13
Multisport | Dans+ | Musikk+ | Aktiv | Sjø.Snø.Surf skuleåret 2011 og 2012 | www.sufh.no | [email protected] | Tlf 70009600 Idrett.Ballspel | Bu- og arbeidstrening | Internasjonal linje

Sunnmøre Folkehøgskole

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Sunnmøre Folkehøgskole

Citation preview

Page 1: Sunnmøre Folkehøgskole

Multisport | Dans+ | Musikk+ | Aktiv | Sjø.Snø.Surf

s k u l e å r e t 2 0 1 1 o g 2 0 1 2 | w w w . s u f h . n o | p o s t @ s u f h . n o | T l f 7 0 0 0 9 6 0 0

Idrett.Ballspel | Bu- og arbeidstrening | Internasjonal linje

Page 2: Sunnmøre Folkehøgskole

Velkomen til oss Har du planen klar? Brosjyra du sit med i handa er eit av mange studie- tilbod som haglar inn over deg som skal velgje vegen vidare. Kva er spesielt med vårt tilbod, og kva skil oss frå dei andre folkehøgskulane?

På Sunnmøre folkehøgskule har vi ein visjon: ”vi skal få utrulige ting til å skje”, noko vi opplever kvart år på ulikt vis. Vi lovar ikkje at vi kan endra livet ditt på 10 min (slik enkelte reklamer lovar), men vi trur dette året vil vere med å prege livet ditt vidare. Vi som jobbar her likar det vi held på med, og vi ynskjer å legge til rette for at du kan vere deg sjølv og utvikle deg vidare, saman med mange andre.

Ein av styrkene våre, er breidda. Vi har linjer innan både musikk, dans, idrett, og friluftsliv, noko som gjer at vi har ei flott samansetning av elevar med ulike interesser som inspirerer og lærer av kvarandre. Ein annan styrke er alle fellesopplegga og fellesturane i inn og utland, som ved skuleslutt er noko av det elevane har sett mest pris på. Vi må vel også få lov å skryte litt av fasilitetane våre. Vi har eit fantastisk bygg

På SUFH er alt som skjer ein del av undervisninga: livet i internatet, arrangement og skuletimar. Skulen er eksamens- og karakterfri, men du får kunnskap og praktisk erfaring som vil bli nyttig for deg ved vidare utdanning og arbeid. På SUFH er det unge, entusiastiske lærarar og andre tilsette som tek del i dei fleste sider av livet på skulen.

Sunnmøre folkehøgskule:- tek utgangspunkt i at vi er heile menneske; med kropp, sjel og ånd - har ein rusfri profil- er ein av 77 folkehøgskular i Norge- er eigd og driven av Norges KFUK-KFUM, ein internasjonal, kristen ungdomsorganisasjon - har elevinternat under same tak som undervisnings- og fellesrom- har ca. 30 tilsette, og av desse er ca.10 pedagogisk personale- har ca. 100 elevar og aldersgrense på 18 år- har eit skuleår som varer 33 veker (frå slutten av august til midten av mai)- gjev undervisning minimum 4 timar 6 dagar i veka- tilbyr frihelg ein gong pr. månad- har haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie- har ein timeplan som inneheld linjefag, modulfag (valfag) og fellesfag- lærarar og elevar deler ansvaret for å skape eit godt miljø, både i undervisning og internatmiljø- lærarar og elevar deler også ansvaret for innhaldet og gjennomføringa av undervisninga, med utgangspunkt i planane som finst for kvart fag- mykje av undervisninga går føre seg i form av rettleiing- staben deler ansvaret med elevane for å halde huset i orden- staben saman med elevar og lokalmiljø legg til rette for ulike aktivitetar på skulen og i lokalmiljøet som elevane kan delta i på fritida- reiser på tur fleire gonger i løpet av året, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt- gjev elevane vitnemål og 2 studiepoeng ved minimum 90% frammøte- gjev elevane verdifull erfaring og livskompetanse som også har verdi for vidare utdanning og arbeid.

Elevane får tilbod om ein valfri utanlandstur til Cuba, Sør-Afrika, Backpacker Europa eller Tanzania/Zanzibar i november (turane er ikkje knytta til linjene). Bu- og arbeidstrening reiser til Spania. For meir informasjon, sjå heimesida www.sufh.no.

med utrulige mulegheiter. Likevel er det først og fremst dei menneska du møter her som gjer året kanonbra.

Eg har enno ikkje snakka med ein einaste elev som har angra på at dei valde folkehøgskule eller at dei valde SUFH, og eg ser ingen grunn til at du skal bli den første. Vi håper denne brosjyra gjev deg lyst til å bli med på å ”få utrulige ting til å skje”, for nettopp her vil du, saman med dei andre, spele ei viktig rolle.

Velkomen til Sunnmøre folkehøgskule!

Helsing Arnt Ole Grimstad -rektor-

Skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule!

På SUFH ynskjer vi at du i eit kreativt og sosialt miljø tufta på kristne verdiar som kjærleik, respekt, og likeverd skal få utvikle deg på ein positiv måte.

ModulfagSkuleåret på SUFH er delt inn i tre modular. Gjennom heile året har du linjefaget ditt, men ut over det får du høve til å setje saman din personlege timeplan med ulike modulfag.

Døme på modulfag: Segling/friluftsliv/dykking, klatring, golf, gitar, kunstfag og ulike formingsaktivitetar, vokalgruppe, pilates, etikk, foto, ulike ballspel, aerobic, leiartrening, dans, matlaging, band/musikk.

KursI tillegg til vitnemålet kan du ta:

- dykkarsertifikat- "vegen til golf"- båtførarbevis- instruktør treningssenter- brattkortet (klatring/sikring)

Desse kursa er ikkje inkl. i skulepengane. Sjå heimeside for meir info.

FellesfagNoko undervisning er felles for alle: seminar laurdag, aktuelt/inspektørs time, musisk/skulekor, planlegging av skuletur, reingjering og ferdaniste (tru og liv).

side 3

Arnt Ole Grimstad (36) - rektor. Har vore ved skulen i 9 år.Jostein Sæbø (45) - undervisningsinspektør. Har vore ved skulen i 14 år.

Page 3: Sunnmøre Folkehøgskole

Våg, prøv – og finn deg sjølv – i fartsfylt aktivitet eller i stille ro.

Utbytte- Utvikle evner til å takle nye utfordringar- Utvikle personlegdomen din i eit miljø og natur som er unik- Større tru på deg sjølv: ”dette fiksar eg”

MULTISPORT

”Det er litt som 71 grader nord, berre at ingen vert sendt heim igjen” - Ole-Kristoffer Tveiten, elev

Multisport er ei linje prega av sterkt mangfald både innan friluftsliv og idrett. På hausten tek vi i bruk minibuss, sykkel, ribbåt, fjellsko, klatretau, stegjern, kart og kompass, alt for å nå fjelltoppane i Sunnmør-salpane. Vi ferdast også på eller i sjøen. Her bruker vi segljoller, surfebrett, vannski, samt våt/ tørrdrakter. I november har du også

høve til å reise til Sør-Afrika for å utøve ein god del ”Multisport-aktiviteter”. Sunnmørs- alpane er kjent for fantastiske forhold for ski og brett. Etter å ha auka ferdigheitene våre på ski og brett i trekk, ser vi fram til våren, då vi skal få bestige toppane med hjelp av feller og truger. Køyringa ned ei urørt fjellside

i perfekt puddersnø er heilt fantastisk! Multi-sport er den linja på SUFH som har flest over-nattingsdøgn, og du må vere innstilt på at du ikkje alle dagar er ferdig til middagstid.

- Lære deg å kle deg rett i all slags vér- Gode kunnskaper i å planlegge og gjennomføre turar- Fjellvett og sjøvett – kart og kompass

Henrik Petersson (41) Lærar, 13 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre, brei aktiv idrettsbakgrunn.

side 5

- Toppturar i Sunnmørsalpane- Grotte/Breklatring- Bølgjesurfing/Juving- Klatring- Downhill/Crosscountry (sykkel)- Ski/Brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane)- ”Multi-10-kamp”- ”Møte med det ukjende”- Squash/Treningssenter- Curling- Snøscooter - Vannski/Segling/Dykking - Høve til å ta dykkarlappen

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november.

Page 4: Sunnmøre Folkehøgskole

Gjennom arbeid med dans, koreografi og for-midling vil vi legge til rette for at elevane får vidareutvikle og bruke sine danseriske ferdig-heiter og kreative evner, og slik styrke sjølv- tillit, kroppsbeherskelse og forståelse for dans.

Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av danserisk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. Vi legg vekt på å ha eit

Utbytte- Du har lært grunnleggande teknikk og trinn i ulike dansestilar- Du har blitt mjukare, sterkare og fått bedre balanse- Du har fått bedre kroppsbeherskelse og koordinasjon

godt klassemiljø, og å ta vare på kvarandre er ein viktig del av undervisninga. Du må ha vilje til eigentrening og øving på fritida. For utfyllande informasjon, sjå www.sufh.no

Fagkombinasjon

Dansefaget utgjer 75% av linjefaget og idrett/friluftsliv 25%.

Opptreden i Sjøborg kulturhus - finaste scena på Sunnmøre.

Dans+Idrett|Friluftsliv

- Opplegget vert gjennomført haust, vinter og vår både ute og inne- Temabasert undervisning, som f.eks. ballspel, grunntrening, surfing, ski, tur i skog og fjell

"If I could tell you what I mean, there would be no point in dancing” – Isadora Duncan

DANS+

Hilde Charlotte R. Hanken (30) er utdanna dansepedagog ved Universi-tetet i Stavanger. Ho har jobba som dansar og koreograf på ulike pro-sjekt både i Stavanger og Ålesund. Våren 2008 vart ho også utdanna Pilatesinstruktør.

- Du har fått prøve deg både som utøvande dansar og koreograf- Du har fått eit år i eit kreativt og positivt miljø

side 7

- Dans- Koreografi- Formidling

- Danseteknisk trening i jazz, moderne og klassisk ballett- Improvisasjon og koreografi- Pilates- Grunntrening og teori- Dansehistorie- Temabasert undervisning med gjestelærar (f.eks. hip hop, breakdance, salsa, swing, flamenco)

- Framsyningar både internt og eksternt- Oppsetting av danseforestilling- Musikal (fellesprosjekt for heile skulen)- Klassetur til London

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november.

Page 5: Sunnmøre Folkehøgskole

Dette er ei linje som tilbyr tilrettelagt opplæring for deg som etter kvart ynskjer å flytte i eigen bustad. Her bur du på eige rom med bad, og gjennom det øver på å bli meir sjølvstendig. Noko av undervisninga på linja er fag som mat og helse, stell av rom og klede, økonomi, idrett og leik, musikk og song, kunst og handtverk, data, sosial trening og aktiv bruk av fritida. Dette året vil bety mykje

for deg, og for alle oss andre som blir kjende med deg.

Organisering

Linja har plass til inntil 6 elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko ut i frå grup-pe-samansetjing og individuelle føresetnader og målsetjingar. I samarbeid med heimen og

På danselinja får du utforske ulike aspekt ved dans, og du vil få utfordringar i forhold til eigen kreativitet.

evt. hjelpeapparatet i heimkommunen din ut-arbeider vi ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening for eit mest mogleg sjølv-stendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet.

Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene.

Livet er ikke bare en lek, det er også en dans på roser - Rolf Wesenlund

Ingfrid Grimstad (42) er utdanna adjunkt med hovudvekt på musikk og rettleiing.

Martin Endresen (53) er utdanna både lærar og vaktmester i tillegg til at han har utdanning innan arbeidslivskunnskap. Linja har fleire lærarar og assistentar.

Butrening:- Mat og helse- Rydding og vask av eige rom- Klesvask- Eigen økonomi- Personleg hygiene

Andre fag:- Kunst og handverk- Musikk/Drama- Refleksjonsgruppe- Loggbok- Modulfag- Kroppsøving

Fritid:- Treningssenter- Data- Musikk/band- Elevkveldar- Kapellsamlingar- Turar og bålkos

Fellesskapsopplevingar er viktig både på linja og på folkehøgskulen generelt.

BU- OG ARBEIDSTRENING Opplegget på denne linja krev ekstra økono-miske ressursar frå di heimkommune, NAV, fylkeskommune eller andre.

Utbytte

- Du har blitt meir sjølvstendig- Du har fått utvikle deg gjennom å prøve nye ting- Du har fått fleire vener- Du har fått reiseerfaring- Du har fått prøvd deg i arbeidslivet- Du har fått eit år i eit kreativt og positivt miljø

Turar:- Opningstur (Bli-kjent tur med heile skulen)- Linjetur- Fjell og skogsturar- Skiveke i Sunnmørsalpane- Hjelpesending til Latvia- Tur til fuglefjellet Runde- Tur til Geiranger- Klassa legg i november opp til studietur til den norske sjø- mannskirka i Calahonda utanfor Malaga i Spania.

Arbeidstrening:- Utplassering i bedrift eller arbeidstrening på skulen inntil 1 dag i veka

side 9

Page 6: Sunnmøre Folkehøgskole

Ei opplevings – og aktivitetsbasert linje!

Du vil få allsidig trening, varierte aktivitetar, utvikle deg som leiar og instruktør i eit positivt miljø, bli bevisst eiga helse og god trenings-planlegging!

Sunnmøre folkehøgskule ligg vegg i vegg med treningssenteret Aktiv Trening. Som elev på AKTIV vil du få innblikk i kva det vil seie å drifte eit treningssenter, og korleis bli ein dyktig og

inspirerande instruktør eller treningsveiledar. Du vil få timar med personlig trenar (PT), kurs og praksis på senteret, og du har fri trening heile året!

Du vil få prøve deg innan aktivitetar som utfordrar viljestyrke, koordinasjon og bevege-legheit, aktivitetar der du trener utholdenheit og styrke, og aktivitetar til avkobling, leik og moro.

Klatring vil vere ein sentral aktivitet for alle, med fokus på grunnleggande sikrings- teknikk inne og ute, på boltar og på naturlige sikringar. Du vil lære klatreteknikk, og du får mulegheit til å ta instruktørkurs. Med fantastiske utendørs klatrefelt både for nybyrjarar og vidarekomne får du ei unik mulegheit til å utvikle deg som klatrar.

AKTIV

HOVUDAKTIVITETAR- Treningssenter: squash, spinning, apparat, sal m.m.- Klatring/Buldring- Kampsport/Mudo- Trampett/Trampoline- Løp/Sykling- Ski/Snowboard/Langrenn- Teambuilding

I LØPET AV ÅRET KAN DU TA:- Brattkort – sikringskurs i klatring- Klatreinstruktørkurs- Instruktørkurs – Gruppetimer (aerobic, step m.m.)- Instruktørkurs – Spinn & trenings- rettleiar- Ulike form- og pulstestar

Hilde Maria Nicolaisen (39) har 4-års utdanning frå Norges Idretts- høgskule + etterutdanning i Fitness. I tillegg fagene musikk, journalistikk og kr.dom. Har undervist på danselinja i mange år og dei siste 7 åra m.a. undervist i modulfag klatring og halde instruktørkurs på skulen. Er også instruktør på Aktiv Trening.

"Det var ikke jeg som begynte, det var alle dere andre som sluttet." Arne Næss, filosof og fjellklatrar, då han vart spurd om kvifor han byrja å klatre

Utbytte- Du får vere AKTIV- Du får lære meir om helse og god treningsplanlegging- Du får god leiartrening og får med deg nyttige kursbevis

Aktiv & engasjert!Som elev på AKTIV får du også anledning til å engasjere deg i ”Aktiv mot kreft”. Team AKTIV gir deg høve til å få flotte idrettsopplevingar samtidig som du støttar ei god sak. Les meir: www.aktivmotkreft.no

Både på skulen og i området rundt er det lagt godt til rette for å vere aktiv.

Fasilitetar i området:- Treningssenter m/ squashbaner, vektrom, speilsal og spinningsal med landets beste utsikt- Klatrehall og mange utendørs buldre- og klatrefelt- Eigen gymsal og beach-volleyballbane- Flotte sandstrender og opent hav - Utendørs rulleskøytebane - Eit uttal av treningsløyper og sykkelstier- Sunnmørsalpane – toppturar, skitrekk og lysløype- Badstu og stamp

- Badstu og stamp

I TILLEGG KAN DU PRØVE/VELJE:- Bootcamp - Zumba & Dans-aerobic- Slakk line/Balansetrening- Rollerblades/Skike/Rulleski- Yoga/Pilates - Vibrasjonstrening- Kajakk

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november.

side 11

Page 7: Sunnmøre Folkehøgskole

“Beskrive musikk på SUFH i ei setning? Du ber oss om det umulige” – Cathrine Nyrud, elev

Øyvin Sønnesyn (49), utdanna adjunkt med tilleggsutdanning med vekt på musikk og kristendom. Han er utøvande musikar på bass, gitar, piano og sang.

- Undervisninga i idrett/friluftsliv skjer i vekeperiodar, som utgjer 2-3 linjeveker i haustsemesteret og tilsvarande i vårs mesteret- Opplegget vert gjennomført haust, vinter og vår i fjellet, i skogen eller på sjøen- Eksempel på opplegg: ballspel, klatring, bølgjesurfing, golf, topptur, kano, ski/brett- Ein bør disponere eigen sykkel

Musikklinja er ein viktig del av det miljøskapande arbeidet ved skulen, slik som til dømes elevkveldar og konsertar.

MUSIKK+Gjennom arbeid med sang, samspel og formidling vil vi legge til rette for at elevane får vidareutvikle og bruke sine musiske og musikalske evner og ferdigheiter, og slik styrke sjølvtillit og frimot generelt, og i høve til det musiske og musikalske spesielt.

Utbytte- Du forstår kvintsirkelen og kan bruke den i teori og praksis- Du kan akkompagnere deg sjølv og andre på piano og gitar- Du har framført musikk i ulike genrar og på fleire ulike instrument i samspel med andre elevar

Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av musikalsk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. For utfyllande informasjon, sjå www.sufh.no

- Du har komponert og arrangert eit musikkstykke- Du har sunge solo, live og på CD- Du har fått styrka sjølvtilliten din

side 13

- Sang - Samspel- Formidling

- Grunnleggande opplæring på ulike bandinstrument, med vekt på besifringsspel på piano og gitar- Grunnleggande sangteknikk- Musikkteori og høyrelære - Arrangering og komponering- Studioarbeid- Seminar om ulike tema, både teori og praksis

- Konsertar og musikalske bidrag internt og eksternt- CD-prosjekt med sjølvskrive materiale- Musikal (fellesprosjekt for heile skulen)

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/ Zanzibar i november.

Fagkombinasjon Musikk+Idrett|FriluftslivMusikkfaget utgjer 75% av linjefaget og idrett/friluftsliv 25%.

Page 8: Sunnmøre Folkehøgskole

Og dette får du betalt for? – elev Eirik Bøchmann til lærar på Sjø.Snø.Surf

Pudderjakt i Sunnmørsalpane.

Utbytte:- Du vil lære å surfe og segle og får god vannkjensle- Du får høve til å ta båtførarprøven (som alle må ha)- Du har lært å ferdast trygt på sjøen- Du har besteget fleire Sunnmørsfjell på snø, og køyrt ned igjen

SJØ.SNØ.SURFSUFH ligg nær vatn. Enten du er ute etter fos-sande elvar, brølande hav eller vatn i laus fin pudderform, finn du det her. Surfing, segling, kajakk eller dykking er det gode forhold for heile året. Vi har gode våtdrakter som gjer at vi kan vere i og på sjøen så ofte som vi vil. Vi leikar i, over og under vatn, samstundes som vi ynskjer å skape respekt for dei kreftene som vatnet rommar.

Når snøen kjem, vil vi utfolde oss både i pre-parerte skibakkar og i laussnøen langt frå skitrekk og varmestove. Ingenting er som å trakke opp ei nysnødd fjellside, ta på seg tørre klede og legge inn på ei skive med brunost og litt sjokolade. Og så kjem høgdepunktet; ei urørt fjellside uten eit spor, før du kjem ned med laussnøen rundt øyrene. Snødelen blir i hovudsak saman med Multisport.

Vi har mykje vêr på Sunnmøre. Og det er vi glade for. Det skiftande vêret og det spesielle lyset gir oss unike opplevingar i variert natur. Vi forsøker å drive eit aktivt friluftsliv på Sjø.Snø.Surf, og uansett vêr blir ein god del netter ute i det fri slik at du får oppleve Sunnmørs-naturen frå alle sider!

- Du har lært om tryggleik og ferdsel i fjellet- Du har lært mykje om å vere ute i all slags vér- Du blir glad i å vere ute i all slags vér- Du veit at du tør

Jan-Einar Roos (42), utdanna adjunkt med vekt på kristendom og friluftsliv. 13 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre.

side 15

- Bølgjesurfing skjer ved ein av Noregs finaste plassar for surfing; Hoddevika ved Stadt. Hit reiser vi fleire gongar. Er du glad i surfing, er dette linja, for det blir mange timar på brettet- Seglinga er basert på moderne seglejoller der det er plass til 3-4 elevar i kvar båt. Vi tek også del i onsdagsregattaen til Ulstein Segl- forening- Tur med Sunnmørsjekta ut på det åpne hav er ei mektig oppleving. Fast hausttur til Ålesund- Vannski/ wakeboard- Kajakk. Grunnopplæring/ våttkort. Kajakktur- Sjøliv. Vi dreg på sjøen med både raske og langsame båtar- Fisketur med fiskeskøyte- Fridykking. Klippehopp/stuping. Bassengtrening- Møte med det ukjende- ”Multi 10-kamp”- Ski/brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane)- Toppturar i Sunnmørsalpane (ski/snowboard). Ein tur er kombinert båt/topptur. Både haust og vår- Snøholetur- Elvebuldring - Høve til å ta dykkarlappen- Sjødykk for dei som har teke dykkarlappen på hausten, eller har den frå før

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europaeller Tanzania/Zanzibar i november.

Page 9: Sunnmøre Folkehøgskole

Av alle uviktige ting i verden er fotball den viktigste - Pave Johannes Paul II

Fasilitetar i nærområdet:- Gymsal- Nytt treningssenter m/squashbaner, spinningsal m.m- Flott uteområde til ulike former for trening

Nærområdet:- Kunstgrasbane - Ulsmohallen; innandørs kunstgrasbane- Golfbaner (m.a ny bane 5 min frå skulen)- Drivingrange m/treningsområde til golf- Fin sandstrand - Beachvolleybane - Klatrehall og utandørs klatrefelt- Sunnmørsalpane og Strandafjellet- Ulsteinhallen til handball - Sunnmørshallen i Ålesund- Gokart-bane - Bowlinghall

- Svømmehall m/stupetårn i Volda

Osnessanden ligg berre ein kort sykkeltur unna skulen.

Utbyt te- betre f ys isk form- grunnleggande kunnskap om ul ike idret tsgre iner- erfar ing med u l ike øv ingar og treningsmetoder

Idrettslinja på SUFH legg mest vekt på variert ballspel. Fotball, volleyball og golf vil vere sentrale aktivitetar, men vi skal óg innom mykje anna. Fasiliteter på og rundt skulen, naturen og området er ideellt for å drive med idrett.

Topptur i Sunnmørsalpane, paintball, Go-cart, klatring og bølgjesurfing er med på å sprite opp kvardagen og skape eit godt miljø!

IDRETT.BALLSPEL

Per Bernt Aske (38), har vore 12 år i drømmejobben! Glad i all slags idrett, men særleg ulike ballspel.

- få ins truktørbev is- ve ien t i l go l f kurs- brat tkor t i k latr ing

side 17

- Fotball - Golf (høve til å ta grønt kort)- Volleyball/beachvolleyball- Ski, telemark, alpint, snowboard - Squash/badminton- Basketball/handball- Bølgjesurfing på Stadt- Klatring inne og ute- Stup/svømming- Topptur haust og vår- Treningsstudio- Grunntrening- Multi 10-kamp- Go-kart - Frisbeegolf- Bowling- Innføring i Taekwondo- Paintball

StudieturAlle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november.

Page 10: Sunnmøre Folkehøgskole

FRITID OG MILJØSUFH er ein skule med 100 elevar. Dette gjev eit godt og oversiktleg miljø, både for elevar og tilsette. SUFH har i tillegg gjennom skuleåret mange fleire menneske innom, t.d. gjennom kurs, konferansar, forestillingar, konsertar, selskap og møter.

Når du bur på SUFH ilag med 100 andre ungdomar, vil du all-tid kunne finne nokon som har lyst til å gjere det same som du;- bak eit bollebrett på elevkjøkkenet og overrask bursdagsbarnet

- spel sandvolley og avslutt med eit bad på Osnessanden

- ver kreativ og lag julegåver i formingsalen

- samle gjengen i bandet til ein ”jam session” på musikkrommet

- slå av ein prat med husvert eller tilsynslærar

- surf på weben, og skriv om siste turen på Facebook (trådlaust

nettverk i fellesareal)

- bli med på fotball- og volleyballtrening i gymsalen

- tenn eit lys i kapellet, der du har utsikt over fjell, himmel og hav

- ta ei runde sjakk, biljard, bordtennis, bowling eller frisbee-golf

- sjå ein film på storskjerm i ”Kjellaren”

- bli med stipendiatane på X og Y

- ver med i husgruppe og snakk om tru og liv

- inviter til te- og kjeks på rommet (elevrom med eige bad.

Alle dobbeltrom har altan)

- ta ein squash-kamp, spinning, pump, step eller core på

treningssenteret

- skriv namnet ditt i taket på klatrehallen

- gå eller sykle deg ein tur på fjellet eller i trimløypa/lysløypa

- finn ut kva som er dine kle på servicestasjonen for vask og tørk

av klede

- ta med treklang-boka og syng med på samling i kapellet

- lær nokre nye ”moves” i dansesalen

- sjå Champions leage på TV-rommet

- bli ein del av den lokale KFUK-KFUM-speidaren, Ten Sing-gruppa

eller KRIK

- bli med på onsdagsregattaen i Ulstein seglforening

- leit fram garn og strikkeoppskrifter og bli med i klubben

- nyt og opplev sunnmørsalpane som ligg berre ein halvtime frå

skulen!

- ta badstu eller fyr opp badestampen og chill

Ha l vå rskurs Fr i t i d sak t i v i t e t a r

Utbytte- Du får forståing for vår rolle som verdsborgarar- Du får engasjement for forandring

Halvtårskurset vil ha base på Sunnmøre folkehøgskule (SUFH). Vi vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv. Kurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjon i grupper. Her er nokre tema vi vil jobbe med:

- kultur- og religionsforståing - dialog og konfliktløysning- møte med norsk kultur og natur- globalisering og internasjonal politikk, - utvikling og bistand- kampanjearbeid- teambuilding og gruppedynamikk- samfunnsansvar i næringslivet- menneskerettar- miljø og klimautfordringar- praksisplass hjå partnerar (Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp) og lokale aktørar på Sunnmøre- fellesskapsopplevingar i sunnmørsnatur

Korleis jobbar vi?

Vi jobbar med tema mellom anna gjennom gruppeoppgåver, foredrag frå fagpersonar, besøk hjå institusjonar og praksisplass.

Opplegget er utarbeida i samarbeid med SUFH sine partnerar, Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp og deira internasjonale søsterorga-nisasjonar. Mykje av den erfaringsbaserte læringa vil skje i samarbeid med dei.

På linja vil vi ha med oss ca 10 internasjonale elevar. Ein viktig ledd i kulturforståing og utveksling skjer difor internt i gruppa.

Første del av opplegget vil vere på Sunnmøre folkehøgskule. Ein vil då få input i nokre av tema som er nemnde ovanfor. I tillegg vil ein denne perioden få innføring i informasjonsarbeid.

Neste bolk er praksisbasert. Ein vert delt i grupper og vitjar einingar av KFUK-KFUM, kyrkjer, skular, ungdomsklubbar. Denne erfaringsbaserte delen vert fulgt av ei oppsummeringsrunde med praksisrefleksjon og evaluering.

Siste del vil sette fokus på utvikling, rettferd og kulturforståing gjennom møte med ulike fagpersonar og besøk hjå institusjonar.

Heile vegen vil vi jobbe med gruppedynamikk internt i gruppa og so-sialpedagogisk saman med dei andre elevane på huset. Dette vil mellom anna skje gjennom turar og opplegg i lokalområdet. Vi legg opp til dagsturar til; Geiranger, Ålesund, Runde og topptur til ein av Sunnmørsalpane for dei som ønsker det. Tre dagar i februar reiser vi til Fjellsetra i Sunnmørsalpane og har skidagar – både for vidarekomande og for dei som aldri har hatt ski på beina før.

- Du vil kunne gi handlingsalternativ i kampen for ei rettferdig verd- Du får praksis i informasjonsarbeid knytt til fattigdom og rettferd

side 19

INTERNASJONAL LINJE

Page 11: Sunnmøre Folkehøgskole

OPNINGSTUR | SKIVEKE | LATVIATUR | AVSLUTNINGSTUR | CUBA | SØR-AFRIKA | TANZANIA/ZANZIBAR | BACKPACKER EUROPA | SPANIA

sjå ulike sider av Tanzania, også sider som ein vanlegvis ikkje opplever som turist. Vi besøker lokale familier, kyrkje, ein barneheim og andre prosjekt som jobbar med bekjemping av fattigdom.

Vi startar i Dar es Salaam og reiser derifrå innover i landet til ein typisk tanzaniansk småby. Deretter går turen til ein av dei flotte nasjonalparkane i Tanzania. Her er det gode sjansar for å sjå både løver, elefantar og sjiraffar i fleng i sitt rette element. Turen vert runda av på krydderøya Zanzibar, med nokon av dei vakraste strendene i verda. Karibuni (velkommen til) Tanzania!

Desse tre turane vil koste ekstra utover sku-lepengane. Pris vil bli klar når vi veit pris på flybillettar og avgifter, men vil truleg ligge på rundt 10 000,- kr ekstra inkl.”alt”

SpaniaBli med BOA til Sør-Spania og få ein smakebit av spansk kultur, natur og folkeliv på ei veke. Vi bur i ei unik atmosfære på den norske sjø-mannskyrkja i Cala Honda utanfor Malaga og har mange spanande opplevingar på programmet. Kva med å få nærkontakt med ville aper i britiske Gibraltar, bade i Middelha-vet, oppleve forrykande Flamenco-dans eller ri på muldyr i ein gamal fjellandsby, handle med Euro på eit bugnande marked og snakke nye språk? Vi får innblikk i livet på sjømannskyr-kja gjennom møte med tilsette og deltaking i aktivitetar på huset.

Europa BackpackerOpplev det europeiske kontinentet gjennom togvindauget eller vandrande med sekk på ryggen. Kva med frukost i Köbenhavn, middag i Berlin og ein kveldstur over Karlsbrua i Praha? Eller rett og slett non-stop tog til Barcelona, langs Rivieraen vidare til Italia, og segltur i Middelhavet, for så å våkne ein tidleg morgon i Istanbul?

Denne turen er inkl. i skulepengane.

For alle turaneKvar gruppetur har si minimums- og maksi-mumsgrense når det gjeld antal elevar.

Møte med framande kulturar er ein naturleg del av det å vekse opp i eit moderne samfunn. Sunnmøre folkehøgskule er ein del av dei verdsvide organisasjonane YWCA og YMCA. I samarbeid med partnarane våre i YMCA arrangerer vi turar der vi legg til rette for at du skal få lære og oppleve ting du ikkje får gjennom ein vanleg chartertur eller når du reiser på eiga hand. Målet for turane våre er å lære meir om eit anna land og ein annan kultur, få reiseerfaring og spennande og min-neverdige opplevingar i lag med medelevar og dei vi møter.

Reisemål:- Cuba (Havana)- Sør-Afrika (Cape Town)- Tanzania/Zanzibar - Europa Backpacker (reiserute/reisemål vert avklart i lag med reisegruppa)- Spania: eigen tilrettelagt tur for bu- og arbeidstrening

Cuba Her snakkar vi om folkeliv, musikk-klubbar, salsa og strender. Bli med og opplev musikken, historia, rytmen og dansen slik berre cubanarane gjer det. Gjennom guiding, seminar, konsertar og salsakurs vil vi lære meir om dette landet. Vi vil også reise litt ut av Havana og få med oss andre aktivitetar. Det vil nok ikkje gå mange år før det karakte-ristiske cubanske samfunnet ser annleis ut.

Sør-Afrika Reis til den spennande byen Cape Town, som er ein smeltedigel både når det gjeld folkeliv og musikk. I 1994 vart apartheid oppheva i Sør-Afrika, men det er framleis store sosiale skilnader. Området rundt Cape Town har også fantastisk natur og folk er svært imøtekom-ande og sjenerøse, sjølv om dei har lite. Vi vil m.a. overnatte i vertsfamiliar, besøke Robben Island, Table Mountain og Kapp det gode håp. Du vil også kunne få med deg aktivitetar som t.d. safari, dykking, rappellering frå Table Mountain, tur og gudstenester i township’ane.

Tanzania/ZanzibarOpplev afrikansk kultur, natur og folkeliv på nært hald. Gjennom lokale partnarar får vi

Studieturar utanlands i grupper

SUFH har fleire fellesturar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det lagt opp til studieturar i grupper til utlandet der elevane sjølve vel eitt av fire reisemål. Studie-turane er ikkje knytt opp til linjefaga.

Opningstur/ littera-turVi reiser ei veke til den idylliske leirstaden Orreneset, der vi får bli endå betre kjent med kvarandre, nyte flott natur og lese gode bøker.

SkivekeÅ setje sin eigen signatur ned ei fjellside i Sunnmørsalpane bør alle få oppleve! I skiveka

Fellesturarreiser vi til Fjellsetra skisenter, der vi gjennom øving og litt instruksjon kan få det endå kjekkare på telemark, alpint, snowboard og langrenn.

Tur til Latvia Ein kontrastfylt tur, rik på opplevingar, der vi m.a. skal ha med klede og utstyr til ein barneheim og til ein internatskule for vanske-legstilte barn og ungdom. I tillegg vitjar vi den flotte, historiske byen Riga.

AvslutningsturarBuss- og båttur til UNESCO sitt verdsarv-

område Geiranger med besøk på fjellgarden Skageflå.

Tur til turistattraksjonen Runde, og fuglefjellet der m.a. den fargerike lundefuglen held til.

Sjå nettsida www.sufh.no for utfyllande informasjon

Alle elevane ved skulen får tilbod om tur til Cuba, Sør-Afrika, Tanzania/Zanzibar eller Europa i november.

Vi skal få utrulege ting til å skje!

side 21

Page 12: Sunnmøre Folkehøgskole

Lars Erling B. Hovlid Leiar kurs og arrangement

Arve ErtesvågAvdelingsleiar

kjøkken

Bodil Muren Voldsund Kontorfullmektig

Kathrine H. SætrenesHusvert

Oddgeir Nygjerde Økonomileiar

Kommunikasjon

1. Innmeldingspengar 1500,-2. Opphaldspengar/dobbeltrom 60 000,- Enkeltrom, tillegg (8.000,-) 3. Diverse felleskostnadar Songbøker, fellesturar, klesvask, kopiering, m.m. 10 000,-4. Linjetillegg (gjennomsnitt) 9500,- 5. Studieturar 14 000,-

StipendStatens Lånekasse gjev stipend og lån i 10 månader (www.lanekassen.no). Skulen tek atterhald om endringar.

Opptak frå 1.februar 2011. Gå inn på nettsida - www.sufh.no for å søke.

Sunnmøre folkehøgskule i UlsteinvikSUFH ligg i Ulsteinvik på Hareidlandet, vest for Ålesund. Ulsteinvik er regionsenter for eit område med ca. 24 000 menneske. Her er eit aktivt kultur-, idretts- og organisasjonsliv. Ulsteinvik har bystatus, og har bl.a. to større kjøpesentra, fleire utestader og kaffibarar, og nytt hotell med kultursal og kino. Her er treningssenter og idrettshall, fotballanlegg med både gras og kunstgras ute og inne i tillegg 9-hols golfbane 5 minutt frå folkehøgskulen. SUFH har eit nært og godt samarbeid med det lokale treningssenteret, som ligg på tunet. Folkehøgskulen ligg fint plassert med utsikt over fjell og hav, med turterreng og lysløype like utanfor døra. Dei kvite sandstrendene inviterer både til volleyball og bading.

Sunnmøre folkehøgskule overtok det tidlegare kurs-og konferansehotellet SAS Radisson Ulstein Hotel i desember 2006. Med nokre endringar framstår skulen som ein av dei flottaste folkehøgskulane i landet. Vi har også eindel kurs- og arrangement som kjem elevane til gode på ulike måtar.

Sentralt | God kommunikasjon | KFUK-KFUM | Pris | Stipend | Søknad | Gode fasilitetar

Norges KFUK-KFUM eig og driv skulen. KFUK-KFUM kurssenter, som er det nasjonale kurs-senteret til organisasjonen, ligg på SUFH. Også krinskontoret for Noregs KFUK-KFUM i Møre og Romsdal, ligg på folkehøgskulen.

I denne summen ligg Backpacker Europa i november (evt. Spania) og fellestur til Latvia på våren inne. Cuba, Tanzania og Sør-Afrika er dyrare, og her må ein betale mellomlegget. Sjå heimesida www.sufh.no for meir informasjon om turane.

Elevar som treng spesialmat må pårekne ein ekstra kostnad. Ein gjer nærare avtale med kjøk-kensjef etter skulestart, men meld ifrå på førehand.

Er det forhold vi burde vite om deg, for eksempel av fysisk eller psykisk art (medisin, matallergi osv.), er det viktig at du melder frå om dette på førehand.

Feil eller mangelfull informasjon kan føre til at ein misser plassen.

- 45 minutt til Ålesund sentrum med buss og hurtigbåt- 45 minutt til Ålesund Lufthamn Vigra med buss og hurtigbåt- 30 minutt til Ørsta/Volda lufthamn Hovden med buss- ekspressbussar til Bergen, Oslo og Trondheim -¬kort veg til turistattraksjonar som Runde, Geiranger, Vestkapp og Sunnmørsalpane

Lurer du på noko?

Eit år på SUFH kostar?

Ta gjerne kontakt med skulen dersom du har spørsmål. Du vil då kunne møte nokon av desse:

side 23

Page 13: Sunnmøre Folkehøgskole

Søk no påwww.sufh.no

Sunnmøre folkehøgskule | 6065 Ulsteinvik | Tlf 7000 9600 | Faks 7000 9601 | [email protected]

Layo

ut

og u

tarb

eidin

g: U

lste

in IT S

ente

r -

ww

w.u

its.

no