................................................................... 12

Vedlegg

1: Utdrag frå ”Veiledende retningslinjer og normer for skolebibliotektjenesten i videregående skole” (RVO 1988)2: Samarbeidsavtale mellom Halden bibliotek og skolebibliotekene i grunnskolen

Page 4: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet
Page 5: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 1

Samandrag

I 1994 vart det oppnemnt eit utval som skulle greie ut korleis bibliotektenesta ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane burde utviklast. I Rapport frå ”Bibliotekutvalet” november 1994 konkluderte utvalet med at det burde tilsetjast bibliotekarar i 14,5 stillingar og noko kontorpersonale i tillegg. Ut frå ei nøktern vurdering tilrådde utvalet å opprette 6 stillingar i løpet av ein tre års periode. Utvalet peikte vidare på stort sprik mellom normtal og realitet på grunnstammen med bøker, og tilrådde fast årleg tilvekst som minimumsløysing.

Utvalet tilrådde også at det vart skaffa midlar til ei prosjektleiarstilling, til m.a. å rettleie skulane ved oppbygging av bibliotektenesta, samarbeide med kultur- og skuleetaten og skape godt samarbeid mellom biblioteka for utnytting av ressursar på ein best mogeleg måte.

I samband med Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2004-2007 vart det vedteke at gjeldande bibliotekplan frå 1994 skulle reviderast. Arbeidet var planlagt gjennomført i 2004/2005, men grunna kapasitetsproblem ved opplæringsavdelinga vart dette noko utsett. - Etter oppnemning frå fylkesdirektør for opplæring la det nye utvalet fram utviklingsplanen sin i juli 2006.

Allereie innføringa av Reform -94 synleggjorde behovet for eit styrka skulebibliotek, med auka fokus på prosjektarbeid og bruk av biblioteket som læringsarena. Den nye reforma Kunnskapsløftet berre aukar dette fokuset, med vektlegging av grunnleggjande ferdigheiter (m.a. lesing og bruk av digital kompetanse) i tillegg til at elevane skal stimulerast til å utvikle eigne læringsstrategiar, evne til kritisk tenking og til å nytte varierte arbeidsmåtar.

Dette får konsekvensar for skulebiblioteka, som må styrkast både ressursmessig og organisatorisk. For å få kvalifiserte og tilgjengelege bibliotekarar må stillingsressursane aukast, og den enkelte skule må tydeleggjere bibliotekaren si plassering som del av det pedagogiske personalet. Gjennom oppsette normtal for mediebestand og mediebudsjett viser utvalet at det også er behov for auka løyvingar til innkjøp av media.

I dag er det bibliotek som har heilt nede i 10 og 20 prosent stillingsressursar. Med så små ressursar får ein neppe tak i kvalifiserte bibliotekarar, og ein slik person vil ha liten mogelegheit til å delta i det pedagogiske arbeidet ved skulen.

Det nye utvalet sette som visjon: Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har moderne bibliotek med tilgjengelege og kvalifiserte tenester. Det er sett som minimumsmål at ikkje noko bibliotek skal ha under 50% stillingsstorleik. Ut frå talet på elevplassar ved den enkelte skule har utvalet sett opp ønska stillingsstorleik. Samla ressurs ved biblioteka i dag er 6 heile stillingar. I opptrappingsplanen tilrår utvalet til saman 15,5 bibliotekarstillingar, altså ein auke på 9. Dette er berre ei stilling meir enn utvalet frå 1994 kom fram til ut frå gjeldande norm den gong.

Planen er tenkt å gjelde for ein fireårsperiode, frå 2007 og til 2010. Målet er at opptrappinga er fullført hausten 2008, samtidig med at reforma Kunnskapsløftet blir innført på alle tre trinna. Den enkelte skule treng så ei tid til planlegging og utvikling, der kvar tek utgangspunkt i eigne behov og eigen pedagogisk plattform. Utvalet ser det som naturleg at den nye planen blir revidert etter ein fireårsperiode.

Page 6: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 2

1. Innleiing

Visjon

Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har moderne bibliotek med tilgjengelege og kvalifiserte tenester.

Skulen skal vere eit ressurs- og kultursenter for nærmiljø og region. Det vert lagt vekt på at skulen skal kunne brukast av elevar/lærlingar og publikum, grupper og organisasjonar, også etter vanleg skuletid. I dette biletet må biblioteket ha sin naturlege plass. Skal ein nå målsetjingane, treng ein auka satsing i samsvar med intensjonane i Kunnskapsløftet og Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane.

1.1 Bakgrunn og føremålDen nye bibliotekplanen er ein revisjon av den fylkeskommunale bibliotekplanen frå 1994. Den gamle planen var i første rekkje ein plan over oppstart av bibliotektenestene ved dei vidaregåande skulane i fylket, med råd om korleis det skulle gjerast, kva løysingar ein såg føre seg, og korleis oppbygginga av tenesta skulle vere. Opptrappingsplanen er berre delvis følgt, sjølv om mykje er gjennomført. Biblioteka treng auka bibliotekfagleg kompetanse og bemanning i høve til elevtal.

Forholda i skulen har endra seg ein del dei siste ti åra. Det er behov for ein ny bibliotekplan som ein reiskap for å oppgradere skulebiblioteka til eit akseptabelt nivå, med gode forhold på alle dei vidaregåande skulane i fylket. Det er viktig å følgje opp dei nasjonale føringane som ligg i dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet. Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2004 - 2007 slår fast at ”gjeldande plan for bibliotektenesta i dei vidaregåande skulane skal reviderast”. Dersom ikkje planane vert følgt opp, kan det føre til store skilnader i skulebibliotektenesta i Sogn og Fjordane.

Planen er delt inn i ulike hovudområde. Først kjem dei overordna generelle føresetnadene for ein ny plan. Så kjem det ein del om skulebibliotek som pedagogisk ressurs og kvifor dette bør leggjast vekt på (kap. 2). Stoda i Sogn og Fjordane vert skildra, med eit oversyn over kva som har vore gjort og kva som ikkje vart noko av (kap. 3). Det vert foreslått normer for bibliotektenesta og kva som må vere på plass for at vi skal få eit godt skulebibliotektilbod ved dei vidaregåande skulane i fylket (kap. 4). Til sist kjem ein konkret handlingsplan med tiltak i prioritert rekkefølgje (kap. 5).

1.2 Oppnemning og mandat

OppnemningFylkesdirektør for opplæring har oppnemnd dette utvalet:Frå skuleleiing: Trygve Jacobsen, rektor, Mo og Jølster vidaregåande skule Anne Britt Andersen, pedagogisk leiar,

Eid vidaregåande skuleFrå pedagogisk personale: Marit Fåberg Sjåstad, lærar, Sogndal vidaregåande skule Anne Johanne Schei, lærar, Hafstad vidaregåande skuleFrå elevorganisasjonen: Bernt Inge BergeFrå bibliotekansvarlege: Aud Skipenes, bibliotekar, Eid vidaregåande skule Lise Monsen, bibliotekar, Flora vidaregåande skuleFrå fylkesbiblioteket: Anja Angelskår MjeldeFrå opplæringsavdelinga: Knut Grinde

Knut Grinde vart vald til leiar og Aud Skipenes og Anja Angelskår Mjelde har delt på sekretærarbeidet.

Av ulike grunnar vart lærar Anne Johanne Schei og Bernt Inge Berge frå elevorganisasjonen ikkje med i arbeidet. Elevorganisasjonen vart forsøkt trekt inn som høyringsinstans etter at Linda Christine Lilleng tok over som ny leiar, men arbeidsgruppa har ikkje motteke innspel.

TidsfristUtvalet skal vera ferdig med arbeidet sitt til utgangen av juni 2006. Fylkesdirektøren ferdigstiller saka til møtet i Hovudutval for opplæring den 20. september. Vedtak blir teke med i budsjettarbeidet for 2007.

MandatArbeidsgruppa til utarbeiding av ny bibliotekplan fekk følgjande mandat:- presentere oversikt over gjeldande lover/normer for

bibliotektenester- skaffa status for bibliotektenestene/bibliotekplanar ved

dei vidaregåande skulene i fylket- kven er naturlege samarbeidspartar- korleis nå målet om biblioteket som sentral

læringsarena/pedagogisk bruk av biblioteket- nødvendig lokale, utstyr og kompetanse- kva er behovet ved dei ulike skulane- laga framlegg til opptrappingsplan

Page 7: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 3

2. Skulebibliotek som pedagogisk ressurs

2.1 Skulebiblioteket sitt særpregSkulebiblioteket er ein av læringsarenaene på skulen, og har eit stort potensial for å fremje lese- og informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet sin Strategiplan for leseprosjektet Gi rom for lesing! side 18). Skulebiblioteket er både ein kunnskapsarena der ulike typar informasjon er tilgjengeleg, og ein kulturarena der leseglede og oppleving står sentralt.

Med Kunnskapsløftet ligg det til rette for at det i sterkare grad vert satsa på det pedagogiske arbeidet i biblioteka. Målet er å setje fokus på biblioteket som læringsarena og skape ein kultur for læring.

Skulebiblioteket skil seg på fleire viktige område frå folkebiblioteka. Det er å sjå på som eit spesialbibliotek eller eit fagbibliotek, retta mot utdanning. Tenesta skal vere for ei klart definert målgruppe og dei målsetjingar og læreplanar som er tilpassa den einskilde skule sitt tilbod. Målgruppa er elevar (både unge og vaksne) og alle tilsette.

Skulebiblioteket er ein annan type kultur- og kunnskapsarena enn klasserommet. Dette gir moglegheiter for å skape nye møte mellom elevar, lærarar, leiing og skulebibliotekarar på tvers av klassesteg og profesjonar og for å legge til rette for møte med utøvande kunstnarar som m.a. forfattarar.

Ved sida av å vere ein stad for lesing, vil eit godt utbygd skulebibliotek gi eit differensiert og aktuelt tilfang av tekstar både i trykt og elektronisk form, og ein vil kunne få individuell rettleiing. For skulebiblioteka er det spesielt viktig å ha ein oppdatert mediestamme, nettopp fordi dette er fagbibliotek.

Kompetansen til skulebibliotekaren er ein av nøkkelfaktorane for eit godt skulebibliotek. Likeeins må lærarar i alle fag ha kompetanse i å bruke skulebiblioteket i opplæringa, både for å stimulere leselyst og fremje lese- og informasjonskompetanse. Dette blir sett på som så viktig at det for lærarstudentar skal utviklast studieplan for det obligatoriske emnet ”Biblioteket i undervisninga”, med praktisk bruk av skulebiblioteket som innhald. (Departementet sin strategiplan i samband med leseprosjektet Gi rom for lesing!, side 28).

2.2. Skulebibliotek, læringssenter og studieverkstad Bibliotekfaglege og pedagogiske interesser møtest i skulebiblioteket. Gjennom samarbeid mellom pedagogisk personale og bibliotektilsette kan ein utnytte potensialet som ligg i dette. I nyare litteratur om biblioteket i pedagogisk samanheng nyttar ein omgrep som ”læringssenter” og ”studieverkstad”. I rapporten ”En arena for læring og samarbeid” skriven av Hans Martin Fagerli og gjeve ut av Høgskolen i Oslo, vert omgrepet læringssenter definert slik:

Læringssenter: En fysisk sammenføring av bibliotek, data, leseplasser, grupperom etc., og en samorganisering av tilhørende brukerstøttefunksjoner sammen med en pedagogisk tilrettelegging som sikrer at samspillet mellom læringsressurser, støttefunksjoner og studenter gir optimal læring.

Ein studieverkstad inneheld dei same elementa som eit læringssenter. I tillegg er det ein eller fleire faglege rettleiarar til stades. Den/dei kan gje individuell rettleiing eller organisere kollokviegrupper, miniførelesingar, repetisjonskurs osb. Studieverkstaden har ei fleksibel opningstid med tanke på at det skal vere eit tilbod også til vaksne elevar. Det er også ein aktuell læringsarena for ordinære elevar, spesielt i samband med studietid på skulen, prosjektarbeid, leksearbeid og førebuing til eksamen.

Biblioteket er altså ein del av ein studieverkstad og eit læringssenter. Integrering i andre funksjonar er viktig. Den grunnleggjande ideen i læringssenter og studieverkstad er at eleven skal få den hjelpa han treng i læringsarbeidet ved at både bibliotekfagleg, pedagogisk og it-støtte er tilgjengelig. Dette føreset eit samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. 2.3 InformasjonssamfunnetSamfunnet i dag er prega av store mengder informasjon, eit fleirkulturelt samfunnsbilete, flytande referanserammer og ei rivande teknisk utvikling. Alle desse faktorane gjer at det å meistre denne informasjonsflaumen vil setje større krav til den enkelte si vurderingsevne. Dette vil bli ein etterspurd kompetanse i næringslivet. Eleven må difor utvikle sin informasjonskompetanse. I omgrepet informasjonskompetanse ligg:- evna til å identifisere eit informasjonsbehov- evna til å innsjå at relevant og fullstendig informasjon er

grunnlaget for kloke avgjerder- evna til å identifisere passande hjelpemiddel for

informasjonssøking, utvikle effektive søkestrategiar, bruke ulike informasjonsressursar, både tradisjonelle og elektroniske

- evna til å organisere informasjonen for praktisk bruk og integrere den nye informasjonen i det ein alt veit

- evna til å bruke informasjonen på ein kritisk måte

Alt dette er nært knytta til lesekompetanse. Biblioteket kan bidra til å utvikle både lese- og informasjonskompetanse hjå elevane. Difor vil biblioteka vere ein viktig del i skulen sin strategi for å nå desse måla. Dette er spesielt viktig i den stadig aukande tilgangen på informasjon frå internett, der kvalitetssikringa i mange tilfelle manglar. Informasjonskompetanse inngår difor også i omgrepet digital kompetanse.

2.4 KunnskapsløftetDen nye reforma i grunnskule og vidaregåande opplæring - Kunnskapsløftet - inneber m.a. nye læreplanar i alle fag. Det blir her lagt stor vekt på dei fem grunnleggjande ferdigheitene - å kunne uttrykkje seg munnleg

Page 8: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 4

- å kunne lese- å kunne rekne- å kunne uttrykkje seg skriftleg- å kunne bruke digitale verktøy

Digital kompetanse vert rekna som ein av basiskunnskapane, på linje med lese- skrive- og rekneferdigheiter. Det vert sett på som heilt naudsynt for å greie seg i morgondagens samfunn. (ITU problemnotat 10.06.03, s. 8ff). Planane føreset i sterkare grad enn før bruk av digitale verktøy. IKT skal inn i alle fag.

I omgrepet digital kompetanse ligg - grunnleggjande opplæring i bruk av datamaskiner og

programvare som pedagogisk hjelpemiddel- det å hente ut fagleg informasjon gjennom Internett- IKT og læringsstrategiar - korleis orientere seg i forhold

til informasjonstilgangen og få kritisk holdning til kjelder og informasjon (i pedagogisk samanheng)

- IKT og den kulturelle kompetansen - digital danning handlar om kva innverknad IKT har på ulike kvalifikasjonar som kommunikativ kompetanse, sosial kompetanse, kritiske holdningar m.m.

Sentralt i Kunnskapsløftet er den vedtekne ”Læringsplakaten”. Denne inneheld viktige prinsipp for skulen og bedrifta si opplæringsverksemd. I Læringsplakaten heiter det at skule og lærebedrift m.a. skal- stimulere elevar og lærlingar/lærekandidatar til å utvikle

eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking- fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar- stimulere, nytte og vidareutvikle den enkelte lærar sin

kompetanse

I t.d. læreplan for norsk Vg 3 studieførebuande program er det eit heilt klart mål at eleven skal kunne ”bruke bibliotekets sentrale databaser og andre faglige kilder, både tradisjonelle og elektroniske, i egne arbeider” (Kunnskapsløftet, midlertidig trykt utgåve sept. 2005, s. 47). Også ved innhenting av informasjon i andre fag vil biblioteket vere viktig.

Alt dette får konsekvensar for bibliotektenesta. Denne vil i sterkare grad enn før verte trekt inn i det faglege arbeidet, og bibliotekaren bør difor vere med i delar av planleggjinga.

For å møte forventningane i Kunnskapsløftet, er det nødvendig å utvikle skulebiblioteket som læringsarena i retning av læringssenter/studieverkstad.

2.5 Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og FjordaneI skulebiblioteket ligg det eit stort potensial for å fremje lese- og informasjonskompetansen hjå elevane. Det er både ein kunnskapsarena, ein kulturarena og ein alternativ læringsarena. Eit godt utbygt bibliotek vil i tillegg til å vere ein stad for lesing, kunne gi eit differensiert og aktuelt tilfang av tekstar både i trykt og elektronisk form, og det

vil kunne gi individuell rettleiing, m.a.o. vere ein god støttespelar, uansett kva læringsstrategiar ein vel å bruke.

Nokre av hovudstategiane i handlingsprogrammet tek føre seg:2.3 Individuelt tilpassa opplæring- fokus på å ta i bruk undervisningsformer som

aktiviserer elevar og lærlingar i høve til si eiga læring, og undervisningsformer som føreset aktive elevar og lærlingar som tek ansvar for eiga læring

- sikre at skulen og lærebedrifta har kunnskap om og tilgang til ulike læringsarenaer og læremidlar og der dei lærer å bruke ulike arbeidsmåtar og arbeidsmetodar

2.7 Kompetanseutvikling - sentralt satsingsområde i Kunnskapsløftet- syte for ei velfungerande etter- og vidareutdanning

for skuleleiing, lærarar, instruktørar, prøvenemnder, rådgjevarar, skulebibliotekarar, miljøkoordinatorar og andre som er viktige bidragsytarar i vidaregåande opplæring

- å kunne bruke digitale verktøy er i dei nye læreplanane definert som ein grunnleggjande dugleik og er innarbeidd i kompetansemåla i dei ulike faga

- med bakgrunn i dette har fylkesdirektøren for opplæring peika ut digital kompetanse som eit eige satsingsområde innan Kompetanseløftet

Hovudstrategiane blir følgd av eit handlingsprogram som omtalar ønskt situasjon og tiltak/handling:3.3 Individuelt tilpassa opplæringØnskt situasjon i 2007:- biblioteket er ein god læringsarena tilpassa eleven og

skulen sine arbeidsmåtar og metodar- høg IKT-kompetanse og god tilgang til moderne

datautstyr gjer det mogleg å ta i bruk IKT som eit godt pedagogisk verktøy

18

Skolebiblioteket

Skolebiblioteket er en av læringsarenaene på skolen og har et stort potensial for å fremme lese- og informasjonskompetanse hos elevene. Statistikk viser at dette potensialet ikke er ut-nyttet godt nok på norske skoler i dag. Skolebib-lioteket er både en kunnskapsarena der ulike typer informasjon er tilgjengelig, og en kultur-arena der leseglede og opplevelse står sentralt. Bruk av skolebiblioteket er viktig for elever i alle fag og på alle trinn. I de nye læreplanene er kompetansen på dette feltet lagt til norskfaget som mål på alle hovedtrinn i grunnskolen.

Digitale ressurser og veiledning i bruken av dem får stadig større plass og oppmerksomhet i alle typer bibliotek. Et moderne bibliotek har et fysisk bibliotek med samlinger av bøker, avi-ser, tidsskrifter, lydbøker og video/DVD. Det gir tilgang til en rekke digitale informasjons-ressurser. Kompetent personale gir veiledning til global informasjon og samlinger, og til hvor-dan man kan søke i informasjonsressursene.

Tilgang, ressurser og bemanning10

De fl este elever har i tråd med § 9.2 i opplæ-ringsloven tilgang til skolebibliotek enten på skolen eller som en egen tjeneste i andre nær-liggende lokaler. Men kvaliteten på tilbudet når det gjelder boksamlinger, datamaskiner og annet utstyr, samt opplæring og veiledning, er gjennomsnittlig lav med store variasjoner mel-lom fylker og kommuner og mellom skoler i samme kommune.

Tidsressursen til bemanning av skolebiblio-tekene i grunnskolen er liten. Gjennomsnittet var 5,48 timer i uken i 200111. I videregående opplæring er skolebibliotekene godt bemannet, og biblioteket har større ressurser til samling-ene. I gjennomsnitt er biblioteket (2003) be-mannet i ca 33,3 timer per uke i videregående opplæring, og 18,6 timer er med fagutdannet bibliotekar.

Kompetansen til skolebibliotekaren er en av nøkkelfaktorene for et godt skolebibliotek. På landsnivå er ca 33 % av arbeidet i skolebib-liotekene i grunnskolen utført av personer med bibliotekfaglig utdanning, i videregående opplæring er tallet 47 %. Det betyr at godt over halvparten av skolebibliotekene i dag betjenes av lærere uten relevant etterutdanning eller av helt ufaglært arbeidskraft. Det er også stor variasjon mellom fylkene.

Et rikt utvalg litteratur og medier er basisen i et godt skolebibliotek. Både PIRLS 2002 og bibliotekstatistikk 2003 viser at det i hele grunnopplæringen er stor forskjell mellom sko-ler når det gjelder antall bøker og tidsskrifter som er tilgjengelige for elevene. I gjennomsnitt

SKOLEN

10 Statistiske opplysninger i dette kapittelet er hentet fra Statistikk for bibliotek og museum 2003 (ABM-utvikling) dersom det ikke er gitt annen informasjon.11 Statistikk for folkebibliotek 2001. Statistikken for 2003 er lagt om og viser ikke sammenlignbare tall.

Page 9: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 5

Tiltak/handling:- biblioteket vert ein sentral læringsarena- eit stort behov for å auke stillingsstorleiken på skule-

bibliotekarstillingane

3.7 KompetanseutviklingØnskt situasjon i 2007- det er lagt til rette for ei kontinuerleg og systematisk

kompetanseutvikling for leiing, lærarar, rådgjevarar, instruktørar, prøvenemnder, miljøkoordinatorar, bibliotekarar og PPT-tilsette

Tiltak/handling:- kompetanseutvikling i samband med Kunnskapsløftet- særskilt fokus på gjennomføringa av Kunnskapsløftet, og

på utvikling av digital kompetanse hjå alle pedagogisk tilsette i vidaregåande opplæring

Dette viser på nytt kor viktig det er å utvikle skulebiblioteket som ein moderne og framtidsretta læringsarena.

2.6 Leseferdigheit og leseprosjektet ”Gi rom for lesing!”Undersøkingar viser at dei norske ungdommane (i vidaregåande opplæring) generelt kjem bra ut i internasjonale samanlikningar (etter svenskane og finnane). Likevel er det grunn til bekymring at ca 5000 unge kvart år forlet skulen med ei leseferdigheit som blir vurdert som utilstrekkeleg i forhold til forventningar og krav som dei vil møte som vaksne. Særleg 16- og 17-åringane oppnår svake resultat. I tillegg er Noreg det landet med flest unge som svarer at dei aldri les bøker i fritida (19% av jentene og 41% av gutane). (Departementet sin strategiplan for leseprosjektet Gi rom for lesing!, side 16 og 17).

Utvikling av språkleg dugleik er ein vedvarande prosess, og fokus på dette gjennom heile skuleløpet er viktig for å vidareutvikle lese- og skrivekompetansen. Ikkje minst gjeld dette for elevar frå språklege minoritetar.

Å meistre lesinga er grunnleggjande for alle fag i skulen, og avgjerande for å kunne tileigne seg anna kunnskap og finne inspirasjon til læring. Men like viktig er det å kunne oppleve gleda ved å lese og fordjupe seg i bøkene si verd.

”Gi rom for lesing!” er ein tiltaksplan for leselyst og leseferdigheit for 2003-2007, sett i verk av dåverande Utdannings- og forskingsdepartement i 2003. Det blir her slått fast at ”Alle skoler skal ha en strategi for leseopplæring og lesing på alle årstrinn, og samarbeidet med bibliotekene skal styrkes.”

Konkrete målsetjingar gjennom leseprosjektet er m.a.: - styrke elevane sine leseferdigheiter og motivasjon for

lesing- styrke lærarane sin kompetanse i leseopplæring og bruk

av skulebibliotek- motivere til meir lesing både i skule og fritid- bli meir bevisst på lesing som grunnlag for anna

læring, kulturell kompetanse, livskvalitet, deltaking i arbeidslivet og i eit demokratisk samfunn

- styrke læraren sin kompetanse om ny og aktuell litteratur

- stimulere til formidling av litteratur

Internasjonal kartleggjing viser kor viktig det er at det finst bøker i elevane sitt nærmiljø. Talet på bøker i heimen, elevane si eiga lesing og foreldra si lesing er faktorar som skaper gode leseferdigheiter. (Departementet sin tiltaksplan i samband med leseprosjektet Gi rom for lesing! april 03).

2.7 Bibliotekaren sin plass i det pedagogiske arbeidetSkulebibliotekarbeidet er i stadig utvikling. Tidlegare tok samlingsutvikling mykje av arbeidstida. Ein dreiv innkjøp og kassering, og katalogisering og klassifikasjon tok også mykje tid. Då IKT vart introdusert, vart det viktig å registrere mediesamlinga i elektroniske databasar, slik at søk og attfinning vart lettare, og katalogiseringsarbeidet enklare.

I dag, når mange bibliotek har bygd opp ei brukbar mediestamme og har registrert denne i databasar, er hovudutfordringa for biblioteka å bli integrert i det pedagogiske arbeidet på skulen. Fokuset må gå frå å yte tenester ved behov til å vere ein deltakar i den pedagogiske prosessen. Bibliotekar og lærar må samarbeide i større grad enn før. Bibliotekaren må ha sin plass i skulen sin organisasjonsstruktur, få informasjon og innkalling til aktuelle møte og vere med i det generelle planarbeidet i skulen. For å kunne vere med i læringsprosessen må biblioteka komme med i forkant, dvs. ved planlegging av undervisning, gruppearbeid, prosjekt og liknande. Bibliotekaren må vite kva læraren forventar av elevane, kva som er målet for undervisninga, slik at elevane får den hjelpa dei treng. Ved å samarbeide med lærarane kan bibliotekaren gjere ein verdfull jobb som kan føre til betre læringsutbyte for elevane. Bibliotekaren må også vere til stades under planlegging og evaluering av større prosjekt, for på best mogleg måte å få oversikt over kva materiale som må skaffast. Vedkommande skal vere tilgjengeleg i størst mogleg grad, og samarbeide med lærarane om å planleggje undervisningsopplegg der elevane må ta i bruk bibliotektenester.

Bibliotekaren skal og kunne lære opp eleven i bruk av digitale verktøy i tilknyting til biblioteket, samt lære opp eleven på område som søk etter og evaluering av informasjon.

Lærarar vil også trengje opplæring i det same. I tillegg kan bibliotekaren drive tradisjonell brukaropplæring med fokus på å finne fram i eige bibliotek. Kjeldekritikk og skriving av litteraturlister er også noko bibliotekaren kan halde kurs i. Dette føreset tilstrekkelege ressursar i biblioteket.

Page 10: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 6

3. Bibliotekplanen frå 1994 og stoda i dag

I Bibliotekplanen frå 1994 blei det lagt opp til ein opptrappingsplan for biblioteka i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. I dette arbeidet brukte ein m.a. dei gjeldande normene for skulebibliotektenesta, som var utgitt av Rådet for vidaregåande opplæring (RVO) i 1988. Ein del av tiltaka er gjennomført etter tidsplanen eller på eit seinare tidspunkt, anna ikkje.

3.1 PersonaleEin viktig del av planen var å opprette ei prosjektleiar-/koordinatorstilling for tre år, som skulle rettleie skulane, organisere bibliotekfagleg opplæring og hjelpe til med oppbyggjinga av skulebiblioteka. Det vart ikkje oppretta ei slik stilling.

Etter RVOs normer skulle ein i 1994 hatt 14,5 bibliotekarstillingar i dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Berre Firda hadde då fagutdanna bibliotekar (i samarbeid med folkebiblioteket). Ein gjekk i planen inn for ei forsiktig opptrapping av stillingsressursane, med oppretting av 6 bibliotekarstillingar (to heile og fire halve stillingar), fordelt på dei 6 største skulane/skulestadene. Dette vart gjennomført. Opplæring av samlingsstyrarane og arbeid for samarbeid med folke- og høgskulebibliotek har vore meir tilfeldig, grunna den manglande koordiatorstillinga.

Stillingsressursar til dei biblioteka som ikkje fekk oppretta bibliotekarstillingar etter bibliotekplanen frå 1994 er relativt små. Det er ikkje oppretta bibliotekarstillingar anna enn på dei skulane som er spesifikt nemnde i bibliotekplanen.

3.2 MediesamlingI følgje normene frå 1988 skulle biblioteka hatt ein bokbestand på til saman 75 000 bøker, andre mediatypar

vart ikkje omtala. Bestanden var då på 35 000, og ein tilrådde ei opptrapping med årleg tilvekst på 6500 til ein nådde grunnstammen. Bestanden i dag er ca 51 000 bøker - nokre få skular ligg over minimumsnorma frå 1988, dei fleste under. Tala seier ikkje noko om kvalitet og aktualitet for samlingane.

Justert for endringar i skule- og elevtal, skulle dei vgs i fylket i dag hatt ei grunnsamling på rundt 72 500 bøker i følgje norma frå 1988. I tillegg til bøker må biblioteka ha andre typar media.

3.3 Elektronisk katalogFå skular hadde samlingane registrert i elektronisk katalog, og etter planen skulle dei biblioteka som ikkje hadde dette, skaffe det i løpet av 1997. Det har tatt noko lenger tid, dei siste biblioteka fekk elektronisk katalog i 2005, og held framleis på med innleggjing i basen. Kva biblioteksystem som er vald varierer m.a. ut frå kva system som er brukt på det lokale folkebiblioteket.

3.4 LokaleSjølv om det var stort sprik mellom norm og realitet når det gjaldt areal, fann ikkje utvalet bak planen frå 1994 å kunne prioritere ekstra fylkeskommunal løyving for å rette på det. Framleis er dei aller fleste skulane langt frå å oppfylle normene frå 1988 når det gjeld bibliotekareal.

3.5 SamarbeidBibliotekplanen frå 1994 diskuterer biblioteksamarbeid av ulike slag - både mellom skule og folkebibliotek, og mellom skulane. Det er komme til to nye kombinasjonsbibliotek sidan 1994 (Stryn og Luster (Hafslo)), og eitt er under planleggjing (Eid). Tre vidaregåande skular samarbeider med sitt lokale folkebibliotek om elektronisk katalog (Sogndal, Høyanger, Årdal), og fleire har katalogen sin på fylkesbiblioteket sin server (Dale, Mo og Jølster, Hafstad, Øyrane, Fagskulen).

Page 11: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 7

4. Retningsgjevande normer for bibliotektenesta i vidaregåande skule i Sogn og Fjordane

4.1 Gjeldande lover og normer for skulebibliotek I opplæringslova § 9-2 vert det slått fast at ”Elevane skal ha tilgang til skulebibliotek.” I forskrift til opplæringslova §21 vert det presisert at skulane skal ha skulebibliotek dersom ikkje tilgangen til skulebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek.

Dei fleste elevar har tilgang til skulebibliotek anten på skulen eller som eiga teneste i nærliggjande lokale. Men kvaliteten på tilbodet når det gjeld boksamlingar, datamaskiner og anna utstyr, opplæring og rettleiing er gjennomsnittleg låg, og med store variasjonar mellom ulike fylke, kommunar og skular. (Statistikk for bibliotek og museum 2004, ABM-utvikling).

For å få eit godt fungerande skulebibliotek er det fleire ressursmessige føresetnader som må vere oppfylt. Ein må ha tilstrekkeleg og kompetent personale, store og gode nok samlingar og økonomi til å vedlikehalde dei, gode lokale og utstyr. Skular med fleire avdelingar som ligg langt frå kvarandre må ha kvart sitt fysiske bibliotek med eigen skulebibliotekarressurs, samling og tenester. Dette må vere tilpassa storleiken på skulen og fagtilboda. Dei yrkesfaglege studieretningane har like store behov for gode bibliotektenester som dei allmennfaglege.

Dei einaste offisielle normene for skulebiblioteka som finst, vart utarbeidde av dåverande Rådet for vidaregåande opplæring i 1988. RVO meinte bl.a. at skular med fleire enn 200 elevar skal ha ei heil bibliotekarstilling og skular med fleire enn 900 elevar fleire bibliotekarstillingar. Skular med fleire enn 400 elever bør ha ein kontorfagleg stilling i tillegg. Men innføringa av Reform 94 førte til at tidlegare normtal frå 1988 for mediebestand, areal og bemanning då ikkje lenger var i samsvar med behova.

I arbeidet med ny bibliotekplan har utvalet brukt bibliotekplanane for vidaregåande skule for Finnmark, Østfold og Hordaland som bakgrunnsmateriale. I bibliotekplanane sine presenterer desse fylka standardar som byggjer på dei gamle normene, tilpassa den nye skulen. Finnmark og Østfold er dei fylka som dei siste åra har lagt inn mest ressursar og som har dei beste driftsresultata. Også Hordaland satsar no mykje på å byggje opp gode skulebibliotek.

4.2 PersonaleDei bibliotekansvarlege har i dag ulik bakgrunn, det kan vere som bibliotekar, lærar med tilleggsjobb i biblioteket eller kontortilsett med ansvar for biblioteket.

4.2.1 KompetanseFor å kunne dekke dei oppgåvene og funksjonane skulebiblioteket er meint å ha, er det viktig at skulebibliotekaren har den kompetansen som trengs.

Bibliotekansvarleg bør ha grunnleggjande bibliotekfagleg kompetanse:- organisering, systematisering og registrering av

informasjonsberande materiale (bøker, tidsskrift, AV-media osv)

- samlingsutvikling - evne til å byggje opp og vedlikehalde ei relevant og oppdatert mediesamling, tilpassa skulen

- attfinning/informasjonskompetanse - kunne orientere seg i informasjonsvrimmelen, og finne og velje ut relevant litteratur i bøker, tidsskrift, via søk i ulike databasar og ulike søkemotorar

- kunne lære opp og rettleie elevar og lærarar i å bruke og finne fram i lokale samlingar, databasar og ressursar på internett

Eit viktig arbeidsområde vil også vere presentasjon og formidling av litteratur og informasjon - lesestimulering - som fagutdanna bibliotekar vil ha kompetanse i. Det er også viktig å ha tett kontakt med resten av organisasjonen, og innsikt i det pedagogiske arbeidet ved skulen.

Avgjerande for å få ei god bibliotekteneste er at funksjon og rolle for skulebibliotekaren er avklart, og at ein har tilstrekkjelege stillingsressursar.

Page 12: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 8

Elev-plassar2006/07

Norm 2)

RVO 1988Bibliotekplan1994

Stillingsressurs 2005/2006 2)

Norm,Finnmark/Østfold

Opptrapp.-planHordaland

Sogn og Fjordane(2007-10)b k b l k/a

Dale 269 1 3) 0,2 1 0,7 1

Eid 360 1 0,5 0,5 1 0,8 1

Firda 1) 399 1 0,5 0,5 1 0,8 1

Flora 499 1 0,5 0,5 1 1 0,8 1,5

Fagskulen 140 0,5 3) 0,2 1 0,5 0,5

Hafstad 465 1 0,5 1 delt m/Øyrane 0,5 1 0,8 1,5

Høyanger 204 1 3) 0,2 1 0,7 1

Luster 137 0,5 3) 0,2 1) 1 0,5 0,5

Mo og Jølster 232 3)

- Mo 0,5 0,1 1 0,5 0,5

- Jølster 0,5 0,1 1 0,5 0,5

Måløy 279 1 0,5 0,5 1 0,8 1

Sogn j&h 52 0,5 3) 2 t/v 1 0,25 0,5

Sogndal 705 1 0,5 1 1 2 2 2

Stryn 334 1 0,5 0,5 1) 2 t/v 1 0,8 1

Øyrane 372 1 1 delt m/Hafstad 0,5 1 0,8 1

Årdal 234 1 3) 0,2 0,25 4) 1 0,7 1

1) kombinasjonsbibliotek med lokalt folkebibliotek. Personalressursen er vgs sin ”del” av stillingane2) (b=bibliotekfagleg, l=lærar, k=kontortilsett a=anna)3) iflg. planen frå 1994 skulle ein ”søkje samarbeid med folkebiblioteka om delstillingar for fagutdanna bibliotekarar. Der det ikkje er mogeleg, må samlingsstyrarordninga halde fram.” Ein ville gi samlingsstyrarane kompetansegjevande bibliotekfagleg utdanning tilsvarande 5 vekttal.4) frå hausten 2006

4.2.2 Stillingsressursar Nedanfor er det sett opp tal for stillingsressursar i skulebiblioteka. Tala tek utgangspunkt i elevplassar.

I bibliotekplanane til Finnmark og Østfold er det sett opp tilrådde normer for bibliotekarressurs. Begge desse set opp at skular med inntil 500 elevar bør ha bibliotekar i minimum ei heil stilling, og over 500 elevar to heile stillingar. I tillegg bør ein ha kontorteknisk hjelp. Hordaland har sett opp tilsvarande normer, men har lagt opp til ein opptrappingsplan som ligg litt under normene. Korleis desse normene og opptrappingsplanen hadde slått ut for oss, er sett opp i tabellen under.

Tabell 1: Norm for stillingsstorleik ved skulane

4.2.3 Bibliotekkoordinator

I tillegg til bibliotekar(ar) på den enkelte skule, har fleire fylke tilsett ein koordinator for bibliotektenesta i vidaregåande skule. Ein koordinator vil jobbe med utvikling av bibliotektenestene. Han/ho har

kontakt mot opplæringsavdeling og fylkesbibliotek, planlegg kurs og møte i samarbeid med desse, ser på fellesløysingar for biblioteka, koordinerar samarbeidet mellom skulebiblioteka og har ansvar for fagforumet. Koordinatoren kan også vere ein ressursperson i høve dei bibliotekspesifikke datasystema.

Det blir foreslått følgjande norm for Sogn og Fjordane når det gjeld bibliotekarstillingar.

Elevplassar: -199: 0,5 stilling 200-399: 1,0 ” 400-599: 1,5 ” 600-: 2,0 ”

I tillegg vil skulebiblioteka trenge hjelp til kontortekniske og praktiske driftsoppgåver.

Page 13: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 9

Elevplassar2006/2007

Media-bestand i dag (totalt)*

Norm RVO 1988 (for kun bøker)

Bibliotekplan 1994 Norm Østfold / Finnmark

Norm Hordaland

Dale 269 2 566 5 090Bestanden var så langt bak normen at ein ikkje fann å kunne oppfylle denne med det første.

Anbefalte årleg innkjøp/ tilvekst etter RVO-normer, dvs 6500 bøker årleg, + 15% auke i budsjett til innkjøp av andre media

6 000 6 000Eid 360 2 983 5 600 7 200 7 200Firda 399 206 5 990 7 200 7 200Flora 499 5 353 6 990 8 400 8 400Fagskulen 140 2 328 2 000 3 600 3 600Hafstad 465 4 663 6 650 8 400 8 400Høyanger 204 5 234 4 040 4 800 4 800Luster 137 3 344 3 000 4 800 4 200Mo og Jølster 232 4 879 4 320 - Mo 100 ca 2 100 3 000 4 800 4 200 - Jølster 132 ca 2 700 3 000 4 800 4 200Måløy 279 4 081 4 790 6 000 6 000Sogn j&h 52 1 140 2 000 3 000 3 000Sogndal 705 6 485 7 050 10 000 10 000Stryn 334 474 5 340 7 200 7 000Øyrane 372 4 494 5 720 7 200 7 200Årdal 234 6 280 4 340 6 000 5 400

4.3 Mediesamling og budsjettMediebestanden omfattar referanselitteratur, fag- og skjønnlitteratur, film, musikk, cd-rom, lydbøker o.a. Nye undervisningsformer har ført til at ein større del av samlingane er visuelle og auditive media. Fordelinga mellom bøker og andre media må ta utgangspunkt i skulen si pedagogiske plattform.

Utvikling av samlingane må ta utgangspunkt i dei fag, kurs og utdanningsprogram som skulen tilbyr. Det er viktig at biblioteket har ein stor og god mediestamme, at samlinga

1 2 3 4 5 6Elevplassar Minimum

mediestammeÅrleg tilvekst media,under oppbygging

Mediabudsjett,under oppbygging

Årleg tilvekst, ordinær drift

Budsjett,ordinær drift

50 3 000 300 kr 75 000 250 kr 62 500100 3 600 360 kr 90 000 300 kr 75 000150 4 200 420 kr 105 000 350 kr 87 500200 4 800 480 kr 120 000 400 kr 100 000250 5 400 480 kr 120 000 400 kr 100 000300 6 000 480 kr 120 000 400 kr 100 000350 7 000 480 kr 120 000 400 kr 100 000400 7 200 480 kr 120 000 400 kr 100 000450 7 800 540 kr 135 000 450 kr 112 500500 8 400 600 kr 150 000 500 kr 125 000550 9 000 660 kr 165 000 550 kr 137 500600 9 600 720 kr 180 000 600 kr 150 000700 10 000 720 kr 180 000 600 kr 150 000800 10 400 760 kr 190 000 650 kr 162 500

er aktuell i forhold til behovet til brukarane, og at ho vert halden ved like og ajourført. Ein må sikre tilvekst kvart år, slik at samlinga har aktualitet. I den grad det framleis er fleire mediesamlingar på skulen, bør heile skulen sin mediestamme på sikt registrerast av biblioteket. Dette for å få ein oversikt over tilgjengeleg materiale og for å utnytte samlingane betre.

Tabellen under viser stoda for mediebestanden ved årsskiftet 2005/06, og kva den skulle ha vore etter RVO-normene og normene frå Østfold, Finnmark og Hordaland.

Som ein ser ligg dei fleste biblioteka under normtala. Eit bibliotek som ikkje har nådd normtalet for mediebestand, vert å definere som eit bibliotek under oppbyggjing, og treng større budsjett for å kunne byggje opp ein minimum mediestamme. Under er det sett opp forslag til progresjon for å nå eit slikt minstemål.

I kolonne 2 er det sett opp kva ein meiner er ein

minimumsbestand for bibliotek med eit visst tal elevar. Kolonne 3 viser årleg tilvekst av media for eit bibliotek under oppbygging, og kolonne 4 kva det vil bety budsjettmessig. Snittprisen for media er sett til 250 kr. Kolonne 4 og 5 viser tal for tilvekst og budsjett når biblioteka er kome over minimumsgrensa og har ordinær drift. Kolonne 2, 3 og 5 føreset at det blir drive aktiv samlingsutvikling, dvs kassering og årleg tilvekst.

* Henta frå tal biblioteka sjølv rapporterer inn til ABMu, tala er pr 31.12.2005. Tala gjeld både bøker og andre media Tal for Luster gjeld 2004. Firda har ikkje totaltal for sin ”del ” av den kombinerte boksamlinga. Stryn sine bøker er berre delvis registrert.

Tabell 3: Normer for mediebestand og mediebudsjett

Tabell 2: Normer for mediebestand

Page 14: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 10

Elevplassar2006/2007

Areal i dag Areal etterNorm RVO 1988

Bibliotekplan 1994 Norm Østfold/ FinnmarkHordaland

Dale 269 120 180

Fann ikkje å kunne prioritere auka areal. Ingen spesielle areal sett opp, men må følgje normene ved nybygg.

Arealet er ikkje oppgitt i m2. Det er lista opp kva som skal vere i eit skulebibliotek og plasseringar av funksjonar/rom som bør vere nær kvarandre.

Eid 360 90 210Firda 399 400* 240Flora 499 90 280Fagskulen 140 36 180***Hafstad 465 130 240Høyanger 204 94 180Luster 137 250** 180Mo og Jølster - Mo 100 80 80 - Jølster 132 62 180Måløy 279 92 210Sogn j&h 52 48 80Sogndal 705 100 350Stryn 334 495* 210Øyrane 372 150 240Årdal 234 115 180

* heile biblioteket, medrekna folkebibliotekets areal** heile arealet for kombinasjonsbibliotek mellom vgs, grunnskule og folkebibliotek*** Fagskulen har avdelingar i Førde og Måløy. Areal er sett opp for samla elevtal.

Som vi ser er det berre kombinasjonsbiblioteka i fylket som oppfyller normene frå 1988. Areal kan vere vanskeleg å gjere noko med i eksisterande bygg, men ved nybygg må biblioteka få tilstrekkeleg plass. Ein må også få til best

4.4 BiblioteklokaletBiblioteklokalet skal dekke fleire behov og funksjonar. Det skal - vere plass til mediasamlingane, lett tilgjengeleg for elevane- evt ha skrankeareal for betening av brukarane- ha arbeidsplassar for elevane, både individuelle og gruppearbeidsplassar, med mogelegheit for bruk av IKT- helst vere plass til at ei heil klasse kan arbeide i biblioteket samstundes- ha oppdatert IKT-utstyr og kontorteknisk utstyr til bruk for elevane- ha internettoppkopling- ha plass til utstillingar- ha avskjerma kontor for tilsette (for administrativt arbeid, bestilling, registrering, klargjering av materiell,

produksjon av presentasjonar/utstillingar og førebuing av brukaropplæring)- ha skjerma arbeidsplassar for elevane, dvs grupperom og/eller stille lesesal nær biblioteket- ha (nær-)magasin/lager for materiale som ikkje skal vere fritt tilgjengeleg

Biblioteket skal på lik linje med resten av skulen ha oppdatert utstyr og relevant programvare. Det er viktig med tett samarbeid med IT-ansvarleg.

Biblioteket kan og vere ein sosial møteplass. Det må då vere i stand til å fylle behov knytt til både skulegang og fritid. Biblioteket skal vere innbydande og triveleg. Miljøkoordinator og bibliotekar kan samarbeide om tiltak til fordel for elevane.

mogelege løysingar for biblioteka i eksisterande bygg, slik at alle behov og funksjonar blir tilfredsstillande dekka.

Tabell 4: Bibliotekareal

Page 15: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 11

4.5 Organisering og samarbeid

4.5.1 Mogelege samarbeidspartarFleire skulebibliotek samarbeider med andre for å tilby gode løysingar til brukarane sine, t.d. folkebiblioteka, fylkesbiblioteket, andre skulebibliotek, opplæringsavdelinga og høgskular og universitet.Konkrete eksempel:

- Firda, Luster og Stryn har kombinasjonsbibliotek med sitt lokale folkebibliotek. Eid planlegg eit slikt samarbeid

- Høyanger, Årdal og Sogndal har databasesamarbeid med sitt lokale folkebibliotek

- Hafstad, Øyrane, Fagskulen, Dale og Mo og Jølster har avtale med fylkesbiblioteket om å ha bok-/mediabasane sin på fylkesbiblioteket sin Bibliofil-server

For dei skulebiblioteka som har fellesløysingar med folkebibliotek eller andre, der samarbeidet har økonomiske konsekvensar, må ein utarbeide funksjonelle samarbeidsavtalar. (Sjå døme, vedlegg 2, ”Samarbeidsavtale mellom Halden bibliotek og skolebibliotekene i grunnskolen”)

4.5.2 Bibliotekutval Eit bibliotekutval gjev råd i saker som angår bibliotektenesta. Utvalet består av representantar for leiinga ved skulen, det pedagogiske personalet, elevane og

skulebiblioteket. Her kan heile skulen ta del i utviklinga av biblioteket, samstundes som biblioteket lettare blir integrert i skulen. Kvar enkelt skule må vurdere om ein slik funksjon kan innarbeidast i eksisterande utval ved skulen.

4.5.3 FagforumFagforum er eit forum for dei bibliotekansvarlege ved vidaregåande skular i fylket. Samarbeid i Fagforum er eit viktig bidrag til ei meir einsarta og likeverdig skulebibliotekteneste.Oppgåver er:- møteverksemd for bibliotektilsette- erfarings- og informasjonsutveksling- kvalitetsutvikling- fadderordning for nytilsette- høyringsinstans på fylkesnivå for saker som angår

skulebiblioteka

Ei nettverksgruppe med vald leiar, beståande av ein bibliotekansvarleg frå kvar region, har ansvar for å kalle inn til og ordne program til møte. Gruppa har også kontakt mot opplæringsavdelinga.

Om ein får på plass ein bibliotekkoordinator vil denne overta oppgåvene som nettverksgruppa har, og leie arbeidet med fagforum.

Page 16: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010Side 12

samlingsutvikling. For nå målsetjingane i denne planen om mediebestand, treng ein også auka midlar til innkjøp av media, jf. tabell 3, side 9.

Skule Elevplassarpr 2006/2007

Bibliotek-ressurs 2005/2006

Ønska ressurs

Når Kostnad (Full stilling kr 390.000,-)

Høyanger 204 0,2 1,0 Hausten 2007 Kr 312.000,- Totalt

Mo og Jølster- avd Mo- avd Jølster

100132

0,10,1

0,50,5 Hausten 2007 Kr 312.000,- Kr 624.000,-

Luster 137 0,2 0,5 Hausten 2007 Kr 117.000,- Kr 741.000,-

Dale 269 0,2 1,0 Hausten 2007 Kr 312.000,- Kr 1.053.000,-

Årdal 234 0,2 1,0 Hausten 2007 Kr 312.000,- Kr 1.365.000,-

Hafstad 465 0,5 1,5 Hausten 2007 Kr 390.000,- Kr 1.755.000,-

Sogndal 705 1,0 2,0 Hausten 2007 Kr 390.000,- Kr 2.145.000,-

Eid 360 0,5 1,0 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 2.340.000,-

Måløy 279 0,5 1,0 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 2.535.000,-

Øyrane 372 0,5 1,0 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 2.730.000,-

Firda 399 0,5 1,0 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 2.925.000,-

Stryn 334 0,5 1,0 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 3.120.000,-

Flora 499 1,0 1,5 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 3.315.000,-

Bibliotek-koordinator 0,5 Hausten 2008 Kr 195.000,- Kr 3.510.000,-

Sogn j&h 52 0,5 Kr 195.000,- Kr 3.705.000,-

Fagskulen 140 0,5 Kr 195.000,- Kr 3.900.000,-

Samla kostnad i løpet av 2007 og 2008: Kr 3.900.000,-

5. Opptrappingsplan

5.1 PersonaleSkal ein nå målsetjinga om å gjere biblioteket og bilbiotekaren til ein pedagogisk ressurs ved skulen, ser arbeidsgruppa i alle fall to utfordringar:- stillingsstorleik - at ein ved kvar skule har tilgjengeleg og

kvalifisert bibliotekar - organisering - at leiinga ved den enkelte skule

tydeleggjer bibliotekaren si plassering som del av det pedagogiske personalet

Utvalet har laga forslag til opptrappingsplan når det gjeld stillingsstorleik, med fylgjande prioriteringar som utgangspunkt:1. Ingen skular skal ha under 50% stillingsstorleik pr

bibliotek.

2. Skular med 50% stillingsstorleik i dag, skal opp på normtalet utvalet har sett ut frå elevplassar 2006/2007.

3. Når ressursane ved biblioteka er på plass, vil bibliotekkoordinator vere sentral for å bygge opp og utvikle gode bibliotektenester.

Arbeidsgruppa er usikker på om Sogn jord- og hagebruksskule og Fagskulen i Førde skal vere med i ein fylkeskommunal opptrappingsplan. Dersom dei skal det, vil dei komme inn under gruppe 1 (at ingen skular skal ha under 50% stillingsstorleik).

Under er opptrappingsplan i prioritert rekkefølgje - med målsetjing om fullføring hausten 2008, samtidig med at Kunnskapsløftet blir innført på alle tre trinn.

5.2 Mediesamling og budsjett Dei fleste skulebiblioteka ligg langt under normtala for mediebestand og budsjett (jf. tabell 2, s. 9), og samlingane er til dels lite oppdaterte. Ved å tilsetje kvalifisert personale i store nok stillingar vil ein få betre mogelegheit til å drive aktiv

Tabell 5: Opptrappingsplan for stillingsstorleikar

Page 17: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Utviklingsplanlan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2007-2010 side 13

6. Litteratur

Digital kompetanse : fra 4. basisferdighet til digital dannelse (ITU problemnotat 10.06.03)http://odin.dep.no/filarkiv/182455/P-notat_DD_og_DK_16.06.pdf

Fagerli, Hans Martin. En arena for læring og samhandling : om bibliotekfaglige og pedagogiske utfordringer i læringssentermodellen (HiO-rapport, 2000:4). Høgskolen i Oslo, 2000

Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdighet 2003–2007. Utdannings- og forskningsdepartementet, April 2003http://odin.dep.no/kd/norsk/dok/andre_dok/handlingsplaner/045071-220011/dok-bn.html Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdighet 2003–2007. [Revidert utg.] Utdannings- og forskningsdepartementet, April 2005http://odin.dep.no/filarkiv/253968/Giromforlesing_Strategiplan_05.pdf

Kunnskapsløftet : læreplaner for gjennomgående fag i grunnskolen og videregående opplæring, læreplaner for grunnskolen. Midlertidig trykt utg., september 2005http://skolenettet.no/nyUpload/Lareplan/fastsatt/pulje1/IM1037-Kunnskapsloeftet_omsl.pdfhttp://skolenettet.no/nyUpload/Lareplan/fastsatt/pulje1/IM1037-Kunnskapsloeftet.pdf

Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). 1998

Plan for bibliotektjenesten ved de videregående skolene i Østfold. Østfold fylkeskommune, 2000

Retningslinjer for organisering og drift av bibliotektjenesten i videregående skole i Finnmark. Finnmark fylkeskommune, 1998

Statistikk for bibliotek og museum 2004 (ABM skrift ; 23). ABM-utvikling , 2005 http://www.abm-utvikling.no/publisert/ABM-skrift/2005/stat2004web.pdf

Strategisk handlingsplan for skulebiblioteka i vidaregåande skular i Hordaland 2005-2010. Hordaland fylkeskommune, 2004

Strategisk handlingsprogram, vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2004 - 07.Sogn og Fjordane fylkeskommune, 2005

Utviklingsplan for bibliotektjenesten ved de videregående skolen i Oppland 2005-2008Oppland fylkeskommune, 2006

Veiledende retningslinjer og normer for skolebibliotektjenesten i videregående skole. (RVO-publikasjon 1/88). Rådet for videregående opplæring - RVO, 1988

Gjennomsnittspris på bøker fra bokhandel (Kjelde: Den norske forleggerforening)http://medienorge.uib.no/main.cfm?ID=295&Medium=Boker

.

Page 18: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

Vedlegg 1

Utdrag frå ”Veiledende retningslinjer og normer for skolebibliotektjenesten i videregående skole(RVO 1988)

Page 19: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

SAMARBEIDSAVTALE MELLOM HALDEN BIBLIOTEK OG SKOLEBIBLlOTEKENE I GRUNNSKOLEN VED HOVEDUTVALG FOR KULTUR OG HOVEDUTVALG FOR UNDERVISNING

UTVALGETS MEDLEMMER: 2001/2003 Anne Marie Skukkestad, Halden bibliotek Elizabeth Arendt, Halden bibliotek, barneavd. Kjell Hansen, Halden skolekontor Tor Hafsrød, Risum ungdomsskole Sissel Wike, Berg skole Halden bibliotek har sekretæransvaret i perioden.

BAKGRUNN: Veiledende retningslinjer for samarbeidet mellom folke- og skolebibliotek i kommunen gitt av Statens bibliotektilsyn og godkjent av Kulturdepartementet i brev av 22.juni 1995 i medhold av lov av 20. desember 1985 nr. 108 om folkebibliotek, § 6, annet ledd, samt lov av 13. juni 1969 nr.24 om grunnskolen, §10 nr.2. annet ledd og Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen, R 97.

1. MÅLSETTlNG Et samarbeid mellom folke- og skolebibliotekene i Halden skal sikre barn og unge i grunnskolealder et godt og allsidig bibliotektilbud. Bibliotekene skal stimulere til leselyst og leseglede, personlig og faglig utvikling. De skal gjøre alle barn i Halden godt kjent med og i stand til å bruke skole- og folkebiblioteket før de forlater grunnskolen. Samarbeidet skal innebære et felles ansvar for å gi skolens lærere og andre som arbeider i skolen faglig veiledning og tilgang til oppdatert fagstoff og undervisningsmateriell. Samarbeidet skal sikre en best mulig utnyttelse av kommunens ressurser og forutsetter en tilnærmet lik praksis ved skolebibliotekene. Folke- og skolebiblioteket skal ikke erstatte, men utfylle hverandre.

2. SAMARBElDSPARTER Grunnskolen i Halden v/skolesjefen og Halden bibliotek v/biblioteksjefen.

3. GODKJENNINGSINSTANS Avtalen behandles og godkjennes av Hovedutvalg for kultur og Hovedutvalg for undervisning.

4. AVTALEN Avtalen kan evt. justeres eller revideres når en av partene ber om det. Dersom ingen sier opp avtalen, forlenges den automatisk for hver valgperiode. Oppsigelsestiden er 6 måneder.

5. KONTAKTUTVALG FOR BIBLIOTEKSAMARBEID Kontaktutvalg for biblioteksamarbeid oppnevnes administrativt av skolekontoret og biblioteket og skal ha følgende sammensetning: Fra Halden bibliotek, en representant fra bibliotekets ledelse, 1 fra barneavdelingen og 1systemansvarlig for det felles datasystemet BIBLIOFIL. Fra skoleetaten, en representant fra skoleadministrasjonen, en fra skolebibliotekene på barnetrinnet og en fra ungdomstrinnet. Kontaktutvalget kan fritt opprette arbeidsutvalg, dersom det finner det nødvendig. Sekretariatsfunksjonen legges vekselsvis på biblioteket og skoleetaten for en periode på to år. Biblioteket innehar denne fram til 01.01 1999.6. SAMARBEIDSOMRÅDER A)Kommunen har ansvar for: *Det totale bibliotektilbudet. *At gjeldende lover og forskrifter om folke- og skolebibliotek ,samt skolens læreplaner blir fulgt. *At det sørges for en kvalitetssikring på den enkelte skole og på folkebiblioteket. *At skolene har et bibliotek og en som er ansvarlig for biblioteket på den enkelte skole. B)Undervisningssektoren skal: *Sørge for å opprette en skolebibliotektjeneste i kommunen med en felles kommunal målsetting for skolebiblioteket.

Vedlegg 2

Page 20: Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn ...informasjonskompetanse. Statistikk viser at dette potensialet ikkje er utnytta godt nok i norske skular i dag. (Departementet

*Gi den bibliotekansvarlige ved den enkelte skole en tidsressurs ut fra skolens elevtall. *Utarbeide en felles arbeidsbeskrivelse for skolebibliotekansvarlige i Halden kommune. *Fastsette en økonomisk minsteressurs ved den enkelte skole til innkjøp av bøker til skolebiblioteket. Denne må stå i forhold til elevtallet. *Sette fortgang i skolenes satsing på å bygge opp et moderne skolebibliotek/mediatek sentralt i skolen med tilgang til data og studieplasser. *Se til at samlingene blir katalogisert på data i et felles gjenfinningssystem. *Organisere en bringertjeneste innen kommunen. *Sørge for faglig oppdatering av de skolebibliotekansvarlige i kommunen.C)Folkebiblioteket skal: *Legge tilrette for et samarbeid og avtale med skolene om et felles datasystem for registrering, utlån og søking av bokmassen (BIBLIOFIL). *Ta initiativ til og samarbeide med skolebibliotektjenesten om felles bokmøter. *I samarbeid med de skolebibliotekansvarlige sørge for at norsk barne- og ungdomslitteratur fra Norsk Kulturråds innkjøpsordning blir fordelt på skolene i kommunen. *Ta imot klassebesøk etter avtale på følgende klassetrinn: 1., 3., 6. og 8. klassetrinn. *Gi råd om bokvalg til skolebibliotekene ved lesestimuleringsprosjekt, temaopplegg o.l.D)Felles oppgaver. *Kontaktutvalget skal fungere som et bindeledd mellom skolene og folkebiblioteket. *Kontaktutvalget skal utarbeide en handlingsplan på årsbasis for ulike tiltak, kurs, møter, temadager og prosjekt mm., som berører både skole- og folkebibliotek. Planene bør inneholde en kort oversikt over tidspunkt, sted, mål, tiltak, ansvar og kostnadsrammer.

(Henta frå www.bibsent.no/oasen/tema3.htm)